Tag Archives: Syntax TerrOrkester

Musikalsk årsoppgjer 2015

Standard

Berre ei liste

Dei førti (for ikkje å seie femti) beste albuma eg har høyrt i år (av slike som kom ut i år). I ei ikkje heilt tilfeldig rekkefølge, men bra er dei alle.

  1. Father John Misty – I Love You, Honeybear
    Uvanlige kjærleikssongar i eit faderlig sterkt folkpopmelodisk famntak. Der kontrastane lever i beste velgåande. Behaget eksisterer side om side med ubehaget. Uroa luskar i fotspora til roa. Smektande strykarar er ikkje garantistar for at fred og fordragelegheit er neste stasjon. Men det vakre er skånsellaust vakkert, og eg kapitulerte.
  2. Kendrick Lamar – To Pimp A Butterfly
    Det er sting i formidlinga, dobbel- og trippeltyding i det uttalte. Det er ein rå poesi i linje etter linje, og ein sonisk nyanserikdom som kontinuerlig held seg på sporet. Det er slikt som er med på å gjere utslaget, i årets mest funky reise.
  3. Ezra Furman – Perpetual Motion People
    Song etter song storma den over meg. Energisk i si framferd, melodisk i sitt vesen. Full på fridom og sing-a-long. Ein skikkelig ukomplisert og uimotståelig rakkar viste den seg å vere. Viser den seg framleis å vere. Eg byrjar å få ein mistanke om at den kan ha evig liv.
  4. Sufjan Stevens – Carrie & Lowell
    Elleve vakre songar. Folkpopmelodiar som kjem grasiøst smygande, og som blir verande. Elleve sakrale og stille skrik. Hjerteskjerande linjer om sakn, lengsel og uforståelige kjensler. Om ei mor som ikkje var der, og som no er død.
  5. Girl Band – Holding Hands With Jamie
    Bråk, til tider eit helsikkes bråk. Men ikkje eit meiningslaust eit. Ein herlig miks av dei motoriske faktene frå krautrocken, den klassiske lågt/høgt-dynamikken, og ei hardcore-innstilling. Noko i den duren i alle fall.
  6. Courtney Barnett – Sometimes I Sit and Think, And Sometimes I Just Sit
    Finurlige tekstar som kan kalle fram eit skeivt smil, eller få ein til å grunne litt. I eit laust, ledug og energisk rock’n roll uttrykk der det meste er upolert, og ganske så uimotståelig.
  7. Tame Impala – Currents
    Popsongar i ein straum av åttitalets synthlyd miksa med funk og disco, men utan at kjærleiken til  sekstitalets psykedelia-tonar er blitt kasta over bord.
  8. Simon Joyner – Grass, Branch & Bone
    Ni folksongar der den akustiske gitaren leiar an. Ei halvskakk og vakker songpoetisk ferd inn til svunne draumar og gulna minner.   
  9. Ought – Sun Coming Down
    Ein postpunkenergi som riv og slit, som koplar på og koplar feil. Mørkesøkande og ikkje heilt ufarlig, men først og fremst livlig påkopla.
  10. TRAAMS – Modern Dancing
    Med groovet godt intakt byr denne sør-engelske trioen opp til ein postpunkdans av det friske slaget.
  11. Sleater-Kinney – No Cities To Love
    Bandcomeback må ikkje vere traurige greier, det kan gnistre også. Ja nesten «shake it like never before».
  12. Destroyer – Poison Season
    Dunkle kammertonar, brunstige blåsarar, og giftig og svartsynt poesi. 
  13. Laura Marling – Short Movie
    Med litt meir elektrisitet enn tidlegare zoomar Marling igjen inn på tilværets dilemma.
  14. Daniel Romano – If I’ve Only One Time Askin’
    Country på gamle måten anno 2015: Trist og friskt.
  15. Sun Kil Moon – Universal Themes
    Ein gretten gubbe og hans empatiske sider.
  16. Syntax TerrOrkester – Bydrifter
    Rock i original kledning, poesi på reinspikka karmøysk – aldeles storarta.
  17. Punch Brothers – The Phosphorescent Blues
