Tag Archives: LCD Soundsystem

Den beste musikken i 2017, slik det er blitt oppfatta inne i Popkroken

Standard

Bilderesultat for pumarosaBilderesultat for the national 2017Bilderesultat for mount eerie 2017Bilderesultat for father john misty 2017Bilderesultat for kendrick lamar 2017Bilderesultat for lcd soundsystem 2017

Då var vi atter komne til dei dagar då folk med spesielle interesser finn det opportunt å lage årslister. Slike lister som oppsumerar og skal felle ein dom over kva nett denne viktigperen synst om til dømes musikken som kom ut i året som gjekk. Eit døme som nett her sjølvsagt ikkje er dratt ut av lause lufta. For dette er Popkroken veit du. Og her handlar det hovudsakeleg musikk, også om musikk som såg dagens lys nett dette året. Året 2017 etter ein viss fødsel.

Eg skal ikkje skryte på meg at lista kunne ha vore uendeleg mykje lenger. For uendeleg med årsfersk musikk har eg ikkje høyrt dette året. Og uendeleg med god musikk har det vel heller ikkje komme? Eg skal heller ikkje skryte av at den fangar opp ei tidsånd på noko slags vis. Eller at den fortel vesentlege ting om kva som har skjedd på populærmusikkfronten dette året. Dette er resultatet av eit høgst subjektivt einmannsprosjekt med sånn cirka middels kontakt med røyndomen. Vel nok om det, slik ser lista ut i år (i fiks omvendt rekkefølge):

Bilderesultat for posse horse blanket
30. Posse – Horse Blanket 
Ein Seattletrio som etter seiande gjer seg akkurat i det eg har oppdaga dei. Saktegåande og halvsungne låtar i eit suggererande draumelandskap. Gitaren skimrar, og av og til skingrar. Aller best er bandet på dei fleste måtar i det tolv minuttar lange tittelkuttet.


29.The Weather Station – The Weather Station
Canadiske Tamara Lindeman har denne gongen tilført folksongane sine meir energi og lagt dei i eit større sonisk bilde. Noko det viser seg at dei ikkje har vondt av. Tekstleg har dei eit feministisk tilsnitt, og blir framført med ein snerr som har vakna til liv i kryssingspunktet mellom Joni Mitchell og Chrissie Hynde.

Bilderesultat for war on drugs understanding
28. The War On Drugs – A Deeper Understanding
Sonisk fylgjer A Deeper Understanding i spora til Lost In The Dream. Med den forskjellen at alt er større her, alt er det meir av, alt er likare, og alt er endå meir perfeksjonert. Albumet treff meg ikkje like sterkt som Lost In the Dream. Men rundt det elleve minuttar lange hypnotiske senteret Thinking of a Place finst det då ei bra handfull godlåtar.

Bilderesultat for colter wall album
27.Colter Wall- Colter Wall
Røysta. Den er malmfull, baryton djup og rusten, og rik på karakter. Colter Wall skuslar den ikkje bort på pjuskete saker. Han syng songar i eit folk og countrylandskap, i ein tradisjon han ikkje legg skjul på, der i alle fall Townes Van Zandt har vore før han.

Bilderesultat for slowdive album
26.Slowdive – Slowdive
22 år etter sitt tredje album er dei gamle shoegaze-legendene tilbake i manesjen att. Og det med eit album som absolutt ikkje rotar seg bort i dorske taktar. For det er liv i det drøymande vesenet, ein uro i det dvelande draget, og her er ein popmelodisk snert som ikkje er til å kimse av.

Bilderesultat for new pornographers whiteout
25.The New Pornographers – Whiteout Conditions
Tempo, tempo, tempo, det er New Pornographers det. Og aldri har vel bandet køyrt tempo så non-stop som på denne deira sjuande langspelplate. Fengande popmusikk med ei bra ryggsøyle – Eller som sjefslåtskrivaren Colin Newman sjølv kallar det: Bubblegum krautrock.

Bilderesultat for morby city music
24. Kevin Morby – City Music
New York City. Lou Reed. Television. Ramones. Jim Carroll. Det er der Kevin Morby er på denne plata. På sin måte. Og måten: Det sitt ein melankolikar djupt fast i songane til Kevin Morby. Ein sympatisk og melodiskpoetisk ein.

91wusdgpqgl-_sl1500_
23.Nicole Atkins – Goodnight Rhonda Lee
Det er noko med røysta til Nicole Atkins. Ikkje det at den er sensasjonelt annleis. Men den har ein tæl og ein heilt naturleg malmfull rikdom. Den er skapt for å synge soul. Soul med grums i kantane. Soul som kokar og soul som smyg, og soul med litt country i seg.

Bilderesultat for robyn hitchcock album
22. Robyn Hitchcock – Robyn Hitchcock
Eit par elektriske gitarar, bass og tromme, ein distinkt vokalist og frodig harmonisong, det er den overordna resepten her. Resultatet sprenger ingen rammer, men er drivande festleg. Eller kanskje ikkje, kanskje ikkje festleg er rette ordet. «An ecstatic work of negativity» kallar Hitchcock det sjølv. Hmm … er ikkje det litt festleg då?

