Monthly Archives: april 2014

Erlend Ropstad – Her Om Natta

Standard

Norsk visesongar, svensk klang, personleg stemme, minneverdige viser.                                             7

  Svenske visesongarar har eit bra renommé her til lands. Underteikna er ein av mange som har flust av den slags i platehylla. Ja skulle eg ha laga ei liste over dei ti beste viseplatene frå Norden, ville fleirtalet av platene garantert ha vore av svensk opphav. Erlend Ropstad likar også svenske visesongarar. Han har endåtil laga ein song om det. Med ein porsjon beundring, ein porsjon skråblikk, ein porsjon humor, og ein porsjon sjølvironi, serverer han ei fornøyelig vise om tilhøvet. Vise Om Sverige. Ropstad og hans akustiske gitar, og smålåtne funderingar kring dei mangelfulle genane han har fått «frå de flekkerøyfiskarane» kontra mystikken og refleksjonsevna til trubadurane på andre sida av kjølen. Også kalla «svensk attityd». Kapitulasjon er det like fullt ikkje snakk om. Han tek det helst med eit smil, eit lunt smil om munnen, og gjer som førebilda, syng «refrenget litt på skrå», og slår skjemtande fast at det er «en ting som æ må gjør før æ dør, og det er å være en gammel svensk visesanger, det er det ingen nordmenn som har klart før, men æ har ikke prøvd meir enn et par ganger».

Med denne kostelige songen startar Ropstad si nye plate, og gjer eit slags varsel om det som skal komme etterpå, samstundes som songen er ganske så annleis enn det som fylgjer.

Sist Erlend Ropstad var her satt han i vindaugskarmen og formidla, ganske så varleg, minner frå ein oppvekst. Med lite anna selskap enn ein akustisk gitar. Slik er det ikkje denne gongen. Han er ikkje åleine, han sitt slett ikkje i nokon vindaugskarm, og det handlar på ingen måte om barndomsminner. Han er i eit studio i Sverige, i de Värmlandske skogar. Han har med seg folk som koplar instrumenta sine til straumnettet. Det kan vel knapt nok kallast viser dette her vil sikkert fleire seie, idet bassen brumlar på det mest brutale. Men det var det ikkje eg som sa. For kan ikkje viser få lov å ha litt bråk i seg då? Det var det eg som sa.

Slik eg oppfatta det fant Erlend Ropstad fram til noko som gjorde han spesiell på den førre plata si. Den med den lange tittelen og det essensielle spørsmålet – Hva om det ikke er sånn som du tror at det er?. Den første der han nytta morsmålet. Det gjorde nok sitt. Men først og fremst vart plata det den vart gjennom formuleringar med ein poetisk og naturlig klang, og ein tone som var varm og menneskelig. Element som på ingen måte har dunsta bort. Dei har blitt med han til Sverige, og bidreg til at Her Om Natta er ei like rik oppleving som den førre.

Den klassiske instrumenttroikaen elektrisk gitar, bassgitar og trommer er ryggrada til fleirtalet av songane på plata. Opningssporet har knapt nok stilna hen før denne treeinigheita går tungt til verks. Til eit knurrande riffbrygg av nærast southern-kaliber kjem den tvilrådige songen til Maria. Og det er vel der, blant instrument som knurrar, og ein songar som fører si rue røyst i litt meir kraftfulle former enn sist, at plata lever sitt liv. Eit godt liv. Med nokre brot, sterke brot, og nokre injeksjonar av andre saker. I ein sonisk eim frå karar som Ulf Lundell, Thåström og ikkje minst Lars Winnerbäck.

