Category Archives: 2008

Musikalsk årsoppgjer for 2008

Standard

Eg er litt usikker på om eg har fylgt godt nok med i musikktimen i år. Det står mellom anna att å sjekke ut årets utgjevingar frå Department of Eagles, Deerhunter, Atlas Sound og The Walkmen.

Men noko har eg då fått med meg. Sånn cirka nok til at eg til slutt makta finne fram til ei liste eg meiner inneheld berre bra plater.

Ei lita handfull plater var i tillegg nær ved å trenge seg inn i nedre halvdel av lista, men måtte vike i siste juletime:
Trouble In Mind – Hayes Carll
Vampire Weekend – Vampire Weekend
Lie Down In the Light – Bonnie Prince Billy
Rook – Shearwater
Carried To Dust – Calexico
Nouns – No Age

Here we go:
10.Teddy Thompson – A Piece of What You Need
Han har sin arv, men gjer det på sin måte, Teddy Thompson.
Han veit kva popdynamikk er den unge Thompson. At luft og rom er like viktig som sonisk rikdom. Og at sveisne svingar, hektande refreng og eit sterkt melodisk ganglag er sentrale element for å lukkast. Så han gjennomfører det likeså godt bortimot heile plata igjennom. «Stop getting everything you want, and get a piece of what you need», syng han freidig nok. Det kan sjølvsagt stillast spørsmål ved om ein treng denne plata, men den er ganske så kjekk å vere saman med, så du skal ikkje sjå heilt bort frå det.

9.Kathleen Edwards – Asking For Flowers
Den ordkløktige og countryfolk-rockande dama frå Ottawa viser for tredje gong at ho er verdt å opne døra for. For sjølv om tonefylgjet ho gjer sine tidvis sitatfreistande tekstlinjer er langt unna å kunne gjere krav på karakteristikkar som originalt eller spektakulært, står ho definitivt fram som noko av det aller fremste 2000-talet har velsigna oss med, i det folkerike Joni Mitchell møter Lucinda Williams segmentet. Med Asking For Flowers gjer ho det kanskje endå litt meir overtydande enn på sine to førre framstøyt.

8.Lambchop – OH (ohio)
Eg spurde meg sjølv då eg fekk denne i henda: Treng vi endå ein ny runde med Kurt Wagner sine lakoniske og gåtefulle grubleri? Treng vi bli smurt langs ryggrada og stroken over pulsen av endå fleire grasiøse og saktevandrande tonar, som alle har nære slektningar på Lambchop-album vi allereie har frå før?
Etter nokre rundar med OH (Ohio) var eg ikkje i tvil om at Lambchop framleis er heilt greitt å ernære seg på. Sjølv om manerane er dei same gamle.
Kryptisk, surrealistisk, haustvakkert, kveldsstemt, skjørt og godgjerande. Ingen grunn til å pensjonere Wagner enno.

7.Okkervil River – The Stand Ins
Det gnistra av The Stage Names. Og det var meir. For frå same seanse: The Stand Ins. Ein del to. Ein svirebror. Ein litt meir svartsynt slektning, men definitivt ein slektning. Ein slektning som kjem opp frå under scenegolvet for å rette lyset mot både dei scenevante og dei som aldri vart til noko særskilt.
Påkjenningane ved å vere berømt og ettertrakta, strevet etter å bli det, og den evige kampen det er å få mellommenneskelige interaksjonar til å fungere er The Stand Ins sine sentrale tema. Tonen er ein tanke mørkare enn for eitt år sidan, utan at den eggande popen dei omfamna den gongen er borte. Og når Sheff sine tekstlige bravader i tillegg stadig er blant dei beste i dagens popverden, skulle det vere få grunnar til å takke nei.

6.Sun Kil Moon – April
Drygt 15 år etter at han kom luskande Down Colorful Hill er det ikkje så mykje som har endra seg hos Mark Kozelek. Mollstemte tonar i eit stoisk format, der ei ikkje uvesentlig uro ulmar i skuggane. Sjølv om endringsiveren er laber kan eg likevel ikkje sjå at April står tilbake for noko av det Kozelek har komme opp med tidlegare. Snarare tvert om, den er etter alt å døme nær det sterkaste han har levert. Varleg, akustisk, harmonistetta, elektrisk, dvelande, varm, trist (”sorrow came in floods this april”) og vakker som den er.

5.Drive-By Truckers – Brighter Than Creation’s Dark
Korta fortalte meg ingenting om at sørstatsbanden i Drive-By Truckers skulle varte opp med stoff for årbestelista i 2008. Men litt mindre buldrande og rockande og meir folk og country lada manifesterer årets utgåve av bandet seg som den mest varierte, låtsterke, givande, ektefølte. Og beste.
Brighter handlar om folk. Folk vi kjenner att. I nabohuset, i det målingavskala huset borte ved kiosken, i familiefaren på andre sida av gata, eller i den rastlause fyren i tredje etasje som stadig er på farten med Buicken sin. Folk midt i livet. Dei har sitt å strid med. Dei har sitt å fryde seg over. Stundom stirer dei nok inn i mørkret, men dei rettar også blikket mot håpet. Og mest av alt prøver dei å gjere det rette. Kva no det måtte vere.

4.Bon Iver – For Emma, Forever Ago
Bandet gjekk i oppløysing, kjærleiken likeså. Justin Vernon søkte einsemda i ei hytte i skogen. For rekreasjon og kontemplasjon. Og så hadde han med seg gitaren, innspelingsutstyr og, viser det seg, ei gudegjeven låtskrivarevne. Det kunne blitt sutrande og stereotypt. Det er blitt inderlig vakkert. Samstundes som det er full på ein nervøs energi som ikkje den gjennomsnittlege peiskos-trubadur er i nærleiken av å få fram.
Nei, Bon Iver er det lite gjennomsnittleg ved. Han har denne sjelfullt dynamiske måten å synge på, og han har desse songane. Skinny Love, The Wolves, Flume, For Emma, Re: Stacks,………. ”This is not the sound of a new man or crispy realization” syng han erkjennande mot slutten. Men det er i alle fall lyden av ein ny mann det skal bli spennande å fylgje framover.

3.Black Mountain – In the Future
Ein kan kanskje arrestere Black Mountain i å servere ei løgn med platetittelen på sitt andre album. For tonane på In the Future har meir enn ei solid forankring i saker vi har høyrt før. Black Sabbath, Led Zeppelin, Pink Floyd, Fairport Convention. Hard rock, prog, psykedelia og folk.
Men dei er langt meir enn ein etterlevning etter noko som hende for ein mannsalder sia. Black Mountain behandlar fortidstonane som om dei er heilt nyoppfunne. Tøft, coolt, glødande, inderlig og spektakulært. Der dei ikkje minst viser fram ei velutvikla forståing for kontrastar og snedige temposkift, og temperaturskift. Lys og skygge. Brutalitet og skånsemd. Mareritt og flower train. Maskulinitet og feminitet.
Slik svever Black Mountain inn i framtida på ei sky av både musikkhistorie og ungdommelig vitalitet. Helpless, hurting, holy, halo.

