Tag Archives: Ryley Walker

Popkroken sitt årsoppgjer 2016

Standard

50 bra plater frå 2016 – og ein del bra bøker.

Bilderesultat for parquet courts human performanceBilderesultat for wussy forever soundsBilderesultat for leonard cohen you want it darkerBilderesultat for angel olsen my womanBilderesultat for årabrot the gospelBilderesultat for a tribe called quest we got it from here... thank you 4 your serviceBilderesultat for steve gunn eyes on the lineBilderesultat for the switch the albumBilderesultat for kate tempest let them eat chaos

Det er nok mogeleg at musikkåret 2016 først og fremst vil bli huska for alle som fall ifrå i løpet av dei 366 dagane. Frå David Bowie til Prince til Phife Dawg til George Martin til Merle Haggard til Alan Vega til Glenn Frey til Guy Clark til Leon Russell til Leonard Cohen til George Michael og fleire med dei. Men eg skal huske det for ny bra musikk også.

I det store perspektivet. Det som rekk langt utafor Popkroken er det nok ymse meiningar om kor bra nett dei 50 platene eg nemner under er. Og ikkje minst vil det kunna bli hevda at her er det jammen meg essensielle saker som manglar. Slike som årets plater frå Radiohead, Kanye West, Jenny Hval, Anohni eller Rihanna. Til det kan eg ikkje seie at eg ikkje har høyrt dei. For det har eg. Den einaste årsaka til at dei ikkje er på lista er at dei ikkje trefte meg like bra som dei som er der gjorde. I subjektivitetens heilage namn er det nett slik det må vere. Noko verre er det då med plater eg ikkje har høyrt. Men som kan ha eit vesen som kunne ha treft meg. Dei rakk dessverre ikkje fram i tide til dette årsoppgjeret, men eg ser fram til å møte dei.

1. Car Seat Headrest – Teens of Denial
Tonane tar verkeleg fyr i dette verket til unge Will Toledo, og eit par medsamansvorne av han. Meir presist er det 70 minuttar med gitarbasert rock, der nittitalet møter nåtid, i songar det osar melodisk kraft og glødande vilje av.

2. Parquet Courts – Human Performance
Femte albumet til New York-kvartetten, og punktonen er litt meir raffinert. Men energien rår og tapte illusjonar flagrar vegg imellom.                                                                                     

3. Wussy – Forever Sounds
Gitar, gitar, elektrisk gitar. Det er Forever Sounds det. Ein stad der heartland møter shoegaze, der psykedelia møter vindskeiv country.

4. Leonard Cohen – You Want it Darker
Vis poesi om kjærleiken, alderdomen, livet, døden og gud.                                                     

5. Angel Olsen – My Woman
Frå det elektrisk pågåande til det praktfullt ettertenksame.                                                      

6. Årabrot – The Gospel
Eit desperat ritt gjennom eit eigenarta postpunklandskap.                                                       

7. A Tribe Called Quest – We Got it From Here… Thank You 4 Your Service
Nittitalets beste hiphop-ensemble hadde litt meir på lager.                                                      

8. Steve Gunn – Eyes On the Lines
Ein ny dose varm Gunn-folkrock til å forsvinne inn i.                                                             

9. The Switch – The Switch Album
Oslobandet serverer her ein raffinert poptriumf av det verkeleg uimotståelege slaget.

10. Kate Tempest – Let Them Eat Chaos
Eit dikt, ein historie, eit usminka og nådelaust hiphop-album.                                                 

11. Beyoncé – Lemonade
Ei samling sterke songar som går vegen frå kneståande fortviling til glødande styrke.                      

12.Okkervil River – Away
Med ny besetning seglar Will Sheff vidare, ny og attkjenneleg og med folkrocken sin glødande intakt.                                                                             

13. Nick Cave & The Bad Seeds – Skeleton Tree
Eitt år etter at Cave mista sonen sin i ei tragisk ulykke serverer han eit album kledd i sorg.              

14. The Jezabels – Synthia
Synth-smart, melodisk forførande, og ei stemme som eig kvart ord.                                       

15. Ryley Walker – Golden Sings That Have Been Sung
Folkrocksongar som er meir enn det.                                                                            

16. Lambchop – FLOTUS
Kurt Wagner har skaffa seg vokalprosessor – Men Lambchop er no Lambchop likevel.        

17. David Bowie – Blackstar
Bowie si siste forvandling, ei gripande ei.                                                                    

18. Kevin Morby – Singing Saw
Musikken, naturen, melankolien, varmen og ei mystisk sag.                                                   

19. Drive-By Truckers – American Band
Ei handfull sterke historier frå vår tids beste sørstatsrockeband                                         

20. Stein Torleif Bjella – Gode Liv
Kan Bjella vere vaksinert mot å gje ut anna enn strålande plater?                                           

21. Kendrick Lamar – Untitled Unmastered
«Pimp pimp hooray», eit lite upolert supplement til fjorårets allereie legendariske To Pimp a Butterfly.                                                                           

