Tag Archives: Priests

Priests – The Seduction of Kansas

Standard

    Bilderesultat for priests band 2019

Jesus’ son. «I feel just like Jesus» son» syng Lou Reed i den berykta låta Heroin. Og skildrar ein slags euforisk tilstand idet stoffet renn gjennom årene. På nittitalet gav forfattaren Denis Johnson ut ei novellesamling kalla Jesus’ Son. Med historier frå dei skrå breidder, fortalt av ein Fuckhead. «I am Jesus» son, I’m young and dumb and full of cum» syng Katie Alice Greer på Priests sitt andre album The Seduction of Kansas, og går inn i rolla til ein fyr som er temmeleg høg på seg sjølv, utan å ha ein adekvat grunn til det. Kanskje eit nett-troll, kanskje ein drapsmann, kanskje ein kommande amerikansk president. Det er ikkje mykje kanskje over drivet i låta, det er fullspiker rå rock’n roll.

«I’m that bitch, your white witch» syng Daniele Daniele ein annan stad på albumet. I’m Clean heiter låta, og songaren framstille ei iskald kvinne, som distanserer seg frå kjenslene sine, som tvingar valdtektsmenn til å spegle seg, og sjå sin egen perversitet, i is-spegl, før ho drep dei. Låta har eit reint, suggererande groove, og ein tone som både er lokkande og farleg.

«I feel misunderstood like I’m some kind of enemy, when I’m the one in charge of all the things that make you happy» blir det sunge i låta Control Freak. Misforstått eller ikkje, eg har vanskar med å oppfatte hovudpersonen i låta som så mykje anna enn ein manipulerande djevel. I sonisk forfatning brakt til torgs i ei aggressiv form, eit markant insisterande groove og GL Jaguar sin gitar som både kjæler med det melodiøse og skjær støyande igjennom.

På papiret er Priests ein færre enn dei var då dei kom med sitt debutalbum, Nothing Feels Natural, for to år sidan. Bassist Taylor Mulitz har forlete bandet for å satse på eit anna prosjekt. Men dei tre som er att har ikkje laga eit album utan bassgitar. Det er så definitivt ein bassgitar, eller fleire, i spel her. Det er så definitivt eit bra groove i ryggrada til fleirtalet av songane her. Eit bra groove, og songar som i sonisk målestokk ikkje er skore over ein og same lest. Men der ein rock’n roll-energi med slektskap til punk og postpunk er høyrbart til stades i ganske så mange av dei 42 minuttane albumet varer.

Som det vel skulle gå fram av presentasjonen av tre av songane på albumet så er det mykje grums i skallen på skikkelsane som gjer seg til kjenne i i det tekstlege materialet. Utan at eg skal gå til det skrittet og hevde at det er eintydig slik. Det store og heile bildet kan vel seiast å vere både meir vekslande og tvitydig.

Albumtittelen kan vel seiast å vere av det smått pretensiøse slaget. Priests kjem frå Washington DC og har inga tilknyting til Kansas. The Seduction of Kansas er deira omskriving av tittelen på ei bok av Thomas Frank, What’s the Matter With Kansas?. Ei bok, utgitt i 2004, der forfattaren søker finne svar på kvifor folkefleirtalet i Kansas bevega seg frå demokratisk til republikansk side. Og i så måte, slik forfattaren oppfatta det, røysta mot sitt eige beste. Det er spor av både politiske undertonar, og eit og anna rimeleg tydeleg formidla standpunkt, i det Priests har føre seg, men først og fremst er dei eit (både sonisk og tekstleg sett) giftig rockeband.

Den beste musikken i 2017, slik det er blitt oppfatta inne i Popkroken

Standard

Bilderesultat for pumarosaBilderesultat for the national 2017Bilderesultat for mount eerie 2017Bilderesultat for father john misty 2017Bilderesultat for kendrick lamar 2017Bilderesultat for lcd soundsystem 2017

Då var vi atter komne til dei dagar då folk med spesielle interesser finn det opportunt å lage årslister. Slike lister som oppsumerar og skal felle ein dom over kva nett denne viktigperen synst om til dømes musikken som kom ut i året som gjekk. Eit døme som nett her sjølvsagt ikkje er dratt ut av lause lufta. For dette er Popkroken veit du. Og her handlar det hovudsakeleg musikk, også om musikk som såg dagens lys nett dette året. Året 2017 etter ein viss fødsel.

