Tag Archives: Erlend Ropstad

Erlend Ropstad – Brenn siste brevet

Standard

  Bilderesultat for erlend ropstad

Om eg skal vere litt edrueleg (og det kan jo, i alle fall tidvis, lønne seg) då vil eg ikkje gå til det skritt å kalle det sjuande albumet til Erlend Ropstad eit meisterverk på linje med det aller største som har skjedd av rock’n roll. Men at det er eit forbanna bra album, går ikkje an å komme vekk frå. For så vidt ikkje overraskande. Det er jo det han har gjort til ein vane. Å komme med forbanna bra album. I alle fall sidan han starta å nytte sørlandsmålet sitt tre album inn i ein karriere som starta i vaksen alder.

Den gongen, då eg oppdaga han, med det tredje albumet, satt han i vindaugskarmen med ein akustisk gitar i fanget, skoda opp ein bratt bakke, og song viser om sjelelivet, for ikkje å seie kjærleikslivet. Det gjer han for så vidt framleis, men viser kan ein vel knapt kalle det nå.

Gitaren er elektrisk, energien er upåklageleg, og det soniske bildet er mektig. Om enn ikkje ni songar til ende. Ropstad avsluttar dei to LP-sidene i rolege former. Med ein nennsam pianoballade («Du hang med ei stund») og ei skjør vise («Stein i dine sko») akkompagnert av ein gitar utan straum. Han kan noko om dynamikk denne Ropstad. Ikkje så reint lite i grunn. «Vi er de siste» proklamerer han i eit heseblesande nummer. Men sjølv der, medan det skrik rundt øyro hans, finst det ein opning eller to, der luft og lys slepp inn.

Lys og skugge. Tonar som ulmar og andre som slår ut i full fyr. «Alt har ordna seg» heiter ein av desse. Ein Ropstad-klassikar. Groovet skapar ei mektig ramme, strykarar grev i eit melankolsk jordsmonn, og songaren syng om å vente. Det kan skade, det kan hele. Refrenget: «Du vet at jeg kan vente, at jeg kan vente aha, til alt har ordna seg», og refrenget blir spakare, sig mot sin slutt, men Ropstad har i all stillheit noko å legge til. Ein ettertanke: «Alt det som har tårna seg, opp, har ordna seg». Og songen heng å dirrar, utan ein lyd. Det er så vakkert.

Apropos vakkert. Eller slikt eg også kan finne på å kalle melodiske høgtidsstunder. Albumet har rikt av det. «Lenge lenge lenge» har vers som smyg seg inn frå kulden og eit refreng som spreier varme: «Og hvor lenge gikk hun rundt med mitt hjerte i sin lomme utan å engang vite om det» spør songaren, svaret er tolv forløysande «det var lenge». Eit høgdepunkt. Ein merkelapp eg utan å tvile også vil sette på tittelsongen. Ein song som vender seg til både dei som har lukkast og dei som har mislukkast, både dei det er grunn til å elske og dei det er grunn til å hate, både ledestjerner og bedragarar. Og så har Guds son ei viss rolle her («kast siste steinen, knus det siste vinduet, nå kjæme’an snart»).

Ropstad er god med ord. Han er god til å komme opp med linjer som fortener karakteristikken poetiske. Og så er han så forbanna god til å synge dei. Med sin mjuke dialekt og si rufsete røys syng han inderleg på ein veldig upretensiøs måte. Syng og snakkesyng og gjer orda og songen eit liv. Som når han turnerer lengt og håp i det mektige nummeret «Natta som er over nå». Eller som når han sjanglar rundt i djupaste mørke  saman med Guds son i «Menneske, kjære menneske».

I skjæringspunktet mellom melankoli og livsgnist, Thåström og Winnerbäck, konvensjonelle tonar og desperate steg har Ropstad nok ein gong skapt eit album som dirrar av menneskelegheit. Og som ingen andre enn nett han kunne ha gjort.

TIDAL: Erlend Ropstad – Brenn siste brevet

Den beste musikken i 2017, slik det er blitt oppfatta inne i Popkroken

Standard

Bilderesultat for pumarosaBilderesultat for the national 2017Bilderesultat for mount eerie 2017Bilderesultat for father john misty 2017Bilderesultat for kendrick lamar 2017Bilderesultat for lcd soundsystem 2017

Då var vi atter komne til dei dagar då folk med spesielle interesser finn det opportunt å lage årslister. Slike lister som oppsumerar og skal felle ein dom over kva nett denne viktigperen synst om til dømes musikken som kom ut i året som gjekk. Eit døme som nett her sjølvsagt ikkje er dratt ut av lause lufta. For dette er Popkroken veit du. Og her handlar det hovudsakeleg musikk, også om musikk som såg dagens lys nett dette året. Året 2017 etter ein viss fødsel.

Eg skal ikkje skryte på meg at lista kunne ha vore uendeleg mykje lenger. For uendeleg med årsfersk musikk har eg ikkje høyrt dette året. Og uendeleg med god musikk har det vel heller ikkje komme? Eg skal heller ikkje skryte av at den fangar opp ei tidsånd på noko slags vis. Eller at den fortel vesentlege ting om kva som har skjedd på populærmusikkfronten dette året. Dette er resultatet av eit høgst subjektivt einmannsprosjekt med sånn cirka middels kontakt med røyndomen. Vel nok om det, slik ser lista ut i år (i fiks omvendt rekkefølge):

Bilderesultat for posse horse blanket
30. Posse – Horse Blanket 
Ein Seattletrio som etter seiande gjer seg akkurat i det eg har oppdaga dei. Saktegåande og halvsungne låtar i eit suggererande draumelandskap. Gitaren skimrar, og av og til skingrar. Aller best er bandet på dei fleste måtar i det tolv minuttar lange tittelkuttet.


29.The Weather Station – The Weather Station
Canadiske Tamara Lindeman har denne gongen tilført folksongane sine meir energi og lagt dei i eit større sonisk bilde. Noko det viser seg at dei ikkje har vondt av. Tekstleg har dei eit feministisk tilsnitt, og blir framført med ein snerr som har vakna til liv i kryssingspunktet mellom Joni Mitchell og Chrissie Hynde.

Bilderesultat for war on drugs understanding
28. The War On Drugs – A Deeper Understanding
Sonisk fylgjer A Deeper Understanding i spora til Lost In The Dream. Med den forskjellen at alt er større her, alt er det meir av, alt er likare, og alt er endå meir perfeksjonert. Albumet treff meg ikkje like sterkt som Lost In the Dream. Men rundt det elleve minuttar lange hypnotiske senteret Thinking of a Place finst det då ei bra handfull godlåtar.

Bilderesultat for colter wall album
27.Colter Wall- Colter Wall
Røysta. Den er malmfull, baryton djup og rusten, og rik på karakter. Colter Wall skuslar den ikkje bort på pjuskete saker. Han syng songar i eit folk og countrylandskap, i ein tradisjon han ikkje legg skjul på, der i alle fall Townes Van Zandt har vore før han.

Bilderesultat for slowdive album
26.Slowdive – Slowdive
22 år etter sitt tredje album er dei gamle shoegaze-legendene tilbake i manesjen att. Og det med eit album som absolutt ikkje rotar seg bort i dorske taktar. For det er liv i det drøymande vesenet, ein uro i det dvelande draget, og her er ein popmelodisk snert som ikkje er til å kimse av.

Bilderesultat for new pornographers whiteout
25.The New Pornographers – Whiteout Conditions
Tempo, tempo, tempo, det er New Pornographers det. Og aldri har vel bandet køyrt tempo så non-stop som på denne deira sjuande langspelplate. Fengande popmusikk med ei bra ryggsøyle – Eller som sjefslåtskrivaren Colin Newman sjølv kallar det: Bubblegum krautrock.