    Mandolin. Banjo. Fele. Akustisk gitar. Kontrabass. Slikt blir det fort bluegrass av. Punch Brothers vil det annleis.
  18. Tønes – Vindbrest
    Gjenkjennelig surrealisme og underfundig realisme, slik berre Tønes gjer det.
  19. Erlend Ropstad – Det Beste Vi Får Til
    Like mykje som songar og viser og slikt vil eg kalle det poesi.
  20. Dig Deeper – How You Spend Your Days
    Eit norsk rockeband som lever opp til namnet sitt, og finn skatten.
  21. Protomartyr – The Agent Intellect
    Frå avdelinga «nyare postpunk det gnistrar litt av».
  22. Ryley Walker – Primrose Green
    Ein angloamerikansk folkrocktone dyppa i jazz og leduge arrangement
  23. Kurt Vile – B’lieve I’m Goin Down
    Vile og songane hans går sin slacke gode gang.
  24. Fjorden Baby! – Oh Yeah!
    Med koking og loking og det som meir groovy er har bergensbanden skapt gode tilstandar her inne i kroken.
  25. Wolf Alice – My Love Is Cool
    Ein kvartett frå London som albumdebuterer med pop i tonane og blod i sikte.
  26. Robert Forster – Songs To Play
    Ein ny dose sympatiske popsongar frå den levande Go-Betweens legenda.
  27. Vince Staples – Summertime ’06
    Ei dyster og motsetningsfull affære, i eit fortetta sonisk landskap
  28. New Order – Music Complete
    Hook er hekta av. Keyboardet er ganske så framtredande. Det same er også ein panoramisk og velgjerande poptone.
  29. Nadia Reid – Listen To Formation, Look For the Signs
    Ein albumdebutant frå New Zealand med ein folk/americana tone av det særdeles innbydande slaget på tapetet.
  30. Israel Nash – Silver Season
    Ein texanar ifrå Missouri har komme fram til sin psykedeliske sesong.
  31. Viet Cong- Viet Cong
    Eit tvilsamt bandnamn. Ei mørk og dyster ferd inn i dei meir dystopiske krokane av postpunken.
  32.  Susanne Sundfør – Ten Love Songs
    Samspelet mellom slikt som fenger og slikt som har motstand i seg. Spretten synthpop og dunkle strykarar. Susanne Sundfør får med sjølvsagt eleganse slikt til å funke i hop.
  33. Algiers – Algiers
    Soul og gospel og postpunk. Full energi, knyta nevar og revolusjon i blikket.
  34. Corrina Repp – The Pattern of Electricity
    Skjørt og nakent. Elektrisk og uroleg. Melodisk og dirrande. Verdt å vitje.
  35. The Switch – B For the Beast
    Der popen blir innhaldsrik, kaleidoskopisk og skikkelig påskrudd.
  36. Jamie xx – In Colour
    Jamie frå The xx sin soloalbumdebut er intrikat og minimalistisk, sakte synthflytande og basskraftig. Fargerik, og rytmisk som ein døsig ettermiddagspuls.
  37. Car Seat Headrest – Teens of Style
    Einmannsband. Skranglete låg-fidelity med pophooks og folktristesse.
  38.  Beach House – Depression Cherry
    Ny forsyning med draumande popsongar på sakte puls. (Eit av to album frå duoen dette året).
  39. Low – Ones and Sixes
    Trioen har denne gongen vikla meir elektroniske lydar inn i sine dulmande tonar, utan at det skadar.
  40. Dungen – Allas Sak
    Når gitaren og fløyta og groovet finn sin skapnad, og bilder av aude trefylte landskap veks fram, då er eg i Dungens psykedeliske og suggestive verd. Alltid ein god stad å vere.
  41. Panda Bear – Panda Bear Meets the Grim Reaper
  42. Waxahatchee – Ivy Tripp
  43. Deerhunter – Fading Frontier
  44. Young Thug – Barter 6
  45. Jim O’Rourke – Simple Songs
  46. Julia Holter – Have You In My Wilderness
  47. Daniel Kvammen – Fremad I Alle Retninga
  48. Twerps – Range Anxiety
  49. Autobahn – Dissemble
  50. Best Coast – California Nights