Eg skal ikkje skryte på meg at lista kunne ha vore uendeleg mykje lenger. For uendeleg med årsfersk musikk har eg ikkje høyrt dette året. Og uendeleg med god musikk har det vel heller ikkje komme? Eg skal heller ikkje skryte av at den fangar opp ei tidsånd på noko slags vis. Eller at den fortel vesentlege ting om kva som har skjedd på populærmusikkfronten dette året. Dette er resultatet av eit høgst subjektivt einmannsprosjekt med sånn cirka middels kontakt med røyndomen. Vel nok om det, slik ser lista ut i år (i fiks omvendt rekkefølge):

Bilderesultat for posse horse blanket
30. Posse – Horse Blanket 
Ein Seattletrio som etter seiande gjer seg akkurat i det eg har oppdaga dei. Saktegåande og halvsungne låtar i eit suggererande draumelandskap. Gitaren skimrar, og av og til skingrar. Aller best er bandet på dei fleste måtar i det tolv minuttar lange tittelkuttet.


29.The Weather Station – The Weather Station
Canadiske Tamara Lindeman har denne gongen tilført folksongane sine meir energi og lagt dei i eit større sonisk bilde. Noko det viser seg at dei ikkje har vondt av. Tekstleg har dei eit feministisk tilsnitt, og blir framført med ein snerr som har vakna til liv i kryssingspunktet mellom Joni Mitchell og Chrissie Hynde.

Bilderesultat for war on drugs understanding
28. The War On Drugs – A Deeper Understanding
Sonisk fylgjer A Deeper Understanding i spora til Lost In The Dream. Med den forskjellen at alt er større her, alt er det meir av, alt er likare, og alt er endå meir perfeksjonert. Albumet treff meg ikkje like sterkt som Lost In the Dream. Men rundt det elleve minuttar lange hypnotiske senteret Thinking of a Place finst det då ei bra handfull godlåtar.

Bilderesultat for colter wall album
27.Colter Wall- Colter Wall
Røysta. Den er malmfull, baryton djup og rusten, og rik på karakter. Colter Wall skuslar den ikkje bort på pjuskete saker. Han syng songar i eit folk og countrylandskap, i ein tradisjon han ikkje legg skjul på, der i alle fall Townes Van Zandt har vore før han.

Bilderesultat for slowdive album
26.Slowdive – Slowdive
22 år etter sitt tredje album er dei gamle shoegaze-legendene tilbake i manesjen att. Og det med eit album som absolutt ikkje rotar seg bort i dorske taktar. For det er liv i det drøymande vesenet, ein uro i det dvelande draget, og her er ein popmelodisk snert som ikkje er til å kimse av.

Bilderesultat for new pornographers whiteout
25.The New Pornographers – Whiteout Conditions
Tempo, tempo, tempo, det er New Pornographers det. Og aldri har vel bandet køyrt tempo så non-stop som på denne deira sjuande langspelplate. Fengande popmusikk med ei bra ryggsøyle – Eller som sjefslåtskrivaren Colin Newman sjølv kallar det: Bubblegum krautrock.

Bilderesultat for morby city music
24. Kevin Morby – City Music
New York City. Lou Reed. Television. Ramones. Jim Carroll. Det er der Kevin Morby er på denne plata. På sin måte. Og måten: Det sitt ein melankolikar djupt fast i songane til Kevin Morby. Ein sympatisk og melodiskpoetisk ein.

91wusdgpqgl-_sl1500_
23.Nicole Atkins – Goodnight Rhonda Lee
Det er noko med røysta til Nicole Atkins. Ikkje det at den er sensasjonelt annleis. Men den har ein tæl og ein heilt naturleg malmfull rikdom. Den er skapt for å synge soul. Soul med grums i kantane. Soul som kokar og soul som smyg, og soul med litt country i seg.

Bilderesultat for robyn hitchcock album
22. Robyn Hitchcock – Robyn Hitchcock
Eit par elektriske gitarar, bass og tromme, ein distinkt vokalist og frodig harmonisong, det er den overordna resepten her. Resultatet sprenger ingen rammer, men er drivande festleg. Eller kanskje ikkje, kanskje ikkje festleg er rette ordet. «An ecstatic work of negativity» kallar Hitchcock det sjølv. Hmm … er ikkje det litt festleg då?

