Tag Archives: Allo Darlin

Musikalsk årsoppgjer 2012

Standard

Dette er ikkje eit forsøk på å komme med ein brei analyse av musikkåret 2012. Slikt for andre ta seg av. Dette er i grunn ikkje noko anna ein smal liten egotripp. Ei liste over tjuefem plater eg har sett pris på i år. I ei omskiftelig men ikkje heilt tilfeldig rekkefølgje.

Eit raskt blikk over lista fortel meg at amerikanske tonar er sterkt overrepresentert, og at heimlandet berre er representert med ei plate. Hadde eg gidda å laga lista lenger kunne Highasakite, Susanne Sundfør, Anne Marie Almedal, The Little Hands of Asphalt, Hellbillies, Hanne Kolstø, Susanna, Tom Roger Aadland, I Was A King, Æ, Lindstrøm, Ida Jenshus, Narum og Meg og Kammeraten Min også ha fått ein plass. Og då kunne jo også fleire frå utlandet fått plass, plater av folk og band som Grizzly Bear, Ty Segall, Elephant Micah, Black Moth Super Rainbow, Mark Lanegan Band, Laura Gibson, Simone Felice, Cloud Nothings, Chromatics, Godspeed You Black Emperor, Leonard Cohen, Polica, Allah-Las, Kindness, Iris DeMent, Bob Dylan, Beach House, Dr. John, Turnpike Troubadours, Fiona Apple, Mount Eerie, Six Organs of Admittance, Beachwood Sparks, Frank Ocean, Giant Giant Sand, Richard Hawley, Thåström, Goat, Dirty Three, Cat Power, Anais Mitchell og Calexico. For dei gav alle ut bra plater i 2012. Men eg trur eg får nøye meg med desse:

1. Father John Misty – Fear Fun
Josh Tillman har vore i musisk bevegelse ein del år no. I skuggen av det store scenelyset, eller på ein trommekrakk bakom songaren og gitaristen. Gjennom fleire plater har han, som J. Tillman, utforska det tungsindige krysningspunktet mellom Nick Drake og Townes Van Zandt. I tre år har han i tillegg vore trommeslagar i Fleet Foxes. Der er han ikkje lenger. Han har vandra vidare, tenkt nokre andre tankar, døypt seg om til Father John Misty, og laga ei plate kledd i ein tidleg 70-tals skrud, der folkrock, countryrock, softrock og psykedelia er dei dominerande ingrediensane. Der det mismotige blir konfrontert med sardoniske innfall, dopprat, hedonisme, ein bisarr humor, og ikkje så reint få absurditetar. Latterlig vitale saker i grunn.

2. Neil Young with Crazy Horse – Psychedelic Pill
Eg plasserer lyden av Neil Young og Crazy Horse høgare enn dei fleste lydar eg finn der ute. Dei står bak fleire av mine favorittplater. Med Psychedelic Pill har dei laga ei til. Ei lang ei, med lange magisk harvande låtar, om livet slik det har fortona seg. Og beviser at tilbakeskoding, gamle takter og null utvikling kan være den rette medisinen.

3. Simon Joyner – Ghosts
Midt i eit dissonantisk utland hevar songaren si krokete røyst og hevdar at «a good man is hard to find, a bad one’s even harder to get rid of». Det er stygt. Det er fredlaust. Det er ein dobbeldose svartmalande og støyplaga countryrock. Unnfanga av ein seig ørkenvind, født bak ein vridd blues, pint under Velvet Underground. Avlevert med reinspikka overtydnad.

4. Lambchop – Mr. M
Det finst ei tid for Lambchop. Det finst absolutt tider som ikkje høyrer Lambchop til. Men innimellom er tida der, og då finst det ingenting som er betre enn Lambchop. Ingenting. Mr. M føyer seg inn i rekka. Den byr på ein ny porsjon underfundig og saliggjerande Lambchop-melankoli, denne gongen dedikert ein avdød venn.

5. First Aid Kit – The Lion’s Roar
Kledd i psykedelisk farga kaftan, og med 1969 mindre enn eit andedrag unna, den engelske folktradisjonen i bakhovudet, den amerikanske country/folk-tradisjonen i hjerta, Stockholm sine snødekte gater i synsranda, og ei kosmisk livskraft strøymande gjennom seg, tilfører First Aid Kit det tradisjonsbundne sin eigen friskleitte signatur.

