Tag Archives: Robyn Hitchcock

Den beste musikken i 2017, slik det er blitt oppfatta inne i Popkroken

Standard

Bilderesultat for pumarosaBilderesultat for the national 2017Bilderesultat for mount eerie 2017Bilderesultat for father john misty 2017Bilderesultat for kendrick lamar 2017Bilderesultat for lcd soundsystem 2017

Då var vi atter komne til dei dagar då folk med spesielle interesser finn det opportunt å lage årslister. Slike lister som oppsumerar og skal felle ein dom over kva nett denne viktigperen synst om til dømes musikken som kom ut i året som gjekk. Eit døme som nett her sjølvsagt ikkje er dratt ut av lause lufta. For dette er Popkroken veit du. Og her handlar det hovudsakeleg musikk, også om musikk som såg dagens lys nett dette året. Året 2017 etter ein viss fødsel.

Eg skal ikkje skryte på meg at lista kunne ha vore uendeleg mykje lenger. For uendeleg med årsfersk musikk har eg ikkje høyrt dette året. Og uendeleg med god musikk har det vel heller ikkje komme? Eg skal heller ikkje skryte av at den fangar opp ei tidsånd på noko slags vis. Eller at den fortel vesentlege ting om kva som har skjedd på populærmusikkfronten dette året. Dette er resultatet av eit høgst subjektivt einmannsprosjekt med sånn cirka middels kontakt med røyndomen. Vel nok om det, slik ser lista ut i år (i fiks omvendt rekkefølge):

Bilderesultat for posse horse blanket
30. Posse – Horse Blanket 
Ein Seattletrio som etter seiande gjer seg akkurat i det eg har oppdaga dei. Saktegåande og halvsungne låtar i eit suggererande draumelandskap. Gitaren skimrar, og av og til skingrar. Aller best er bandet på dei fleste måtar i det tolv minuttar lange tittelkuttet.


29.The Weather Station – The Weather Station
Canadiske Tamara Lindeman har denne gongen tilført folksongane sine meir energi og lagt dei i eit større sonisk bilde. Noko det viser seg at dei ikkje har vondt av. Tekstleg har dei eit feministisk tilsnitt, og blir framført med ein snerr som har vakna til liv i kryssingspunktet mellom Joni Mitchell og Chrissie Hynde.

Bilderesultat for war on drugs understanding
28. The War On Drugs – A Deeper Understanding
Sonisk fylgjer A Deeper Understanding i spora til Lost In The Dream. Med den forskjellen at alt er større her, alt er det meir av, alt er likare, og alt er endå meir perfeksjonert. Albumet treff meg ikkje like sterkt som Lost In the Dream. Men rundt det elleve minuttar lange hypnotiske senteret Thinking of a Place finst det då ei bra handfull godlåtar.

Bilderesultat for colter wall album
27.Colter Wall- Colter Wall
Røysta. Den er malmfull, baryton djup og rusten, og rik på karakter. Colter Wall skuslar den ikkje bort på pjuskete saker. Han syng songar i eit folk og countrylandskap, i ein tradisjon han ikkje legg skjul på, der i alle fall Townes Van Zandt har vore før han.

Bilderesultat for slowdive album
26.Slowdive – Slowdive
22 år etter sitt tredje album er dei gamle shoegaze-legendene tilbake i manesjen att. Og det med eit album som absolutt ikkje rotar seg bort i dorske taktar. For det er liv i det drøymande vesenet, ein uro i det dvelande draget, og her er ein popmelodisk snert som ikkje er til å kimse av.

Bilderesultat for new pornographers whiteout
25.The New Pornographers – Whiteout Conditions
Tempo, tempo, tempo, det er New Pornographers det. Og aldri har vel bandet køyrt tempo så non-stop som på denne deira sjuande langspelplate. Fengande popmusikk med ei bra ryggsøyle – Eller som sjefslåtskrivaren Colin Newman sjølv kallar det: Bubblegum krautrock.

Bilderesultat for morby city music
24. Kevin Morby – City Music
New York City. Lou Reed. Television. Ramones. Jim Carroll. Det er der Kevin Morby er på denne plata. På sin måte. Og måten: Det sitt ein melankolikar djupt fast i songane til Kevin Morby. Ein sympatisk og melodiskpoetisk ein.

91wusdgpqgl-_sl1500_
23.Nicole Atkins – Goodnight Rhonda Lee
Det er noko med røysta til Nicole Atkins. Ikkje det at den er sensasjonelt annleis. Men den har ein tæl og ein heilt naturleg malmfull rikdom. Den er skapt for å synge soul. Soul med grums i kantane. Soul som kokar og soul som smyg, og soul med litt country i seg.

Bilderesultat for robyn hitchcock album
22. Robyn Hitchcock – Robyn Hitchcock
Eit par elektriske gitarar, bass og tromme, ein distinkt vokalist og frodig harmonisong, det er den overordna resepten her. Resultatet sprenger ingen rammer, men er drivande festleg. Eller kanskje ikkje, kanskje ikkje festleg er rette ordet. «An ecstatic work of negativity» kallar Hitchcock det sjølv. Hmm … er ikkje det litt festleg då?