22. Margo Price – Midwest Farmer’s Daughter
Eit friskt countrypust ifrå utkanten av Nashville.                                                         

23. Anderson .Paak – Malibu
Ein fargerik og varm time i hiphop og r&b-regionen.                                                               

24. Woods – City Sun Eater In the River of Light
Sol og groove og jazzkrydra pop-psykedelia.                                                                           

25. Tom Roger Aadland – Blondt i Blondt
Dylan og vestlandet og skikkeleg musikalsk omsetjing                                                            

26. Diiv – Is The Is Are
Ein poprytmisk odyssé om eit liv som hang i ein tynn tråd.                                                     

27. Savages – Adore Life
Livet er elektrisk, hånda er knyta og groovet gløder.                                                               

28. Kyle Craft – Dolls of Highland
Ein stad mellom Glam og Dylan hiv Kyle Craft seg ut i det.                                                   

29. Thee Oh Sees – A Weird Exits
Ein bra dose groovy psykedelia frå ein produktiv fyr og hans medsamansvorne.                   

30. Brigid Mae Power – Brigid Mae Power
Stillferdige folk-songar som smyg seg tett innpå.  

Og sidan eg først var så godt i gang, og ikkje har vit til å gje meg medan leiken er god, så listar eg altså like godt opp tjue til:                                                                      

31. Preoccupations – Preoccupations
32. Heron Oblivion – Heron Oblivion
33. William Tyler – Modern Country
34. Cian Nugent – Night Fiction
35. Solange – A Seat at the Table
36. Bon Iver – 22, A Million
37. Whitney – Light Upon the Lake
38. Frøkedal – Hold On Dreamer
39. Frank Ocean – Blonde
40. Hiss Golden Messenger – Heart Like A Levee
41. Pinegrove – Cardinal
42. Mayflower Madame – Observed in a Dream
43. Marissa Nadler – Strangers
44. Exploded View – Exploded View
45. Michael Kiwanuka – Love and Hate
46. Chance The Rapper – Coloring Book
47. The Mystery Lights – The Mystery Lights
48. Haley Bonar – Impossible Dream
49. Daniel Romano – Mosey
50. Miranda Lambert – The Weight of These Wings


Bilderesultat for johan harstad max mischaBilderesultat for pedro carmona-alvarez bergen ungdomsteaterBilderesultat for frode grytten menn som ingen trengBilderesultat for tomas espedal året

Bøker har eg også lese. Nye bøker og gamle bøker. Gode bøker og dårlege bøker. Eller kanskje ikkje, kanskje har eg ikkje lese dårlege bøker. I alle fall ikkje ferdig. Og då kan eg vel kanskje ikkje seie at eg har lese dei. For eg veit jo ikkje alt om dei. Og kanskje er dei ikkje dårlege, kanskje har eg berre ikkje funne dei interessante. Og det er jo noko anna. Kanskje har eg ikkje gitt dei ein skikkeleg sjanse. Eller kanskje var det slik at dei ikkje fortente ein skikkeleg sjanse, nokon av dei i alle fall. Den siste boka eg leste har eg nett lagt frå meg, den var ikkje dårleg. Den heiter Europeana. Den tar for seg den europeiske historia frå 1900 til 1999 (pluss nokre blikk utafor kontinentet). Skarve 130 sider blir sett av til det. Ført til torgs i eit språk som får meg til å tenke at slik skulle eg ynskje eg klarte å skrive. Lett, suggererande (ja poetisk) og konsist. Nokre gonger fekk boka meg til å humre litt, før den like etterpå sørga for at humringa sette seg grundig fast i halsen. Historias groteske handlingar blir skildra i ei iskald faktaform. I spedd små anekdotar som ytterlegare synleggjer kva menneske kan få seg til å gjere av bestialske saker. Temaa er sjølvsagt mange, men nazismen, kommunismen, religionen og psykoanalysen er blant dei sentrale raude trådane. Forfattaren er tsjekkisk og heiter Patrik Ouředník. Han skreiv boka ferdig i 2001, og har mottatt både prisar og internasjonal åtgaum for den. I norsk omsetjing, som er den eg har lese, kom den i 2015.

Eg starta året med å lese ei langt tjukkare bok. Johan Harstad sin Max, Mischa & Tetoffensiven (utgitt seint i 2015). Max fortel historia. Frå han som gutunge, tidleg på åttitalet, sterkt ufrivillig flyttar frå Stavanger til New York. Og det er der i verdsmetropolen størstedelen av historia breier seg ut. Det handlar om vennskap og avstand, og ein onkel. Og alt er slett ikkje slik ein skulle tru det var. Det handlar om teater og film og kunst og musikk. Frå Hüsker Dü til jazz til lyrisk pianospel. Frå Apokalypse Nå til stormen Sandy. Romanen går fram og tilbake i tid, men surrar seg aldri vekk frå sin eigen historie. Med både lett og eigenarta penn skriv forfattaren fram ei forteljing eg forsvann inn i nokre veker i januar 2016. Den blei ikkje borte etterpå heller.