Bilderesultat for xx i see you
21. The xx – I See You
Eg likte veldig godt den minimalistiske debuten til The xx, og nesten like godt oppfølgjaren. Eg likar I See You også. Sjølv om eg nå opplever trioen som litt mindre The xx  der inne på sitt eige vesle spesielle kammer, og litt meir som eit popband i eit rom med fleire liknande aktørar. Gode låtar er til hjelp i så måte, noko I See You er ganske så rundhanda med.

Bilderesultat for torgeir waldemar borders
20. Torgeir Waldemar – No Offending Borders
Det er definitivt meir lyd å fordøye på Torgeir Waldemar sitt andre album, kontra debutalbumet hans. Lyd á la Crazy Horse, og tidvis groove som kan kallast offensivt, men absolutt i spedd nokre meir dempa viser også. Tematisk vandrar songaren i både globale utfordringar og tett på private grubleri. Han gjer det ganske så fredlaust og inderleg.

Bilderesultat for sun kil moon common as light and love are red valleys of blood
19. Sun Kil Moon – Common As Light and Love are Red Valleys of Blood
Det der å fatta seg i kortheit ligg ikkje for Mark Kozelek. Dette albumet er i så måte kanskje hans drøyaste. Det er dobbelt, har ei samla speletid på over to timar, der Kozelek syng og pratesyng i vanleg lune, gjennom låtar som varer og varer. Malt i eit synthbilde vel så mykje som akustiskgitarbilde, for ikkje å seie bass/tromme-bilde, med Kozelek og Steve Shelley som sentrale aktørar. Og ja, det funkar.

Bilderesultat for simon joyner step into the earthquake
18. Simon Joyner – Step Into the Earthquake
Tretten songar om draumar og realitetar og eit Amerika som har det litt vondt. Det er melodisk, det er på kanten av melodisk. Det er musikk som opererer innafor kjente normer (Dylan, Reed, Stones, Young, Cohen, …). Samstundes som den held seg ute i ein mindre provins av hevdvunnen rock og visesong. Det er eit klart skrangleelement her, ein viss råskap, ein flørt med kanten av det soniske stupet. Akkurat slik vi som med åra har lært oss å sette vår lit til Simon Joyner likar at han gjer det.

Alt Som Har Hendt (VINYL)
17. Erlend Ropstad – Alt som har hendt
Alt som har hendt, det er ein fin tittel det. For det er jo det dei handlar om, songane til Erlend Ropstad. Ikkje fordi han fortel om alt som har hendt, det gjer han jo ikkje. Men han fortel nok. Og det er nok det. Til å forstå at alt det som har hendt, alt som er gjort, og ikkje gjort, har vore vegen fram til akkurat dette augeblikket. Til desse songane. Som er like sterke som songar han har laga før. Sterke og store og blå og sympatiske og poetiske og melodiske, og gode å tilbringe tid i hop med.

Bilderesultat for laura marling semper femina
16. Laura Marling – Semper Femina
Dei to orda Semper Femina har Laura Marling hatt tatovert på eine hofta si i fleire år. Uttrykket er henta frå det romerske nasjonaleposet Æneiden. I norsk omsetjing tyder utrykket noko slikt som «alltid kvinne». Eg høyrer Laura Marling søke inn i det kvinnelege, det mellomkvinnelege i songane på denne plata. Songar om vennskap, kjærleik og med ein viss seksuelt farga undertone. I eit nøysamt og tiltrekkande sonisk bilde.

Bilderesultat for the sadies northern passages
15. The Sadies – Northern Passages
Sjølv om The Sadies har gått gjennom ei klar utvikling sidan debuten for om lag tjue år sidan, er det noko konstant over det dei har gjort desse åra. Noko kjært gjenkjenneleg. Drivande rundt i ein god miks av countryrock, folkrock, psychpop og garasjerock klarer dei gong etter gong å halde fast i energien og den medrivande tonen. Slik blir Northern Passages nok eit sympatisk album i rekka; heilt utan flosklar og kjipe kompromiss.

Bilderesultat for priests nothing feels natural
14.Priests – Nothing Feels Natural
Washington DC-kvartetten Priests er på inga måte av det geistlege slaget. «To people in sanctuaries all I can say is you will not be saved» blir det meldt til kvasse tonar. Punk, for så vidt. Samstundes er det slik at Nothing Feels Natural er ei plate der nyansar og det underfundige blir dyrka i større grad enn det det gjennomsnittlege punkbandet der ute driv det til. I ein slik grad at Priests kanskje ikkje skal kategoriserast som punk… vel, det viktige her er uansett energien, og låtkvaliteten, og fridomen dei gjer seg sjølv.

Bilderesultat for protomartyr relatives in descent cover
13.Protomartyr – Relatives In Descent
Dei har kantar tonane til Protomartyr. Taggete og ugode høgg dei seg fram til meg. Musikkhistorisk kan dei kanskje plasserast i området rundt ein ung Nick Cave og nokre av dei samtidige av han der godt tilbake på åttitalet, som The Fall, som ei god handfull andre engelske postpunkband. Pluss litt garasjerock à la Detroit då. Nokre nyttige meter unna konvensjonell etterplapring. Ganske så nær sentrum av slikt eg vil kalle dugande eigenart. På dette, sitt fjerde album, er dei nokre hakk meir tilgjengelege enn tidlegare. Utan at eg vil kalle dei lett tilgjengelege, absolutt ikkje.