Bilderesultat for xx i see you
21. The xx – I See You
Eg likte veldig godt den minimalistiske debuten til The xx, og nesten like godt oppfølgjaren. Eg likar I See You også. Sjølv om eg nå opplever trioen som litt mindre The xx  der inne på sitt eige vesle spesielle kammer, og litt meir som eit popband i eit rom med fleire liknande aktørar. Gode låtar er til hjelp i så måte, noko I See You er ganske så rundhanda med.

Bilderesultat for torgeir waldemar borders
20. Torgeir Waldemar – No Offending Borders
Det er definitivt meir lyd å fordøye på Torgeir Waldemar sitt andre album, kontra debutalbumet hans. Lyd á la Crazy Horse, og tidvis groove som kan kallast offensivt, men absolutt i spedd nokre meir dempa viser også. Tematisk vandrar songaren i både globale utfordringar og tett på private grubleri. Han gjer det ganske så fredlaust og inderleg.

Bilderesultat for sun kil moon common as light and love are red valleys of blood
19. Sun Kil Moon – Common As Light and Love are Red Valleys of Blood
Det der å fatta seg i kortheit ligg ikkje for Mark Kozelek. Dette albumet er i så måte kanskje hans drøyaste. Det er dobbelt, har ei samla speletid på over to timar, der Kozelek syng og pratesyng i vanleg lune, gjennom låtar som varer og varer. Malt i eit synthbilde vel så mykje som akustiskgitarbilde, for ikkje å seie bass/tromme-bilde, med Kozelek og Steve Shelley som sentrale aktørar. Og ja, det funkar.

Bilderesultat for simon joyner step into the earthquake
18. Simon Joyner – Step Into the Earthquake
Tretten songar om draumar og realitetar og eit Amerika som har det litt vondt. Det er melodisk, det er på kanten av melodisk. Det er musikk som opererer innafor kjente normer (Dylan, Reed, Stones, Young, Cohen, …). Samstundes som den held seg ute i ein mindre provins av hevdvunnen rock og visesong. Det er eit klart skrangleelement her, ein viss råskap, ein flørt med kanten av det soniske stupet. Akkurat slik vi som med åra har lært oss å sette vår lit til Simon Joyner likar at han gjer det.

Alt Som Har Hendt (VINYL)
17. Erlend Ropstad – Alt som har hendt
Alt som har hendt, det er ein fin tittel det. For det er jo det dei handlar om, songane til Erlend Ropstad. Ikkje fordi han fortel om alt som har hendt, det gjer han jo ikkje. Men han fortel nok. Og det er nok det. Til å forstå at alt det som har hendt, alt som er gjort, og ikkje gjort, har vore vegen fram til akkurat dette augeblikket. Til desse songane. Som er like sterke som songar han har laga før. Sterke og store og blå og sympatiske og poetiske og melodiske, og gode å tilbringe tid i hop med.

Bilderesultat for laura marling semper femina
16. Laura Marling – Semper Femina
Dei to orda Semper Femina har Laura Marling hatt tatovert på eine hofta si i fleire år. Uttrykket er henta frå det romerske nasjonaleposet Æneiden. I norsk omsetjing tyder utrykket noko slikt som «alltid kvinne». Eg høyrer Laura Marling søke inn i det kvinnelege, det mellomkvinnelege i songane på denne plata. Songar om vennskap, kjærleik og med ein viss seksuelt farga undertone. I eit nøysamt og tiltrekkande sonisk bilde.

Bilderesultat for the sadies northern passages
15. The Sadies – Northern Passages
Sjølv om The Sadies har gått gjennom ei klar utvikling sidan debuten for om lag tjue år sidan, er det noko konstant over det dei har gjort desse åra. Noko kjært gjenkjenneleg. Drivande rundt i ein god miks av countryrock, folkrock, psychpop og garasjerock klarer dei gong etter gong å halde fast i energien og den medrivande tonen. Slik blir Northern Passages nok eit sympatisk album i rekka; heilt utan flosklar og kjipe kompromiss.

Bilderesultat for priests nothing feels natural
14.Priests – Nothing Feels Natural
Washington DC-kvartetten Priests er på inga måte av det geistlege slaget. «To people in sanctuaries all I can say is you will not be saved» blir det meldt til kvasse tonar. Punk, for så vidt. Samstundes er det slik at Nothing Feels Natural er ei plate der nyansar og det underfundige blir dyrka i større grad enn det det gjennomsnittlege punkbandet der ute driv det til. I ein slik grad at Priests kanskje ikkje skal kategoriserast som punk… vel, det viktige her er uansett energien, og låtkvaliteten, og fridomen dei gjer seg sjølv.

Bilderesultat for protomartyr relatives in descent cover
13.Protomartyr – Relatives In Descent
Dei har kantar tonane til Protomartyr. Taggete og ugode høgg dei seg fram til meg. Musikkhistorisk kan dei kanskje plasserast i området rundt ein ung Nick Cave og nokre av dei samtidige av han der godt tilbake på åttitalet, som The Fall, som ei god handfull andre engelske postpunkband. Pluss litt garasjerock à la Detroit då. Nokre nyttige meter unna konvensjonell etterplapring. Ganske så nær sentrum av slikt eg vil kalle dugande eigenart. På dette, sitt fjerde album, er dei nokre hakk meir tilgjengelege enn tidlegare. Utan at eg vil kalle dei lett tilgjengelege, absolutt ikkje.