2.Fleet Foxes – Fleet Foxes
Seattlebandet Fleet Foxes tar oss med langt bort frå der eksosen flyt, asfalten kokar og betongen veks. Dei tar oss med ut i naturen, der fuglesongen er nær og sinnsroa kan få slå rot. Våren 2008 stod dei fram som eit aldri så lite ruralt folkpop-under tufta på gamle tonar, like naturleg og friskt framstilt som lerkesong ein grønkledd vårdag.
Og alle saman syng dei. Slik høyrest det i alle fall ut i vokalharmoniane som dekorerer dei fleste låtane her på slikt eit erobrande vis.
Ein harmonifull lyd som har mykje sakralt og intimt med seg, men som samstundes har noko monumentalt og høgstemt over seg. Og det er ein eller annan stad midt inne i denne syntesen at deira eigenart vert skapt. Ei eigenart også farga av lovprising, surrealisme og varleg melankoli.

1.Portishead – Third
På midten av nittitalet var trip-hop og Portishead det coolaste ein kunne like. I 2008 var trip-hop, for dei aller fleste av oss, og Portishead spesielt, noko som var rimelig passé. I 2008 utfordra Portishead oss derfor med andre tonar. Tonar som nok ikkje står i fremste rekke når soundtracket til middagsselskapet skal planleggast. For Portishead anno 2008 gjekk motsatt veg av det dei fleste band gjer 15 år etter at dei starta opp. Portishead er blitt ei bistrare, farlegare og langt meir pågåande greie. Ei kompromisslaus greie som sender sushien i vrangstrupen og sjampanjen ut vindauga.
Third er ingen lettfordøyelig og enkel plate. Third er eit dunkelt, komplekst og mangesidig stykke musikk som veks seg stadig meir interessant. Third er detaljrikdom, men også ei sonisk presis og rasjonelt arrangert affære. Third er ein mosaikk som gys og gnistrar i ein psykedelisk månedans, ganske så langt borte frå dei lykkelige poplåtane og trivielle stemningane.
Når det var på dette viset trioen skulle vende tilbake, ja då får ein vel kanskje håpe at det ikkje var deira siste sukk.

 

Sånn i ettertid er det jo blitt klinkande klart for meg at (det tok berre eit par veker):

Jamey Johnson sin That Lonesome Song

og

The Walkmen sin You & Me

er to av dette årets aller beste plater.

Nokre andre plater det i ettertid har gått opp for meg er storarta greier:

Paul Weller – 22 Dreams
Dungen – 4
Songdog – A Wretched Sinner’s Song
Gjermund Larsen Trio – Ankomst
Lykke Li – Youth Novels

Wolf Parade – At Mount Zoomer

Standard

Paraden går med litt stødigare skritt gjennom eit meir komplekst landskap denne gongen, men energien er der, og den melodiskapande evna med.

7

cover

Den første lange paraden var etter seiande full av Apologies to the Queen Mary, men dens fremste kjennemerke var no like fullt at den hadde form som ein vilter og ikkje alltid like fokusert sparringskamp mellom dei to frontmennene Boeckner og Krug. Når denne åtferda i tillegg fekk kraftfull backup av deira medmarsjerande, ja så vart det heile til eit nokså tøyleslaust opptog. Tøyleslaust og hektisk, men definitivt med eit vinnande vesen.

Når gjengen no i desse dagar er ute og paraderer att har dei justert ein del på bevegelsesmønsteret. Den hektiske sparringa er erstatta av meir samordna, om enn ikkje alltid like enkle, dansetrinn. Førre gong hadde dei sine balansevanskar. Denne gongen har dei eit stødigare ganglag. Ja ein kan vel enkelt seie at dei har modnast ein del. Vekke er mykje av det ungdommelige pågangsmotet og den unektelige sjarmfaktoren. Fram på avenyen kjem i staden ein gjeng med større kompleksitet i uttrykket, og ei hakket skarpare utvikla melodiskapande evne.

Eg var aldri inne på tanken å definere Wolf Parade som ei prog-akt førre gong. Langt i frå. Men tanken har meir enn streifa meg denne gongen. Det spretne og popslekta i store deler av melodimønsteret deira, samt eit tidvis nesten manisk postpunkslekta sinnelag, forpurrar imidlertid dei fleste tankar på at det er det dei først og fremst har blitt. Eg tenker vel helst på dei som eit orkester som mitt oppe i sitt mangslungne opplegg ikkje har gløymt bort verdien av å gje hovudrolla til den melodiske grunntonen.

Wolf Parade har sine eigenrådige trekk, men dei driv ikkje med innovasjon. Dei ferdast der andre har vore før. Aller oftast finn ein dei i det stormande landskapet der Built to Spill og Modest Mouse ofte plar gjere opp sine rekneskap. Men dei er heller ikkje framande for å ta ein Bowie her og der. Og i opningssporet liknar dei sannelig meir på Television enn noko anna. Utan å skjemme seg bort av den grunn.

Nei då, Soldier’s Grin er eit inspirert stykke musikk det, som startar ut i drivande former før den halvvegs skaper seg om til ein seigare trave. Vokalisten syng ein desillusjonert soldat sin song, og vokalisten heiter Dan Boeckner. Noko han heiter på om lag halvparten av albumet. På den andre halvparten kan vi høyre den noko meir strangulerte røysta til Spencer Krug. Overgangane dei to imellom har eit mindre divergerande vesen på At Mount Zoomer enn kva som var tilfelle på debuten. Eg tykkjer ikkje det er noko minus.

Blant Spencer Krug sine bidrag utmerkar den skarpsindig varierte California Dreamer seg. Låta har lite tilfelles med tonar vi helst forbind med den staten. Med sine sprang frå det tandre til det pågåande er den vel snarare albumet sin fremste eksponent for lys/skygge effekten. Og så har den eit refreng som er fullstendig «postpunk-1979»; Oh I think I might have heard you on the radio, but the radio waves were like snow.

Albumet sitt mest catchy spor er det Boeckner-fronta «Bowie via Jarvis Cocker»-tilfellet The Grey Estates. Tett fulgt av Krug sin kåte og popfunky Bang Your Drum, nok ein gong med eit refreng som markerer seg; oh do they beat that drum to get you back home, or do they beat it to keep you away?

Til slutt slår dei to seg heilt og fullstendig saman i eit episk opplegg kalla Kissing the Beehive (som på eit tidspunkt også var tiltenkt som tittel for albumet). Her duetterar og duellerar dei i pasjonerte og fasetterte former. Om høgt heva overmot og armodsfull anger; «you held your cap in the air and called it a guitar, you put your face on the glass and called it good cinema».

At Mount Zoomer kjennes kanskje litt brattare å entre enn debuten, men har endå litt meir å by på. Så eit par litt fargelause spor til trass (Call It a Ritual og Language City), ingen grunn til å la ulvane paradere forbi utan å slenge seg med denne gongen heller.

