Monthly Archives: mai 2017

Høyr her: Meir Peter Perrett

Standard

…og der blei ikkje forventningane mine til det kommande Peter Perrett-albumet akkurat mindre. An Epic Story er ein song om kjærleik som har overlevd, som definitivt har fått brynt seg på livet men ikkje bukka under. Det er vel grunn til å tru at den kan handle om 65 år gamle Perrett sitt ekteskap med Zena Kakoulli. Dei har vore gift i 46 år. Det er ein enkel og vakker song. Og catchy også … ja dæven så catchy.

Colter Wall – Colter Wall

Standard

Ei ny og sterk røyst gjer seg til kjenne midt i folk/country-tradisjonen.

Bilderesultat for colter wall  Røysta. Det finst grunnar til å stanse opp litt ved røysta til Colter Wall. Eg har sett folk beskrive den som ei som har vore her lengre enn han som eig den. At den har meir levd liv i seg enn det Colter Wall kan ha rukke å hanke inn i løpet av dei 21 åra han har levd. At den knapt er mogeleg. Vel det er den. Malmfull, baryton djup og rusten, og rik på karakter. Colter Wall skuslar den ikkje bort på pjuskete saker.

Namnet. Det høyrest ut som om det skulle vere henta like ut av ein gammal westernhistorie. Der revolverane er varme, celleveggen ein stum samtalepartnar og morgondagen ei usikker sak. Eg sitt ikkje inne med informasjon om kor vidt Colter Wall er den unge mannens verkelege fødenamn. Men eitt er sikkert, han ber namnet med tvillaus autoritet. Heile vegen frå Saskatchewan i Canada til siste tone på sitt debutalbum.

Albumet. Det sjølvtitulerte debutalbumet er den andre utgjevinga av innspelt materiale frå Colter Wall. Den første var eit sju-spors minialbum med tittelen Imaginary Appalachia. Han gav det ut mens han framleis var ein tenåring, og det låt meir enn berre lovande. Noko eg føler at i endå litt sterkare grad kan ytrast om langspelplata han nå presenterer. For all del, han legg ikkje skjul på at songane høyrer til i ein tradisjon. Med vørdnad trekker han både tydelege og subtile linjer til folk som har vore blant slike tonar før han.

Folk eller country? Svaret er vel folk og country. Og den største helten verkar å vere Townes Van Zandt. Colter Wall skriv songane sine sjølv men krydrar både minialbumet og årets utgjeving med ein coverversjon av ein Van Zandt-song. Vel, nesten to denne gongen. Først og fremst ein krypande og skarp versjon av folkblues-saken Snake Mountain Blues. Men den er ikkje å forakte versjonen av Fraulein heller (ein song som Van Zandt ikkje har skrive, men som han har gjort sin versjon av). Ånda av Van Zandt har nok også luska rundt på skuldra til Wall når han skreiv Codeine Dream, for den har sine Waitin’ Around To Die-referansar. Andre songar på plata har sine referansar til andre igjen. Frå Jimmie Rodgers sin Blue Yodel Number 9 til Arlo Guthrie sin Motorcycle Song til låta The Girl In Saskatoon som Johnny Cash har gjort. Så nei, han legg ikkje skjul på det, han var her ikkje først. Han kan sin historie, men han sett seg ikkje plagsamt fast i den.

Då eller nå? Nei, han sitt ikkje plagsamt fast i historia, men stundom har opplegget hans eit visst arkaisk preg. Eit slikt som kan bringe tankane i retning av scener frå gamle westernfilmar. Frå coverets Stetson-hatt og sigarett til livet under «the wild western sky» og det å jumpe på «freight» i Transcendent Ramblin» Railroad Blues. Frå den klassiske sjalusi-historia med dødeleg utgang i Kate McCannon til forteljinga om den lovlause Henry i avslutningssporet Bald Butte. Det plagar meg i grunn ikkje.

Mannen og gitaren. Det er det soleklare sentrum her. Colter Wall og hans akustiske gitar. Den velrenommerte produsenten Dave Cobb har ikkje kødda for mykje med det. Rundt tonane har han gitt plass til bra med luft. Samt litt steel-gitar, kanskje ein ekstra akustisk gitar, og her og der eit tromme/perkusjons-drive groove, men det er også det. Ja og så har han lent seg tilbake då, og gitt songaren tid.

Songane. Elleve i talet, og ingen er svake. Det startar med ein aldri så liten røvarhistorie. Thirteen Silver Dollar som den heiter handlar om ein ung mann sitt møte med lovens lange arm. På ein landeveg like utafor Colter Wall sin heimstad. Tre vers og eit saftig bra refreng. Kate McCannon er den ultimate tragedien, der det soniske har ei hutrande folk-form som etter kvart driv inn i eit ganske så groovy landskap. Transcendent Ramblin» Railroad Blues er ei klassisk vandrar-vise der hovudpersonen slenger gitaren på ryggen og går «thumbing down Woody Guthrie Street». Aller sterkast er avslutningsnummeret Bald Butte. Ein song der historieforteljaren Colter Wall er på sitt beste, og der det instrumentale i all si hengslete, groovy og luftige form arbeidar tett saman med songarens ord.

Det ligg i lufta rundt denne plata at vi endå ikkje har høyrt det beste Colter Wall vil komme til å by på.