Bilderesultat for hurray for the riff raff navigator
12. Hurray For the Riff Raff – The Navigator
Sytten år gammal reiste Alynda Segarra heime ifrå. Frå storbyen, frå staden ho vaks opp, Bronx. Etter eit par år med togsniking og haiking på kryss og tvers av Amerika enda ho opp i New Orleans, der ho skulle bli buande nokre år. Nå har rastløysa ført henne heimatt. Både i fysisk og musikalsk forstand. For hennar sjette album, The Navigator, er ikkje berre tufta på tradisjonsmusikken ho før har omfamna, denne gongen kan ein også høyre storbyen der, Bruce Springsteen og Patti Smith, og ikkje minst den latinamerikanske musikken, det puertorikanske. Med kampsongen Pa’lante, ein psykologisk tilstandsrapport, eit poetisk meisterstykke, som sentralt høgdepunkt.

Bilderesultat for fleet foxes crack up
11.Fleet Foxes – Crack-Up
Dei første par gongene eg høyrde gjennom albumet gjorde eg meg tankar om at dette er ein dekonstruksjon av Fleet Foxes slik vi kjenner dei. Etter kvart endra desse tankane seg. Dreidde seg litt rundt sin eigen akse og blei til tankar om at Crack-Up er konstruksjonen av eit Fleet Foxes som gjenoppfinne seg sjølv. Dei harmonivakre vokallinjene vi kjenner så godt flyt rundt i ein kontekst av nyttig motstand. Av ting som skurrar, disharmoni og brot på den lineære forma. I eit luftig og frodig bilde. Kanskje kan det kallast noko slikt som varm folk-prog?

Bilderesultat for ron gallo heavy meta
10.Ron Gallo – Heavy Meta
Dette er total rock’n roll. Ingen tvil. Eg høyrer det frå første nummer. «Young lady, you’re scaring me» ytrar, snerrar, klunkar songaren. I henda har han ein gitar. Han nyttar den ikkje til å gå vidare respektabel til verks. Noko det for så vidt heller ikkje skulle vere grunn til å gjere. Han skildrar ein ustabil situasjon.
Det skal så vise seg medan albumet brenn av garde at det finst meir av om lag same kaliber der. Meir bitande songformidling, meir umoralsk gitarlyd, meir rock’n roll. Frå ein kar som nyleg har flytta frå Philadelphia til Nashville for å komme tettare på garasjerock-scena i countryhovudstaden.

Bilderesultat for margo price all american made
9. Margo Price – All American Made
Med All American Made byr Margo Price på eit endå betre album enn fjorårets debutalbum. Som på debuten kan ein dra linjer til Loretta Lynn og Dolly Parton, men ho touchar denne gongen soulmusikken også, og kjem opp med eit meir variert album.
Der debutalbumet hadde eit visst preg av det sjølvbiografiske rettar Margo Price denne gongen blikket utover Amerika. Og det ho ser er ho glad i, men det er også noko der, ein god del der, ho ikkje synst noko om. Ho vik ikkje unna, ho trør ut i det, og ho trør ikkje utprega varsamt. Men ho trør og lagar spor på eit vis som gjer ho til ein av dei aller beste countryartistane vi har om dagen.

Bilderesultat for peter perrett how the west was won
8. Peter Perrett – How the West Was Won
«Rock’n roll is back in me» syng Peter Perrett. Og eg ser ingen grunn til å tvile på det, for eg kan høyre det. Men litt utruleg er det nå likevel. Mannen er blitt 65 år, byta for mange år sidan musikk-karrieren sin bort mot ein dop-karriere, og så plutseleg er han her, uforskamma levande.
For How The West Was Won er ein overraskande god idé. Albumet tar på eit vis av der The Only Ones slapp (å skape power-lada pop i eit kryssingspunkt mellom Velvet Underground og Bob Dylan). Ok, så har Perrett med seg andre folk, og vel, så har ein sviktande lungekapasitet tvinga han til å synge litt meir avmålt, men han er på ingen måte ein ufokusert tilårskomen junkie. Neidå, her er det fokus, her er det gnist, han syng og snakkesyng med autoriteten til ein sindig faen, og serverer ei handfull låtar som fortener ein plass i The Only Ones-kanonen.

Bilderesultat for ema exile in the outer ring
7. EMA – Exile In the Outer Ring
«I wanna destroy, I wanna destroy, I wanna destroy, …» syng Erika M. Anderson. «I know the rage that’s in me, but I’m just what yoy made me» syng Erika M. Anderson. Ja det ulmar eit sinne utav mange av songane på Exile In the Outer Ring. Ikkje songaren sitt sinne. Ho er midlertidig rolleinnhavar eller formidlar. Folka som kjem til syne i songane hennar er av dei som i november 2016 var med å stemme Donald Trump inn i presidentstolen. Dei blir verken hudfletta eller tatt fint på. Ho stiller dei i eit rått lys men med ein straum av empati sivande rundt dei. Ho gjer det med songar som både omfamnar det melodiske og det støyande. Som byr på både luft og bra med skurr. Som er motsatsen av likegyldige.