Bilderesultat for hurray for the riff raff navigator
12. Hurray For the Riff Raff – The Navigator
Sytten år gammal reiste Alynda Segarra heime ifrå. Frå storbyen, frå staden ho vaks opp, Bronx. Etter eit par år med togsniking og haiking på kryss og tvers av Amerika enda ho opp i New Orleans, der ho skulle bli buande nokre år. Nå har rastløysa ført henne heimatt. Både i fysisk og musikalsk forstand. For hennar sjette album, The Navigator, er ikkje berre tufta på tradisjonsmusikken ho før har omfamna, denne gongen kan ein også høyre storbyen der, Bruce Springsteen og Patti Smith, og ikkje minst den latinamerikanske musikken, det puertorikanske. Med kampsongen Pa’lante, ein psykologisk tilstandsrapport, eit poetisk meisterstykke, som sentralt høgdepunkt.

Bilderesultat for fleet foxes crack up
11.Fleet Foxes – Crack-Up
Dei første par gongene eg høyrde gjennom albumet gjorde eg meg tankar om at dette er ein dekonstruksjon av Fleet Foxes slik vi kjenner dei. Etter kvart endra desse tankane seg. Dreidde seg litt rundt sin eigen akse og blei til tankar om at Crack-Up er konstruksjonen av eit Fleet Foxes som gjenoppfinne seg sjølv. Dei harmonivakre vokallinjene vi kjenner så godt flyt rundt i ein kontekst av nyttig motstand. Av ting som skurrar, disharmoni og brot på den lineære forma. I eit luftig og frodig bilde. Kanskje kan det kallast noko slikt som varm folk-prog?

Bilderesultat for ron gallo heavy meta
10.Ron Gallo – Heavy Meta
Dette er total rock’n roll. Ingen tvil. Eg høyrer det frå første nummer. «Young lady, you’re scaring me» ytrar, snerrar, klunkar songaren. I henda har han ein gitar. Han nyttar den ikkje til å gå vidare respektabel til verks. Noko det for så vidt heller ikkje skulle vere grunn til å gjere. Han skildrar ein ustabil situasjon.
Det skal så vise seg medan albumet brenn av garde at det finst meir av om lag same kaliber der. Meir bitande songformidling, meir umoralsk gitarlyd, meir rock’n roll. Frå ein kar som nyleg har flytta frå Philadelphia til Nashville for å komme tettare på garasjerock-scena i countryhovudstaden.

Bilderesultat for margo price all american made
9. Margo Price – All American Made
Med All American Made byr Margo Price på eit endå betre album enn fjorårets debutalbum. Som på debuten kan ein dra linjer til Loretta Lynn og Dolly Parton, men ho touchar denne gongen soulmusikken også, og kjem opp med eit meir variert album.
Der debutalbumet hadde eit visst preg av det sjølvbiografiske rettar Margo Price denne gongen blikket utover Amerika. Og det ho ser er ho glad i, men det er også noko der, ein god del der, ho ikkje synst noko om. Ho vik ikkje unna, ho trør ut i det, og ho trør ikkje utprega varsamt. Men ho trør og lagar spor på eit vis som gjer ho til ein av dei aller beste countryartistane vi har om dagen.

Bilderesultat for peter perrett how the west was won
8. Peter Perrett – How the West Was Won
«Rock’n roll is back in me» syng Peter Perrett. Og eg ser ingen grunn til å tvile på det, for eg kan høyre det. Men litt utruleg er det nå likevel. Mannen er blitt 65 år, byta for mange år sidan musikk-karrieren sin bort mot ein dop-karriere, og så plutseleg er han her, uforskamma levande.
For How The West Was Won er ein overraskande god idé. Albumet tar på eit vis av der The Only Ones slapp (å skape power-lada pop i eit kryssingspunkt mellom Velvet Underground og Bob Dylan). Ok, så har Perrett med seg andre folk, og vel, så har ein sviktande lungekapasitet tvinga han til å synge litt meir avmålt, men han er på ingen måte ein ufokusert tilårskomen junkie. Neidå, her er det fokus, her er det gnist, han syng og snakkesyng med autoriteten til ein sindig faen, og serverer ei handfull låtar som fortener ein plass i The Only Ones-kanonen.

Bilderesultat for ema exile in the outer ring
7. EMA – Exile In the Outer Ring
«I wanna destroy, I wanna destroy, I wanna destroy, …» syng Erika M. Anderson. «I know the rage that’s in me, but I’m just what yoy made me» syng Erika M. Anderson. Ja det ulmar eit sinne utav mange av songane på Exile In the Outer Ring. Ikkje songaren sitt sinne. Ho er midlertidig rolleinnhavar eller formidlar. Folka som kjem til syne i songane hennar er av dei som i november 2016 var med å stemme Donald Trump inn i presidentstolen. Dei blir verken hudfletta eller tatt fint på. Ho stiller dei i eit rått lys men med ein straum av empati sivande rundt dei. Ho gjer det med songar som både omfamnar det melodiske og det støyande. Som byr på både luft og bra med skurr. Som er motsatsen av likegyldige.