Bilderesultat for morby city music
24. Kevin Morby – City Music
New York City. Lou Reed. Television. Ramones. Jim Carroll. Det er der Kevin Morby er på denne plata. På sin måte. Og måten: Det sitt ein melankolikar djupt fast i songane til Kevin Morby. Ein sympatisk og melodiskpoetisk ein.

91wusdgpqgl-_sl1500_
23.Nicole Atkins – Goodnight Rhonda Lee
Det er noko med røysta til Nicole Atkins. Ikkje det at den er sensasjonelt annleis. Men den har ein tæl og ein heilt naturleg malmfull rikdom. Den er skapt for å synge soul. Soul med grums i kantane. Soul som kokar og soul som smyg, og soul med litt country i seg.

Bilderesultat for robyn hitchcock album
22. Robyn Hitchcock – Robyn Hitchcock
Eit par elektriske gitarar, bass og tromme, ein distinkt vokalist og frodig harmonisong, det er den overordna resepten her. Resultatet sprenger ingen rammer, men er drivande festleg. Eller kanskje ikkje, kanskje ikkje festleg er rette ordet. «An ecstatic work of negativity» kallar Hitchcock det sjølv. Hmm … er ikkje det litt festleg då?

Bilderesultat for xx i see you
21. The xx – I See You
Eg likte veldig godt den minimalistiske debuten til The xx, og nesten like godt oppfølgjaren. Eg likar I See You også. Sjølv om eg nå opplever trioen som litt mindre The xx  der inne på sitt eige vesle spesielle kammer, og litt meir som eit popband i eit rom med fleire liknande aktørar. Gode låtar er til hjelp i så måte, noko I See You er ganske så rundhanda med.

Bilderesultat for torgeir waldemar borders
20. Torgeir Waldemar – No Offending Borders
Det er definitivt meir lyd å fordøye på Torgeir Waldemar sitt andre album, kontra debutalbumet hans. Lyd á la Crazy Horse, og tidvis groove som kan kallast offensivt, men absolutt i spedd nokre meir dempa viser også. Tematisk vandrar songaren i både globale utfordringar og tett på private grubleri. Han gjer det ganske så fredlaust og inderleg.

Bilderesultat for sun kil moon common as light and love are red valleys of blood
19. Sun Kil Moon – Common As Light and Love are Red Valleys of Blood
Det der å fatta seg i kortheit ligg ikkje for Mark Kozelek. Dette albumet er i så måte kanskje hans drøyaste. Det er dobbelt, har ei samla speletid på over to timar, der Kozelek syng og pratesyng i vanleg lune, gjennom låtar som varer og varer. Malt i eit synthbilde vel så mykje som akustiskgitarbilde, for ikkje å seie bass/tromme-bilde, med Kozelek og Steve Shelley som sentrale aktørar. Og ja, det funkar.

Bilderesultat for simon joyner step into the earthquake
18. Simon Joyner – Step Into the Earthquake
Tretten songar om draumar og realitetar og eit Amerika som har det litt vondt. Det er melodisk, det er på kanten av melodisk. Det er musikk som opererer innafor kjente normer (Dylan, Reed, Stones, Young, Cohen, …). Samstundes som den held seg ute i ein mindre provins av hevdvunnen rock og visesong. Det er eit klart skrangleelement her, ein viss råskap, ein flørt med kanten av det soniske stupet. Akkurat slik vi som med åra har lært oss å sette vår lit til Simon Joyner likar at han gjer det.

Alt Som Har Hendt (VINYL)
17. Erlend Ropstad – Alt som har hendt
Alt som har hendt, det er ein fin tittel det. For det er jo det dei handlar om, songane til Erlend Ropstad. Ikkje fordi han fortel om alt som har hendt, det gjer han jo ikkje. Men han fortel nok. Og det er nok det. Til å forstå at alt det som har hendt, alt som er gjort, og ikkje gjort, har vore vegen fram til akkurat dette augeblikket. Til desse songane. Som er like sterke som songar han har laga før. Sterke og store og blå og sympatiske og poetiske og melodiske, og gode å tilbringe tid i hop med.

Bilderesultat for laura marling semper femina
16. Laura Marling – Semper Femina
Dei to orda Semper Femina har Laura Marling hatt tatovert på eine hofta si i fleire år. Uttrykket er henta frå det romerske nasjonaleposet Æneiden. I norsk omsetjing tyder utrykket noko slikt som «alltid kvinne». Eg høyrer Laura Marling søke inn i det kvinnelege, det mellomkvinnelege i songane på denne plata. Songar om vennskap, kjærleik og med ein viss seksuelt farga undertone. I eit nøysamt og tiltrekkande sonisk bilde.

Bilderesultat for the sadies northern passages
15. The Sadies – Northern Passages
Sjølv om The Sadies har gått gjennom ei klar utvikling sidan debuten for om lag tjue år sidan, er det noko konstant over det dei har gjort desse åra. Noko kjært gjenkjenneleg. Drivande rundt i ein god miks av countryrock, folkrock, psychpop og garasjerock klarer dei gong etter gong å halde fast i energien og den medrivande tonen. Slik blir Northern Passages nok eit sympatisk album i rekka; heilt utan flosklar og kjipe kompromiss.

Bilderesultat for priests nothing feels natural
14.Priests – Nothing Feels Natural
Washington DC-kvartetten Priests er på inga måte av det geistlege slaget. «To people in sanctuaries all I can say is you will not be saved» blir det meldt til kvasse tonar. Punk, for så vidt. Samstundes er det slik at Nothing Feels Natural er ei plate der nyansar og det underfundige blir dyrka i større grad enn det det gjennomsnittlege punkbandet der ute driv det til. I ein slik grad at Priests kanskje ikkje skal kategoriserast som punk… vel, det viktige her er uansett energien, og låtkvaliteten, og fridomen dei gjer seg sjølv.

Bilderesultat for protomartyr relatives in descent cover
13.Protomartyr – Relatives In Descent
Dei har kantar tonane til Protomartyr. Taggete og ugode høgg dei seg fram til meg. Musikkhistorisk kan dei kanskje plasserast i området rundt ein ung Nick Cave og nokre av dei samtidige av han der godt tilbake på åttitalet, som The Fall, som ei god handfull andre engelske postpunkband. Pluss litt garasjerock à la Detroit då. Nokre nyttige meter unna konvensjonell etterplapring. Ganske så nær sentrum av slikt eg vil kalle dugande eigenart. På dette, sitt fjerde album, er dei nokre hakk meir tilgjengelege enn tidlegare. Utan at eg vil kalle dei lett tilgjengelege, absolutt ikkje.

Bilderesultat for hurray for the riff raff navigator
12. Hurray For the Riff Raff – The Navigator
Sytten år gammal reiste Alynda Segarra heime ifrå. Frå storbyen, frå staden ho vaks opp, Bronx. Etter eit par år med togsniking og haiking på kryss og tvers av Amerika enda ho opp i New Orleans, der ho skulle bli buande nokre år. Nå har rastløysa ført henne heimatt. Både i fysisk og musikalsk forstand. For hennar sjette album, The Navigator, er ikkje berre tufta på tradisjonsmusikken ho før har omfamna, denne gongen kan ein også høyre storbyen der, Bruce Springsteen og Patti Smith, og ikkje minst den latinamerikanske musikken, det puertorikanske. Med kampsongen Pa’lante, ein psykologisk tilstandsrapport, eit poetisk meisterstykke, som sentralt høgdepunkt.