Bilderesultat for lcd soundsystem american dream
6. LCD Soundsystem – American Dream
American Dream er eit comeback. American Dream er ikkje eit knuslete comeback. Men American Dream er ikkje eit gaul frå feterte stjerner som burde visst betre. American Dream er verken for mykje eller for lite. American Dream kretsar inn mot LCD Soundsystem sitt indre groovy, ekspanderande og postpunk-melodiske vesen og leverer med skinande relevans. American Dream er LCD Soundsystem sitt fjerde album og det tøtsjar storleiken til dei tre føregåande.
For jaggu har American Dream sitt å by på også. Her finn eg jo Tonite. Ein song der Murphy syng i Byrne-leia og det soniske tar ei medrivande funky ferd tufta på yppig monotoni og ein karakteristisk suggererande ekspansjon. Her er Call The Police, som bygger og løftar seg inn i det LCD-hypnotiske medan songaren teiknar eit heller dystert bilde av samtida. Og her er meir, og meir, ja meir enn nok til at det kan rettferdiggjerast at James Murphy har vekka lydsystemet sitt til liv att.

Bilderesultat for kendrick lamar damn
5. Kendrick Lamar – DAMN.
Om det er eit tema, ein gjennomgangsmelodi, på Kendrick Lamar sitt femte album så kan det vere Gud vs. mennesket, eller kanskje heller mennesket vs. Gud (sidan dette nå ein gong går føre seg på mennesket sin heimebane). Opplegget, eller skal eg kanskje seie kampen, går over fjorten rundar, og sluttar med eit pistolskot, ganske så uavklart. Undervegs har det dreidd seg om både åtak og omfamningar, og mennesket har vel strengt tatt påført seg sjølv fleire kilevinkar enn det Gud er blitt tildelt. I sonisk format vandrar opplegget frå det kvasse og aggressive og over mot meir dovne leier. Jazz-elementa som var veldig dominerande på suksessplata To Pimp A Butterfly er så godt som fråverande. Her er beats og loops og klipp og r&b og funky basslinjer i ein kanskje meir klassisk hiphop-tradisjon. Strammare og meir minimalistisk kan ein vel også seie. Og sjølvsagt umåteleg bra.

Bilderesultat for father john misty pure comedy
4. Father John Misty – Pure Comedy
Pure Comedy er krevjande saker. 75 minuttar om korleis menneskeslekta har tedd seg, og ter seg. Med særleg vekt på det som skjer no, i dei seinare åra av Josh Tillman si levetid. Det angar (for ikkje å seie stinkar) alvorlege ambisjonar over noko slikt. For korleis feste noko det helst blir skrive omfangsrike sosiologiske og filosofiske avhandlingar og bøker om fast i eit musikalsk uttrykk, og så komme frå det utan å stå att som eit fjols? Eg ser ikkje bort ifrå at det er nett det fleire vil hevde at skjer på Pure Comedy. At Misty står att som eit fjols. Vel, eg er i så fall ikkje blant desse som synst det. For i dette pratsame, tidvis sarkastiske og ikkje spesielt optimistiske verket høyrer eg eit fullblods menneske skape songar som veks seg sterke, og gjer inntrykk. Som tittelkuttet. Kanskje spesielt tittelkuttet. Ein buktande popsong i skjeringspunktet mellom Frank Sinatra og Elton John og vestkystrock, men som kanskje ikkje er i det skjeringspunktet i det heile tatt fordi den har ein Misty-faktor som er umiskjenneleg Misty. Eleganse, nonsjalanse, uro, misantropi.
Misty stiller seg kanskje, albumet tvers igjennom, lageleg til for hogg, men han glir då unna det meste, med eit underfundig smillaust smil om munnen.

Bilderesultat for mount eerie a crow looked at me
3. Mount Eerie – A Crow Looked At Me
Han kunne ha kalla plata for Death is Real. Han gjorde det ikkje. Phil Elverum vil fortelje om meir enn døden. Han vil fortelje om kjærleiken også. Og livet, både før og etter at døden blei ein betydeleg del av det.
Mount Eerie er eit einmannsprosjekt Phil Elverum har hatt ein del år nå. Så har det vore med Mount Eerie som med einmannsprosjekt flest, gode hjelparar har blitt invitert med. Ei som stundom har vore innom og hjelpt til var Geneviève Castrée. Ho lever ikkje lenger.
Geneviève Castrée døydde 9. juli 2016. Etter å ha kjempa eit drygt år med ein alvorleg kreftsjukdom herjande i kroppen. Hennar næraste den tida var ei lita jente og mann hennar, Phil Elverum.

Death is real.
Someone’s there and then they’re not
and it’s not for singing about.
It’s not for making into art.
When real death enters the house
all poetry is dumb. 

Opningssongen. Real Death heiter den. Den varer i knapt to og eit halvt minutt, men er på ingen måte fort over. Den sette spor etter seg. På sitt spartanske og lågmælte vis. Med sine reserverte gitar-render, sorgsame tangenttonar, sitt subtile og langsame beat, og denne songaren som ikkje tar i, som syng, som snakkesyng, og som er der, i songen.
Etterpå kjem det fleire songar. Moduset frå opningssongen lever vidare i desse. Tematisk, sonisk. Låt etter låt går over i kvarandre. Liknar kvarandre. Søker inn i det same. Er i det same. Dette lågmælte uttrykket. Dette tomrommet. I eit nettmagasin (eg huskar ikkje kva for eit) såg eg innhaldet på albumet bli klassifisert som «så vidt musikk». Eg tenker at den som har skrive det på eit vis er inne på noko, samstundes som eg tenker, og kjenner på meg, at albumet er ei av dei sterkaste musikkopplevingane eg har hatt dei siste åra.


