Tag Archives: Simon Joyner

Den beste musikken i 2017, slik det er blitt oppfatta inne i Popkroken

Standard

Bilderesultat for pumarosaBilderesultat for the national 2017Bilderesultat for mount eerie 2017Bilderesultat for father john misty 2017Bilderesultat for kendrick lamar 2017Bilderesultat for lcd soundsystem 2017

Då var vi atter komne til dei dagar då folk med spesielle interesser finn det opportunt å lage årslister. Slike lister som oppsumerar og skal felle ein dom over kva nett denne viktigperen synst om til dømes musikken som kom ut i året som gjekk. Eit døme som nett her sjølvsagt ikkje er dratt ut av lause lufta. For dette er Popkroken veit du. Og her handlar det hovudsakeleg musikk, også om musikk som såg dagens lys nett dette året. Året 2017 etter ein viss fødsel.

Eg skal ikkje skryte på meg at lista kunne ha vore uendeleg mykje lenger. For uendeleg med årsfersk musikk har eg ikkje høyrt dette året. Og uendeleg med god musikk har det vel heller ikkje komme? Eg skal heller ikkje skryte av at den fangar opp ei tidsånd på noko slags vis. Eller at den fortel vesentlege ting om kva som har skjedd på populærmusikkfronten dette året. Dette er resultatet av eit høgst subjektivt einmannsprosjekt med sånn cirka middels kontakt med røyndomen. Vel nok om det, slik ser lista ut i år (i fiks omvendt rekkefølge):

Bilderesultat for posse horse blanket
30. Posse – Horse Blanket 
Ein Seattletrio som etter seiande gjer seg akkurat i det eg har oppdaga dei. Saktegåande og halvsungne låtar i eit suggererande draumelandskap. Gitaren skimrar, og av og til skingrar. Aller best er bandet på dei fleste måtar i det tolv minuttar lange tittelkuttet.


29.The Weather Station – The Weather Station
Canadiske Tamara Lindeman har denne gongen tilført folksongane sine meir energi og lagt dei i eit større sonisk bilde. Noko det viser seg at dei ikkje har vondt av. Tekstleg har dei eit feministisk tilsnitt, og blir framført med ein snerr som har vakna til liv i kryssingspunktet mellom Joni Mitchell og Chrissie Hynde.

Bilderesultat for war on drugs understanding
28. The War On Drugs – A Deeper Understanding
Sonisk fylgjer A Deeper Understanding i spora til Lost In The Dream. Med den forskjellen at alt er større her, alt er det meir av, alt er likare, og alt er endå meir perfeksjonert. Albumet treff meg ikkje like sterkt som Lost In the Dream. Men rundt det elleve minuttar lange hypnotiske senteret Thinking of a Place finst det då ei bra handfull godlåtar.

Bilderesultat for colter wall album
27.Colter Wall- Colter Wall
Røysta. Den er malmfull, baryton djup og rusten, og rik på karakter. Colter Wall skuslar den ikkje bort på pjuskete saker. Han syng songar i eit folk og countrylandskap, i ein tradisjon han ikkje legg skjul på, der i alle fall Townes Van Zandt har vore før han.

Bilderesultat for slowdive album
26.Slowdive – Slowdive
22 år etter sitt tredje album er dei gamle shoegaze-legendene tilbake i manesjen att. Og det med eit album som absolutt ikkje rotar seg bort i dorske taktar. For det er liv i det drøymande vesenet, ein uro i det dvelande draget, og her er ein popmelodisk snert som ikkje er til å kimse av.

Bilderesultat for new pornographers whiteout
25.The New Pornographers – Whiteout Conditions
Tempo, tempo, tempo, det er New Pornographers det. Og aldri har vel bandet køyrt tempo så non-stop som på denne deira sjuande langspelplate. Fengande popmusikk med ei bra ryggsøyle – Eller som sjefslåtskrivaren Colin Newman sjølv kallar det: Bubblegum krautrock.

Bilderesultat for morby city music
24. Kevin Morby – City Music
New York City. Lou Reed. Television. Ramones. Jim Carroll. Det er der Kevin Morby er på denne plata. På sin måte. Og måten: Det sitt ein melankolikar djupt fast i songane til Kevin Morby. Ein sympatisk og melodiskpoetisk ein.

91wusdgpqgl-_sl1500_
23.Nicole Atkins – Goodnight Rhonda Lee
Det er noko med røysta til Nicole Atkins. Ikkje det at den er sensasjonelt annleis. Men den har ein tæl og ein heilt naturleg malmfull rikdom. Den er skapt for å synge soul. Soul med grums i kantane. Soul som kokar og soul som smyg, og soul med litt country i seg.

Bilderesultat for robyn hitchcock album
22. Robyn Hitchcock – Robyn Hitchcock
Eit par elektriske gitarar, bass og tromme, ein distinkt vokalist og frodig harmonisong, det er den overordna resepten her. Resultatet sprenger ingen rammer, men er drivande festleg. Eller kanskje ikkje, kanskje ikkje festleg er rette ordet. «An ecstatic work of negativity» kallar Hitchcock det sjølv. Hmm … er ikkje det litt festleg då?

Bilderesultat for xx i see you
21. The xx – I See You
Eg likte veldig godt den minimalistiske debuten til The xx, og nesten like godt oppfølgjaren. Eg likar I See You også. Sjølv om eg nå opplever trioen som litt mindre The xx  der inne på sitt eige vesle spesielle kammer, og litt meir som eit popband i eit rom med fleire liknande aktørar. Gode låtar er til hjelp i så måte, noko I See You er ganske så rundhanda med.

Bilderesultat for torgeir waldemar borders
20. Torgeir Waldemar – No Offending Borders
Det er definitivt meir lyd å fordøye på Torgeir Waldemar sitt andre album, kontra debutalbumet hans. Lyd á la Crazy Horse, og tidvis groove som kan kallast offensivt, men absolutt i spedd nokre meir dempa viser også. Tematisk vandrar songaren i både globale utfordringar og tett på private grubleri. Han gjer det ganske så fredlaust og inderleg.

Bilderesultat for sun kil moon common as light and love are red valleys of blood
19. Sun Kil Moon – Common As Light and Love are Red Valleys of Blood
Det der å fatta seg i kortheit ligg ikkje for Mark Kozelek. Dette albumet er i så måte kanskje hans drøyaste. Det er dobbelt, har ei samla speletid på over to timar, der Kozelek syng og pratesyng i vanleg lune, gjennom låtar som varer og varer. Malt i eit synthbilde vel så mykje som akustiskgitarbilde, for ikkje å seie bass/tromme-bilde, med Kozelek og Steve Shelley som sentrale aktørar. Og ja, det funkar.

Bilderesultat for simon joyner step into the earthquake
18. Simon Joyner – Step Into the Earthquake
Tretten songar om draumar og realitetar og eit Amerika som har det litt vondt. Det er melodisk, det er på kanten av melodisk. Det er musikk som opererer innafor kjente normer (Dylan, Reed, Stones, Young, Cohen, …). Samstundes som den held seg ute i ein mindre provins av hevdvunnen rock og visesong. Det er eit klart skrangleelement her, ein viss råskap, ein flørt med kanten av det soniske stupet. Akkurat slik vi som med åra har lært oss å sette vår lit til Simon Joyner likar at han gjer det.

Alt Som Har Hendt (VINYL)
17. Erlend Ropstad – Alt som har hendt
Alt som har hendt, det er ein fin tittel det. For det er jo det dei handlar om, songane til Erlend Ropstad. Ikkje fordi han fortel om alt som har hendt, det gjer han jo ikkje. Men han fortel nok. Og det er nok det. Til å forstå at alt det som har hendt, alt som er gjort, og ikkje gjort, har vore vegen fram til akkurat dette augeblikket. Til desse songane. Som er like sterke som songar han har laga før. Sterke og store og blå og sympatiske og poetiske og melodiske, og gode å tilbringe tid i hop med.

Bilderesultat for laura marling semper femina
16. Laura Marling – Semper Femina
Dei to orda Semper Femina har Laura Marling hatt tatovert på eine hofta si i fleire år. Uttrykket er henta frå det romerske nasjonaleposet Æneiden. I norsk omsetjing tyder utrykket noko slikt som «alltid kvinne». Eg høyrer Laura Marling søke inn i det kvinnelege, det mellomkvinnelege i songane på denne plata. Songar om vennskap, kjærleik og med ein viss seksuelt farga undertone. I eit nøysamt og tiltrekkande sonisk bilde.

Bilderesultat for the sadies northern passages
15. The Sadies – Northern Passages
Sjølv om The Sadies har gått gjennom ei klar utvikling sidan debuten for om lag tjue år sidan, er det noko konstant over det dei har gjort desse åra. Noko kjært gjenkjenneleg. Drivande rundt i ein god miks av countryrock, folkrock, psychpop og garasjerock klarer dei gong etter gong å halde fast i energien og den medrivande tonen. Slik blir Northern Passages nok eit sympatisk album i rekka; heilt utan flosklar og kjipe kompromiss.

Bilderesultat for priests nothing feels natural
14.Priests – Nothing Feels Natural
Washington DC-kvartetten Priests er på inga måte av det geistlege slaget. «To people in sanctuaries all I can say is you will not be saved» blir det meldt til kvasse tonar. Punk, for så vidt. Samstundes er det slik at Nothing Feels Natural er ei plate der nyansar og det underfundige blir dyrka i større grad enn det det gjennomsnittlege punkbandet der ute driv det til. I ein slik grad at Priests kanskje ikkje skal kategoriserast som punk… vel, det viktige her er uansett energien, og låtkvaliteten, og fridomen dei gjer seg sjølv.

Bilderesultat for protomartyr relatives in descent cover
13.Protomartyr – Relatives In Descent
Dei har kantar tonane til Protomartyr. Taggete og ugode høgg dei seg fram til meg. Musikkhistorisk kan dei kanskje plasserast i området rundt ein ung Nick Cave og nokre av dei samtidige av han der godt tilbake på åttitalet, som The Fall, som ei god handfull andre engelske postpunkband. Pluss litt garasjerock à la Detroit då. Nokre nyttige meter unna konvensjonell etterplapring. Ganske så nær sentrum av slikt eg vil kalle dugande eigenart. På dette, sitt fjerde album, er dei nokre hakk meir tilgjengelege enn tidlegare. Utan at eg vil kalle dei lett tilgjengelege, absolutt ikkje.

Bilderesultat for hurray for the riff raff navigator
12. Hurray For the Riff Raff – The Navigator
Sytten år gammal reiste Alynda Segarra heime ifrå. Frå storbyen, frå staden ho vaks opp, Bronx. Etter eit par år med togsniking og haiking på kryss og tvers av Amerika enda ho opp i New Orleans, der ho skulle bli buande nokre år. Nå har rastløysa ført henne heimatt. Både i fysisk og musikalsk forstand. For hennar sjette album, The Navigator, er ikkje berre tufta på tradisjonsmusikken ho før har omfamna, denne gongen kan ein også høyre storbyen der, Bruce Springsteen og Patti Smith, og ikkje minst den latinamerikanske musikken, det puertorikanske. Med kampsongen Pa’lante, ein psykologisk tilstandsrapport, eit poetisk meisterstykke, som sentralt høgdepunkt.

Bilderesultat for fleet foxes crack up
11.Fleet Foxes – Crack-Up
Dei første par gongene eg høyrde gjennom albumet gjorde eg meg tankar om at dette er ein dekonstruksjon av Fleet Foxes slik vi kjenner dei. Etter kvart endra desse tankane seg. Dreidde seg litt rundt sin eigen akse og blei til tankar om at Crack-Up er konstruksjonen av eit Fleet Foxes som gjenoppfinne seg sjølv. Dei harmonivakre vokallinjene vi kjenner så godt flyt rundt i ein kontekst av nyttig motstand. Av ting som skurrar, disharmoni og brot på den lineære forma. I eit luftig og frodig bilde. Kanskje kan det kallast noko slikt som varm folk-prog?

Bilderesultat for ron gallo heavy meta
10.Ron Gallo – Heavy Meta
Dette er total rock’n roll. Ingen tvil. Eg høyrer det frå første nummer. «Young lady, you’re scaring me» ytrar, snerrar, klunkar songaren. I henda har han ein gitar. Han nyttar den ikkje til å gå vidare respektabel til verks. Noko det for så vidt heller ikkje skulle vere grunn til å gjere. Han skildrar ein ustabil situasjon.
Det skal så vise seg medan albumet brenn av garde at det finst meir av om lag same kaliber der. Meir bitande songformidling, meir umoralsk gitarlyd, meir rock’n roll. Frå ein kar som nyleg har flytta frå Philadelphia til Nashville for å komme tettare på garasjerock-scena i countryhovudstaden.

Bilderesultat for margo price all american made
9. Margo Price – All American Made
Med All American Made byr Margo Price på eit endå betre album enn fjorårets debutalbum. Som på debuten kan ein dra linjer til Loretta Lynn og Dolly Parton, men ho touchar denne gongen soulmusikken også, og kjem opp med eit meir variert album.
Der debutalbumet hadde eit visst preg av det sjølvbiografiske rettar Margo Price denne gongen blikket utover Amerika. Og det ho ser er ho glad i, men det er også noko der, ein god del der, ho ikkje synst noko om. Ho vik ikkje unna, ho trør ut i det, og ho trør ikkje utprega varsamt. Men ho trør og lagar spor på eit vis som gjer ho til ein av dei aller beste countryartistane vi har om dagen.