Frå den same storbyen, frå New York City, har også Garth Risk Hallberg skrive fram ei omfangsrik historie. En by i brann er den norske tittelen på ei bok som i tid spenner over nokre månader i 1977. Frå eit skjebnesvangert pistolskot til byen bokstaveleg talt blir mørklagt eit heilt døgn. Persongalleriet er stort, og dei kryssar og kryssar ikkje kvarandre sine spor. Her er folk som går over lik, og her er folk som blir til lik. Her er folk som surrar det til og her er folk som berre vil det beste. Her er kunst og punk og ein by på randen. Forfattaren har store ambisjonar med historia, og skriv stundom fram passasjer som gnistrar. I andre passasjer mister han momentum, og det blir litt dødt. Så ei litt ujamn bok.

Om våren er den tredje boka i Karl Ove Knausgård sin kvartett med årstidene som gjennomgangstema. Av desse fire er det den boka som har mest slektskap med Min kamp-serien. I korte trekk handlar den om ein far og ei nyfødt dotter, hennar eldre søsken, og mora som har forsvunne inn i ein depresjon. Boka fortel meg at det er det daglegdagse strevet og livet som er sjølve livet, enten ein vil det eller ikkje. Tomas Espedal ville også skrive ei bok om årstidene. Den startar i april og sluttar i november og heiter Året. Forfattaren kretsar rundt sitt eige, men transformerer det om til det allmenngyldige. Det handlar om døden og kjærleiken. Det handlar om reiser og drikking. Eller livet, om du vil. Ei lita, snøgglest, og poetisk bok.

Tore Renberg tok i år ein liten pause ifrå det han har kalla Teksas-serien sin og fortalte ei lita vond historie om ein mann som med sitt vesen blendar dei han møter. Før noko anna byrjar å melde seg. Ein mistanke, ei uro. Du er så lys er mørkare enn tittelen tilseie. Renberg har forresten for første gong tydd til nynorsk i denne boka, og gjer det bra. Å skrive bra på nynorsk er noko Frode Grytten har gjort i ein del år no. Med årets bok Menn som ingen treng er han tilbake i novellesjangeren han ved nokre høve tidlegare har vist at han har eit spesielt grep om. Slik også denne gongen. Gjennom ti historier om menn som lever opp til bokas tittel. Frå dei hjelpelause til dei uheldige. Frå dei ærlege til dei uærlege. Fortalt med akkurat dei orda som skal til. Aller sterkast gjort i opningsnovella 1974, der eg-forteljaren ser tilbake på nokre skilsetjande månader då han var ung. Prega av svik, erotikk og klassemotsetnad. Tre ord som heller ikkje ville vere heilt fjerne i eit forsøk på å beskrive Pedro Carmona-Alvarez sin roman Bergen Ungdomsteater. Den andre om Marita. Ho som blei fødd nokre år etter at tvillingsøstrene hennar omkom i ei tragisk ulykke. Og som forfattaren starta å fortelje om i romanen Og været skiftet og det ble sommar og så videre. I bok to er faren reist tilbake til USA, og Marita flyttar til Bergen med mora, utan at mora kjem seg vidare i livet av den grunn. Men Marita prøver. Ho er tenåring, ho blir kjent med Johannes, og ho blir kjent med Andreas. Forfattaren fortel i eit melankolsk og rytmisk språk, eit godt språk, om vennskap, om einsemd og det å komme i andre rekke.

Dei to siste bøkene i Elena Ferrante sin Napoli-kvartett (Dei som flyktar og dei som blir og Historia om det tapte barnet) har også stått på menyen dette året. Lena og Lila blir vaksne, delvis i vennskap, delvis i fiendskap, men heile tida med ein avhengigheit av kvarandre. Åleine og saman utfordrar dei normene i bydelen dei vaks opp. På same vis og på ulikt vis er dei begge prega av bydelens jantelover og valdelege løysingar. Forfattaren evnar framleis å halde på lesaren frå side til side. Sjølv om det i desse to bøkene er parti der enkelte tema blir dvela vel lenge med. Slik opplevde eg det ikkje i dei to første.

2016 skulle også bli året då Nobels litteraturpris for første gong gjekk til ein songskrivar. Det har vore snakka om det nokre år. Snakka om at Bob Dylan burde få denne prisen. Snakka om kor vidt han fortener denne prisen. Den diskusjonen stilna ikkje akkurat av når han no endeleg fekk den. Sjølv har eg ei ganske så klar oppfatning av at mannen fortener prisen. Det har Gisle Selnes også. Tilfellet ville det slik at han kort tid etter at kunngjeringa var klar kom ut med ei fyldig bok om songane til Dylan. Den store sangen har han kalla den, med den noko audmjuke undertittelen «Kapitler av en bok om Bob Dylan». Han går her grundig inn i korleis Dylan har henta inspirasjon og drive med kreative tjuveri ifrå den amerikanske musikkarven. I tillegg dreg han linjer frå songane hans til dikt og skjønnlitteratur (frå Shakespeare til Edgar Allan Poe til T.S. Elliott til Jack Kerouac, og så vidare). Om ein har ei litt over gjennomsnittleg interesse for Dylans musikk skulle ein ha mykje glede av Selnes utlegningar om stoffet.