Bilderesultat for lcd soundsystem american dream
6. LCD Soundsystem – American Dream
American Dream er eit comeback. American Dream er ikkje eit knuslete comeback. Men American Dream er ikkje eit gaul frå feterte stjerner som burde visst betre. American Dream er verken for mykje eller for lite. American Dream kretsar inn mot LCD Soundsystem sitt indre groovy, ekspanderande og postpunk-melodiske vesen og leverer med skinande relevans. American Dream er LCD Soundsystem sitt fjerde album og det tøtsjar storleiken til dei tre føregåande.
For jaggu har American Dream sitt å by på også. Her finn eg jo Tonite. Ein song der Murphy syng i Byrne-leia og det soniske tar ei medrivande funky ferd tufta på yppig monotoni og ein karakteristisk suggererande ekspansjon. Her er Call The Police, som bygger og løftar seg inn i det LCD-hypnotiske medan songaren teiknar eit heller dystert bilde av samtida. Og her er meir, og meir, ja meir enn nok til at det kan rettferdiggjerast at James Murphy har vekka lydsystemet sitt til liv att.

Bilderesultat for kendrick lamar damn
5. Kendrick Lamar – DAMN.
Om det er eit tema, ein gjennomgangsmelodi, på Kendrick Lamar sitt femte album så kan det vere Gud vs. mennesket, eller kanskje heller mennesket vs. Gud (sidan dette nå ein gong går føre seg på mennesket sin heimebane). Opplegget, eller skal eg kanskje seie kampen, går over fjorten rundar, og sluttar med eit pistolskot, ganske så uavklart. Undervegs har det dreidd seg om både åtak og omfamningar, og mennesket har vel strengt tatt påført seg sjølv fleire kilevinkar enn det Gud er blitt tildelt. I sonisk format vandrar opplegget frå det kvasse og aggressive og over mot meir dovne leier. Jazz-elementa som var veldig dominerande på suksessplata To Pimp A Butterfly er så godt som fråverande. Her er beats og loops og klipp og r&b og funky basslinjer i ein kanskje meir klassisk hiphop-tradisjon. Strammare og meir minimalistisk kan ein vel også seie. Og sjølvsagt umåteleg bra.

Bilderesultat for father john misty pure comedy
4. Father John Misty – Pure Comedy
Pure Comedy er krevjande saker. 75 minuttar om korleis menneskeslekta har tedd seg, og ter seg. Med særleg vekt på det som skjer no, i dei seinare åra av Josh Tillman si levetid. Det angar (for ikkje å seie stinkar) alvorlege ambisjonar over noko slikt. For korleis feste noko det helst blir skrive omfangsrike sosiologiske og filosofiske avhandlingar og bøker om fast i eit musikalsk uttrykk, og så komme frå det utan å stå att som eit fjols? Eg ser ikkje bort ifrå at det er nett det fleire vil hevde at skjer på Pure Comedy. At Misty står att som eit fjols. Vel, eg er i så fall ikkje blant desse som synst det. For i dette pratsame, tidvis sarkastiske og ikkje spesielt optimistiske verket høyrer eg eit fullblods menneske skape songar som veks seg sterke, og gjer inntrykk. Som tittelkuttet. Kanskje spesielt tittelkuttet. Ein buktande popsong i skjeringspunktet mellom Frank Sinatra og Elton John og vestkystrock, men som kanskje ikkje er i det skjeringspunktet i det heile tatt fordi den har ein Misty-faktor som er umiskjenneleg Misty. Eleganse, nonsjalanse, uro, misantropi.
Misty stiller seg kanskje, albumet tvers igjennom, lageleg til for hogg, men han glir då unna det meste, med eit underfundig smillaust smil om munnen.

Bilderesultat for mount eerie a crow looked at me
3. Mount Eerie – A Crow Looked At Me
Han kunne ha kalla plata for Death is Real. Han gjorde det ikkje. Phil Elverum vil fortelje om meir enn døden. Han vil fortelje om kjærleiken også. Og livet, både før og etter at døden blei ein betydeleg del av det.
Mount Eerie er eit einmannsprosjekt Phil Elverum har hatt ein del år nå. Så har det vore med Mount Eerie som med einmannsprosjekt flest, gode hjelparar har blitt invitert med. Ei som stundom har vore innom og hjelpt til var Geneviève Castrée. Ho lever ikkje lenger.
Geneviève Castrée døydde 9. juli 2016. Etter å ha kjempa eit drygt år med ein alvorleg kreftsjukdom herjande i kroppen. Hennar næraste den tida var ei lita jente og mann hennar, Phil Elverum.

Death is real.
Someone’s there and then they’re not
and it’s not for singing about.
It’s not for making into art.
When real death enters the house
all poetry is dumb. 