Bilderesultat for peter perrett how the west was won
8. Peter Perrett – How the West Was Won
«Rock’n roll is back in me» syng Peter Perrett. Og eg ser ingen grunn til å tvile på det, for eg kan høyre det. Men litt utruleg er det nå likevel. Mannen er blitt 65 år, byta for mange år sidan musikk-karrieren sin bort mot ein dop-karriere, og så plutseleg er han her, uforskamma levande.
For How The West Was Won er ein overraskande god idé. Albumet tar på eit vis av der The Only Ones slapp (å skape power-lada pop i eit kryssingspunkt mellom Velvet Underground og Bob Dylan). Ok, så har Perrett med seg andre folk, og vel, så har ein sviktande lungekapasitet tvinga han til å synge litt meir avmålt, men han er på ingen måte ein ufokusert tilårskomen junkie. Neidå, her er det fokus, her er det gnist, han syng og snakkesyng med autoriteten til ein sindig faen, og serverer ei handfull låtar som fortener ein plass i The Only Ones-kanonen.

Bilderesultat for ema exile in the outer ring
7. EMA – Exile In the Outer Ring
«I wanna destroy, I wanna destroy, I wanna destroy, …» syng Erika M. Anderson. «I know the rage that’s in me, but I’m just what yoy made me» syng Erika M. Anderson. Ja det ulmar eit sinne utav mange av songane på Exile In the Outer Ring. Ikkje songaren sitt sinne. Ho er midlertidig rolleinnhavar eller formidlar. Folka som kjem til syne i songane hennar er av dei som i november 2016 var med å stemme Donald Trump inn i presidentstolen. Dei blir verken hudfletta eller tatt fint på. Ho stiller dei i eit rått lys men med ein straum av empati sivande rundt dei. Ho gjer det med songar som både omfamnar det melodiske og det støyande. Som byr på både luft og bra med skurr. Som er motsatsen av likegyldige.

Bilderesultat for lcd soundsystem american dream
6. LCD Soundsystem – American Dream
American Dream er eit comeback. American Dream er ikkje eit knuslete comeback. Men American Dream er ikkje eit gaul frå feterte stjerner som burde visst betre. American Dream er verken for mykje eller for lite. American Dream kretsar inn mot LCD Soundsystem sitt indre groovy, ekspanderande og postpunk-melodiske vesen og leverer med skinande relevans. American Dream er LCD Soundsystem sitt fjerde album og det tøtsjar storleiken til dei tre føregåande.
For jaggu har American Dream sitt å by på også. Her finn eg jo Tonite. Ein song der Murphy syng i Byrne-leia og det soniske tar ei medrivande funky ferd tufta på yppig monotoni og ein karakteristisk suggererande ekspansjon. Her er Call The Police, som bygger og løftar seg inn i det LCD-hypnotiske medan songaren teiknar eit heller dystert bilde av samtida. Og her er meir, og meir, ja meir enn nok til at det kan rettferdiggjerast at James Murphy har vekka lydsystemet sitt til liv att.

Bilderesultat for kendrick lamar damn
5. Kendrick Lamar – DAMN.
Om det er eit tema, ein gjennomgangsmelodi, på Kendrick Lamar sitt femte album så kan det vere Gud vs. mennesket, eller kanskje heller mennesket vs. Gud (sidan dette nå ein gong går føre seg på mennesket sin heimebane). Opplegget, eller skal eg kanskje seie kampen, går over fjorten rundar, og sluttar med eit pistolskot, ganske så uavklart. Undervegs har det dreidd seg om både åtak og omfamningar, og mennesket har vel strengt tatt påført seg sjølv fleire kilevinkar enn det Gud er blitt tildelt. I sonisk format vandrar opplegget frå det kvasse og aggressive og over mot meir dovne leier. Jazz-elementa som var veldig dominerande på suksessplata To Pimp A Butterfly er så godt som fråverande. Her er beats og loops og klipp og r&b og funky basslinjer i ein kanskje meir klassisk hiphop-tradisjon. Strammare og meir minimalistisk kan ein vel også seie. Og sjølvsagt umåteleg bra.

Bilderesultat for father john misty pure comedy
4. Father John Misty – Pure Comedy
Pure Comedy er krevjande saker. 75 minuttar om korleis menneskeslekta har tedd seg, og ter seg. Med særleg vekt på det som skjer no, i dei seinare åra av Josh Tillman si levetid. Det angar (for ikkje å seie stinkar) alvorlege ambisjonar over noko slikt. For korleis feste noko det helst blir skrive omfangsrike sosiologiske og filosofiske avhandlingar og bøker om fast i eit musikalsk uttrykk, og så komme frå det utan å stå att som eit fjols? Eg ser ikkje bort ifrå at det er nett det fleire vil hevde at skjer på Pure Comedy. At Misty står att som eit fjols. Vel, eg er i så fall ikkje blant desse som synst det. For i dette pratsame, tidvis sarkastiske og ikkje spesielt optimistiske verket høyrer eg eit fullblods menneske skape songar som veks seg sterke, og gjer inntrykk. Som tittelkuttet. Kanskje spesielt tittelkuttet. Ein buktande popsong i skjeringspunktet mellom Frank Sinatra og Elton John og vestkystrock, men som kanskje ikkje er i det skjeringspunktet i det heile tatt fordi den har ein Misty-faktor som er umiskjenneleg Misty. Eleganse, nonsjalanse, uro, misantropi.
Misty stiller seg kanskje, albumet tvers igjennom, lageleg til for hogg, men han glir då unna det meste, med eit underfundig smillaust smil om munnen.

Bilderesultat for mount eerie a crow looked at me
3. Mount Eerie – A Crow Looked At Me
Han kunne ha kalla plata for Death is Real. Han gjorde det ikkje. Phil Elverum vil fortelje om meir enn døden. Han vil fortelje om kjærleiken også. Og livet, både før og etter at døden blei ein betydeleg del av det.
Mount Eerie er eit einmannsprosjekt Phil Elverum har hatt ein del år nå. Så har det vore med Mount Eerie som med einmannsprosjekt flest, gode hjelparar har blitt invitert med. Ei som stundom har vore innom og hjelpt til var Geneviève Castrée. Ho lever ikkje lenger.
Geneviève Castrée døydde 9. juli 2016. Etter å ha kjempa eit drygt år med ein alvorleg kreftsjukdom herjande i kroppen. Hennar næraste den tida var ei lita jente og mann hennar, Phil Elverum.

Death is real.
Someone’s there and then they’re not
and it’s not for singing about.
It’s not for making into art.
When real death enters the house
all poetry is dumb. 

Opningssongen. Real Death heiter den. Den varer i knapt to og eit halvt minutt, men er på ingen måte fort over. Den sette spor etter seg. På sitt spartanske og lågmælte vis. Med sine reserverte gitar-render, sorgsame tangenttonar, sitt subtile og langsame beat, og denne songaren som ikkje tar i, som syng, som snakkesyng, og som er der, i songen.
Etterpå kjem det fleire songar. Moduset frå opningssongen lever vidare i desse. Tematisk, sonisk. Låt etter låt går over i kvarandre. Liknar kvarandre. Søker inn i det same. Er i det same. Dette lågmælte uttrykket. Dette tomrommet. I eit nettmagasin (eg huskar ikkje kva for eit) såg eg innhaldet på albumet bli klassifisert som «så vidt musikk». Eg tenker at den som har skrive det på eit vis er inne på noko, samstundes som eg tenker, og kjenner på meg, at albumet er ei av dei sterkaste musikkopplevingane eg har hatt dei siste åra.


2. The National – Sleep Well Beast
I sonisk skapnad er Sleep Well Beast eit steg ut til venstre i forhold til løypa The National har fylgt sidan gjennombrotsalbumet Boxer. Ei fruktbar hending på vegen mot denne plata var skisser og tonar Dessner-brørne tok med seg frå eit musikkevenement dei deltok på i Berlin i fjor. Der dei spesielt lot seg inspirere av electronica-duoen Mouse On Mars. Det er ikkje det at The National ikkje har krydra stoffet sitt med elektroniske lydar før, men det har ei lausare, friare og meir eksperimentell form denne gongen. Og det er meir av det. Og det er absolutt ikkje øydeleggande.
Samstundes er dette, denne plata, desse songane, gjenkjennelege National-songar. Kanskje den sterkaste samlinga av slike sidan Boxer.
The System Only Dreams in Total Darkness var den første songen The National gjorde kjent frå albumet. Med sitt rastlause driv, sine korte gitarriff som konsist skjer inn i melodiløpet, og si både skarpe og luftige form hadde den, og har den, National-klassikar gravert inn i seg. Med ei absolutt økonomisert mengd av ord teiknar songaren Matt Berninger eit dirrande bilde av ei stor uro. Ei uro som kan komme frå fleire hald. Som ikkje blir tydeleg plassert. Ei dugande oppskrift på å halde lyttaren i ande det. Noko eg for så vidt kunne ha sagt om fleire låtar her, for ikkje å seie fleirtalet av låtane her. Så det.

Bilderesultat for pumarosa the witch
1. Pumarosa – The Witch
«You dance, you dance, you dance, you dance» lyde omkvedet. Formidla av Isabel Munoz-Newsome. Eller kanskje heller formana, eller ettertrykkeleg konstatert. Medan groovet det går, og går. Luftig, lettbeint og suggererande. Priestess heiter låta. «Electricity flows through your spine and it shows» syng dama, offensivt med ei underliggande beundring. Ho syng det til ei kvinne, ei som dansar med fridom i rørslene, ei søster. Og låta driv lenger og lenger inn i det hypnotiske. Inn i eit krautlandskap, inn til ein saksofon av smått krakilsk karakter. Den kunne gjerne strekt seg over fleire minuttar, forbi dei sju og eit halvt den brukar.
The Witch er Londonkvartetten Pumarosa sitt debutalbum. Det er ikkje eit album som kjem stille og forsagt inn gjennom døra. Her er absolutt visse pretensjonar å spore, og eit mot og ein vilje til å tre fram i lyset. Det går til dømes an å hevde at songaren Isabel Munoz-Newsome tyr til visse teatralske grep. Men eg opplever ikkje hennar framferd som oppstylta, eg opplever henne som eit sentralt kraftfelt i låtane. Enten ho minner meg om Patti Smith, Siouxsie Soux, eller helst beveger seg forbi der ho minner meg om anna enn seg sjølv. Rundt henne er det godt med rom og luft, og medspelarar som har instinktet i orden når det gjeld inspirert suggererande låtbygging. Industrial spiritual er bandet ubeskjedne nok til å kalle lyden dei skaper. Ein karakteristikk dei absolutt skal få komme unna med. Dei lyt nesten også få komme unna med at albumet har ei speletid på 55 minuttar. For dei lar ikkje eitt einaste eitt av desse minutta gå til spille.

Simon Joyner – Step Into the Earthquake

Standard

Skakke songar om draumar og realitetar og eit Amerika som har det litt vondt.

cover

I dreamed I saw Lou Reed last night
He was stuck on the same bill as me

Det er Simon Joyner som synge det. Eg meiner å kunne høyre eit lurt smil om munnen hans når han gjer det. Med ei røyst, i eit snakkesyngande ganglag, som minner sterkt om røysta til Reed. Han treng ikkje gjere seg spesielt til for å få det til. Det er ei røyst nettopp i det lendet Joyner har. Og som han har nytta til å synge ganske så mange songar dei siste tretti åra. Utan å ha skaffa seg eit veldig stort publikum. Derav det lure smilet når han drar linja «he was stuck on the same bill as me». Eit smil som vel ikkje akkurat blir mindre lurt når han straks etterpå syng fram fylgjande strofe:

He said, (altså Lou Reed, i denne draumen, til Simon Joyner)
«When no audience is there to hear you, kid,
you’ve got to play as if there is
because the best lack all conviction
and everybody else thinks they’re alone on the bridge»

Og der er Joyner jammen freidig nok til å dra inn ei linje frå eit William Yeats-dikt, og så vri og vrenge litt på den og legge den i munnen på den ærverdige New York-rockaren. «The best lack all conviction, while the worst are full of passionate intensity» skreiv Yeats. Trøystaren og vismannen Reed seier det altså litt annleis, i ein litt annan samanheng. Men han seier det då bra. Og det er ikkje over med det.

«And then he addressed the darkness» syng Joyner, om Reed. Og skildrar deretter at den gamle avdøde heidersmannen dunkar på mikrofonen og seier: «Listen – let’s raise a glass to Jackson Browne’s roadies who finally went home and took that goddamn piano with them». Og eg smiler, og Joyner og Reed er framleis ikkje ferdige. For der forsvinn spotlighten og Reed skrur opp forsterkaren, let att augo, og startar spele ein solo frå ein gammal Velvet Underground-låt (I Heard Her Call My Name). «This next one is for the departed» melder han så … og der kjem min santen Woody Guthrie luntande.

«Have you seen the vigilante man?» spør songaren. Meir enn ein gong. Og songen blir til eit oppgjer med folk som tar lova og våpenet i eigne hender og skyt folk dei meiner dei har ein grunn til å skyte. «Have you seen George Zimmerman?» spør songaren. Nabolagsvakta Zimmerman som for fem år sidan skaut og drap den svarte og uvæpna 17-åringen Trayvon Martin, og som i neste omgang blei frikjent i retten. «Why?» syng songaren, inspirert av Yoko Ono. «Why?», om igjen og om igjen.

Alt dette skjer i den siste songen på Simon Joyner sitt dobbeltalbum Step Into the Earthquake. Ein song som høveleg nok ber tittelen I Dreamed I Saw Lou Reed Last Night, dekker ei heil LP-side, og varer i nesten 20 minutt. Den er slett ikkje berre tekst, songen. Den er også lengre instrumentale flater, i eit skingrande, sugande monotont og avantgardistisk mønster, som om den har ramla utav eit gammalt Velvet Underground-album i rein vanvare.

Det er tre sider til med musikk på Step Into the Earthquake. 12 songar av meir konvensjonell karakter. Songar han syng med si kanskje ikkje akkurat vakre, men absolutt nærverande røyst (i tillegg til Reed er det vel litt Dylan over fraseringane til mannen også).