Ryley Walker – Golden Sings That Have Been Sung

Standard

Folkrocksongar som er meir enn det.                                                                                             8

Bilderesultat for ryley walker golden sings that have been sung  Det første eg høyrte frå Golden Sings That Have Been Sung (for ein utmerka platetittel forresten) var songen The Roundabout. Eg høyrte den på ein cd som låg ved eit nummer av musikkmagasinet Uncut. Der dukka den opp som spor nummer to i hælane på ein fersk Teenage Fanclub-låt. Eg hadde ikkje studert på førehand kva cd’en inneheldt. Eg berre putta den i bilstereoen. I det Ryley Walker sette i gang å synge trudde eg det var Steve Gunn. «There’s no instance in conscience or convenience» song han, og eg trudde det var Steve Gunn som song ei Steve Gunn-låt eg ikkje hadde høyrt før, men som virka å vere ei ganske typisk Steve Gunn-låt. Trudde eg, nokre sekund til, før eg fatta at røysta ikkje var heilt Steve Gunn. Eg fiska opp coveret og konstaterte at: nei, det er jo Ryley Walker, han der fyren som eg i fjor, då han dukka opp med andreplata si Primrose Green, fekk meg til å tenke på Van Morrison. Rett nok ikkje for stemma si skuld, då var det coverbildet som lurte meg litt.

Vel, vel, tonar frå Walker sin akustiske gitar rullar, rullar venleg og suggererande, i eit varmt groove. «You can find me at The Roundabout» formidlar Walker eit par minuttar inn i songen, ein elektrisk gitar knurrar varsamt som eit svar på det. Og så rullar låta vidare, og Walker syng om det som fell han inn, om ein venn som ler fordi han skal få ei dotter, om far sin som han trur «wanted a daughter», om passasjerdøra som ikkje funkar, om å vere kledd i ein gammal frakk «with a couple of war badges and a two cent stamp», slikt. Og eg får meg ikkje til å tru anna enn at The Roundabout må vere ein bra plass. «You can find me at The Roundabout» syng Ryley Walker for tredje gong, i det songen rullar mot sin siste tone. Medan eg rullar vidare, svingar ut av ei rundkøyring, finn The Roundabout, igjen, og rullar vidare.

Sist gong eg skreiv noko om Ryley Walker, og det er ikkje så lenge sidan, det var i fjor og det handla om andreplata hans, så hadde eg eit sterkt fokus på Walker som gitarist. Det kan eg for så vidt ha no også, han trillar fram gode tonar frå den akustiske gitaren sin, men eg vil heller denne gongen ha meir fokus på Walker som låtskrivar og songar, eller singer/songwriter som det vel også kan heite. Eg opplever nemlig at den unge mannen (han er 26 år) har blitt ein rett så interessant slik ein. Det er noko med songane her som gjer inntrykk av å vere Ryley Walker slik han er. Som fører til at han skil seg litt ut. For all del, han opererer i eit felt der det har funnest mange før han. American primitive og den engelske folktonen som har vore grunnlaget i det han har drive med så langt i sin karriere har han imidlertid rusla litt bort i frå. Vel og merke ikkje i tydinga fjerna seg heilt ifrå, for det har han ikkje. Folk som Nick Drake og John Martyn lurer framleis i skuggane. Men nærast han, nærast tonane Walker har skapt til denne plata, står Mark Eitzel og sveiar. Står der med eit snev av blå jazz i ryggmargen, og lar folk bli til rock, eller rock bli til folk, eller berre gjer det han må gjere, syng om baren og tørsten og det som manglar når han vaknar. Mark Eitzel altså, som frontfigur i American Music Club, eller berre på eiga hand. Eg seier ikkje at det er akkurat der Ryley Walker er på denne plata, men han er i nabolaget ein stad. Temmelig langt vekke frå blomsterenga han satt i på coverbildet til Primrose Green. På ein annan stad enn naturmetaforane og det noko matte draget som prega det tekstlige den gongen. No syng han linjer og vers av ein røffare støyping, som går tettare på det mellommenneskelige. Tettare på songaren sjølv kanskje?

Seventeen past three, and I’m waiting on a friend
He owes me cigarettes, and I owe him gasoline
Half past four, and the speed is kicking in
Honey, come on over and I’ll show you where I begin

«And with a sullen mind, I carry you» lyde det så når songaren like etterpå kjem til refrenget. Og det går jo kanskje ikkje så bra? Humøret tatt i betraktning altså. Men bra er den elektriske gitaren (for ikkje å seie gitarane) som kastar sine glør over songen. Sullen Mind, albumets mest elektriske nummer.