Bilderesultat for xx i see you
21. The xx – I See You
Eg likte veldig godt den minimalistiske debuten til The xx, og nesten like godt oppfølgjaren. Eg likar I See You også. Sjølv om eg nå opplever trioen som litt mindre The xx  der inne på sitt eige vesle spesielle kammer, og litt meir som eit popband i eit rom med fleire liknande aktørar. Gode låtar er til hjelp i så måte, noko I See You er ganske så rundhanda med.

Bilderesultat for torgeir waldemar borders
20. Torgeir Waldemar – No Offending Borders
Det er definitivt meir lyd å fordøye på Torgeir Waldemar sitt andre album, kontra debutalbumet hans. Lyd á la Crazy Horse, og tidvis groove som kan kallast offensivt, men absolutt i spedd nokre meir dempa viser også. Tematisk vandrar songaren i både globale utfordringar og tett på private grubleri. Han gjer det ganske så fredlaust og inderleg.

Bilderesultat for sun kil moon common as light and love are red valleys of blood
19. Sun Kil Moon – Common As Light and Love are Red Valleys of Blood
Det der å fatta seg i kortheit ligg ikkje for Mark Kozelek. Dette albumet er i så måte kanskje hans drøyaste. Det er dobbelt, har ei samla speletid på over to timar, der Kozelek syng og pratesyng i vanleg lune, gjennom låtar som varer og varer. Malt i eit synthbilde vel så mykje som akustiskgitarbilde, for ikkje å seie bass/tromme-bilde, med Kozelek og Steve Shelley som sentrale aktørar. Og ja, det funkar.

Bilderesultat for simon joyner step into the earthquake
18. Simon Joyner – Step Into the Earthquake
Tretten songar om draumar og realitetar og eit Amerika som har det litt vondt. Det er melodisk, det er på kanten av melodisk. Det er musikk som opererer innafor kjente normer (Dylan, Reed, Stones, Young, Cohen, …). Samstundes som den held seg ute i ein mindre provins av hevdvunnen rock og visesong. Det er eit klart skrangleelement her, ein viss råskap, ein flørt med kanten av det soniske stupet. Akkurat slik vi som med åra har lært oss å sette vår lit til Simon Joyner likar at han gjer det.

Alt Som Har Hendt (VINYL)
17. Erlend Ropstad – Alt som har hendt
Alt som har hendt, det er ein fin tittel det. For det er jo det dei handlar om, songane til Erlend Ropstad. Ikkje fordi han fortel om alt som har hendt, det gjer han jo ikkje. Men han fortel nok. Og det er nok det. Til å forstå at alt det som har hendt, alt som er gjort, og ikkje gjort, har vore vegen fram til akkurat dette augeblikket. Til desse songane. Som er like sterke som songar han har laga før. Sterke og store og blå og sympatiske og poetiske og melodiske, og gode å tilbringe tid i hop med.

Bilderesultat for laura marling semper femina
16. Laura Marling – Semper Femina
Dei to orda Semper Femina har Laura Marling hatt tatovert på eine hofta si i fleire år. Uttrykket er henta frå det romerske nasjonaleposet Æneiden. I norsk omsetjing tyder utrykket noko slikt som «alltid kvinne». Eg høyrer Laura Marling søke inn i det kvinnelege, det mellomkvinnelege i songane på denne plata. Songar om vennskap, kjærleik og med ein viss seksuelt farga undertone. I eit nøysamt og tiltrekkande sonisk bilde.

Bilderesultat for the sadies northern passages
15. The Sadies – Northern Passages
Sjølv om The Sadies har gått gjennom ei klar utvikling sidan debuten for om lag tjue år sidan, er det noko konstant over det dei har gjort desse åra. Noko kjært gjenkjenneleg. Drivande rundt i ein god miks av countryrock, folkrock, psychpop og garasjerock klarer dei gong etter gong å halde fast i energien og den medrivande tonen. Slik blir Northern Passages nok eit sympatisk album i rekka; heilt utan flosklar og kjipe kompromiss.