Det er melodisk, det er på kanten av melodisk. Det er musikk som opererer innafor kjente normer (Dylan, Reed, Stones, Young, Cohen, …). Samstundes som den held seg ute i ein mindre provins av hevdvunnen rock og visesong. Det er eit klart skrangleelement her, ein viss råskap, ein flørt med kanten av det soniske stupet. Akkurat slik vi som med åra har lært oss å sette vår lit til Simon Joyner likar at han gjer det.

I’m Feeling it Today er tittelen på ein sentral song. Den har ein medrivande countryrock-slack, eller kanskje vel så presist: ein ledug Dylan-slekta skapnad. Den er ein song om bakrus, i vid forstand. Songen startar i ei privat sfære for så å danse ut i den store amerikanske draumen, for ikkje å seie marerittet. «I’ve seen enough cellphone and dashcam videos to wonder, where is this land of the free» syng songaren sånn cirka midtvegs. Før han held fram med å skildre eit Amerika som riv av seg sårskorpa og synke «that French bitch into the bay». Eit Amerika som for eitt år sidan hadde eit presidentval. Der eit fleirtal valte å la «a lesser of two evils take you from behind». Og då er det vel berre å stemme i: «and now you’re feeling it today».

Joyner er innom dei same politiske traktene på den snerrande hard-folk-låta As Long As We’re In Danger. Men oftare går han nær på enkeltindividet. På folk som lever i hop, eller prøver å leve i hop. Folk som er ute i kulden. Folk som vil inn i varmen. Folk som er ute og ferdast, til fots, i bil, i Amerika. Slik situasjonen er i det Stones-slacke opningssporet Hail Mary, i det lealause gynget i Another Midnight Special, og i det meir mjuke men utsøkt skakke nummeret I’ll Fly Away. Ein sonisk mjukleik gjer seg også til kjenne i nesten-tittelsporet Earthquake. Sjølv om det ikkje akkurat er beroligande det mannen syng om («Nina watches the world deforming, and says, why not step into the earthquake»). Verken sonisk eller tematisk beroligande kan den dramatunge og hengslelause bluesen Flash Forward to the Moon derimot skuldast å vere. Den All Along the Watchtower-inspirerte opningslinja «The only way out of this, is into this, said the spider to the fly» sette tonen for ei ferd inn i nokre heller dunkle omstende.

Albumet har Joyner dedisert til sin kjære Sara, som seier «nothing is ruined and nothing can be fixed». Om det også er noko ein kan seie om songane til mannen lar eg henge i lufta … til ekkoet frå hans medrivande syntese av vakkert og stygt.

8/10

TIDAL: SIMON JOYNER – STEP INTO THE EARTHQUAKE

SimonJoyner_1_byAndrewLachance_WEB.jpg

Musikalsk årsoppgjer 2015

Standard

Berre ei liste

Dei førti (for ikkje å seie femti) beste albuma eg har høyrt i år (av slike som kom ut i år). I ei ikkje heilt tilfeldig rekkefølge, men bra er dei alle.

  1. Father John Misty – I Love You, Honeybear
    Uvanlige kjærleikssongar i eit faderlig sterkt folkpopmelodisk famntak. Der kontrastane lever i beste velgåande. Behaget eksisterer side om side med ubehaget. Uroa luskar i fotspora til roa. Smektande strykarar er ikkje garantistar for at fred og fordragelegheit er neste stasjon. Men det vakre er skånsellaust vakkert, og eg kapitulerte.
  2. Kendrick Lamar – To Pimp A Butterfly
    Det er sting i formidlinga, dobbel- og trippeltyding i det uttalte. Det er ein rå poesi i linje etter linje, og ein sonisk nyanserikdom som kontinuerlig held seg på sporet. Det er slikt som er med på å gjere utslaget, i årets mest funky reise.
  3. Ezra Furman – Perpetual Motion People
    Song etter song storma den over meg. Energisk i si framferd, melodisk i sitt vesen. Full på fridom og sing-a-long. Ein skikkelig ukomplisert og uimotståelig rakkar viste den seg å vere. Viser den seg framleis å vere. Eg byrjar å få ein mistanke om at den kan ha evig liv.
  4. Sufjan Stevens – Carrie & Lowell
    Elleve vakre songar. Folkpopmelodiar som kjem grasiøst smygande, og som blir verande. Elleve sakrale og stille skrik. Hjerteskjerande linjer om sakn, lengsel og uforståelige kjensler. Om ei mor som ikkje var der, og som no er død.
  5. Girl Band – Holding Hands With Jamie
    Bråk, til tider eit helsikkes bråk. Men ikkje eit meiningslaust eit. Ein herlig miks av dei motoriske faktene frå krautrocken, den klassiske lågt/høgt-dynamikken, og ei hardcore-innstilling. Noko i den duren i alle fall.
  6. Courtney Barnett – Sometimes I Sit and Think, And Sometimes I Just Sit
    Finurlige tekstar som kan kalle fram eit skeivt smil, eller få ein til å grunne litt. I eit laust, ledug og energisk rock’n roll uttrykk der det meste er upolert, og ganske så uimotståelig.
  7. Tame Impala – Currents
    Popsongar i ein straum av åttitalets synthlyd miksa med funk og disco, men utan at kjærleiken til  sekstitalets psykedelia-tonar er blitt kasta over bord.
  8. Simon Joyner – Grass, Branch & Bone
    Ni folksongar der den akustiske gitaren leiar an. Ei halvskakk og vakker songpoetisk ferd inn til svunne draumar og gulna minner.   
  9. Ought – Sun Coming Down
    Ein postpunkenergi som riv og slit, som koplar på og koplar feil. Mørkesøkande og ikkje heilt ufarlig, men først og fremst livlig påkopla.
  10. TRAAMS – Modern Dancing
    Med groovet godt intakt byr denne sør-engelske trioen opp til ein postpunkdans av det friske slaget.
  11. Sleater-Kinney – No Cities To Love
    Bandcomeback må ikkje vere traurige greier, det kan gnistre også. Ja nesten «shake it like never before».
  12. Destroyer – Poison Season
    Dunkle kammertonar, brunstige blåsarar, og giftig og svartsynt poesi. 
  13. Laura Marling – Short Movie
    Med litt meir elektrisitet enn tidlegare zoomar Marling igjen inn på tilværets dilemma.
  14. Daniel Romano – If I’ve Only One Time Askin’
    Country på gamle måten anno 2015: Trist og friskt.
  15. Sun Kil Moon – Universal Themes
    Ein gretten gubbe og hans empatiske sider.
  16. Syntax TerrOrkester – Bydrifter
    Rock i original kledning, poesi på reinspikka karmøysk – aldeles storarta.
  17. Punch Brothers – The Phosphorescent Blues
    Mandolin. Banjo. Fele. Akustisk gitar. Kontrabass. Slikt blir det fort bluegrass av. Punch Brothers vil det annleis.
  18. Tønes – Vindbrest
    Gjenkjennelig surrealisme og underfundig realisme, slik berre Tønes gjer det.
  19. Erlend Ropstad – Det Beste Vi Får Til
    Like mykje som songar og viser og slikt vil eg kalle det poesi.
  20. Dig Deeper – How You Spend Your Days
    Eit norsk rockeband som lever opp til namnet sitt, og finn skatten.
  21. Protomartyr – The Agent Intellect
    Frå avdelinga «nyare postpunk det gnistrar litt av».
  22. Ryley Walker – Primrose Green
    Ein angloamerikansk folkrocktone dyppa i jazz og leduge arrangement
  23. Kurt Vile – B’lieve I’m Goin Down
    Vile og songane hans går sin slacke gode gang.
  24. Fjorden Baby! – Oh Yeah!
    Med koking og loking og det som meir groovy er har bergensbanden skapt gode tilstandar her inne i kroken.
  25. Wolf Alice – My Love Is Cool
    Ein kvartett frå London som albumdebuterer med pop i tonane og blod i sikte.
  26. Robert Forster – Songs To Play
    Ein ny dose sympatiske popsongar frå den levande Go-Betweens legenda.
  27. Vince Staples – Summertime ’06
    Ei dyster og motsetningsfull affære, i eit fortetta sonisk landskap
  28. New Order – Music Complete
    Hook er hekta av. Keyboardet er ganske så framtredande. Det same er også ein panoramisk og velgjerande poptone.
  29. Nadia Reid – Listen To Formation, Look For the Signs
    Ein albumdebutant frå New Zealand med ein folk/americana tone av det særdeles innbydande slaget på tapetet.
  30. Israel Nash – Silver Season
    Ein texanar ifrå Missouri har komme fram til sin psykedeliske sesong.
  31. Viet Cong- Viet Cong
    Eit tvilsamt bandnamn. Ei mørk og dyster ferd inn i dei meir dystopiske krokane av postpunken.
  32.  Susanne Sundfør – Ten Love Songs
    Samspelet mellom slikt som fenger og slikt som har motstand i seg. Spretten synthpop og dunkle strykarar. Susanne Sundfør får med sjølvsagt eleganse slikt til å funke i hop.
  33. Algiers – Algiers
    Soul og gospel og postpunk. Full energi, knyta nevar og revolusjon i blikket.
  34. Corrina Repp – The Pattern of Electricity
    Skjørt og nakent. Elektrisk og uroleg. Melodisk og dirrande. Verdt å vitje.
  35. The Switch – B For the Beast
    Der popen blir innhaldsrik, kaleidoskopisk og skikkelig påskrudd.
  36. Jamie xx – In Colour
    Jamie frå The xx sin soloalbumdebut er intrikat og minimalistisk, sakte synthflytande og basskraftig. Fargerik, og rytmisk som ein døsig ettermiddagspuls.
  37. Car Seat Headrest – Teens of Style
    Einmannsband. Skranglete låg-fidelity med pophooks og folktristesse.
  38.  Beach House – Depression Cherry
    Ny forsyning med draumande popsongar på sakte puls. (Eit av to album frå duoen dette året).
  39. Low – Ones and Sixes
    Trioen har denne gongen vikla meir elektroniske lydar inn i sine dulmande tonar, utan at det skadar.
  40. Dungen – Allas Sak
    Når gitaren og fløyta og groovet finn sin skapnad, og bilder av aude trefylte landskap veks fram, då er eg i Dungens psykedeliske og suggestive verd. Alltid ein god stad å vere.
  41. Panda Bear – Panda Bear Meets the Grim Reaper
  42. Waxahatchee – Ivy Tripp
  43. Deerhunter – Fading Frontier
  44. Young Thug – Barter 6
  45. Jim O’Rourke – Simple Songs
  46. Julia Holter – Have You In My Wilderness
  47. Daniel Kvammen – Fremad I Alle Retninga
  48. Twerps – Range Anxiety
  49. Autobahn – Dissemble
  50. Best Coast – California Nights

Og så har eg lest ein del bra bøker. Strengt tatt har eg vel brukt minst like mykje tid på det som på musikken. Både gamle og årsferske bøker. Av den siste sorten (årsferske i alle fall i norsk omsetting), fekk eg hug til å nemne nokre:

Roberto Bolaño – 2666
Den chilenske forfattaren Roberto Bolaño døydde i 2003, 50 år gammal. Han var då i siste fase for å ferdigstille sitt storverk 2666. Året etter vart boka utgjeven. Sannsynlegvis så godt som i den forma forfattaren sjølv såg den føre seg. I år ligg den så føre i norsk omsetting. Det er ei tjukk bok (940 sider). Den består av fem bøker. Fem forteljingar. På eitt vis separate forteljingar, på eitt vis nestar dei seg alle i hop i den siste forteljinga. Boka kvalifiserer tvillaust til karakteristikken «ein mangslungen og gåtefull roman». Den er ikkje fullt ut til å forstå. Den går fleire vegar. Hovudvegar, sidevegar, grusvegar, gjengrodde vegar, blindvegar. Den fylgjer desse vegane med ein desperasjon i seg. Og skildrar lidenskap og djevelskap, galskap og draumar. Den er ambisiøs så det held. Den er ein feber av ei bok, og eg må så definitivt lese den fleire gonger.

Elena Ferrante – Mi briljante venninne / Historia om det nye namnet
To bøker, halvparten av ein kvartett. Napoli-kvartetten.
Med eit direkte språk, fritt for dilldall, fortel Elena Ferrante ein medrivande historie om oppvekst, vennskap, kjærleik, fiendskap, vald og makt (og meir til). Sentralt i historia finn vi forteljarstemma til Lena og hennar venninne Lila, og det kontrastfulle vennskapet mellom desse to — både blømande og destruktivt, både støttande og rivaliserande. Lena kjempar seg, til trass for si låge sjølvkjensle, utav kvartalet og til ei universitetsutdanning. Lila, den tøffe og kreative, blir att der og kjempar ein slags sjølvdestruktiv kamp med mann, nabolag og mafiaen.
Bøkene er omsett til levande nynorsk og har ei skikkelig pageturnerkraft (i løpet av 2016 vil kvartetten bli fulltalig).

Patti Smith – M Train
For nokre år sidan fascinerte ho med historia om vennskapet mellom seg og Robert Mapplethorpe (Just Kids). Denne gongen møter vi i hovudsak den godt vaksne Patti Smith. På reise til Berlin, til Mexico, til Japan, eller vandrande rundt i New York (særlig då til stamkafeen sin på hjørnet). Innimellom vitjar ho, i tankane, tida ho hadde med ektemannen sin Fred Smith (fram til han brått døydde i 1994). Ho deltar på ein konferanse om polarforsking, vitjar Frida Kahlo museet, ser på engelsk krim på eit Londonhotell, men ikkje minst fortel ho om litteratur ho er glad i. Og det er i dei passasjane eg kanskje synk djupast inn i boka. Når ho fortel om sin kjærleik til bøker av Jean Genet, Sylvia Plath, Michail Bulgakov, W.G. Sebald, Haruki Murakami, Roberto Bolaño, og så vidare.
Side etter side driv så makelig og godt forbi, heilt naturleg, assosiativt og sympatisk.