Funny thing she said to me
Why’d you even come over last night?
You’re chiming in the wrong shade of blue
Saturday night meant nothing,
but I know that Sunday was true

Før det, før songen har komme så langt, ja heilt innleiingsvis, har ho sagt noko anna merkelig, «I could see you giving me a child» har ho sagt, til han. Han får ikkje heilt tak på det, tak på kva ho vil med han. Songen heiter sjølvsagt Funny Thing She Said og sig fram i ei jazzig form, med trommevisping og litt bratsj-skjelv. Eg tar den like godt inn kneståande.

What’s a mile a minute to somebody walking
backwards in daylight savings time?
Not very fast I guess
Go on, take my advice brother
Skip out on the bill, and piss on the rest

Slik lyde eit av dei fire versa som gjer seg til kjenne i avslutningsnummeret Age Old Tale. Verken det verset eller dei andre etterlet meg særlig sikker på kvar Walker vil hen. Slik eg for så vidt opplever fleirtalet av songane på plata. Men det er likevel noko forteljande over det han formidlar. Det sviv ein slags historie utav songane her. Nokre snillare enn andre, utan å bli direkte snille. Nokre syrlegare enn andre, utan å bli ufyselige. Og Age Old Tale er innom heile spekteret. Noko den tar seg god tid til. Drygt åtte minuttar. Frå den startar ut med atonal gitargnikking til eit vakkert harpetema tar over og låta driv inn i seg sjølv og ekspanderer varleg mot sin sjølvsikre konklusjon: «I’m beloved by the loved, who love to love, And I can still cut loose on a weekday night».

Albumet er spelt inn i Ryley Walker sin heimby Chicago, med tidlegare Wilco-medlem Leroy Bach i produsentrolla. Ei rolle han har stetta godt. Han og Walker og dei andre sju som spelar på plata har skapt eit klangfullt og luftig lydbilde, ein tiltalande stad mellom intrikat og ukomplisert.

TIDAL: RYLEY WALKER – GOLDEN SINGS THAT HAVE BEEN SUNG

Musikalsk årsoppgjer 2015

Standard

Berre ei liste

Dei førti (for ikkje å seie femti) beste albuma eg har høyrt i år (av slike som kom ut i år). I ei ikkje heilt tilfeldig rekkefølge, men bra er dei alle.