Bilderesultat for fleet foxes crack up
11.Fleet Foxes – Crack-Up
Dei første par gongene eg høyrde gjennom albumet gjorde eg meg tankar om at dette er ein dekonstruksjon av Fleet Foxes slik vi kjenner dei. Etter kvart endra desse tankane seg. Dreidde seg litt rundt sin eigen akse og blei til tankar om at Crack-Up er konstruksjonen av eit Fleet Foxes som gjenoppfinne seg sjølv. Dei harmonivakre vokallinjene vi kjenner så godt flyt rundt i ein kontekst av nyttig motstand. Av ting som skurrar, disharmoni og brot på den lineære forma. I eit luftig og frodig bilde. Kanskje kan det kallast noko slikt som varm folk-prog?

Bilderesultat for ron gallo heavy meta
10.Ron Gallo – Heavy Meta
Dette er total rock’n roll. Ingen tvil. Eg høyrer det frå første nummer. «Young lady, you’re scaring me» ytrar, snerrar, klunkar songaren. I henda har han ein gitar. Han nyttar den ikkje til å gå vidare respektabel til verks. Noko det for så vidt heller ikkje skulle vere grunn til å gjere. Han skildrar ein ustabil situasjon.
Det skal så vise seg medan albumet brenn av garde at det finst meir av om lag same kaliber der. Meir bitande songformidling, meir umoralsk gitarlyd, meir rock’n roll. Frå ein kar som nyleg har flytta frå Philadelphia til Nashville for å komme tettare på garasjerock-scena i countryhovudstaden.

Bilderesultat for margo price all american made
9. Margo Price – All American Made
Med All American Made byr Margo Price på eit endå betre album enn fjorårets debutalbum. Som på debuten kan ein dra linjer til Loretta Lynn og Dolly Parton, men ho touchar denne gongen soulmusikken også, og kjem opp med eit meir variert album.
Der debutalbumet hadde eit visst preg av det sjølvbiografiske rettar Margo Price denne gongen blikket utover Amerika. Og det ho ser er ho glad i, men det er også noko der, ein god del der, ho ikkje synst noko om. Ho vik ikkje unna, ho trør ut i det, og ho trør ikkje utprega varsamt. Men ho trør og lagar spor på eit vis som gjer ho til ein av dei aller beste countryartistane vi har om dagen.

Bilderesultat for peter perrett how the west was won
8. Peter Perrett – How the West Was Won
«Rock’n roll is back in me» syng Peter Perrett. Og eg ser ingen grunn til å tvile på det, for eg kan høyre det. Men litt utruleg er det nå likevel. Mannen er blitt 65 år, byta for mange år sidan musikk-karrieren sin bort mot ein dop-karriere, og så plutseleg er han her, uforskamma levande.
For How The West Was Won er ein overraskande god idé. Albumet tar på eit vis av der The Only Ones slapp (å skape power-lada pop i eit kryssingspunkt mellom Velvet Underground og Bob Dylan). Ok, så har Perrett med seg andre folk, og vel, så har ein sviktande lungekapasitet tvinga han til å synge litt meir avmålt, men han er på ingen måte ein ufokusert tilårskomen junkie. Neidå, her er det fokus, her er det gnist, han syng og snakkesyng med autoriteten til ein sindig faen, og serverer ei handfull låtar som fortener ein plass i The Only Ones-kanonen.

Bilderesultat for ema exile in the outer ring
7. EMA – Exile In the Outer Ring
«I wanna destroy, I wanna destroy, I wanna destroy, …» syng Erika M. Anderson. «I know the rage that’s in me, but I’m just what yoy made me» syng Erika M. Anderson. Ja det ulmar eit sinne utav mange av songane på Exile In the Outer Ring. Ikkje songaren sitt sinne. Ho er midlertidig rolleinnhavar eller formidlar. Folka som kjem til syne i songane hennar er av dei som i november 2016 var med å stemme Donald Trump inn i presidentstolen. Dei blir verken hudfletta eller tatt fint på. Ho stiller dei i eit rått lys men med ein straum av empati sivande rundt dei. Ho gjer det med songar som både omfamnar det melodiske og det støyande. Som byr på både luft og bra med skurr. Som er motsatsen av likegyldige.

Bilderesultat for lcd soundsystem american dream
6. LCD Soundsystem – American Dream
American Dream er eit comeback. American Dream er ikkje eit knuslete comeback. Men American Dream er ikkje eit gaul frå feterte stjerner som burde visst betre. American Dream er verken for mykje eller for lite. American Dream kretsar inn mot LCD Soundsystem sitt indre groovy, ekspanderande og postpunk-melodiske vesen og leverer med skinande relevans. American Dream er LCD Soundsystem sitt fjerde album og det tøtsjar storleiken til dei tre føregåande.
For jaggu har American Dream sitt å by på også. Her finn eg jo Tonite. Ein song der Murphy syng i Byrne-leia og det soniske tar ei medrivande funky ferd tufta på yppig monotoni og ein karakteristisk suggererande ekspansjon. Her er Call The Police, som bygger og løftar seg inn i det LCD-hypnotiske medan songaren teiknar eit heller dystert bilde av samtida. Og her er meir, og meir, ja meir enn nok til at det kan rettferdiggjerast at James Murphy har vekka lydsystemet sitt til liv att.

Bilderesultat for kendrick lamar damn
5. Kendrick Lamar – DAMN.
Om det er eit tema, ein gjennomgangsmelodi, på Kendrick Lamar sitt femte album så kan det vere Gud vs. mennesket, eller kanskje heller mennesket vs. Gud (sidan dette nå ein gong går føre seg på mennesket sin heimebane). Opplegget, eller skal eg kanskje seie kampen, går over fjorten rundar, og sluttar med eit pistolskot, ganske så uavklart. Undervegs har det dreidd seg om både åtak og omfamningar, og mennesket har vel strengt tatt påført seg sjølv fleire kilevinkar enn det Gud er blitt tildelt. I sonisk format vandrar opplegget frå det kvasse og aggressive og over mot meir dovne leier. Jazz-elementa som var veldig dominerande på suksessplata To Pimp A Butterfly er så godt som fråverande. Her er beats og loops og klipp og r&b og funky basslinjer i ein kanskje meir klassisk hiphop-tradisjon. Strammare og meir minimalistisk kan ein vel også seie. Og sjølvsagt umåteleg bra.

Bilderesultat for father john misty pure comedy
4. Father John Misty – Pure Comedy
Pure Comedy er krevjande saker. 75 minuttar om korleis menneskeslekta har tedd seg, og ter seg. Med særleg vekt på det som skjer no, i dei seinare åra av Josh Tillman si levetid. Det angar (for ikkje å seie stinkar) alvorlege ambisjonar over noko slikt. For korleis feste noko det helst blir skrive omfangsrike sosiologiske og filosofiske avhandlingar og bøker om fast i eit musikalsk uttrykk, og så komme frå det utan å stå att som eit fjols? Eg ser ikkje bort ifrå at det er nett det fleire vil hevde at skjer på Pure Comedy. At Misty står att som eit fjols. Vel, eg er i så fall ikkje blant desse som synst det. For i dette pratsame, tidvis sarkastiske og ikkje spesielt optimistiske verket høyrer eg eit fullblods menneske skape songar som veks seg sterke, og gjer inntrykk. Som tittelkuttet. Kanskje spesielt tittelkuttet. Ein buktande popsong i skjeringspunktet mellom Frank Sinatra og Elton John og vestkystrock, men som kanskje ikkje er i det skjeringspunktet i det heile tatt fordi den har ein Misty-faktor som er umiskjenneleg Misty. Eleganse, nonsjalanse, uro, misantropi.
Misty stiller seg kanskje, albumet tvers igjennom, lageleg til for hogg, men han glir då unna det meste, med eit underfundig smillaust smil om munnen.