2. The National – Sleep Well Beast
I sonisk skapnad er Sleep Well Beast eit steg ut til venstre i forhold til løypa The National har fylgt sidan gjennombrotsalbumet Boxer. Ei fruktbar hending på vegen mot denne plata var skisser og tonar Dessner-brørne tok med seg frå eit musikkevenement dei deltok på i Berlin i fjor. Der dei spesielt lot seg inspirere av electronica-duoen Mouse On Mars. Det er ikkje det at The National ikkje har krydra stoffet sitt med elektroniske lydar før, men det har ei lausare, friare og meir eksperimentell form denne gongen. Og det er meir av det. Og det er absolutt ikkje øydeleggande.
Samstundes er dette, denne plata, desse songane, gjenkjennelege National-songar. Kanskje den sterkaste samlinga av slike sidan Boxer.
The System Only Dreams in Total Darkness var den første songen The National gjorde kjent frå albumet. Med sitt rastlause driv, sine korte gitarriff som konsist skjer inn i melodiløpet, og si både skarpe og luftige form hadde den, og har den, National-klassikar gravert inn i seg. Med ei absolutt økonomisert mengd av ord teiknar songaren Matt Berninger eit dirrande bilde av ei stor uro. Ei uro som kan komme frå fleire hald. Som ikkje blir tydeleg plassert. Ei dugande oppskrift på å halde lyttaren i ande det. Noko eg for så vidt kunne ha sagt om fleire låtar her, for ikkje å seie fleirtalet av låtane her. Så det.

Bilderesultat for pumarosa the witch
1. Pumarosa – The Witch
«You dance, you dance, you dance, you dance» lyde omkvedet. Formidla av Isabel Munoz-Newsome. Eller kanskje heller formana, eller ettertrykkeleg konstatert. Medan groovet det går, og går. Luftig, lettbeint og suggererande. Priestess heiter låta. «Electricity flows through your spine and it shows» syng dama, offensivt med ei underliggande beundring. Ho syng det til ei kvinne, ei som dansar med fridom i rørslene, ei søster. Og låta driv lenger og lenger inn i det hypnotiske. Inn i eit krautlandskap, inn til ein saksofon av smått krakilsk karakter. Den kunne gjerne strekt seg over fleire minuttar, forbi dei sju og eit halvt den brukar.
The Witch er Londonkvartetten Pumarosa sitt debutalbum. Det er ikkje eit album som kjem stille og forsagt inn gjennom døra. Her er absolutt visse pretensjonar å spore, og eit mot og ein vilje til å tre fram i lyset. Det går til dømes an å hevde at songaren Isabel Munoz-Newsome tyr til visse teatralske grep. Men eg opplever ikkje hennar framferd som oppstylta, eg opplever henne som eit sentralt kraftfelt i låtane. Enten ho minner meg om Patti Smith, Siouxsie Soux, eller helst beveger seg forbi der ho minner meg om anna enn seg sjølv. Rundt henne er det godt med rom og luft, og medspelarar som har instinktet i orden når det gjeld inspirert suggererande låtbygging. Industrial spiritual er bandet ubeskjedne nok til å kalle lyden dei skaper. Ein karakteristikk dei absolutt skal få komme unna med. Dei lyt nesten også få komme unna med at albumet har ei speletid på 55 minuttar. For dei lar ikkje eitt einaste eitt av desse minutta gå til spille.

LCD Soundsystem – American Dream

Standard

Eit comeback som finn groovet og det evige løftet, slik LCD Soundsystem er til for å gjere.

  «You should be uncomfortable». Med desse orda avsluttar LCD Soundsystem sin frontmann James Murphy songen Other Voices. Det er ord som visstnok har ein konneksjon til ein samtale Murphy hadde med David Bowie ikkje så lenge før sistnemnte døydde. LCD Soundsystem var då eit oppløyst band, og hadde vore det sidan Murphy med brask og bram annonserte det i forkant av ein konsert i Madison Square Garden i 2011. I samtalen ymtar Bowie frampå om at Murphy kanskje skulle vekke bandet til live igjen. Murphy seier noko slikt som at det kjennes merkeleg å tenke i dei banar. «Does it make you uncomfortable» spør Bowie. Murphy drar på det, med eit langt usikkert «yeah». «Good» svarar Bowie, «if you’re not uncomfortable then you’re not doing anything». Og James Murphy si gjenforeining av LCD Soundsystem var på skinnene.

American Dream er ikkje eit knuslete comeback. American Dream er ikkje eit gaul frå feterte stjerner som burde visst betre. American Dream er verken for mykje eller for lite. American Dream kretsar inn mot LCD Soundsystem sitt indre groovy, ekspanderande og postpunk-melodiske vesen og leverer med skinande relevans. American Dream er LCD Soundsystem sitt fjerde album og det tøtsjar storleiken til dei tre føregåande.