Tittelkuttet er det mykje Winnerbäck i. Ein song om stjernelysets magi kontra kjærleikens noko sviktande magi. Servert i eit enkelt og effektfullt driv. Du Skulle Ha Dansa fylgjer, for så vidt i same lei, men med eit meir ettertenksamt vesen, og idear om at det absolutt ikkje er for seint å få kjærleiken til å blomstre att. Med feletonar frå Erlend Viken som yppig ingrediens. Ved eit par andre høve trekke Ropstad inn ein synthesizer. Spesielt minneverdig i så måte er opningssekvensen på Vintervindene. Kranglete synthtonar kring ein manande puls, som så blir avløyst av nokre frodige pianoakkordar og ein songar som føler trong til å erkjenne at han «har ikkje kjent noe sånn siden 95». I dei seinare partia av songen dukkar Hanne Kolstø opp og gjer fruktbar vokalhjelp. I ein song med eit optimistisk åsyn, som forkynner trua på den store kjærleiken, og at den derfor er verd å verne om og legge «i lé for vintervindene». Men før Ropstad er komme dit har han vore gjennom ein og annan vanske. Ein og annan song som fortel at det ikkje berre er lett dette livet, og denne kjærleiken.

«Det der er ikke lett Elisabeth» er mantraet i ein av songane. Felespelar Erlend Viken har her sin andre opptreden, og gjer låta eit skarpt folkloristisk uttrykk, medan songaren halvsyng og heilsyng, hjertelig og tvilande, om vegen vidare med denne Elisabeth, eller kanskje utan henne, han ser det ikkje klart føre seg, og eigentlig vil han ikkje snakke meir om det, «for det her er ikke lett Elisabeth». Endå meir problematisk har hovudpersonen i songen som kort og ugreitt heiter Idiot det. Her sit Ropstad åleine med pianoet, og knirk frå golv og stol (og kven veit) er effektfulle element i framstillinga av songens nakne vesen. Temaet er anger, tung anger, og kor vanskelig den er å målbere. Heilt umogeleg i grunn. «Det er ingenting, ingenting, ingenting, ingenting, ingenting, ingenting, ingenting, æ kan si».

Erlend Ropstad seier det ikkje med komplekse og vanskelige ord. Ikkje med mystiske bilde eller svevande metaforar. Visene hans har eit enkelt språk. Men dei rommar mykje. Livet, slik songaren har blitt kjent med det, og slik mange kjenner det. Eg merkar at det har ein verdi å støtte skuldra til songar som desse.

Dei 5 beste albuma frå mars 2014 (Slik eg har oppfatta det):

Standard

 

The War On Drugs – Lost In the Dream        9

Lost in the Dream (Eit utdrag av ein lengre omtale publisert 6. april)

Innimellom dukkar det opp plater eg kjenner meg sterkt knytt til. Det kan vere ulike årsaker til det. Det kan stundom til og med vere vanskelig å forstå, eller forsvare for den saks skuld, men det skjer. Det tredje albumet til The War On Drugs er ei slik plate. Ei eksepsjonelt original plate er det ikkje. Men ….vel, eksepsjonell er den. På sin måte. Frå den melder sin kome med forstyrra hypertikkande perkussivitet til den fader bort i ein mild synthbris 60 minutt seinare har den vist seg som ein romslig draum, elegisk og håpefull, djupt inspirert.

Tida etter at Adam Granduciel hadde turnert sitt førre album Slave Ambient skulle vise seg å bli problematisk. Han og dama slo opp, han dreiv inn på eit spor der han byrja mista grepet om tilværet, psyken vakla. I denne tilstanden, heime på kammerset, byrja han så innspelinga av det som til slutt skulle bli Lost In The Dream. Han har ikkje gjort heile plata åleine. Han har hatt eit band rundt seg, men mykje har han gjort sjølv. Han står oppført med ansvaret for seks-sju instrument på kvart spor. Og eg ser han føre meg, der heime på kammerset og i platestudioet, på jakt etter den perfekte soniske drakta for song, etter song, etter song. Med ein aldri forsvinnande uro for at det sikkert finst betre løysingar. Så derfor; flikkar vi litt her, stryk litt der, opnar opp litt her, puttar på nokre tonar der. Eller kanskje ikkje? 16 månadar tok det han å gjere plata ferdig. Det har som de skjønar ikkje blitt eit overprodusert og perfeksjonert galmannsverk. Det har blitt ei plate med ein heilt naturlig flyt i seg.