Opningssongen. Real Death heiter den. Den varer i knapt to og eit halvt minutt, men er på ingen måte fort over. Den sette spor etter seg. På sitt spartanske og lågmælte vis. Med sine reserverte gitar-render, sorgsame tangenttonar, sitt subtile og langsame beat, og denne songaren som ikkje tar i, som syng, som snakkesyng, og som er der, i songen.
Etterpå kjem det fleire songar. Moduset frå opningssongen lever vidare i desse. Tematisk, sonisk. Låt etter låt går over i kvarandre. Liknar kvarandre. Søker inn i det same. Er i det same. Dette lågmælte uttrykket. Dette tomrommet. I eit nettmagasin (eg huskar ikkje kva for eit) såg eg innhaldet på albumet bli klassifisert som «så vidt musikk». Eg tenker at den som har skrive det på eit vis er inne på noko, samstundes som eg tenker, og kjenner på meg, at albumet er ei av dei sterkaste musikkopplevingane eg har hatt dei siste åra.


2. The National – Sleep Well Beast
I sonisk skapnad er Sleep Well Beast eit steg ut til venstre i forhold til løypa The National har fylgt sidan gjennombrotsalbumet Boxer. Ei fruktbar hending på vegen mot denne plata var skisser og tonar Dessner-brørne tok med seg frå eit musikkevenement dei deltok på i Berlin i fjor. Der dei spesielt lot seg inspirere av electronica-duoen Mouse On Mars. Det er ikkje det at The National ikkje har krydra stoffet sitt med elektroniske lydar før, men det har ei lausare, friare og meir eksperimentell form denne gongen. Og det er meir av det. Og det er absolutt ikkje øydeleggande.
Samstundes er dette, denne plata, desse songane, gjenkjennelege National-songar. Kanskje den sterkaste samlinga av slike sidan Boxer.
The System Only Dreams in Total Darkness var den første songen The National gjorde kjent frå albumet. Med sitt rastlause driv, sine korte gitarriff som konsist skjer inn i melodiløpet, og si både skarpe og luftige form hadde den, og har den, National-klassikar gravert inn i seg. Med ei absolutt økonomisert mengd av ord teiknar songaren Matt Berninger eit dirrande bilde av ei stor uro. Ei uro som kan komme frå fleire hald. Som ikkje blir tydeleg plassert. Ei dugande oppskrift på å halde lyttaren i ande det. Noko eg for så vidt kunne ha sagt om fleire låtar her, for ikkje å seie fleirtalet av låtane her. Så det.

Bilderesultat for pumarosa the witch
1. Pumarosa – The Witch
«You dance, you dance, you dance, you dance» lyde omkvedet. Formidla av Isabel Munoz-Newsome. Eller kanskje heller formana, eller ettertrykkeleg konstatert. Medan groovet det går, og går. Luftig, lettbeint og suggererande. Priestess heiter låta. «Electricity flows through your spine and it shows» syng dama, offensivt med ei underliggande beundring. Ho syng det til ei kvinne, ei som dansar med fridom i rørslene, ei søster. Og låta driv lenger og lenger inn i det hypnotiske. Inn i eit krautlandskap, inn til ein saksofon av smått krakilsk karakter. Den kunne gjerne strekt seg over fleire minuttar, forbi dei sju og eit halvt den brukar.
The Witch er Londonkvartetten Pumarosa sitt debutalbum. Det er ikkje eit album som kjem stille og forsagt inn gjennom døra. Her er absolutt visse pretensjonar å spore, og eit mot og ein vilje til å tre fram i lyset. Det går til dømes an å hevde at songaren Isabel Munoz-Newsome tyr til visse teatralske grep. Men eg opplever ikkje hennar framferd som oppstylta, eg opplever henne som eit sentralt kraftfelt i låtane. Enten ho minner meg om Patti Smith, Siouxsie Soux, eller helst beveger seg forbi der ho minner meg om anna enn seg sjølv. Rundt henne er det godt med rom og luft, og medspelarar som har instinktet i orden når det gjeld inspirert suggererande låtbygging. Industrial spiritual er bandet ubeskjedne nok til å kalle lyden dei skaper. Ein karakteristikk dei absolutt skal få komme unna med. Dei lyt nesten også få komme unna med at albumet har ei speletid på 55 minuttar. For dei lar ikkje eitt einaste eitt av desse minutta gå til spille.

Robyn Hitchcock – Robyn Hitchcock

Standard

Fengande psykedelisk power-pop frå ein kryptisk heidersmann.

Paste Review of the Day: Robyn Hitchcock - <i>Robyn Hitchcock</i>  I den siste songen på plata hevdar Robyn Hitchcock at han syng som ein fossil. Det gjer han absolutt ikkje. Han er då like opplagt og frisk som … som då han song I Wanna Destroy You for om lag 37 år sidan. Vel, nesten i alle fall. I Want To Tell You About What I Want syng han denne gongen. Som opningsspor. Ein song med ein noko meir oppbyggeleg innfallsvinkel enn nihilismen som prega det berykta opningssporet på The Soft Boys si klassiske 1980-utgjeving Underwater Moonlight. Ein låt med gode hooks på hand, eit par gitarar i riff- og drivmodus, samt denne songaren som i all sin pessimisme ytrar nokre tankar om kva som kan vere medisinen for at menneskeslekta skal overleve:

I want world peace, gentle socialism, no machismo
And the only God shall be the God of L-O-V-E
I want a non-invasive kind of telepathy
That let’s you feel what it’s like to be somebody else

My Vision of World Empathy var songens arbeidstittel. Ein visjon som nok ikkje er heilt fri for den gode gamle kryptiske Hitchcock-surrealismen. Og bra er det. Og bra er det at den gjer seg gjeldande utover på resten av albumet også. Hans noko og tjuande album (den er ikkje heilt oversiktleg  denne albumkatalogen hans). Så absolutt på tide med eit sjølvtitulert eit.

