Tag Archives: Neko Case

The New Pornographers – Whiteout Conditions

Standard

Bandet som alltid har ein dose smittsame hooks på lager.

Bilderesultat for new pornographers whiteout  Tempo, tempo, tempo, det er Whiteout Conditions det. 160 BPM og det som kjappare er. Ja skal ein danse til samfulle 41 minuttar av denne plata må ein ha ein salig solid kondis.

Nå har låtar med tempo for så vidt vore eit varemerke hos The New Pornographers frå dei debuterte med sin hooks-orienterte popmusikk i 2000, men aldri har vel bandet køyrt tempo så non-stop som på denne deira sjuande langspelplate. Aldri har dei vel heller nytta seg meir av synthesizer og mindre av gitar enn det dei gjer på denne. Og aldri har dei før gitt ut plate utan to-tre Dan Bejar spor. Han er ikkje med i det heile denne gongen. Det er ikkje trommis Kurt Dahle heller. Den nye trommisen heiter Joe Seiders. Saman med bandets hovudlåtskrivar og frontfigur Carl Newman skapar han eit rytmisk mønster (av trommer, maskiner, synth-droner, rytme-gitar) som finn si form, og som så går og går (for ikkje å seie flyr og flyr). Newman kallar det bubblegum krautrock. Han er absolutt inne på noko.

«In the valley of lead singers» blir det sunge med ein viss triumf i tonefallet i ein av songane på plata. Og den frodige dalen kan jo gjerne vere The New Pornographers det. For sjølv om Bejar ikkje deltek denne gongen, er det jo framleis tre ganske så tydelege vokalistar tilbake. Og enten ein av dei har hovudansvaret for ein song, eller to av dei duetterar, eller dei kastar seg i harmonisongens armar, eller serverer call & response av yppig merke, så er dynamikken i det desse tre gjer eit New Pornographers-kjennemerke med eit dusin utropsteikn bakom.

Neko Case har vore med sidan starten. «I only play for money» forkynnar ho absolutt friskt nok i opningssporet. Litt seinare har ho det vokale hovudansvaret i det vagt vemodige og raffinert melodiske høgdepunktet This is the World of the Theatre. Ein song om røyndom som blir til teater og teater som blir til røyndom. Eit tema Newman også er innom i den popboblande førstesingelen High Ticket Attractions. Songen han skreiv då han såg at det kunne skje at Trump blei president i USA. Den er ikkje utan angst. Det er ikkje tittelkuttet heller. Men angsten, eller kanskje heller den depressive tendensen, i denne er grunnlagt på eit meir personleg plan. «Hooked on a feeling» syng Newman (akkurat som Bjørn Skifs ein gong gjorde) men det er ikkje ei god kjensle som har hekta seg fast i han. Melodien derimot er spretten og munter nok, med eit langt og godt refreng sunge av dei to damene, Neko Case og Kathryn Calder. Sistnemnte har forresten si distinkte hovudrolle i det fengande nummeret Darling Shade.

Dermed var dei fem første låtane på albumet nemnt. Den andre halvdelen, den som fylgjer etter det noko haltande nummeret om søvnproblem, Second Sleep, opplever eg nok ikkje like konstant på det uimotståelege popkøyret. Men den høyrer då med, og den er på ingen måte dårleg. Verken når Newman oppmodar til å ikkje høyre etter når «the fool says, you can’t fool your way» i Colosseums, eller når bandet for ei låts skuld lar trommene stilne og dei tre songaren syng rett så sterkt saman i We’ve Been Here Before. Og vore her før har dei jo. Med sterke plater som Mass Romantic, som Electric Version, som Twin Cinema. Kanskje er ikkje Whiteout Conditions heilt der oppe, men du verden, eg håpar eg har gjort det klart at ein kan ha det rett så triveleg i selskap men denne også.

7/10

TIDAL: THE NEW PORNOGRAPHERS – WHITEOUT CONDITIONS

Musikalsk årsoppgjer for 2009

Standard

Så har det siste året i det første tiåret av 2000-talet komme til sin ende, og det utan at verken terroråtak, internett, fildeling eller andre slags påfunn har tatt livet av musikken.Den er utstyrt med for mange liv, og har eit altfor vinnande vesen, til det.Det grensesprengande eller spektakulært nyvinnande har rett nok ikkje musikkåret bydd på (eller tiåret for den saks skuld). Men stabelen av plater eg har funne hugnad i har dei siste 12 månadane vokse seg bra stor den. Så derfor seier eg meg nøgd, godt nøgd.Eg har sett pris på plater av Bonnie Prince Billy, Pink Mountaintops, The Felice Brothers, Marnie Stern, Dan Deacon, Deportees, Monsters of Folk, Hiss Golden Messenger, Akron/Family, Wilco, Bill Callahan, Low Frequency In Stereo, Sunset Rubdown, A.A. Bondy, Kurt Vile, Girls, Yo La Tengo, Megafaun, Son Volt, M. Ward, Tellusalie og ikkje minst Stein Torleif Bjella.

Men det aller djupaste inntrykket har nok desse ti gjort:

10.Marissa Nadler – Little Hells
Som tittelen varslar, dette handlar ikkje om menneskeskjebner på sporet av den evige lukka. Dette handlar om saktegroande arr, gnagande sakn og uoppgjorte dystar. Sånt som dama allereie har dvelt ved på tre album før. Men denne gangen er lydkjeldene fleire, ho har eit band med seg. Dei overdøyver henne aldri, dei spelar varleg, men dei er der. I eit luftig og smått hypnotisk sonisk landskap. Saman med Marissa, hennar vevre, transparente og klare røyst, hennar melankoli, og hennar stillferdig forførande melodiar.

9.Richmond Fontaine – We Used to Think the Freeway Sounded Like a River
Richmond Fontaine er den same gjengen som dei har vore over nokre år no. Dei er lyden av eit samspelt band, men også eit frigjort og søkande band. Eit band som varierer sitt uttrykk. Som dveler, teier og kitlar varleg. Men som også brenn, og bråkar. Dei høyrer til innunder eit americanalandskap. Eit breidt eit, som famnar både folk, country, jazz, rock, og noko sfærisk der ute frå ørkenen ein stad.
Og fremst finn vi Willy Vlautin. Låtskrivaren, og songaren, med dei sterke og reinskorne mininovellene, om folk som opplever at livet slett ikkje er ein frydefull heisatur.
Denne gongen er det nesten like bra som meisterlige Post To Wire.