Først publisert på Groove.no (i 2008)

 

Lucinda Williams – Little Honey

Standard

Før i tida hadde Lucinda Williams for å vane å lage meisterlige plater. Men det var før i tida.

4

cover

West skuffa. Kapitalt. Ei særdeles uvanleg oppleving når det kom til Lucinda Williams. No, etter ein del rundar med Little Honey sitt eg og grunnar over om uinteressante album er den nye stilen til Lucinda. For det er ikkje stort betre enn West dette her heller.

Men Real Love er bra. Opningssporet Real Love. Elektrisk, Stones-groovy og dunstande av openhjartig kjærleik til ein fyr «standing up behind an electric guitar».

Lucinda har visst funne sin store kjærleik. Så seier i alle fall Real Love. Og så seier den raude, men ikkje spesielt glødande, tråden som bender seg albumet igjennom. Lite på Little Honey tyder på at kjærleiken har spora henne til å skape dei meisterlige songane som pleidde dominere platene hennar frå 1988 sin sjølvtitulerte og fram til World Without Tears (2003). Snarare tvert om, dristar eg meg til å tenke. Utan at eg veit det minste vesle grann om kva som er årsaka bak Lucinda sitt fall frå uovervinnelig til høgst middelmåtig.

Men Circles and X’s er bra. Med sprukken røyst og i voggande countryskapnad fortel Lucinda om dagleglivets gjentakande hendingar. Det vante, det kjære, det keisame. Og så den vesle viktige x-faktoren. Låta vart skriven heilt tilbake i 1985. Hadde den fått plass på 88-utgjevinga ville den nok ikkje stått fram i fremste rekke. Her skin den. Litt.

Lucinda hadde for vane å lage låtar som sette merke etter seg. Med velartikulerte tekstlinjer i ei lidenskapelig atmosfære. No skrantar det på slikt. Tonane går på tomgang. Tekstane er flate og lettvinte. Og det sjelfulle har vandra heden.

Men If Wishes Was Horses er bra. Best. Den einaste her som bankar på døra til Lucinda sitt skattkammer av klassiske låtar. Passe dvelande, melodisk vinnande, og med ulmande legning. Ei bønn om å få ein ny sjanse, etter at fleire er brukt opp. Og den sentrale metaforen «if wishes were horses, I’d have a ranch» blir veldig greitt godtatt, i alle fall her i garden.

Susanna Hoffs og Matthew Sweet yte harmonisk hjelp på tre av spora. God harmonisk hjelp. På nemnte Real Love, og så er dei med og løfter Little Rock Star frå veldig gjennomsnittleg til ei låt det går an å ha eit høvelig forhold til. På countrytrippande Well Well Well harmonerer legendariske Charlie Louvin. Han har ikkje lenger røysta han hadde den gongen han for alvor hevda at Satan Is Real. Men innsatsen er dugande, og låta likeså. Det same har eg vanskelig for å seie om Elvis Costello sin innsats i Jailhouse Tears. Affektert og patetisk trur eg heller er meir nærliggande å kalle den.

Men ikkje like patetisk som Honey Bee. Ein vammel bluesrockar som lett fortener karakteristikken Lucinda Williams sitt mest håplause augeblikk. Bluesen Tears Of Joy er ikkje stort betre. Plump som den er. Og korleis ho i all verda har fått for seg at AC/DC-klassikaren It’s a Long Way to the Top skulle vere noko for henne er ei gåte eg har ingen intensjonar om å finne svaret på.

Eg foldar heller henda og ynskjer meg tilbake til den gongen Lucinda tok seg tid. Så please Lucinda, la det gå seks år no, til neste gong vi høyrer frå deg. Eg lovar å leve i håpet.

Først publisert på Groove.no (i 2008)

 

Teddy Thompson – A Piece of What You Need

Standard

Det er meir Orbison og Lowe enn det er årgangs-Thompson å spore i opplegget til Teddy. Det er i grunn veldig så greitt.

7

cover

Gjennom to album med haustfarga og folkprega popmusikk, samt eitt med coverversjonar av countrylåtar, har Teddy Thompson vist at han har noko meir enn berre namnet å fare med. Han har synt fram ei varm og flott røyst og låtskrivarevner av det godt dugande slaget. Her på sitt fjerde album er det mindre folkpreg over sakene. Tonane han vartar opp med er like fullt som oftast godt eldre enn han sjølv, utan at det hindrar han i å få det til å låte purt, friskt og flott.

Til å produsere sakene har Teddy fått med seg Marius de Vries, ein mann som har hatt den same rolla for folk som Björk, Madonna og Rufus Wainwright. Hans knotteskruing har heilt klart gjort sitt til at A Piece of What You Need er blitt eit endå meir raffinert og velsmurt album enn Teddy sine tidlegare. Dansande pop’n’roll i eit Orbison/Holly-møter-vårt-årtusen-via-Lowe/Isaak lune, med effektfulle brassinnslag og andre små subtile påfunn. Ja albumet er så smart og så riktig at ein av og til lurer på om det kanskje blir for perfekt.

Men det blir med luringa, for unge Thompson, de Vries og resten av bidragsytarane veit kva popdynamikk er. Dei veit at luft og rom er like viktig som sonisk rikdom. Og dei veit at sveisne svingar, hektande refreng og eit sterkt melodisk ganglag er sentrale element for å lukkast. Så dei gjennomfører det så godt som heile plata igjennom. På utsøkt vis. Men ein stad meir utsøkt enn nokon annan stad. Den heiter In My Arms, og er eit enkelt og fabelaktige lite popbyggverk, som når sitt toppunkt midtvegs idet de Vries startar pumpe ut fyrrige orgeltonar frå keyboardet sitt. Ein lysande hit (i alle fall i stova mi).

I Wanna See the Bright Lights Tonight song foreldra hans eit par år før han vart født. Eit noko klarare lys enn kva han har operert under tidlegare kan det òg virke som at Teddy har prøvd å finne fram til denne gongen. Eit meir sorglaust uttrykk. «This is a happy record» uttalar han sjølv. Før han modererer seg noko. «Well, maybe not happy, but upbeat. Actually, maybe not upbeat, but it does have some up-tempo songs». Heilt korrekt det Teddy, heilt korrekt.

For ein kan vel neppe kalle det skildring av lykke når han i The Things I Do fortel om eit psykiatrisk kasus som har store problem med å leve med seg sjøl og det han driv med. Og det er verken fryd eller sonisk tempo som dominerer den slepande balladen Where To Go From Here, der hovudpersonen står rimelig paralysert og ventar «at the edge of life». Einsemda som vandraren i den cinematiske balladen Slippery Slope (Easier) kjenner på er vel heller ikkje av det godgjerande slaget. Medan fyren som vaknar opp til ein New York-morgon «bright as Rapper’s Delight» i den snedige smygaren Turning the Gun On Myself, byrjar etterkvart som smerta melder seg og storbybråket tiltar å fundere på om han ikkje bør rette pistolen mot seg sjølv, og få ei slutt på lidinga.