Bilderesultat for mount eerie a crow looked at me
3. Mount Eerie – A Crow Looked At Me
Han kunne ha kalla plata for Death is Real. Han gjorde det ikkje. Phil Elverum vil fortelje om meir enn døden. Han vil fortelje om kjærleiken også. Og livet, både før og etter at døden blei ein betydeleg del av det.
Mount Eerie er eit einmannsprosjekt Phil Elverum har hatt ein del år nå. Så har det vore med Mount Eerie som med einmannsprosjekt flest, gode hjelparar har blitt invitert med. Ei som stundom har vore innom og hjelpt til var Geneviève Castrée. Ho lever ikkje lenger.
Geneviève Castrée døydde 9. juli 2016. Etter å ha kjempa eit drygt år med ein alvorleg kreftsjukdom herjande i kroppen. Hennar næraste den tida var ei lita jente og mann hennar, Phil Elverum.

Death is real.
Someone’s there and then they’re not
and it’s not for singing about.
It’s not for making into art.
When real death enters the house
all poetry is dumb. 

Opningssongen. Real Death heiter den. Den varer i knapt to og eit halvt minutt, men er på ingen måte fort over. Den sette spor etter seg. På sitt spartanske og lågmælte vis. Med sine reserverte gitar-render, sorgsame tangenttonar, sitt subtile og langsame beat, og denne songaren som ikkje tar i, som syng, som snakkesyng, og som er der, i songen.
Etterpå kjem det fleire songar. Moduset frå opningssongen lever vidare i desse. Tematisk, sonisk. Låt etter låt går over i kvarandre. Liknar kvarandre. Søker inn i det same. Er i det same. Dette lågmælte uttrykket. Dette tomrommet. I eit nettmagasin (eg huskar ikkje kva for eit) såg eg innhaldet på albumet bli klassifisert som «så vidt musikk». Eg tenker at den som har skrive det på eit vis er inne på noko, samstundes som eg tenker, og kjenner på meg, at albumet er ei av dei sterkaste musikkopplevingane eg har hatt dei siste åra.


2. The National – Sleep Well Beast
I sonisk skapnad er Sleep Well Beast eit steg ut til venstre i forhold til løypa The National har fylgt sidan gjennombrotsalbumet Boxer. Ei fruktbar hending på vegen mot denne plata var skisser og tonar Dessner-brørne tok med seg frå eit musikkevenement dei deltok på i Berlin i fjor. Der dei spesielt lot seg inspirere av electronica-duoen Mouse On Mars. Det er ikkje det at The National ikkje har krydra stoffet sitt med elektroniske lydar før, men det har ei lausare, friare og meir eksperimentell form denne gongen. Og det er meir av det. Og det er absolutt ikkje øydeleggande.
Samstundes er dette, denne plata, desse songane, gjenkjennelege National-songar. Kanskje den sterkaste samlinga av slike sidan Boxer.
The System Only Dreams in Total Darkness var den første songen The National gjorde kjent frå albumet. Med sitt rastlause driv, sine korte gitarriff som konsist skjer inn i melodiløpet, og si både skarpe og luftige form hadde den, og har den, National-klassikar gravert inn i seg. Med ei absolutt økonomisert mengd av ord teiknar songaren Matt Berninger eit dirrande bilde av ei stor uro. Ei uro som kan komme frå fleire hald. Som ikkje blir tydeleg plassert. Ei dugande oppskrift på å halde lyttaren i ande det. Noko eg for så vidt kunne ha sagt om fleire låtar her, for ikkje å seie fleirtalet av låtane her. Så det.

Bilderesultat for pumarosa the witch
1. Pumarosa – The Witch
«You dance, you dance, you dance, you dance» lyde omkvedet. Formidla av Isabel Munoz-Newsome. Eller kanskje heller formana, eller ettertrykkeleg konstatert. Medan groovet det går, og går. Luftig, lettbeint og suggererande. Priestess heiter låta. «Electricity flows through your spine and it shows» syng dama, offensivt med ei underliggande beundring. Ho syng det til ei kvinne, ei som dansar med fridom i rørslene, ei søster. Og låta driv lenger og lenger inn i det hypnotiske. Inn i eit krautlandskap, inn til ein saksofon av smått krakilsk karakter. Den kunne gjerne strekt seg over fleire minuttar, forbi dei sju og eit halvt den brukar.
The Witch er Londonkvartetten Pumarosa sitt debutalbum. Det er ikkje eit album som kjem stille og forsagt inn gjennom døra. Her er absolutt visse pretensjonar å spore, og eit mot og ein vilje til å tre fram i lyset. Det går til dømes an å hevde at songaren Isabel Munoz-Newsome tyr til visse teatralske grep. Men eg opplever ikkje hennar framferd som oppstylta, eg opplever henne som eit sentralt kraftfelt i låtane. Enten ho minner meg om Patti Smith, Siouxsie Soux, eller helst beveger seg forbi der ho minner meg om anna enn seg sjølv. Rundt henne er det godt med rom og luft, og medspelarar som har instinktet i orden når det gjeld inspirert suggererande låtbygging. Industrial spiritual er bandet ubeskjedne nok til å kalle lyden dei skaper. Ein karakteristikk dei absolutt skal få komme unna med. Dei lyt nesten også få komme unna med at albumet har ei speletid på 55 minuttar. For dei lar ikkje eitt einaste eitt av desse minutta gå til spille.

Erlend Ropstad – Alt som har hendt

Standard

Både nennsamt og frenetisk, og ikkje minst poetisk.

Alt Som Har Hendt (VINYL)  Alt som har hendt, det er ein fin tittel det. For det er jo det det handlar om. I songane, til Erlend Ropstad. Ikkje fordi han fortel om alt som har hendt, det gjer han jo ikkje. Men han fortel nok. Og det er nok det. Til å forstå at alt det som har hendt, alt som er gjort, og ikkje gjort, har vore vegen fram til akkurat dette augeblikket. Til denne songen, desse songane. Alt, eller i alle fall mykje, kunne vore annleis, men det er det ikkje.

Jeg tenkte på alt som har hendt
Alt jeg hadde glemt
Hadde vært så fint om du var våken
Hadde vært så fint om du bodde der

Han er på utsida, hovudpersonen. Han skodar mot innsida. Men kor er vegen dit, og kor er den hen, innsida, varmen og freden. Noko var betre før, enn det det er nå. «Sånn som det ser ut nå, så er en av oss på feil sted» slår han tungsindig fast, «sånn som det ser ut nå, er en av oss heilt aleine» legg han til, og det finst eit sukk i dei orda. «Baby er du våken» heiter songen. Og det er grunn til å tru at ho ikkje er det, våken. Og det er grunn til å tru at ho er utafor høyrevidde.

Slike trefningar, tenkte møter, draumar om rendezvous, scener, monologar, er det ni av på plata. Ni songar som alle rommar ei historie. Og ikkje minst ei forhistorie, ein lengt, eit drama. Noko vondt, noko vakkert. Ei fortviling, eit fortvila håp. Dei er til å kjenne seg att i, songane, og dei er til å kjenne seg ufatteleg vel i selskap med.

For eg likar desse songane til Erlend Ropstad. Endå ein gong likar eg desse songane hans. Denne gongen gjeld det hans fjerde samling av songar etter at han tok til å syngje på morsmålet. Og den står ikkje tilbake for dei tre som har komme før. Hans lag med ord og tonar, hans diksjon, hans nærleik til det han har føre seg, det er der.