8.John Olav Nilsen og Gjengen – For Sant Til Å Være Godt
Utstyrt med vinnande tonar og dei beste rocketekstane på denne sida av Jokke stuper Nilsen og Gjengen uti eit kokande opplegg som aldri nærmar seg lunkne farvatn.
På rotekte bergensk syng Nilsen om livet slik det er. Ganske så vrient og lummert, men ikkje til å forkaste heller. Han ser det vakre i det stygge, og fortel om det. Han ser diamantar i knuste flaskeskår, og er lykkelig ulykkelig.
Det er postpunk, The Aller Værste, ei rabiat popåtferd, og eit gåvmildt arsenal av fengande tonar.
Det er ingen perfekt plate, ingen sensasjonell plate, ingen frelsande plate heller. Men ei fantastisk plate er det. Bore fram av eit sjølvlysande overskot, og trustappa av frydefull desperasjon. Eg smiler, framleis.

7.The xx – xx
Dei er frå London, dei er fire, dei er unge, men dei overdriv ikkje. Absolutt ikkje. Dei har skjønt at lite kan vere nok. Dei har skjønt det er mykje energi i det uspelte. Så dei har funne seg ein liten dunkel krok, der lyset er dempa, og lyden blir servert i minimalistiske former.
Ei sensuell damerøyst har den vokale hovudrolla, ei meir limitert mannsrøyst har ei framtredande birolle. Dei har postpunk i årene, men spelar den med sordin. Dei kan vandre inn i sfæriske landskap, men med ein poptone i sekken. Bass og beats går i eit funky dubganglag. Gitaren spelar lysskye tonar, skånsamt. Det er lågstemt og lumskt, det er suggererande lakendans. Det er varmt.

6.Simon Joyner – Out Into the Snow
Med si noko ustøe, men slett ikkje karakterlause røyst tar Simon Joyner lyttaren med på ein transperent tur inn dit ambivalensen dekker kampen mellom uro og harmoni. Der det handlar om dei som elskar, dei som har elska, og dei som hungrar etter å bli elska. Han skildrar folk i havsnaud. Folk som drøymer draumar med lenker på. Folk som skannar rommet for mareritt før dei går til sengs. Folk som tørstar, leitar, snublar, og som kjenner på den bitre smaken av løgner og tapte sjansar. Folk som mest av alt søker fred og harmoni, men som ikkje heilt finn utav kartet dei har fått utdelt.
Han evnar skape medrivande forteljingar. Og kler dei så med tonar henta frå eit vegkryss der Leonard Cohen har støtt på Lou Reed og Townes Van Zandt. Gode tonar.

5.The Low Anthem – Oh My God, Charlie Darwin
Dei er både høgt og lågt, dei gjer det både stilt og vilt. Dei er tre. I lag spelar dei på sånn cirka 27 ulike instrument (frå saksofon og cello til tabla-trommer og pumpe-orgel).
The Low Anthem er ein varmblodig og organisk trio, som spelar songane sine, ikkje konstruerer dei.
Dei sprenger ingen grenser eller er überfantasifulle på noko vis. Det dei gjer har vel i grunn ganske så mange andre også gjort. Det dei gjer har sine røter i ein gamal tradisjon. Folkmusikktradisjon. Ut av denne tradisjonen dreg dei så tonar, og komponerer songar, som har det med seg at dei verkar å ha vore her alltid. På ulikt vis, og i ulik skapnad. For folk er så mangt. Berre spør The Low Anthem, og du vil få eit uimotståelig svar. Deira svar.

4.Animal Collective – Merriweather Post Pavillion
Den kom tidleg denne, svevande på eit røslig rykte om å vere fargerik og fabelaktig. Og det var den jaggu også, og det er den framleis. Ein sonisk virvelvind som sopar med seg både eitt og hitt, og meir til. Ein part Strawberry Jam, ein part Person Pitch, ein part Smile, og atskillige partar nyvevd og spektakulær lydrikdom. Ja slikt noko som det vanskelig kan bli anna enn psykedeliske popdrops utav. My Girls, Summertime Clothes, In The Flowers. Søte, syrlige, mektige, vanedannande, og evigvarande popdrops. Om å synge, og danse, og elske, og drikke, og smake, og gaule, og tru, og tvile, og føle, og omfamne livet, for det er det verdt.
Utan å gå på akkord med sitt sprudlande eksperimentelle vesen har Animal Collective plassert poptonen i den sentrale rolla denne gongen, og rulla fram sitt mest tilgjengelige verk. Sitt beste. Eit av årets beste. Synst eg òg.

3.Neko Case – Middle Cyclone
Med ei listig popånd i ryggen fører Neko Case nok ein gong countryfolktonane sine inn på det minneverdige sporet. Tonar som blir til songar. Songar som sjeldan tar fyr i første forsøk. Men som når dei tar fyr, aldri sloknar.
Det finst grunnar for at songane tar fyr. Sjølvsagt gjer det det. Ein kan snakke om dei tempererte arrangementa, om subtile innspel frå gode hjelparar, og om den luftige og brennbare atmosfæren dei driv rundt i. Men den fremste kveiksla er tvillaust røysta til dama sjølv. Denne røysta som verkar råde over det meste. Som er inkarnasjonen på malmfull. Som har tonane som sine beste venner. Som kan danse uti sommarnatta, lene seg mot ein rusken haustkveld, eller kysse mystikken midt i nakken. Alt like naturlig, og så sjølvsagt utført, at ein reint kan fatte mistenke om at røysta sin eigar ramla i dynamikkgryta då ho var lita.
På Middle Cyclone syng ho songar om ville vindar, leie regnbyer og brokete skylag, om utemja dyr, fuglar og insekt.
Men eigentlig, eigentlig er det 14 kjærleikssongar. Eg er blitt glad i alle.

2.Magnolia Electric Co. – Josephine
«Ooo-oh!», den einsamaste røysta under den vestlige himmel syng om fjerne horisontar, lange netter, utålelige smerter, og det å ha levd så lenge blant skuggane at han er blitt ein av dei. Omlag slik han har gjort det frå han presenterte sin første mollstemte tone for fleire år sidan. At bandets bassist forulykka i ein brann då denne plata var på skissestadiet gjorde nok ikkje mollstemninga lysare. Utan at det er bassisten dette handlar om. Dette handlar om hardt prøvde Josephine (og Grace, og Knoxville Girl), og han (og dei) som snudde livet hennar (deira) opp ned. Det handlar om den evige rastløysa, den manglande tilhøyrsla, om kor lett ein mann kan rote seg bort «when he’s on the mountain road», og om ørkenen som skjuler eit paradis.
Med Josephine leverer Jason Molina og hans gjeng sitt strammast redigerte album til dags dato. 14 spor på tre kvarter, med lite rom for utanomsnakk, gitarsoloar og andre utflukter. Stilmessig er det ei nokolunde jamn fordeling av luftige folkrocklåtar med godgjerande country-resonans, og dei meir elektrisk brennande sakene med ulik grad av blues i årene. Sterke låtar, hjerteskjerande vakre låtar. Og bandet, bandet verkar vere heimsøkt av eit overskot eg meiner å ikkje ha høyrt sidan dei transformerte seg frå Songs:Ohia til Magnolia Electric Co.
Så «sing it brother, one more time».