Nå blir den siste der levert med ein god dose Thompsonsk svart humor mellom linjene, og håpløysa er vel sånn generelt sett sjeldan større enn at den ikkje kan legast på eit eller anna vis. Samstundes som dei fleste teikn på medgang og gode tider ofte blir mistenkeliggjorte. Sånn i eit Thompsonsk småsarkastisk ordelag. Utan at ein lykkelig slutt nødvendigvis blir slukt av nattemørket av den grunn.

«Oh shit, oh shit, am I happy or something» oppdagar han nærast sjokkert i What’s This?!!. Ei dame er i ferd med å flytte inn. Kva gjer ein då. Spolerer det, eller applauderer det? «Funny that I seem to care, usually I’m running scared, and I would, but it’s all to good».

Det avsluttande tittelkuttet (det vil seie, det som kjem før den etterkvart obligatoriske «hemmelige» coverversjonen av ei Everly Brothers-låt, The Price of Love heiter den denne gongen) er ei brasspynta og spretten ode til musikk med substans. Substans kontra det lettvinte og kortlevde. Thompson si oppfordring er som fylgjer; «Stop getting everything you want, and get a piece of what you need». Eg tippar at Thompson har eit sterkt håp om å vere leverandør av den sistnemnte sorten. Det er han vel også. For sjølv om ein heilt sikkert kan leve eit fullverdig og godt liv utan tonane til Thompson, er dei absolutt med og krydrar det litt om ein skulle vere så smart å plukke dei opp. Så gjer det.

Så får vi heller tilgje han, denne gongen, for at han (og plateselskapet) har vore særdeles knipne og lite smarte i si coverutforming. Det er tynt, og så godt som fritt for informasjon. Songtekstar, krediteringar og slikt er i staden å finne i fine former på heimesida hans på nettet. Det er neppe slik ein får selt ferdiginnspelte CDer framfor å bli utsett for fildelt nedlasting. I ein kommentar på den nemnte heimesida les eg at dette faktum har gått opp for Teddy også. Han beklagar påfunnet.

Først publisert på Groove.no (i 2008)

 

Richard Swift – As Onasis I & II

Standard

Hei hei Richard Swift kva har du gjort? Oppdaga Link Wray og rota deg bort.

2

cover

Er du blant dei av oss som har funne hugnad i unge Swift sin eigenarta og høgst potente retropop skal du slett ikkje vere så sikker på at du finn fyren like interessant As Onasis. For dette er noko heilt anna.

For nokre månader sidan gjekk det rykte om at Swift hadde funne vegen til Wilco sitt loft, der han skulle vere i full gang med oppfylgjaren til ulastelige Dressed Up For the Letdown. Om han berre tok seg ein pause derifrå, eller om han rømte loftet for godt, veit eg ikkje, men eg veit at han har vore i kjellaren. Vel, veit og veit, men det høyrest i alle fall sånn ut her på hans nyaste framstøyt.

As Onasis er noko så uvanleg som ein dobbel-EP. Det er absolutt ikkje nødvendig at den er dobbel. Strengt tatt er det alt anna enn nødvendig at den er her i det heile. For dette er heller semre saker frå den talentfulle Swift.

Underteikna har mang ein gong rava ekstatisk over råbarka, primitiv og uforedla rock’n roll av ulikt slag. Det slaget Swift byr på her er milevis unna å ha ein slik verknad på meg. Dette blir for primitivt, for skisseprega og uferdig. Ja det er som om fyren har reist ned i kjellaren for å gå opp til eksamen i rå rytmisk musikk og så enda opp med å levere frå seg kladden, og berre den.

Til saman tjue spor gjort unna på i underkant av førti minutt. Dei fleste instrumentalar. Dei fleste altså skisser av noko som kanskje kunne blitt til noko. Gjentakande gitarriff eller keyboardsklunking i selskap med driftig rytmikk, som nesten utan unntak ramlar inn i trøyttande former i staden for å vise vågemot, slå kollbøtte, ta fyr, ha suggererande evner eller drive inn i fargerike landskap.

Inspirasjonen har Swift, som vanleg, henta frå tonar som grodde fram for ei god stund sida. Karar som surf-gitaristen Link Wray, den hovudskallsvingande Screamin» Jay Hawkins, og bluesråtassen Howlin» Wolf er vel tre av dei fremste inspirasjonskjeldene for dette. Men, som de har skjønt, han er aldri i nærleiken av å komme opp med noko som kan vise til den gløden og villskapen som desse karane tufta det meste av sitt virke på. Han blir vel mest ein puslete liten pastisj utan verken Wang Dang Doodle i beina eller særlig til Rumble i blodet.

Okey då, to habile unntak; den luftige vesle keyboardskolorerte dubsaken Du(m)b II, og den drivande og psykisk ustabile JLH med sitt gjentakande mantra «John Lee Hooker».

Men mest lurer eg ganske så kraftig på kor den kritiske sansen til Swift og Secretly Canadian har vore hen når dei fant ut at dette var noko å presentere for folk.

Først publisert på Groove.no (i 2008)

 

Sun Kil Moon – April

Standard

Sola sitt forhold til månen seier meg at Mark Kozelek vil endre på lite. April seier meg at han berre blir betre.       8

cover  I mitt hovud har alltid det fargesterke namnet Red House Painters representert eit aldri så lite paradoks til gjennomgangstonen som vart skapt på dei seks platene bandet gav ut. Det var kanskje slik det var meint også? Uansett, det dovne og tålmodige vesenet som prega det aller meste av bandet sitt virke kunne nok meir passande vorte signert med til dømes Grey Song Painters. Og la meg då ile til å seie, før ein ivrig fan kastar seg over tastaturet, det er ikkje negativt meint, absolutt ikkje. For eg synest så absolutt mykje godt om den mismodige og nyansespartanske monotonien Mark Kozelek og vener malte med slik sakte armføring under Red House Painters-signaturen.

Drygt 15 år etter at han kom luskande Down Colorful Hill er det ikkje så mykje som har endra seg hos Mark Kozelek. Rett nok har han ikkje opererert under Red House Painters-signaturen etter at Old Ramon prøvde å finne dagslyset i 2001, men det han sidan den gong enten har gjort under eige namn eller signert med Sun Kil Moon er stifta på mykje av den same stoiske uroa han farga sine mollstemte spor med allereie på byrjinga av nittitalet.

I einkvar seriøs omtale av ei Kozelek-fronta plate er det store sjansar for at alle adjektiv som har ein eller annan synonymisk relasjon med ordet melankolsk vil dukke opp. Det er absolutt ingenting med April som gjer at det har sneke seg fram lumske planar hos underteikna om å rokke det minste med den tradisjonen.

Det er heller ingenting med April som gjer at eg endrar på mi oppfatning av Kozelek som ein det er verdt å låne øyre til. Snarare tvert om. Det er ein god del med April som peikar i retning av at mannen kanskje er meir verdt å låne øyre til enn nokon gong.