6. Tønes – Sån Av Salve
Underfundig sosialrealisme, ispedd meir alvorsprega tankar kring det å være menneske, i hop med andre menneske. På kjent og snodig vis fyller Tønes plata med skildringar av folk som helde på med sitt. Små ting, dagligdagse ting, ting dei kanskje ikkje er spesielt stolte over å halde på med. Han gjer det minst like bra som han nokon gong har gjort det, og då gjer han det bra skal du veta.

7. Jack White – Blunderbuss
Feitt og overflødige tonar er kasta i komposten. Tilbake står eit reinskore, melodisk attraktivt, og dynamisk lite meisterverk, som er skittent og reint i funksjonell foreining. Det høyrest veldig ut som det beste Jack White nokon gong har hatt fingrane borti.

8. Tame Impala – Lonerism
Med ein sumpete romklang forserer Tame Impala ei sonisk løype som svingar seg frå Soft Bulletin til Strawberry Fields Forever. Som tittelen insinuerar er det eit einmannsverk. Kevin Parker sitt melodisk vinnande og psykedelisk utfordrande einmannsverk.

9. Sharon Van Etten – Tramp
Ei krystallklar og sanselig men samstundes nøktern røyst. Den pure, svevande men samstundes jordbundne tonen. Det er Sharon Van Etten det. Tramp handlar om folk som elskar. Frå første stund, frå Warsaw sine gitargråtande og skimrande breidder til Joke Or a Lie sitt spartanske og varleg dronegnagande adjø handlar det om å elske. Det handlar om at det er alt anna enn problemfritt.

10. Patti Smith – Banga
Det er ingen fakter hos Patti Smith. Ho prøver ikkje vere, noko, eller nokon. Ho er, stemma, poeten og rytmen. Framleis, i ein alder av 65 år, er ho det. Aldri halvhjerta, aldri noko mindre enn vital, tidvis formidabel.

11. Allo Darlin» – Europe
Først og fremst er dette uhøyrt forførande og vilt fengande popmusikk. Men eg høyrer noko meir også. Eit vemod, som finn ein klangbotn under den poppige overflata, og rissar eit bilde med fleire dimensjonar i seg. «Under Capricornia skies». Formulert av Elizabeth Morris frå Queensland, Australia, ein av dei verkelig gode låtskrivarane.

12. Woods – Bend Beyond
Woods fokuserer låtane, køyrer på med litt meir elektrisitet, og minst like mykje psykedelia. Slik vi kjenner den frå det myteomspunne sekstitalet. Og pop. Frå det same tiåret. Støtta opp mot den vindskeive og heimelaga estetikken til våre dagars uavhengige.

13. The Men – Open Your Heart
The Men er ikkje her for å imponere, dei er her for rock’n roll. Så utan tankar om virtuositet, innovasjon eller intrikate påfunn grip dei fatt i rocken sin inste kjerne, den urovekkande feberen, og tenner på. Gud skal vite at det brenn.

14. Andrew Bird – Break It Yourself
«Time’s a crooked bow, come on, tell us something we don’t know» oppfordrar Andrew Bird. Denne syngande fiolinisten og kontrastmakaren som sannsynlegvis ikkje har granska fasiten på korleis ein poplåt skal skruast ihop, og nettopp derfor lagar betre poplåtar enn dei fleste.

15. John Fullbright – From the Ground Up
Ein ung mann frå Oklahoma, med ei røyst som merkast, og songar som virkar. Countrysongar og andre songar, mang slags songar. Rock av brunstig avstamming, orgel og groove, soul og gospel, fengande gitarrock, og pianoballadar djupt nede i kneståande.

16. Damien Jurado – Maraqopa
Det byrja på Saint Bartlett, hans førre plate. Trubaduren tok eit steg inn i eit romsligare og meir rørsleprega landskap. Han er der framleis. Ikkje milevis unna den folktonen han har gjort oss kjent med opp gjennom åra, men unna. Han kan være elektrisk rockande, smått funky og psykedelisk popduvande. Men alltid Jurado, varmt søkande.

17. Darren Hayman and the Long Parliament – The Violence
Det er 1645, borgarkrigen rår i England, og kvinner blir skulda for å være hekser. Hayman fører den humane og melodiske folkpopen sin inn i sentrum av dette, finn nokre enkeltskjebnar, og gjer det grufulle synlig, gjennom ei ubroten rekke av velbygde songar.

18. Alabama Shakes – Boys & Girls
Med ungdommelig pågangsmot tar bandet soulmusikken med på ein groovy southern rock’n roll tur den berre har godt av. Og i leiarrolla, Brittany Howard. Eigar av ei stemme som tar inderlig eigedom i kvar einaste tone den har omgang med. Ei ekte kraft.