Som musikkprosjekt flest kjem heller ikkje LCD Soundsystem utav ingenting. Nå 47 år gamle James Murphy er ein ektefølt fan av musikk som har spelt ei rolle dei siste 50-60 åra. Frå Velvet Underground til kraut til postpunk til techno. Han slår det forresten meir enn klart fast i den smått sarkastiske og fantastiske sjølvmeldinga av ein debutsingel han kom med for 15 år sidan, Losing My Edge. Eit namnedroppande nummer av ein anna verden. Og så kan ein jo trekke fram tre blad David då. Bowie sin innverknad på Murphy handlar sjølvsagt om mykje meir enn den nemnte samtalen. Den andar i mang ein Soundsystem-tone. Der finn eg også David Byrne. I Murphys røyst og i det postpunkfunky drivet. Og så er det David Homes då. Mannen som ved inngangen til 00-talet gav ut det barske og funky electronica albumet Bow Down To the Exit Sign. James Murphy luska rundt i kulissane under innspelingane av nett den plata, og har sjølv uttalt at Holmes si «ja eg berre gjer det»-innstilling hadde ein direkte innverknad på at han sjølv heiv seg ut i det. Heiv seg ut i det og miksa i hop slikt han likte.

LCD Soundsystem var meir punk på det doble debutalbumet enn på American Dream. Og meir eklektisk. Og andre plata har det euforiske glansnummeret All My Friends og den krakilske balladen New York, I Love You But You Bringing Me Down. Men jaggu har American Dream sitt å by på også. Her finn eg jo Tonite. Ein song der Murphy syng i Byrne-leia og det soniske tar ei medrivande funky ferd tufta på yppig monotoni og ein karakteristisk suggererande ekspansjon. Ein offensiv sak om det å eldast. Utan at Murphy er klar og tydeleg på korleis slikt fortonar seg. Personleg opplever eg det som at han er meir over mot ei humørfylt enn ei depressiv tilnærming. Som i linjer som desse: «all the hits are saying the same thing, there’s only tonight, man, life is finite, but, shit it feels like forever».

I hælane på Tonite kjem Call The Police, og plasserer seg i eit heftigmektig og ikkje heilt ukjent LCD Soundsystem lende. I nabolaget til All My Friends. Litt som Arcade Fire på ein veldig god dag, med eit snev av Heroes, og eit løft som løftar og løftar. Å kalle den suggererande er eit understatement. Å seie at Murphy nyttar dei sju minuttane songen varer til å teikne eit fredfullt bilde av samtida vil vere ei løgn. Her handlar det om mistrua og angsten og kampen som går føre seg der ute. I gatene, i maktkorridorane, på twitter, i kommentarfelta. Han syng om «a full blown rebellion», ei motmakt av undertrykte som vil «drive you from your hoary halls of gold». Eit åtak av dimensjonar.

Tittellåta har ei anna gangart. Den kjem i luntetempo og er fyldig på synth-svingingar. Ein ballade, i ei melodisk drakt eg meiner har ein viss Okkervil River-tøtsj. Der Murphy tematiserer uroa som vaknar til liv idet ein vaknar opp ved sida av ein framand på ein framand plass. Ni minuttar lange How Do You Sleep? handlar om noko heilt anna. Det blir sagt at den handlar om James Murphy sitt forhold til sin tidlegare venn og samarbeidspartnar Tim Goldsworthy. Det er visstnok ikkje eit bra forhold lenger. Men eg opplever ikkje songen som eit eintydig hatsk åtak. «I must admit: I miss the laughing but not so much you» lyde ei av linjene med ein viss nyanse i seg. Det er fleire slike. Songen har forresten eit fullt ut allmenngyldig vesen. Og eg høyrer ein lengt i tonen, der den veks seg fram frå ein ledug dans til ein mektig påle.

James Murphy er den svorne musikkfanen som jobba i platebutikk, var dj, spelte i skrotete band, og som til slutt fant fram til gullåra. I det vemodige og sterke postpunk-nummeret I Used To ser han tilbake til byrjinga, den gongen han «used to wait all night for the rock transmissions». Kanskje dukka Lou Reed opp, eller Leonard Cohen, eller Alan Vega. Dei er alle døde nå. Og fleire med. Noko James Murphy sjølvsagt ikkje er upåverka av. Han er innom det på plata. Nemnte Vega er med tvers igjennom opningssporet Oh Baby, der det dansar ganske nær opp til Suicide sin Dream Baby Dream. Og når skjermen til slutt går i svart, og natta er total, og tonane flyt elegisk, då heiter songen Black Screen, og er ein audmjuk hyllest til David Bowie. Frå ein ukomfortabel fan, som absolutt gjorde rett i å kalle bandet sitt til live igjen.

8/10

TIDAL: LCD SOUNDSYSTEM – AMERICAN DREAM

Musikalsk årsoppgjer for 2007

Standard

Joda, det vart gjeve ut ein del bra plater i 2007 også. Eg har heilt sikkert ikkje høyrt alle. Men i alle fall nok til at eg har klart å sette saman ei liste med ti album eg med handa på hjerta kan seie inneheld mykje god musikk. I tillegg ligg det fleire og vaker like under, desse kunne sikkert ved eit anna høve om ei veke eller sju ha erstatta nokre av dei som til slutt vart valt.