Eg nemnte over at lite har endra seg der Kozelek vandrar. Eg kan stå for det, men samstundes skyte inn at ei viss utvikling sjølvsagt har funne stad. Tydeligast manifesterte den seg nok då han byrja signere stoffet sitt med Sun Kil Moon. I mine øyrer var melodiøsiteten ikkje fullt så marginal lenger og variasjonen i materialet ein tanke større. Det kledde han så pass godt at Ghosts of the Great Highway ganske snart stod fram som hans beste album.

No sit eg altså her og lurer på om April er endå litt betre. Det tok nokre rundar før eg kom dit. For slik det alltid er med låtane til Kozelek, dei sprett ikkje opp i dagen med det første. Det er derimot mange av dei som gjer det etter ei stund, og då viser fram eit vemodig, vakkert og endåtil vanedannande vesen. I tilfellet April trur eg eg vil legge til varmt vesen. Ikkje det et fyren har vore kald tidlegare, men det er ein liten ekstra varme over April. Og slik varmen har for vane å gjere, den gjer godt.

I dei gode gamle dagar då musikken låg på store svarte plater ville April komme som eit dobbeltalbum. I våre dagar klarar dei som kjent å stappe 73 minuttar med musikk inn på ei plateside. I dette tilfellet 73 minuttar så godt som fri for middelmåtige parti.

Ein slett ikkje uvesentlig faktor for April sine avgjerande steg mot slik ypparlig klasse er dei subtilt plasserte og briljant utførte korist innslaga. Dei gjer så definitivt noko for dynamikken her. Ledug og akkurat passe lettsindig utført av Will Oldham i den countryslekta Unlit Hallway og den klassisk countryprega Like The River. I ein høgare og meir yndefull tone av Ben Gibbard (Death Cab For Cutie) på spor som The Light og Lost Verses. Sistnemnte låt si konkluderande linje er kanskje det aller flottaste av dei harmonistetta augeblikka; «on the bay flowing into the ocean glowing». Ein tredje som korar litt rundt omkring på albumet er den for meg noko meir ukjente Eric Pollard. Han gjer så absolutt jobben sin han også. Og sidan vi først er inne på dei medverkande. Anthony Koutsos spelar trommer slik han ofte har gjort for Kozelek, og Geoff Stanfield er bassist, som han var det på Ghost of the Great Highway.

Kozelek er amerikanar, og låtar som den sakte gyngande Moorestown og tidlegare nemnte Unlit Hallway og Like the River har alle eit distinkt americana strøk. I mange andre spor derimot har folktonen hans eit langt meir engelsk snitt over seg. Tydeligast til stades i den Richard Thompson-aktige The Light, den Nick Drake-jagande Lucky Man og den landlige og blått blomstrande visa Blue Orchids.

Kozelek nyttar seg mest av den akustiske gitaren, men den elektriske er definitivt til stades den også, og kastar små og store flammar over seansen. Dei mest harvande tonane dreg han fram i den sterkt Neil Young-slekta og ti minuttar lange Tonight the Sky. Både denne og dei fleste andre låtane blir på kjent Kozelek-maner bore fram av eit enkelt gjentakande gitartema. Eit tema han av og til bryt opp med å ta seg korte turar over i noko anna. Slik han gjer det i eit av albumet sine høgdepunkt, Tonight in Bilbao; I left Bilbao, went to Madrid, to Barcelona, to Pamplona, where every ghost unto me known haunted me. Fyren er på turne gjennom Europa, han likar å vere på reis, men samstundes blir han heimsøkt av vonde minner som har blitt med han over havet, og opplever eit djupt sakn til nokon som ikkje vart med. Når han så endeleg køyrer over brua og ser San Francisco att mot slutten, har låta fått eit anna melodisk og gitarsonisk mønster.

Kozelek har uttalt at hovudgrunnen til at det denne gongen tok såpass lang tid før han var klar med nytt eigeskrive materiell var at ei kvinne som stod han nær døydde i sluttfasen av arbeidet med Ghost of the Great Highway. Dette måtte han få litt på avstand før han kunne byrje lage songar att. Kozelek har aldri lagt skjul på at låtane hans ofte har ein veldig personleg karakter. Slik er det også på April. Ja kanskje spesielt på April. Minnet etter kvinna som døydde dukkar opp i fleire av songane. Nokre gonger, som i den dramatisk oppbygde Heron Blue og den umåtelig vakre Harper Road, spelar ho ei hovudrolle, andre gonger blir ho kanskje berre nemnt i ein setning.

«Sorrow came in floods this april» lyde det i Harper Road, og sjølv om det absolutt ikkje høyrest like sorgtungt ut heile April igjennom så er plata minst like tung på melankolske funderingar som noko anna frå Kozelek. Samstundes er den minst like tung på blomstrande tonar som noko anna frå mannen, og dei fleste andre menn og kvinner som har gitt ut, eller kjem til å gje ut, plater i 2008.

Først publisert på Groove.no (i 2008)

 

Marnie Stern – This Is It And I Am It And You Are It And So Is That And He Is It And She Is It And It Is It And That Is That

Standard

Intrikat, energisk, progressiv og poptastisk, og definitivt noko for seg sjølv. Det er Marnie Stern det.

7

cover

Det blir visstnok arrangert meisterskap i å spele gitar fortast mogeleg. Å sjå kor fort enkelte klarer å flytte fingrane kan sikkert vere eit interessant skode det, ei veldig kort stund. På same vis som det kan vere interessant å sjå ein ballsjonglør trikse kontrollert med ballen, ei veldig kort stund. Ikkje i nitti minuttar. Nitti minuttar må fyllast med innsats, finessar, mot, sjansar, lidenskap, tabbar og spenning.

Marnie Stern kunne sikkert hevda seg i eit meisterskap i fortspeling på gitar. For ho viser ved fleire høve at fort kan ho spele. Men eg trur aldri ho kjem til å stille på noko slikt, for ho verkar vere opptatt av heilt andre ting. Ho verkar vere opptatt av innsats, finessar, mot, sjansar, lidenskap, tabbar og spenning. Ho driv ikkje med dette for at folk skal gispe over kor fort og fantastisk ho kan spele. Ho driv ikkje med dette for å komme på framsida av Guitar Player.

Ho driv med dette fordi ho har ein trong til å skape. Skape låtar med varande og stimulerande verdi. Spesielle låtar. Hennar låtar. Men ikkje låtar av det ukompliserte, problemfrie, trygge eller alminnelige slaget. For ho synst veldig om å gjere det vanskelig for seg sjølv (og andre). Ikkje ved å ta gitaren med på formålslause soloutflukter. Aldri. Men ved å kaste seg inn i korte inspirerte og intrikate driblemønster, som ho så gjer seg fri frå ved å slå saliggjerande innlegg. Eller ho går til herlige åtak utan å ha sikra seg at forsvarsmekanismane er på plass. Og nesten heile tida tøyer ho formuleringane i regelboka til brestepunktet.