Og så har eg lest ein del bra bøker. Strengt tatt har eg vel brukt minst like mykje tid på det som på musikken. Både gamle og årsferske bøker. Av den siste sorten (årsferske i alle fall i norsk omsetting), fekk eg hug til å nemne nokre:

Roberto Bolaño – 2666
Den chilenske forfattaren Roberto Bolaño døydde i 2003, 50 år gammal. Han var då i siste fase for å ferdigstille sitt storverk 2666. Året etter vart boka utgjeven. Sannsynlegvis så godt som i den forma forfattaren sjølv såg den føre seg. I år ligg den så føre i norsk omsetting. Det er ei tjukk bok (940 sider). Den består av fem bøker. Fem forteljingar. På eitt vis separate forteljingar, på eitt vis nestar dei seg alle i hop i den siste forteljinga. Boka kvalifiserer tvillaust til karakteristikken «ein mangslungen og gåtefull roman». Den er ikkje fullt ut til å forstå. Den går fleire vegar. Hovudvegar, sidevegar, grusvegar, gjengrodde vegar, blindvegar. Den fylgjer desse vegane med ein desperasjon i seg. Og skildrar lidenskap og djevelskap, galskap og draumar. Den er ambisiøs så det held. Den er ein feber av ei bok, og eg må så definitivt lese den fleire gonger.

Elena Ferrante – Mi briljante venninne / Historia om det nye namnet
To bøker, halvparten av ein kvartett. Napoli-kvartetten.
Med eit direkte språk, fritt for dilldall, fortel Elena Ferrante ein medrivande historie om oppvekst, vennskap, kjærleik, fiendskap, vald og makt (og meir til). Sentralt i historia finn vi forteljarstemma til Lena og hennar venninne Lila, og det kontrastfulle vennskapet mellom desse to — både blømande og destruktivt, både støttande og rivaliserande. Lena kjempar seg, til trass for si låge sjølvkjensle, utav kvartalet og til ei universitetsutdanning. Lila, den tøffe og kreative, blir att der og kjempar ein slags sjølvdestruktiv kamp med mann, nabolag og mafiaen.
Bøkene er omsett til levande nynorsk og har ei skikkelig pageturnerkraft (i løpet av 2016 vil kvartetten bli fulltalig).

Patti Smith – M Train
For nokre år sidan fascinerte ho med historia om vennskapet mellom seg og Robert Mapplethorpe (Just Kids). Denne gongen møter vi i hovudsak den godt vaksne Patti Smith. På reise til Berlin, til Mexico, til Japan, eller vandrande rundt i New York (særlig då til stamkafeen sin på hjørnet). Innimellom vitjar ho, i tankane, tida ho hadde med ektemannen sin Fred Smith (fram til han brått døydde i 1994). Ho deltar på ein konferanse om polarforsking, vitjar Frida Kahlo museet, ser på engelsk krim på eit Londonhotell, men ikkje minst fortel ho om litteratur ho er glad i. Og det er i dei passasjane eg kanskje synk djupast inn i boka. Når ho fortel om sin kjærleik til bøker av Jean Genet, Sylvia Plath, Michail Bulgakov, W.G. Sebald, Haruki Murakami, Roberto Bolaño, og så vidare.
Side etter side driv så makelig og godt forbi, heilt naturleg, assosiativt og sympatisk.

Jonathan Franzen – Renhet
Ikkje Franzen si beste bok (Den tittelen kjempar framleis Korrigeringer og Frihet om), men på sitt vis ei absolutt fengslande nok bok. Skitnare enn tittelen tyder på. Fortalt frå perspektivet til fleire av bokas karakterar, men med den unge kvinna Pip som hovudaktør. Eit namn som bringe tankane i retning Dickens-klassikaren Store Forventninger. Og noko Dickens er det vel kanskje over måten fleire av karakterane blir skildra på. Boka går fram og tilbake i tid. Femner mellom anna ein historie frå det delte Berlin, og tar føre seg internettets overvakings- og publiseringsmogelegheiter. Franzen har sannsynlegvis ein politisk intensjon med desse perspektiva. Personleg synst eg at han er betre, ja drivande god, når han teiknar opp sine romanfigurar på godt og vondt, og skriv fram strålande dialogar.

