Tag Archives: Andrew Bird

Musikalsk årsoppgjer 2012

Standard

Dette er ikkje eit forsøk på å komme med ein brei analyse av musikkåret 2012. Slikt for andre ta seg av. Dette er i grunn ikkje noko anna ein smal liten egotripp. Ei liste over tjuefem plater eg har sett pris på i år. I ei omskiftelig men ikkje heilt tilfeldig rekkefølgje.

Eit raskt blikk over lista fortel meg at amerikanske tonar er sterkt overrepresentert, og at heimlandet berre er representert med ei plate. Hadde eg gidda å laga lista lenger kunne Highasakite, Susanne Sundfør, Anne Marie Almedal, The Little Hands of Asphalt, Hellbillies, Hanne Kolstø, Susanna, Tom Roger Aadland, I Was A King, Æ, Lindstrøm, Ida Jenshus, Narum og Meg og Kammeraten Min også ha fått ein plass. Og då kunne jo også fleire frå utlandet fått plass, plater av folk og band som Grizzly Bear, Ty Segall, Elephant Micah, Black Moth Super Rainbow, Mark Lanegan Band, Laura Gibson, Simone Felice, Cloud Nothings, Chromatics, Godspeed You Black Emperor, Leonard Cohen, Polica, Allah-Las, Kindness, Iris DeMent, Bob Dylan, Beach House, Dr. John, Turnpike Troubadours, Fiona Apple, Mount Eerie, Six Organs of Admittance, Beachwood Sparks, Frank Ocean, Giant Giant Sand, Richard Hawley, Thåström, Goat, Dirty Three, Cat Power, Anais Mitchell og Calexico. For dei gav alle ut bra plater i 2012. Men eg trur eg får nøye meg med desse:

1. Father John Misty – Fear Fun
Josh Tillman har vore i musisk bevegelse ein del år no. I skuggen av det store scenelyset, eller på ein trommekrakk bakom songaren og gitaristen. Gjennom fleire plater har han, som J. Tillman, utforska det tungsindige krysningspunktet mellom Nick Drake og Townes Van Zandt. I tre år har han i tillegg vore trommeslagar i Fleet Foxes. Der er han ikkje lenger. Han har vandra vidare, tenkt nokre andre tankar, døypt seg om til Father John Misty, og laga ei plate kledd i ein tidleg 70-tals skrud, der folkrock, countryrock, softrock og psykedelia er dei dominerande ingrediensane. Der det mismotige blir konfrontert med sardoniske innfall, dopprat, hedonisme, ein bisarr humor, og ikkje så reint få absurditetar. Latterlig vitale saker i grunn.

2. Neil Young with Crazy Horse – Psychedelic Pill
Eg plasserer lyden av Neil Young og Crazy Horse høgare enn dei fleste lydar eg finn der ute. Dei står bak fleire av mine favorittplater. Med Psychedelic Pill har dei laga ei til. Ei lang ei, med lange magisk harvande låtar, om livet slik det har fortona seg. Og beviser at tilbakeskoding, gamle takter og null utvikling kan være den rette medisinen.

3. Simon Joyner – Ghosts
Midt i eit dissonantisk utland hevar songaren si krokete røyst og hevdar at «a good man is hard to find, a bad one’s even harder to get rid of». Det er stygt. Det er fredlaust. Det er ein dobbeldose svartmalande og støyplaga countryrock. Unnfanga av ein seig ørkenvind, født bak ein vridd blues, pint under Velvet Underground. Avlevert med reinspikka overtydnad.

4. Lambchop – Mr. M
Det finst ei tid for Lambchop. Det finst absolutt tider som ikkje høyrer Lambchop til. Men innimellom er tida der, og då finst det ingenting som er betre enn Lambchop. Ingenting. Mr. M føyer seg inn i rekka. Den byr på ein ny porsjon underfundig og saliggjerande Lambchop-melankoli, denne gongen dedikert ein avdød venn.

5. First Aid Kit – The Lion’s Roar
Kledd i psykedelisk farga kaftan, og med 1969 mindre enn eit andedrag unna, den engelske folktradisjonen i bakhovudet, den amerikanske country/folk-tradisjonen i hjerta, Stockholm sine snødekte gater i synsranda, og ei kosmisk livskraft strøymande gjennom seg, tilfører First Aid Kit det tradisjonsbundne sin eigen friskleitte signatur.

6. Tønes – Sån Av Salve
Underfundig sosialrealisme, ispedd meir alvorsprega tankar kring det å være menneske, i hop med andre menneske. På kjent og snodig vis fyller Tønes plata med skildringar av folk som helde på med sitt. Små ting, dagligdagse ting, ting dei kanskje ikkje er spesielt stolte over å halde på med. Han gjer det minst like bra som han nokon gong har gjort det, og då gjer han det bra skal du veta.