19. Old Crow Medicine Show – Carry Me Back
Dei er dei same helsebringande leverandørane av tradisjonsrike og uforfalska tonar som dei alltid har vore. Med minimal straumtilførsel men dugelig energi grip dei tak i merksemda og syng om fråflytting, heimebrenning, fylleslagsmål, og anna rural moro og smerte.

20. Bill Fay – Life Is People
Sist gong han var her, blei han ignorert. Det er 41 år sidan sist. I lag med fans og gode hjelparar kom han tilbake i år. Og vart ikkje ignorert. Life Is People er som tittelen insinuerar varm og humanistisk. Nokre tiår med livserfaring og djupfølt vørdnad unna den iherdige og tidvis krakilske kampen som utspant seg då han var her som ung.

21. Marissa Nadler – The Sister
Søstera er den sjølvtitulerte plata hennar frå 2011. Stemma hennar er like glasklar, sterk og skjør. Det er ikkje så mykje anna enn hennar eigne gitarplukkande tonar som akkompagnerar songane. Det er nakent og reint, og det dirrar. Og det er vakkert, som Christine og Constantine.

22. Lower Dens – Nootropics
Etter nokre år som soloartist, freakfolkartist, gjekk Jana Hunter inn i rolla som bandmedlem i kvartetten Lower Dens. Og musikken vart annleis. Spesielt på denne andreplata. Den held til i eit drøymande landskap, farga i blått, der kjølig elektroniske tonar har ei framskoten rolle. Med eit groove som tidvis går i krautrock-lei. Og inni der syng Jana, gåtefullt.

23. Hurray For The Riff Raff – Look Out Mama
Eit ungt band som på merkbart vis tar for seg av den amerikanske musikkarven. Frå folklore og country via southern blues til surf-rock. Og plussar på med ein ode til John og Yoko. I den sentrale vokalrolla ei kvinne med røter frå Puerto Rico, Alynda lee Segarra.

24. Shovels & Rope – O» Be Joyful
Eit tospann. Kvinne og mann. Cary Ann Hearst og Michael Trent. White Stripes har vore der. Då var det blues. Desse to tar fatt i tonar av countryslekt. Eit energisk grep tar dei om sakene, og går rett til kjerna. Slikt blir det lite utanomsnakk og visvas av.

25. The Walkmen – Heaven
Det handlar om å ha det bra. Det er det det gjer, på Heaven. Om å finne ein ro, og å ha det, ikkje perfekt, men bra. Om å vere i komfortsona. Langt unna den raude sona dei var i då The Rat vart til. Om dei har tapt noko på vegen hit? Energi? Ungdom? Vel, sånn er vegen. Men seg sjølv har dei ikkje tapt. Dei er framleis eit band å like, eit likandes band.

Allo Darlin» – Europe

Standard

Skinande popmusikk som både dansar på overflata, og grev seg under den.

8

cover

Idet sola kom kom Allo Darlin» også. Eit slett ikkje ueffent samantreff. Begge skin dei, begge varmar dei, begge er dei velkomne. Sola som ein gammal venn, Allo Darlin» som ein heilt ny ein. Bandet har rett nok spelt sin popmusikk eit par års tid, men på underteikna sin radar dukka dei først opp for ei dryg veke sidan. Til gjengjeld har eg nytta tida sidan til å ta tak i det forsømte og verkelig fråtsa i Allo Darlin» songar. Det vil seie dei ti songane som er å finne på den førre plata deira (som var debutalbumet), ei handfull frå eit par sjarmerande ep’ar, og så dei ti frå den siste då, den heilt ferske, kalla Europe. Eg har hatt det bra.

Bandet blei til eit par år etter at Elizabeth Morris flytta frå Queensland, Australia til London. Først var ho vel eigentlig heilt åleine bak namnet, men så kom den eine mannen etter den andre og ville vere med henne. Forståelig nok. Og slik blei det raskt ein kvartett utav det. Dama frå Australia har imidlertid heile tida vore den hovudansvarlige for låtskrivinga. På dette feltet har ho vist ein måte å ord- og tonelegge seg på som raskt fører tankane i retning av slikt som blir kalla Twee-pop. Altså, enkle, yndige og smått naivistiske popsongar, der eg-personen (ein jumper og anorakk-kledd, truskyldig og vennlegsinna skikkelse) står overfor utfordringar knytt opp mot menneske av eit noko tøffare og meir rufsete kaliber. Ein av bandets tidlegaste songar kan vel fort bli ein liten klassikar i klassen. Henry Rollins Don’t Dance er tittelen. Eit lite utdrag:

When my baby holds my hand
it’s like heaven on land
but baby don’t dance
baby is a punk rocker

I like to learn about the things that really matter to my baby
Black Flag and Fugazi
Bad Religion and Misfits are great
but can we go where only eagles dare
Henry Rollins don’t dance
Ian MacKaye doesn’t dance

Det sjølvtitulerte debutalbumet frå 2010 er vel stilt med likesinna saker. Frå den Parisromantiske friskusen Kiss Your Lips («underneath the stars on the ferris wheel, you swung your feet and sang my favourite Weezer song») til den sommarsvale Let’s Go Swimming («all of the punks in Camden could never shout about it, and all of the hipsters in Shoreditch could never style it …… So let’s go swimming this afternoon») handlar det om sjarmfull og elskelig pop, opp og i mente.

To år seinare. I år altså. Er bandet framleis der. I det uhøyrt forførande, vilt fengande, og sommarlige. Men det er ikkje heile sanninga om Europe. For det er eit vemod her også. Eit som kryp under den poppige overflata, finn ein klangbotn der som er ein tanke sårare, rissar eit bilde som har fleire dimensjonar med seg, og får det heile til å bli endå meir forførande. Og meg til å konkludere med at Elizabeth Morris er ein av dei verkelig gode låtskrivarane. Litt som Jonathan Richman, litt som Belle & Sebastian, og litt har ho tatt med seg frå landsfaderane i The Go-Betweens, men mest så har ho funne sin eigen vesle stad inne i dette bildet. Der formidlar ho at resignasjonen bør finne seg ein dansepartnar kalla håp, at ulysta gjerne kan finn fram til lysta, og at det før eller seinare vil, trass alt, alltid dukke opp ein skyfri himmel.

«Do you know how it feels», kan ho spørje «to be lost in the crush, when you feel so down at heel». For så nokre sekund seinare å føre refrenget mot sitt oppløftande crescendo, «We’re not done, «cos we’re still young». Eller ho kan synge noko slikt som at «you say the things you love are the things you never had, and when you hold them they pass through your hands like sand». Men songaren har nokre gjentakande draumar om at det ikkje treng vere slik, som handlar om å komme til unnsetning, om å finne ein harmoni «under Capricornia skies».

Dermed drog eg fram albumets to store låtar, Still Young og Capricornia. Den første ein episk manande og samstundes spretten popstormar. Den andre ein gitarringande sak grunnlagt på tonar som på erobrande vis fusjonerer vemodet og jubelen.

Sidan eg no, fornuftig nok, har hamna inn på temaet Europe og store låtar kjenner eg brått at det blei styggelig feil å avgrense den karakteristikken til berre to av dei. For kva då med Neil Armstrong? Opningslåta som handlar lite om månefararen, men desto meir om ein lengsel etter å riste av seg ei forvirring. Framført i popfriske andedrag. Friske er også draga, eller skal eg heller seie brisen, som fer gjennom Wonderland. Eit enkelt gjentakande gitarmønster kan gjere mykje, og gjer det, langs turen gjennom Wonderland, medan Elizabeth Morris syng om å vere «lost» og «left behind», og det å ha ei apokalyptisk kjensle i lag med ein spesiell person, for så å avslutte med skuldertrekket «but I don’t care».

Ukulelen har sine fans, og sine innbitne motstandarar. Elizabeth Morris spelar på den. Tidlegare gjorde ho det ganske mykje, på Europe atskillig mindre. Når ho skal framføre Tallulah gjer ho imidlertid gutta i bandet permisjon, står att aleine, finn fram ukulelen sin, og syng. Vakkert, om kjærleiken. Om å vere på biltur med berre dårlige songar på radioen, men heldigvis finne «the tape with Tallulah on». Om avstand. Om å skrive brev på baksida av eit «surf magazine». Om å lure på om ein har høyrt alle songane, og møtt alle folka, som betyr noko. Om å dagdrømme om noko som var, og håpe at det kanskje blir noko igjen, ein gong.

I wonder if you would wanna go there with me
when I’m finished over here
if you’re not finished with me

Vel, eg er ikkje ferdig med Allo Darlin». På ingen måte. For hos dei finn eg songar som vil vare. Lenger enn sola. Mykje lenger.

Først publisert på Groove.no (i 2012)