Det gjeld album som:
The Sadies – New Seasons
Phosphorescent – Pride
Yeasayer – All Hour Cymbals
P.J. Harvey – White Chalk
Sarabeth Tucek – Sarabeth Tucek
Nina Nastasia & Jim White – You Follow Me
Robert Plant & Alison Krauss – Raising Sand
Andrew Bird – Armchair Apocrypha
Blanche – Little Amber Bottles
Grinderman – Grinderman
Black Cab – Jesus East
Wilco – Sky Blue Sky
Dungen – Tio Bitar
Oakley Hall – I’ll Follow You
The Bees – Octopus

Av norske utgjevingar, skulle i alle fall desse vere verdt å nemne:
Salvatore – Days of Rage
Valkyrien Allstars – Valkyrien Allstars
Texum – Different Strokes For Different Folks
The Lionheart Brothers – Dizzy Kiss
Arve Henriksen – Strjon
I Was a King – Loosing Something Good For Something Better

Så over til dei ti eg landa på:

10.Battles – Mirrored

Musikk oppstår aldri utan å ha ei forankring i noko som har vore der før. Heller ikkje Battles. Men dei er no likevel noko for seg sjølv. Der dei miksar suggererande elektronisk framdrift med rock-riff, jazzige glimt, sugande rytmar og ein forvrengt vokal som har trakka ned fleire dusin smurfar på sin veg fram i lyset. Og Atlas har vel alt som skal til av slikt for å kunne gå av med sigeren i kåringa ”årets mest vanedannande låt”.

9.Radical Face – Ghost

Radical Face er Ben Cooper. Ghost er det andre albumet hans. Det ber sitt namn med rette. Den grunnleggjande tanken til Cooper denne gongen var å skape noko kring ideen om at eit gammalt hus har ein historie. Ein historie saman med menneske. Så kva om huset sine veggar kunne fortelje sin historie? Kva om menneska som har levd i huset no bur i veggene, eller under golvplankane?
Det skikkelig storarta er at i dette knirkande, dunkle og atmosfærekallande opplegget dukkar det fram den eine flotte popsongen etter den andre. Litt for like i både puls og tone er det kanskje nokon som vil hevde. Sterkt forførande i både puls og tone hellar nok underteikna ganske så kraftig mot å hevde.

8.Animal Collective – Strawberry Jam

Eg skal innrømme at eg ved tidlegare høve har opplevd Animal Collective som eit litt i drygaste laget merkverdig tiltak. Der rare påfunn stundevis har vore på kollisjonskurs med groovy framdrift og det melodiske prinsipp. Denne gongen derimot finn eg brygget deira særdeles velsmakande. Skarpt, røft og hasardiøst. Javisst. Men det yppale groovet vik aldri ein tomme og den melodiske tone gøymer seg aldri for lenge bak atonale påfunn. Strawberry Jam forever.

7.Panda Bear – Person Pitch

Noah Lennox snik seg av og til bort frå det noko ustyrlige Animal Collective, kler seg i pandadrakt, og serverer tonar av ein noko meir yndefull karakter. Person Pitch er ein suggererande og surrealistisk popsymfonisk draum henta utav eit landskap der Brian Wilson sine idear flyt rundt på ei dunlett men ikkje heilt ufarlig sky. Ei rekke av subtile påfunn flyt saman til eit dynamisk heile, og blir til ein mektig, mangestemt og vidunderlig vakker popkollasje.

6.The Shins – Wincing The Night Away

Vegen inn til dei skinande poptonane er smalare denne gongen. Den tredje gongen. Litt farga av natta dei prøver å røske bort. Litt farga av psykedeliske undertonar. Litt farga av eit noko meir intrikat vesen. Men dei er der. Og dei skin. Frå Sleeping Lessons til A Comet Appears. Og James Mercer syng minst like overtydande som han har for vane å gjere. Så derfor blir det også denne gongen ei flott plate, frå eit gnistrande band.

5.Corrina Repp – The Absent and the Distant

Eg oppdaga Corrina Repp i 2007. Det er eg glad for. Mark Kozelek oppdaga ho før meg, og gav ut denne plata på sin eigen label.
Det er ikkje så vanskelig å skjøne kvifor Kozelek falt for denne dama. The Absent and The Distant hentar sine tonar og sin stemning frå dei same dunkelt opplyste kveldstimar som Kozelek sjølv har for vane å rote seg inn i. Dvelande rundt, og midt i, eit folksy uttrykk syng Corrina Repp om sjelelige plager og strevet med å halde seg flytande. Stemma hennar har sitt slektskap med soniske medsøstrer som Cat Power, Nina Nastasia og Julie Doiron. Men det er ikkje noko ein skal henge seg altfor mykje opp i, og i alle fall ikkje bruke mot henne. Ho viser seg nemlig å vere noko meir enn ei i mengda.
Eit sinnbilde som står sentralt i mi oppleving av denne plata, er sinnbildet av eit stort og dunkelt opplyst rom. Månelyset prøver å trenge gjennom nokre sprekkar i tak og vegger, og ei 40 watts lyspære sukkar medtatt og blå bakom ein haug med rusta jern. Anar eg havet utafor? Eg trur det er varmt utafor. Det er klamt innafor. Det dryp. Pianodråpar fell mot klangfullt underlag. Pianotårer fell på steingrunn.
I sanning eit kjærkome funn.