7. Jack White – Blunderbuss
Feitt og overflødige tonar er kasta i komposten. Tilbake står eit reinskore, melodisk attraktivt, og dynamisk lite meisterverk, som er skittent og reint i funksjonell foreining. Det høyrest veldig ut som det beste Jack White nokon gong har hatt fingrane borti.

8. Tame Impala – Lonerism
Med ein sumpete romklang forserer Tame Impala ei sonisk løype som svingar seg frå Soft Bulletin til Strawberry Fields Forever. Som tittelen insinuerar er det eit einmannsverk. Kevin Parker sitt melodisk vinnande og psykedelisk utfordrande einmannsverk.

9. Sharon Van Etten – Tramp
Ei krystallklar og sanselig men samstundes nøktern røyst. Den pure, svevande men samstundes jordbundne tonen. Det er Sharon Van Etten det. Tramp handlar om folk som elskar. Frå første stund, frå Warsaw sine gitargråtande og skimrande breidder til Joke Or a Lie sitt spartanske og varleg dronegnagande adjø handlar det om å elske. Det handlar om at det er alt anna enn problemfritt.

10. Patti Smith – Banga
Det er ingen fakter hos Patti Smith. Ho prøver ikkje vere, noko, eller nokon. Ho er, stemma, poeten og rytmen. Framleis, i ein alder av 65 år, er ho det. Aldri halvhjerta, aldri noko mindre enn vital, tidvis formidabel.

11. Allo Darlin» – Europe
Først og fremst er dette uhøyrt forførande og vilt fengande popmusikk. Men eg høyrer noko meir også. Eit vemod, som finn ein klangbotn under den poppige overflata, og rissar eit bilde med fleire dimensjonar i seg. «Under Capricornia skies». Formulert av Elizabeth Morris frå Queensland, Australia, ein av dei verkelig gode låtskrivarane.

12. Woods – Bend Beyond
Woods fokuserer låtane, køyrer på med litt meir elektrisitet, og minst like mykje psykedelia. Slik vi kjenner den frå det myteomspunne sekstitalet. Og pop. Frå det same tiåret. Støtta opp mot den vindskeive og heimelaga estetikken til våre dagars uavhengige.

13. The Men – Open Your Heart
The Men er ikkje her for å imponere, dei er her for rock’n roll. Så utan tankar om virtuositet, innovasjon eller intrikate påfunn grip dei fatt i rocken sin inste kjerne, den urovekkande feberen, og tenner på. Gud skal vite at det brenn.

14. Andrew Bird – Break It Yourself
«Time’s a crooked bow, come on, tell us something we don’t know» oppfordrar Andrew Bird. Denne syngande fiolinisten og kontrastmakaren som sannsynlegvis ikkje har granska fasiten på korleis ein poplåt skal skruast ihop, og nettopp derfor lagar betre poplåtar enn dei fleste.

15. John Fullbright – From the Ground Up
Ein ung mann frå Oklahoma, med ei røyst som merkast, og songar som virkar. Countrysongar og andre songar, mang slags songar. Rock av brunstig avstamming, orgel og groove, soul og gospel, fengande gitarrock, og pianoballadar djupt nede i kneståande.

16. Damien Jurado – Maraqopa
Det byrja på Saint Bartlett, hans førre plate. Trubaduren tok eit steg inn i eit romsligare og meir rørsleprega landskap. Han er der framleis. Ikkje milevis unna den folktonen han har gjort oss kjent med opp gjennom åra, men unna. Han kan være elektrisk rockande, smått funky og psykedelisk popduvande. Men alltid Jurado, varmt søkande.

17. Darren Hayman and the Long Parliament – The Violence
Det er 1645, borgarkrigen rår i England, og kvinner blir skulda for å være hekser. Hayman fører den humane og melodiske folkpopen sin inn i sentrum av dette, finn nokre enkeltskjebnar, og gjer det grufulle synlig, gjennom ei ubroten rekke av velbygde songar.

18. Alabama Shakes – Boys & Girls
Med ungdommelig pågangsmot tar bandet soulmusikken med på ein groovy southern rock’n roll tur den berre har godt av. Og i leiarrolla, Brittany Howard. Eigar av ei stemme som tar inderlig eigedom i kvar einaste tone den har omgang med. Ei ekte kraft.

19. Old Crow Medicine Show – Carry Me Back
Dei er dei same helsebringande leverandørane av tradisjonsrike og uforfalska tonar som dei alltid har vore. Med minimal straumtilførsel men dugelig energi grip dei tak i merksemda og syng om fråflytting, heimebrenning, fylleslagsmål, og anna rural moro og smerte.