1.Andrew Bird – Noble Beast
«Popmusikant med fiolin» har jo blitt eit velkjent bilde her i landet siste året. Andrew Bird har ikkje vore i det bildet. Han er i eit anna eit. Eit betre eit. Eit rikare eit, med fiolin, plystring, eklektiske poptonar, smarte grep, og varme friske fargar.
Inspirasjonen hentar han frå mange hald, og utføringa er kjenneteikna av soniske krumspring. Så vegen inn til tonane hans kan by på visse utfordringar, men slett ikkje uoverkommelige utfordringar. For dei har eit inviterande vesen desse tonane. Og ikkje sidan meisterverket The Swimming Hour såg dagens lys (i 2001) har dei vore like inviterande som dei er på Noble Beast.
Å trampe fram med tunge skritt har aldri vore Bird si greie. Å la dei soniske påfunna krangle om merksemda har han også passa seg vel for å legge opp til. Det er det romslige, det luftige og det organiske han søker. Og finn fram til. Kvar gong. Denne gongen også. Spesielt denne gongen. For stort meir lett på tå gjennom ei luftig sfære enn det Noble Beast er, blir ikkje popmusikk. Samstundes som den er slynga inn i eit varmt og nærast heilakustisk lydbilde ein vanskelig kan føle anna enn sterk velvilje overfor.
Tekstlig likar Bird helst å uttrykke seg vagt. Han likar ordspel, klangen av ord, og gjerne vanskelige ord. Det er ikkje kvar dag ein må hanskast med ord og begrep som calcified arythmatists, translucent alabaster eller innocuous plecostomus i popsongar. Slikt føder kanskje tankar om at vi har å gjere med ein mann med vel høge pretensjonar. Tankar som glatt forsvinn i takt med kor raffinert og naturleg orda fell på plass i tonebildet.
Noble Beast er popmusikk så levande og så feiande flott at alle elskarar av slikt noko burde omfamne det med sine hjerteligaste famntak. Prompte.

 

 

Musikalsk årsoppgjer for 2006

Standard

Jodå, 2006 har vore eit dugande musikk-år, det. Så når den sedvanlige årslista skal skjærast ned til dei vanlige ti, er det minst like mange som står igjen utan at eg har noko god forklaring på kvifor dei står der, og ikkje her. Det minste eg kan gjere er å nemne dei: Band Of Horses (Everything All the Time), Joanna Newsom (Ys), Calexico (Garden Ruin), Willard Grant Conspiracy (Let It Roll), Espers (Espers II), Richard Swift (Dressed Up For The Letdown), Bonnie Prince Billy (The Letting Go), The Black Angels (Passover), Rosanne Cash (Black Cadillac), Margot & The Nuclear So and So’s (The Dust of Retreat), Oakley Hall (Second Guessing), Lambchop (Damaged), Pink Mountaintops (Axis of Evol), Nina Nastasia (On Leaving).

Og så er det alle dei eg ikkje har høyrt då. Det finst garantert ein del gull der også. Nokre norske det har gleda meg å bli kjent med bør vel også nemnast. Ein av desse burde kanskje fått plass blant namna over. Vel, vel, eg gjer som Ballade, her er ti frå heimlandet:

1. Thomas Dybdahl – Science
2. Tellusalie – Is The Outside Still There?
3. Number Seven Deli – Seconds
4. Huntsville: For the Middle Class
5. The Low Frequency In Stereo – The Last Temptation of…
6. Motorpsycho – Black Hole / Blank Canvas
7. Girl From Saskatoon – This Is Only the Beginning
8. Roy Lønhøiden – Sanger Fra Skogen
9. Einar Stenseng – Einar Stenseng
10.The Captain & Me – Automata

Så var det hovudlista då:

10.Absentee – Schmotime

Ein platedebuterande engelsk kvintett med ei hengslete og energisk innstilling som diskar opp med låtar støypt i kjente former, der rockdosen er større enn popdosen, men begge dosane er viktige. Omtrent som om dei skulle vere Screaming Trees trakkande rundt i Magnetic Fields, med The National dansande på eit Pavement like ved. Det heile blir gjort med overmannande melodisk slagkraft.
Hovuddelen av æra skal kanskje gå til låtskrivar og vokalist Dan Michaelson. Ein fyr som har sekken full av kløktig formulerte og interesseskapande skildringar. Skildringar han forkynner med ei røyst som opererer i dei djupaste og mest røykskada delane av det menneskelige stemmeregister (som ein fusjon av Leonard Cohen og Mark Lanegan). Han introduserer seg slik; «In my life I have been known, to bring home more troubles than I’ve solved». Han gjer ingen forsøk på å finne løysingane i løpet av Schmotime. Og takk for det.

9.Neko Case – Fox Confessor Brings the Flood

«I’m holding out for that teenage feeling,» syng Neko Case midt inni her ein stad, som om ho var ein raudhåra Blondie. «The most tender place in my heart is for strangers» syng ho ein annan stad, med eit rufsete og stødig The Sadies som støttespelerar. «It’s not for you to know, but for you to weep and wonder,» syng ho på Patsi Cline-vis i tittelsporet, forsøksvis støtta av ein Howe Gelb som krafsar fram nokre kaktus-slekta gitarlinjer frå sidelinja.
Ein ukrainsk fabel om den hjertelause reven i skriftefar-drakt som lurer den naive ulven, er utgangspunktet. Den flokete kjærleiken, galskapen og nådestøytet er fortsettinga. Margaret vs Pauline, ein spurv vs ein hauk, liv vs død, og døyparen Johannes i full revelation-mondur møter opp til kamp.
Det er smygande, svingande, sveisent og sensuelt. Og det er poengtert, raffinert, minimalistisk, og ikkje minst ei klangfull og treffsikker røyst.

