Fontaines DC – Dogrel

Standard

    Bilderesultat for fontaines dc 2019

Fontaines DC. DC. Dublin City. Pulsen frå Irlands hovudstad slår tungt tvers gjennom dei 39 minuttane som er Dogrel. Debutalbumet til Fontaines DC.

«I always write about Dublin, because if I can get to the heart of Dublin I can get to the heart of all the cities of the world. In the particular is contained the universal,» sa James Joyce, like etter at han hadde gitt ut sitt berykta verk Ulysses.

Ei linje henta rett ut av ein song på Dogrel: «The radio’s all about a runaway model, with a face like sin and a heart like a James Joyce novel».

Eg skal ikkje legge dei samla verka til James Joyce i ryggsekken til dei fem unge karane i Fontaines DC, sjølv om dei sikkert kjenner sin Ulysses betre enn underteikna (førebels har mi lesing av boka stranda på side 200). Men eg vil hevde at, når det kjem til Joyce-sitatet over, så fylgjer dei i hans fotspor. Eg vil hevde at dei i dei 11 songane på plata søker mot hjartet av Dublin. Og eg vil hevde at dei i det dei bringe til torgs derifrå kjem opp med tekstlinjer som også kunne vore henta frå mang ein stad i verda, frå mangt eit liv.

Meir enn Joyce har eg høyrt bandet nemne dei amerikanske beat-poetane som inspirasjonskjelder. Eg har også høyrt at då dei starta ut som band hadde dei ein ambisjon om å låte som eit punka Beatles. Punk, postpunk, garasjerock, rock, rock’n roll. Sjangrar, ord. Dei kan vel alle bli trekt opp av eska om det skal gjerast eit forsøk på å seie noko om lyden av Fontaines DC. Ein lyd, eit band som ikkje er massivt, men som bråkar bra. Som slepp til luft og vågar å vise seg avkledd. Som er konsist og groove-lada, og til tider temmeleg ustyrleg.

Om enn ikkje fullt så ustyrlege som det bysbarna i Girl Band viste seg å vere då dei storma inn på scena med sitt debutalbum frå 2015, Holding Hands With Jamie. (Kor blei dei forresten av? Eg har ikkje høyrt snurten av dei sidan…men hei…der var ikkje den tanken tenkt ferdig før det tikka inn informasjon om at ein ny singel er like om hjørnet.). Måten Girl Band-vokalisten Dara Kiely angrip orda på, syngande, snakkesyngande, resiterande, er ein sentral del av det bandets uttrykk. Med same vokale metodar er vokalist Grian Chatten ei like sentral brikke i det Fontaines DC har føre seg.

«Dublin in the Rain is mine, a pregnant city with a catholic mind». Med Dublin-aksent og snert i ordelaget gjer Chatten det klart frå første linje kva gater han vandrar langs. Songen heiter Big og er over før det er gått to minutt. Hovudpersonen er ein ung mann med eit skjørt tankesett, og ein fiks idé om å snu ein tornefull oppvekst om til eit suksessfullt vaksenliv: «My childhood was small, but I’m gonna be big».

Chatten brukar ikkje fleire ord enn det som akkurat må til. Men kan gjerne finne på å gjenta eit vers både to og tre gonger. Som i det konfronterande nummeret Too Real. Der ein alt anna enn audmjuk hovudperson slår fast at «none can pull the passion loose from youth’s ungrateful hands», for så i ein yppig tone litt seinare å spørje «is it too real for ya?».

Og verkeleg kan det virke. Der songane slyngar seg frå gate til gate, frå pub til pub, frå tiggaren til den arbeidslause, frå drankaren til «the cool cool kid of the curbstone scene». Og for alle kan det vere ei snev av sanning i linja «you’re not alive until you start kicking». Ei linje som sparkar i gang låta Boys In The Better Land. Ein song med eit «runaway»-motiv: «If you’re a rockstar, pornstar, superstar – doesn’t matter what you are – get yourself at good car and get out of here». Til ein stad der graset er grønare. Eller kanskje ikkje, kanskje det berre er ein illusjon, kanskje det berre er prat: «You’re always talking about the boys in the better land».

Dogrel har ein smart poetisk snert, og den er heilt Dublin, og den er ganske universell, og den kjem i ei sonisk innpakking som ikkje vik ein tøddel.

TIDAL: FONTAINES DC – DOGREL

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s