20. Bill Fay – Life Is People
Sist gong han var her, blei han ignorert. Det er 41 år sidan sist. I lag med fans og gode hjelparar kom han tilbake i år. Og vart ikkje ignorert. Life Is People er som tittelen insinuerar varm og humanistisk. Nokre tiår med livserfaring og djupfølt vørdnad unna den iherdige og tidvis krakilske kampen som utspant seg då han var her som ung.

21. Marissa Nadler – The Sister
Søstera er den sjølvtitulerte plata hennar frå 2011. Stemma hennar er like glasklar, sterk og skjør. Det er ikkje så mykje anna enn hennar eigne gitarplukkande tonar som akkompagnerar songane. Det er nakent og reint, og det dirrar. Og det er vakkert, som Christine og Constantine.

22. Lower Dens – Nootropics
Etter nokre år som soloartist, freakfolkartist, gjekk Jana Hunter inn i rolla som bandmedlem i kvartetten Lower Dens. Og musikken vart annleis. Spesielt på denne andreplata. Den held til i eit drøymande landskap, farga i blått, der kjølig elektroniske tonar har ei framskoten rolle. Med eit groove som tidvis går i krautrock-lei. Og inni der syng Jana, gåtefullt.

23. Hurray For The Riff Raff – Look Out Mama
Eit ungt band som på merkbart vis tar for seg av den amerikanske musikkarven. Frå folklore og country via southern blues til surf-rock. Og plussar på med ein ode til John og Yoko. I den sentrale vokalrolla ei kvinne med røter frå Puerto Rico, Alynda lee Segarra.

24. Shovels & Rope – O» Be Joyful
Eit tospann. Kvinne og mann. Cary Ann Hearst og Michael Trent. White Stripes har vore der. Då var det blues. Desse to tar fatt i tonar av countryslekt. Eit energisk grep tar dei om sakene, og går rett til kjerna. Slikt blir det lite utanomsnakk og visvas av.

25. The Walkmen – Heaven
Det handlar om å ha det bra. Det er det det gjer, på Heaven. Om å finne ein ro, og å ha det, ikkje perfekt, men bra. Om å vere i komfortsona. Langt unna den raude sona dei var i då The Rat vart til. Om dei har tapt noko på vegen hit? Energi? Ungdom? Vel, sånn er vegen. Men seg sjølv har dei ikkje tapt. Dei er framleis eit band å like, eit likandes band.

Musikalsk årsoppgjer for 2009

Standard

Så har det siste året i det første tiåret av 2000-talet komme til sin ende, og det utan at verken terroråtak, internett, fildeling eller andre slags påfunn har tatt livet av musikken.Den er utstyrt med for mange liv, og har eit altfor vinnande vesen, til det.Det grensesprengande eller spektakulært nyvinnande har rett nok ikkje musikkåret bydd på (eller tiåret for den saks skuld). Men stabelen av plater eg har funne hugnad i har dei siste 12 månadane vokse seg bra stor den. Så derfor seier eg meg nøgd, godt nøgd.Eg har sett pris på plater av Bonnie Prince Billy, Pink Mountaintops, The Felice Brothers, Marnie Stern, Dan Deacon, Deportees, Monsters of Folk, Hiss Golden Messenger, Akron/Family, Wilco, Bill Callahan, Low Frequency In Stereo, Sunset Rubdown, A.A. Bondy, Kurt Vile, Girls, Yo La Tengo, Megafaun, Son Volt, M. Ward, Tellusalie og ikkje minst Stein Torleif Bjella.

Men det aller djupaste inntrykket har nok desse ti gjort:

10.Marissa Nadler – Little Hells
Som tittelen varslar, dette handlar ikkje om menneskeskjebner på sporet av den evige lukka. Dette handlar om saktegroande arr, gnagande sakn og uoppgjorte dystar. Sånt som dama allereie har dvelt ved på tre album før. Men denne gangen er lydkjeldene fleire, ho har eit band med seg. Dei overdøyver henne aldri, dei spelar varleg, men dei er der. I eit luftig og smått hypnotisk sonisk landskap. Saman med Marissa, hennar vevre, transparente og klare røyst, hennar melankoli, og hennar stillferdig forførande melodiar.

9.Richmond Fontaine – We Used to Think the Freeway Sounded Like a River
Richmond Fontaine er den same gjengen som dei har vore over nokre år no. Dei er lyden av eit samspelt band, men også eit frigjort og søkande band. Eit band som varierer sitt uttrykk. Som dveler, teier og kitlar varleg. Men som også brenn, og bråkar. Dei høyrer til innunder eit americanalandskap. Eit breidt eit, som famnar både folk, country, jazz, rock, og noko sfærisk der ute frå ørkenen ein stad.
Og fremst finn vi Willy Vlautin. Låtskrivaren, og songaren, med dei sterke og reinskorne mininovellene, om folk som opplever at livet slett ikkje er ein frydefull heisatur.
Denne gongen er det nesten like bra som meisterlige Post To Wire.