Brendan Benson har produsert. Ein fyr som ved fleire anledningar har vist at han kan sin gitar-pop, for ikkje å seie power-pop. Eit par elektriske gitarar, bass og tromme, ein distinkt vokalist og frodig harmonisong, det er den overordna resepten her. Resultatet sprenger ingen rammer men er drivande festleg. Eller kanskje ikkje, kanskje ikkje festleg er rette ordet. «An ecstatic work of negativity» kallar Hitchcock det sjølv. Hmm … er ikkje det litt festleg då?

Vel, sjølvmord er definitivt ikkje festleg. Med to kvinnelege forfattarar som har enda livet sitt på det viset (Virginia Woolf og Sylvia Plath) som hovudrolleinnehavarar oppsøker Hitchcock smerta i ein song med tittelen Virginia Woolf. Melodisk har den absolutt eit vinnande vesen, sjølv når songaren syng linjer som «sometimes it hurts were you don’t wanna hurt». Ord som vinnande vesen og smerte kan nok også nyttast om I Pray When I’m Drunk. Sjølv om den songen også er ein heilt annan skål. Robyn Hitchcock har budd i Nashville eit par år. Så då er det vel ikkje feil å synge litt country? I Pray When I’m Drunk er klassisk honky tonk. I alle fall så klassisk som ein engelskmann med ein bra dose skrudd psykedelia i ryggrada kan få det til å lyde.

For engelskmann er han, same kor amerikansk lufta kring han er. Som når han til ringande gitarlyd og lette psykedeliske svingingar syng om Mad Shelley’s Letterbox. Ein song som kanskje ikkje direkte handlar om den store engelske poeten Percy Bysshe Shelley, men som har litt av romantikkens linjer i seg. Raymond And the Wires er på si side ein song utstyrt med linjer frå eit barndomsminne. Frå ein gong hovudpersonen reiste med trolleybuss saman med far sin. Ein far han ikkje kan seie han kjente så godt – «he was a lonesome dad». Songen har ein cello i ei sentral rolle. Ein cello som blir med over i ein annan tilbakeskodande song, den folk-driftige 1970 In Aspic.

Ein seks minuttar lang ballade om å tape, tape i stort monn, har Hitchcock også funne plass til. «Losing my face, losing my friends, losing my temper» lyde den første linja i Sayonara Judge, men det sluttar på ingen måte der. Det renn på med nederlag og audmjukingar. Og songaren tar i, og høyrest nesten ut som John Lennon. Men er ikkje refrenget aldri så lite feststemt? «Sayonara I’m a loser, but i’m walking on air» lyde det der, reint uimotståeleg og smått uutgrundeleg. Den er ikkje åleine om nett slike augeblikk denne songen. Eg finn fleire av dei på plata. Ei plate som glir på plass, og mellom anna kan få karakteristikken «nok ei god Robyn Hitchcock-plate».

7/10

TIDAL: ROBYN HITCHCOCK – ROBYN HITCHCOCK

Robyn Hitchcock – Tromsø, Kaptein

Standard

Ein ekte engelskmann tek ein liten norsk avstikkar, men er like engelsk og bra for det.

6

cover

Den sympatiske engelske eksentrikaren Robyn Hitchcock har vore i Norge før. I 1982 var han her med Motor Boys Motor som backingband. Bandet som etterkvart skulle bli til Screaming Blue Messiahs og gje ut eit par smått legendariske plater dei følgjande åra. Det er ein annan historie. Denne her skal først og fremst handle om Robyn Hitchcock. Mannen som ikkje lenge etter at han hadde oppløyst sitt fabelaktige Soft Boys altså var i Norge av alle plasser. Og køyrte landet på kryss og tvers. Over fjell og djuv, langs fjordar og skrentar. Og spelte for ignorantar og tre-fire fan. Tåka og alkoholen fanst overalt. Ein gong blei den servert som heimebrent av ein naken mann med pilotlue, kl 7.42 om morgonen. Hitchcock gjorde det ikkje til ein umiddelbar vane å besøke dette landet. Men noko med det sette seg fast i han. Og dei siste fem-seks åra har han komme på regelmessige visittar.

Goodnight Oslo var tittelen på plata han kom med i 2009. Tromsø, Kaptein er endå meir norsk. Ideen blei fanga i fjor. Hitchcock var saman med si fotografkone i ishavsbyen nokre dagar, før reisa gjekk til visefestivalen i Egersund. Popkongen i dei traktene Frode Strømstad fekk Hitchcock til å tenne på ideen å gje ut eit album på hans Hype City-label. Nå er ideen fullbrakt. Plata er ute, førebels berre i Norge. Ein stolt tittel har den fått, ramma inn i Hitchcock-mala fjordlandskap er den, og stotrande nynorske gloser gjer den til kjenne i sin solnedgang.