Låt etter låt med vennlegsinna synthlinjer straumande gjennom seg, som blir lindrande gitarbehandla, varleg pianotøtsja, eller får ein blåleg saksofonvisitt. Der det rytmiske spenner frå det bedagelige til det meir oppdrivne. Låt etter låt som behandlar sinnstemningar der mørket og mismotet rår, men der ein stigande aksept av tingas tilstand, og ei evne til å handtere det også blir formidla. Låt etter låt som har ting til felles, som er tru mot platas filmatisk drøymande vesen, men som like fullt presenterer seg med personlegdom og eigenart.

Big music, stor musikk, klassisk rock, i ein skapnad som når alt kjem til alt og strekar og slikt skal settast under svaret er og blir The War On Drugs, og lite anna.

 

Simone Felice – Strangers         8

Strangers (Eit utdrag av ein lengre omtale publisert 7. april)

Det er ikkje heilt opplagt, det er litt gåtefullt, men ikkje altfor komplisert. Om lag slik er mine tankar om songane som Simon Felice presenterer på sitt andre soloalbum. 10 songar som hentar sitt liv og sitt vesen frå den amerikanske songtradisjonen. Der country møter folk møter rock møter soul. Simone Felice høyrer med blant desse som  forvaltar denne arven på ein uttrykksfull og personleg måte.

Songane handlar om folk som prøver å gjere sitt for at dette livet som har blitt dei til del skal ha noko for seg. Folk som på ulikt vis er framande overfor kvarandre, men som ikkje nødvendigvis synst det er ein utprega god ting. Formidla i bilde der dei ikkje heilt uvanlige tema kjærleik, krig/vald og religion er viktige bestanddelar.

Eg kallar det folksoul. Enkle songar og ei sjelfull røyst. Ikkje slikt som er her for å revolusjonere musikkhistoria. Slikt overlet Simone Felice glatt til andre. Men det å servere 10 songar som på litt ulikt vis har sin verknad på sin lyttar (i alle fall denne lyttaren) er vel i grunn eit ganske så meiningsfullt virke det også.

 

The Men – Tomorrow’s Hits      7

Tomorrow's Hits Du skal ikkje kimse av god gammaldags rufsete rock’n roll. I alle fall ikkje slik den fortonar seg i henda til The Men frå Brooklyn, her på deira femte album.

Heilt sånn som dette framstod dei for så vidt ikkje frå fødselen av. Det starta med ugod støy og ofselege skrik, tok vegen inn i noko suggererande punkpsykedelisk, før dei sjangermiksa krautrock med shoegaze klassisk punkhistorie og røff rock’n roll, eit år deretter kasta dei så litt countryrock inn i miksen. Dei har ikkje heilt og fullt kvitta seg med det siste, men først og fremst er Tomorrow’s Hits djervt dundrande og laussluppen rock’n roll.

Det er ein festlig platetittel. Neppe er det hits her, og plata ber på eit ikkje lite ekko av tider som har vore. Utan at eg skal legge inn forslag om å døype den om til Yesterdays’s Antihits av den grunn. For den skal avgjort ikkje avskrivast som arkaisk. Dette er musikk som er drivande tilstades. Som i 38 minutt opphevar verdien av årstal, som er ute av tida, og midt i tida.

The Men søker Exile On Main Street for ein Dark Waltz som slett ikkje er nokon vals. Dei bringar inn blåsarar og vitjar Springsteen anno 1973 i Another Night. Dei gjer eit desperat jagande punkbluesnummer om paranoide tilstandar kalla Pearly Gates. Dei høyrest ut som The Replacements ved meir enn ein anledning. Dei er eit utemd rock’n roll band.

 

Eagulls – Eagulls         7

Eagulls «I’m possessed» syng George Mitchell, og jammen høyrest det slik ut. «I’m possessed, I’m possessed, I’m possessed, I’m possessed» syng han i refrenget på postpunk-anthemet Possessed. Ei låt som byr på kombinasjonen av melodisk sigerstemning, skimrande/skingrande gitartonar, og stor intensitet. Eg skal seie den har bete seg fast.

Det finst andre gode ting på debutalbumet til Leeds-bandet Eagulls også. Eit band som spelar postpunken sin med frenetisk gitarlyd og ei pågåande innstilling. Som har sterkare fokus på energi enn variasjon. Og som derfor drar til med ti låtar utan å tilby særlig med pustepausar.