Ja eg likar desse songane til sørlendingen Erlend Ropstad, og aller mest likar eg «Det store blå». Ein song eg ikkje nøler med å kalle eit mektig bra stykke rockemusikk. Med lange vers, mykje tekst, men ikkje eit ord for mykje. Ein song med eit, på det soniske plan, ekspanderande vesen. Der den veks og veks, og grip og grip, og gjer det om igjen, og om igjen. Frå den startar ut med den grumsete gitarlyden som går tvers gjennom den. Ein slik gitarlyd som kan minne om Neil Young i Crazy Horse-lune, og ein del anna, men som først og fremst kler låta godt. Og så rytmen og så groovet då, og så lufta imellom, og havet, havet i det fjerne, bruset. Det er ein song som er midt i essensen av albumtittelen. Den er sprengfull av minner, ting som har hendt. Gode minner, vonde minner. Tilbake til ein kveldstur i skjergarden. Om eit kyss som smakte salt lenge etterpå. Om kjærleiken, om sviket. Skildra i fortetta poetiske ordelag, slike som merkast.

Det finnes 1000 ord for knuste hjerter
Jeg skal skrive de alle om igjen
Ikke fordi at ingen har gjort det før
Jeg skal bare minne folk om kjærligheten

Og songen krusar ikkje på overflata, den går verkeleg i det. Dansar tett med lengselen, legg ei ustødig hand rundt melankolien, og pumpar opp ei lyst på livet. Livet slik det er nå, ikkje det evige. Livet slik det har blitt. Så derfor finn songaren det opportunt å velsigne det som har skjedd – «velsigna være den natta, velsigna være alkohol, … , velsigna være ditt hor». Før han heilt til slutt, før gitaren leier songen forbi seks minuttars merket, stiller det essensielle spørsmålet «hvis vi hadde blitt der, hvor hadde vi vært nå?».

Erlend Ropstad har produsert albumet sjølv. Han har med seg nokre få musikarar, men lagar store deler av lyden her sjølv. Nokre gonger, som i dei to låtane eg har nemnt, handlar det om rå og elektrisk gitar og klassisk rockgroove. Andre gonger er det meir spartansk og nedpå. «Ta med meg» kjem med ein enkel maskinell rytme og akustisk gitar, og er ei sår og vakker vise frå ein far som ser sitt barn vekse til. Ein far som veit han må sleppe taket, men synst det gjer vondt. «Svalene» sig på si side varleg fram, akkompagnert av piano og littegrann fele. Og kan på ordfronten mellom anna skilte med den underfundige setninga «når du kommer frem, kommer jeg hjem». Sintast og mest frenetisk er låta «Vi henter de om natta». Ein song om norsk flyktningpolitikk – «vi henter de om natta, før de rekker å slå seg ned, vi henter de om natta, og kaller det rettferdighet».

Ein gong song Ropstad ein song om å ynskje seg litt av attityden til ein svensk visesongar. Eg har frå første gong eg høyrte han tenkt at det har han då. I alle fall noko svensk noko, i alle fall litt av det eg høyrer hos Thåström, hos Winnerbäck, og kanskje også Håkan Hellström. I songen «Alle lysene på Ullevi» nemner han sistnemntes song «Ramlar» og syng ein fin song om å reise seg. Til slutt syng han ein annan ein med spor av svensk attityde, ein stillferdig «Sang til de rotløse». Ein song om ein musikars rotlause liv. Ein song om å starte eit band og kalle seg De Rotløse. Eller kanskje heller, slik det lyde i siste linje «vi kunne starta et hjem, og kalle oss de rotløse». På tuftene av alt som har hendt kunne eg då kanskje legge til. Det blir ikkje sagt, men det dirrar i lufta, i stilna etter endå eit sterkt Ropstad-album.

8/10

TIDAL: ERLEND ROPSTAD – ALT SOM HAR HENDT

Musikalsk årsoppgjer 2015

Standard

Berre ei liste

Dei førti (for ikkje å seie femti) beste albuma eg har høyrt i år (av slike som kom ut i år). I ei ikkje heilt tilfeldig rekkefølge, men bra er dei alle.

  1. Father John Misty – I Love You, Honeybear
    Uvanlige kjærleikssongar i eit faderlig sterkt folkpopmelodisk famntak. Der kontrastane lever i beste velgåande. Behaget eksisterer side om side med ubehaget. Uroa luskar i fotspora til roa. Smektande strykarar er ikkje garantistar for at fred og fordragelegheit er neste stasjon. Men det vakre er skånsellaust vakkert, og eg kapitulerte.
  2. Kendrick Lamar – To Pimp A Butterfly
    Det er sting i formidlinga, dobbel- og trippeltyding i det uttalte. Det er ein rå poesi i linje etter linje, og ein sonisk nyanserikdom som kontinuerlig held seg på sporet. Det er slikt som er med på å gjere utslaget, i årets mest funky reise.
  3. Ezra Furman – Perpetual Motion People
    Song etter song storma den over meg. Energisk i si framferd, melodisk i sitt vesen. Full på fridom og sing-a-long. Ein skikkelig ukomplisert og uimotståelig rakkar viste den seg å vere. Viser den seg framleis å vere. Eg byrjar å få ein mistanke om at den kan ha evig liv.
  4. Sufjan Stevens – Carrie & Lowell
    Elleve vakre songar. Folkpopmelodiar som kjem grasiøst smygande, og som blir verande. Elleve sakrale og stille skrik. Hjerteskjerande linjer om sakn, lengsel og uforståelige kjensler. Om ei mor som ikkje var der, og som no er død.
  5. Girl Band – Holding Hands With Jamie
    Bråk, til tider eit helsikkes bråk. Men ikkje eit meiningslaust eit. Ein herlig miks av dei motoriske faktene frå krautrocken, den klassiske lågt/høgt-dynamikken, og ei hardcore-innstilling. Noko i den duren i alle fall.
  6. Courtney Barnett – Sometimes I Sit and Think, And Sometimes I Just Sit
    Finurlige tekstar som kan kalle fram eit skeivt smil, eller få ein til å grunne litt. I eit laust, ledug og energisk rock’n roll uttrykk der det meste er upolert, og ganske så uimotståelig.
  7. Tame Impala – Currents
    Popsongar i ein straum av åttitalets synthlyd miksa med funk og disco, men utan at kjærleiken til  sekstitalets psykedelia-tonar er blitt kasta over bord.
  8. Simon Joyner – Grass, Branch & Bone
    Ni folksongar der den akustiske gitaren leiar an. Ei halvskakk og vakker songpoetisk ferd inn til svunne draumar og gulna minner.   
  9. Ought – Sun Coming Down
    Ein postpunkenergi som riv og slit, som koplar på og koplar feil. Mørkesøkande og ikkje heilt ufarlig, men først og fremst livlig påkopla.
  10. TRAAMS – Modern Dancing
    Med groovet godt intakt byr denne sør-engelske trioen opp til ein postpunkdans av det friske slaget.
  11. Sleater-Kinney – No Cities To Love
    Bandcomeback må ikkje vere traurige greier, det kan gnistre også. Ja nesten «shake it like never before».
  12. Destroyer – Poison Season
    Dunkle kammertonar, brunstige blåsarar, og giftig og svartsynt poesi. 
  13. Laura Marling – Short Movie
    Med litt meir elektrisitet enn tidlegare zoomar Marling igjen inn på tilværets dilemma.
  14. Daniel Romano – If I’ve Only One Time Askin’
    Country på gamle måten anno 2015: Trist og friskt.
  15. Sun Kil Moon – Universal Themes
    Ein gretten gubbe og hans empatiske sider.
  16. Syntax TerrOrkester – Bydrifter
    Rock i original kledning, poesi på reinspikka karmøysk – aldeles storarta.
  17. Punch Brothers – The Phosphorescent Blues
    Mandolin. Banjo. Fele. Akustisk gitar. Kontrabass. Slikt blir det fort bluegrass av. Punch Brothers vil det annleis.
  18. Tønes – Vindbrest
    Gjenkjennelig surrealisme og underfundig realisme, slik berre Tønes gjer det.
  19. Erlend Ropstad – Det Beste Vi Får Til
    Like mykje som songar og viser og slikt vil eg kalle det poesi.
  20. Dig Deeper – How You Spend Your Days
    Eit norsk rockeband som lever opp til namnet sitt, og finn skatten.
  21. Protomartyr – The Agent Intellect
    Frå avdelinga «nyare postpunk det gnistrar litt av».
  22. Ryley Walker – Primrose Green
    Ein angloamerikansk folkrocktone dyppa i jazz og leduge arrangement
  23. Kurt Vile – B’lieve I’m Goin Down
    Vile og songane hans går sin slacke gode gang.
  24. Fjorden Baby! – Oh Yeah!
    Med koking og loking og det som meir groovy er har bergensbanden skapt gode tilstandar her inne i kroken.
  25. Wolf Alice – My Love Is Cool
    Ein kvartett frå London som albumdebuterer med pop i tonane og blod i sikte.
  26. Robert Forster – Songs To Play
    Ein ny dose sympatiske popsongar frå den levande Go-Betweens legenda.
  27. Vince Staples – Summertime ’06
    Ei dyster og motsetningsfull affære, i eit fortetta sonisk landskap
  28. New Order – Music Complete
    Hook er hekta av. Keyboardet er ganske så framtredande. Det same er også ein panoramisk og velgjerande poptone.
  29. Nadia Reid – Listen To Formation, Look For the Signs
    Ein albumdebutant frå New Zealand med ein folk/americana tone av det særdeles innbydande slaget på tapetet.
  30. Israel Nash – Silver Season
    Ein texanar ifrå Missouri har komme fram til sin psykedeliske sesong.
  31. Viet Cong- Viet Cong
    Eit tvilsamt bandnamn. Ei mørk og dyster ferd inn i dei meir dystopiske krokane av postpunken.
  32.  Susanne Sundfør – Ten Love Songs
    Samspelet mellom slikt som fenger og slikt som har motstand i seg. Spretten synthpop og dunkle strykarar. Susanne Sundfør får med sjølvsagt eleganse slikt til å funke i hop.
  33. Algiers – Algiers
    Soul og gospel og postpunk. Full energi, knyta nevar og revolusjon i blikket.
  34. Corrina Repp – The Pattern of Electricity
    Skjørt og nakent. Elektrisk og uroleg. Melodisk og dirrande. Verdt å vitje.
  35. The Switch – B For the Beast
    Der popen blir innhaldsrik, kaleidoskopisk og skikkelig påskrudd.
  36. Jamie xx – In Colour
    Jamie frå The xx sin soloalbumdebut er intrikat og minimalistisk, sakte synthflytande og basskraftig. Fargerik, og rytmisk som ein døsig ettermiddagspuls.
  37. Car Seat Headrest – Teens of Style
    Einmannsband. Skranglete låg-fidelity med pophooks og folktristesse.
  38.  Beach House – Depression Cherry
    Ny forsyning med draumande popsongar på sakte puls. (Eit av to album frå duoen dette året).
  39. Low – Ones and Sixes
    Trioen har denne gongen vikla meir elektroniske lydar inn i sine dulmande tonar, utan at det skadar.
  40. Dungen – Allas Sak
    Når gitaren og fløyta og groovet finn sin skapnad, og bilder av aude trefylte landskap veks fram, då er eg i Dungens psykedeliske og suggestive verd. Alltid ein god stad å vere.
  41. Panda Bear – Panda Bear Meets the Grim Reaper
  42. Waxahatchee – Ivy Tripp
  43. Deerhunter – Fading Frontier
  44. Young Thug – Barter 6
  45. Jim O’Rourke – Simple Songs
  46. Julia Holter – Have You In My Wilderness
  47. Daniel Kvammen – Fremad I Alle Retninga
  48. Twerps – Range Anxiety
  49. Autobahn – Dissemble
  50. Best Coast – California Nights