8.John Olav Nilsen og Gjengen – For Sant Til Å Være Godt
Utstyrt med vinnande tonar og dei beste rocketekstane på denne sida av Jokke stuper Nilsen og Gjengen uti eit kokande opplegg som aldri nærmar seg lunkne farvatn.
På rotekte bergensk syng Nilsen om livet slik det er. Ganske så vrient og lummert, men ikkje til å forkaste heller. Han ser det vakre i det stygge, og fortel om det. Han ser diamantar i knuste flaskeskår, og er lykkelig ulykkelig.
Det er postpunk, The Aller Værste, ei rabiat popåtferd, og eit gåvmildt arsenal av fengande tonar.
Det er ingen perfekt plate, ingen sensasjonell plate, ingen frelsande plate heller. Men ei fantastisk plate er det. Bore fram av eit sjølvlysande overskot, og trustappa av frydefull desperasjon. Eg smiler, framleis.

7.The xx – xx
Dei er frå London, dei er fire, dei er unge, men dei overdriv ikkje. Absolutt ikkje. Dei har skjønt at lite kan vere nok. Dei har skjønt det er mykje energi i det uspelte. Så dei har funne seg ein liten dunkel krok, der lyset er dempa, og lyden blir servert i minimalistiske former.
Ei sensuell damerøyst har den vokale hovudrolla, ei meir limitert mannsrøyst har ei framtredande birolle. Dei har postpunk i årene, men spelar den med sordin. Dei kan vandre inn i sfæriske landskap, men med ein poptone i sekken. Bass og beats går i eit funky dubganglag. Gitaren spelar lysskye tonar, skånsamt. Det er lågstemt og lumskt, det er suggererande lakendans. Det er varmt.

6.Simon Joyner – Out Into the Snow
Med si noko ustøe, men slett ikkje karakterlause røyst tar Simon Joyner lyttaren med på ein transperent tur inn dit ambivalensen dekker kampen mellom uro og harmoni. Der det handlar om dei som elskar, dei som har elska, og dei som hungrar etter å bli elska. Han skildrar folk i havsnaud. Folk som drøymer draumar med lenker på. Folk som skannar rommet for mareritt før dei går til sengs. Folk som tørstar, leitar, snublar, og som kjenner på den bitre smaken av løgner og tapte sjansar. Folk som mest av alt søker fred og harmoni, men som ikkje heilt finn utav kartet dei har fått utdelt.
Han evnar skape medrivande forteljingar. Og kler dei så med tonar henta frå eit vegkryss der Leonard Cohen har støtt på Lou Reed og Townes Van Zandt. Gode tonar.

5.The Low Anthem – Oh My God, Charlie Darwin
Dei er både høgt og lågt, dei gjer det både stilt og vilt. Dei er tre. I lag spelar dei på sånn cirka 27 ulike instrument (frå saksofon og cello til tabla-trommer og pumpe-orgel).
The Low Anthem er ein varmblodig og organisk trio, som spelar songane sine, ikkje konstruerer dei.
Dei sprenger ingen grenser eller er überfantasifulle på noko vis. Det dei gjer har vel i grunn ganske så mange andre også gjort. Det dei gjer har sine røter i ein gamal tradisjon. Folkmusikktradisjon. Ut av denne tradisjonen dreg dei så tonar, og komponerer songar, som har det med seg at dei verkar å ha vore her alltid. På ulikt vis, og i ulik skapnad. For folk er så mangt. Berre spør The Low Anthem, og du vil få eit uimotståelig svar. Deira svar.

4.Animal Collective – Merriweather Post Pavillion
Den kom tidleg denne, svevande på eit røslig rykte om å vere fargerik og fabelaktig. Og det var den jaggu også, og det er den framleis. Ein sonisk virvelvind som sopar med seg både eitt og hitt, og meir til. Ein part Strawberry Jam, ein part Person Pitch, ein part Smile, og atskillige partar nyvevd og spektakulær lydrikdom. Ja slikt noko som det vanskelig kan bli anna enn psykedeliske popdrops utav. My Girls, Summertime Clothes, In The Flowers. Søte, syrlige, mektige, vanedannande, og evigvarande popdrops. Om å synge, og danse, og elske, og drikke, og smake, og gaule, og tru, og tvile, og føle, og omfamne livet, for det er det verdt.
Utan å gå på akkord med sitt sprudlande eksperimentelle vesen har Animal Collective plassert poptonen i den sentrale rolla denne gongen, og rulla fram sitt mest tilgjengelige verk. Sitt beste. Eit av årets beste. Synst eg òg.