Jonathan Franzen – Renhet
Ikkje Franzen si beste bok (Den tittelen kjempar framleis Korrigeringer og Frihet om), men på sitt vis ei absolutt fengslande nok bok. Skitnare enn tittelen tyder på. Fortalt frå perspektivet til fleire av bokas karakterar, men med den unge kvinna Pip som hovudaktør. Eit namn som bringe tankane i retning Dickens-klassikaren Store Forventninger. Og noko Dickens er det vel kanskje over måten fleire av karakterane blir skildra på. Boka går fram og tilbake i tid. Femner mellom anna ein historie frå det delte Berlin, og tar føre seg internettets overvakings- og publiseringsmogelegheiter. Franzen har sannsynlegvis ein politisk intensjon med desse perspektiva. Personleg synst eg at han er betre, ja drivande god, når han teiknar opp sine romanfigurar på godt og vondt, og skriv fram strålande dialogar.

Og ikkje heilt ny av året, men gjenutgitt som trilogi i år, Jon Fosse sine tre eineståande kortromanar Andvake/Olavs draumar/Kveldsvævd:
Utanfor tid og rom, i eit suggererande gjentakande språk fortel Fosse historia om to (Alida og Asle) som elskar kvarandre. Ei vakker kjærleikshistorie. Samstundes: ei uhyggelig historie, ei historie som også inneheld død, sakn og bitter fortviling. Den er ikkje festa fast i slikt som logisk sett nødvendigvis kan skje akkurat slik det her skjer, den har noko bibelsk og legendeprega over seg, men gjer likevel frå seg ei kjensle av å vere rå røyndom, ei dirrande kjensle av at dette handlar om ekte levande menneske. Slike som elskar og frys og kjempar og gjer handlingar som ikkje kan rettast opp att.
Det er vakkert, det er trist, og det set evigvarande spor.

Simon Joyner – Grass, Branch & Bone

Standard

Ei songpoetisk ferd inn til svunne draumar og gulna minner.                                                             8

  Eg ser ikkje bort ifrå at det kan vere ulike meiningar omkring kvaliteten på songane til Simon Joyner. Slikt skal ein aldri sjå bort ifrå. Men Gillian Welch og eg er i alle fall samde om at dei er gode. For ikkje å seie sterke, eller råsterke. Vi strekker oss ganske så langt her, Gillian og eg, og Conor Oberst stemmer jammen santen meg i. «Pound for pound Simon Joyner is my favorite lyricist of all time» har Oberst uttalt. «My favorite poet is Simon Joyner» har ho Gillian Welch sagt. Store ord, som eg for min eigen del kanskje skal moderere eit bitte lite hakk, men berre eit bitte lite altså. For du verden som eg har høyrt på musikken til Simon Joyner. I tida som har gått etter at eg oppdaga han for snart ti år sidan er det få artistar eg har vendt like ofte tilbake til som Simon Joyner. Eg har gjort det for poesien, eg har gjort det for tonen i poesien, eg har gjort det for den rå empatien eg finn der, eg har gjort det for dei ustødige vibrasjonane som oppstår idet formidlaren finn orda, igjen og igjen og igjen.

Ein gong i tida gav Simon Joyner ut ei plate med tittelen To Almost No One. Den levde opp til tittelen, få høyrde på den. Tittelen kunne for så vidt ha vore undertittel på alle platene til Joyner. Det er nemlig slik at det heller ikkje er så mange som har høyrt dei tretten-fjorten-femten-seksten-sytten (eller der omkring) andre platene han har gjeve ut sidan starten tidleg på nittitalet. Slik har det blitt for Joyner. Han sit der borte i sin Omaha-krok, med sin gitar, sine tonar, sine ord, og skaper songar det har vist seg å vere laber etterspurnad etter. Av årsaker som kanskje kan ha noko med manglande polering og modifisering å gjere. Ikkje veit eg, slikt veit eg i grunn veldig lite om. Eg veit berre at eg har høyrt både fjorten og femten Joyner-plater, og er alt anna enn misnøgd med dei, ikkje med ei einaste ei av dei.

Ikkje er eg misnøgd med den førebels siste i rekka heller. Grass, Branch & Bone beveger seg ikkje i utkanten av dei Joynerske sfærar. Den plasserer seg i grunn ganske så nær midten. Ni folksongar der den akustiske gitaren leiar an, og får nennsamt fylgje av ei handfull andre instrument, men der ingenting truar med å gå av hengslene eller skingre ut i støyen. For han har jo vore der også, i støyen og det hengslelause. Han var der faktisk sist han var her med plate. Dobbeltalbumet han kalla Ghost, og som var eit stykke mørklagt, ustabil og lite oppbyggelig folkcountrybluesrock i utkanten av god skikk. Han har vore uti der ved enkelte høve gjennom heile karrieren sin, men oftare har han vore der det går litt stillare føre seg. I nabolaget til den legendariske trubaduren Townes Van Zandt, i trakter der ærverdige Leonard Cohen har vore, i ei gate der Bob Dylan har slentra.

Minner, det handlar mykje om minner på Grass, Branch & Bone. Ymse slags minner. Få eintydig gode minner for så vidt, men også få av det totalt øydeleggande slaget. Der det sist gong gjekk mykje i svart, er vel dette meir ei plate med gulna kantar og varlege hjerteslag.

First you sang about drugs,
then you sang about death,
but you wanted to sing of love
with your last breath

Slik startar likegodt plata, med ein song til og om Sonny. Trubaduren og vennen Sonny. Ein fyr som har brent lyset i begge endar, som har hevda at «parachutes are for deserters», og som har enda opp med å lande ganske så pladask. I så måte har han vel sine slektningar rundt omkring i både den eine og andre songen der ute. Slike songar som denne lyttaren sannsynlegvis har lytta oftare på enn kva sunt er. Det er den første songen på plata. Den sette ei stemning, kreerer eit sinnsbilde, av vemod og nostalgi. Som ikkje forsvinn, som på ingen måte forsvinn undervegs. I songar som ikkje skil seg radikalt frå kvarandre, men som maktar å gripe eit tak i meg, ein etter ein.

Everything is a poem, Noah–
The doused dog, the drainpipe, and the rain
Everything’s a poem,
An ecstasy, a new lament

Sitatet er henta frå songen Train to Crazy Horse. Og her snakkar vi om den vidgjetne indianarhøvdingen Crazy Horse, ikkje det nesten like vidgjetne backingbandet med same namn. Men i god gamal Desolation Row-ånd er det ikkje heilt klart og tydelig kva songen handlar om. Reint bortsett frå at det dukkar opp både spøkelse, religiøse motiv, svarte fuglar og døde politikarar her. Og så Crazy Horse då, «left unfinished up on the mountainside».

So play me a song where something goes wrong
but nobody has to go

Eit par kjærleikssongar står sjølvsagt også på programmet. Kjærleikssongar der kjærleiken ikkje dansar lettbeint omkring, der ting går gale, men ikkje alt er svart-kvitt. You Got Under My Skin erkjenner songaren ein stad, I Will Not Be Your Fool proklamerar han ein annan stad. «You raised the blinds and pulled the sun into the room» syng han i den første songen. «Wasted poems go on showering the bed, do I really need moonlight drowning my bed» spør han seg i den andre songen. Mulegheitene ligg opnare i den første enn i den andre, men bluesen er der, den forbanna bluesen er der i begge.

Og den er der i Nostalgia Blues. Den lengste, den avsluttande, og den aller beste songen på plata. Kort og enkelt fortalt handlar den om at livet nok ikkje blei heilt slik ein tenkte seg, slik nokre søte draumar sådde tankar om at det skulle bli. Draumar frå den gongen  «your bedsheet smudged with ashes and burns when you stayed up all night reading the Brothers K». (Her bør eg kanskje skyte inn at einkvar song som namnedroppar verdens beste bok, Brødrene Karamasov, heilt automatisk får ein dose goodwill hos meg. Når det er sagt, Nostalgia Blues får goodwill av utallige mange andre tekstlinjer også). Draumar har gått i knas, bitre tankar har komme i staden, og eit behov for å såre andre har vakse fram. Slik er det for ei av stemmene som slepp til i songen. Ein song av fleire stemmer. Ei anna av dei tilhøyrer han som helst vil ha seg fråbedt å bli portrettert av ein trubadur. «You’ve gotta poke your nose into everyone’s dirty clothes, so you can turn them into your light loose verse» er berre ein del av tiraden han lar hagle over den hersens trubaduren. Men heilt til slutt, og utruleg nok, kjem det ein fred over songen, og songaren hever glaset, innrømmer livet slik det har blitt ein definitiv verdi, og lar siste linje bli slik (noko eg også gjer): «Here’s to the sweet dreams that wouldn’t leave us alone so long ago».

Grass, Branch & Bone:
https://simonjoyner.bandcamp.com/

Simon Joyner

Musikalsk årsoppgjer 2012

Standard

Dette er ikkje eit forsøk på å komme med ein brei analyse av musikkåret 2012. Slikt for andre ta seg av. Dette er i grunn ikkje noko anna ein smal liten egotripp. Ei liste over tjuefem plater eg har sett pris på i år. I ei omskiftelig men ikkje heilt tilfeldig rekkefølgje.

Eit raskt blikk over lista fortel meg at amerikanske tonar er sterkt overrepresentert, og at heimlandet berre er representert med ei plate. Hadde eg gidda å laga lista lenger kunne Highasakite, Susanne Sundfør, Anne Marie Almedal, The Little Hands of Asphalt, Hellbillies, Hanne Kolstø, Susanna, Tom Roger Aadland, I Was A King, Æ, Lindstrøm, Ida Jenshus, Narum og Meg og Kammeraten Min også ha fått ein plass. Og då kunne jo også fleire frå utlandet fått plass, plater av folk og band som Grizzly Bear, Ty Segall, Elephant Micah, Black Moth Super Rainbow, Mark Lanegan Band, Laura Gibson, Simone Felice, Cloud Nothings, Chromatics, Godspeed You Black Emperor, Leonard Cohen, Polica, Allah-Las, Kindness, Iris DeMent, Bob Dylan, Beach House, Dr. John, Turnpike Troubadours, Fiona Apple, Mount Eerie, Six Organs of Admittance, Beachwood Sparks, Frank Ocean, Giant Giant Sand, Richard Hawley, Thåström, Goat, Dirty Three, Cat Power, Anais Mitchell og Calexico. For dei gav alle ut bra plater i 2012. Men eg trur eg får nøye meg med desse:

1. Father John Misty – Fear Fun
Josh Tillman har vore i musisk bevegelse ein del år no. I skuggen av det store scenelyset, eller på ein trommekrakk bakom songaren og gitaristen. Gjennom fleire plater har han, som J. Tillman, utforska det tungsindige krysningspunktet mellom Nick Drake og Townes Van Zandt. I tre år har han i tillegg vore trommeslagar i Fleet Foxes. Der er han ikkje lenger. Han har vandra vidare, tenkt nokre andre tankar, døypt seg om til Father John Misty, og laga ei plate kledd i ein tidleg 70-tals skrud, der folkrock, countryrock, softrock og psykedelia er dei dominerande ingrediensane. Der det mismotige blir konfrontert med sardoniske innfall, dopprat, hedonisme, ein bisarr humor, og ikkje så reint få absurditetar. Latterlig vitale saker i grunn.

2. Neil Young with Crazy Horse – Psychedelic Pill
Eg plasserer lyden av Neil Young og Crazy Horse høgare enn dei fleste lydar eg finn der ute. Dei står bak fleire av mine favorittplater. Med Psychedelic Pill har dei laga ei til. Ei lang ei, med lange magisk harvande låtar, om livet slik det har fortona seg. Og beviser at tilbakeskoding, gamle takter og null utvikling kan være den rette medisinen.

3. Simon Joyner – Ghosts
Midt i eit dissonantisk utland hevar songaren si krokete røyst og hevdar at «a good man is hard to find, a bad one’s even harder to get rid of». Det er stygt. Det er fredlaust. Det er ein dobbeldose svartmalande og støyplaga countryrock. Unnfanga av ein seig ørkenvind, født bak ein vridd blues, pint under Velvet Underground. Avlevert med reinspikka overtydnad.

4. Lambchop – Mr. M
Det finst ei tid for Lambchop. Det finst absolutt tider som ikkje høyrer Lambchop til. Men innimellom er tida der, og då finst det ingenting som er betre enn Lambchop. Ingenting. Mr. M føyer seg inn i rekka. Den byr på ein ny porsjon underfundig og saliggjerande Lambchop-melankoli, denne gongen dedikert ein avdød venn.

5. First Aid Kit – The Lion’s Roar
Kledd i psykedelisk farga kaftan, og med 1969 mindre enn eit andedrag unna, den engelske folktradisjonen i bakhovudet, den amerikanske country/folk-tradisjonen i hjerta, Stockholm sine snødekte gater i synsranda, og ei kosmisk livskraft strøymande gjennom seg, tilfører First Aid Kit det tradisjonsbundne sin eigen friskleitte signatur.

6. Tønes – Sån Av Salve
Underfundig sosialrealisme, ispedd meir alvorsprega tankar kring det å være menneske, i hop med andre menneske. På kjent og snodig vis fyller Tønes plata med skildringar av folk som helde på med sitt. Små ting, dagligdagse ting, ting dei kanskje ikkje er spesielt stolte over å halde på med. Han gjer det minst like bra som han nokon gong har gjort det, og då gjer han det bra skal du veta.

7. Jack White – Blunderbuss
Feitt og overflødige tonar er kasta i komposten. Tilbake står eit reinskore, melodisk attraktivt, og dynamisk lite meisterverk, som er skittent og reint i funksjonell foreining. Det høyrest veldig ut som det beste Jack White nokon gong har hatt fingrane borti.