8.Pernice Brothers – Live a Little

Joe Pernice er brødrelaget si ryggrad og udiskutable pater familias. Ein låtskrivar og songar av stor nåde. Med sin tydelige anglofile legning som fremste kjenneteikn serverer han for femte gong i broder-samanheng ein raffinert poprett.
Gitaren er der nesten alltid, men klorar aldri ifrå seg i tøyleslause former. Tangent-forårsaka tonar kling eller svevar rundt. Rytmikken er gunstig, og strykarar har ein tendens til å dukke opp på dei riktigaste stader. Inni dette soniske bildet deponerar så Joe sine små vemodstunge, beiske, desillusjonerte, miserable, hatske, lengtande eller bedande tekstlige framstøyt.
Eg skal ikkje her og no hevde at Live a Little sto fram i salig drakt allereie i første runde. Joe gjer det ikkje på den måten. Han gjer det med tonar som kjem smygande over tid. Etter tre rundar byrjar ein kanskje å fatte mistanke. Etter to til er kapitulasjonen sannsynlegvis eit faktum, og ein er endå ein gong fanga i Joe sitt finmaska garn av intrikate, naturlige og utvungne poptonar.

7.Shearwater – Palo Santo

Det er folkrock. Folkrock som i tone og vesen nok lener seg sterkast mot den engelske tradisjonen. Men det er meir enn som så, langt meir. Skulle eg komme drassande med nokre referansar, ja så vil Spirit of Eden (Talk Talk) og Amsterdam Stranded (Midnight Choir) vere to nærliggande albuma å trekkje fram.
Hudlaust og desorientert, luftig og truande, der fundamentet er vakre og vanedannande melodiske løysingar framifrå kolorert med organiske lydmotiv. Meiburg si stemme kan dirre på kanten av å breste, som den skjøraste streng, for så nokre takter seinare å kaste seg inn i kampen med frenetisk styrke. Av og til er den klar og tydelig andre gonger skeiner den ut i utydelig uttale eller druknar og blir til ein bit av den instrumentale strukturen.
Det er både varleg og voldsamt, men framfor alt er det vakkert.

6.Jason Molina – Let Me Go, Let Me Go, Let Me Go

Omslutta av eit nesten ugjennomtrengelig mørke sit Jason Molina heilt åleine og manar «a desert spirit» frå baksida av sine attletne auger til å kalle fram scener frå dei siste timane før undergangen. Den lystrar.
Ugla gaular «pain, pain, pain», ulven utafor døra er mett på blod, og det regnar, og det regnar, «forever».
Her, frå utsida av livet, der dei fleste lydar står stille, går hans kjenslevare stemme tett på mikrofonen. Lyden av ein akustisk gitar eller eit piano klunkar lengre unna, nennsamt. Heilt til tittelkuttet kjem for å konkludere. Då høgg sylkvasse elektriske gitarlinjer seg gjennom mørket, gjennom smerta, bakom einsemda og inn i sjela på den fortapte; «let me go, let me go, let me go, so I can wait behind».
I sanning hudlause tonar og mismotet sin poesi. Det set avgjort sine spor.

5.Fionn Regan – The End of History

Så veldig mykje meir enn Fionn Regan si røyst og hans gitar er ikkje å høyre. Det trengst ikkje heller. Han er sannsynlegvis den mest interessante nye singer/songwriteren eg har høyrt sidan Elliott Smith. Han plukkar og jagar rundt på gitarstrengene i beste Nick Drake-ånd, og han syng med ei myndig og varm stemme. Litt hjelp får han rett nok, på nokre av spora er det trommer og bass, på nokre litt nennsam støy og sus langt bak, og på nokre ein fiolin, ein bratsj og ein cello.
På tekstplanet fylgjer han ikkje dei ordinære «mann-med-gitar-og-vemod-i-sinn» spora. Han presenterer sjølvskapte bilde, originale formuleringar og mystiske metaforar. Saker ein ikkje er ferdig med i første runde, men som nappar og utfordrar også i den tolvte runden.
Det er eit debutalbumet, og han kallar det The End of History, men eg er sikker på at han berre køddar med oss. For denne fyren har ikkje sunge sin siste song, denne fyren må berre ha meir på hjerta, mykje meir.

4.Vetiver – To Find Me Gone

Andy Cabic og hans Vetiver har spelt mykje i lag med Devendra Banhart, og har såleis fått plass i den etterkvart nokså overfylte båsen av freak-folk aktørar. Men lyden av To Find Me Gone oppfattar ikkje underteikna som spesielt freaka eller psykedelisk. Vetiver sine tonar har vel eit meir fordringslaust og drøymande preg over seg. Utan at dei blir karakterlause av den grunn, slett ikkje. Dei blir ført med ei lett hand og ei slørete røyst, og kjem dansande mot ein i luftige former (enten dei blir spelt av gitar, strykarar, perkussive tingestar eller anna).
Eg har ingenting imot å bli med i den dansen. I alle fall ikkje når den trer fram i slik ein melodivinnande skapnad som den gjer her. Tre låtar er eg blitt spesielt glad i. You May Be Blue med sitt Neu! i folkform groove, og si nydelige gjentakande gitarlinje. Frå same attraktive tonedistrikt som John Sebastian til tider var innom har Cabic henta den vakre og forsiktig kledde visa I Know No Pardon. Medan Red Lantern Girl sitt hyggepsykedeliske mønster blir utsett for eit effektfullt og to-minuttar langt el-gitar angrep i siste fase.
Definitivt eit bra selskap å gå seg vekk i.

3.Yo La Tengo – I Am Not Afraid of You and I Will Beat Your Ass

Kontrastfullt, eklektisk og sjangerignorerande det er Yo La Tengo det. Denne gongen nesten meir enn nokon gong før. Innramma av to lange låtar der gitaren søker psykedeliske fargar, fridom, fuzz og poesi. Den første med eit fokusert Neu-groove, den andre stukar rundt i nabolaget til Sonic Youth. Mellom desse får ein servert det meste. Blåsarpynta poptonar, skranglete popturar, tungsindig kammerpop, dundrande punkabilly, piano-pirra funk og smålat countryjazz. Georgia Hubley dreg ein på ei chanteuse sitt vis inn blant lengtande tonar i skumringstime-balladen I Feel Like Going Home. For så å vokalisere blant eggande handslåtte trommer, ein grom bass, spretne fløyte-liknande tonar og eit funky orgelbrus, nokre nummer seinare i The Room Got Heavy.
Med I Am Not Afraid of You and I Will Beat You Ass utfordrar Yo La Tengo i kanskje større grad enn nokon gong før ideen om eit album som eit stringent vesen. Det er bra. Eg elskar dei for det, og eg elskar dei for alle dei fabelaktige låtane dei gjer det med.