3.Neko Case – Middle Cyclone
Med ei listig popånd i ryggen fører Neko Case nok ein gong countryfolktonane sine inn på det minneverdige sporet. Tonar som blir til songar. Songar som sjeldan tar fyr i første forsøk. Men som når dei tar fyr, aldri sloknar.
Det finst grunnar for at songane tar fyr. Sjølvsagt gjer det det. Ein kan snakke om dei tempererte arrangementa, om subtile innspel frå gode hjelparar, og om den luftige og brennbare atmosfæren dei driv rundt i. Men den fremste kveiksla er tvillaust røysta til dama sjølv. Denne røysta som verkar råde over det meste. Som er inkarnasjonen på malmfull. Som har tonane som sine beste venner. Som kan danse uti sommarnatta, lene seg mot ein rusken haustkveld, eller kysse mystikken midt i nakken. Alt like naturlig, og så sjølvsagt utført, at ein reint kan fatte mistenke om at røysta sin eigar ramla i dynamikkgryta då ho var lita.
På Middle Cyclone syng ho songar om ville vindar, leie regnbyer og brokete skylag, om utemja dyr, fuglar og insekt.
Men eigentlig, eigentlig er det 14 kjærleikssongar. Eg er blitt glad i alle.

2.Magnolia Electric Co. – Josephine
«Ooo-oh!», den einsamaste røysta under den vestlige himmel syng om fjerne horisontar, lange netter, utålelige smerter, og det å ha levd så lenge blant skuggane at han er blitt ein av dei. Omlag slik han har gjort det frå han presenterte sin første mollstemte tone for fleire år sidan. At bandets bassist forulykka i ein brann då denne plata var på skissestadiet gjorde nok ikkje mollstemninga lysare. Utan at det er bassisten dette handlar om. Dette handlar om hardt prøvde Josephine (og Grace, og Knoxville Girl), og han (og dei) som snudde livet hennar (deira) opp ned. Det handlar om den evige rastløysa, den manglande tilhøyrsla, om kor lett ein mann kan rote seg bort «when he’s on the mountain road», og om ørkenen som skjuler eit paradis.
Med Josephine leverer Jason Molina og hans gjeng sitt strammast redigerte album til dags dato. 14 spor på tre kvarter, med lite rom for utanomsnakk, gitarsoloar og andre utflukter. Stilmessig er det ei nokolunde jamn fordeling av luftige folkrocklåtar med godgjerande country-resonans, og dei meir elektrisk brennande sakene med ulik grad av blues i årene. Sterke låtar, hjerteskjerande vakre låtar. Og bandet, bandet verkar vere heimsøkt av eit overskot eg meiner å ikkje ha høyrt sidan dei transformerte seg frå Songs:Ohia til Magnolia Electric Co.
Så «sing it brother, one more time».

1.Andrew Bird – Noble Beast
«Popmusikant med fiolin» har jo blitt eit velkjent bilde her i landet siste året. Andrew Bird har ikkje vore i det bildet. Han er i eit anna eit. Eit betre eit. Eit rikare eit, med fiolin, plystring, eklektiske poptonar, smarte grep, og varme friske fargar.
Inspirasjonen hentar han frå mange hald, og utføringa er kjenneteikna av soniske krumspring. Så vegen inn til tonane hans kan by på visse utfordringar, men slett ikkje uoverkommelige utfordringar. For dei har eit inviterande vesen desse tonane. Og ikkje sidan meisterverket The Swimming Hour såg dagens lys (i 2001) har dei vore like inviterande som dei er på Noble Beast.
Å trampe fram med tunge skritt har aldri vore Bird si greie. Å la dei soniske påfunna krangle om merksemda har han også passa seg vel for å legge opp til. Det er det romslige, det luftige og det organiske han søker. Og finn fram til. Kvar gong. Denne gongen også. Spesielt denne gongen. For stort meir lett på tå gjennom ei luftig sfære enn det Noble Beast er, blir ikkje popmusikk. Samstundes som den er slynga inn i eit varmt og nærast heilakustisk lydbilde ein vanskelig kan føle anna enn sterk velvilje overfor.
Tekstlig likar Bird helst å uttrykke seg vagt. Han likar ordspel, klangen av ord, og gjerne vanskelige ord. Det er ikkje kvar dag ein må hanskast med ord og begrep som calcified arythmatists, translucent alabaster eller innocuous plecostomus i popsongar. Slikt føder kanskje tankar om at vi har å gjere med ein mann med vel høge pretensjonar. Tankar som glatt forsvinn i takt med kor raffinert og naturleg orda fell på plass i tonebildet.
Noble Beast er popmusikk så levande og så feiande flott at alle elskarar av slikt noko burde omfamne det med sine hjerteligaste famntak. Prompte.

 

 

Andrew Bird – Break It Yourself

Standard

Kontrastmakaren Andrew Bird er her igjen, med sin lettstega pop og sitt utprøvande sinnelag.