8. Tame Impala – Lonerism
Med ein sumpete romklang forserer Tame Impala ei sonisk løype som svingar seg frå Soft Bulletin til Strawberry Fields Forever. Som tittelen insinuerar er det eit einmannsverk. Kevin Parker sitt melodisk vinnande og psykedelisk utfordrande einmannsverk.

9. Sharon Van Etten – Tramp
Ei krystallklar og sanselig men samstundes nøktern røyst. Den pure, svevande men samstundes jordbundne tonen. Det er Sharon Van Etten det. Tramp handlar om folk som elskar. Frå første stund, frå Warsaw sine gitargråtande og skimrande breidder til Joke Or a Lie sitt spartanske og varleg dronegnagande adjø handlar det om å elske. Det handlar om at det er alt anna enn problemfritt.

10. Patti Smith – Banga
Det er ingen fakter hos Patti Smith. Ho prøver ikkje vere, noko, eller nokon. Ho er, stemma, poeten og rytmen. Framleis, i ein alder av 65 år, er ho det. Aldri halvhjerta, aldri noko mindre enn vital, tidvis formidabel.

11. Allo Darlin» – Europe
Først og fremst er dette uhøyrt forførande og vilt fengande popmusikk. Men eg høyrer noko meir også. Eit vemod, som finn ein klangbotn under den poppige overflata, og rissar eit bilde med fleire dimensjonar i seg. «Under Capricornia skies». Formulert av Elizabeth Morris frå Queensland, Australia, ein av dei verkelig gode låtskrivarane.

12. Woods – Bend Beyond
Woods fokuserer låtane, køyrer på med litt meir elektrisitet, og minst like mykje psykedelia. Slik vi kjenner den frå det myteomspunne sekstitalet. Og pop. Frå det same tiåret. Støtta opp mot den vindskeive og heimelaga estetikken til våre dagars uavhengige.

13. The Men – Open Your Heart
The Men er ikkje her for å imponere, dei er her for rock’n roll. Så utan tankar om virtuositet, innovasjon eller intrikate påfunn grip dei fatt i rocken sin inste kjerne, den urovekkande feberen, og tenner på. Gud skal vite at det brenn.

14. Andrew Bird – Break It Yourself
«Time’s a crooked bow, come on, tell us something we don’t know» oppfordrar Andrew Bird. Denne syngande fiolinisten og kontrastmakaren som sannsynlegvis ikkje har granska fasiten på korleis ein poplåt skal skruast ihop, og nettopp derfor lagar betre poplåtar enn dei fleste.

15. John Fullbright – From the Ground Up
Ein ung mann frå Oklahoma, med ei røyst som merkast, og songar som virkar. Countrysongar og andre songar, mang slags songar. Rock av brunstig avstamming, orgel og groove, soul og gospel, fengande gitarrock, og pianoballadar djupt nede i kneståande.

16. Damien Jurado – Maraqopa
Det byrja på Saint Bartlett, hans førre plate. Trubaduren tok eit steg inn i eit romsligare og meir rørsleprega landskap. Han er der framleis. Ikkje milevis unna den folktonen han har gjort oss kjent med opp gjennom åra, men unna. Han kan være elektrisk rockande, smått funky og psykedelisk popduvande. Men alltid Jurado, varmt søkande.

17. Darren Hayman and the Long Parliament – The Violence
Det er 1645, borgarkrigen rår i England, og kvinner blir skulda for å være hekser. Hayman fører den humane og melodiske folkpopen sin inn i sentrum av dette, finn nokre enkeltskjebnar, og gjer det grufulle synlig, gjennom ei ubroten rekke av velbygde songar.

18. Alabama Shakes – Boys & Girls
Med ungdommelig pågangsmot tar bandet soulmusikken med på ein groovy southern rock’n roll tur den berre har godt av. Og i leiarrolla, Brittany Howard. Eigar av ei stemme som tar inderlig eigedom i kvar einaste tone den har omgang med. Ei ekte kraft.

19. Old Crow Medicine Show – Carry Me Back
Dei er dei same helsebringande leverandørane av tradisjonsrike og uforfalska tonar som dei alltid har vore. Med minimal straumtilførsel men dugelig energi grip dei tak i merksemda og syng om fråflytting, heimebrenning, fylleslagsmål, og anna rural moro og smerte.

20. Bill Fay – Life Is People
Sist gong han var her, blei han ignorert. Det er 41 år sidan sist. I lag med fans og gode hjelparar kom han tilbake i år. Og vart ikkje ignorert. Life Is People er som tittelen insinuerar varm og humanistisk. Nokre tiår med livserfaring og djupfølt vørdnad unna den iherdige og tidvis krakilske kampen som utspant seg då han var her som ung.

21. Marissa Nadler – The Sister
Søstera er den sjølvtitulerte plata hennar frå 2011. Stemma hennar er like glasklar, sterk og skjør. Det er ikkje så mykje anna enn hennar eigne gitarplukkande tonar som akkompagnerar songane. Det er nakent og reint, og det dirrar. Og det er vakkert, som Christine og Constantine.

22. Lower Dens – Nootropics
Etter nokre år som soloartist, freakfolkartist, gjekk Jana Hunter inn i rolla som bandmedlem i kvartetten Lower Dens. Og musikken vart annleis. Spesielt på denne andreplata. Den held til i eit drøymande landskap, farga i blått, der kjølig elektroniske tonar har ei framskoten rolle. Med eit groove som tidvis går i krautrock-lei. Og inni der syng Jana, gåtefullt.

23. Hurray For The Riff Raff – Look Out Mama
Eit ungt band som på merkbart vis tar for seg av den amerikanske musikkarven. Frå folklore og country via southern blues til surf-rock. Og plussar på med ein ode til John og Yoko. I den sentrale vokalrolla ei kvinne med røter frå Puerto Rico, Alynda lee Segarra.

24. Shovels & Rope – O» Be Joyful
Eit tospann. Kvinne og mann. Cary Ann Hearst og Michael Trent. White Stripes har vore der. Då var det blues. Desse to tar fatt i tonar av countryslekt. Eit energisk grep tar dei om sakene, og går rett til kjerna. Slikt blir det lite utanomsnakk og visvas av.

25. The Walkmen – Heaven
Det handlar om å ha det bra. Det er det det gjer, på Heaven. Om å finne ein ro, og å ha det, ikkje perfekt, men bra. Om å vere i komfortsona. Langt unna den raude sona dei var i då The Rat vart til. Om dei har tapt noko på vegen hit? Energi? Ungdom? Vel, sånn er vegen. Men seg sjølv har dei ikkje tapt. Dei er framleis eit band å like, eit likandes band.

Musikalsk årsoppgjer for 2009

Standard

Så har det siste året i det første tiåret av 2000-talet komme til sin ende, og det utan at verken terroråtak, internett, fildeling eller andre slags påfunn har tatt livet av musikken.Den er utstyrt med for mange liv, og har eit altfor vinnande vesen, til det.Det grensesprengande eller spektakulært nyvinnande har rett nok ikkje musikkåret bydd på (eller tiåret for den saks skuld). Men stabelen av plater eg har funne hugnad i har dei siste 12 månadane vokse seg bra stor den. Så derfor seier eg meg nøgd, godt nøgd.Eg har sett pris på plater av Bonnie Prince Billy, Pink Mountaintops, The Felice Brothers, Marnie Stern, Dan Deacon, Deportees, Monsters of Folk, Hiss Golden Messenger, Akron/Family, Wilco, Bill Callahan, Low Frequency In Stereo, Sunset Rubdown, A.A. Bondy, Kurt Vile, Girls, Yo La Tengo, Megafaun, Son Volt, M. Ward, Tellusalie og ikkje minst Stein Torleif Bjella.

Men det aller djupaste inntrykket har nok desse ti gjort:

10.Marissa Nadler – Little Hells
Som tittelen varslar, dette handlar ikkje om menneskeskjebner på sporet av den evige lukka. Dette handlar om saktegroande arr, gnagande sakn og uoppgjorte dystar. Sånt som dama allereie har dvelt ved på tre album før. Men denne gangen er lydkjeldene fleire, ho har eit band med seg. Dei overdøyver henne aldri, dei spelar varleg, men dei er der. I eit luftig og smått hypnotisk sonisk landskap. Saman med Marissa, hennar vevre, transparente og klare røyst, hennar melankoli, og hennar stillferdig forførande melodiar.

9.Richmond Fontaine – We Used to Think the Freeway Sounded Like a River
Richmond Fontaine er den same gjengen som dei har vore over nokre år no. Dei er lyden av eit samspelt band, men også eit frigjort og søkande band. Eit band som varierer sitt uttrykk. Som dveler, teier og kitlar varleg. Men som også brenn, og bråkar. Dei høyrer til innunder eit americanalandskap. Eit breidt eit, som famnar både folk, country, jazz, rock, og noko sfærisk der ute frå ørkenen ein stad.
Og fremst finn vi Willy Vlautin. Låtskrivaren, og songaren, med dei sterke og reinskorne mininovellene, om folk som opplever at livet slett ikkje er ein frydefull heisatur.
Denne gongen er det nesten like bra som meisterlige Post To Wire.

8.John Olav Nilsen og Gjengen – For Sant Til Å Være Godt
Utstyrt med vinnande tonar og dei beste rocketekstane på denne sida av Jokke stuper Nilsen og Gjengen uti eit kokande opplegg som aldri nærmar seg lunkne farvatn.
På rotekte bergensk syng Nilsen om livet slik det er. Ganske så vrient og lummert, men ikkje til å forkaste heller. Han ser det vakre i det stygge, og fortel om det. Han ser diamantar i knuste flaskeskår, og er lykkelig ulykkelig.
Det er postpunk, The Aller Værste, ei rabiat popåtferd, og eit gåvmildt arsenal av fengande tonar.
Det er ingen perfekt plate, ingen sensasjonell plate, ingen frelsande plate heller. Men ei fantastisk plate er det. Bore fram av eit sjølvlysande overskot, og trustappa av frydefull desperasjon. Eg smiler, framleis.

7.The xx – xx
Dei er frå London, dei er fire, dei er unge, men dei overdriv ikkje. Absolutt ikkje. Dei har skjønt at lite kan vere nok. Dei har skjønt det er mykje energi i det uspelte. Så dei har funne seg ein liten dunkel krok, der lyset er dempa, og lyden blir servert i minimalistiske former.
Ei sensuell damerøyst har den vokale hovudrolla, ei meir limitert mannsrøyst har ei framtredande birolle. Dei har postpunk i årene, men spelar den med sordin. Dei kan vandre inn i sfæriske landskap, men med ein poptone i sekken. Bass og beats går i eit funky dubganglag. Gitaren spelar lysskye tonar, skånsamt. Det er lågstemt og lumskt, det er suggererande lakendans. Det er varmt.

6.Simon Joyner – Out Into the Snow
Med si noko ustøe, men slett ikkje karakterlause røyst tar Simon Joyner lyttaren med på ein transperent tur inn dit ambivalensen dekker kampen mellom uro og harmoni. Der det handlar om dei som elskar, dei som har elska, og dei som hungrar etter å bli elska. Han skildrar folk i havsnaud. Folk som drøymer draumar med lenker på. Folk som skannar rommet for mareritt før dei går til sengs. Folk som tørstar, leitar, snublar, og som kjenner på den bitre smaken av løgner og tapte sjansar. Folk som mest av alt søker fred og harmoni, men som ikkje heilt finn utav kartet dei har fått utdelt.
Han evnar skape medrivande forteljingar. Og kler dei så med tonar henta frå eit vegkryss der Leonard Cohen har støtt på Lou Reed og Townes Van Zandt. Gode tonar.

5.The Low Anthem – Oh My God, Charlie Darwin
Dei er både høgt og lågt, dei gjer det både stilt og vilt. Dei er tre. I lag spelar dei på sånn cirka 27 ulike instrument (frå saksofon og cello til tabla-trommer og pumpe-orgel).
The Low Anthem er ein varmblodig og organisk trio, som spelar songane sine, ikkje konstruerer dei.
Dei sprenger ingen grenser eller er überfantasifulle på noko vis. Det dei gjer har vel i grunn ganske så mange andre også gjort. Det dei gjer har sine røter i ein gamal tradisjon. Folkmusikktradisjon. Ut av denne tradisjonen dreg dei så tonar, og komponerer songar, som har det med seg at dei verkar å ha vore her alltid. På ulikt vis, og i ulik skapnad. For folk er så mangt. Berre spør The Low Anthem, og du vil få eit uimotståelig svar. Deira svar.

4.Animal Collective – Merriweather Post Pavillion
Den kom tidleg denne, svevande på eit røslig rykte om å vere fargerik og fabelaktig. Og det var den jaggu også, og det er den framleis. Ein sonisk virvelvind som sopar med seg både eitt og hitt, og meir til. Ein part Strawberry Jam, ein part Person Pitch, ein part Smile, og atskillige partar nyvevd og spektakulær lydrikdom. Ja slikt noko som det vanskelig kan bli anna enn psykedeliske popdrops utav. My Girls, Summertime Clothes, In The Flowers. Søte, syrlige, mektige, vanedannande, og evigvarande popdrops. Om å synge, og danse, og elske, og drikke, og smake, og gaule, og tru, og tvile, og føle, og omfamne livet, for det er det verdt.
Utan å gå på akkord med sitt sprudlande eksperimentelle vesen har Animal Collective plassert poptonen i den sentrale rolla denne gongen, og rulla fram sitt mest tilgjengelige verk. Sitt beste. Eit av årets beste. Synst eg òg.

