Tom Roger Aadland – Blondt i Blondt

Standard

Dylan og vestlandet og skikkelig musikalsk omsetjing.                                                         8

  Medan Bob Dylan i det herrens år 2016 reiser rundt og syng Sinatra, har andre nytta året til å synge Dylan. Med hyllest-plater og konsert-tiltak har det blitt grundig markert at det som blir kalla rockens første dobbeltalbum, Blonde on Blonde, fyller femti år i år. Så det er kanskje ikkje heilt tilfeldig at det er nett i år Tom Roger Aadland gjer det same med Blonde on Blonde som han gjorde med Blood On the Tracks for sju år sidan, gjer den ut i nynorsk språkdrakt.

Ho tar nett som ei kvinne                                      She takes just like a woman
Ho elskar nett som ei kvinne                               She makes love just like a woman        
Og ho er sår nett som ei kvinne                         And she aches just like a woman
Men ho fell saman som eit lite barn                But she breaks just like a little girl

Ein kvar med den minste kjennskap til Dylan kjenner att refrenget til Just Like A Woman. Og ein kvar ser at Aadland legg seg tett opp til Dylan sine formuleringar. Noko som for så vidt kjenneteiknar det han gjer plata igjennom, han vandrar ikkje langt bort frå Dylan sitt opphavelige univers. Aadland driv med det Olav H. Hauge ville ha kalla umsetjing. Men når det er sagt, det er mykje som spelar inn når ein song skal omsetjast. Melodien, rytmen, diksjonen, rima, orda, dobbelbetydningane, innhaldet. Ein kjem aldri i mål med noko som helst av verdi om ein trufast og slavisk prøver å oversette/overføre alt akkurat slik det opphavelig er. Då vil ein snuble og tryne, og framstå som ganske så traurig. Aadland snublar ikkje. I endå skarpare grad enn på Blod på spora finn han tonen i hop med det dylanske. Og balansen, ikkje minst balansen. Balansen mellom det å ha respekt for den opphavelige songen og det å ruske litt i den, å våge å gjere den til sin.

Å, kjærast, er det skuggen min som fell
Å sitje fast i Strileland
Med sentrumsblues i kveld

Eit spørsmål eg stilte meg, sånn cirka 20 sekund, etter at eg høyrde ryktet om at Tom Roger Aadland hadde kasta seg over Blonde on Blonde, var: Kva i all verda skal han kalla Stuck Inside of Mobile With the Memphis Blues Again. Svaret er suverent, svaret lyde «Sitje fast i Strileland med sentrumsblues i kveld». Shakespeare er blitt bytta ut med Holberg, Texas Medicine med Hardingøl, «her honky-tonk lagoon» blir til «min barndoms blanke fjord» og Grand Street til Torget. Slik plasserer Aadland den viltre historia i eit vestlandsk landskap, samstundes som Dylan sitt ordkløyveri heile tida er vel tatt vare på.

Med din merkurmunn i eit misjonsmagasin
Og dine auge som røyk og dine bøner som rim
Og din sølvkross klår, og di klokkerøyst som skin
Å, kven iblant dei trur dei kunne handtere deg  

Det legendariske sistesporet Sad Eyed Lady of the Lowlands er eit høgdepunkt på Blonde on Blonde. Aadland har gjort songen til eit høgdepunkt på Blondt i Blondt også. Igjen, ved å kalle den for «Sorgsame kvinne i frå Jæren», flyttar han den til vestnorske trakter. For så, med ein akustisk gitar i ei førande rolle, å la dei fem lange versa flyte poetisk rikhaldig og melodisk snoande, dei ti minuttane som trengs for å få formidle det han har å formidle om denne kvinna med «helgenandletet» og ei «sjel som ei mørk natt». Så kan jo Dylanologane drøfte om opphavsmannen med «mercury mouth» tenkte på merkur eller på kvikksølv. Dylan, som den rakkaren etter ordspel og dobbelbetydningar han er, har ganske sikkert hatt begge betydningane i tankane. Men her er vi vel inne på eit felt som må vere ei skikkelig utfordring når lyrikk og songar generelt, og Dylan spesielt, skal i frå eit språk til eit anna, ords dobbelbetydning. Den vidgjetne linja «Everybody must get stoned» frå Rainy Day Women # 12 & 35 er vel ein klassikar i så måte. Det er sjølvsagt umulig å bringe dobbelbetydninga med over til norsk utan å klusse det alvorlig til. Jan Erik Vold, som for mange år sidan ganske så frilyndt leika seg med fleire Dylan-låtar, slo til og song «Hele folket må bli steine», Aadland nøyer seg med «Alle saman må bli steine».

Nemnte Vold tok seg også fridomen å døype Leopard-Skin Pill Box Hat om til «Leopardskinnsbadehetta di». Aadland har måtta finne ei anna løysing. Og, «Leopardskinnsbunadshetta di», er ikkje ueffen den heller. Ikkje det soniske arrangementet den har fått heller. Eit ulmande funky eit, som ganske så strålande bygger oppunder den syrlige sjalusien som gjer seg til kjenne både i og mellom linjene. Det soniske uttrykket som Aadland gjev songane skil seg forresten ganske så dugelig frå det kvikksølv-lydbildet Dylan stod for på Blonde on Blonde (og forgjengaren Highway 61 Revisited). Aadland og hans meir enn habile kvartett med medmusikantar skaper i grunn eit ganske så variert lydbilde. Frå countrytonar i «Eg vier mi tid» til heftig rock’n roll i «Absolutt vene Marie». Frå banjoplukking kombinert med eit Springsteensk lydmønster i den flotte versjonen av I Want You (høvelig nok kalla «Eg må ha deg») til det leduge og samstundes djupt gravande groovet i høgdepunktet «Mellombels som Akilles».

Og når vi snakkar om høgdepunkt, og når vi snakkar om attraktive og gode arrangement, og gjerne legg til noko om ein songar i perfekt modus, ja så kjem eg sjølvsagt ikkje forbi «Visjonar av Johanna». Eg går aldri forbi Visions of Johanna utan å snu meg, utan å spele den ein gong til, minst. Det er noko med den låta, noko alvorlig tiltrekkande, med mystikken i den, med melodien den så heilt og fullt er i, med nokre av linjene, fleire av linjene, som «Ain’t it just like the night to play tricks when you’re trying to be so quiet?», som «The ghost of electricity howls in the bones of her face». «Er det ikkje nett likt natta å forføre deg, heilt utan nåde?» spør Aadland og tar lyttaren med inn i ein langsam song om kjærleik, om mystikk, om samvit som forgår, om ei heimsjuk Mona Lisa, og om desse visjonane av Johanna som til slutt er det einaste som er att. Ein varleg elektrisk gitar spelar tonar som kan ha spira fram like sør for Twin Peaks, og ingenting hastar, alt er først og fremst ufattelig vakkert.

Ja så dette fekk han jammen meg til du. Og eg, sjølv om eg absolutt også ville sette pris på ei plate eller to eller tre til av hans hundre prosent eige materiale, tar meg sjølv i å fundere på korleis ein Tom Roger Aadland-tur ned til Desolation Row hadde tatt seg ut.

TIDAL: TOM ROGER AADLAND – BLONDT I BLONDT

One response »

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s