7

cover

Det som står stille treng ikkje vere stilleståande. Det flyktige kan fortone seg urokkelig. Alt er ikkje nødvendigvis slik ein trudde det skulle vere. «Here we go mistaking clouds for mountains» syng Andrew Bird. «There’s a hole in the ocean floor» påstår Andrew Bird. «Time’s a crooked bow, come on, tell us something we don’t know» oppfordrar Andrew Bird. Denne syngande og plystrande fiolinisten som sannsynlegvis ikkje har granska fasiten på korleis ein poplåt skal skruast ihop, og nettopp derfor lagar betre poplåtar enn dei fleste.

Det er noko mildt og forsonlig over tonen til Andrew Bird. Noko enkelt. Noko blidt, og luftig. Samstundes, ja så er det slett ikkje slik. For samstundes tek den ikkje den enklaste og rettaste vegen denne tonen. Den kan ta omvegar, lunte inn i ei sidegate akkurat i det refrengavenyen opnar seg eit par takter unna, eller trykke assosiasjonar til sitt bryst. «Hei, sjå kva eg fant» ropte Askeladden. Det er noko Askeladdensk over Andrew Bird. Og akkurat som Askeladden så vinn han på det, til slutt.

Han vinn fordi han i sitt opne og eklektiske sinnelag ikkje blir intrikat for det intrikates sak, ikkje blir tung og ugjennomtrengelig, men skapar ein lettbeint dans som heilt naturlig kombinerer dei elementære steg med dei utfordrande. Han får saker til å virke i hop. Slik har det vore sidan han dukka opp på midten av nittitalet. Gjennom eit titals plater.

Plater der forholdet mellom det enkle og det intrikate er ulikt vekta. På si førre, Noble Beast, var han på sitt mest tilgjengelige. Serverte eit arsenal av elskelig og beståande popmusikk. Og vant for alvor mitt, og mange andres, hjerte. Break It Yourself har ein annan dynamikk. Ein meir utflytande ein. Ein mindre planlagt, mindre arrangert ein.

Bird inviterte tre fyrar han har samarbeidd med fleire gonger (trommis Martin Dosh, bassist Mike Lewis og gitarist Jeremy Ylvisaker) til å spele ein bunke nye låtar saman med seg. Seansen gjekk føre seg på låven hans, i løpet av ei lita veke, med ein åtte-spors opptakar gåande. Og slik lyde det ferdige resultatet. Som noko som er blitt født og har fått sitt liv igjennom samspelet. Eit utvunge samspel mellom fire menn, og nokre gjester.

Ein viktig bit av signaturen til Bird har vore hans durkdrivne rimsmedevne. Ei evne han har kombinert med ei interesse for å trylle musikalitet utav kompliserte ord. Han har tona ned denne biten av seg på Break It Yourself. Han trenger inn i nokre dystrare irrgangar denne gongen, og malar eit mørkare bilde. Tekstlig.

«You’re the one who sank my Lusitania» syng Andrew Bird. Og tonen er vemodig, og tenderer mot country. Refrenget, som vel eigentlig ikkje er eit refreng, men ei dvelande vandring i cymbalregn, forfektar at «we don’t study this war no more». Den første verdskrigen, der det amerikanske passasjerskipet Lusitania blei senka av tyske torpedoar utafor kysten av Irland, og over 1000 menneske omkom. Ei viktig årsak til at USA valte å gå inn i krigen. «Go ahead, say something dumb boy, there’s no shame» syng Annie Clark (meir kjent som St. Vincent) i det andre verset. Eit vers som er hennar, og som prøver å lindre smerta frå det første verset. I ein duett som vel handlar meir om personlige tap og personlige krigar, enn ein verdskrig.

«Moon plays the ocean like a violin … melody you never heard before» syng Bird, i ein annan song. Sifters. Og tonen har natta i seg, og tenderer mot country. I refrenget, som er eit refreng, fortel songaren at om han var nattehimmelen ja så skulle dette, denne songen, vere hans «lullaby to leave by». Eg trur han.

Lusitania og Sifters altså, to høgdepunkt. Varlige høgdepunkt.

Orpheo Looks Back er noko ganske anna. Her er det driv, ein fiolin det gnistrar frå, og som blir til ei fele i eit folkloristisk territorium, medan songaren syng om å krysse ei grumsete elv der «love turns to fear». Danse Caribe har også sitt varmblodige feleparti, men elles kjem den vel meir som ein mild melodisk bris, der Bird syng om dette å forveksle skyer med fjell. Som i overført tyding, slik eg vel å tolke det, skulle tyde noko slikt som å forveksle fridom med grunnleggande lykke. Noko hovudpersonen i Eyeoneye kanskje kan ha gjort. Han har i alle fall, skal vi tru Bird, gjort seg sjølv uangripelig. Slik at ingen skal kunne knuse hjertet hans. «So you break it yourself» repliserer Bird då. Og no spelar han på gitar. For no er det pop, med snert og elektrisitet. Og det er ganske så fabelaktig.