2.Simon Joyner – Skeleton Blues

Ein kan gripe Simon Joyner i å stadig vekk lene seg tett opp til tonar, tematikk, fraseringsmåtar og soniske vegval andre har prøvd seg på før han, det vere seg Dylan, Van Zandt, Cohen eller Velvet Underground. Men ein kan ikkje gripe han i, i alle fall kan ikkje eg det, å dvele ved det uinspirerte, det uvesentlige eller det middelmåtige. For i dei retrospektive tonane hans er det ein evigvarande gnist, ei naken kraft og ein gnagande uro som nektar det meiningslause og det grunne handlingsrom. Heile den svingete og mørklagte vegen frå første truande gitartone i Open Window Blues til siste lyriske klunk av My Side of the Blues.
Den akustiske gitaren er til stades i kvar låt, men den får ofte drahjelp av den elektriske fetteren sin, som både snor seg, lirkar og brenn. Steelgitar-render kjem også av og til sigande, og poengterte og subtile pianotonar smett innom og drar sin veg.
Skeleton Blues er countryrock frå baksida av stadion, blues frå ein dysfunksjonell avenue, og folkrock med klør frå ei sjel som blør. Det er dvelande og langsamt, det er brennande og rotlaust. Det er den ustødige dansen på ein «shifting pile of skeletons».
Det er skummelt vakkert.

1.Oakley Hall – Gypsum Strings

Dei er seks. Dei bur i New York. Dei har vore på Sunset Grill. Der ba dei ikkje forsiktig om ein plass ved bordet. Dei tok bordet, og disken, og golvet, og veggane, ja heile lokalet med. Og dei snudde det opp ned, og dei sette fyr på det.
Sånn kan det gå når ein inviterer eit band oppkalt etter ein kultforfattar frå California på eit måltid med Gypsum Strings, og i tillegg legg opp til at dei skal få lov til å vere uforsiktige i sin omgang med country- og folktonar.
Då Pat Sullivan tok farvel med sine medsamansvorne i det støyande og psykedeliske Oneida, starta han ganske fort opp Oakley Hall nettopp for å kunne manøvrere seg nærare country og folk-tonane. På sine to første album, eit sjølvtitulert frå 2003 og Second Guessing frå tidlleg i 2006 (den burde vore inne på lista den også ja), heldt dei seg stort sett på stiar Grateful Dead, Rolling Stones og Flying Burrito Brothers hadde tråla før. Dei dansar seg ikkje inn i eit heilt uutforska villniss i sitt tredje framstøyt heller, men dei skrur opp volumet og angrip tonane i eit fargerikt psykedelisert og trippeleksponert gitarelektrisk mønster som på skittent og hengslelaust vis meir enn lever opp til Volume Rambler-lovnaden frå andreplata.
Dei er fire menn og to damer. Rachel Cox har den vokale hovudrolla på nokre kutt og bringer då på banen konturane av ei Fairport Conventon-med-Sandy Denny kjensle. Ved eit par høve, for å dempe inntrykket litt, lar dei banjoen få spela hovudrolla. Men altså, det er i spora der dei set fyr på sine syredrenerte strengebeist at dei verkelig fører arven etter Hank Williams inn på eit uimotståelig villspor. Og aller best er låtane der Cox og Sullivan stiller seg side ved side og med løpsk samsang sender yrskapen sine sprudlande bobler oppover ryggrada mi.
Noko som minner sterkt om årets låt kjem når gjengen kastar seg over Lazy Susan på brunstig og harmoniskarpt vis for å stille det sentrale spørsmålet; «what you doin» in your garden». Og langt fleire enn to av dei resterande 8 spora er sterke opponentar til tittelen.
Så då, då må vel Gypsum Strings bli årets hovudrett då.

Neko Case – The Worse Things Get, the Harder I Fight, the Harder I Fight, the More I Love You

Standard

Songar om døden, om å kjempe, om å ville, om å elske. I eit velkjent Case-tonelandskap.

7

cover

«I wanted so badly not to be me» syng Neko Case på sitt mektig titulerte sjette soloalbum. Kvifor gjer ho det tru? For ho er då framleis denne kvinna med den rungande røysta, og desse songane som gradvis kryp innunder huda. Henne som det ikkje er så enkelt å plassere i ein bås, om ein då ikkje går for den det ganske enkelt står Neko Case på. Jodå, ho er minst like mykje Neko Case denne gongen som ho nokon gong har vore. Det er nok ikkje det ho formidlar eit ønske om å komme seg bort ifrå. Det er noko ganske anna. Til grunn ligg ei smerte. Ei stadig tilbakevendande ei. Den har si årsak i at familie og venner har døydd rundt henne. Dei siste fire åra. Det går nok an å seie at songane på plata er farga av det. For der Case før har fortalt historier som har sitt opphav nokre armlengder unna henne, og der ho har vore gåtefull og flittig nytta metaforar frå dyr og natur, har songane denne gongen eit nærare og meir personlig preg.

The Worse Things Get, the Harder I Fight, the Harder I Fight, the More I Love You. Smak på den linja! Eit par gonger til kanskje. Det er vilje tilstades i ei slik erklæring. Slik er plata også. Neko Case dusjar verken songane eller lyttaren i sjølvmedkjensle. Det er ein soliditet i melankolien til Case, eit vindpust kan ikkje blåse desse songane overende. Songar som på ulikt vis formidlar at det er lækjande å akseptere smerta, å verkelig kjenne på den, men at såra som denne smerta kjem ifrå må få bli til arr og ikkje til evigopne sår. Derfor handlar Case sine songar meir om å kjempe seg til lands enn å forlise.

No har ho ikkje skrella bort det gåtefulle. Det finst flust av vegar både inn i, rundt i, og ut av songane hennar denne gongen også. Where Did I Leave That Fire spør ho seg i hymnetilstand ein stad på plata. Oppe på ei varsam drone, blant pling og plong, jazzinfiserte pianotonar, og eit kortare elektrisk forsøk på å frakte låta inn på eit energisk spor, akkurat i det det oppstår eit rykte om kor flammen kan plukkast opp. Oppskaka og full av omtanke opplever eg henne i a capella låta Nearly Midnight, Honolulu. Ein trøstande song til ei lita jente som songaren var vitne til fekk ei verbal overhøvling av mor si. Ganske så djupt inne i depresjonen som ramma henne er ho i den melodisk fengande Night Still Moves. Der ho fremjar eit brutalt ynskje om å ville «revenge myself all over myself» og hardnakka hevdar at det er «nothing you can do to me». Langt meir oppløftande er tonane ho vel å avslutte seansen med. Ragtime. Ein song som mellom anna fortel at i den svartaste depresjonen var det berre ragtime-musikken sine optimistiske tonar ho orka høyre på. No lyde mantraet «I am useful and strange». Og tonen er mangslungen.