Det blir peist på frå første til siste tone. Pustepausane kan teljast på ei hand, men å telje temposkifta, akkordskifta og toneskifta er ei større oppgåve enn å telje dråpane i ei vestlandsk regnbye. Så det fordrast innsats å gjere seg kjent med henne. Men når ein først har tatt seg bryet, kan ein sannsynlegvis ikkje tenke seg å vere kjennskapen forutan. Sånn er det i alle fall med underteikna.

Og for ein tittel ho har gitt sitt andre album: This Is It and I Am It and You Are It and So Is That and He Is It and She Is It and It Is It and That Is That. Ein tittel inspirert av ei plate den ukonvensjonelle engelske filosofen Alan Watts gav ut tidleg på 60-talet. Eg overlet til andre å gjere ein filosofisk analyse av den, men at This Is It kan eg absolutt vere med å skrive under på.

Marnie Stern er som de heilt sikkert no har skjønt særdeles aktiv med den elektriske gitaren sin. Enten ho lar den gjere ugagn, intensiv motstand, poengterte utflukter, eller praktfulle understrekingar. Men, dette er ikkje ei gitarplate. Like viktig for det endelige uttrykket er rytmikken. Frå trommekrakken ført i hende av Hella-trommis Zach Hill. Ført i hende på laussloppe, energisk og rastlaust vis. Og bakom ein buldrande bassgitar står John Reed Thompson, nokså stødig.

Men, dette er ingen instrumentalplate. Langt i frå. Marnie Stern syng også ho. Tidvis på ein måte som får ein til å lure på om ho kan ha tatt songtimar hos Yoko Ono, eller kanskje soge vel kraftig frå Helium-flaska. Men tru ikkje at det ikkje er beint fram fabelaktig. Når ho syng. Som Ono. Som heliumdrenert. Som ei rock’n roll-prinsesse frå New York City. Og når ho mangedoblar røysta si, og høyrest ut som eit pop-psykedelisk kor på jakt etter frodige eventyr.

Zach Hill har produsert. Ein kan høyre det kvilelause jaget, transformasjonane og den uregelmessige innstillinga ein kjenner frå hans Hella. Men eg sansar også ei ljomande popnerve som Stern nok er hovudarkitekten bak.

Albumet er eksperimentelt, men med ein tydelig, og slett ikkje taumelaus, regi. Låtane har eit mildt sagt variert vesen. Dei fylgjer på ingen måte velkjente melodiske strukturar. Men dei er fulle av melodisk velforma linjer. Stundom kan ein tenke at det fer i prog-retning, men før ein får tenkt ferdig er det punk som faen. Eller bitande støy. Eller pur pop. Samstundes som albumet i sitt altomfattande vesen har ein nesten merkelig stram konstruksjon (og ein rimelig kongruent framtoning).

Ho syng, ho snakkar, ho ropar. «Get on to your knees, defenders» lyde mantraet i den innleiande punka pep-talken Prime. «The future is yourself» vert det ropt i ein liten opning i elles bombastiske Transformer. «You rea-rearrange your mind» syng ho overtydande i det sylskarpe og funky punknummeret The Package Is Wrapped. Før ho i avsluttande The Devil Is In the Details, til tonane frå brennande gitardronar og suggererande rytmar, gjev uttrykk for at ho «need some action». Som om vi ikkje har skjønt det.

Innimellom desse får vi servert mangslungne og popfrenetiske Ruler, som har sitt aller mest essensielle augeblikk idet den på stigande speed stuper inn i refrenget; «grabbing victory out of the jaws of defeat ….» Snakk om å gå i psykedelisk fistel. Den manande og repeterande Crippled Jazzer er ei annleis, men omlag like strålande oppleving. Saltomortale-rocken i Vault går på ingen måte på trynet. Og den melodifokuserte og monumentale overkøyrselen Roads? Where We’re Going We Don’t Need Roads gjer som tittelen indikerar, fylgjer i liten grad merka vegar.

Om du trur du har høyrt alt, men ikkje har høyrt Marnie Stern. Vel, då har du ikkje høyrt alt.

 

Tom Russell – Veteran’s Day: The Tom Russell Anthology

Standard

Ein veteran ser tilbake. Han har mykje bra å sjå tilbake på.

8

cover

I over 30 år har Los Angeles-fødte Tom Russell helde karrieren sin gåande. Med utstrakt konsertverksemd og eit tjuetals plateutgjevingar (i tillegg til at han har skrive ei lita handfull bøker, og juksa litt med pensel og fargar). Så det skulle vere dugande med stoff der for ei samleplate.

Og her er den. The Tom Russell Anthology, med undertittelen Veteran’s Day (etter ein av hans tilårskomne songar). Ein dobbel ein, er det til og med blitt. Og med si samla speletid på 2 ½ time maktar den å dra fram i lyset det meste av det vesentligaste mannen har kreert av låtar desse åra.

Her til lands kan ein vel seie at omgrepet Beat Generation har ein viss dobbel klang når det gjeld Tom Russell. For ikkje berre har han hatt ein nær og fruktbart relasjon til Beatpoeten og forfattaren Charles Bukowski. På åttitalet kom han også inn i heimane til ein god del nordmenn mykje takka vere sterkt positivt lada omtalar frå eit par-tre herrar i musikkavisa Beat.

Ikkje heilt ufortent. For til det å fortelje ein god historie i ei countryinspirert tonedrakt, ja så er Tom Russell, på sitt beste, definitivt ein maestro.

Helten (eller kanskje snarare anti-helten) i historiane hans er aldri han som vinn kongsdottera og halve kongeriket (i alle fall ikkje mens han er i live). Det er vel snarare han som prøver på det, men ikkje får det til. Han som forlate pokerbordet, saloonen eller selskapet i ein atskilleg dårligare forfatning enn han entra det. Han som går gjennom livet med tomme lommer, tapte sjansar og eitt stadig meir brustent hjerta. Utan at han nødvendigvis har gjort seg fullt fortent til skjebnen sin. Det vere seg outsideren, taparen, drankaren, arbeidaren, bluessongaren, soldaten, cowboyen, meksikanaren, indianaren eller Gram Parsons.

Det var ikkje så veldig mange som snakka høgt om eller tenkte på Gram Parsons i 1978. Men Tom Russell gjorde det, og laga ein song om han. Ein fin ein. Den innleiar antologien.