Og ikkje heilt ny av året, men gjenutgitt som trilogi i år, Jon Fosse sine tre eineståande kortromanar Andvake/Olavs draumar/Kveldsvævd:
Utanfor tid og rom, i eit suggererande gjentakande språk fortel Fosse historia om to (Alida og Asle) som elskar kvarandre. Ei vakker kjærleikshistorie. Samstundes: ei uhyggelig historie, ei historie som også inneheld død, sakn og bitter fortviling. Den er ikkje festa fast i slikt som logisk sett nødvendigvis kan skje akkurat slik det her skjer, den har noko bibelsk og legendeprega over seg, men gjer likevel frå seg ei kjensle av å vere rå røyndom, ei dirrande kjensle av at dette handlar om ekte levande menneske. Slike som elskar og frys og kjempar og gjer handlingar som ikkje kan rettast opp att.
Det er vakkert, det er trist, og det set evigvarande spor.

Syntax TerrOrkester – Bydrifter

Standard

Rock i original kledning, poesi på reinspikka karmøysk – aldeles storarta.                               8

  Det finst store følelsar og det finst mindre følelsar, og nokre gonger er det berre snakk om ein bitteliten følelse. I ein song med den mystiske tittelen Onz kviskrar og syng vokalisten i Syntax TerrOrkester om ein slik ein. «Ein liten følelse, ein bitteliten ein». På inntrengande vis, på snertent vis, ja på rytmisk vis, syng han, men mest kviskrar han eit refreng som går nettopp slik. Når han då ikkje finn på å bytte ut følelse med prøvelse – «Ein pitteliten prøvelse». Då høyrest det litt meir alvorleg ut, då høyrest det kanskje ikkje så pittelite ut likevel. Slik eg oppfattar det. Slik eg oppfattar det og har ein bitteliten følelse av, er songen, er Onz, eit lite leikent dykk inn i sjølvaste eksistensens vesen. Eit kortfatta og poetisk stemt snapshot av stega ein tek, tankane ein tenker, og livet som gror utav det, eller som kjem flytande imot ein. Noko slikt. Ikkje utan alvor, ikkje utan smil, og framfor alt ikkje utan hektande tonar. Hektande tonar i eit vitalt skjeringspunkt mellom arty postpunk og reinspikka popstas. Du verden.

Knut Andreas Knutsen heiter vokalisten i Syntax TerrOrkester. I tillegg er han låtskrivar, gitarist og generell drivkraft i bandet. Med skiftande konstellasjonar har han helde Syntax TerrOrkester i gang gjennom eit lite tiår, og fram til det som no er album nummer fire. Familien Min Forstår Ingenting Av Det døypte han like så godt debutalbumet, tilbake i 2008. Sannsynlegvis var han inne på noko der. For det har nok vist seg at disse greiene som Knutsen og gjengen har hatt føre seg ikkje akkurat har tatt av ute blant den gjengse hop av befolkninga. Men ein og annan musikkjournalist og ein og annan litt over gjennomsnittet musikkinteressert tulling har funne stoffet deira interessant. Slik har dei fått den ikkje uefne merkelappen kultband klistra på seg.

Kva bandet driv med? Rock. Men ikkje ganske enkelt rock. Det er rock som er på ein liten snurr dette, og som derfor ikkje går beinvegen. Ikkje det at det er spesielt kronglete, men ureine tilhøve kan inntreffe, og støyen blir besøkt. Vanskelig vil eg likevel ikkje på nokon måte kalle det. Dynamikken er 100 % intakt, melodien er på plass, og groovet er i arbeid. Kunstrock er eit begrep dei sjølve har dratt opp av hatten, postpunk, krautrock og psykedelia legg eg gladelig til. Eg tenker på Pere Ubu, eg tenker på Sonic Youth, eg tenker på Bob Hund, men ikkje spesielt lenge, og ikkje spesielt mykje, for først og fremst tenker eg på Syntax TerrOrkester, eit drivande originalt band frå Karmøy og Bergen.