No finst det stunder på plata eg ikkje skal hevde er fabelaktige. Opningslåta Desperation Breeds luntar seg inn på eit noko uinspirerande psykedelisk spor. Near Death Experience Experience er ein noko identitetsfattig tango. Og åtte minuttar lange Hole In the Ocean Floor kunne nok ha tent på å blitt redigert ned til det halve. Men, den største prosenten av denne timen med Birdmusikk held meg meir enn lys vaken.

Først publisert på Groove.no (i 2012)

 

Andrew Bird – Noble Beast

Standard

Så fabelaktig kan popmusikk vere. Om ein slepp til ein Bird med riktige idear, fager røyst og nystemt fiolin.

9

cover

Sjølvglødande hype eller uanstendige reklamebudsjett har aldri blitt Andrew Bird til del dei gongene han har hatt ei ny plate på trappene. Sakte men sikkert har det likevel vokse fram ein trufast fanskare som ser fram til hans neste framstøyt med von, og eit smått bankande hjerta. Det er det gode grunnar for. Andrew Bird har nemlig lagt seg til den fordelaktige vanen å servere popmusikk ein ikkje berre plasserer i hylla og gløymer. Så sjølv om hans plass i spaltene helst er av det diskret slaget, vil musikken hans leve lenge etter at førre vekes hype er på god veg inn i anonymitetens grå rekker.

Det er ikkje mykje grått over tonane til Andrew Bird. Tonar han har tappa frå mang slags kjelder. Og som derfor lyt finne seg i å dele rom med klangar og lydar dei ikkje har for vane å leve så altfor tett innpå. Men Bird fører dei saman med stø hand, og får det til å låte som om dei har vore dansepartnarar i ualminnelige tider.

Andrew Bird kom til popmusikken frå ein klassisk studert ståstad. Med fiolin som sitt hovudinstrument byrja han søke mot jazzige og folkfarga tonar av gammal årgang. Førkrigsårgang. Saman med eit band han døypte Bowl of Fire gav han på slutten av nittitalet ut albuma Thrill og Oh! The Grandeur. Før han fullendte bandsamarbeidet med meisterverket The Swimming Hour (i 2001). Eit album der han førte bluesen, soulen, jazzen, countryen og sigøynertonane saman til eit vitalt kraftpoputtrykk som var veldig hans eige.

Etter den spenstige symjetimen sa han farvel til bandet og byrja gje ut plater som berre Andrew Bird. Alle har dei dette eklektiske og idérike poputtrykket. Med den konsekvens at vegen inn til dei byr på visse utfordringar. Men langt i frå uoverkommelige utfordringar.

Berre ein fylgjer med.

Då vil ein rå med svingar ein ikkje er førebudd på, og kryssande tonar som er dårlig varsla. Og synst helst berre det er spennande at ei låt kan smalne til i enden av eit breitt refreng. For ein oppdagar at Bird sine soniske vegval ikkje har ei ekskluderande form. Han driv ikkje med skrudde ting for skrudde tings skuld. Han serverer tonar med ein hjertelig invitasjon til lyttaren om å bli med innafor. Og heile vegen tillendes.

Når det er sagt. Plata han nett nylig har levert frå seg, Noble Beast, er mindre forsynt av intrikat åtferd enn noko anna Bird-album. Den er i grunn ganske så lett å komme på talefot med. Ganske så lett å like. Utan at den mister glansen etter nokre rundar. Nei fanken, den skin berre meir og meir.

Å trampe fram med tunge skritt har aldri vore Bird si greie. Å la dei soniske påfunna krangle om merksemda har han også passa seg vel for å legge opp til. Det er det romslige, det luftige og det organiske han søker. Og finn fram til. Kvar gong. Denne gongen også. Spesielt denne gongen. For stort meir lett på tå gjennom ei luftig sfære enn det Noble Beast er blir ikkje popmusikk. Samstundes som den er slynga inn i eit varmt og nærast heilakustisk lydbilde ein vanskelig kan føle anna enn sterk velvilje overfor.

Eit av Andrew Bird sine varemerke er plystringa. Den er til stades på Noble Beast med. Ikkje i overdriven grad sjølvsagt. Mannen veit jo å avgrense seg. Han likar heller ikkje å virke repeterande. Det er vel kanskje derfor han ikkje bygger opp songane sine innafor heilt konvensjonelle popstrukturelle rammer. Joda, han har vers, han har refreng, og han har bruer. Men ver ikkje sikker på at han syng refrenget fleire gonger. Rekn med at han gjev versa litt forskjelligarta medfart. Sjå ikkje bort i frå at han kan ta ein liten Coltrane-runde med fiolinen. Og sjølvsagt kan det tenkast alternative måtar å forsere ei bru på.