Country? Folk? Jazz? Rock? Pop? Jadå, og meir til. Men heile tida med den tydelige Case-signaturen i botn. Eit dugande lag har ho med seg også, til å effektuere sakene. Frå M. Ward til Paul Rigby til Calexico-karane til eit titals til. Til slutt står kanskje ikkje plata att like tettpakka med låtskattar som hennar tre føregåande plater. Men det beste er der oppe, og aller best er Man. Eit gitarrufseleg powerpop-nummer som veivar inn rada full av melodivinnande linjer. Samstundes som dama ganske så bestemt hevdar å sjå seg sjølv som «a man’s man». «It’s what kind of animal I am» presiserar ho, og vil vel fram til at først og fremst så er ho eit menneske. Men altså ikkje eit som står der rådvill med lua i handa.

If I’m dipshit drunk on pink perfume
Then I’m the man in the fucking moon
«Cause you didn’t know what a man was
Until I showed you

Det er Neko Case det.

Først publisert på Groove.no (i 2013)

 

Neko Case – Middle Cyclone

Standard

Med ei listig popånd i ryggen fører Neko Case nok ein gong countryfolktonane sine inn på det minneverdige sporet.

8

cover

Tre år er godt sidan Fox Confessor Brings the Flood (2006) markerte seg som Neko Case sitt beste (og mest suksessrike) soloalbum. Eit album som letta litt på det dunkle og intense trykket Blacklisted (2002) ettergav seg. Eit album som på raffinert vis sleppte til ei listig popånd. Ei ånd Case kanskje hadde tatt med seg frå The New Pornographers, men som i hennar skapnad fekk eit meir subtilt og smygande preg.

Med Middle Cyclone tar Neko Case opp tråden frå Fox Confessor, og skaper tonar i eit liknande bilde. Det skal ho ha så mange slags takk for at ho gjer. For ho hadde på ingen måte nøsta ferdig, viser det seg. I karakteristisk Case-ånd blir det kreert ei tonedrakt som ikkje avslører sitt ibuande vesen sånn med det same. Men der dei marginale linjene, konturane og klangane opnar seg og blir klarare, varmare, og meir medrivande, for kvar gong ein visiterer dei.

Slik er songane til Neko Case. Dei har eit stramt vesen, virrar seg ikkje inn i nonsens, og tar sjeldan fyr i første forsøk. Men når dei har tatt fyr, og det gjer dei aller fleste, så sloknar dei aldri.

Det finst grunnar for at songane tar fyr. Sjølvsagt gjer det det. Ein kan snakke om dei tempererte arrangementa, om subtile innspel frå gode hjelparar, og om den luftige og brennbare atmosfæren dei driv rundt i. Men den fremste kveiksla er tvillaust røysta til dama sjølv. Denne røysta som verkar råde over det meste. Som er inkarnasjonen på malmfull. Som har tonane som sine beste venner. Som kan danse uti sommarnatta, lene seg mot ein rusken haustkveld, eller kysse mystikken midt i nakken. Alt like naturlig, og så sjølvsagt utført, at ein reint kan fatte mistenke om at dens eigar ramla i dynamikkgryta då ho var lita.

På Middle Cyclone syng ho songar om ville vindar, leie regnbyer og brokete skylag, om utemja dyr, fuglar og insekt. Naturen er med andre ord tett på. Så å dra ein coverversjon av den 35 år gamle Sparks-låta Never Turn Your Back on Mother Earth er eit heilt naturleg val å gjere. Ein dugande versjon er det også, om enn albumets minst interessante spor (visst eg då tar meg den fridom å ignorere albumets siste halvtime, eit feltopptak av froskesong, titulert Marais La Nuit, og den fridomen tar eg meg.)

No er det absolutt ikkje slik at Neko Case står fram som den syngande utgåva av David Attenborough. Ein treng i grunn ikkje tenke på dette som songar om jorda, klimaet og dyra i det heile. For songane har fleire botnar dei. Botnar der dei tenkande, sjølvopptatte, triumferande, lidande og mest destruktive i dyreslekta, menneska, stort sett regjerer grunnen. På godt og vondt.

Ja eigentlig, eigentlig er dette 14 kjærleikssongar.

This Tornado Loves You heiter det, til shufflande poptonar, i opningskuttet. Og gud skal vite at denne virvelvind-figuren elskar. Fullstendig blinda av den uregjerlige kjensla jaktar han sin kjære, og spreier død og frykt på si skånsellause ferd. «My love, I am the speed of sound, i left the motherless, fatherless. Their souls dangling inside out from their mouths».

Lumsk så det held er også hovudpersonen i People Gotta Lotta Nerve. Eit fanga dyr, ein «killer whale». Eller kanskje ei uimotståelig og farlig kvinne? I alle fall; «I’m a man-man-man, man-man-Man-eater, and still you’re surprised-prised-prised when i eat ya'». Ja slik går refrenget. Og så popfikst og überhektande er det, at det kunne vore henta direkte frå siste stemnemøte med The New Pornographers. Nesten rart at ikkje Carl Newman har lurt seg med som korist på låta. Han har nemlig gjort det på eit par andre.

Newman er ikkje den einaste aktverdige musikant Case har med seg på plata. Mange av dei same som var med på Fox Confessor-innspelinga er også med her. Calexicos Joey Burns gjer skumringsfarga teneste med ein cello. Den fargerike strengetuktaren Jon Rauhouse dukkar opp på fleire spor. Den grå The Band-eminens Garth Hudson trillar fram årvakne pianotonar, og den respekterte gitaristen Paul Rigby er med på det meste. Elles stikk både M. Ward, Howe Gelb og Steve Berlin innom.

Sistnemnte er sterkt involvert i å gjere Polar Nettles til ein pasjonert jazzblå smygar med midi-saxen sin. Gelb sit ved pianoet når Case spør «who am I tonight? la-da-da» i den dunkelt opplyste og langskugga noir-affæren Prison Girls. Medan M. Ward spanderer sin velkjente organiske gitarlyd på folkmelodiske Magpie To the Morning.

Case har forresten ein coverversjon til på lager denne gongen. Og den er fabelaktig. Don’t Forget Me, av salige Harry Nilsson. Framført i piano-orkester formasjon. Ledug, vagt gospelmajestetisk, og rimelig eintydig; «nothing lasts forever, but I will always love you». I den spartanske, og lettare intrikate, Vengeance Is Sleeping handlar det òg om noko som var, men som ikkje er heilt enkelt å viske bort, og dermed fort avlar kjensler av typen «you’re the one that I still miss».

Dei er slett ikkje så lett å handtere kjenslene som riv og slit i hovudpersonen i tittelsporet heller. Eit lyddempa akustisk tittelspor, forma i ein tone av den evigvakre sorten, med poetiske linjer som talar fornedring, avmakt, og lengsel; «can’t scrape together quite enough, to ride the bus to the outskirts of the fact that i need love».