7/10

TIDAL: COLTER WALL – COLTER WALL

Høyr her: The Dream Syndicate har nytt album på gang

Standard

Jadå, det er framleis liv i The Dream Syndicate. 29 år etter at bandet gav ut sitt fjerde studioalbum (Ghost Stories) er dei på trappene med sitt femte. I september skal det visst skje. Ei absolutt energisk framføring av ein låt som skal vere med på albumet har nyleg dukka opp på nettet. Tittelen er Outta My Head. Kjenneteikn: eit stødig groove og fuzz i gitaren. Berre sjå og høyr her:

Dream Syndicate – Outta My Head

Høyr her: The National rører på seg igjen

Standard

For nokre dagar sidan kom The National med ein lovnad om å gje ut eit nytt album til hausten. Heilt eksakt den 8. september. Tittelen, Sleep Well Beast, kan jo gje ymse assosiasjonar. Inntil vidare skal eg la desse ligge. Men eg lar ikkje den første smaken av albumet ligge. Ein song med tittelen The System Only Dreams in Total Darkness. Noko som vel ikkje kan seiast å vere ein direkte lysteleg tittel. Og det er ikkje songen heller (lysteleg altså). Men bra er den, og går til verket ganske så beinveges gjer den også. Med Bryan Devendorf sitt framoverdrivande og smått intrikate trommespel, Aaron Dessner sine iltre gitarinnspel, og Matt Berninger som syng linjer som «We said we’d only die of lonely secrets». Det går absolutt an å førestille seg at han skildrar ei ikkje spesielt lysteleg samtid. Utan at han adresserer uroa i ein spesiell retning. «An abstract portrait of a weird time we’re in» har han sjølv kalla songen.

Robyn Hitchcock – Robyn Hitchcock

Standard

Fengande psykedelisk power-pop frå ein kryptisk heidersmann.

Paste Review of the Day: Robyn Hitchcock - <i>Robyn Hitchcock</i>  I den siste songen på plata hevdar Robyn Hitchcock at han syng som ein fossil. Det gjer han absolutt ikkje. Han er då like opplagt og frisk som … som då han song I Wanna Destroy You for om lag 37 år sidan. Vel, nesten i alle fall. I Want To Tell You About What I Want syng han denne gongen. Som opningsspor. Ein song med ein noko meir oppbyggeleg innfallsvinkel enn nihilismen som prega det berykta opningssporet på The Soft Boys si klassiske 1980-utgjeving Underwater Moonlight. Ein låt med gode hooks på hand, eit par gitarar i riff- og drivmodus, samt denne songaren som i all sin pessimisme ytrar nokre tankar om kva som kan vere medisinen for at menneskeslekta skal overleve:

I want world peace, gentle socialism, no machismo
And the only God shall be the God of L-O-V-E
I want a non-invasive kind of telepathy
That let’s you feel what it’s like to be somebody else

My Vision of World Empathy var songens arbeidstittel. Ein visjon som nok ikkje er heilt fri for den gode gamle kryptiske Hitchcock-surrealismen. Og bra er det. Og bra er det at den gjer seg gjeldande utover på resten av albumet også. Hans noko og tjuande album (den er ikkje heilt oversiktleg  denne albumkatalogen hans). Så absolutt på tide med eit sjølvtitulert eit.

Brendan Benson har produsert. Ein fyr som ved fleire anledningar har vist at han kan sin gitar-pop, for ikkje å seie power-pop. Eit par elektriske gitarar, bass og tromme, ein distinkt vokalist og frodig harmonisong, det er den overordna resepten her. Resultatet sprenger ingen rammer men er drivande festleg. Eller kanskje ikkje, kanskje ikkje festleg er rette ordet. «An ecstatic work of negativity» kallar Hitchcock det sjølv. Hmm … er ikkje det litt festleg då?

Vel, sjølvmord er definitivt ikkje festleg. Med to kvinnelege forfattarar som har enda livet sitt på det viset (Virginia Woolf og Sylvia Plath) som hovudrolleinnehavarar oppsøker Hitchcock smerta i ein song med tittelen Virginia Woolf. Melodisk har den absolutt eit vinnande vesen, sjølv når songaren syng linjer som «sometimes it hurts were you don’t wanna hurt». Ord som vinnande vesen og smerte kan nok også nyttast om I Pray When I’m Drunk. Sjølv om den songen også er ein heilt annan skål. Robyn Hitchcock har budd i Nashville eit par år. Så då er det vel ikkje feil å synge litt country? I Pray When I’m Drunk er klassisk honky tonk. I alle fall så klassisk som ein engelskmann med ein bra dose skrudd psykedelia i ryggrada kan få det til å lyde.

For engelskmann er han, same kor amerikansk lufta kring han er. Som når han til ringande gitarlyd og lette psykedeliske svingingar syng om Mad Shelley’s Letterbox. Ein song som kanskje ikkje direkte handlar om den store engelske poeten Percy Bysshe Shelley, men som har litt av romantikkens linjer i seg. Raymond And the Wires er på si side ein song utstyrt med linjer frå eit barndomsminne. Frå ein gong hovudpersonen reiste med trolleybuss saman med far sin. Ein far han ikkje kan seie han kjente så godt – «he was a lonesome dad». Songen har ein cello i ei sentral rolle. Ein cello som blir med over i ein annan tilbakeskodande song, den folk-driftige 1970 In Aspic.

Ein seks minuttar lang ballade om å tape, tape i stort monn, har Hitchcock også funne plass til. «Losing my face, losing my friends, losing my temper» lyde den første linja i Sayonara Judge, men det sluttar på ingen måte der. Det renn på med nederlag og audmjukingar. Og songaren tar i, og høyrest nesten ut som John Lennon. Men er ikkje refrenget aldri så lite feststemt? «Sayonara I’m a loser, but i’m walking on air» lyde det der, reint uimotståeleg og smått uutgrundeleg. Den er ikkje åleine om nett slike augeblikk denne songen. Eg finn fleire av dei på plata. Ei plate som glir på plass, og mellom anna kan få karakteristikken «nok ei god Robyn Hitchcock-plate».

7/10

TIDAL: ROBYN HITCHCOCK – ROBYN HITCHCOCK