  1. Father John Misty – I Love You, Honeybear
    Uvanlige kjærleikssongar i eit faderlig sterkt folkpopmelodisk famntak. Der kontrastane lever i beste velgåande. Behaget eksisterer side om side med ubehaget. Uroa luskar i fotspora til roa. Smektande strykarar er ikkje garantistar for at fred og fordragelegheit er neste stasjon. Men det vakre er skånsellaust vakkert, og eg kapitulerte.
  2. Kendrick Lamar – To Pimp A Butterfly
    Det er sting i formidlinga, dobbel- og trippeltyding i det uttalte. Det er ein rå poesi i linje etter linje, og ein sonisk nyanserikdom som kontinuerlig held seg på sporet. Det er slikt som er med på å gjere utslaget, i årets mest funky reise.
  3. Ezra Furman – Perpetual Motion People
    Song etter song storma den over meg. Energisk i si framferd, melodisk i sitt vesen. Full på fridom og sing-a-long. Ein skikkelig ukomplisert og uimotståelig rakkar viste den seg å vere. Viser den seg framleis å vere. Eg byrjar å få ein mistanke om at den kan ha evig liv.
  4. Sufjan Stevens – Carrie & Lowell
    Elleve vakre songar. Folkpopmelodiar som kjem grasiøst smygande, og som blir verande. Elleve sakrale og stille skrik. Hjerteskjerande linjer om sakn, lengsel og uforståelige kjensler. Om ei mor som ikkje var der, og som no er død.
  5. Girl Band – Holding Hands With Jamie
    Bråk, til tider eit helsikkes bråk. Men ikkje eit meiningslaust eit. Ein herlig miks av dei motoriske faktene frå krautrocken, den klassiske lågt/høgt-dynamikken, og ei hardcore-innstilling. Noko i den duren i alle fall.
  6. Courtney Barnett – Sometimes I Sit and Think, And Sometimes I Just Sit
    Finurlige tekstar som kan kalle fram eit skeivt smil, eller få ein til å grunne litt. I eit laust, ledug og energisk rock’n roll uttrykk der det meste er upolert, og ganske så uimotståelig.
  7. Tame Impala – Currents
    Popsongar i ein straum av åttitalets synthlyd miksa med funk og disco, men utan at kjærleiken til  sekstitalets psykedelia-tonar er blitt kasta over bord.
  8. Simon Joyner – Grass, Branch & Bone
    Ni folksongar der den akustiske gitaren leiar an. Ei halvskakk og vakker songpoetisk ferd inn til svunne draumar og gulna minner.   
  9. Ought – Sun Coming Down
    Ein postpunkenergi som riv og slit, som koplar på og koplar feil. Mørkesøkande og ikkje heilt ufarlig, men først og fremst livlig påkopla.
  10. TRAAMS – Modern Dancing
    Med groovet godt intakt byr denne sør-engelske trioen opp til ein postpunkdans av det friske slaget.
  11. Sleater-Kinney – No Cities To Love
    Bandcomeback må ikkje vere traurige greier, det kan gnistre også. Ja nesten «shake it like never before».
  12. Destroyer – Poison Season
    Dunkle kammertonar, brunstige blåsarar, og giftig og svartsynt poesi. 
  13. Laura Marling – Short Movie
    Med litt meir elektrisitet enn tidlegare zoomar Marling igjen inn på tilværets dilemma.
  14. Daniel Romano – If I’ve Only One Time Askin’
    Country på gamle måten anno 2015: Trist og friskt.
  15. Sun Kil Moon – Universal Themes
    Ein gretten gubbe og hans empatiske sider.
  16. Syntax TerrOrkester – Bydrifter
    Rock i original kledning, poesi på reinspikka karmøysk – aldeles storarta.
  17. Punch Brothers – The Phosphorescent Blues
    Mandolin. Banjo. Fele. Akustisk gitar. Kontrabass. Slikt blir det fort bluegrass av. Punch Brothers vil det annleis.
  18. Tønes – Vindbrest
    Gjenkjennelig surrealisme og underfundig realisme, slik berre Tønes gjer det.
  19. Erlend Ropstad – Det Beste Vi Får Til
    Like mykje som songar og viser og slikt vil eg kalle det poesi.
  20. Dig Deeper – How You Spend Your Days
    Eit norsk rockeband som lever opp til namnet sitt, og finn skatten.
  21. Protomartyr – The Agent Intellect
    Frå avdelinga «nyare postpunk det gnistrar litt av».
  22. Ryley Walker – Primrose Green
    Ein angloamerikansk folkrocktone dyppa i jazz og leduge arrangement
  23. Kurt Vile – B’lieve I’m Goin Down
    Vile og songane hans går sin slacke gode gang.
  24. Fjorden Baby! – Oh Yeah!
    Med koking og loking og det som meir groovy er har bergensbanden skapt gode tilstandar her inne i kroken.
  25. Wolf Alice – My Love Is Cool
    Ein kvartett frå London som albumdebuterer med pop i tonane og blod i sikte.
  26. Robert Forster – Songs To Play
    Ein ny dose sympatiske popsongar frå den levande Go-Betweens legenda.
  27. Vince Staples – Summertime ’06
    Ei dyster og motsetningsfull affære, i eit fortetta sonisk landskap
  28. New Order – Music Complete
    Hook er hekta av. Keyboardet er ganske så framtredande. Det same er også ein panoramisk og velgjerande poptone.
  29. Nadia Reid – Listen To Formation, Look For the Signs
    Ein albumdebutant frå New Zealand med ein folk/americana tone av det særdeles innbydande slaget på tapetet.
  30. Israel Nash – Silver Season
    Ein texanar ifrå Missouri har komme fram til sin psykedeliske sesong.
  31. Viet Cong- Viet Cong
    Eit tvilsamt bandnamn. Ei mørk og dyster ferd inn i dei meir dystopiske krokane av postpunken.
  32.  Susanne Sundfør – Ten Love Songs
    Samspelet mellom slikt som fenger og slikt som har motstand i seg. Spretten synthpop og dunkle strykarar. Susanne Sundfør får med sjølvsagt eleganse slikt til å funke i hop.
  33. Algiers – Algiers
    Soul og gospel og postpunk. Full energi, knyta nevar og revolusjon i blikket.
  34. Corrina Repp – The Pattern of Electricity
    Skjørt og nakent. Elektrisk og uroleg. Melodisk og dirrande. Verdt å vitje.
  35. The Switch – B For the Beast
    Der popen blir innhaldsrik, kaleidoskopisk og skikkelig påskrudd.
  36. Jamie xx – In Colour
    Jamie frå The xx sin soloalbumdebut er intrikat og minimalistisk, sakte synthflytande og basskraftig. Fargerik, og rytmisk som ein døsig ettermiddagspuls.
  37. Car Seat Headrest – Teens of Style
    Einmannsband. Skranglete låg-fidelity med pophooks og folktristesse.
  38.  Beach House – Depression Cherry
    Ny forsyning med draumande popsongar på sakte puls. (Eit av to album frå duoen dette året).
  39. Low – Ones and Sixes
    Trioen har denne gongen vikla meir elektroniske lydar inn i sine dulmande tonar, utan at det skadar.
  40. Dungen – Allas Sak
    Når gitaren og fløyta og groovet finn sin skapnad, og bilder av aude trefylte landskap veks fram, då er eg i Dungens psykedeliske og suggestive verd. Alltid ein god stad å vere.
  41. Panda Bear – Panda Bear Meets the Grim Reaper
  42. Waxahatchee – Ivy Tripp
  43. Deerhunter – Fading Frontier
  44. Young Thug – Barter 6
  45. Jim O’Rourke – Simple Songs
  46. Julia Holter – Have You In My Wilderness
  47. Daniel Kvammen – Fremad I Alle Retninga
  48. Twerps – Range Anxiety
  49. Autobahn – Dissemble
  50. Best Coast – California Nights