Knutsen bur i Bergen, og har gjort det ei tid. Men det han syng, syng han slik han snakkar, slik han lærte å snakke då han vaks opp på Karmøy. Med eit ekstra sterkt, leikent og effektfullt forhold til rrrr-lyden. Og det han syng er tekstar som ikkje nødvendigvis flaumar over av ord, som har eit knapt og konsist poetisk vesen. Jepp, poetisk vesen.

Land Her O! og Vårsår heitte dei to førre platene. Naturen, det rurale, det maritime låg der som eit tematisk bakgrunnsteppe. Bydrifter heiter denne fjerde, og ein skjønar av tittelen at det er litt annleis denne gongen. «Sjå på den byen» synge Knutsen, «Tru det du ser, komme fra vatnet, komme med mær, eg blir ei stund te'». Og byen heiter vel Bergen. Eller Regnskogbyen, som den blir namngjeven i ein song her. Ein gong i framtida, om 1000 år eller noko slikt, går ein ustødig nattevandrar gatelangs i Regnskogbyen. Han skal heim, men kjenner seg ikkje att, verden hans er «snudd både rundt opp og ned». Sonisk går det luntande og avmålt føre seg i Regnskogbyen, synthlydar dryppe og gitaren er sindig. Lenge er det slik, heilt til det står att eit par minutt av låta, då kjem det brått eit skremt skrik og ein kraftig akselerasjon finn stad, og ein uro og eit uvær saman med den. Idet uværet stilnar glir bandet over i Siste Reisning. Som nok ikkje handlar om impotens, snarare tvert imot er eg freista til å hevde. Igjen går gjengen varleg ut, igjen finn dei meir lyd undervegs. Ei slags spiraleffekt set inn og det stramar seg til. På vegen inn i det virvlande blir eit manande dobbeltvers gjentatt og gjentatt:

Ein tur i andre slags omgivelsar du vett
Me fere fram og nogen rett te’bars igjen
Det kjennes akkurat som det trylle seg på plass
Det er litt for andre men me må gå veien sjøl
Ein tur i andre paradiser får ein sei
Me bygge opp og ser te’bars igjen vår vei
Det kjennes akkurat som det er fyrste gong igjen,
Den gir’kje slepp den der løgne følelsen

Målt mot tidlegare album er det lettare å komme innpå Bydrifter. Songane har eit litt meir tilgjengelig preg. Samstundes er det slik at det sonisk sett skjer vel så mykje på denne plata som på dei tidlegare platene. Lydeffektar, synthdråpar og synthstraumar driv rundt blant både milde og kvesste gitarar og det gode groovet. Stemningar blir skapt, rivne ned, og utfordra. Og eit ganske så variert knippe av låtar (ni i talet) blir til. Tre av dei har i månadane før albumutgjevinga dukka opp som singlar. Sist av desse var Onz, den har eg vel sagt ein del om. Først kom Moliner. Ein song som kontrasterar hyperaktiv rytmikk med seigare melodilinjer, og som handlar om identitet, om å høyre til, ein eller annan stad. Mellom desse to kom Du Kan Det (Når Du Må). Albumets mest poppige sak. Ei småsuspekt men definitivt smittande «durudurudurududduruttu»-koring dansar tvers igjennom låta, og ein luftig popbris fyller tonane, men også synth-psykedelisk klirr og ein hås gitar.

Seansen er spelt inn i Duper studio i Bergen, med Yngve Sætre og Jørgen Træen som produsentar. Sistnemnte visstnok i så begeistra modus at han meldte seg som bandmedlem. Og utanom Knutsen er det berre nye bandmedlemmer sidan sist. Folk som har spelt eller spelar i andre Bergensband. Ola Høyer (Cortex) spelar bass, Øyvind Solheim (Ungdomsskulen) og ikkje heilt ukjente Tarjei Strøm (frå Datarock, Ralph Myerz og P13) spelar trommer. I tillegg bidrar fleire lokale musikantar på ymse vis. Saman har dei laga eit lite norsk meisterverk, eit bittelite eit.