«Tough luck, tough luck, tough luck, tough luck» syng songaren i refrenget på det fengande og ilskne nummeret Tough Luck. «Can’t find my head» gjentar songaren fleire gonger i refrenget på det nervøst drivande opningssporet Nerve Endings. Det er angst, angrep og dunkle utsikter, og eit album og band verdt å notere seg.

 

Tony Molina – Dissed and Dismissed         7

Dissed and Dismissed 12 songar unnagjort på 12 minutt er alt Tony Molina frå San Fransisco har å by på. Det er i grunn ikkje dårlig. Power pop, der gitartonane kokar og melodilinjene er slike som hektar seg fast. Guided By Bandwagonesque i retning av Weezer. Kortversjonen. Ein gimmick eller berre ein gnistrande god idé? Definitivt det siste i alle fall.

 

Simone Felice – Strangers

Standard

Den enkle songen, dei evige tema, den sjelfulle røysta.                                                                              8

Strangers  Framandfolk. Gjestene i livet vårt, eller dei som stod oss nær ein gong men har blitt fjerne med åra. I tråd med tittelen dukkar slike opp titt og ofte på det andre soloalbumet til Simone Felice. Men kanskje tittelen er meint å omfatte endå litt meir. På innsida av coveret står det trykt ein setning som antakelig, i denne samanhengen, handlar om å oppdage den framande i oss sjølve: «People think about who they really are in the stillest hour of the night». At ein i denne timen av kontemplasjon kjem til den erkjenninga at den ein framstår som i mange av dei resterande timane av døgeret der og då kanskje fortonar seg som ulike sortar av framandfolk.

Det er ikkje heilt opplagt, det er litt gåtefullt, men ikkje altfor komplisert. Om lag slik er mine tankar om songane til broren av dei andre Felice-brørne. Han som sa eit adjø til orkesteret dei hadde i hop etter den fjerde plata, spelte inn to plater under signaturen The Duke & The King, skreiv romanen Black Jesus, og som no altså for andre gong er her med eit album under eige namn. 10 songar som hentar sitt liv og sitt vesen frå den amerikanske songtradisjonen. Der country møter folk møter rock møter soul. Simone Felice høyrer med blant desse som  forvaltar denne arven på ein uttrykksfull og personleg måte.

Songane hans handlar om folk som prøver å gjere sitt for at dette livet som har blitt dei til del skal ha noko for seg. Folk som på ulikt vis er framande overfor kvarandre, men som ikkje nødvendigvis synst det er ein utprega god ting. «Give me something to believe in» ber songaren om ved ein anledning, «step on out of the mist» held han fram. Det er sjølvsagt ei kvinne han har i tankane. Ei med rødt hår dansande nedover brystet. «You’ve been running through my head» mannar han seg opp til å erkjenne idet han når fram til refrenget. Ei kvinnerøyst syng med, frå skuggen like bak. I ein ufattelig vakker ballade som ikkje minst tar for seg minner om den tida då ingenting virka å vere umuleg. Den gongen ho og han var overtydde om at dei til og med kunne lære «how to sing like Nina Simone».

I tillegg til framandfolk-elementet er det dei vanlige tema som utgjer gjennomgangsmelodien. Kjærleik, krig/vald og religion. I songar som spenner frå feelgood-kjensla i opningssporet Molly-O! til noko dunkelt og truande i Heartland. Meiningslause massedrap og håplause krigar miksa med ein dose kristendom er hovudtema i det rytmisk rakrygga nummeret Our Lady Of the Gun: «Did Jesus leave us to beat on our drum? They blow us to pieces in the low desert sun». Når Felice like etter kjem til Gettysburg, arena for eit blodig slag under den amerikanske borgarkrigen, handlar det derimot vel så mykje om kjærleik som om krig. Om eit intermesso med ei danseglad kvinne som songens hovudperson no i ettertid ser prøvde å lære han å gje litt blanke i det tunge alvoret som den gong hadde ramma han. Formulert til tonar som tar seg den fridom å danse lettbeint i popretning. Tilliks med denne er heller ikkje Bastille Day ei spesielt blodig affære. Den handlar i grunn særdeles lite om den franske revolusjonen. Igjen handlar det først og fremst om kjærleik. Om to som ikkje fekk det til å funke. Om ein som no minnast dette, og slenger ei stor bøn ut i tomme lufta om å prøve igjen, «on Bastille Day».