3.Neko Case – Middle Cyclone
Med ei listig popånd i ryggen fører Neko Case nok ein gong countryfolktonane sine inn på det minneverdige sporet. Tonar som blir til songar. Songar som sjeldan tar fyr i første forsøk. Men som når dei tar fyr, aldri sloknar.
Det finst grunnar for at songane tar fyr. Sjølvsagt gjer det det. Ein kan snakke om dei tempererte arrangementa, om subtile innspel frå gode hjelparar, og om den luftige og brennbare atmosfæren dei driv rundt i. Men den fremste kveiksla er tvillaust røysta til dama sjølv. Denne røysta som verkar råde over det meste. Som er inkarnasjonen på malmfull. Som har tonane som sine beste venner. Som kan danse uti sommarnatta, lene seg mot ein rusken haustkveld, eller kysse mystikken midt i nakken. Alt like naturlig, og så sjølvsagt utført, at ein reint kan fatte mistenke om at røysta sin eigar ramla i dynamikkgryta då ho var lita.
På Middle Cyclone syng ho songar om ville vindar, leie regnbyer og brokete skylag, om utemja dyr, fuglar og insekt.
Men eigentlig, eigentlig er det 14 kjærleikssongar. Eg er blitt glad i alle.

2.Magnolia Electric Co. – Josephine
«Ooo-oh!», den einsamaste røysta under den vestlige himmel syng om fjerne horisontar, lange netter, utålelige smerter, og det å ha levd så lenge blant skuggane at han er blitt ein av dei. Omlag slik han har gjort det frå han presenterte sin første mollstemte tone for fleire år sidan. At bandets bassist forulykka i ein brann då denne plata var på skissestadiet gjorde nok ikkje mollstemninga lysare. Utan at det er bassisten dette handlar om. Dette handlar om hardt prøvde Josephine (og Grace, og Knoxville Girl), og han (og dei) som snudde livet hennar (deira) opp ned. Det handlar om den evige rastløysa, den manglande tilhøyrsla, om kor lett ein mann kan rote seg bort «when he’s on the mountain road», og om ørkenen som skjuler eit paradis.
Med Josephine leverer Jason Molina og hans gjeng sitt strammast redigerte album til dags dato. 14 spor på tre kvarter, med lite rom for utanomsnakk, gitarsoloar og andre utflukter. Stilmessig er det ei nokolunde jamn fordeling av luftige folkrocklåtar med godgjerande country-resonans, og dei meir elektrisk brennande sakene med ulik grad av blues i årene. Sterke låtar, hjerteskjerande vakre låtar. Og bandet, bandet verkar vere heimsøkt av eit overskot eg meiner å ikkje ha høyrt sidan dei transformerte seg frå Songs:Ohia til Magnolia Electric Co.
Så «sing it brother, one more time».

1.Andrew Bird – Noble Beast
«Popmusikant med fiolin» har jo blitt eit velkjent bilde her i landet siste året. Andrew Bird har ikkje vore i det bildet. Han er i eit anna eit. Eit betre eit. Eit rikare eit, med fiolin, plystring, eklektiske poptonar, smarte grep, og varme friske fargar.
Inspirasjonen hentar han frå mange hald, og utføringa er kjenneteikna av soniske krumspring. Så vegen inn til tonane hans kan by på visse utfordringar, men slett ikkje uoverkommelige utfordringar. For dei har eit inviterande vesen desse tonane. Og ikkje sidan meisterverket The Swimming Hour såg dagens lys (i 2001) har dei vore like inviterande som dei er på Noble Beast.
Å trampe fram med tunge skritt har aldri vore Bird si greie. Å la dei soniske påfunna krangle om merksemda har han også passa seg vel for å legge opp til. Det er det romslige, det luftige og det organiske han søker. Og finn fram til. Kvar gong. Denne gongen også. Spesielt denne gongen. For stort meir lett på tå gjennom ei luftig sfære enn det Noble Beast er, blir ikkje popmusikk. Samstundes som den er slynga inn i eit varmt og nærast heilakustisk lydbilde ein vanskelig kan føle anna enn sterk velvilje overfor.
Tekstlig likar Bird helst å uttrykke seg vagt. Han likar ordspel, klangen av ord, og gjerne vanskelige ord. Det er ikkje kvar dag ein må hanskast med ord og begrep som calcified arythmatists, translucent alabaster eller innocuous plecostomus i popsongar. Slikt føder kanskje tankar om at vi har å gjere med ein mann med vel høge pretensjonar. Tankar som glatt forsvinn i takt med kor raffinert og naturleg orda fell på plass i tonebildet.
Noble Beast er popmusikk så levande og så feiande flott at alle elskarar av slikt noko burde omfamne det med sine hjerteligaste famntak. Prompte.

 

 

Musikalsk årsoppgjer for 2006

Standard

Jodå, 2006 har vore eit dugande musikk-år, det. Så når den sedvanlige årslista skal skjærast ned til dei vanlige ti, er det minst like mange som står igjen utan at eg har noko god forklaring på kvifor dei står der, og ikkje her. Det minste eg kan gjere er å nemne dei: Band Of Horses (Everything All the Time), Joanna Newsom (Ys), Calexico (Garden Ruin), Willard Grant Conspiracy (Let It Roll), Espers (Espers II), Richard Swift (Dressed Up For The Letdown), Bonnie Prince Billy (The Letting Go), The Black Angels (Passover), Rosanne Cash (Black Cadillac), Margot & The Nuclear So and So’s (The Dust of Retreat), Oakley Hall (Second Guessing), Lambchop (Damaged), Pink Mountaintops (Axis of Evol), Nina Nastasia (On Leaving).

Og så er det alle dei eg ikkje har høyrt då. Det finst garantert ein del gull der også. Nokre norske det har gleda meg å bli kjent med bør vel også nemnast. Ein av desse burde kanskje fått plass blant namna over. Vel, vel, eg gjer som Ballade, her er ti frå heimlandet:

1. Thomas Dybdahl – Science
2. Tellusalie – Is The Outside Still There?
3. Number Seven Deli – Seconds
4. Huntsville: For the Middle Class
5. The Low Frequency In Stereo – The Last Temptation of…
6. Motorpsycho – Black Hole / Blank Canvas
7. Girl From Saskatoon – This Is Only the Beginning
8. Roy Lønhøiden – Sanger Fra Skogen
9. Einar Stenseng – Einar Stenseng
10.The Captain & Me – Automata

Så var det hovudlista då:

10.Absentee – Schmotime

Ein platedebuterande engelsk kvintett med ei hengslete og energisk innstilling som diskar opp med låtar støypt i kjente former, der rockdosen er større enn popdosen, men begge dosane er viktige. Omtrent som om dei skulle vere Screaming Trees trakkande rundt i Magnetic Fields, med The National dansande på eit Pavement like ved. Det heile blir gjort med overmannande melodisk slagkraft.
Hovuddelen av æra skal kanskje gå til låtskrivar og vokalist Dan Michaelson. Ein fyr som har sekken full av kløktig formulerte og interesseskapande skildringar. Skildringar han forkynner med ei røyst som opererer i dei djupaste og mest røykskada delane av det menneskelige stemmeregister (som ein fusjon av Leonard Cohen og Mark Lanegan). Han introduserer seg slik; «In my life I have been known, to bring home more troubles than I’ve solved». Han gjer ingen forsøk på å finne løysingane i løpet av Schmotime. Og takk for det.

9.Neko Case – Fox Confessor Brings the Flood

«I’m holding out for that teenage feeling,» syng Neko Case midt inni her ein stad, som om ho var ein raudhåra Blondie. «The most tender place in my heart is for strangers» syng ho ein annan stad, med eit rufsete og stødig The Sadies som støttespelerar. «It’s not for you to know, but for you to weep and wonder,» syng ho på Patsi Cline-vis i tittelsporet, forsøksvis støtta av ein Howe Gelb som krafsar fram nokre kaktus-slekta gitarlinjer frå sidelinja.
Ein ukrainsk fabel om den hjertelause reven i skriftefar-drakt som lurer den naive ulven, er utgangspunktet. Den flokete kjærleiken, galskapen og nådestøytet er fortsettinga. Margaret vs Pauline, ein spurv vs ein hauk, liv vs død, og døyparen Johannes i full revelation-mondur møter opp til kamp.
Det er smygande, svingande, sveisent og sensuelt. Og det er poengtert, raffinert, minimalistisk, og ikkje minst ei klangfull og treffsikker røyst.

8.Pernice Brothers – Live a Little

Joe Pernice er brødrelaget si ryggrad og udiskutable pater familias. Ein låtskrivar og songar av stor nåde. Med sin tydelige anglofile legning som fremste kjenneteikn serverer han for femte gong i broder-samanheng ein raffinert poprett.
Gitaren er der nesten alltid, men klorar aldri ifrå seg i tøyleslause former. Tangent-forårsaka tonar kling eller svevar rundt. Rytmikken er gunstig, og strykarar har ein tendens til å dukke opp på dei riktigaste stader. Inni dette soniske bildet deponerar så Joe sine små vemodstunge, beiske, desillusjonerte, miserable, hatske, lengtande eller bedande tekstlige framstøyt.
Eg skal ikkje her og no hevde at Live a Little sto fram i salig drakt allereie i første runde. Joe gjer det ikkje på den måten. Han gjer det med tonar som kjem smygande over tid. Etter tre rundar byrjar ein kanskje å fatte mistanke. Etter to til er kapitulasjonen sannsynlegvis eit faktum, og ein er endå ein gong fanga i Joe sitt finmaska garn av intrikate, naturlige og utvungne poptonar.

7.Shearwater – Palo Santo

Det er folkrock. Folkrock som i tone og vesen nok lener seg sterkast mot den engelske tradisjonen. Men det er meir enn som så, langt meir. Skulle eg komme drassande med nokre referansar, ja så vil Spirit of Eden (Talk Talk) og Amsterdam Stranded (Midnight Choir) vere to nærliggande albuma å trekkje fram.
Hudlaust og desorientert, luftig og truande, der fundamentet er vakre og vanedannande melodiske løysingar framifrå kolorert med organiske lydmotiv. Meiburg si stemme kan dirre på kanten av å breste, som den skjøraste streng, for så nokre takter seinare å kaste seg inn i kampen med frenetisk styrke. Av og til er den klar og tydelig andre gonger skeiner den ut i utydelig uttale eller druknar og blir til ein bit av den instrumentale strukturen.
Det er både varleg og voldsamt, men framfor alt er det vakkert.

6.Jason Molina – Let Me Go, Let Me Go, Let Me Go

Omslutta av eit nesten ugjennomtrengelig mørke sit Jason Molina heilt åleine og manar «a desert spirit» frå baksida av sine attletne auger til å kalle fram scener frå dei siste timane før undergangen. Den lystrar.
Ugla gaular «pain, pain, pain», ulven utafor døra er mett på blod, og det regnar, og det regnar, «forever».
Her, frå utsida av livet, der dei fleste lydar står stille, går hans kjenslevare stemme tett på mikrofonen. Lyden av ein akustisk gitar eller eit piano klunkar lengre unna, nennsamt. Heilt til tittelkuttet kjem for å konkludere. Då høgg sylkvasse elektriske gitarlinjer seg gjennom mørket, gjennom smerta, bakom einsemda og inn i sjela på den fortapte; «let me go, let me go, let me go, so I can wait behind».
I sanning hudlause tonar og mismotet sin poesi. Det set avgjort sine spor.

5.Fionn Regan – The End of History

Så veldig mykje meir enn Fionn Regan si røyst og hans gitar er ikkje å høyre. Det trengst ikkje heller. Han er sannsynlegvis den mest interessante nye singer/songwriteren eg har høyrt sidan Elliott Smith. Han plukkar og jagar rundt på gitarstrengene i beste Nick Drake-ånd, og han syng med ei myndig og varm stemme. Litt hjelp får han rett nok, på nokre av spora er det trommer og bass, på nokre litt nennsam støy og sus langt bak, og på nokre ein fiolin, ein bratsj og ein cello.
På tekstplanet fylgjer han ikkje dei ordinære «mann-med-gitar-og-vemod-i-sinn» spora. Han presenterer sjølvskapte bilde, originale formuleringar og mystiske metaforar. Saker ein ikkje er ferdig med i første runde, men som nappar og utfordrar også i den tolvte runden.
Det er eit debutalbumet, og han kallar det The End of History, men eg er sikker på at han berre køddar med oss. For denne fyren har ikkje sunge sin siste song, denne fyren må berre ha meir på hjerta, mykje meir.

4.Vetiver – To Find Me Gone

Andy Cabic og hans Vetiver har spelt mykje i lag med Devendra Banhart, og har såleis fått plass i den etterkvart nokså overfylte båsen av freak-folk aktørar. Men lyden av To Find Me Gone oppfattar ikkje underteikna som spesielt freaka eller psykedelisk. Vetiver sine tonar har vel eit meir fordringslaust og drøymande preg over seg. Utan at dei blir karakterlause av den grunn, slett ikkje. Dei blir ført med ei lett hand og ei slørete røyst, og kjem dansande mot ein i luftige former (enten dei blir spelt av gitar, strykarar, perkussive tingestar eller anna).
Eg har ingenting imot å bli med i den dansen. I alle fall ikkje når den trer fram i slik ein melodivinnande skapnad som den gjer her. Tre låtar er eg blitt spesielt glad i. You May Be Blue med sitt Neu! i folkform groove, og si nydelige gjentakande gitarlinje. Frå same attraktive tonedistrikt som John Sebastian til tider var innom har Cabic henta den vakre og forsiktig kledde visa I Know No Pardon. Medan Red Lantern Girl sitt hyggepsykedeliske mønster blir utsett for eit effektfullt og to-minuttar langt el-gitar angrep i siste fase.
Definitivt eit bra selskap å gå seg vekk i.

3.Yo La Tengo – I Am Not Afraid of You and I Will Beat Your Ass

Kontrastfullt, eklektisk og sjangerignorerande det er Yo La Tengo det. Denne gongen nesten meir enn nokon gong før. Innramma av to lange låtar der gitaren søker psykedeliske fargar, fridom, fuzz og poesi. Den første med eit fokusert Neu-groove, den andre stukar rundt i nabolaget til Sonic Youth. Mellom desse får ein servert det meste. Blåsarpynta poptonar, skranglete popturar, tungsindig kammerpop, dundrande punkabilly, piano-pirra funk og smålat countryjazz. Georgia Hubley dreg ein på ei chanteuse sitt vis inn blant lengtande tonar i skumringstime-balladen I Feel Like Going Home. For så å vokalisere blant eggande handslåtte trommer, ein grom bass, spretne fløyte-liknande tonar og eit funky orgelbrus, nokre nummer seinare i The Room Got Heavy.
Med I Am Not Afraid of You and I Will Beat You Ass utfordrar Yo La Tengo i kanskje større grad enn nokon gong før ideen om eit album som eit stringent vesen. Det er bra. Eg elskar dei for det, og eg elskar dei for alle dei fabelaktige låtane dei gjer det med.

2.Simon Joyner – Skeleton Blues

Ein kan gripe Simon Joyner i å stadig vekk lene seg tett opp til tonar, tematikk, fraseringsmåtar og soniske vegval andre har prøvd seg på før han, det vere seg Dylan, Van Zandt, Cohen eller Velvet Underground. Men ein kan ikkje gripe han i, i alle fall kan ikkje eg det, å dvele ved det uinspirerte, det uvesentlige eller det middelmåtige. For i dei retrospektive tonane hans er det ein evigvarande gnist, ei naken kraft og ein gnagande uro som nektar det meiningslause og det grunne handlingsrom. Heile den svingete og mørklagte vegen frå første truande gitartone i Open Window Blues til siste lyriske klunk av My Side of the Blues.
Den akustiske gitaren er til stades i kvar låt, men den får ofte drahjelp av den elektriske fetteren sin, som både snor seg, lirkar og brenn. Steelgitar-render kjem også av og til sigande, og poengterte og subtile pianotonar smett innom og drar sin veg.
Skeleton Blues er countryrock frå baksida av stadion, blues frå ein dysfunksjonell avenue, og folkrock med klør frå ei sjel som blør. Det er dvelande og langsamt, det er brennande og rotlaust. Det er den ustødige dansen på ein «shifting pile of skeletons».
Det er skummelt vakkert.

1.Oakley Hall – Gypsum Strings

Dei er seks. Dei bur i New York. Dei har vore på Sunset Grill. Der ba dei ikkje forsiktig om ein plass ved bordet. Dei tok bordet, og disken, og golvet, og veggane, ja heile lokalet med. Og dei snudde det opp ned, og dei sette fyr på det.
Sånn kan det gå når ein inviterer eit band oppkalt etter ein kultforfattar frå California på eit måltid med Gypsum Strings, og i tillegg legg opp til at dei skal få lov til å vere uforsiktige i sin omgang med country- og folktonar.
Då Pat Sullivan tok farvel med sine medsamansvorne i det støyande og psykedeliske Oneida, starta han ganske fort opp Oakley Hall nettopp for å kunne manøvrere seg nærare country og folk-tonane. På sine to første album, eit sjølvtitulert frå 2003 og Second Guessing frå tidlleg i 2006 (den burde vore inne på lista den også ja), heldt dei seg stort sett på stiar Grateful Dead, Rolling Stones og Flying Burrito Brothers hadde tråla før. Dei dansar seg ikkje inn i eit heilt uutforska villniss i sitt tredje framstøyt heller, men dei skrur opp volumet og angrip tonane i eit fargerikt psykedelisert og trippeleksponert gitarelektrisk mønster som på skittent og hengslelaust vis meir enn lever opp til Volume Rambler-lovnaden frå andreplata.
Dei er fire menn og to damer. Rachel Cox har den vokale hovudrolla på nokre kutt og bringer då på banen konturane av ei Fairport Conventon-med-Sandy Denny kjensle. Ved eit par høve, for å dempe inntrykket litt, lar dei banjoen få spela hovudrolla. Men altså, det er i spora der dei set fyr på sine syredrenerte strengebeist at dei verkelig fører arven etter Hank Williams inn på eit uimotståelig villspor. Og aller best er låtane der Cox og Sullivan stiller seg side ved side og med løpsk samsang sender yrskapen sine sprudlande bobler oppover ryggrada mi.
Noko som minner sterkt om årets låt kjem når gjengen kastar seg over Lazy Susan på brunstig og harmoniskarpt vis for å stille det sentrale spørsmålet; «what you doin» in your garden». Og langt fleire enn to av dei resterande 8 spora er sterke opponentar til tittelen.
Så då, då må vel Gypsum Strings bli årets hovudrett då.

Simon Joyner- Ghosts

Standard

Ein dobbeldose grundig svartmalande og støyplaga countryrock.

8

cover

Det finst ein fyr i Omaha som ikkje har selt allverden av plater. For all del, det finst mange fyrar i Omaha som ikkje har selt ei einaste plate, men til forskjell frå dei har den fyren eg har i tankane faktisk laga ein god del plater, som så altså ikkje har selt noko særlig. Slikt kan by på utfordringar. Det blei til dømes noko vanskelig å finne midlar til å få spelt inn den der dobbel-lp’en han hadde sett seg i hovudet at han ville lage. Særlig sidan han helst ikkje vil belasta det uavhengige plateselskapet med påfunnet sitt.

Han fant ei løysing.

Simon Joyner søkte den nettbaserte finansieringsplattforma Kickstarter om hjelp. Han fortalte at han var i gang med eit ambisiøst, uryddig dobbeltalbum, med songar om kjærleik, død, og det meste imellom, som han tenkte berre skulle ut på vinyl. Han fekk napp. Han fekk presentere prosjektet sitt på nettstaden. Men fanst det nå verkelig folk der ute som ville yte ein skjerv, eller tre? lurte han sikkert på. Han måtte definere eit mål. Han sette det til 6000 dollar. Meldte det seg nok interessentar, slik at summen blei nådd innan 19. februar 2012, var dollarane hans. Visst ikkje blei det ingenting av det. Då fristen gjekk ut låg det nesten 12 000 dollar og venta på han. Så det er altså ikkje berre meg. Det finst nokre til som synst det høyrest freistande ut med eit dobbeltalbum frå Simon Joyner.

Eg har albumet liggande ved sida av meg no. Det er i gatefold-format, slik eg kan minnast dei kom iblant, for ein mannsalder sidan. Coveret er ein collage av 150 små fotografi av menneske, som smiler, stort sett. På innsida står tekstane å lese, dei smiler ikkje. I to kvite posar finn eg dei svarte vinylplatene. Eg høyrer på dei, vender dei, og høyrer på dei. Igjen og igjen. Men like forbanna svarte blir dei.

Då Simon Joyner spelte inn si første plate, i 1992, song han linjer som «In the dark you can picture me any way you want to» og «All of your bright ideas are now suffering in the dark». Ute i dette dunkle lendet har han i all hovudsak tusla rundt sidan. Nokre gonger som spartansk visesongar, andre gonger med usikra elektrisitet i ryggen. Men heile tida med skreppa velfylt av songar som det ikkje var plass til i herberget, som aldri fant vegen til krybba der dei oppbyggelige tonar vert servert, som inga funklande stjerne har vist vegen fram til.

Han gjer på ingen måte eit unntak frå denne tradisjonen på Ghosts. Han stiller seg ute i gjørma og klorar mot himmelen. Midt i eit dissonantisk utland. Han hevar si krokete røyst og hevdar at «a good man is hard to find, a bad one’s even harder to get rid of». Det er stygt. Det er rått. Det er fredlaust. Eit avkledd piano klunkar hult, songaren ser ned på eit par skjelvande hender og syng, nervøst: «In the absence of truth, I abstain, In the presence of a lie, I cup my hands and pray for rain». Det er dystert. Det er dvelande. Det gneg.

Melodiane til Joyner har vel aldri kunna karakteriserast som komplekse musikkstykke. Heller ikkje dei 17 på Ghosts. På sitt vis er dei countrysongar. Unnfanga av ein seig ørkenvind, født bak ein vridd blues, pint under Velvet Underground. Han syng dei ikkje med historias mest treffsikre røyst, men han leverer dei med reinspikka overtydnad. Og dissonansen og gnisselet har fått friare spelerom enn på noko Joyner-plate sidan den smått legendariske 1994-utgjevinga The Cowardly Traveller Pays His Toll.

LP’en kan, litt lausleg, opplevast som ein songsyklus der side 1 startar i dirrande uro, dei to neste sidene grev seg ned mot den ultimate botn, før siste side kryp opp av gjørmeholet og skimtar noko bak ei sky av tvilsam lykke som kanskje kan slekte på håp. Så nei, den er ikkje aksla for eit kvart høve. Så ja, dens 90 minuttar kan definitivt kjennast som nok. Meir enn nok. Likevel har det hendt, at eg etter å ha putta plate 2 tilbake i posen, i neste vending har lagt plate 1 på tallerken att. Og Vertigo har endå ein gong tatt kontroll over rommet. Vertigo, eit frenetisk stykke rock’n roll, med svimle gitarar, og ånda frå Dream Syndicate pustande i nakken. Ein rapport frå ein syndas pøl, der folk heller vil «be caught dead than alone on a Saturday».

Resten av side 1 står i countryrockens teikn. Last Will And Testament, som i melodisk gemyttlige former fortel historia om ein fyr og hans ambivalente kjensler for dama som drog sin veg. Blodig vakre Red Bandana Blues som skildrar ein manns indre dialog kring temaet «I’m leaving, I’m staying». Og saktmodige Sing A Little Lullaby. Om døden, og denne verda som er så full av kjærleik, men som på langt nær har nok.

Det går i grunnen ikkje an å yte Simon Joyner sine tekstar rettferd i ein omtale som dette. Dei dveler som de skjønar ved tema som er blitt behandla i mang ein song. Slik er dei på ingen måte originale. Men så er dei det likevel, på sett og vis. Fordi dei utan tvil er Joyner sine historier. Fortalt slik han fortel dei. Skarpt og rasjonelt formulerte noveller, med eit Joynerpoetisk tilsnitt.

Cotes du Rhone, Cotes du Rhone
I’ve been squeezed by the grape and it’s darkened my tongue
You always swore you’d dish and then run
But the truth is a bitch so I guess I’m drowning some
Drowning some in cheap Cotes du Rhone

Simon Joyner har også laga ein song om korleis han saknar Vic Chesnutt. Om korleis bodskapen om bortgangen lamslo han. Om å prøve å drukne sanninga i billig raudvin. Men den blir like forbanna sann for det. Etterpå syng han songen om å akseptere det. If It’s Allright With You (It’s All Right With Me). I to deler. Ein skrikande og ustabil blues om det å forsone seg med at venner vel å ta vegen utav livet.

Der, akkurat der er plata på sitt svartaste. Men Answering Machine Blues gjer absolutt ingenting for å løfte stemninga. Her har hovudpersonen jaga både eigen og andres skugge gjennom natta. No sit han i bakrusens einsemd, med gårsdagens meldingar på telefonsvararen gåande på repeat. Det verste har skjedd. Eller? Joyner avsluttar side 3 med å raljere ein smule over temaet. I god gammaldags skranglete countryrockform serverer han den kostelige (sic) When the Worst Doesn’t Happen. Og refrenget går sånn her:

When the worst doesn’t happen, thats good luck
When it does, you best not complain
Because I’ve spent some time at rock bottom, you see
And there’s always room to get even lower, my friends

Dit tek han ikkje vegen. I staden dempar han støyen, reduserer dissonansen, og lar tonen lysna. Men sit like fullt i skumringa. Drar ein hengslete og twangy Hard Luck Heart. Grunnar, sonisk fordragelig, over temaet If I Left Tomorrow. Og proklamerar: «nothing was wasted here, nothing was sold, we just traded freedom for something even harder to hold».

Dei fleste går sikkert forbi Joyner denne gongen også. Sånn er det visst berre. Men eg kjem no tilbake til han. Gang etter gang. Til Ghosts også. Sånn er det berre.

Først publisert på Groove.no (i 2012)

Simon Joyner – Out Into the Snow

Standard

Ein løyndom verdt å avsløre: Simon Joyner er ein av dei aller beste songtekstforfattarane på denne sida av Blood on the Tracks.

8

cover

Den anerkjente radio-DJ’en John Peel spelte i 1994, i eit av sine BBC-program, ei plate non-stop frå første til siste rille. Det var visst andre, og siste gongen, han gjorde noko slikt. Den første gongen han gjorde det var i 1976, då gjaldt det Bob Dylans Desire. 18 år seinare heitte plata The Cowardly Traveller Pays His Toll. Det var ikkje ei plate med dei store forventningane hengande over seg. Den var trykt opp i skarve 1000 eksemplar, gitt ut på opphavsmannens høgst private label, og berre på vinyl. Plata var Omaha-ibuaren Simon Joyner si andre. Den store etterspurnaden etter plata førte hendinga ikkje til. Ein viss kultstatus, jodå. Men behov for nyopptrykk? Niks.

I fjor tok bysbarn Conor Oberst sitt vesle plateselskap Team Love affære. Plata vart gjeve ut att, på vinyl, og på cd. Det er meir enn Peel-statusen som har gjort den fortent til det. Langt meir. Den er skoren i ei rå og skjørt forstyrra folkform. Veldig lo-fi og totalt erobrande, med sitt mest skilsetjande augeblikk heilt til slutt; Joy Division. Songen Joy Division, den kanskje mest sagnomsuste i Joyners katalog. Den handlar ikkje om Manchesterkvartetten. Men ein poster av bandet heng på veggen, hos ein ung mann, og undergangen nærmar seg, nådelaust. «Papa, everything falls apart» skrik Joyner i siste fase, medan ei kakofonisk lydsmørje prøver kvele det fortvila ropet.

Tematisk er det i liknande mørke og desperasjonskallande former Joyner har pleidd å operere sidan også. Ja, for det har faktisk vore eit sidan. I skuggen av dei flestes synsfelt har det jamleg dukka opp plater frå hans hand. Gode plater. Ikkje tufta på like mykje sonisk råskap som The Cowardly Traveller (nokon av utgjevingane har endåtil vore ganske så stillferdige viseplater), men veldig ofte dyppa i tonar ein kan kjenne dragning mot, og ikkje minst rissa i språklege former som fortener merksemd.

På platefronten er hans største post-1994 prestasjon 2006 utgjevinga Skeleton Blues. Hans mest elektriske plate sidan the Cowardly Traveller, gjort i kompaniskap med ein gjeng han kalla The Fallen Men. Eit lite meisterstykke i sitrande americana, der arven etter Leonard Cohen, Townes van Zandt og Lou Reed rotar seg i hop, under det dunkle lyset av ein måne i bakrus.

Skeleton Blues er også det siste av nytt materiale vi har høyrt frå Joyner. Inntil no, no har han oppfylgjaren ute, Out Into the Snow. Den kjem i rolegare former enn Skeleton Blues. Har meir Cohen enn Reed i seg. Elektriske instrument dukkar rett nok opp, men har inga som helst dominerande rolle. Då har nok den akustiske blodsbroren ei langt meir framtredande rolle, samstundes som den nyt veldig godt av innspel frå piano, steelgitar, ledug rytmikk, og ikkje minst nokre kontrastbyggande og sterkt minneverdige strykar-arrangement.

Hovudrolla er det no likevel røysta til Joyner som har. Den slett ikkje perfekte, eller alltid fullt ut tonetreffande, røysta hans. Den ustøe, limiterte, men langt i frå karakterlause røysta hans. Den hadde sikkert ikkje passert første hinder i ein Idol-konkurranse, men den passerer alle i denne samanhengen, og tar lyttaren med på ein transperent tur inn dit ambivalensen dekker kampen mellom uro og harmoni.

Her ifrå fortel han, på Joyner-vis, historier om dei som elskar, dei som har elska, og dei som hungrar etter å bli elska. Han skildrar folk i havsnaud. Folk som har dratt ut på ei ferd i ukjent farvatn, utan å ha sjekka værmeldinga først. Folk som drøymer draumar med lenker på. Folk som skannar rommet for mareritt før dei går til sengs. Folk som tørstar, leitar, snublar, og som kjenner på den bitre smaken av løgner og tapte sjansar. Folk som mest av alt søker fred og harmoni, men som ikkje heilt finn utav kartet dei har fått utdelt. Kanskje fordi det er tilsmussa, men først og fremst fordi det nok ikkje heilt stemmer med terrenget.

Det sorgtunge og ugjestmilde har altså eit sterkare grep om omstenda enn det lukka har. Langt sterkare. Utan at vi skal titulere seansen for heilsvart. Den har sine lysstrimer, den har sitt snev av håp. «The future gives birth to both sorrow and mirth», syng songaren, og meiner det. Før han i neste omgang etterlet seg den eine skikkelsen etter den andre i ein tilstand der framtida ikkje er ferdigmalt, men der sjansane nok synest større for at den blir malt med duse enn med funklande fargar.

Åtte songar, som til songar å vere må seiast å vere lange. Der det er orda til Joyner som dekker det meste av flata. Klokt nok, for det er hans lag med desse orda som imponerer aller mest, denne gongen også.

Først set The Drunken Boat sine segl. I nesten ti minutt fortel Joyner om denne båten, og dens skipper. Dvelande. I enkle, varleg bølgjande former. Eit rikt forråd av skarpskorne bilde blir presentert. Eit og anna med snev av solskin i seg, langt fleire fortel om dunkle skuldingar, og ei utålelig framtid. «And memory drank from the horizon, while my eyes dried in the breeze», vert det sunge. Betre ville det kanskje vore om stormen kom og vaska minna vekk? Men så, like etter at eit smått oppskakande John Cale-slekta strykearrangement bringer låta inn i siste akt, erklærer forteljaren at det heile eigentlig berre er oppspinn, «an apparation, another sailor’s myth». Utan å virke tvers igjennom overtydande om at så er tilfelle.

Ein fabelaktig song, verdt heile plata åleine. Men den er ikkje åleine, om å vere fabelaktig. Det er nokre til her også. Og ingen dårlige, ingen uinteressante, ingenting som får ein til å trekke mot skip-knappen. Absolutt ingenting.

Ambulances høyrer med blant dei fabelaktige. Eit par kvinnestemmer dekorerer den med sine «ooh-ooh-ooh», midtvegs smyg ein resignasjonens fiolin seg med. Og tonen er vakker, lendet opent, rommet luftig, og dynamikken kjenslig. Forteljaren fortel om ei kvinne han elska. Ei kvinne som søkte graset på den andre sida, utan at ho fann den evige grøne lukka der heller. På ingen måte. I ein ambivalent mikstur av skadefryd, medkjensle, og trøyst, syng vår mann refrenget slik:

«Tell me why you’re so bitter woman,
Didn’t it turn out like you planned?
For every hole in your neighbor’s garden
there’s a pretty flower in your hand.»

Sunday Morning Folk Song For Sara er like bra. Av det Cohenske her er vel denne låtas melodiske formel den mest Cohenske. Suzanne-æra. Joyner starta sitt første album Room Temperature med Folk Song For Sara. Der hans hardt prøvde Sara nokså meiningslaust vart forelska i «a loser who robbed used and bruised her». Søndagmorgonen Joyner bringe Sara inn i denne gongen har spiren til harmoni i seg. Det har ikkje alltid vore slik for fyren som fortel; «I was born alone in a blue room in New Orleans», og «it took years to break my heart, just to see what it was made of». Men no, no sit han her, med frukosten ferdig, og ventar på at hans kjære Sara skal slå opp augo. Om harmonien held fram når så skjer, vel det seier songen ingenting om. Men plata, heile plata, den er tileigna Sara.

Tittelkuttet høyrer også med blant dei fabelaktige. Ein mann, ei nedtrykt sjel, eit kjellarmenneske, lever i ein støvete og vaklevoren kjellar like under ei togline. Ei oppringing frå ein nedkøyrt venn i naud fører han «out into the snow», for å yte hjelp. Utflukta set sine spor, og då ikkje berre i snøen. Tilbake i kjellaren drøymer han ein sveitt draum, og i ein klaustrofobisk tilstand stegar han enno ein gong opp trappa og ut i den jomfruelige snøen. Eit par kvinnerøyster svevar spøkelsesaktig bakom songaren, bandet spelar nøysamt, pianoet er jazzblått, og tonen magisk. Enkel, countryfolk-forma, og magisk.

Det er slett ikkje tilstandar og tonar av innovativ karakter Joyner byr på. Men måten han gjer det på, orda han gjer det med, tonane han gjer det med, treff i alle fall denne lyttaren. Så når eg no i denne stund set plata inn i hylla, der like ved sida av Joy Division-platene, ja så veit eg veldig vel at det, det er ein plass den ikkje får stå i fred og samle støv.

Først publisert på Groove.no (i 2009)

 

Simon Joyner – Skeleton Blues

Standard

Skeleton Blues er countryrock frå baksida av stadion, blues frå ein dysfunksjonell avenue, og folkrock med klør frå ei sjel som blør.

cover Det er sjeldan ei plate gjer meg like mange, og så tydelige, assosiasjonar som det Skeleton Blues gjer. I notatane eg kikkar på akkurat no har eg skribla ned 18 namn. Den aller første førestellinga som dukka opp på det indre kinolerret mitt idet lyden frå plata fylte rommet var bilde av Townes Van Zandt si ånd på ein ustabil tur med Dream Syndicate. Definitivt ikkje eit presist bilde, men det hintar i rett retning, det gjer det. Eg skal ikkje plage lesaren med å ramse opp alle dei andre namna, men kikkar du i kolonnen til høgre ser du nokre av dei.

Så ja, ein kan ta Simon Joyner for stadig vekk å lene seg tett opp til tonar, tematikk, fraseringsmåtar og soniske vegval andre har prøvd seg på før han. Men ein kan ikkje ta han for, i alle fall kan ikkje eg det, å dvele med det uinspirerte, det uvesentlige eller det middelmåtige. For i dei retrospektive tonane hans er det ein evigvarande gnist, ei poetisk reinskoren kraft og ein gnagande uro som nektar det meiningslause og det grunne handlingsrom. Heile den svingete vegen frå første truande gitartone i Open Window Blues til siste lyriske klunk i My Side of the Blues. Så derfor har eg lytta til Simon Joyner og hans Fallen Men med ei stadig stigande interesse og veksande pirring i ryggmargen.

For eit par veker sidan var dette noko eg aldri hadde gjort før. Lytta til Simon Joyner altså. Eg kunne sikkert ha gjort det om eg hadde fylgt betre med. Dette er nemlig ikkje mannen si første plate. Det er ikkje hans andre heller. Det er hans tiande (eller der omkring). Etter kvart som Skeleton Blues klamra seg sterkare og sterkare fast i meg, vaks det derfor fram ein trong etter å finne ut kva mannen hadde hatt for seg på alle desse platene eg aldri hadde høyrt. Så eg hanka inn eit par av dei eg. Hotel Lives og The Lousy Dance heiter dei. I si langsame, einstonige og forsiktig tilsmussa folkdrakt søker dei å finne seg tilrette ein stad til venstre for Cohen, til høgre for Oldham, ved beina til Dylan. Dei finn vel ikkje heilt roen der, men stikk heller ikkje av. Det er avgjort to fine plater, særlig Hotel Lives, men heilt som denne nyaste er dei no ikkje.

Tre av dei sju spora på Skeleton Blues har blues i tittelen. Dei fylgjer ikkje hevdvunne blues-skjema av den grunn, slik Bob Dylan har gjort misjon av på sine eldre dagar. Dei kranglar seg derimot fram i farvatn Dylan rørte rundt i den gongen han var «younger than that now». Og samanlikna med det eg har høyrt av Joyner sitt tidlegare materiale så er det meir lyd på denne plata. Både når det kjem til styrke og til nyansesvingingar. Den akustiske gitaren er til stades i kvar låt, men den får ofte drahjelp av den elektriske fetteren, som både snor seg, lirkar og brenn. Steelgitar-render kjem stundom sigande, og poengterte og subtile pianotonar smett innom og drar sin veg.

«A symphony of laughter sped up to sound like violins lured me to the open window»

Frå denne utkikksposten syng Joyner ein Open Window Blues som fører tankane i retning av både Dream Syndicate sitt Medicine Show, Dylan sin It’s Allright, Ma (I’m Only Bleeding) og William Burroughs sin Naked Lunch. Det er ei dyster, regntung, klaustrofobisk og absurd verd han skuar ut på. «Lazarus, you are free now to die again» sukkar han i slutten av fjerde vers. Eit par elektriske gitarar sår hudlause tonar for så å kaste seg inn i ein rotlaus kaskade i siste fase. Det er folkrock med klør frå ei sjel som blør. Det er den ustødige dansen på ein «shifting pile of skeletons». Det er eit opningsspor som sug deg inn i eit mørke du kanskje ikkje burde vore i, men som du helst ikkje vil utav.

«The only thing worse than blacking out, is waking up just where you are»

You Don’t Know Me er countryrock frå baksida av stadion, med smygande gitarlinjer, voggande pianotonar og ein steel-gitar som kjem krypande inn frå venstre. Ei skildring av den store overmannande einsemda. Sonisk sett kunne det kanskje ha vore eit møte mellom Ben Weaver og Howe Gelb. Men det er altså Joyner frå Omaha, og det er like bra det.

«When she calls to you, answer night»

Ein hul pianolyd, ein skurrande gitar, og dagslyset er minst ei natt unna. Langt inni der er det ein countrytone, men det er ikkje håpet den bringer med seg. «When she lowers your head, answer night».

«So go find me a father who needs to be killed, and a mother who cheats and some blood can be spilled»

Det er tid for seks minuttar med Medicine Blues, og Joyner er i angrepsposisjon. «Hey helpless brother, I’m talking to thee». Han spyttar ut orda og lar det stå til meir enn nokon annan plass på albumet. Han er Shakespeare i ein Dylansk skikkelse med Rolling Stones som backingband, og bilda er brutale.

«This is where the insects go to expire, fire
This is where the children go to weep, sleep/This is where the gypsies go when they retire/Now they’re counting on you kid and your famous cold feet»

Og han dei håpar på er The Only Living Boy in Omaha. Rystande vakre og ugjestmilde strykarar tvinnar seg rundt tonane som kræsjande gule blomar og medverkar såleis til å skape eit stykke attraktiv og usikra kammercountryfolk. Conor Oberst og eit par Sister Lovers luskar rundt i skuggane.

«Paralyze me with a trembling body, paralyze me with your Polaroid face»

Ein Epilogue In D, ei vemodsfull vise, ei dvelande bønn, ein dysfunksjonell kjærleikshistorie. Eit saktegåande, temperert og oksygenrikt tilfelle.

«She was the one who always came so close to smiling, she made crying seem like Christmas Eve»

Avslutningssporet My Side of the Blues er Joyner hans akustiske gitar og ei gripande vakker vise, som varer og varer, i ti minuttar. Forsiktig, og utan å ha hastverk sinnet, vandrar trubaduren gatelangs og ventar på at regnet skal komme og vaske han rein. I ein døropning står ho med «smilet» og kallar; «if you come to me, I’ll make it easy for you». Townes Van Zandt har laga eit par låtar i eit liknande tonemønster. Denne blir ikkje dårligare av den grunn.

Og no sit eg her og lurer: Kan det verkelig vere slik at eg nesten heilt uforvarande har ramla over Simon Joyner, akkurat idet han har kreert sitt meisterverk? Kan det vere slik at eit album ein knapt finn omtalt andre stader enn på Jagjaguwar si heimeside kan vere blant årets aller beste? Kan det vere slik at eg er blitt fanga i Joyner sine tonar? Til det siste; ja, men eg ser ingen grunn for å kjempe meg fri. For her vil eg bli.

9/10

Først publisert på Groove.no (i 2007)