Bilderesultat for priests nothing feels natural
14.Priests – Nothing Feels Natural
Washington DC-kvartetten Priests er på inga måte av det geistlege slaget. «To people in sanctuaries all I can say is you will not be saved» blir det meldt til kvasse tonar. Punk, for så vidt. Samstundes er det slik at Nothing Feels Natural er ei plate der nyansar og det underfundige blir dyrka i større grad enn det det gjennomsnittlege punkbandet der ute driv det til. I ein slik grad at Priests kanskje ikkje skal kategoriserast som punk… vel, det viktige her er uansett energien, og låtkvaliteten, og fridomen dei gjer seg sjølv.

Bilderesultat for protomartyr relatives in descent cover
13.Protomartyr – Relatives In Descent
Dei har kantar tonane til Protomartyr. Taggete og ugode høgg dei seg fram til meg. Musikkhistorisk kan dei kanskje plasserast i området rundt ein ung Nick Cave og nokre av dei samtidige av han der godt tilbake på åttitalet, som The Fall, som ei god handfull andre engelske postpunkband. Pluss litt garasjerock à la Detroit då. Nokre nyttige meter unna konvensjonell etterplapring. Ganske så nær sentrum av slikt eg vil kalle dugande eigenart. På dette, sitt fjerde album, er dei nokre hakk meir tilgjengelege enn tidlegare. Utan at eg vil kalle dei lett tilgjengelege, absolutt ikkje.

Bilderesultat for hurray for the riff raff navigator
12. Hurray For the Riff Raff – The Navigator
Sytten år gammal reiste Alynda Segarra heime ifrå. Frå storbyen, frå staden ho vaks opp, Bronx. Etter eit par år med togsniking og haiking på kryss og tvers av Amerika enda ho opp i New Orleans, der ho skulle bli buande nokre år. Nå har rastløysa ført henne heimatt. Både i fysisk og musikalsk forstand. For hennar sjette album, The Navigator, er ikkje berre tufta på tradisjonsmusikken ho før har omfamna, denne gongen kan ein også høyre storbyen der, Bruce Springsteen og Patti Smith, og ikkje minst den latinamerikanske musikken, det puertorikanske. Med kampsongen Pa’lante, ein psykologisk tilstandsrapport, eit poetisk meisterstykke, som sentralt høgdepunkt.

Bilderesultat for fleet foxes crack up
11.Fleet Foxes – Crack-Up
Dei første par gongene eg høyrde gjennom albumet gjorde eg meg tankar om at dette er ein dekonstruksjon av Fleet Foxes slik vi kjenner dei. Etter kvart endra desse tankane seg. Dreidde seg litt rundt sin eigen akse og blei til tankar om at Crack-Up er konstruksjonen av eit Fleet Foxes som gjenoppfinne seg sjølv. Dei harmonivakre vokallinjene vi kjenner så godt flyt rundt i ein kontekst av nyttig motstand. Av ting som skurrar, disharmoni og brot på den lineære forma. I eit luftig og frodig bilde. Kanskje kan det kallast noko slikt som varm folk-prog?

Bilderesultat for ron gallo heavy meta
10.Ron Gallo – Heavy Meta
Dette er total rock’n roll. Ingen tvil. Eg høyrer det frå første nummer. «Young lady, you’re scaring me» ytrar, snerrar, klunkar songaren. I henda har han ein gitar. Han nyttar den ikkje til å gå vidare respektabel til verks. Noko det for så vidt heller ikkje skulle vere grunn til å gjere. Han skildrar ein ustabil situasjon.
Det skal så vise seg medan albumet brenn av garde at det finst meir av om lag same kaliber der. Meir bitande songformidling, meir umoralsk gitarlyd, meir rock’n roll. Frå ein kar som nyleg har flytta frå Philadelphia til Nashville for å komme tettare på garasjerock-scena i countryhovudstaden.

Bilderesultat for margo price all american made
9. Margo Price – All American Made
Med All American Made byr Margo Price på eit endå betre album enn fjorårets debutalbum. Som på debuten kan ein dra linjer til Loretta Lynn og Dolly Parton, men ho touchar denne gongen soulmusikken også, og kjem opp med eit meir variert album.
Der debutalbumet hadde eit visst preg av det sjølvbiografiske rettar Margo Price denne gongen blikket utover Amerika. Og det ho ser er ho glad i, men det er også noko der, ein god del der, ho ikkje synst noko om. Ho vik ikkje unna, ho trør ut i det, og ho trør ikkje utprega varsamt. Men ho trør og lagar spor på eit vis som gjer ho til ein av dei aller beste countryartistane vi har om dagen.