Simone Felice vaks opp saman med brørne sine nær Catskill Mountains nord for New York, i ein liten industriby med namn Palenville. I eit av høgdepunkta på plata stegar han inn og ut av fødebyen med ambivalens i blikket. Han manar fram bilde av å vere på flukt frå styggen sjølv, om å bli plaga av krypdyr i hjernen som held ein vaken natterstid, og om menn som sviktar borna sine, men som tilslutt, tilliks med alle, må møta skaparen sin åleine. Men han framstille også bilde som har idyll i seg, om forelsking, song, og barnefødsel. Han syng både «don’t let me ever say bye bye Palenville» og eit definitivt «bye bye Palenville». Eit fleirdimensjonalt og melodisk velkomponert stykke musikk med eit piano og nokre strykarar i viktige roller.

Det er ein ikkje ueffen varme i dei fleste spora på albumet. Og i den grad plata har eit melankolsk vesen er det aldri av eit trykkande slag. Sjølv i avslutningssporet der hovudpersonen står ved galgen i vinterregnet, og døden er neste etappe, er ikkje tristessen mørkeleggande. Snarare tvert om. Det er ein song med gospel i seg. Ein song der han som skal avrettast syng «I am light as a sparrow, cause I’m on my way», medan bøddelen har sitt å strid med.

Simone Felice er her ikkje for å revolusjonere musikkhistoria, det overlet han glatt til andre. Men å servere 10 songar som på litt ulikt vis har sin verknad på sin lyttar (i alle fall denne lyttaren) er vel i grunn eit ganske så meiningsfullt virke det også.

The War On Drugs – Lost In The Dream

Standard

The War On Drugs vandrar sporenstreks inn i ein melodisk sigerstemning, og blir der ein time. 

Lost in the Dream  Det hender ein gong iblant at det dukkar opp songar som grip meg noko inderlig. Det kan vere ulike kvalitetar som forårsakar slikt. Som oftast klarer eg ikkje komme opp med ei eksakt forklaring, det er berre noko som skjer. Eyes To The Wind, sentralt plassert på det tredje albumet til The War On Drugs, er ein slik song. Det er ingen innovativ eller ekstraordinær song. Like fullt er den ….. vel, ekstraordinær. På sitt ukompliserte vis. Frå den melder sitt kome i form av ein kort dialog mellom ein akustisk gitar og ein steelgitar til den andar ut (seks minutt seinare) med ein varm saksofontone har songen ei saliggjerande effekt.

Eg trur det går an å seie at Eyes To The Wind har noko storslagent med seg, men at den samstundes er motpolen til pompøs. Det er mange instrument i arbeid undervegs. Men du verden så naturlig og lett dei arbeidar saman. Sym inn, driv ut, gjer gode ting i hop. Skapar eit luftig lag. I velkjente sfærar. Den amerikanske vestkysten tenkte eg dei første gongene. Jackson Browne og Don Henley tenkte eg. Eller kva med mannen som samla seg så storveges rundt slike tonar førre året, Jonathan Wilson? Tenkte eg. Etter fire-fem gonger i selskap med songen slutta eg å tenke slik. Etter det har eg berre tenkt at dette, det er The War On Drugs. Dette er frontfigur Adam Granduciel som syng om å komme seglande «down here on the wind», men som berre ei lita linje seinare ser seg sjølv som eit «train in reverse down a dark road». Det bles ein melankolsk bris tvers gjennom songen. Hovudpersonen kjenner seg «a bit run down here at the moment», men det er ikkje slik fatt med han at han på noko vis har gitt opp. Han set sin lit til vinden. Ja eg meiner beint fram å høyre ein jubel i røysta til songaren idet han bringer låta inn i sin avsluttande instrumentale fase, med desse orda: «Yeah, I’m all alone here, living in darkness, all right».