Ja, om slikt syng Neko Case, og endar opp med eit av årets mest minneverdige album. Igjen.

Først publisert på Groove.no (i 2009)

 

The New Pornographers – Challengers

Standard

Vitaliteten er der denne gongen også, sjølv om ein kanskje må gå eit par rundar ekstra for å skjønne det.

6

cover

Etter tre album der dei übercatchy poptonane har komme tettare enn regnbyene her vest tar The New Pornographers det litt meir med ro i sitt fjerde framstøyt. Ikkje det at dei utfordrar sitt gamle eg på dramatisk vis, eller har skrinlagt si rolle som leverandørar av drepande effektive hooks. Det er berre det at Carl Newman og hans vesle skare gjer lyttaren litt meir å tygge på denne gongen. Ingen dum taktikk det. Om då ikkje tygginga har si årsak i at tonane er for trevlete eller slapp i smaken. Og det kan dei vel ikkje vere med The New Pornographers i tilverkarrolla?

Samstundes som det gjennomsnittlege tempoet blir skrudd ned og fossen av dei mest feststemte av hooks renn i mindre strie straumar kan ein ane eit større innslag av vemod. Rykta seier at Carl Newman førre året brått reiste frå Vancouver. Ingen høyrde frå han før han dukka opp i Brooklyn fire månader seinare. Då med ein bunke songar som handla om «the hope of spring, mirage of loss» og «a few more things».

Songar han, i god nypornografisk ånd, villig lar andre få lov å omfamne. Fire av bandmedlemmene tar sterkt del i det vokale. Mest Newman sjølvsagt, men Neko Case er stadig med. Eksentrikaren Dan Bejar syng sine eigne songar (det er tre av dei på Challengers). I tillegg har nykomaren frå Twin Cinema Kathryn Calder fått ei meir framståande songrolle denne gongen. Saman med kjenningar som Kurt Dahle, John Collins og eit par til skapar dei eit album som nok er denne gjengen sitt mest varierte, men som når alt kjem til alt like fullt endar opp eit par-tre litt halvslappe augeblikk unna tittelen bandets beste.

Det opnar alt anna enn slapt. Det opnar med My Rights Versus Yours. Det opnar pop-perfekt. Med ein elegant flyt som og gjer rom for å la ting henge i lufta. Med Newmansk falsettsong, «oh oh» og «the truth in one free afternoon». Omstenda som vert skildra er slett ikkje av det aller triveligaste slaget. Det er den vesle mannen som hiv etter pusten under dei brutalt kvernande hjula til den store herskar. Det er makt og avmakt. Og ei Kafka-fortelling lurer nok i kulissane.

All the Old Showstoppers fylgjer, og er omtrent like pop-perfekt. Lettbeint, ikkje intrikat, men heller ikkje utstyrt med dei aller mest opplagte tonekombinasjonar. Det siste gjeld også Newman sitt kanskje mest ambisiøse nummer på plata, Unguided. Seks og eit halvt minutt lang sprenger den greitt grensa for normal pornografisk låtlengde. Ein liten popsymfoni som nok er meir episk enn direkte skilsettande. Den er kanskje gjort med eit lite skråblikk til Brian Wilson, men manglar nok dei avgjerande melodivinnande vibrasjonar på å bli noko for framtidige mixtapes og slikt. Sjølv om ein slett ikkje skal kimse av den, og spesielt ikkje augeblikket då Kathryn Calder slepp igjennom ein monumental «do-do-do-love» vegg for å stille spørsmålet «why wait for the weakened state, to lie next to the weaker sex?».

På sitt hastigaste er gjengen når dei høyrest ut som Roxy Music på speed i All the Things That Go To Make Heaven and Earth. Medan dei syner fram sitt varlegaste vesen i Adventures In Solitude. Ein tett og nær duett mellom Newman og Calder, der eit piano, nokre klangfulle harpeliknande strengelydar og ei handfull vemodsfulle strykarar finn balansen mellom skjørt og grasiøst.

Av Dan Bejar sine tre låtar er eg ikkje i tvil om at eg trivst best i selskap med Myriad Harbour. Der elegant halvsynging møter eit sjølvlysande refreng, og blir til ein sjarmfull og popdynamisk trip gjennom New York City. Dei to andre bidraga hans, Entering White Cecilia og The Spirit Of Giving, føler eg slit litt med å tre ut av ein noko grå frakk.

Grått er det imidlertid sjeldan der ein kan høyre Neko Case si voluminøse røyst. Denne gongen er det to låtar av det heller sindige slaget ho tar seg av. Begge to, både tittelkuttet og Go Places, har klart slektskap til låtar ho plar by på når ho gjer ut plater under eige namn. Folksy poptonar som ikkje viser fram alt med det same, men har eit ekspanderande vesen. Dei når nok likevel ikkje opp mot hennes aller finaste soloting.

«Here’s the mutiny I promised you, and here’s the party it turned into» syng Newman og Calder i friske former i ein av songane her. Og sjølv om albumet kanskje manglar litt på å vere deira aller største fest, så skulle Challengers ha nok av futt og utfordringar i seg til å overleve dei fleste popforsøk gjort rundt omkring på vår ustabile klode i det herrens år 2007.

Først publisert på Groove.no (i 2007)

 

Neko Case – The Tigers Have Spoken

Standard

Livfulle opptak frå konsert og konferanse. Over halvparten er coverlåtar, nokre er ferskvare, det meste er flott.

cover  Mykje av den beste countrymusikken dei siste ti åra er det damer som har stått for, og då tenkjer eg ikkje på Shania Twain og Faith Hill. Namn som Emmylou Harris, Lucinda Williams, Gillian Welch, Mary Gauthier, The Be Good Tanyas, Oh Susanna, Grey deLisle og ikkje minst Neko Case har imidlertid servert mykje tiltalande stoff frå den uforfalska delen av musikkverda.

I 1997, nokre år etter at ho starta musikk-karrieren sin som trommeslagar i eit punkeband, debuterte Neko Case med countryfolk-plata The Virginian (hennes fødestad er Alexandria, Virginia). Eit meir enn habilt album med for det meste Neko sine tolkningar av andre sine låtar. På oppfølgjaren Furnace Room Lullaby frå 2000 stod ho i kompaniskap med andre sjølv for låtmaterialet. Heitt, kjenslefullt og melodisk solid, vitna albumet om ei sterk dame som for alvor byrja å få grep om sakene. To år seinare tok ho seg i hovudsak av låtskrivinga på eigen hånd. Blacklisted som albumet heitte er ein dampande, sjelfull og intens countryfolk-affære. Neko Case sin mest personlege og beste. Ei plate det er umogeleg å koma utanom viss ein ynskjer å sette lyset på dei viktigaste hendingane på countryfronten etter milleniumskiftet. I tillegg har dama, som mange sikkert veit, vore ein livfull og særdeles viktig del av det energiske, Canada-baserte orkesteret The New Pornographers.