Og så har eg lest ein del bra bøker. Strengt tatt har eg vel brukt minst like mykje tid på det som på musikken. Både gamle og årsferske bøker. Av den siste sorten (årsferske i alle fall i norsk omsetting), fekk eg hug til å nemne nokre:

Roberto Bolaño – 2666
Den chilenske forfattaren Roberto Bolaño døydde i 2003, 50 år gammal. Han var då i siste fase for å ferdigstille sitt storverk 2666. Året etter vart boka utgjeven. Sannsynlegvis så godt som i den forma forfattaren sjølv såg den føre seg. I år ligg den så føre i norsk omsetting. Det er ei tjukk bok (940 sider). Den består av fem bøker. Fem forteljingar. På eitt vis separate forteljingar, på eitt vis nestar dei seg alle i hop i den siste forteljinga. Boka kvalifiserer tvillaust til karakteristikken «ein mangslungen og gåtefull roman». Den er ikkje fullt ut til å forstå. Den går fleire vegar. Hovudvegar, sidevegar, grusvegar, gjengrodde vegar, blindvegar. Den fylgjer desse vegane med ein desperasjon i seg. Og skildrar lidenskap og djevelskap, galskap og draumar. Den er ambisiøs så det held. Den er ein feber av ei bok, og eg må så definitivt lese den fleire gonger.

Elena Ferrante – Mi briljante venninne / Historia om det nye namnet
To bøker, halvparten av ein kvartett. Napoli-kvartetten.
Med eit direkte språk, fritt for dilldall, fortel Elena Ferrante ein medrivande historie om oppvekst, vennskap, kjærleik, fiendskap, vald og makt (og meir til). Sentralt i historia finn vi forteljarstemma til Lena og hennar venninne Lila, og det kontrastfulle vennskapet mellom desse to — både blømande og destruktivt, både støttande og rivaliserande. Lena kjempar seg, til trass for si låge sjølvkjensle, utav kvartalet og til ei universitetsutdanning. Lila, den tøffe og kreative, blir att der og kjempar ein slags sjølvdestruktiv kamp med mann, nabolag og mafiaen.
Bøkene er omsett til levande nynorsk og har ei skikkelig pageturnerkraft (i løpet av 2016 vil kvartetten bli fulltalig).

Patti Smith – M Train
For nokre år sidan fascinerte ho med historia om vennskapet mellom seg og Robert Mapplethorpe (Just Kids). Denne gongen møter vi i hovudsak den godt vaksne Patti Smith. På reise til Berlin, til Mexico, til Japan, eller vandrande rundt i New York (særlig då til stamkafeen sin på hjørnet). Innimellom vitjar ho, i tankane, tida ho hadde med ektemannen sin Fred Smith (fram til han brått døydde i 1994). Ho deltar på ein konferanse om polarforsking, vitjar Frida Kahlo museet, ser på engelsk krim på eit Londonhotell, men ikkje minst fortel ho om litteratur ho er glad i. Og det er i dei passasjane eg kanskje synk djupast inn i boka. Når ho fortel om sin kjærleik til bøker av Jean Genet, Sylvia Plath, Michail Bulgakov, W.G. Sebald, Haruki Murakami, Roberto Bolaño, og så vidare.
Side etter side driv så makelig og godt forbi, heilt naturleg, assosiativt og sympatisk.

Jonathan Franzen – Renhet
Ikkje Franzen si beste bok (Den tittelen kjempar framleis Korrigeringer og Frihet om), men på sitt vis ei absolutt fengslande nok bok. Skitnare enn tittelen tyder på. Fortalt frå perspektivet til fleire av bokas karakterar, men med den unge kvinna Pip som hovudaktør. Eit namn som bringe tankane i retning Dickens-klassikaren Store Forventninger. Og noko Dickens er det vel kanskje over måten fleire av karakterane blir skildra på. Boka går fram og tilbake i tid. Femner mellom anna ein historie frå det delte Berlin, og tar føre seg internettets overvakings- og publiseringsmogelegheiter. Franzen har sannsynlegvis ein politisk intensjon med desse perspektiva. Personleg synst eg at han er betre, ja drivande god, når han teiknar opp sine romanfigurar på godt og vondt, og skriv fram strålande dialogar.