Det hender ein gong iblant at det dukkar opp plater eg kjenner meg sterkt knytt til. Det kan vere ulike årsaker til det. Det kan stundom til og med vere vanskelig å forstå, eller å forsvare for den saks skuld, men det skjer. Det tredje albumet til The War On Drugs er ei slik plate. Ei eksepsjonelt original plate er det ikkje. Men ….vel, eksepsjonell er den. På sin måte. Frå den melder sin kome med forstyrra hypertikkande perkussivitet til den glir bort i ein mild synthbris 60 minutt seinare har den vist seg som ein romslig draum, elegisk og håpefull, og djupt inspirert.

Det minst originale ein kan gjere når ein skal omtale The War On Drugs er sannsynlegvis å komme drassande med Bruce Springsteen. Eg avgjer her og no at eg ikkje går inn for å være original og kjem derfor drassande med Bruce Springsteen. Eg høyrer visse avtrykk av den mannen på plata, og eg høyrer veldig vel at Burning dansar rundt der Dancing In the Dark vart til. Ein song som avgjort ikkje høyrer med til Springsteen sine beste. «You’re not the demon in the dark» syng Granduciel og får sin song til å danse med meir oppriktig spenst og luftig eleganse enn kva Springsteen fekk til.

Det er ikkje særlig meir originalt å komme drassande med Bob Dylan. Granduciel brekar ikkje like fabelaktig som den gamle trubaduren (absolutt ikkje) men det er likevel noko med fraseringa hans, på meir enn eit par av songane; den har ein dylansk snert i seg. Idet opningssporet breiar seg ut og opningslinja – «Well the comedown here was easy» – blir levert, så er den der, snerten. I ein song som handlar om eit forhold i ferd med å rakne. Om ein fyr som er i ferd med å miste grepet, «just trying not to crack under the pressure».

Tida etter at Adam Granduciel hadde turnert sitt førre album Slave Ambient skulle vise seg å bli problematisk. Han og dama slo opp, han dreiv inn på eit spor der han byrja mista grepet om tilværet, psyken vakla. I denne tilstanden, heime på kammerset, byrja han så innspelinga av det som til slutt skulle bli Lost In The Dream. Han har ikkje gjort heile plata åleine. Han har hatt eit band rundt seg, men mykje har han gjort sjølv. Han står oppført med ansvaret for seks-sju instrument på kvart spor. Ein multiinstrumentalist altså. Og eg kan sjå han føre meg, der heime på kammerset og i platestudioet, på kvilelaus jakt etter den perfekte soniske drakta for song, etter song, etter song. Med ein aldri forsvinnande uro for at det sikkert finst betre løysingar. Så derfor; -flikkar vi litt her, stryk litt der, opnar opp litt her, puttar på nokre tonar der. Eller kanskje ikkje? 16 månadar tok det Granduciel å gjere plata ferdig. Det har som de skjønar ikkje blitt eit overprodusert og perfeksjonert galmannsverk. Det har blitt ei plate med ein heilt naturlig flyt i seg.

I desse låt-tider utfordrar nok ei plate på 60 minutt tålmodet til folk. Og kva med låtar som varer i 6, 7, 8, og 9 minutt? The War On Drugs ignorerer ganske så elegant problemstillinga, og driv inn i musikken, tar seg tid der, dveler, og kolorerer både ein, to og tre gonger til. Tonane blir tilført eit meditativt aspekt. Glir inn i soniske landskap som er i slekt med grubleri og dagdrøyming.

Låt etter låt med vennlegsinna synthlinjer straumande gjennom seg, det er Lost In The Dream det. Låtar som blir oppvakt gitarbehandla, lindrande pianotøtsja, eller kanskje får ein blåleg saksofonvisitt. Der det rytmiske spenner frå det bedagelige til det meir oppdrivne. Låt etter låt som behandlar sinnstemningar der mørket og mismotet rår, men der ein stigande aksept av tingas tilstand, og ei evne til å handtere forholda, også blir formidla. Låt etter låt som har ting til felles, som er tru mot platas filmatisk drøymande vesen, men som like fullt presenterer seg med personlegdom og eigenart.