Men Robyn Hitchcock er nå først og fremst ein uforbederlig engelskmann. Det verken kan han, eller prøver han å springe i frå når han lagar songar for norske øyrer heller. Han er den han er, den eg kjenner, den eg likar. Med Tromsø, Kaptein serverer han på ingen måte eit sensasjonelt album. Men heller ikkje på nokon måte berre eit pliktløp for å oppfylle ein lovnad. Ingen parentes. Han har nok ein gong snekra i hop ein bunke gode låtar, og serverer ei plate på høgde med det meste i sin etterkvart nokså omfangsrike solo-katalog. Det er imponerande nok det.

Hitchcock hevdar sjølv å ha søkt inn i eit fjordfokus då han laga desse songane. Der har han nok meir funne sitt vanlige eg, enn ein eim av norsk natur og sjel, vil eg hevde. Sjølv om det absolutt går an å tenke seg at han er i norske farvatn når han syng «I feel ok when the skies are grey» i Dismal City, eller når han erklærar at «the sea is in your blood» i August In Hammersmith. Men Hammersmith er jo på ingen måte i Norge, og Dismal City kan nok like vel vere byen der Hammersmith er. Og Hitchcock syng uansett mest om mellommenneskelige tilhøve som kan finne stad både i London og Tromsø. Slik han vel i grunn alltid har gjort.

«I wanna destroy you» song han ein gong i tida. Det syng han ikkje i dag. Litt smågiftig og sarkastisk kan han nå like fullt vere, og synge slikt som «I love it when it all goes wrong». Men han kan også kle seg i rolla til den såra og utrygge og forkynne at «there’s no safety in your eyes». Det gjer han i Light Blue Afternoon. Det harmonivakre og akustisk fundert opningssporet. Eit sonisk vesen songen deler med dei fleste på plata. Eit sonisk vesen som ikkje minst inkluderer den cellospelande Jenny Adejayan, og hennar skumringsfarga tonar.

To andre kvinner er der for å synge harmonisong, og gjer gagnlige løft til songane på det viset. Enten det er «ba-ba-ba» og «oooo-oooh» i frodige Savannah, eller eit responderande «just one thing baby, you forgot my heart» i bistre Raining Twilight Coast. Ein av to låtar her som har vore ute før. Den andre var tittellåt på Goodnight Oslo, men heiter nå Godnatt Oslo. Gjendikta i nynorsk språkdrakt av Anne Lise Frøkedal. Songe med tvilsam artikulasjon av Hitchcock sjølv. Meir pussig enn direkte interesseskapande. Han skulle kanskje heller latt gjendiktaren ha sunge denne?

Men altså, endå ei god Hitchcock plate. Som sikkert vil leve eit elska og anonymt liv i den vesle popskuggen der dei tretti andre platene hans held til. Finn gjerne fram til den skuggen, og gjer den litt større.

Først publisert på Groove.no (i 2011)

 

Robyn Hitchcock – I Often Dream of Trains in New York

Standard

I over tretti år har Hitchcock navigert etter eige kart, ein novemberkveld i 2008 førte det han inn på ei scene i New York.

6

cover

The Soft Boys heitte bandet. Dei kom frå universitetsbyen Cambridge. Underwater Moonlight var tittelen på ei plate dei gav ut, i 1980. Ei strålande plate. Full av kraftfull, gitarringande, psykedelisk popmusikk. Slett ikkje soft. Opningssporet I Wanna Destroy You kasta skånsellaust overbord alle førestillingar om noko slikt, og resten av albumet fylgde opp. Men punk var det heller ikkje, eller postpunk. Dei hoppa aldri på det toget. Dei var litt på sida av det som skjedde rundt dei. I England. Dei var litt annleis. Dei kunne spele. Dei kunne nyansere. Dei var litt sære, men meir fengande enn du skulle tru.

Robyn Hitchcock heitte songaren, og gitaristen, og låtskrivaren, og den som hadde visjonen om korleis The Soft Boys skulle låte. Ein visjon prega av ein fargerik tankegang og eit eksentriske sinn. Men ein visjon som absolutt ikkje kom dansande til han ut av det blå. Hovudtrekka henta han frå den Lennon-Beatleske poptonen, Byrds sine harmoniar og gitartonar, galskapen til Cpt. Beefheart, Bob Dylan sine poetiske ordstraumar frå det underbevisste, og Syd Barrett sin lunefulle psykedelia. Med sin friske og personlige mikstur av alt dette, og ein bunke sterke låtar i bagasjen skaffa bandet seg fans som Pete Buck, Steve Wynn og Paul Westerberg.

Underwater Moonlight var deira andre plate. Den var deira meisterverk. Den er deira meisterverk. Det veit eg sikkert, eg høyrde det igjen i går. Så mange andre enn Buck, Wynn, Westerberg og nokre av deira åndsfrendar høyrde ikkje det, i 1980. Så bandet sa takk for seg få månader etter at plata kom ut. Dei gjorde eit nytt forsøk i 2002, med ei tredje plate, Nextdoorland, men pakka saman på nytt att kort tid etter. I mellomtida, og etterpå, har Robyn Hitchcock helde ein solokarriere på skinnene. Litt på sida av der den store merksemda rettar lyset sitt, men veldig ofte inne på dei spora der attraktive poptonar gror.