Some called him a holy man
And some called him insane
It might have been his alibi
As he put the crowds to shame
And some called him a Seer
Flyin» blind and soarin» free
Like a bird above the fault line
In the land of the Joshua Tree

Den fattige, desperate og urettvist behandla meksikanaren er ein annan som stadig dukkar opp i nye skikkelsar i Russell sine songar. Og då ofte med Fats Kaplin sine tex-mexiserande trekkspeltonar som meir enn høveleg, og sterkt, krydder. Sjølve signaturlåten av desse må vel vere Giallo Del Cielo. Eit episk stykke tonesett historieforteljing, som ein neppe klarer å la passere utan ein liten klump i halsen. Om sonen, broren og småkjeltringen Carlos Saragosa som forlate sin heim i Casas Grandes for å skape seg og familien eit betre liv. På vegen stel han ein hane. Ein ein-auga kamphane. «A warrior born in heaven». Med denne skal han vinne tilbake landet «Pancho Villa stole from father long ago». Det går bra. Ei stund. Noko han fortel om i brev han sender si kjære søster Teresa. Men så ein dag står «A wicked black named Zorro» i motsatt ende av ringen. Saragosa satsar alt. Som han plar gjere. Men denne gongen møter Del Cielo (og Saragosa) sitt nemesis. Så i staden for å vende heim som ein helt med pengar til å kjøpe att landområdet, skriv han eit siste brev:

Do the rivers still run muddy outside of my beloved Casas Grandes? Does the scar upon my brother’s face turn red when he hears mention of my name? 
And do the people of El Sueco still curse the theft of Gallo Del Cielo? Tell my family not to worry, I will not return to cause them shame.

Låta dukka første gong opp på albumet Poor Man’s Dream (det kanskje aller beste i Russell-katalogen) men er her frå ei innspeling han gjorde saman med Ian Tyson for det spartansk forma peisbål-albumet Cowboy Real. Det første i ein cowboy-triologi.

Eit anna prosjekt mannen har på tapetet er å lage nokre konseptalbum der han søker, frå ulike vinklar, og i ei slags historisk form, å få fram kva som har forma den amerikanske kulturen. Det første albumet i det prosjektet skulle vere velkjent blant mange her til lands. Det ber tittelen The Man From God Knows Where. Handlar om innvandringa til draumanes land. Med utgangspunkt i Russell sine eigne røter i Irland og Norge. Han hadde som mange kjenner til med seg fleire norske artistar på den plata. Albumet er på denne antologien representert med den nennsame visa om faren sine framgangar og motgangar, Throwing Horseshoes at the Moon.

Album to i konsept-prosjektet, som kom ut i 2005, har tittelen Hotwalker. Det er ei merkelig, men definitivt inspirert, samling av resiterande tekstar, tonesette dikt og songar. Og kan vel seiast å vere ei forteljing om kva kulturutrykk som forma Russell og hans like. Med sentrale roller til folk som Paven av Greenwich Village Dave Van Ronk, Ramblin» Jack Elliott, Woody Guthrie, Merle Haggard, Jack Kerouac og ikkje minst Charles Bukowski. To spor herifrå har fått plass på antologien. Ein resiterande og kranglete Van Ronk hyllest, og ei støvete vise (Grapevine) om dei same folka Woody Guthrie song mang ein song om.

Året etter viste han for alvor at han framleis er ein mann ein skal rekne med. Love & Fear heiter albumet, og er hans beste sidan Poor Man’s Dream (frå 1989). Denne gongen er det gjennomgåande temaet kjærleikslivet (eller skal vi heller seie mangelen på eit slikt eit) hos menn som har opplevd langt fleire somrar og vintrar enn dei sannsynlegvis har att. Menn på hans eigen alder, som er nærare 60 enn 50. Til dømes den avdanka nevekjemparen, i The Pugilist at 59, som prøver å vege opp for høgt alkohol- og koffeininntak med trening og vitaminpiller, medan han snakkar med bileta av sine ekskjærastar som han har på fryseskapet; «but they ain’t talking back now». Eller kva med desillusjonerte framstøyt om kjærleiken og dens vesen til tex-mex inspirerte tonar? Det er i alle fall kva Stealing Electricity byr på. Der hovudpersonen samanliknar kjærleiken med det ein fattig meksikanar gjer av rein nød: eit desperat forsøk på å stele den (elektrisiteten), og slik endar opp meir død enn «yesterday’s communion wine».

I hælane på den songen kjem to låtar av ganske så ny dato. Der den meir refsande sida av Russell trer fram. Who’s Gonna Build Your Wall, ein folkrockande heartland sak, der songaren stiller til veggs fundamentalistar som bygger murar mot folk ein ikkje ynskjer nærkontakt med. Men der han uttaler aller størst frykt overfor «a white man in a golf shirt, with a cell phone in his ear». I The Death of Jimmy Martin nyttar han så meldinga om at ei bluegrass-legende er død (mannen som var inkarnasjonen på The High Lonesome Sound) til å kalle fram sin vreide over dei siste tiåras Nashville-country.

Frå meir gangne Russell-tider har dei ansvarlege for ugjevinga nytta høvet til å trekke fram fleire av hans låtar i duettversjonar. Smart. Den kjære røysta til Iris DeMent vev seg saman med Russell i spartanske og smått visjonære Big Water. Compadre Dave Alvin og ein akustisk gitar er alt han har med seg når han syng ein fattigmanns draum i Blue Wing. Men meir trengst på ingen måte for å skape litt vemodsfull magi. Beyond the Blues skreiv han i si tid saman med Peter Case og Bob Neuwirth. Men det er Jimmie Dale Gilmore som syng med på denne fine visa om den gamle bluessongen som aldri sviktar, sjølv når du går der «in circles with holes in your shoes».

Og sjølvsagt er St. Olavs Gate med. Ein song Nanci Griffith gjorde sin versjon av. Her syng ho den saman med mannen som skreiv den frå ein krok på Scottsman’s saloon, eller der omkring. Den sakralt-vakre hymna til «the ladys you love and don’t see again». Låta blir på ingen måte svakare av at dei to syng den saman.

Nemnast burde nok òg skjebnetunge Touch of Evil, som har meir enn tittelen sams med Orson Welles sitt meisterverk. Ja, og så har vi jo grensedramaet California Snow, den energiske Outbound Plane, og ikkje minst «ay-yi-yi»-lengtande Navajo Rug. Og endå nokre til.

Kort sagt:
Skulle du vere i den situasjonen at du ikkje har gjort deg kjent med Tom Russell. Det finst grunnar til å gjere nett det. Denne antologien har flust av dei. Så start gjerne her.

Først publisert på Groove.no (i 2009)

 

Parts & Labor – Receivers

Standard

Dei vil fylle deg med lyd, men er greie og gjer deg ein melodi å suge på i tillegg.

5

cover

Etter å ha gjort seg til kjenne med ein støyande og rungande punkrock-attityde gjennom ei lita handfull plater har Brooklynbandet Parts & Labor denne gongen løyst billett for ei ferd som har brakt dei inn eit veldig så mektig landskap. Utan at støyen vart igjen då dei steig ombord. På ingen måte.

Det har vore skifte i mannskapet sidan sist også. Den hyperaktive trommisen Christopher Weingarten er blitt erstatta med den noko meir avmålte stikkesvingaren Joseph Wong. I tillegg har dei vokse frå trio til kvartett ved å hyre inn Sarah Lipstate til å spele gitar, pluss litt elektronisk rabalder. Rabalder og bombastisk uro frå diverse elektroniske hjelpemiddel serverer også bandet sine grunnleggjarar Dan Friel og BJ Warshaw. Sistnemnte trakterer i tillegg ein bassgitar og drar fram ein saksofon midt inne i ståket ved eit par høve.