Den kjapt flytande Red Eyes, med sitt subtile «whoo!», treffsikre ekspansjon, og knurrande saksofontonar. Den sakte svivande Suffering, med sin «I can be bigger then the tones» påstand, og sine grasiøse overgangar frå piano, til gitar, til saksofon. Tittelkuttet, som er ein enkel og vakker song om draum og minner, vonde minner og gode minner, og ei påminning om at «love’s the key to the things that we see». Medan avslutningssporet, In Reverse, har ein ambient og varleg gnislande vind i seg, eit tiltakande vesen, og ei smått dylansk opningslinje som set agendaen; «meet me out in the street, talk about the war with me».

Big music, stor musikk, klassisk rock, i ein skapnad som når alt kjem til alt og strekar og slikt skal settast under svaret er og blir The War On Drugs, og lite anna.

9/10

Kaja Gunnufsen – Faen Kaja

Standard

Snedden visesynthpop om tilværet sine mindre medgjerlige sider.                                                    6

Slik eg oppfattar det er det ikkje noko ekstraordinært med livet til Kaja. Det songaren formidlar om henne kan mange kjenne seg grundig godt att i. Det som blir formidla er ikkje glansbildeversjonen av korleis det er å vere ei kvinne i tjueårsalderen. Noko songaren syng ganske så direkte ut om. Så direkte og tydelig at eg aldri blir sittande å fundere over kva ho eigentlig meiner. Å snakke i gåter og gå omvegar er ikkje Kaja Gunnufsen si greie.

«Du er ikke snill du bare later som, det samme gjorde jeg da jeg sa jeg kom, Du er av typen alle mødrer anbefaler, men du er kjipere enn lunken Clausthaler». Kaja er Desp. Ho slit med ein type. Ho er høgaktivert ambivalent. Ho ser tvers igjennom han, men ber samstundes om at han må velje henne. Songaren formidlar det med linjer det er sarkastisk kraft i. «Jeg ser på Instagram at du er på trening, det er slik informasjon som gir livet mening».

Plata handlar i stor grad om det der flokete kjærleikslivet. Om å få seg kjærast, og å halde på han, for å kjenne at livet er godt. For ikkje å seie «for godt til å være sant». Vegen dit er humpete, og slett ikkje trafikksikker. Mange av humpane, og mykje av det usikre, blir klistra på Kaja sjølv. «Jeg er ikke pen men det er det indre som teller, hva gjør man når man ikke har det heller?» får ho seg til å spørje ved eit tilfelle. «Jeg er en lubben brunette, det får meg til å grine» opplyser ho om ein annan stad.

Stemma til songaren har eit ungpikepreg. Det er sterkt medverkande til å få meg til å tenke at det er noko naivistisk over det heile. Og det er det. Kaja Gunnufsen er inne på ein arena som deLillos var arkitektar bak for snart tretti år sidan. Men akkurat som tilfelle var med deLillos så er det også ein liten djevel i denne dama. Og då tenker eg ikkje først og fremst på at platetittelen er eit bannord, og at ho sper på med fleire ord av same slaget i songane sine. Eg tenker det fordi ho fortel om ei kvinne som til trass for at ho gjer inntrykk av å ha eit noko einfaldig interesserepertoar evnar å bite ifrå seg. Mellom utallige rim og til dels utsletne ordbilde opplever eg Kaja som eigenrådig, og at det er ei bra djupn i henne. Eg opplever det i måten ho turnerer idyll og sjalusi på i Nattønsket («jeg banner så ingen her skal se at jeg har grått»). Eg opplever det i måten ho handsamar einsemd på i Uke 53/LOL («jeg er jenta som ingen vil ha, men med 700 facebookvenner går det vel bra»). Ja eg opplever det i grunn i dei fleste songane.

