Monthly Archives: juni 2018

Parquet Courts – Wide Awake!

Standard

Vakent, vakent, særdeles vakent.

RT0001LP Rough Trade Parquet Courts Wide Awake! (LP)  «Savage is my name because savage is how I feel» syng Andrew Savage, eller snakkesyng, eller snerrar, eller spyttar han harmfullt ut, som ei av ei rekke linjer i ein song om vald i Amerika. Violence er songens konsise tittel. Rundt han dansar ei groovy basslinje i loop, og ei basslinje til. Eg kjenner eit suggererande gyng feste taket i meg. Samstundes høyrer eg eit trommemønster utan tolmod. Eg høyrer ein elektrisk gitar komme innom og skingre. Eg høyrer punk full av funk, og ein songar full av ord.

Violence is the fruit of unreached understanding
that flower from the lips of scoundrels
It is a forest so dense and rooted in our past
It tempts us to become lost in its darkness

Det er songens innleiing. Savage tar ikkje derifrå vegen inn i det slagordprega. Han serverer eit komplekst senario. Med eit hovudtrykk på korleis heimlandets svarte befolkning står mest i fare for å bli ramma av valden. Og «in this pornographic spectacle of black lives» som han yndar å kalle det plasserer han seg i hopen av dei privilegerte. I dette landet der «violence is daily life», som dei syng dei tre andre i bandet, i refrenget, som om det er noko ein ikkje bryr seg så nøye om, fordi det er noko som berre er der, kvar dag. Ein kjensgjerning som verkeleg slepp laus den indre villmannen i Savage. Og inn frå venstre kjem George Clinton. I alle fall ei bassig røyst som minner om den gamle funk-kongen. «It’s hard to get used to getting used to violence» ytrar han, røysta. Eg kan ane ei viss motløyse i tonelaget.

Parquet Courts er komme fram til sitt Wide Awake. Eit album som er deira fjerde, femte, sjette eller sjuande. Alt etter kva som skal reknast som offisielle Parquet Courts-utgjevingar. Uansett, frå debutalbumet Light Up Gold såg dagens lys for cirka fem år sidan har dei vore blant dei vaknaste rockebanda der ute. På Wide Awake er dei forsyne meg vaknare enn nokon gong.

«Gjer det sjølv» verkar å ha vore eit mantra for bandet. Dei har invitert få andre i studio når dei har spelt inn plater. Frå speling til produksjon til albumdesign, dei har tatt seg av det sjølve. Denne gongen har dei plassert Danger Mouse i produsentstolen. Ein definitivt renommert kar i så måte. Som ein, nok ikkje heilt utan grunn, kunne frykte ville fjerne noko av gnisten til Parquet Courts. Det har han ikkje gjort. Han har derimot, sannsynlegvis med heilhjarta støtte frå bandet, injisert eit funkelement som ikkje gjer anna enn godt.

Høyr berre på tittelkuttet. Ja høyr og kast deg uti ein dans til tittelkuttet. Og syng gjerne med: «Movin» and groovin» and I ain’t ever losin» the pace». Det er ikkje noko særleg mindre enn ein fest unnagjort på drygt to og eit halvt minutt.  Så laust, så ledig, så funky. Ein dose punkfunk utan andre baktankar enn å begeistre. Full siger.

Det er to låtskrivarar i Parquet Courts. Det vil seie, alle fire i bandet er kreditert på kvar einaste låt. Men det er nå Andrew Savage og Austin Brown som har hovudansvaret. På tidlegare utgjevingar har det av og til vore ganske tydeleg kva som er ei Brown-låt og kva som er ei Savage-låt, medan det andre gonger har vore mindre tydeleg. Denne gongen er det veldig tydeleg. Av albumets tretten låtar er heile ti Savage-komposisjonar. Kvasse, røffe, groovy Savage-komposisjonar. Dei tre til Austin Brown er atskilleg mjukare. Dei har ein psykedelisk faktor, ein skakk melodiøsitet, og eit snev av Lee Hazlewood. Dei handlar om kjærleik, død, og sakn, og er spreidd jamt utover plata. Dei utgjer ei slags motvekt til Savage sine langt meir pågåande saker.

Eit utprega optimistisk bilde av tilstanden kring oss er det ikkje som blir teikna på albumet. Men det opnar med ein song som i alle fall formidlar eit forslag til ei løysing på korleis menneska bør samhandle for å ha det rimeleg godt med kvarandre. Tittelen Total Football har Savage henta frå den Nederlanske 70-tals måten å tenke fotball på. Ideen om at alle skulle kunne handtere alle posisjonar på banen. «Rebels, teachers, strikers, sweepers, better protected, whenever collected» konstaterer Savage, og hevdar at «collectivism and autonomy are not mutually exclusive». Ja ganske så glødande, for ikkje å seie brølande, let han vel i grunn etter seg liten tvil om at dette er noko han verkeleg meiner. I ei langt meir popmelodisk form er han innom noko av det same i avslutningssporet Tenderness. Ein song der fengande pianotonar gjer ein bra jobb, og der Savage reint songteknisk nærmast startar i ei crooner-form for så å ende i full flamme i refrenget. Ein song der han talar nihilismen og materialismen rakt imot, og heilt til slutt slår fast at han treng eit «fix of a little tenderness». Vakkert det.

Direkte vakker skal eg ikkje hevde at Almost Had To Start A Fight/In and Out of Patience er. Men eg merkar den. Med gjentaking som våpen får Savage fram eit nesten botnlaust sinne mot morbid politisk tankegang, mot valden (igjen), mot det urokkelege marerittet som stadig heimsøke han. Tre minutt og femten sekund med pur punk. NYC Observation er eit drygt minutt med pur punk. Meir tid treng ikkje Parquet Courts til å klistre eit tydeleg bilde av klasseskillet i heimbyen New York opp på veggen.

Freebird II er ikkje ei punklåt. Den er heller ikkje ein oppfylgjar av den gamle Lynyrd Skynyrd låta. Tittelen får ein kanskje plassere på humorkontoen, men songen er ikkje vidare humoristisk. Den handlar om omsorgssvikt. Om ein som ser tilbake på ein oppvekst med ei mor som var fråverande, som var meir i rusen enn i livet til son sin. Men det er ikkje ein bitter son som ser tilbake, det er ein mann som er blitt vaksen, som har klart seg, som vender seg til mora og slår fast at «I feel free like you promised I’d be».

Den aller første linja Andrew Savage syng på albumet lyder slik: «We are conductors of sound, heat and energy». Og du verden som Parquet Courts lever opp til det manifestet dei neste 38 minuttane.

9/10

TIDAL: PARQUET COURTS – WIDE AWAKE!