I Often Dream of Trains heitte plata Robyn Hitchcock gav ut i 1984. Hans tredje under eige namn. Og denne var han sannelig ganske så aleine om. Hans to første soloutspel hadde vore nye turar inn i energien og psykedeliaen, dette var ein spartansk og semi-akustisk tur inn i hovudpersonens draumar. Utan rytmeseksjon, og nesten utan hjelp, spelte og skrudde Hitchcock i hop eit album der melankolien fekk rikelig med plass i hans ubereknelige bilde. Verken med denne, eller andre soloframstøyt nådde han Underwater Moonlight-nivå. Men god har han vore rett som det er, og sjeldan like ofte som på I Often Dream of Trains.

Nesten 25 år etter gav han plata ein seriøs gjenvisitt. Frå scena. Og ein novemberkveld på Symphony Space i New York var filmmakar John Edginton til stades, og filma. Det er dette konsertopptaket som no er ute i DVD-format, med den talande tittelen I Often Dream of Trains In New York. Og skulle ein ynskje konserten utan bilde er det generøst nok også ein CD i pakka, med nesten identisk innhald. Samt ein liten ekstra bonus; ein tolvminuttars kortfilm, som er Hitchcock på togtur for 25 år sidan. Til lyden av ambiente gitartonar og surrealistisk babbel. Tittel; Beyond Basingstoke.

Hitchcock er ikkje åleine på scena. Tim Keegan står ved hans side, og spelar akustisk gitar. Terry Edwards sit mykje ved pianoet, men reiser seg også opp og bles tonar i både trompet og saksofon. Og begge karane korar. Det gjer også ei dame med namn Gaida Hinnawi på eit par låtar, varleg og vakkert. Som på originalplata er her ingen rytmeseksjon, berre ein Edwards som ristar nokre egg her og der. Saman skapar dei eit ledug, pretensjonslaust og sympatisk New York-augeblikk. Saman spelar dei det aller meste av stoffet frå 1984-plata, og plussar på med nokre andre songar i same ånd, som ekstranummer.

Den engelske folktonen var ikkje ein framtredande tone hos Soft Boys. Men den var der som ein viktig faktor i Hitchcock sine pre-Soft Boys dagar. Og den er der i fleire av spora på I Often Dream of Trains. Den er der i den spartanske balladen Cathedral. Den er der i nydelig gitarplukka former i Autumn Is Your Last Chance. Den er der når Hitchcock skildrar ein sjeldan snøkvit Londonvinter på stemningsfullt vis i Winter Love. Alle tre låtar der vi møter Hitchcock i sitt mest vemodstemte leie. Eit leie der hans surrealistiske side blir tona ned.

Eit leie som pregar mange av låtane. Ein sår lengsel skrapar i songarens sjel i popvakre I Used to Say I Love You. Der han prøver overtyde seg sjølv om at ho som for lengst har vandra vidare utan han, eigentlig ikkje betydde det minste for han. Men vi trur han ikkje. Og han trur det nok ikkje sjølv heller. I tittelsporet er ikkje lengselen retta mot svunne tider, men mot tida som enno ikkje har vore. Om ein gong før siste stasjon er nådd, før altfor mange årstider har passert, å finne saman med ei kvinne, i ein draum, i ein korridor.

Den humoristiske sida til Hitchcock kjem fram når han saman med Keegan og Edwards opptrer i barbershop-skapnad i Uncorrected Personality Traits, der tematikken er ulike sexfiksjonar. Ei noko sveittare utgåve av hans humoristiske side dukkar opp i Sounds Great When You’re Dead. Låta startar med ei lita skildring omkring dette å måtte ufrivillig overhøyre foreldras sexakt, for så eit par minutt seinare å ende med det evige dilemmaet «We’re at our most together, when we’re at our most apart». Eit smittsamt refreng gjer seg gjeldande fleire gonger undervegs:

Baby
It might sound dodgy now
But it sounds great when you’re dead

Mellom fleire av låtane har filmregissøren lagt inn små sekvensar frå eit intervju med Hitchcock (sjølvsagt gjort ombord på eit tog i fart). Her fortel han litt om originalplatas historie, og går nærare inn på bakgrunnen for nokre av songane. Noko som har både ein opplysande og underhaldande misjon. For han er ein kar med spesielle evner når det kjem til dette å ordlegge seg, denne Hitchcock.

Såleis også frå scena, mellom songane. Nokre gonger hamnar han ut i det absurde, andre gonger viser han seg meir konsis, og stundom litt giftig. Men aller best er han no i songane sine. I Ye Sleeping Knights of Jesus til dømes. Ein country sing-a-long der ateisten i Hitchcock, etter å ha introdusert songen med eit ynskje om at framtida måtte bringe litt meir «good old unbelieve», hersar og raljerer med denne evinnelige trua;

Put your faith in God, he won’t expect you
Put your faith in death because it’s free
If you believe in nothing, honey, it believes in you
For God’s sake don’t waste any faith on me

Det skal vi nok ikkje gjere mr Hitchcock. Men finne hugnad i mange av desse songane dine, både frå denne sympatiske kvelden i New York, og frå dei tjuetals platene du har gitt ut, utan altfor mykje oppstyr, det vil vi framleis gjere. Både Buck, Westerberg, og eg. Og kanskje nokon til?

Først publisert på Groove.no (i 2010)