The Tigers Have Spoken er ikkje dama sitt fjerde studioalbum (ryktene seier at det skal dukke opp sommaren 2005), men ei liveplate. Heldigvis er det ikkje åtti minuttar med, som Camper van Beethoven for nokre år sidan så fiffig titulerte det, «greatest hits played faster». Av dei elleve låtane er berre to blitt spelt inn av Neko Case tidlegare. Det er det inderlige og folkbluesy tittelkuttet frå Blacklisted, og den blå balladen Favorite frå den meir obskure EPen Canadian Amp.

Til å hjelpe seg har dama fått med seg fleire av den alternative countryen sine finaste utøverar. Dei vene stemmene til Kelly Hogan og Carolyn Mark, strengevirtuosen Jon Rauhouse og heile The Sadies. Gutane frå sistnemnte band er også oppført som medkomponistar på to heilt nye Neko Case-originalar, If You Knew og tittelkuttet. To medium-tempo affærer som både har i seg Blacklisted-fakter og speidar mot eit litt meir rockprega terreng. Solide saker som i alle fall ikkje dempar forventningane til det komande studioalbumet.

Resten av kutta på The Tigers Have Spoken er henta hos andre låtskrivarar. Gode gamle Loretta Lynn, som godt hjulpen av Jack White nyleg gjorde comeback på platefronten til velfortjente ovasjonar, er blant Neko Case sine største inspirasjonskjelder. Akkurat som White Stripes har gjort, grip Neko også tak i Loretta sitt klassiske skilsmisse-epos Rated X. Hennes versjon ligg nok nærare opp mot originalen enn White Stripes sitt ubehandla åtak, men er slett ikkje noko dårligare av den grunn. Då det obskure bandet Nervous Eaters i 1980 song om Loretta, er eg ikkje så sikker på om det var Loretta Lynn dei hadde i tankane. Det trur eg imidlertid det er Neko og kompani har når dei i heftig cowpunk-drakt grip tak i denne låta. Heftig så det held er også gjengen sin versjon av Shangri-La låta Train From Kansas City.

Buffy Sainte Marie er også ei dame Neko set høgt, her gjer ho ein dugande versjon av Soulful Shade of Blue. Frå den yngre garde av kvinnelige låtskrivarar har ho henta den vemodsfulle balladen Hex, første gong å høyre på solodebuten (i 2002) til Freakwater-vokalist Carolin Ann Irwin. På denne som på fleire av spora er raffinert koring ein viktig ingrediens.

Den litt for korte seansen (34 min.) vert avslutta med to gamle songar. Bluegrass og gospel-miksturen This Little Light, og særdeles velbrukte Wayfaring Stranger er kanskje ikkje verdens mest spennande valg, men er like fullt habile innslag. Den siste i eit opptak frå ein konferanse, med publikum som stor-kor.

Ei fantastisk dame med ei stor stemme i eit absolutt givande opplegg.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

The New Pornographers – Electric Version

Standard

Ei fargesprakande kraftpopsalve, med smarte melodiar og praktfull harmonisang.

cover  Akkurat som tilfellet var med Mass Romantic (2000) tek også andre plata til The New Pornographers av som ein fargesprakande kraftpopsalve. Her for vi servert ein solid dose smarte melodiar, fikse vendingar, kvasse riff og praktfull harmonisang. Bandet er ingenting mindre enn ein virvelvind som har forsynt seg kraftig frå pophistoriens mange briljante hooks og melodilinjer. Så for entusiastiske pop- og rock-detektivar, kan det sikkert være ein fengslande jobb å prøve å finne opphavet til The New Pornographers talrike tjuverier.

Det som i begynnelsen var ei såkalla supergruppe har etterkvart utvikla seg til å bli eit førsteprioritets-band for dei fleste medverkande. Unntakene er Dan Bejar (Destroyer), han er imidlertid oppført som hemmelig medlem, og det er Neko Case som jo har sin solokarriere innan alt-country sjangeren (damas Blacklisted frå 2002 er vel verdt å sjekke ut).

Det er så avgjort forfriskande å oppleve eit band som The New Pornographers, der dei har som sin fremste hensikt å skape begeistring og helsebringende jubel hos lyttarane. Heilt utan blygsel bringer dei til torgs eit knippe låtar som er skamlaust fengande, slik blir Electric Version ein fest frå start til mål.

Turen tek av med eit tett New Wave driv i tittellåta, som naturlegvis også er innehavar av eit uimotståelig refreng. I neste låt From Blown Speakers, som eg oppfattar som ein hyllest til magisk popmusikk, køyrer dei med litt meir variasjon i tempo og styrke. Det store glansnummeret er The Laws Have Changed – med sine utsøkte vers, himmelske refreng og perfekte overgangar er den verdt billettprisen åleine. Låta gjev meg samme kriblande poprusen som Katrina & The Waves legendariske Walking On Sunshine, og har allerede fått plass i mitt vesle imaginære skrin for spesielt verdifulle pop-perler. Den er dessutan ein av dei tre låtane der Neko Case deltar med full tyngde. Dermed er vi framme med mitt einaste ankepunkt mot denne plata; den dama skulle fått meir plass i rampelyset, for sannheten er at kvar gong ho smett inn med litt sang (det være seg harmonisang eller i front) aukar intensiteten og den smittande popnerva med atskillige prosent. Så då er det vel ingen overraskelse at dei to andre Neko Case-dominerte affærene her, den Blondie-møter-The Who dynamiske All For Swinging You Around, samt keyboard-drevne Miss Teen Wordpower står fram som dei to andre store høgdepunkta. Dei blir rett nok tett fulgt av Dan Bejer-komposisjonen Testament To Youth In Verse, eit mangfoldig nummer med ekko av blant andre The Beatles og The Jam. For ikkje å gløyme It’s Only Divine Right, då, energisk powerpop som definitivt lever opp til kva tittelen lovar.

Bandets fremste pådrivar er Carl Newman, ein kar som altså kan kunsten å smi saman spenstig pop- og rockmusikk, og som i tillegg har skjønt at det trengs vokalt påfyll frå andre kantar, sidan hans eige stemme nok kunne blitt litt einsformig å forholde seg til i lengden. Såleis har han sikra seg at Electric Version er så langt unna fargelaust det går an å komme, og istaden markerer seg som eit obligatorisk soundtrack for sommaren 2003.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)