Og så har eg lest ein del bra bøker. Strengt tatt har eg vel brukt minst like mykje tid på det som på musikken. Både gamle og årsferske bøker. Av den siste sorten (årsferske i alle fall i norsk omsetting), fekk eg hug til å nemne nokre:

Roberto Bolaño – 2666
Den chilenske forfattaren Roberto Bolaño døydde i 2003, 50 år gammal. Han var då i siste fase for å ferdigstille sitt storverk 2666. Året etter vart boka utgjeven. Sannsynlegvis så godt som i den forma forfattaren sjølv såg den føre seg. I år ligg den så føre i norsk omsetting. Det er ei tjukk bok (940 sider). Den består av fem bøker. Fem forteljingar. På eitt vis separate forteljingar, på eitt vis nestar dei seg alle i hop i den siste forteljinga. Boka kvalifiserer tvillaust til karakteristikken «ein mangslungen og gåtefull roman». Den er ikkje fullt ut til å forstå. Den går fleire vegar. Hovudvegar, sidevegar, grusvegar, gjengrodde vegar, blindvegar. Den fylgjer desse vegane med ein desperasjon i seg. Og skildrar lidenskap og djevelskap, galskap og draumar. Den er ambisiøs så det held. Den er ein feber av ei bok, og eg må så definitivt lese den fleire gonger.

Elena Ferrante – Mi briljante venninne / Historia om det nye namnet
To bøker, halvparten av ein kvartett. Napoli-kvartetten.
Med eit direkte språk, fritt for dilldall, fortel Elena Ferrante ein medrivande historie om oppvekst, vennskap, kjærleik, fiendskap, vald og makt (og meir til). Sentralt i historia finn vi forteljarstemma til Lena og hennar venninne Lila, og det kontrastfulle vennskapet mellom desse to — både blømande og destruktivt, både støttande og rivaliserande. Lena kjempar seg, til trass for si låge sjølvkjensle, utav kvartalet og til ei universitetsutdanning. Lila, den tøffe og kreative, blir att der og kjempar ein slags sjølvdestruktiv kamp med mann, nabolag og mafiaen.
Bøkene er omsett til levande nynorsk og har ei skikkelig pageturnerkraft (i løpet av 2016 vil kvartetten bli fulltalig).

Patti Smith – M Train
For nokre år sidan fascinerte ho med historia om vennskapet mellom seg og Robert Mapplethorpe (Just Kids). Denne gongen møter vi i hovudsak den godt vaksne Patti Smith. På reise til Berlin, til Mexico, til Japan, eller vandrande rundt i New York (særlig då til stamkafeen sin på hjørnet). Innimellom vitjar ho, i tankane, tida ho hadde med ektemannen sin Fred Smith (fram til han brått døydde i 1994). Ho deltar på ein konferanse om polarforsking, vitjar Frida Kahlo museet, ser på engelsk krim på eit Londonhotell, men ikkje minst fortel ho om litteratur ho er glad i. Og det er i dei passasjane eg kanskje synk djupast inn i boka. Når ho fortel om sin kjærleik til bøker av Jean Genet, Sylvia Plath, Michail Bulgakov, W.G. Sebald, Haruki Murakami, Roberto Bolaño, og så vidare.
Side etter side driv så makelig og godt forbi, heilt naturleg, assosiativt og sympatisk.

Jonathan Franzen – Renhet
Ikkje Franzen si beste bok (Den tittelen kjempar framleis Korrigeringer og Frihet om), men på sitt vis ei absolutt fengslande nok bok. Skitnare enn tittelen tyder på. Fortalt frå perspektivet til fleire av bokas karakterar, men med den unge kvinna Pip som hovudaktør. Eit namn som bringe tankane i retning Dickens-klassikaren Store Forventninger. Og noko Dickens er det vel kanskje over måten fleire av karakterane blir skildra på. Boka går fram og tilbake i tid. Femner mellom anna ein historie frå det delte Berlin, og tar føre seg internettets overvakings- og publiseringsmogelegheiter. Franzen har sannsynlegvis ein politisk intensjon med desse perspektiva. Personleg synst eg at han er betre, ja drivande god, når han teiknar opp sine romanfigurar på godt og vondt, og skriv fram strålande dialogar.