Og ikkje heilt ny av året, men gjenutgitt som trilogi i år, Jon Fosse sine tre eineståande kortromanar Andvake/Olavs draumar/Kveldsvævd:
Utanfor tid og rom, i eit suggererande gjentakande språk fortel Fosse historia om to (Alida og Asle) som elskar kvarandre. Ei vakker kjærleikshistorie. Samstundes: ei uhyggelig historie, ei historie som også inneheld død, sakn og bitter fortviling. Den er ikkje festa fast i slikt som logisk sett nødvendigvis kan skje akkurat slik det her skjer, den har noko bibelsk og legendeprega over seg, men gjer likevel frå seg ei kjensle av å vere rå røyndom, ei dirrande kjensle av at dette handlar om ekte levande menneske. Slike som elskar og frys og kjempar og gjer handlingar som ikkje kan rettast opp att.
Det er vakkert, det er trist, og det set evigvarande spor.

Erlend Ropstad – Det Beste Vi Får Til

Standard

Det beste Erlend Ropstad får til er så uendelig mykje meir enn godt nok.                               8

  Like mykje som songar og viser og slikt vil eg kalle det poesi, ja stor poesi i grunn. Ikkje fordi orda, orda åleine på kvitt ark og mellom to permar, fullt ut ville ha kvalifisert til å bli kalla stor poesi. Det er ikkje det. Det er det samla uttrykket som blir til poesi. Det som oppstår i klangen mellom røysta til Erlend Ropstad, tonane rundt den og orda som kryp fram. Nærværet han der skaper, heilt blotta for affektar. Måten han med si tørrvarme og vakkert ufullkomne røyst heilt naturleg formidlar slikt som hender mellom menneske.

Frå Erlend Ropstad for nokre år sidan sette seg i glaskarmen og byrja på nytt, til han no bøyer seg djupfølt over pianotangentane og hentar fram det beste han får til, har han vore ein av dei norske artistane eg har hatt størst glede av å lytte til. Frå eit tidlegare liv med engelsk som songspråk slo han for drygt to år sidan over på morsmålet. Plasserte ein akustisk gitar i fanget og song om oppveksten i sørlandsbygda Vennesla, på målføret han snakkar til dagleg. Året etter rigga han opp eit meir elektrisk lydbilde inne i Värmland ein stad. Song om svenske visesongarar og slikt som skjedde Her Om Natta. Og så, idet endå eit år har gått fullfører han eit aldri så lite hat trick med Det Beste Vi Får Til.

Det er ei plate Erlend Ropstad har gjort ganske så mykje på eiga hand. Han har med seg ein trommis på ein del spor, elles spelar han og syng det aller meste sjølv. Ei sonisk kjelde han denne gongen nyttar flittigare enn på dei to førre platene er synthesizeren, men elles er det no gitaren og pianoet då. I eit lydbilde som oftare er opent og nennsamt enn det er lydfullt og røslig. Det kan kanskje kallast viser, eller kanskje ikkje, men nett det er ikkje så viktig.

Ein song her er kanskje det næraste Ropstad har vore ein popsong på desse tre albuma. Den heiter Bare Kom, har eit enkelt synth-tema gåande tvers igjennom seg, eit ekspanderande driv og eit rett så fengande refreng. «Det er det at du kanskje kommer tilbake» syng han midt i dette refrenget, og songens vesen får meg til å tenke at nett det kan komme til å skje, at kvinna som har dratt sin kos vil komme tilbake.

Då er eg meir usikker på om det ligg til rette for forsoning og nye sjansar i ein del av dei andre songane på plata. Ta no for eksempel det melodisk storflotte og sonisk noko ureine opningssporet Som Om Jeg Nesten Ikke Fins. Same kor mykje hovudpersonen der ropar på meire vin eller praktiserer kunsten å halde seg fast i ingenting stiller eg meg tvilande til at ting vil ordne seg. Same kor mykje han forandrar på allting har eg ei kjensle av at han ikkje kjem til å bli sett av ho han ynskjer å bli sett av.

Eller kva med nestentittelkuttet Det Beste Jeg Får Til. Eg synst det høyrest mørkt ut der også. Trommeslagaren serverer stakkato rytmikk, Ropstad lagar svirlande synthgrums og anna gnissel, og syng at «det er ikke det at jeg er ensom, men denne dagen var ikke god», kvinna som var her dagen før kjenner songens hovudperson no berre avtrykket av. Noko handlingslamma funderer han rundt temaet «det beste jeg får til», utan å legge att eit solid inntrykk av at det vil vise seg som godt nok.

For eit år sidan kalla han plata si Her Om Natta. Natta figurerer i ein og annan song denne gongen også. Før Satt Vi Oppe Helt til Morgenen er tittelen på ein av desse. Ein noko dunkel låt med mykje god synthsvir, og ord som vitnar om rastløyse, om ei tid som har gått, om måneskinn og soloppgang. Før Det Er For Sent heiter ein annan song med mykje natt i seg. Ein spartansk orkestrert ein. Eit einsamt piano trillar fram nattblå tonar, medan Ropstad vandrar inn i etterpåklokskapens sfærar og slår fast at «det er for sent når natta tar deg igjen», med ein viss desperasjon i tonefallet.

Lettare er tonen i En Sang Til, der han vender seg til ei kvinne og formidlar forhåpningar om ei bra framtid, i takt med eit riff lånt hos Sweet Jane. Og apropos lånte tonar, det er noko kjent med pianotonane i låta Stor Stein også, men i skrivande stund har ikkje ein noko tilårskomen musisk hukommelse (min) klart å sirkle inn kor dei kjem ifrå. Vakre er dei no uansett, og sterk er songen dei er ein del av, ikkje minst på grunn av det bistre synthtemaet som går tvers igjennom den. Det er heller ikkje fritt for at songens ateistisk orienterte innhald gjer eit visst inntrykk. Egpersonen, som kanskje er Ropstad sjølv, møter ein kamerat frå barndomen. Kameraten held framleis fast i trua frå bedehuset, vår mann tvilar sterkt. I ei ånd som har ein viss slektskap til ein vidgjeten opningssetning av Patti Smith uttaler han saker som dette:

Aldri be for meg er du snill,
Jeg har aldri bedt noen om å dø for min skyld,
Det beste jeg gjorde var å gå meg vill.

Det fins ikke noe sted som du skal slippe inn,
Etter det her fins ingenting.

Klart og tydelig uttalt. For så vidt ikkje ein typisk Erlend Ropstad sak. På den andre sida: det er heller ikkje typisk Ropstad å vere uhandgripelige eller å stadig ty til metaforar. Men i avslutningssporet Den Eneste finn han likevel grunn til å tydeliggjere eigen metaforbruk. Her har han for seg kor «forbanna vanskelig» det kan vere å seie dei små riktige orda, og at han nok derfor i staden kan ha tydd til jorda og snøen, havet og månen, eller kanskje ein metafor om å symje motstraums oppover ei elv når det eigentlig har vore noko langt meir intimt og personlig han har vilja formidle. «Jeg kunne ha vært tydeligere» erkjenner han, «men nå vet du det» legg han til. Og set eit godt punktum på det som vel må vere hans beste plate.