Songar som er kledd i ei varm og mjuk synthpopdrakt. Melodisk veldreidde, men på ingen måte sensasjonelt originale. Kaja Gunnufsen kommenterer det for så vidt ganske så eksplisitt sjølv i slutten av den rimfiffige låta Jævlig Lei: «Jeg vet godt at sangene mine er like, jeg kunne ønske de var mere unike». Samstundes som eg nikkar samd til den uttalen kjenner eg også på ein tilfredsheit for at songane er akkurat slik dei er. For det er jo desse songane som er årsaka til at møtet med Kaja er eit givande møte.

Doug Tuttle – Doug Tuttle

Standard

Ein dose psykedeliske popdrops det smakar evig sekstital og tapt kjærleik av.                                    7

Doug Tuttle  Det ligg ein dis over songane til Doug Tuttle. Popsongar som vev seg inn i The Byrds sin Eight Miles High, The Beatles sin Tomorrow Never Knows, og saker og ting som fylgde i fotspora. Så mange år etter den tida kjennest det framleis heilt relevant når nokon, i sitt musikalske virke, tyr til psykedeliske vendingar av dette slaget. I alle fall når det blir gjort med slik openbar inspirasjon i tonelaget som i tilfellet Doug Tuttle.

Alle og einkvar har nok ikkje høyrt om Doug Tuttle. Hans liv og virke på dei musikalske skråbreidder er ikkje av veldig omfattande karakter. Etter det eg veit handlar det fram til no stort sett berre om eitt band, med det mystiske namnet MMOSS. Dette bandet stifta han for nokre år tilbake saman med kjærasten sin Rachel Neveu. Gjennom to plater har dei presentert ein frilyndt psykedelia der det popbaserte har delt plass med lengre jam-saker og groovy krautrock. For eit drygt år sidan var det over. Både bandet og kjærleikshistoria. Så no er Doug Tuttle for første gong ute heilt på eiga hand.

Det er ein melankoli i songane på plata hans. Slik det jo ofte blir når ein mann og låtskrivar sit att og funderer over kvifor denne kvinna ikkje lenger ville kalle han for sin kjære. Kor trist det eigentlig er klarar eg ikkje å få full innsikt i. Det er nemlig ikkje så heilt enkelt å få fatt i det Tuttle syng. Til det har han produsert røysta si for djupt inn i det disige. Det er noko med dette å blottlegge seg fullstendig. Han har reservert seg mot det. Men eg har lest det i eit par intervju med mannen, at det er slik det er, at songane dveler med dette brotet.

Melankolien fanga eg forresten opp frå første stund. Før eg leste intervjua. Før eg byrja å konsentrere meg intenst om vokalen. For melankolien er der i sjølve tonane den. Dei lengtande og vemodsprega tonane. Tonar med ein varm vestkystbris svevande tvers igjennom seg. Framstilt av ein fyr som held til på austkysten (i Boston-området).

På ein låt nær held Tuttle seg borte frå det jam-baserte. Plata er fullt opp av tre-minuttars popsongar med eit klart fengande vesen. Utan at nett det kanskje blir oppfatta fullt og heilt i første møte. Dei er då trass alt dyppa i psykedelisk skurring og soniske innvendingar. Av litt ulikt slag. Frå den driftige og lett synthforstyrra With Us Soon, via alvorlig skurrande Where You Plant Your Love .. Is Where It Grows, den orgelsvellande og bassgroovy Leave Your Body, til dei sterkt Byrds-slekta I Won’t Do og I Will Leave. I sistnemnte har Tuttle forresten lagt stemma si så langt framme i lydbildet at eg nesten fangar opp alle orda han syng. Det handlar om å ikkje heilt klare å ta innover seg at forholdet er over, om å ville dra det ut, om å be om eit håp, og så «when it’s time to leave, I will leave».

Ein låt her er som nemnt noko annleis. Den er dobbel så lang. Den heiter Turn This Love. Flyt av garde på orgeltonar og eit gjentakande bass-tema. «Please don’t turn this love to grey» meiner eg å høyre songaren be om fleire gonger. Før han går inn i siste halvdel, då er han gitarist. Då dansar han fram ein gitarsolo det står skrive inspirert på tvers over det heile.

Nye songar, dei same som dei gamle, for så vidt. Og det er meir enn heilt greitt.

Turn This Love: