Tag Archives: Fleet Foxes

Den beste musikken i 2017, slik det er blitt oppfatta inne i Popkroken

Standard

Bilderesultat for pumarosaBilderesultat for the national 2017Bilderesultat for mount eerie 2017Bilderesultat for father john misty 2017Bilderesultat for kendrick lamar 2017Bilderesultat for lcd soundsystem 2017

Då var vi atter komne til dei dagar då folk med spesielle interesser finn det opportunt å lage årslister. Slike lister som oppsumerar og skal felle ein dom over kva nett denne viktigperen synst om til dømes musikken som kom ut i året som gjekk. Eit døme som nett her sjølvsagt ikkje er dratt ut av lause lufta. For dette er Popkroken veit du. Og her handlar det hovudsakeleg musikk, også om musikk som såg dagens lys nett dette året. Året 2017 etter ein viss fødsel.

Eg skal ikkje skryte på meg at lista kunne ha vore uendeleg mykje lenger. For uendeleg med årsfersk musikk har eg ikkje høyrt dette året. Og uendeleg med god musikk har det vel heller ikkje komme? Eg skal heller ikkje skryte av at den fangar opp ei tidsånd på noko slags vis. Eller at den fortel vesentlege ting om kva som har skjedd på populærmusikkfronten dette året. Dette er resultatet av eit høgst subjektivt einmannsprosjekt med sånn cirka middels kontakt med røyndomen. Vel nok om det, slik ser lista ut i år (i fiks omvendt rekkefølge):

Bilderesultat for posse horse blanket
30. Posse – Horse Blanket 
Ein Seattletrio som etter seiande gjer seg akkurat i det eg har oppdaga dei. Saktegåande og halvsungne låtar i eit suggererande draumelandskap. Gitaren skimrar, og av og til skingrar. Aller best er bandet på dei fleste måtar i det tolv minuttar lange tittelkuttet.


29.The Weather Station – The Weather Station
Canadiske Tamara Lindeman har denne gongen tilført folksongane sine meir energi og lagt dei i eit større sonisk bilde. Noko det viser seg at dei ikkje har vondt av. Tekstleg har dei eit feministisk tilsnitt, og blir framført med ein snerr som har vakna til liv i kryssingspunktet mellom Joni Mitchell og Chrissie Hynde.

Bilderesultat for war on drugs understanding
28. The War On Drugs – A Deeper Understanding
Sonisk fylgjer A Deeper Understanding i spora til Lost In The Dream. Med den forskjellen at alt er større her, alt er det meir av, alt er likare, og alt er endå meir perfeksjonert. Albumet treff meg ikkje like sterkt som Lost In the Dream. Men rundt det elleve minuttar lange hypnotiske senteret Thinking of a Place finst det då ei bra handfull godlåtar.

Bilderesultat for colter wall album
27.Colter Wall- Colter Wall
Røysta. Den er malmfull, baryton djup og rusten, og rik på karakter. Colter Wall skuslar den ikkje bort på pjuskete saker. Han syng songar i eit folk og countrylandskap, i ein tradisjon han ikkje legg skjul på, der i alle fall Townes Van Zandt har vore før han.

Bilderesultat for slowdive album
26.Slowdive – Slowdive
22 år etter sitt tredje album er dei gamle shoegaze-legendene tilbake i manesjen att. Og det med eit album som absolutt ikkje rotar seg bort i dorske taktar. For det er liv i det drøymande vesenet, ein uro i det dvelande draget, og her er ein popmelodisk snert som ikkje er til å kimse av.

Bilderesultat for new pornographers whiteout
25.The New Pornographers – Whiteout Conditions
Tempo, tempo, tempo, det er New Pornographers det. Og aldri har vel bandet køyrt tempo så non-stop som på denne deira sjuande langspelplate. Fengande popmusikk med ei bra ryggsøyle – Eller som sjefslåtskrivaren Colin Newman sjølv kallar det: Bubblegum krautrock.

Bilderesultat for morby city music
24. Kevin Morby – City Music
New York City. Lou Reed. Television. Ramones. Jim Carroll. Det er der Kevin Morby er på denne plata. På sin måte. Og måten: Det sitt ein melankolikar djupt fast i songane til Kevin Morby. Ein sympatisk og melodiskpoetisk ein.

91wusdgpqgl-_sl1500_
23.Nicole Atkins – Goodnight Rhonda Lee
Det er noko med røysta til Nicole Atkins. Ikkje det at den er sensasjonelt annleis. Men den har ein tæl og ein heilt naturleg malmfull rikdom. Den er skapt for å synge soul. Soul med grums i kantane. Soul som kokar og soul som smyg, og soul med litt country i seg.

Bilderesultat for robyn hitchcock album
22. Robyn Hitchcock – Robyn Hitchcock
Eit par elektriske gitarar, bass og tromme, ein distinkt vokalist og frodig harmonisong, det er den overordna resepten her. Resultatet sprenger ingen rammer, men er drivande festleg. Eller kanskje ikkje, kanskje ikkje festleg er rette ordet. «An ecstatic work of negativity» kallar Hitchcock det sjølv. Hmm … er ikkje det litt festleg då?

Bilderesultat for xx i see you
21. The xx – I See You
Eg likte veldig godt den minimalistiske debuten til The xx, og nesten like godt oppfølgjaren. Eg likar I See You også. Sjølv om eg nå opplever trioen som litt mindre The xx  der inne på sitt eige vesle spesielle kammer, og litt meir som eit popband i eit rom med fleire liknande aktørar. Gode låtar er til hjelp i så måte, noko I See You er ganske så rundhanda med.

Bilderesultat for torgeir waldemar borders
20. Torgeir Waldemar – No Offending Borders
Det er definitivt meir lyd å fordøye på Torgeir Waldemar sitt andre album, kontra debutalbumet hans. Lyd á la Crazy Horse, og tidvis groove som kan kallast offensivt, men absolutt i spedd nokre meir dempa viser også. Tematisk vandrar songaren i både globale utfordringar og tett på private grubleri. Han gjer det ganske så fredlaust og inderleg.

Bilderesultat for sun kil moon common as light and love are red valleys of blood
19. Sun Kil Moon – Common As Light and Love are Red Valleys of Blood
Det der å fatta seg i kortheit ligg ikkje for Mark Kozelek. Dette albumet er i så måte kanskje hans drøyaste. Det er dobbelt, har ei samla speletid på over to timar, der Kozelek syng og pratesyng i vanleg lune, gjennom låtar som varer og varer. Malt i eit synthbilde vel så mykje som akustiskgitarbilde, for ikkje å seie bass/tromme-bilde, med Kozelek og Steve Shelley som sentrale aktørar. Og ja, det funkar.

Bilderesultat for simon joyner step into the earthquake
18. Simon Joyner – Step Into the Earthquake
Tretten songar om draumar og realitetar og eit Amerika som har det litt vondt. Det er melodisk, det er på kanten av melodisk. Det er musikk som opererer innafor kjente normer (Dylan, Reed, Stones, Young, Cohen, …). Samstundes som den held seg ute i ein mindre provins av hevdvunnen rock og visesong. Det er eit klart skrangleelement her, ein viss råskap, ein flørt med kanten av det soniske stupet. Akkurat slik vi som med åra har lært oss å sette vår lit til Simon Joyner likar at han gjer det.

Alt Som Har Hendt (VINYL)
17. Erlend Ropstad – Alt som har hendt
Alt som har hendt, det er ein fin tittel det. For det er jo det dei handlar om, songane til Erlend Ropstad. Ikkje fordi han fortel om alt som har hendt, det gjer han jo ikkje. Men han fortel nok. Og det er nok det. Til å forstå at alt det som har hendt, alt som er gjort, og ikkje gjort, har vore vegen fram til akkurat dette augeblikket. Til desse songane. Som er like sterke som songar han har laga før. Sterke og store og blå og sympatiske og poetiske og melodiske, og gode å tilbringe tid i hop med.

Bilderesultat for laura marling semper femina
16. Laura Marling – Semper Femina
Dei to orda Semper Femina har Laura Marling hatt tatovert på eine hofta si i fleire år. Uttrykket er henta frå det romerske nasjonaleposet Æneiden. I norsk omsetjing tyder utrykket noko slikt som «alltid kvinne». Eg høyrer Laura Marling søke inn i det kvinnelege, det mellomkvinnelege i songane på denne plata. Songar om vennskap, kjærleik og med ein viss seksuelt farga undertone. I eit nøysamt og tiltrekkande sonisk bilde.

Bilderesultat for the sadies northern passages
15. The Sadies – Northern Passages
Sjølv om The Sadies har gått gjennom ei klar utvikling sidan debuten for om lag tjue år sidan, er det noko konstant over det dei har gjort desse åra. Noko kjært gjenkjenneleg. Drivande rundt i ein god miks av countryrock, folkrock, psychpop og garasjerock klarer dei gong etter gong å halde fast i energien og den medrivande tonen. Slik blir Northern Passages nok eit sympatisk album i rekka; heilt utan flosklar og kjipe kompromiss.

Bilderesultat for priests nothing feels natural
14.Priests – Nothing Feels Natural
Washington DC-kvartetten Priests er på inga måte av det geistlege slaget. «To people in sanctuaries all I can say is you will not be saved» blir det meldt til kvasse tonar. Punk, for så vidt. Samstundes er det slik at Nothing Feels Natural er ei plate der nyansar og det underfundige blir dyrka i større grad enn det det gjennomsnittlege punkbandet der ute driv det til. I ein slik grad at Priests kanskje ikkje skal kategoriserast som punk… vel, det viktige her er uansett energien, og låtkvaliteten, og fridomen dei gjer seg sjølv.

Bilderesultat for protomartyr relatives in descent cover
13.Protomartyr – Relatives In Descent
Dei har kantar tonane til Protomartyr. Taggete og ugode høgg dei seg fram til meg. Musikkhistorisk kan dei kanskje plasserast i området rundt ein ung Nick Cave og nokre av dei samtidige av han der godt tilbake på åttitalet, som The Fall, som ei god handfull andre engelske postpunkband. Pluss litt garasjerock à la Detroit då. Nokre nyttige meter unna konvensjonell etterplapring. Ganske så nær sentrum av slikt eg vil kalle dugande eigenart. På dette, sitt fjerde album, er dei nokre hakk meir tilgjengelege enn tidlegare. Utan at eg vil kalle dei lett tilgjengelege, absolutt ikkje.

Bilderesultat for hurray for the riff raff navigator
12. Hurray For the Riff Raff – The Navigator
Sytten år gammal reiste Alynda Segarra heime ifrå. Frå storbyen, frå staden ho vaks opp, Bronx. Etter eit par år med togsniking og haiking på kryss og tvers av Amerika enda ho opp i New Orleans, der ho skulle bli buande nokre år. Nå har rastløysa ført henne heimatt. Både i fysisk og musikalsk forstand. For hennar sjette album, The Navigator, er ikkje berre tufta på tradisjonsmusikken ho før har omfamna, denne gongen kan ein også høyre storbyen der, Bruce Springsteen og Patti Smith, og ikkje minst den latinamerikanske musikken, det puertorikanske. Med kampsongen Pa’lante, ein psykologisk tilstandsrapport, eit poetisk meisterstykke, som sentralt høgdepunkt.

Bilderesultat for fleet foxes crack up
11.Fleet Foxes – Crack-Up
Dei første par gongene eg høyrde gjennom albumet gjorde eg meg tankar om at dette er ein dekonstruksjon av Fleet Foxes slik vi kjenner dei. Etter kvart endra desse tankane seg. Dreidde seg litt rundt sin eigen akse og blei til tankar om at Crack-Up er konstruksjonen av eit Fleet Foxes som gjenoppfinne seg sjølv. Dei harmonivakre vokallinjene vi kjenner så godt flyt rundt i ein kontekst av nyttig motstand. Av ting som skurrar, disharmoni og brot på den lineære forma. I eit luftig og frodig bilde. Kanskje kan det kallast noko slikt som varm folk-prog?

Bilderesultat for ron gallo heavy meta
10.Ron Gallo – Heavy Meta
Dette er total rock’n roll. Ingen tvil. Eg høyrer det frå første nummer. «Young lady, you’re scaring me» ytrar, snerrar, klunkar songaren. I henda har han ein gitar. Han nyttar den ikkje til å gå vidare respektabel til verks. Noko det for så vidt heller ikkje skulle vere grunn til å gjere. Han skildrar ein ustabil situasjon.
Det skal så vise seg medan albumet brenn av garde at det finst meir av om lag same kaliber der. Meir bitande songformidling, meir umoralsk gitarlyd, meir rock’n roll. Frå ein kar som nyleg har flytta frå Philadelphia til Nashville for å komme tettare på garasjerock-scena i countryhovudstaden.

Bilderesultat for margo price all american made
9. Margo Price – All American Made
Med All American Made byr Margo Price på eit endå betre album enn fjorårets debutalbum. Som på debuten kan ein dra linjer til Loretta Lynn og Dolly Parton, men ho touchar denne gongen soulmusikken også, og kjem opp med eit meir variert album.
Der debutalbumet hadde eit visst preg av det sjølvbiografiske rettar Margo Price denne gongen blikket utover Amerika. Og det ho ser er ho glad i, men det er også noko der, ein god del der, ho ikkje synst noko om. Ho vik ikkje unna, ho trør ut i det, og ho trør ikkje utprega varsamt. Men ho trør og lagar spor på eit vis som gjer ho til ein av dei aller beste countryartistane vi har om dagen.

Bilderesultat for peter perrett how the west was won
8. Peter Perrett – How the West Was Won
«Rock’n roll is back in me» syng Peter Perrett. Og eg ser ingen grunn til å tvile på det, for eg kan høyre det. Men litt utruleg er det nå likevel. Mannen er blitt 65 år, byta for mange år sidan musikk-karrieren sin bort mot ein dop-karriere, og så plutseleg er han her, uforskamma levande.
For How The West Was Won er ein overraskande god idé. Albumet tar på eit vis av der The Only Ones slapp (å skape power-lada pop i eit kryssingspunkt mellom Velvet Underground og Bob Dylan). Ok, så har Perrett med seg andre folk, og vel, så har ein sviktande lungekapasitet tvinga han til å synge litt meir avmålt, men han er på ingen måte ein ufokusert tilårskomen junkie. Neidå, her er det fokus, her er det gnist, han syng og snakkesyng med autoriteten til ein sindig faen, og serverer ei handfull låtar som fortener ein plass i The Only Ones-kanonen.

Bilderesultat for ema exile in the outer ring
7. EMA – Exile In the Outer Ring
«I wanna destroy, I wanna destroy, I wanna destroy, …» syng Erika M. Anderson. «I know the rage that’s in me, but I’m just what yoy made me» syng Erika M. Anderson. Ja det ulmar eit sinne utav mange av songane på Exile In the Outer Ring. Ikkje songaren sitt sinne. Ho er midlertidig rolleinnhavar eller formidlar. Folka som kjem til syne i songane hennar er av dei som i november 2016 var med å stemme Donald Trump inn i presidentstolen. Dei blir verken hudfletta eller tatt fint på. Ho stiller dei i eit rått lys men med ein straum av empati sivande rundt dei. Ho gjer det med songar som både omfamnar det melodiske og det støyande. Som byr på både luft og bra med skurr. Som er motsatsen av likegyldige.

Bilderesultat for lcd soundsystem american dream
6. LCD Soundsystem – American Dream
American Dream er eit comeback. American Dream er ikkje eit knuslete comeback. Men American Dream er ikkje eit gaul frå feterte stjerner som burde visst betre. American Dream er verken for mykje eller for lite. American Dream kretsar inn mot LCD Soundsystem sitt indre groovy, ekspanderande og postpunk-melodiske vesen og leverer med skinande relevans. American Dream er LCD Soundsystem sitt fjerde album og det tøtsjar storleiken til dei tre føregåande.
For jaggu har American Dream sitt å by på også. Her finn eg jo Tonite. Ein song der Murphy syng i Byrne-leia og det soniske tar ei medrivande funky ferd tufta på yppig monotoni og ein karakteristisk suggererande ekspansjon. Her er Call The Police, som bygger og løftar seg inn i det LCD-hypnotiske medan songaren teiknar eit heller dystert bilde av samtida. Og her er meir, og meir, ja meir enn nok til at det kan rettferdiggjerast at James Murphy har vekka lydsystemet sitt til liv att.

Bilderesultat for kendrick lamar damn
5. Kendrick Lamar – DAMN.
Om det er eit tema, ein gjennomgangsmelodi, på Kendrick Lamar sitt femte album så kan det vere Gud vs. mennesket, eller kanskje heller mennesket vs. Gud (sidan dette nå ein gong går føre seg på mennesket sin heimebane). Opplegget, eller skal eg kanskje seie kampen, går over fjorten rundar, og sluttar med eit pistolskot, ganske så uavklart. Undervegs har det dreidd seg om både åtak og omfamningar, og mennesket har vel strengt tatt påført seg sjølv fleire kilevinkar enn det Gud er blitt tildelt. I sonisk format vandrar opplegget frå det kvasse og aggressive og over mot meir dovne leier. Jazz-elementa som var veldig dominerande på suksessplata To Pimp A Butterfly er så godt som fråverande. Her er beats og loops og klipp og r&b og funky basslinjer i ein kanskje meir klassisk hiphop-tradisjon. Strammare og meir minimalistisk kan ein vel også seie. Og sjølvsagt umåteleg bra.

Bilderesultat for father john misty pure comedy
4. Father John Misty – Pure Comedy
Pure Comedy er krevjande saker. 75 minuttar om korleis menneskeslekta har tedd seg, og ter seg. Med særleg vekt på det som skjer no, i dei seinare åra av Josh Tillman si levetid. Det angar (for ikkje å seie stinkar) alvorlege ambisjonar over noko slikt. For korleis feste noko det helst blir skrive omfangsrike sosiologiske og filosofiske avhandlingar og bøker om fast i eit musikalsk uttrykk, og så komme frå det utan å stå att som eit fjols? Eg ser ikkje bort ifrå at det er nett det fleire vil hevde at skjer på Pure Comedy. At Misty står att som eit fjols. Vel, eg er i så fall ikkje blant desse som synst det. For i dette pratsame, tidvis sarkastiske og ikkje spesielt optimistiske verket høyrer eg eit fullblods menneske skape songar som veks seg sterke, og gjer inntrykk. Som tittelkuttet. Kanskje spesielt tittelkuttet. Ein buktande popsong i skjeringspunktet mellom Frank Sinatra og Elton John og vestkystrock, men som kanskje ikkje er i det skjeringspunktet i det heile tatt fordi den har ein Misty-faktor som er umiskjenneleg Misty. Eleganse, nonsjalanse, uro, misantropi.
Misty stiller seg kanskje, albumet tvers igjennom, lageleg til for hogg, men han glir då unna det meste, med eit underfundig smillaust smil om munnen.

Bilderesultat for mount eerie a crow looked at me
3. Mount Eerie – A Crow Looked At Me
Han kunne ha kalla plata for Death is Real. Han gjorde det ikkje. Phil Elverum vil fortelje om meir enn døden. Han vil fortelje om kjærleiken også. Og livet, både før og etter at døden blei ein betydeleg del av det.
Mount Eerie er eit einmannsprosjekt Phil Elverum har hatt ein del år nå. Så har det vore med Mount Eerie som med einmannsprosjekt flest, gode hjelparar har blitt invitert med. Ei som stundom har vore innom og hjelpt til var Geneviève Castrée. Ho lever ikkje lenger.
Geneviève Castrée døydde 9. juli 2016. Etter å ha kjempa eit drygt år med ein alvorleg kreftsjukdom herjande i kroppen. Hennar næraste den tida var ei lita jente og mann hennar, Phil Elverum.

Death is real.
Someone’s there and then they’re not
and it’s not for singing about.
It’s not for making into art.
When real death enters the house
all poetry is dumb. 

Opningssongen. Real Death heiter den. Den varer i knapt to og eit halvt minutt, men er på ingen måte fort over. Den sette spor etter seg. På sitt spartanske og lågmælte vis. Med sine reserverte gitar-render, sorgsame tangenttonar, sitt subtile og langsame beat, og denne songaren som ikkje tar i, som syng, som snakkesyng, og som er der, i songen.
Etterpå kjem det fleire songar. Moduset frå opningssongen lever vidare i desse. Tematisk, sonisk. Låt etter låt går over i kvarandre. Liknar kvarandre. Søker inn i det same. Er i det same. Dette lågmælte uttrykket. Dette tomrommet. I eit nettmagasin (eg huskar ikkje kva for eit) såg eg innhaldet på albumet bli klassifisert som «så vidt musikk». Eg tenker at den som har skrive det på eit vis er inne på noko, samstundes som eg tenker, og kjenner på meg, at albumet er ei av dei sterkaste musikkopplevingane eg har hatt dei siste åra.


2. The National – Sleep Well Beast
I sonisk skapnad er Sleep Well Beast eit steg ut til venstre i forhold til løypa The National har fylgt sidan gjennombrotsalbumet Boxer. Ei fruktbar hending på vegen mot denne plata var skisser og tonar Dessner-brørne tok med seg frå eit musikkevenement dei deltok på i Berlin i fjor. Der dei spesielt lot seg inspirere av electronica-duoen Mouse On Mars. Det er ikkje det at The National ikkje har krydra stoffet sitt med elektroniske lydar før, men det har ei lausare, friare og meir eksperimentell form denne gongen. Og det er meir av det. Og det er absolutt ikkje øydeleggande.
Samstundes er dette, denne plata, desse songane, gjenkjennelege National-songar. Kanskje den sterkaste samlinga av slike sidan Boxer.
The System Only Dreams in Total Darkness var den første songen The National gjorde kjent frå albumet. Med sitt rastlause driv, sine korte gitarriff som konsist skjer inn i melodiløpet, og si både skarpe og luftige form hadde den, og har den, National-klassikar gravert inn i seg. Med ei absolutt økonomisert mengd av ord teiknar songaren Matt Berninger eit dirrande bilde av ei stor uro. Ei uro som kan komme frå fleire hald. Som ikkje blir tydeleg plassert. Ei dugande oppskrift på å halde lyttaren i ande det. Noko eg for så vidt kunne ha sagt om fleire låtar her, for ikkje å seie fleirtalet av låtane her. Så det.

Bilderesultat for pumarosa the witch
1. Pumarosa – The Witch
«You dance, you dance, you dance, you dance» lyde omkvedet. Formidla av Isabel Munoz-Newsome. Eller kanskje heller formana, eller ettertrykkeleg konstatert. Medan groovet det går, og går. Luftig, lettbeint og suggererande. Priestess heiter låta. «Electricity flows through your spine and it shows» syng dama, offensivt med ei underliggande beundring. Ho syng det til ei kvinne, ei som dansar med fridom i rørslene, ei søster. Og låta driv lenger og lenger inn i det hypnotiske. Inn i eit krautlandskap, inn til ein saksofon av smått krakilsk karakter. Den kunne gjerne strekt seg over fleire minuttar, forbi dei sju og eit halvt den brukar.
The Witch er Londonkvartetten Pumarosa sitt debutalbum. Det er ikkje eit album som kjem stille og forsagt inn gjennom døra. Her er absolutt visse pretensjonar å spore, og eit mot og ein vilje til å tre fram i lyset. Det går til dømes an å hevde at songaren Isabel Munoz-Newsome tyr til visse teatralske grep. Men eg opplever ikkje hennar framferd som oppstylta, eg opplever henne som eit sentralt kraftfelt i låtane. Enten ho minner meg om Patti Smith, Siouxsie Soux, eller helst beveger seg forbi der ho minner meg om anna enn seg sjølv. Rundt henne er det godt med rom og luft, og medspelarar som har instinktet i orden når det gjeld inspirert suggererande låtbygging. Industrial spiritual er bandet ubeskjedne nok til å kalle lyden dei skaper. Ein karakteristikk dei absolutt skal få komme unna med. Dei lyt nesten også få komme unna med at albumet har ei speletid på 55 minuttar. For dei lar ikkje eitt einaste eitt av desse minutta gå til spille.

Fleet Foxes – Crack-Up

Standard

Ambisjonane slår ut i fargerike tonar på Fleet Foxes sin tredje.

  Det er blitt meg fortalt at Fleet Foxes sin songar og låtskrivar Robin Pecknold hausten 2012 klipte håret, raka av seg skjegget, pakka ryggsekken og drog til Hawaii, og vidare derifrå til Nepal. Før han etter kvart enda opp som student på Columbia University i New York. Trommeslagaren i bandet har seinare uttalt at «we all started hated each other». Sjølv drog han til California og skapte ein ny karakter, og med  det ei heilt anna historie. Pecknold sin Fleet Foxes-høgrehand og barndomsvenn Skyler Skjelset byrja å gje ut plater med instrumentalmusikk, og avfann seg etter kvart med at dette bandet dei hadde hatt i hop nok aldri kom til å komme opp med eit album nummer tre.

Vel, Crack-Up er Fleet Foxes sitt tredje album. Seks år etter deira førre, Helplessness Blues, er det her. Og det har absolutt noko for seg at det er blitt til. I manesjen finn vi den same gjengen minus trommeslagaren (bandet har leigd inn eksterne krefter til å ta seg av den biten). Dei har skapt eit album som har avtrykk etter alle bandets medlemmer, men der nok Pecknold og Skjelset er hovudaktørane.

Albumets arbeidstittel var Ylajali. Etter den mystiske kvinna som hovudpersonen i Knut Hamsuns roman Sult får ein hang up på. Det hadde vore ein fin tittel det, men i staden gjekk Pecknold til ein annan forfattar. Til F. Scott Fitzgerald og eit essay han skreiv for sånn cirka åtti år sidan. Underteikna har ikkje lest essayet, men har snappa opp ei stundom sitert linje derifrå: «The test of a first-rate intelligence is the ability to hold two opposed ideas in the mind at the same time, and still retain the ability to function». Om dette å meistre kunsten å balansere to motstridande tankar altså. Og ja, eg høyrer motsetnadar bli presentert for kvarandre ved fleire høve på plata. Eg høyrer det både tekstleg og sonisk.

Dei første par gongene eg høyrde gjennom albumet gjorde eg meg tankar om at dette er ein dekonstruksjon av Fleet Foxes slik vi kjenner dei. Etter kvart endra desse tankane seg. Dreidde seg litt rundt sin eigen akse og blei til tankar om at Crack-Up er konstruksjonen av eit Fleet Foxes som gjenoppfinne seg sjølv. Dei harmonivakre vokallinjene vi kjenner så godt flyt rundt i ein kontekst av nyttig motstand. Av ting som skurrar, disharmoni og brot på den lineære forma. I eit luftig og frodig bilde. Kanskje kan det kallast noko slikt som varm folk-prog?

Albumet startar med at ein Pecknold som har funne fram til barytonen i røysta si langsamt forkynner at «I am all that I need … good to be without you». Men det varer ikkje veldig lenge, bandet kjem inn, og bandet dyttar einstøingen fram i lyset, og vi er i gang. Opningssporet er eit tredelt kapittel som både frir til øyregangane og plantar kaktus i fotspora sine. Og legg såleis lista for korleis dette skal gå. For korleis Crack-Up skal framstå.

«Light ended the night, but the song remained»

Eit sentralt nummer på albumet er Third of May /Õdaigahara. Third of May som både refererer til eit maleri av Goya og til utgjevingsdatoen for Helplessness Blues, men som først og fremst viser til fødselsdagen til Skyler Skjelset. For det eg høyrer i linjene Pecknold formidlar er forsoning og ein dokumentasjon av eit vennskap. «I can hear you, loud in the center, aren’t we made to be crowded together, like leaves?» syng han og spør han, så fullkomme innbydande. I lengd drar songen seg godt forbi åtte minuttars merket. Sonisk er den definitivt eit av albumets mest fluktuerande nummer. Der den svingar seg frå det høgstemte og ned til det stillferdige sukket. I det den forlate scena til trillande tonar frå eit par akustiske gitarar er det velbrukte ordet vakkert lett å ty til. Eit ord som sjølvsagt heller ikkje er malplassert om ein skulle dra fram meir konvensjonelle, men ikkje mindre vesentlege, songar på albumet, som Kept Woman eller Fool’s Errand eller If You Need To, Keep Time On Me.

Den engelske folktonen har alltid vore ein viktig bestanddel i det Fleet Foxes har hatt føre seg. Det kan høyrast i songar eg har nemnt, og det kan ikkje minst høyrast i den basstunge og sterkt strykardraperte låta Mearcstapa. Høveleg nok titulert slik etter eit ord Pecknold har funne i det engelske heltediktet Beowulf.

Og til slutt kjem tittelkuttet. Det gror og det veks langs ein krokete sti. Det er ein song sterk på håp, og ein kontrast til den gretne opningslinja på albumet. Heilt til slutt roar det meste av det soniske seg så ned, og Pecknold ser ting både klart og uklart for seg. Dei evige endringane, og den fonetisk vesle men innhaldsmessig store avstanden mellom light og lie. Og finn det endeleg på sin plass å trekke ein parallell til Ylajali. På eit album som er eit album meir enn dei fleste slike er det nå til dags.

8/10

TIDAL: FLEET FOXES – CRACK-UP

Father John Misty – I Love You, Honeybear

Standard

Uvanlige kjærleikssongar i eit faderlig sterkt folkpopmelodisk famntak.                    

Bilderesultat for father john misty i love you honeybear  Denne plata hadde ikkje skjedd utan at Josh Tillman hadde tatt ein tur til Laurel Canyon Country Store ein dag. Dagen etter ein fest, med gjenklangen av dårlig vin i både skalle og gane. Han skulle ikkje ha noko anna enn ein kopp kaffi og ei pakke sigarettar. På parkeringsplassen utanfor rann han inn i ei ung kvinne han hadde sett eit par gonger før. «I’ve seen you around, what’s your name» spør han, og flyttar ein sigarett frå pakke til munn. «Emma» svarar kvinna. Nokre år seinare er dei to gift. Nokre år seinare har Father John Misty laga ei plate der dette forholdet er sentralt, og gitt den det banale namnet I Love You, Honeybear.

All ’cause I went to store one day.

Dette er altså ikkje på nokon måte Blood On the Tracks, men det er ikkje den direkte motsatsen heller. Platetittelen kan nok få ein til å tenke at her kjem ei sentimental innsirkling av den store kjærleiken, full av flosklar og pinlege deklarasjonar. Og jo, erklæringar som gjer til kjenne djup kjærleik til ei heilt spesiell kvinne dukkar opp. Og ja, det kjem utsegn undervegs som har element av det pinlege i seg. Men først og fremst blir det heile vevd inn i eit nett av kontrastar, surrealisme og hardkokt realisme som gjer at det samla resultatet handlar om nyanserikdom og ordmanøvrering av høg klasse.

Oh Honeybear, Honeybear, Honeybear
Mascara, blood, ash and cum
On the Rorschach sheets where we make love

Plata si opningslinje kan vel seiast å ikkje vere heilt som opningslinjer flest. I tillegg har den i seg alle dei tre elementa eg nettopp nemnte. Først i form av kontrasten mellom den søte kosedyrmetaforen og realitetens ubønhøyrlege flekkar. Når Misty så i neste andedrag presenterer eit Rorschach-laken som ein del av bildet, får han på plass litt surrealisme også. Kor vidt det finst noko slikt som eit Rorschach-laken er eg ikkje kjent med, det kan det godt hende det gjer. Det som heilt sikkert finst er ein psykoanalytisk test som blir kalla Rorschach-testen. Der pasienten ved hjelp av å assosiere kring nokre blekkflekkar skal komme i kontakt med sitt umedvitne sjeleliv. Så kan ein jo her då, i samband med denne avgjort fantastiske songen, surrealisere over kva Misty meiner med å plassere elskhugens flekkar i nærkontakt med ein test av det dulgte sjelelivet.

Korleis ein skal forstå forholdet mellom Josh Tillman og Father John Misty høyrer også til i dei meir surrealistiske sfærar. Med andre ord er det ikkje heilt til å forstå. Men det har i alle fall fått fram stoff i denne Tillman som ikkje kom fram tidlegare. Som ikkje var der då han som J. Tillman gjorde plate etter plate (sju stykk) som tungsindig trubadur. Ikkje det at dette er plater som fortener å bli snakka ned. Songar forsynt med ein dugande injeksjon av Nick Drake og Townes Van Zandt skulle jo ha stoff i seg til å skape interesse. Og gjer det, men utan at J. Tillman som ein særeigen artist skin skikkelig igjennom, eller vart oppdaga av så veldig mange velvillig innstilte lyttarar. Så han livnærte seg som trommeslagar for Fleet Foxes i tillegg. Til slutt forsvann den siste gnist, og han drog sørover. Frå Seattle til Los Angeles. Eit utal rusopplevingar, og nokre syner, seinare vakna så hans musiske sjølv oppatt som Father John Misty. Fear Fun blei skapt. Ei plate full av faen, bisarr humor, dunkle drifter og ein vitalitet som ikkje kan sporast tilbake til noko fyren hadde føretatt seg tidlegare. No viser det seg at han hadde meir enn ei plate av slikt kaliber i seg.

Father John Misty performs at the Coachella Music and Arts Festival. Photo: Luis Sinco / McClatchy-Tribune News Service / Los Angeles Times

Jonathan Wilson er som sist den store medhjelpar. Tilliks med Misty har han eit sterkt forhold til Laurel Canyon, og saker som svirra rundt i lufta der for ein førti-femti år sidan. Fear Fun var sterkt farga av det. I Love You Honeybear er absolutt ikkje mindre farga av det. Slik har plata altså sine linjer tilbake til det som har vore (kva plate har no eigentlig ikkje det forresten?). I den samanhengen kan eg jo komme drassande med eit par vanlege skuldige: Gene Clark, Harry Nilsson. Men det er ikkje så viktig. For dette er ei plate som først og fremst, ja eine og aleine, kallar på interesse for det den er, for det den gjer, og på ingen måte for det den slektar på.

Sonisk sett er I Love You Honeybear ei meir kongruent plate enn Fear Fun. Vi møter denne gongen ein Misty som har samla seg. Som driv i ein retning. Ein folkpop-retning der strykarar har ei aktiv rolle, der varme og smidige vendingar blir gjort til ei hjertesak, og ustoppelig melodisk briljans er sjølve varemerket. Enten greiene blir mariachi-drapert (Chateau Lobby # 4), kjem som orgelkrydra countrysoul (When You’re Smiling and Astride Me), tar eit groovy tak (Ideal Husband), er ein pianoballade (Bored In the USA), eller eit synthbasert popnummer (True Affection). Så grøderike er tonane her at dette hadde ført til full omfamning om så den tekstlige biten hadde vore fantasilaus svada. Kva då når den ikkje er det? Kva då når den er den rake motsatsen til nettopp det? Då er ein vel der oppe i lendet blant dei fullkomne platene då, er ein ikkje?

Men Josh Tillman er ikkje fullkomen. Verken som mann eller kjærast. Og rundt seg ser han andre ufullkomne. Kledd opp som Misty syng han om det. Sirklar inn sanninga med ein diktars fulle fridom, og treff sannsynlegvis både den eine og den andre heime. Han har anlegg for det kyniske, han kan vere sarkastisk og snerre frå sidelinja, men han kan også blottstille kjensler og plassere seg sjølv ganske så avkledd i lyset.

No er det slik fatt med meg at eg ikkje har komme fram til ei fullstendig og endelig forståing av songtekstane på plata. Eg er vel også av den oppfatning at det kjem eg aldri til å gjere, og at det er best slik. Ta no Chateau Lobby # 4 (In C for Two Virgins) til dømes, ein song som ikkje berre talar med ei tunge, som skildrar både varleg kjærleik, uhemma begjær og ugudelig åtferd. Parentesdelen av tittelen kan kanskje vere eit nikk til Lennon/Ono si eksperimentelle plate Two Virgins (den med eit cover av dei to splitter nakne). Men meir sannsynleg referer det til at songen omtalar den første kjærleiksakta mellom Emma og Josh som deira aller første av det slaget – «I’ve never done this, baby be gentle». I neste omgang handlar det så om å gjere det røft på kjøkkenet med bryllaupskjolen, som nokon sannsynlegvis er blitt drepen i, løfta godt oppunder livet. Og det etter at songaren innleiingsvis har teikna fylgjande bilde av seansen: «Emma eats bread and butter like a queen would have ostrich and cobra wine, we’ll have Satanic Christmas Eve».

Eg er heller ikkje sikker på kva Strange Encounter handlar om, men eg trur det kan vere frigjering. Frigjering frå formålslaus fridom. Eller «so free and too easy, giving it away» som det så fengande blir uttalt i refrenget. Dette å vere i eit frigjeringsmodus anar eg for så vidt konturar av i fleire av songane. Frigjering frå sin eigen historie, frå ein angst for intimitet og frå ei skamkjensle. Det er mykje begjær som kjem til uttrykk i songane, både som ein del av djup kjærleik, men og som berre begjær. I tillegg blir det innimellom opponert litt mot religiøse førestillingar. I så måte opplever eg at plata har eit visst slektskap til Philip Roth sin klassiske roman Portnoys Besværlige Liv. Der Alexander Portnoy i skriftemålsform til sin terapeut på eit nådelaust sjølvransakande og til tider ustyrtelig morosamt vis fortel om sin strabasiøse kamp for å frigjere seg frå sin jødiske bakgrunn, og få kontroll over sine sexfiksjonar, sin uhorvelige appetitt på kvinner og sin intimitetsflukt. Ein fyr som Father John Misty nok kunne ha skildra som ein «aimless, fake drifter and the horny, man-child, Mamma’s boy to boot». Forresten nøyaktig dei same orda som blir brukt om Josh Tillman i songen When You’re Smiling and Astride Me.

        

Josh Tillman vaks opp i ein strengt kristen heim. Han fortel at det tidleg grodde fram ein skepsis i han. Han fortel om seansar med djevelutdriving, og legg lakonisk til «mine would never come out». Illustrasjonen på platecoveret viser ein unnselig og naken Father John Misty i armane til den trygge jomfrua, framfor ein stall, med all slags beist luskande rundt omkring. Eg har allereie nemnt hans ytring om ein satanisk julekveld. I frå det stadig like funklande fantastiske tittelkuttet klarar eg heller ikkje å la fylgjande stå usitert:

You’re bent over the altar and the neighbors are complaining
that the misantrophes next door are probably conceiving a Damien

I det sentrale nummeret Holy Shit ramsar Misty opp verdshistoria i utvalt stikkordsform, for så å undre seg over korleis det store perspektivet står i relasjon til det vesle private perspektivet. Med poetisk diksjon og i ein viss orden nemner han (mellom anna): «Original sin … dead religions … age-old gender roles … satirical news … free energy … loveless sex … happiness … incest dreams … planet cancer … online friends». Før han til slutt stiller spørsmål med sjølvaste kjærleiken. «Maybe love is just an economy based on resource scarcity» spør han seg. Men grip i neste andedrag inn, grip ganske så inderlig inn og konkluderar slik: «But what I fail to see is what that’s got to do with you and me».

Frå dagane før Josh trefte Emma har Misty tatt med to songar. Begge for så vidt minst like imponerande som titlane skulle tilseie. Nothing Good Ever Happens at the Goddamn Thirsty Crow er ein sak som frontar eit noko illusjonslaust syn på tilværet – «You may think like an animal, but if you try that cat-and-mouse shit you’ll get bitten, Keep moving». Medan The Night Josh Tillman Came To Our Apt. er ein heller sarkastisk orientert countryrock-rakkar. Frå den slår an tonen med linja «I just love the kind of woman who can walk over a man, and I mean like a goddamn marching band» til songaren kjem med spydige utsegn mot kvite kvinner som syng med ein «soulful affection». Han er ikkje vidare nådig i Bored In the USA heller, den songen på plata som sannsynlegvis handlar minst om Tillman, og meir om overforbrukssamfunnet, dilletantsamfunnet og pillesamfunnet. «Keep my prescriptions filled … Save me president Jesus, I’m bored in the USA».

På Father John Misty si andre plate er det imidlertid lite, for ikkje å seie nothing og ingenting, som kjedar. Her lever kontrastane i beste velgåande. Behaget eksisterer side om side med ubehaget. Uroa luskar i fotspora til roa. Smektande strykarar er ikkje garantistar for at fred og fordragelegheit er neste stasjon. Men det vakre er skånsellaust vakkert, og eg har kapitulert.

9/10

Musikalsk årsoppgjer 2011

Standard

Eitkvart år er eit bra musikkår, seier dei hos det svenske musikkmagasinet Sonic. Eg seier meg samd. 2011 føyer seg inn i rekka. Eg kjenner meg vel forsynt av tonar som har gitt næring og gjort inntrykk i år også. Nokre av dei har komme frå heimlandet. Aller mest verdt å nemne i så måte er nok hallingtrubaduren Stein Torleif Bjella og hans underfundig melankolske Vonde Visu. Av andre aktverdige framstøyt føler eg trong til å halde opp Martin Hagfors sin popintrikate I Like You, Tom Roger Aadland sin livserfarne Det Du Aldri Sa, The Last Hurrah sitt dronefolk-album Spiritual Non-Believers, og The Captain & Me, som i afrocalifornisk lyddrakt varta opp med eit konseptalbum (Migrant) om ein afrikansk flyktning.

Den ferdigredigerte lista over dei ti eg har sett aller størst pris på skiltar imidlertid ikkje med anna enn slikt som kjem frå det store engelskspråklige utland. Frå det same utland har eg aller først lyst å nemne ei god handfull eg synst det var litt vanskelig å utelate, men som likevel blei det. Utelete. Eg nemner, i fleng: Okkervil River (I Am Very Far), Sarabeth Tucek (Get Well Soon), Bon Iver (Bon Iver, Bon Iver), Bill Callahan (Apocalypse), Akron/Family (S/T II: The Cosmic Birth And Journey of Shinju TNT), The Decemberists (The King Is Dead), The War On Drugs (Slave Ambient), Southeast Engine (Canary), The Low Anthem (Smart Flesh). Men altså, først og fremst, og aller mest handla det om desse:

10. Girls – Father, Son, Holy Ghost
Utan blygsel serverer dei låtar som den neonspirituelle Vomit, surfande Honey Bunny, rifftunge Die, og meir til. Utan blygsel tek dei litt her, låner litt der, og skaper eit popbilde som er både enkelt, fengande, intrikat, mangfaldig og elastisk poptastisk.

9. Gillian Welch – The Harrow & The Harvest
Åtte år sidan førre plate, og ho er den ho er. Saman med mannen sin, David Rawlings, leverer ho tradisjonsbundne tonar i organisk forfatning. Ti asketiske og akustiske songar som på ulikt vis er rota i sørstatsgotikken og dens hang mot å spegle det dystre og amoralske.

8. Abigail Washburn – City Of Refuge
Ho kan sin banjo, og ho kan sin americana, men aller viktigast er det at ho kan noko om musikalsk poding. Med å dryppe nokre doggfriske dråpar av Kina i det amerikanske lagar Abigail Washburn noko som er litt annleis, og som har ein frodig personlegdom ein slett ikkje møter så ofte.

7. Laura Marling – A Creature I Don’t Know
Ei plate skapt av ei kvinne med ei tydelig stemme. Ei som lagar songar ut frå sitt eige indre. Ikkje sjølvutleverande og hudlause songar, men songar der ho med nøye avmålt distanse til det personlige og private ser seg sjølv som menneske, som kvinne, på den store gåtefulle og krevjande scena kalla tilværet. Laura Marling er kanskje ung, men ho er ikkje født i går. Og har ikkje lenger berre ein akustisk gitar.

6. Fleet Foxes – Helplessness Blues
Den er absolutt annleis enn debuten, og den er absolutt veldig Fleet Foxes. Pecknold har ikkje svikta sine idear. Plata har ei mørkare sjel, den dansar i mindre grad med lette popsteg, og den held seg i eit ganske så samanhengande sonisk bilde. Den har meir lyd enn debuten, den har større kompleksitet, nokre fleire psykedeliske manerar, og den vil nok av fleirtalet bli opplevd som litt vanskeligare.
Samstundes, den har varmen. Den vellydande og harmonimerka Fleet Foxes-varmen. Og den kjennes nær, imøtekomande open, og velkommen.

5. Bonnie Prince Billy – Wolfroy Goes To Town
Årets Bonnie Prince Billy plate er i rosa omslag, og med eit knippe låtar som etterlet seg eit temmelig så spartansk inntrykk. Men rosa er den berre utanpå, inni er det svart. Og spartansk er ikkje synonymt med nusselig om noko skulle falle for å tru det. Ta heller då ein smak på tittelen; Wolfroy Goes To Town. Nemlig, ulven er på ferde.
Ulveframferd av typen uling og gauling er sjølvsagt heilt fråverande. Denne ulven luskar og smyg mot målet, men vondt kan den bite. Både mot gud, djevel, venn, fiende, lykka og kjærleiken. Og langs vegen den går legg den etter seg eit titals storarta songar.

4. A.A. Bondy – Believers
A.A. Bondy manar fram diffuse snapshots og gåtefulle stemningsleie. Gjennom ti låtar dyppa i gårsdagens regn, brennmerka med melankoliens render, og omslutta av eit heimsøkt drag. Folk noir. Ti opptrinn som skjeler mot både røyndom og draum. Og glipa imellom. Ti scener der atmosfæren dei lever under fortel like mykje som orda dei er forsynt med. Ti scener av det slaget som stort sett er like mørke som natta, og like lumske som vegen heim ein tåkete morgon.
Med andre ord, slike som held til i eit tematisk territorium det har komme mange songar ut av. Men å legge det fram like meisterlig, i ord, tonar og sonisk habitt, som det A.A. Bondy gjer på si tredje soloplate er slett inga vanlig hending.

3. My Morning Jacket – Circuital
Med Circuital gjer Louisville-banden det tittelen hintar om, dei vender blikket mot dit dei starta ut. Mot ein storslagen americana med staselige sørstatstakter. Men dei er også eit popband, eit sveitt og rytmisk band, eit funky band. Eit mangslunge band.
Og ein 33 år gamal songar med ei sublim røyst, som syng om tilværet sett frå ein vaksen mann sin synsvinkel. Som duellerer manndomen og ungdomen, og talar om pliktkjensla og ansvaret kontra fridomen og opprøret. Ikkje med eit moraliserande eller urokkelig blikk. Meir med eit undrande og leikent blikk. Eit som ser livet som ein sirkel, og dansar med det, og ikkje mot det. Eit fint blikk. På ei plate full av overskot og melodisk danselyst. På ei plate som smiler. Så eg smiler tilbake.

2. P.J. Harvey – Let England Shake
Tjue år inn i eit musikarliv som aldri har vore prega av stillstand har P.J. Harvey laga eit meisterverk. Ikkje sitt første, men kanskje sitt beste. Om krigen. Tolv poetiske, men ubarmhjertige krigsreportasjar, og elsk/hat songar om ein nasjon iferd med å visne på rot. «England’s dancing days are done» syng ho. «Let’s head out to the fountain of death & splash about» held ho fram.
Krig er ikkje vakkert. PJ Harvey zoomar direkte inn på slagmarka og fortel kva som er sjå. Ho er ein referent, ingen agitator. Ein poetisk songreporter, med sans for det konsise, og for kontrastar.
Let England Shake er ei plate om krigen og om England, men meir enn det handlar den om mennesket. Først og fremst handlar den om mennesket. Og slik femner den vidare enn vidt, og treff nærare enn nært.

1. Josh T. Pearson – Last of the Country Gentlemen
Texanaren Josh T. Pearson har vore i meir enn ein heis, og han har gjort seg sine erfaringar. På Last of the Country Gentlemen fortel han om nokre som har sett evigvarande spor. Dei handlar om livet med kvinna, om livet utan kvinna, om livet i selskap med alkoholen, om livet med Gud, og utan Gud, og om livet med musikken.
Han syng ikkje høgt, men eg høyrer han godt. Det går ei fortvilingas skjær igjennom han, han kviskrar, han sukkar, han skjelv, han svelgjer nokre ord, eg kan høyre klumpen i halsen hans. Han er intenst til stades, han er i feber, desperasjonen kryp rundt anklane hans, ein brann ulmar i bringa hans, han har noko han må få sagt, noko han må tilstå, eit tyngande skriftemål, han syng det. Som ein countrysongar. På sitt særeigne vis, som ein countrysongar. Ein tålmodskrevande og omstendelig countrysongar. Med ein gitar, ein kamerat på fiolin, og 100% sjel.

 

Nokre veker etter at denne lista vart publisert på Groove.no fant eg fram ei Kurt Vile plate eg hadde lagt til sides. Den steig etterkvart veldig i kurs, og må vel seiast å vere blant dei aller beste platene gitt ut i 2011:
Kurt Vile – Smoke Ring For My Halo

Seinare skulle også Hiss Golden Messenger sin Poor Moon bli ei kjær plate.

 

 

Musikalsk årsoppgjer for 2008

Standard

Eg er litt usikker på om eg har fylgt godt nok med i musikktimen i år. Det står mellom anna att å sjekke ut årets utgjevingar frå Department of Eagles, Deerhunter, Atlas Sound og The Walkmen.

Men noko har eg då fått med meg. Sånn cirka nok til at eg til slutt makta finne fram til ei liste eg meiner inneheld berre bra plater.

Ei lita handfull plater var i tillegg nær ved å trenge seg inn i nedre halvdel av lista, men måtte vike i siste juletime:
Trouble In Mind – Hayes Carll
Vampire Weekend – Vampire Weekend
Lie Down In the Light – Bonnie Prince Billy
Rook – Shearwater
Carried To Dust – Calexico
Nouns – No Age

Here we go:
10.Teddy Thompson – A Piece of What You Need
Han har sin arv, men gjer det på sin måte, Teddy Thompson.
Han veit kva popdynamikk er den unge Thompson. At luft og rom er like viktig som sonisk rikdom. Og at sveisne svingar, hektande refreng og eit sterkt melodisk ganglag er sentrale element for å lukkast. Så han gjennomfører det likeså godt bortimot heile plata igjennom. «Stop getting everything you want, and get a piece of what you need», syng han freidig nok. Det kan sjølvsagt stillast spørsmål ved om ein treng denne plata, men den er ganske så kjekk å vere saman med, så du skal ikkje sjå heilt bort frå det.

9.Kathleen Edwards – Asking For Flowers
Den ordkløktige og countryfolk-rockande dama frå Ottawa viser for tredje gong at ho er verdt å opne døra for. For sjølv om tonefylgjet ho gjer sine tidvis sitatfreistande tekstlinjer er langt unna å kunne gjere krav på karakteristikkar som originalt eller spektakulært, står ho definitivt fram som noko av det aller fremste 2000-talet har velsigna oss med, i det folkerike Joni Mitchell møter Lucinda Williams segmentet. Med Asking For Flowers gjer ho det kanskje endå litt meir overtydande enn på sine to førre framstøyt.

8.Lambchop – OH (ohio)
Eg spurde meg sjølv då eg fekk denne i henda: Treng vi endå ein ny runde med Kurt Wagner sine lakoniske og gåtefulle grubleri? Treng vi bli smurt langs ryggrada og stroken over pulsen av endå fleire grasiøse og saktevandrande tonar, som alle har nære slektningar på Lambchop-album vi allereie har frå før?
Etter nokre rundar med OH (Ohio) var eg ikkje i tvil om at Lambchop framleis er heilt greitt å ernære seg på. Sjølv om manerane er dei same gamle.
Kryptisk, surrealistisk, haustvakkert, kveldsstemt, skjørt og godgjerande. Ingen grunn til å pensjonere Wagner enno.

7.Okkervil River – The Stand Ins
Det gnistra av The Stage Names. Og det var meir. For frå same seanse: The Stand Ins. Ein del to. Ein svirebror. Ein litt meir svartsynt slektning, men definitivt ein slektning. Ein slektning som kjem opp frå under scenegolvet for å rette lyset mot både dei scenevante og dei som aldri vart til noko særskilt.
Påkjenningane ved å vere berømt og ettertrakta, strevet etter å bli det, og den evige kampen det er å få mellommenneskelige interaksjonar til å fungere er The Stand Ins sine sentrale tema. Tonen er ein tanke mørkare enn for eitt år sidan, utan at den eggande popen dei omfamna den gongen er borte. Og når Sheff sine tekstlige bravader i tillegg stadig er blant dei beste i dagens popverden, skulle det vere få grunnar til å takke nei.

6.Sun Kil Moon – April
Drygt 15 år etter at han kom luskande Down Colorful Hill er det ikkje så mykje som har endra seg hos Mark Kozelek. Mollstemte tonar i eit stoisk format, der ei ikkje uvesentlig uro ulmar i skuggane. Sjølv om endringsiveren er laber kan eg likevel ikkje sjå at April står tilbake for noko av det Kozelek har komme opp med tidlegare. Snarare tvert om, den er etter alt å døme nær det sterkaste han har levert. Varleg, akustisk, harmonistetta, elektrisk, dvelande, varm, trist (”sorrow came in floods this april”) og vakker som den er.

5.Drive-By Truckers – Brighter Than Creation’s Dark
Korta fortalte meg ingenting om at sørstatsbanden i Drive-By Truckers skulle varte opp med stoff for årbestelista i 2008. Men litt mindre buldrande og rockande og meir folk og country lada manifesterer årets utgåve av bandet seg som den mest varierte, låtsterke, givande, ektefølte. Og beste.
Brighter handlar om folk. Folk vi kjenner att. I nabohuset, i det målingavskala huset borte ved kiosken, i familiefaren på andre sida av gata, eller i den rastlause fyren i tredje etasje som stadig er på farten med Buicken sin. Folk midt i livet. Dei har sitt å strid med. Dei har sitt å fryde seg over. Stundom stirer dei nok inn i mørkret, men dei rettar også blikket mot håpet. Og mest av alt prøver dei å gjere det rette. Kva no det måtte vere.

4.Bon Iver – For Emma, Forever Ago
Bandet gjekk i oppløysing, kjærleiken likeså. Justin Vernon søkte einsemda i ei hytte i skogen. For rekreasjon og kontemplasjon. Og så hadde han med seg gitaren, innspelingsutstyr og, viser det seg, ei gudegjeven låtskrivarevne. Det kunne blitt sutrande og stereotypt. Det er blitt inderlig vakkert. Samstundes som det er full på ein nervøs energi som ikkje den gjennomsnittlege peiskos-trubadur er i nærleiken av å få fram.
Nei, Bon Iver er det lite gjennomsnittleg ved. Han har denne sjelfullt dynamiske måten å synge på, og han har desse songane. Skinny Love, The Wolves, Flume, For Emma, Re: Stacks,………. ”This is not the sound of a new man or crispy realization” syng han erkjennande mot slutten. Men det er i alle fall lyden av ein ny mann det skal bli spennande å fylgje framover.

3.Black Mountain – In the Future
Ein kan kanskje arrestere Black Mountain i å servere ei løgn med platetittelen på sitt andre album. For tonane på In the Future har meir enn ei solid forankring i saker vi har høyrt før. Black Sabbath, Led Zeppelin, Pink Floyd, Fairport Convention. Hard rock, prog, psykedelia og folk.
Men dei er langt meir enn ein etterlevning etter noko som hende for ein mannsalder sia. Black Mountain behandlar fortidstonane som om dei er heilt nyoppfunne. Tøft, coolt, glødande, inderlig og spektakulært. Der dei ikkje minst viser fram ei velutvikla forståing for kontrastar og snedige temposkift, og temperaturskift. Lys og skygge. Brutalitet og skånsemd. Mareritt og flower train. Maskulinitet og feminitet.
Slik svever Black Mountain inn i framtida på ei sky av både musikkhistorie og ungdommelig vitalitet. Helpless, hurting, holy, halo.

2.Fleet Foxes – Fleet Foxes
Seattlebandet Fleet Foxes tar oss med langt bort frå der eksosen flyt, asfalten kokar og betongen veks. Dei tar oss med ut i naturen, der fuglesongen er nær og sinnsroa kan få slå rot. Våren 2008 stod dei fram som eit aldri så lite ruralt folkpop-under tufta på gamle tonar, like naturleg og friskt framstilt som lerkesong ein grønkledd vårdag.
Og alle saman syng dei. Slik høyrest det i alle fall ut i vokalharmoniane som dekorerer dei fleste låtane her på slikt eit erobrande vis.
Ein harmonifull lyd som har mykje sakralt og intimt med seg, men som samstundes har noko monumentalt og høgstemt over seg. Og det er ein eller annan stad midt inne i denne syntesen at deira eigenart vert skapt. Ei eigenart også farga av lovprising, surrealisme og varleg melankoli.

1.Portishead – Third
På midten av nittitalet var trip-hop og Portishead det coolaste ein kunne like. I 2008 var trip-hop, for dei aller fleste av oss, og Portishead spesielt, noko som var rimelig passé. I 2008 utfordra Portishead oss derfor med andre tonar. Tonar som nok ikkje står i fremste rekke når soundtracket til middagsselskapet skal planleggast. For Portishead anno 2008 gjekk motsatt veg av det dei fleste band gjer 15 år etter at dei starta opp. Portishead er blitt ei bistrare, farlegare og langt meir pågåande greie. Ei kompromisslaus greie som sender sushien i vrangstrupen og sjampanjen ut vindauga.
Third er ingen lettfordøyelig og enkel plate. Third er eit dunkelt, komplekst og mangesidig stykke musikk som veks seg stadig meir interessant. Third er detaljrikdom, men også ei sonisk presis og rasjonelt arrangert affære. Third er ein mosaikk som gys og gnistrar i ein psykedelisk månedans, ganske så langt borte frå dei lykkelige poplåtane og trivielle stemningane.
Når det var på dette viset trioen skulle vende tilbake, ja då får ein vel kanskje håpe at det ikkje var deira siste sukk.

 

Sånn i ettertid er det jo blitt klinkande klart for meg at (det tok berre eit par veker):

Jamey Johnson sin That Lonesome Song

og

The Walkmen sin You & Me

er to av dette årets aller beste plater.

Nokre andre plater det i ettertid har gått opp for meg er storarta greier:

Paul Weller – 22 Dreams
Dungen – 4
Songdog – A Wretched Sinner’s Song
Gjermund Larsen Trio – Ankomst
Lykke Li – Youth Novels

Father John Misty – Fear Fun

Standard

Ein melankolikar finn seg eit nytt namn, tenker andre tankar, og lagar ei latterlig vital plate.

cover

I ran down the road
Pants down to my knees
Screaming, «Please come help me
That Canadian shaman
Gave a little to much to me!»

Av og til skjer det berre. Og ein kjenner seg blamert, og opprådd. Då kan det kanskje vere like greitt å berre kaste trommestikkene ifrå seg, fylle bilen med det meste av det ein eig, og dra sørover. Gjere krav på det første huset ein får auge på, i det ein sig inn i den store byen. Skulle det by på motstand kan ein prøve å erklære noko slikt som at «my reality is realer than yours, and there’s no time in the present, and there’s a black dog on the bed». Det skulle kunne funke. Så, etter å ha ofra sine gamle klede på eit bål i bakgarden, og komme til ei forståing med sjølve beistet, kan turen for eksempel gå ut til Malibu. Der ein kan rase rundt «on the beach» i selskap med ein viss Neil. Seinare, i West Hollywood, kan ein drikke syre-te med nokre skodespelarar, eller valium-te med eit par filosofar, om berre ikkje henda hadde vore så fulle av drinkar då. Og så, tilbake i Laurel Canyon, kan ein sette seg ned og skrive ein roman, «because it’s never been done before».

Josh Tillman har vore i musisk bevegelse ein del år no. I skuggen av det store scenelyset, eller på ein trommekrakk bakom songaren og gitaristen. Gjennom fleire plater har han, som J. Tillman, utforska det tungsindige krysningspunktet mellom Nick Drake og Townes Van Zandt. I tre år har han i tillegg vore trommeslagar i Fleet Foxes. Der er han ikkje lenger, verken i krysningspunktet eller på krakken bak Pecknold & co. Og ikkje er han i Seattle lenger heller, han er i Los Angeles. Der gjer han det litt annleis.

Han har tatt namnet Father John Misty, og med Jonathan Wilson som sin næraste samarbeidspartnar har han laga ei plate kledd i ein tidleg 70-tals skrud, der folkrock, countryrock, softrock og psykedelia er dei dominerande ingrediensane. I eit slags krysningspunkt mellom Gene Clark og Harry Nilsson (med ei og anna kopling til andre saker i nabolaget).

Det var ein roman han eigentlig sette seg føre å skrive. Den fekk raskt tittelen Mostly Hypotetical Mountains. Eit utdrag på tretti sider ligg ved inne i coveret på Fear Fun. Her dansar Tillman sine ord og betraktningar rundt i eit breiare stemningsleie enn kva som har kjenneteikna melankolien som ganske så eigenrådig fylte opp dei sju føregåande platene hans. Det knugande og mismotige blir i romanen konfrontert med sardoniske innfall, dopprat, hedonisme, ein bisarr humor, og ikkje så reint få absurditetar. Noko som har forplanta seg djupt inn i songane på plata.

Nokre månader før plata blei sleppt la Sub Pop ut ein video på YouTube av låta Hollywood Forever Cemetery Sings. Då eg kom over den skjønte eg fort at her var det noko anna i emning. Videoen viser ei ung kvinne i kronisk kamp med sine omgjevnader. Songaren startar kvart vers med strofa «Jesus Christ, girl». Det handlar om sex, dop, og død, og eit fromt ynskje om å få litt hjelp til å grave. Sonisk blir den driven fram av ein mektig puls, inne i eit endå mektigare ekkokammer, samstundes som den er velsigna med ei intens melodisk gripeevne. Avgjort ikkje J. Tillman, definitivt Misty.

Ein fyr som heilt naturlig startar plata si slik: «Fun times in Babylon, that’s what I’m counting on». Ein syndig stad der songaren ser for seg at han skal røyke alt som er innafor rekkevidde, i selskap med kvar einaste dame han har elska. Men låtas tone er ikkje på noko vis av det utsvevande slaget, den kryp folknært og er sterkt varmegjevande. Kontrastbygging er også ein del av Mistys si verd. Han avsluttar seansen førti minutt seinare i liknande soniske former med Everyman Needs A Companion, og syng om vennskap og mytemakeri. Mellom anna ved å referere til ein tenkt samtale mellom Jesus Kristus og døyparen Johannes. Ein ordentlig mannfolkprat om ei viss Maria.

Han opererer i trakter der andre har gått før, men dansar rundt der på sin måte. Ganske så variert gjer han det også. Det ravar ei countryånd av Stones-kaliber over sprelske I’m Writing A Novel. Ein røvarhistorie om korleis songaren hamna i Los Angeles (gå tilbake til første avsnitt om du ynskjer eit nokonlunde truverdig referat over kva den handlar om). Ein mild softrock bris bles gjennom Nancy From Now On. Well, You Can Do It Without Me er ein bluesy og friskt buktande sak om å selje sjel og dronning for ei trone. Medan Tee Pees 1-12 har fele og steel-gitar, og er ei eventyrlig countryferd som hamnar langt ut i det usiviliserte.

Som den miljøvernaren han vil vere tar Misty seg også tid til å grunne over songens og kunstens rolle i klimaproblematikken. Eigentlig vil han helst ikkje tenke over kor mykje olje som går med til å lage ei plate, eller male eit bilde. Men han gjer det, og syng om det i salige Now I’m Learning To Love The War. Med eit glimt i auge. Eit glimt som vel også er til stades i den særs attraktive Only Son Of The Ladiesman. Eller kanskje ikkje. Kanskje er den meir alvorlig denne songen? Der den tar for seg ein kvinnesjarmør og den «legacy of ruin» han har etterlete seg. Sidan både Sunset Strip og Moon River blir nemnt i teksten er det nærliggande å tenke at Frank Sinatra har vore i tankane då songen blei til.

Eller kanskje ikkje. Tankane til Misty vandrar slett ikkje alltid dit det er naturlig å tenke at dei skulle vandre. Eller burde vandre. Dei ser samanhengar der det slett ikkje er opplagt at slike finst (og kanskje ikkje finst heller). Dei kan kanskje seiast å vere ein tåkefyrstes tankar, eller ein blasfemikars, eller ein satans forteljar. Og låtskrivar. Og songar. Ein ganske så fantastisk ein i grunn.

9/10

Først publisert på Groove.no (i 2012)

Fleet Foxes – Helplessness Blues

Standard

Årets tema er mørkare og har meir smertefulle linjer. Men varmen, harmonien og den uimotståelige folktonen frå siste er slett ikkje blitt forkasta.

cover  Folk dukka som kjent ikkje opp i går. Den slags tonar har vore her lenge. Det gjeld så absolutt også folktonane Fleet Foxes kolorerar sitt musikalske bilde med. Dei kunne høyrast i California i 1968, i England i 1969, og før det, og etter det, og for så vidt til alle tider. Men ingen har likevel gjort tonane heilt slik Fleet Foxes gjer dei. Eit band av i dag, og for så vidt for alle tider, frå Seattle, USA.

Fleet Foxes dukka som kjent opp på det store kartet i 2008. Med sin Sun Giant ep, og sitt sjølvtitulerte debutalbum. Utgjevingar godt forsynt med sympatiske og tiltrekkande songar, løfta fram av den milde og saliggjerande røysta til Robin Pecknold, og hans harmonisyngande bandpartnerar. Heilt naturlig strauk dei folkvesenet med ei varlig, men også personlig, hand. Og skapte ein frisk vennlegsinna vårlig tonebris, som etterkvart skulle vise seg å finne fram til mang ein heim.

Dei starta spele inn ei ny plate året etter. Det skulle vise seg å bli noko ganske anna enn ein kort og smertefri prosess. Pecknold hadde sine idear om korleis albumet skulle låte. Han snakka om mindre poppreg, mørkare dragingar, djupare groove, inne i eit samanhengande sonisk bilde. Han sa seg vere inspirert av Roy Harper sitt folkpsykedeliske Stormcock-album, og av den eksepsjonelt instinktive og augeblikksorienterte tonen i Van Morrisons klassiske Astral Weeks. Og låtar blei laga, låtar blei spelt inn, men dei slo ikkje ut på den soniske skalaen Pecknold hadde høyrt føre seg. Så saker blei kasta, forkasta, og måtte gjerast om att. Bandet heldt det ut, men dama ho gjekk sin veg.

Helplessness Blues vart til slutt resultatet. Den er absolutt annleis enn debuten, og den er absolutt veldig Fleet Foxes. Pecknold har ikkje svikta sine idear. Plata har ei mørkare sjel, den dansar i mindre grad med lette popsteg, og den held seg i eit ganske så samanhengande sonisk bilde. Den har meir lyd enn debuten, den har større kompleksitet, nokre fleire psykedeliske manerar, og den vil nok av fleirtalet bli opplevd som litt vanskeligare. Samstundes, den har varmen. Den vellydande og harmonimerka Fleet Foxes-varmen. Og den kjennes nær, imøtekomande og open.

Det dukkar opp spørsmål undervegs. Eksistensielle spørsmål. «What does that say about me?» lyde det første. «So now I am older than my mother and father when they had their daughters» er slutninga som leiar til spørsmålet. Pecknold har oppdaga at tilværet nok handlar om langt meir enn ungdom, fridom, og det egosentriske prosjekt. Det handlar også om slike ting som å bli forelder og kjenne kjærleiken vekse utan atterhald, om handlingar som får uopprettelige konsekvensar, og om jakta på å bli tilfreds. 25 år inn i livet må det vel berre erkjennast, det blir nok ein kamp dette her. Frå «Montezuma to Tripoli». Eller «from the halls of Montezuma to the shores of Tripoli» som det heiter i militærhymna Pecknold har snusa fram den metaforen frå. Songen har han kalla Montezuma, og lagt den først i løypa, på sitrande gitartonar, og tiltakande «ooooh-ooooh».

Ei stund seinare kjem tittelsporet. Eit todelt tittelspor. I ei evig vakker og enkel melodisk utforming, kanskje inspirert av ei side i Paul Simon si songbok, syng Pecknold i første del om individualitet kontra det å vere ein bit av eit større heile. «I was raised up believing I was somehow unique» syng han, «like a snowflake distinct among snowflakes». Men så, etter å ha grunna ei stund over det, og gjort nokre erfaringar, ser songaren seg nok meir som «a functioning cog in some great machinery, serving something beyond me». I den sonisk sett meir svevande andre delen av låta drøymer han seg inn i rolla som eigar av ein frukthage, og håpar ein dag å bli «like the man on the screen». Då har han lagt røyndomen nokre psykiske sjømil bak seg og gått i land i Utopia.

Eller Innisfree som nokon vel å kalle det. Den idylliske øya songaren gjerne kunne tenkt seg å tilbringe ein dag eller to på. Slik ser han det i alle fall når han kler seg i sin Bedouin Dress. Eller sin og sin, det er vel helst ein lånt gevant, som han lovar levere attende om Innisfree-ønsket blir oppfylgt. Og tonen er rik, groovet er listig, ein fiolin spelar arabisk, og W.B. Yeats har ei rolle. For det var han, den irske diktaren, som i si tid skreiv om den idylliske øya, i sitt vesle dikt The Lake Isle Of Innisfree.

Ei øy songaren også ser for seg som eit mogeleg mål i den spartanske fasen av mangslungne The Shrine/An Argument. Rett før eit frijazzande villnis tar over. Kanskje for å illustrere at den kan vere noko upålitelig og ugjestmild denne vegen til Innisfree. Då er vi i enden av ein åtte minuttar lang låt som, i tillegg til å vere bandets mest komplekse stykke til dags dato, også er deira mest iltre. I den grad Fleet Foxes evnar å vere iltre då. I den grad Pecknold si røyst har det i seg som skal til å vere noko anna enn human og smidig då. Den har vel i grunn ikkje det, men når linja «sunlight over me no matter what I do» dukkar opp angrip Pecknold den i alle fall på eit uvant aggressivt vis. Men det varer ikkje lenge. Sjølv om fortvilinga rår, og han står der ved ønskebrønnen, og kastar skillingen uti. Fordi ho har brukt den grufullt skinande morgonen til å kvitte seg med det siste som lenka dei to i hop. I ei låt som er både vakker, sår og brutal.

Så vanskelige kan Fleet Foxes altså vere. Her på Helplessness Blues. Dei kan vere lettbeinte og likeframme også.

Battery Kinzie er popsongen sin god som nokon. Melodisk og sonisk i alle fall. Tekstlig går den derimot og sveittar på kanten av det endelige mørkret. Opningsstrofa er morbid så det held: «I woke up one morning, all my fingers rotting, I woke up a dying man, without a chance». Kanskje betre å sette tinga i revers, og gå tilbake til natta? I refrenget blir i alle fall ein fyr dei kallar Wide Eyed Walker innstendig åtvara mot å stege inn i grålysinga. Den same vandraren, Wide Eyed Walker, dukkar også opp i det augeblikket avslutningssporet Grown Ocean dansar mot sin sorti. Den kanskje mest optimistiske blant songane på plata. Men sortien er ikkje det. Optimistisk. Ikkje når Wide Eyed Walker blir til Wide Eyed Leaver.

Fleet Foxes finn ikkje opp verken seg sjølv eller folkrocken på nytt her på Helplessness Blues. Ikkje driv dei med nybrottsgrubling, eller stiller spørsmål aldri stilt før heller. Dei har berre laga ei plate stappfull av gode songar, vektige songar, godt formulerte songar, både i tekst og klang. Slike som berre dei kunne ha laga. Det må vere godt nok det. Meir enn godt nok.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2011)