Og ikkje heilt ny av året, men gjenutgitt som trilogi i år, Jon Fosse sine tre eineståande kortromanar Andvake/Olavs draumar/Kveldsvævd:
Utanfor tid og rom, i eit suggererande gjentakande språk fortel Fosse historia om to (Alida og Asle) som elskar kvarandre. Ei vakker kjærleikshistorie. Samstundes: ei uhyggelig historie, ei historie som også inneheld død, sakn og bitter fortviling. Den er ikkje festa fast i slikt som logisk sett nødvendigvis kan skje akkurat slik det her skjer, den har noko bibelsk og legendeprega over seg, men gjer likevel frå seg ei kjensle av å vere rå røyndom, ei dirrande kjensle av at dette handlar om ekte levande menneske. Slike som elskar og frys og kjempar og gjer handlingar som ikkje kan rettast opp att.
Det er vakkert, det er trist, og det set evigvarande spor.

Ryley Walker – Primrose Green

Standard

Ein angloamerikansk folkrocktone dyppa i jazz og leduge arrangement                                    7

  Eg kikkar på coverbildet og eg tenker på Astral Weeks. Kikkar på bildet og tenker på Van Morrison i 1968, og den heilt spesielle plata han kom med det året, Astral Weeks. På coverbildet kikkar han ned, Van Morrison, tankefull kikkar han ned. Og det er grønt rundt han, og bilde av nokre greiner veks saman med ansiktet hans, og det er litt slørete. Men bildet eg ser på er av Ryley Walker, sittande i ei blomeeng, med nøkleblomar i henda, han kikkar ned, bortvendt, mest sannsynleg tankefull. Og det er grønt rundt han, og bilde av nokre greiner veks saman med han, og det er litt slørete. Det er neppe tilfeldig.

Det er mykje, veldig mykje, 1968 i tonane som Ryley Walker skapar, i 2015. 1968, og 67, og 69, og nokre år til, litt inn på syttitalet. Det er ein folktone der, det er blues der, og det er jazz der, ja ikkje minst jazz der. Og av og til fraserar han slik Van Morrison gjorde, men Ryley Walker har ikkje ei røyst av Morrison-kaliber, på ingen måte. Av og til syng han tonar som kunne vore henta frå ei Tim Buckley plate, men han har ikkje ei røyst av Buckley-kaliber heller, på ingen måte. Og eg kunne ha nemnt Tim Hardin, og eg kunne ha nemnt Nick Drake, men kanskje er det meir rettvist å nemne John Fahey. For han er ein storarta gitarist denne Ryley Walker.

Ein storarta gitarist busett i Chicago som etter kvart har byrja å synge. Som har byrja å lage songar, men kanskje ikkje enno songar som stikk seg kraftig ut. Ikkje slike som Madame George, som I Never Asked To Be Your Mountain, eller som Reason to Believe. Ikkje på nokon måte. Walker lagar allrighte songar han, men ikkje slike. Det som imidlertid er av det gode her, ja kanskje eg kan driste meg til å seie briljante, det er dei lause, leduge, friske og opplagte arrangementa låtane hans har fått. Gjennom utsøkt samspel, mellom folk som har mykje jazz i blodet.

Primrose Green er det andre albumet til Ryley Walker. Det første kom i 2014 og bar namnet All Kinds of You. Mykje av tida fram til dess hadde han nytta til å fingerplukke strengane på sin akustiske gitar, djupt inspirert av John Fahey sin American primitive-tradisjon. Debutalbumet var ikkje utan slikt stoff, halvparten av låtane var instrumentalar, og bar den arven i seg. I nummera der han song var det ein blå folktone som lena seg mot øyregangane. Dette siste har han utvikla vidare på Primrose Green, utan at han heilt har lagt bort det første (det der med American primitive-tradisjonen).

På Primrose Green opplever eg det slik at den engelske folktonen spelar ei like sentral rolle som den amerikanske. Pentangle er eit namn som har komme meg i hu meir enn ein gong når eg har høyrt på plata. Dei hadde jo alltid ein jazzfarge på det dei gjorde, slik altså Walker også har lagt seg til. Summer Dress er kontrabass, trommer og vibrafon i jazzslag med ein el-gitar som riffar og knurrar i rockretning. Love Can Be Cruel er ein eggande konversasjon mellom akustisk gitar og vibrafon, og nokre få sungne men melodisk rammande linjer. Sweet Satisfaction er albumets mest intrikate nummer, ein folkblues med eit godt groove, som verkelig tar fyr i siste halvdel, både tempomessig og el-gitarmessig. Tittelkuttet er vel kanskje låta med mest Van Morrison i seg, ikkje nødvendigvis fordi den har slike ekstraordinært grøderike gitartonar, eller fordi den har eit godt og luftig vesen, men det er noko med tonen i den som gjer meg assosiasjonar som er i slekt med dei eg fekk då eg såg på coverbildet. Eit coverbilde som kanskje er tatt i nærleiken av Kishwaukee river, som renn i nærleiken av der Ryley Walker vaks opp. Han har laga ein song om å tilbringe tid On the Banks of Old Kishwaukee. Det er albumets mest klassisk folk-amerikanske spor. Det gjer seg så absolutt sånn midt inne i der.

Primrose Green: Ei plate å lene seg inntil, vugge i takt til, finne tonen saman med, til å bli glad i, faktisk.