Før Parts & Labor starta innspelinga av Receivers kom dei med ei oppfordring til publikum på heimesida si, om å bidra med feltopptak av ymse slag. Dei fekk dugande respons, men var ikkje vanskeligare enn at dei gav rom for alt på det endelige resultatet. Når dei så i tillegg har vore motsatsen av måtehaldne i sin eigen produksjon av lydar og ulydar, ja så forstår de nok at her blir det mykje å fordøye.

For mykje? Kanskje ikkje, men eg synst nok eg har fått nok idet Solemn Show World vrir seg ut av lydsona før albumet passerer 42 minutt. Og nokre gonger, visst lysta til å bli sonisk overmanna ikkje er direkte struttande, kanskje litt før også. For den nesten ugjennomtrengelige soniske veggen dei bygger rundt seg kan opplevast vel utmattande etterkvart.

Av dei åtte spora er det like fullt ingen eg kan karakterisere som særlig anna enn godt dugande. Samstundes er det vel ingen som strekker seg mot dei hypermeisterlige høgder heller. Eit jamt, og jamt over bra album altså. Alle spora driv inn i desse tettpakka balstyrige formene på eit eller anna tidspunkt (som regel ganske så tidlig), samtidig som alle også har eit melodisk ansikt det absolutt går an å finne rimelig tiltrekkande.

Skulle eg likevel velgje meg ut ei lita handfull favorittar ville eg vanskelig komme utanom opningssporet Satellites. Med sine post-punka melodilinjer og sitt apokalyptiske både soniske og tekstlige bilde; «there is nothing more to know here, our wings are urgently diverging feeling set upon the sun, our welded skeletons are relatively ready to be gone».

Det er vel i det heile ikkje ein utprega optimistisk tone om rir albumet. Coverillustrasjonane og det tekstlige har eit futuristisk preg. Men det er vel helst ei framtid som menneska har sparka eit og anna bein under dei skildrar. Albumet kan i så måte kanskje tolkast som bandet sin kommentar til klima-ubalansen og andre smålige og øydeleggande puss vi menneske har spelt kvarandre opp gjennom historia (og nok vil halde fram med å gjere).

«When a future great eradicator comes, biding silently the tidings as there’s little left to say» syng dei i den Jesus & Mary Chain slekta Little Ones. Eit medrivande lite refreng erklærer så lakonisk at det er «little time, little minds, little ones». Før det i eit nesten feststemt finaleparti blir køyrt på med både elektroniske basunar og fullblods sekkepipe fanfarer.

«We size up our downfalls, while we undress the pessimist’s pose» kan vi klippe frå den seige, psycha og tungt landande The Ceasing Now. Medan ei ikkje heilt upretensiøs linje som «single cliche raven caws savoring the metaphors abused» frå det krautmotoriske avslutningssporet Solemn Show World ikkje står fram som klinkande klar, men legg neppe etter seg særlig med solskin, håp og fred i sinn.

Sjølv om tekstane avgjort ikkje snakkar i klare ordelag, gjev dei inntrykk av å ha eit overmannande og lite forsonlig preg. Slik går dei på eit vis i takt med det titaniske og forvridde lydfølgjet som tidvis truar med å ete dei opp.

Så i siste instans blir nok Receivers ei plate ein skal vere varsam med å stille seg i vegen for. Men finn ein riktig posisjon, og har appetitt på sonisk uvær med melodisk krydder, så skulle ein nok ha meir enn ein svak sjanse til å bli både mett, og nøgd.

Først publisert på Groove.no (i 2009)

Dolly Parton – Backwoods Barbie

Standard

Ein sterkt rosa og noko overprodusert tur inn i den store skogen.

4

cover

Det er så definitivt meir med Dolly Parton enn voluminøst hår, svulmande bryst, falske augevipper og høg glamourfaktor. Ho er også ein meir enn habil låtskrivar. Det må ein sjølvsagt vere for å kunne komme opp med meisterlige låtar som Just Because I’m a Woman, Coat Of Many Colors og Jolene. Låtar ho syng med ei røyst ho er ganske så aleine om.

Ho har sjølv aktivt styrt retninga på karrieren sin. Ein karriere som har vart i drygt 40 år. Det har vore fjellfriske songar frå hennar Tennesse Mountain Home, og det har og vore mange og fullt ut medvitne svingar inn på det friserte countrypopmarkedet. Underteikna lyt vel medgje at han set klart størst pris på den countrynære og bluegrass/appalachian tufta utgåva av dama. Eit par plater rundt tusenårsskiftet (The Grass Is Blue og Little Sparrow) av nettopp slik karakter var i så måte særdeles velkomne. Backwoods Barbie har eit sonisk vesen som nok heller meir mot det polerte countrypopområdet.

Eg trur vi kallar albumet ei noko ujamn affære. Her er flust med låtar ein kan høyre har eit potensiale, men litt for mange lide ein identitetslaus død. Ein død forårsaka av overdrivne og låtkvelande arrangement. Ja, det er vel det ein kan kalle ein litt for typisk Nashvilleproduksjon.

Dolly har skrive ni av dei tolv låtane sjølv. Dei handlar om strevsam kjærleik og livsvisdom. Dugande formulert er det, og med eit velkjent og altså slett ikkje ueffent melodisk grunnlag. Nokre av dei vert til og med fare rimelig fint med og overlever produksjonen. Først og fremst gjeld det tittelsporet. Både fela, mandolinen og steelgitaren får rom, i ei låt med melodisk slektskap tilbake til førnemnte Coat of Many Colors. Teksten er derimot eit sjølvironiserande forsøk på å forklare verden at bakom det glamorøse ytret er det slett ikkje grunt og tomt. Måten dama stæsjar seg opp på er visst berre «a country girl’s idea of glam». Så «don’t let these false eyelashes lead you to believe that I’m as shallow as I look, ’cause I run true and deep». Fornøyelig stoff.

Den i denne samanheng overraskande luftige, strykardraperte, og lengtande folkballaden Only Dreamin» kjem også ut som ei positiv oppleving. Det same kan ein vel seie om pianojazzige The Lonesomes, og den tungt vemodige og klassisk countryballadeforma I Will Forever Hate Roses.

På den aller mest håplause sida finn vi to av coverversjonane. Ein totalt flat versjon av Smokey Robinson sin fine The Track of My Tears, og eit vemmelig countrypopdisco grep om Fine Young Cannibals sin allereie i utgangspunktet heller trøytsame (She) Drives Me Crazy.

Slik blir dette til slutt ein Dollyproduksjon som nok står i fare for å bli borte ein eller annan stad midt inne i den sånn cirka 50 album store haugen av utgjevingar frå dama.

Først publisert på Groove.no (i 2008)