Bilderesultat for peter perrett how the west was won
8. Peter Perrett – How the West Was Won
«Rock’n roll is back in me» syng Peter Perrett. Og eg ser ingen grunn til å tvile på det, for eg kan høyre det. Men litt utruleg er det nå likevel. Mannen er blitt 65 år, byta for mange år sidan musikk-karrieren sin bort mot ein dop-karriere, og så plutseleg er han her, uforskamma levande.
For How The West Was Won er ein overraskande god idé. Albumet tar på eit vis av der The Only Ones slapp (å skape power-lada pop i eit kryssingspunkt mellom Velvet Underground og Bob Dylan). Ok, så har Perrett med seg andre folk, og vel, så har ein sviktande lungekapasitet tvinga han til å synge litt meir avmålt, men han er på ingen måte ein ufokusert tilårskomen junkie. Neidå, her er det fokus, her er det gnist, han syng og snakkesyng med autoriteten til ein sindig faen, og serverer ei handfull låtar som fortener ein plass i The Only Ones-kanonen.

Bilderesultat for ema exile in the outer ring
7. EMA – Exile In the Outer Ring
«I wanna destroy, I wanna destroy, I wanna destroy, …» syng Erika M. Anderson. «I know the rage that’s in me, but I’m just what yoy made me» syng Erika M. Anderson. Ja det ulmar eit sinne utav mange av songane på Exile In the Outer Ring. Ikkje songaren sitt sinne. Ho er midlertidig rolleinnhavar eller formidlar. Folka som kjem til syne i songane hennar er av dei som i november 2016 var med å stemme Donald Trump inn i presidentstolen. Dei blir verken hudfletta eller tatt fint på. Ho stiller dei i eit rått lys men med ein straum av empati sivande rundt dei. Ho gjer det med songar som både omfamnar det melodiske og det støyande. Som byr på både luft og bra med skurr. Som er motsatsen av likegyldige.

Bilderesultat for lcd soundsystem american dream
6. LCD Soundsystem – American Dream
American Dream er eit comeback. American Dream er ikkje eit knuslete comeback. Men American Dream er ikkje eit gaul frå feterte stjerner som burde visst betre. American Dream er verken for mykje eller for lite. American Dream kretsar inn mot LCD Soundsystem sitt indre groovy, ekspanderande og postpunk-melodiske vesen og leverer med skinande relevans. American Dream er LCD Soundsystem sitt fjerde album og det tøtsjar storleiken til dei tre føregåande.
For jaggu har American Dream sitt å by på også. Her finn eg jo Tonite. Ein song der Murphy syng i Byrne-leia og det soniske tar ei medrivande funky ferd tufta på yppig monotoni og ein karakteristisk suggererande ekspansjon. Her er Call The Police, som bygger og løftar seg inn i det LCD-hypnotiske medan songaren teiknar eit heller dystert bilde av samtida. Og her er meir, og meir, ja meir enn nok til at det kan rettferdiggjerast at James Murphy har vekka lydsystemet sitt til liv att.

Bilderesultat for kendrick lamar damn
5. Kendrick Lamar – DAMN.
Om det er eit tema, ein gjennomgangsmelodi, på Kendrick Lamar sitt femte album så kan det vere Gud vs. mennesket, eller kanskje heller mennesket vs. Gud (sidan dette nå ein gong går føre seg på mennesket sin heimebane). Opplegget, eller skal eg kanskje seie kampen, går over fjorten rundar, og sluttar med eit pistolskot, ganske så uavklart. Undervegs har det dreidd seg om både åtak og omfamningar, og mennesket har vel strengt tatt påført seg sjølv fleire kilevinkar enn det Gud er blitt tildelt. I sonisk format vandrar opplegget frå det kvasse og aggressive og over mot meir dovne leier. Jazz-elementa som var veldig dominerande på suksessplata To Pimp A Butterfly er så godt som fråverande. Her er beats og loops og klipp og r&b og funky basslinjer i ein kanskje meir klassisk hiphop-tradisjon. Strammare og meir minimalistisk kan ein vel også seie. Og sjølvsagt umåteleg bra.

Bilderesultat for father john misty pure comedy
4. Father John Misty – Pure Comedy
Pure Comedy er krevjande saker. 75 minuttar om korleis menneskeslekta har tedd seg, og ter seg. Med særleg vekt på det som skjer no, i dei seinare åra av Josh Tillman si levetid. Det angar (for ikkje å seie stinkar) alvorlege ambisjonar over noko slikt. For korleis feste noko det helst blir skrive omfangsrike sosiologiske og filosofiske avhandlingar og bøker om fast i eit musikalsk uttrykk, og så komme frå det utan å stå att som eit fjols? Eg ser ikkje bort ifrå at det er nett det fleire vil hevde at skjer på Pure Comedy. At Misty står att som eit fjols. Vel, eg er i så fall ikkje blant desse som synst det. For i dette pratsame, tidvis sarkastiske og ikkje spesielt optimistiske verket høyrer eg eit fullblods menneske skape songar som veks seg sterke, og gjer inntrykk. Som tittelkuttet. Kanskje spesielt tittelkuttet. Ein buktande popsong i skjeringspunktet mellom Frank Sinatra og Elton John og vestkystrock, men som kanskje ikkje er i det skjeringspunktet i det heile tatt fordi den har ein Misty-faktor som er umiskjenneleg Misty. Eleganse, nonsjalanse, uro, misantropi.
Misty stiller seg kanskje, albumet tvers igjennom, lageleg til for hogg, men han glir då unna det meste, med eit underfundig smillaust smil om munnen.

Bilderesultat for mount eerie a crow looked at me
3. Mount Eerie – A Crow Looked At Me
Han kunne ha kalla plata for Death is Real. Han gjorde det ikkje. Phil Elverum vil fortelje om meir enn døden. Han vil fortelje om kjærleiken også. Og livet, både før og etter at døden blei ein betydeleg del av det.
Mount Eerie er eit einmannsprosjekt Phil Elverum har hatt ein del år nå. Så har det vore med Mount Eerie som med einmannsprosjekt flest, gode hjelparar har blitt invitert med. Ei som stundom har vore innom og hjelpt til var Geneviève Castrée. Ho lever ikkje lenger.
Geneviève Castrée døydde 9. juli 2016. Etter å ha kjempa eit drygt år med ein alvorleg kreftsjukdom herjande i kroppen. Hennar næraste den tida var ei lita jente og mann hennar, Phil Elverum.

Death is real.
Someone’s there and then they’re not
and it’s not for singing about.
It’s not for making into art.
When real death enters the house
all poetry is dumb. 

Opningssongen. Real Death heiter den. Den varer i knapt to og eit halvt minutt, men er på ingen måte fort over. Den sette spor etter seg. På sitt spartanske og lågmælte vis. Med sine reserverte gitar-render, sorgsame tangenttonar, sitt subtile og langsame beat, og denne songaren som ikkje tar i, som syng, som snakkesyng, og som er der, i songen.
Etterpå kjem det fleire songar. Moduset frå opningssongen lever vidare i desse. Tematisk, sonisk. Låt etter låt går over i kvarandre. Liknar kvarandre. Søker inn i det same. Er i det same. Dette lågmælte uttrykket. Dette tomrommet. I eit nettmagasin (eg huskar ikkje kva for eit) såg eg innhaldet på albumet bli klassifisert som «så vidt musikk». Eg tenker at den som har skrive det på eit vis er inne på noko, samstundes som eg tenker, og kjenner på meg, at albumet er ei av dei sterkaste musikkopplevingane eg har hatt dei siste åra.


2. The National – Sleep Well Beast
I sonisk skapnad er Sleep Well Beast eit steg ut til venstre i forhold til løypa The National har fylgt sidan gjennombrotsalbumet Boxer. Ei fruktbar hending på vegen mot denne plata var skisser og tonar Dessner-brørne tok med seg frå eit musikkevenement dei deltok på i Berlin i fjor. Der dei spesielt lot seg inspirere av electronica-duoen Mouse On Mars. Det er ikkje det at The National ikkje har krydra stoffet sitt med elektroniske lydar før, men det har ei lausare, friare og meir eksperimentell form denne gongen. Og det er meir av det. Og det er absolutt ikkje øydeleggande.
Samstundes er dette, denne plata, desse songane, gjenkjennelege National-songar. Kanskje den sterkaste samlinga av slike sidan Boxer.
The System Only Dreams in Total Darkness var den første songen The National gjorde kjent frå albumet. Med sitt rastlause driv, sine korte gitarriff som konsist skjer inn i melodiløpet, og si både skarpe og luftige form hadde den, og har den, National-klassikar gravert inn i seg. Med ei absolutt økonomisert mengd av ord teiknar songaren Matt Berninger eit dirrande bilde av ei stor uro. Ei uro som kan komme frå fleire hald. Som ikkje blir tydeleg plassert. Ei dugande oppskrift på å halde lyttaren i ande det. Noko eg for så vidt kunne ha sagt om fleire låtar her, for ikkje å seie fleirtalet av låtane her. Så det.

Bilderesultat for pumarosa the witch
1. Pumarosa – The Witch
«You dance, you dance, you dance, you dance» lyde omkvedet. Formidla av Isabel Munoz-Newsome. Eller kanskje heller formana, eller ettertrykkeleg konstatert. Medan groovet det går, og går. Luftig, lettbeint og suggererande. Priestess heiter låta. «Electricity flows through your spine and it shows» syng dama, offensivt med ei underliggande beundring. Ho syng det til ei kvinne, ei som dansar med fridom i rørslene, ei søster. Og låta driv lenger og lenger inn i det hypnotiske. Inn i eit krautlandskap, inn til ein saksofon av smått krakilsk karakter. Den kunne gjerne strekt seg over fleire minuttar, forbi dei sju og eit halvt den brukar.
The Witch er Londonkvartetten Pumarosa sitt debutalbum. Det er ikkje eit album som kjem stille og forsagt inn gjennom døra. Her er absolutt visse pretensjonar å spore, og eit mot og ein vilje til å tre fram i lyset. Det går til dømes an å hevde at songaren Isabel Munoz-Newsome tyr til visse teatralske grep. Men eg opplever ikkje hennar framferd som oppstylta, eg opplever henne som eit sentralt kraftfelt i låtane. Enten ho minner meg om Patti Smith, Siouxsie Soux, eller helst beveger seg forbi der ho minner meg om anna enn seg sjølv. Rundt henne er det godt med rom og luft, og medspelarar som har instinktet i orden når det gjeld inspirert suggererande låtbygging. Industrial spiritual er bandet ubeskjedne nok til å kalle lyden dei skaper. Ein karakteristikk dei absolutt skal få komme unna med. Dei lyt nesten også få komme unna med at albumet har ei speletid på 55 minuttar. For dei lar ikkje eitt einaste eitt av desse minutta gå til spille.

Priests – Nothing Feels Natural

Standard

Ei attraktiv og til dels nyansert filleristing av den amerikanske draumen.

Bilderesultat for Priests Nothing Feels Natural  Klar for ein dose skarpskodde meldingar frå Washington DC? Eg snakkar då sjølvsagt ikkje om slikt som blir twitra frå presidenthald. Nei det skulle tatt seg ut du. Eg snakkar om Priests, eg snakkar om stoff som Priests har føre seg. Det er noko ganske anna det. Og frykt ikkje, dei er ikkje av det geistlege slaget. På ingen måte. Utsegn av typen «to people in sanctuaries all I can say is you will not be saved» eller «you are just a cog in the machine and I am a wet dream soft and mean» er slikt som fell rimeleg naturleg å trekke fram som eksempel på kva dei har å melde. Deira soniske meldingar er forresten av minst like kvast kaliber. For dette er ein gjeng som veit å lage lyd, og den er vilter, omskifteleg og attraktiv.

Og gjengen er ein kvartett, og som kvartettar flest er dei fire i talet. Av den ikkje heilt uvanlege konstellasjonen to av kvart kjønn. Det er blitt meg fortalt at det var dei to kvinnene i gjengen som starta herlegdomen. Då er vi visstnok tilbake i 2011. Punk, No Wave og politisk konfronterande tekstar stod raskt på programmet. Og sceneopptredenar der dei ikkje gjorde spesielt mykje for å bli likt, snarare tvert imot. Det dei har spelt inn og gjeve ut av musikk sidan oppstarten er å finne på Bandcamp, eller hos deira vesle obskure platelabel Sister Polygon. Eit par kassettar, eit par singlar, ein EP, og nå den flunkande nye langspelplata Nothing Feels Natural.

Nothing Feels Natural er blitt ei plate av mangfaldig karakter. Ei plate der nyansar og det underfundige blir dyrka i langt større grad enn kva bandet har gjort på sine tidlegare innspelingar. I langt større grad enn det gjennomsnittlege punkbandet der ute driv det til. I ein slik grad at Priests nødvendigvis ikkje skal kategoriserast som punk. Utan at nett det er så viktig. Det viktige her er energien, og låtkvaliteten, og fridomen dei gjer seg sjølv.

I avslutningslåta på EP’en som Priests gav ut i 2014 ropar vokalist Katie Alice Greer ut at «Barack Obama killed something in me» og legg til at ho vil «get him for it». Det er sjølvsagt ingen som helst grunn til å tenke at ho har det noko betre med han som nå sitt og regjerer og twitrar borte i nabolaget. I alle fall: Same dag som Trump vart innsett som president, var Greer og Priests blant initiativtakarane til eit motarrangement litt lenger nede i byen. Eit evenement dei kalla «No Thanks», med undertittelen «A Night of Anti-Fascist Sound Resistance in the Capital of the USA».

Nå er det ikkje slik at songane til Priests er eksplisitt politiske. Det ligg ikkje klart fram i dagen kva som er tema i kvar einskild song. Ved nokre høve har eg inntrykk av at det er assosiasjonar som driv Greer framover i songen. Det kan bli gåtefullt, det kan bli smått absurd, men ikkje meiningslaust. Det er heile tida ein retning der, og ein snerr eller fem retta mot maktutøving, konformitet og idioti.

«You want some new brutalism?» ropar Greer innleiingsvis, oppå trommeslagar Daniele Daniele si drivande rytmiske utøving. Etter dryge halv-minuttet kjem gitarist GL Jaguar inn frå venstre, med tonar som skjer seg inn i songens kraftdansande vesen. «Feels good to buy something you can’t afford» gjentar snart ei ekstatisk Greer i kompaniskap med ein løpsk bassgang utført av bandets fjerde medlem Taylor Mulitz. Opningssporet Appropriate vil eg kalle eit mangslunge spor. Tematisk oppfattar eg det som eit angrep på folk som har forsynt seg vel grådig av jordas store felles ressurslager. Sonisk er det temposkiftande og eskalerande, og glir etter kvart inn i eit støyande parti som drar vekslar på både frijazz og No Wave (slik eg kan minnast legendariske Teenage Jesus and the Jerks utførte det på syttitalet). Eit parti der ein innleigd saksofonist (Luke Stewart) spelar ei sentral rolle.

«Please don’t make me be someone with no sympathy» syng Greer i avslutningsnummeret Suck. Temaet er kommunikasjonsvanskar, og songaren slit med å akseptere både sine eigne og ein samtalepartnars reaksjonar. Sonisk slit ikkje songen med å kommunisere i det heile. Den er melodisk, og den har ein dans godt plassert i sin midte. Groovet er funky, særdeles funky, og gitarmønsteret stramt og konsist. Den innleigde saksofonisten dukkar opp igjen. Eg anar eit lite snev av Talking Heads. Og det skadar ikkje.

Det skadar heller ikkje at trommeslagar Daniele får vokalansvaret, og resiterer ganske så illevarslande meldingar i det intense sporet No Big Bang. Eller at bandet i tittelkuttet roar ned både tempo og støynivå og Greer formidlar eksistensiell tvil og skepsis med ein audmjukheit i botn. Skepsis blir også formidla i den sydande og temmeleg så fengande songen Pink White House (fantastisk tittel!). Ein skepsis til den vidgjetne store amerikanske draumen. Men då heilt utan det audmjuke elementet intakt. Her er det utilslørte utfall og sarkastiske linjer som gjer seg gjeldande.  Frå karakteristikken «A puppet show in which you’re made to feel like you participate» til den sukkersøtt-ironiske «Ooh baby my American Dream».

Neidå, den amerikanske draumen er nok ikkje verd å feste spesielt mykje lit til. «The reason they call it the American Dream is because you have to be asleep to believe it» har den amerikanske komikaren George Carlin ganske så treffande sagt det. Priests søv ikkje, og ikkje dveler dei ved draumar heller. Dei hevdar heller at Nothing Feels Natural, og gjer sjarlatanar eit spark på skinnleggen.

8/10

BANDCAMP: PRIESTS – NOTHING FEELS NATURAL