Det er plystretonar som fører Noble Beast i gang. Om opningslåta Oh No har Bird sjølv sagt at inspirasjonen kom til han på ein flytur. Han satt i nærleiken av ei mor med eit lite barn som absolutt ikkje ville sitte på flyet. Barnet sitt gjentakande klagande og smått terroriserande «oh no» levde i øyregangane hans enno lenge etter at turen var over. At dette i neste omgang skulle føre til at han kom opp med eit suspekt sjarmerande sing-a-long refreng er på ingen måte sjølvsagt. Men det har han gjort:

Oh arm in arm we are the harmless sociopaths
Arm in arm with all the harmless sociopaths

Sjølve songen kan nok likevel tolkast å handle om heilt andre ting enn barns ulyst til å sitte i ro på eit flysete. Utan at eg kan seie eg sit med ei klar meining om kva det skulle vere. Verken når det gjeld denne, eller nokon som helst Birdsong. Han likar å uttrykke seg vagt. Han likar ordspel, klangen av ord, og gjerne vanskelige ord. Det er ikkje kvar dag ein må hanskast med ord og omgrep som calcified arythmatists, translucent alabaster eller innocuous plecostomus i popsongar.

Slikt fordrar kanskje tankar om at vi har å gjere med ein mann med vel høge pretensjonar. Tankar som glatt forsvinn i takt med kor raffinert og naturleg orda fell på plass i tonebildet. Det er heller ikkje på noko vis nødvendig med kunnskapar om kva ein Anthurium Lacrimae måtte vere, for å ha glede av Natural Disaster. Denne utsøkte songen der Bird får fram bilde av både evolusjon og undergang. Om våren som lurer under isen. Men også om utålelige dufter, og ein ulv med lungesjukdom. Økologisk popmusikk. Jepp. Både i ord og lyd.

Naturen, og det som lever, andar, døyr, og vaknar til liv att der, verkar vere eit slags gjennomgangstema på Noble Beast. Masterswarm til dømes, blir invadert av mikroskopiske skapningar med gode og mindre gode hensikter. At låta i tillegg har ein kriblande kravlande rytmikk dempar ikkje det inntrykket. Tittelen i mangefasetterte Anonanimal blir på si side fort til eit ikkje-dyr. Til ei vakker men lumsk sjø-anemone. Medan det i vemodige Nomenclature blir stilt spørsmål med om det ikkje er på tide å spørje havet, for å få eit litt anna perspektiv på tilstanden.

På sitt mest vemodstunge er Bird i balladen Effigy. Fiolinen let mest som ei fele, og det handlar om einsemd og ikkje heilt enkle mellommenneskelige tilhøve. Med bilde tilbake til tradisjonen å sette fyr på eksakte kopiar av personar ein ikkje hadde noko til overs for (- det vil i det minste halde flugene vekke, insinuerer songaren). Optimistiske tankar blir heller ikkje formidla i Souverian. Vakre Souverian. Det er noko vesentlig som er til hinder for det. For sjølv om våren er i emning og fuglane syng; «my lover won’t return to me». Så då blir det vel heller til at tistlane rispar han opp.

I eit meir catchy hjørne finn ein Bird når han serverer smart pop i Fitz and the Dizzyspells, fortel om merkelige draumar, og gjer substantiv om til verb; «so soldier on, soldier on». Popdynamikk av det uimotståelige slaget er også kva The Privateers byr på. Håp har den også. Eit haustleg håp; «now all the leaves are fallen dear… so carry me to Mecca, with what you my divine».

Det lette blir aldri lettvint. Det tunge blir aldri trykkande. Og tonane dansar så elegant. Noble Beast er popmusikk så levande, og så feiande flott, at alle elskarar av slikt noko burde omfamne det med sine hjerteligaste famntak. Prompte.

PS. I eit limitert opplag av albumet kan ein finne ein ekstra CD lagt ved. Ein ni-spors instrumentalsak titulert Useless Creatures, som Andrew Bird har spelt inn i trioformat, med Todd Sickafoose på kontrabass og Wilco-medlem Glenn Kotche på perkusjon. Det er kortare og lengre ambiente nummer. Det er ein kenyansk folkemelodi. Det er stoff som tenderer mot det klassiske lydfeltet. Og ikkje minst er det eit fint jazzgroove over mykje av stoffet. Høgdepunktet er det ti-minuttar lange kuttet Carrion Suite. Der Bird svingar bogen i både klassiske og jazza former, medan hans to medsamansvorne lar groovet gå.
Den er slett ikkje dum å ta med seg den heller.

Først publisert på Groove.no (i 2009)