4.Ben Weaver – Paper Sky

Det er som kjent ikkje berre himmelen som er laga av skjørt material. Livet i seg sjølv er jo også ein svakt armert konstruksjon. For ikkje å snakke om illusjonane vi fyller det med, og kjærleiken vi krydrar det med, og hjerta som prøver å halde det heile i gang. Så derfor sit han der då, den einsame trubadur, og prøver å ”draw with black on black”. Det er definitivt ikkje alle som får slikt til. Men Ben Weaver får det til. Kanskje fordi han har denne røffe og uforfalska røysta? Kanskje fordi han har spora opp tonar som slett ikkje høyrest nye eller originale ut, men som er sterkt medrivande, og som brenn? Eller kanskje fordi han har eit skarpskodd instinkt for å handtere ord?
Ein kan verken sonisk eller tematisk skulde Weaver for å operere innafor eit vidtfemnande eller grensesprengande territorium. For sjølv om det er nokre desibel som skil den nennsame haustvisa In November og den nesten Crazy Horse harvande Geisha så har dei begge grodd fram på den same americana-enga der Weaver ruslar rundt og plukkar sine tonar. Med låtane han fyller Paper Sky med, set Weaver sine spor der han også. Definitivt.

3.LCD Soundsystem – Sound of Silver

LCD Soundsystem vil ha oss opp av indiestolen og ut på dansegolvet. Ikkje golvet der plastikkrytmane rår, men eit anna eit, der staffasjen og narrespelet må vike for innhald og groove. LCD Soundsystem er eit funky punky tiltak der forførande rytmar og uimotståelige melodilinjer svingar seg saman i siamesisk skapnad. Smart, tøft og heitt, og med store deler av rockehistoria klistra tett til ryggraden.
På sin debutsingle Losing My Edge frå 2002, namnedroppar LCD Soundsystem sitt alter ego James Murphy ein heil drøss av artistar som har inspirert han til å gjere det han gjer. Frå Can og Lou Reed via Gil Scott Heron til Daft Punk. Det doble sjølvtitulerte debutalbumet som kom nokre år seinare var eit viltveksande oppkomme av spenstige idear og fabelaktige låtar.
På sitt nyaste framstøyt flyttar han lydsystemet sitt eit par sølvkanta steg i popmotorisk retning. Det har definitivt ikkje gjort han mindre inspirerande å frekventere. Lada med rytmisk kåtskap, hooks og melodisk vellyst er så definitivt Sound Of Silver lyd som skin. Her fresar han mot sit eige heimland i råheftige North American Scum, miksar Neu og episk rock på sterkt vanedannande vis i All My Friends, og avsluttar med ei særdeles minneverdig ode til heimbyen sin i New York, I Love You But You Bringing Me Down.
Til å bli sterkt oppspelt av.

2.Okkervil River – The Stage Names

Der Okkervil River sitt førre album Black Sheep Boy ikkje slapp lyttaren inn på seg utan ein viss motstand opnar The Stage Names døra med det same. Utan at alt dei har by på vert avslørt av den grunn, her er for mange rom til det. Og utan at desse tonane, som så raskt finn beinvegen inn i ryggmargen min, luskar mindre inspirerande ut bakvegen nokre rundar seinare. Slett ikkje, dei er der framleis, og er like utkrope fengande, og like vemodsfullt vakre som då dei kom.
The Stage Names gjer inntrykk av å vere Okkervil River si mest sofistikerte og arrangerte plate. Samstundes som eg opplever at den kanskje har eit vel så laust og luftig vesen som det deira tidlegare verk kan skilte med. Ja er dei ikkje litt meir leikne tru? Litt meir på veg til fest og lått? Men ikkje utan at dei byrdefulle kjenslene og sjela sine mørkare krokar slår følgje. Seriøst følgje. Og få er det i dag som gjer uttrykk for slikt med like intens bravur som Okkervil River sin songar og låtskrivar Will Sheff. Han er over songen, han er i songen, ja han er songen. Songar og skildringar som denne gongen er plassert på meir nåtidige scener. Livet som ein sveitt og rotlaus, men også glorifisert, rock’n roller på veg frå by til by dukkar opp som tema i fleire av låtane. Eit liv som vert både feira og forbanna. På ei plate definitivt verdt å feire.

1.The National – Boxer

Ja slik er det. Den subtile New York-kvintetten har levert årets beste i år også, akkurat som i 2005. Det finst meir enn ein grunn til det.
Matt Berninger er ein av dei mest eigenarta rockepoetane som har komme til etter årtusenskiftet. Tematisk kan vel det han har føre seg neppe kallast originalt. Det handlar om relasjonar på randen av undergang, kanossagang eller til nød på veg mot ein ekstraomgang. Han gjer det imidlertid med særdeles låg klisjéfaktor, høg fintefaktor og ein lakonisk poetisk klang.
Men The National er ikkje berre Berninger. Bandet er også brødreparene Dressner og Devendorf. Og dei gjer absolutt sitt for at deira fjerde album blir den vinnaren det er.
Over tolv rundar prøver aldri The Boxer å få inn det eine avgjerande støyte, i staden flyr, flyt og dansar den rundt i ringen på raffinert vis. Den lener seg mot taua. Den stiller seg for slag. Den blør. Den reiser seg. Den får inn ein hook, og ein til, og ein til. Det er til å bli sveitt av. Det er til å miste pusten av. Det vert aldri slått i tomme lufta. Det vert aldri spelt ei unødig note. Den dansar bakover, sidevegs og framover. Den fintar og den dukkar. Den er upretensiøse og raffinerte. Den er ikkje til å bli heilt klok på. Men idet gongongen går for siste gong har den prikka inn så tett med melodiske vinnarar og sitatfreistande linjer at det sjølvsagt ikkje kan bli noko anna enn ein einstemmig og overlegen poengsiger.


Så skulle eg nokre månader etter at året var omme oppdage Elisabeth Cook si friske plate Balls. Det er eg glad for.