TIDAL: DET BESTE VI FÅR TIL

Erlend Ropstad – Her Om Natta

Standard

Norsk visesongar, svensk klang, personleg stemme, minneverdige viser.                                             7

  Svenske visesongarar har eit bra renommé her til lands. Underteikna er ein av mange som har flust av den slags i platehylla. Ja skulle eg ha laga ei liste over dei ti beste viseplatene frå Norden, ville fleirtalet av platene garantert ha vore av svensk opphav. Erlend Ropstad likar også svenske visesongarar. Han har endåtil laga ein song om det. Med ein porsjon beundring, ein porsjon skråblikk, ein porsjon humor, og ein porsjon sjølvironi, serverer han ei fornøyelig vise om tilhøvet. Vise Om Sverige. Ropstad og hans akustiske gitar, og smålåtne funderingar kring dei mangelfulle genane han har fått «frå de flekkerøyfiskarane» kontra mystikken og refleksjonsevna til trubadurane på andre sida av kjølen. Også kalla «svensk attityd». Kapitulasjon er det like fullt ikkje snakk om. Han tek det helst med eit smil, eit lunt smil om munnen, og gjer som førebilda, syng «refrenget litt på skrå», og slår skjemtande fast at det er «en ting som æ må gjør før æ dør, og det er å være en gammel svensk visesanger, det er det ingen nordmenn som har klart før, men æ har ikke prøvd meir enn et par ganger».

Med denne kostelige songen startar Ropstad si nye plate, og gjer eit slags varsel om det som skal komme etterpå, samstundes som songen er ganske så annleis enn det som fylgjer.

Sist Erlend Ropstad var her satt han i vindaugskarmen og formidla, ganske så varleg, minner frå ein oppvekst. Med lite anna selskap enn ein akustisk gitar. Slik er det ikkje denne gongen. Han er ikkje åleine, han sitt slett ikkje i nokon vindaugskarm, og det handlar på ingen måte om barndomsminner. Han er i eit studio i Sverige, i de Värmlandske skogar. Han har med seg folk som koplar instrumenta sine til straumnettet. Det kan vel knapt nok kallast viser dette her vil sikkert fleire seie, idet bassen brumlar på det mest brutale. Men det var det ikkje eg som sa. For kan ikkje viser få lov å ha litt bråk i seg då? Det var det eg som sa.

Slik eg oppfatta det fant Erlend Ropstad fram til noko som gjorde han spesiell på den førre plata si. Den med den lange tittelen og det essensielle spørsmålet – Hva om det ikke er sånn som du tror at det er?. Den første der han nytta morsmålet. Det gjorde nok sitt. Men først og fremst vart plata det den vart gjennom formuleringar med ein poetisk og naturlig klang, og ein tone som var varm og menneskelig. Element som på ingen måte har dunsta bort. Dei har blitt med han til Sverige, og bidreg til at Her Om Natta er ei like rik oppleving som den førre.

Den klassiske instrumenttroikaen elektrisk gitar, bassgitar og trommer er ryggrada til fleirtalet av songane på plata. Opningssporet har knapt nok stilna hen før denne treeinigheita går tungt til verks. Til eit knurrande riffbrygg av nærast southern-kaliber kjem den tvilrådige songen til Maria. Og det er vel der, blant instrument som knurrar, og ein songar som fører si rue røyst i litt meir kraftfulle former enn sist, at plata lever sitt liv. Eit godt liv. Med nokre brot, sterke brot, og nokre injeksjonar av andre saker. I ein sonisk eim frå karar som Ulf Lundell, Thåström og ikkje minst Lars Winnerbäck.

Tittelkuttet er det mykje Winnerbäck i. Ein song om stjernelysets magi kontra kjærleikens noko sviktande magi. Servert i eit enkelt og effektfullt driv. Du Skulle Ha Dansa fylgjer, for så vidt i same lei, men med eit meir ettertenksamt vesen, og idear om at det absolutt ikkje er for seint å få kjærleiken til å blomstre att. Med feletonar frå Erlend Viken som yppig ingrediens. Ved eit par andre høve trekke Ropstad inn ein synthesizer. Spesielt minneverdig i så måte er opningssekvensen på Vintervindene. Kranglete synthtonar kring ein manande puls, som så blir avløyst av nokre frodige pianoakkordar og ein songar som føler trong til å erkjenne at han «har ikkje kjent noe sånn siden 95». I dei seinare partia av songen dukkar Hanne Kolstø opp og gjer fruktbar vokalhjelp. I ein song med eit optimistisk åsyn, som forkynner trua på den store kjærleiken, og at den derfor er verd å verne om og legge «i lé for vintervindene». Men før Ropstad er komme dit har han vore gjennom ein og annan vanske. Ein og annan song som fortel at det ikkje berre er lett dette livet, og denne kjærleiken.

«Det der er ikke lett Elisabeth» er mantraet i ein av songane. Felespelar Erlend Viken har her sin andre opptreden, og gjer låta eit skarpt folkloristisk uttrykk, medan songaren halvsyng og heilsyng, hjertelig og tvilande, om vegen vidare med denne Elisabeth, eller kanskje utan henne, han ser det ikkje klart føre seg, og eigentlig vil han ikkje snakke meir om det, «for det her er ikke lett Elisabeth». Endå meir problematisk har hovudpersonen i songen som kort og ugreitt heiter Idiot det. Her sit Ropstad åleine med pianoet, og knirk frå golv og stol (og kven veit) er effektfulle element i framstillinga av songens nakne vesen. Temaet er anger, tung anger, og kor vanskelig den er å målbere. Heilt umogeleg i grunn. «Det er ingenting, ingenting, ingenting, ingenting, ingenting, ingenting, ingenting, æ kan si».

Erlend Ropstad seier det ikkje med komplekse og vanskelige ord. Ikkje med mystiske bilde eller svevande metaforar. Visene hans har eit enkelt språk. Men dei rommar mykje. Livet, slik songaren har blitt kjent med det, og slik mange kjenner det. Eg merkar at det har ein verdi å støtte skuldra til songar som desse.

Erlend Ropstad – Hva om det ikke er sånn som du tror at det er

Standard

Ein sørlending finn stemma si blant ein bunke lågmælte songar om rastlause tider.              7

cover For ei tid sida var det ei anna tid, ei ungdomstid. Den var god, den var vond, og den forsvann. Men nokre minner lever, framleis. Også hos Erlend Ropstad. Ganske så forsiktig har han sett seg ned ved vindaugskarmen i rommet ved sida av der hans vesle son tilbringe si sovande tid, og nennsamt og lågmælt fabulert, fundert og sunge fram saker som har dukka fram frå minnet. Saker som hendte, som kanskje hendte, som kunne ha hendt, eller som slett ikkje hendte. Utav dette har han skapt ei lita stund med ufattelig mykje fin melankoli i seg.

Erlend Ropstad byrja slik mange her til lands byrjar, med å skrive songane sine i ei engelsk språkdrakt. Tre plater har han rukke å gje ut med songar på det språket. Songar som i si form slektar på saker av smått melankolsk disponerte herremenn som Josh Rouse og Thomas Dybdahl, og ein del andre i nabolaget. For underteikna har han ikkje vore ein som har klart å markere seg i utstrakt grad. Han har vore ein eg har registrert, og så stort sett latt vere i fred. Det har vore annleis den siste månaden. Heilt annleis.

Hva om det ikke er sånn som du tror at det er, er spørsmålet, og albumet, som har utgjort ein forskjell. Ein avgjerande forskjell. Ropstad har tatt morsmålet i bruk, også som songar. Ja meir enn som så, han nyttar det til å komme opp med enkle og treffsikre formuleringar eg tenkjer er hans, og ingen annans. Formuleringar med eit poetisk sinnelag. I viser eg saktens kan tenke er i slekt med slike eg har høyrt frå ein Bjella, eller ein Lønhøiden, men som eg aldri tenker er andre enn Ropstad sine.

Han vaks opp i sørlandsbygda Vennesla. Skal vi tru hans eigne ord samla han opp mot og drog der i frå før han rakk å bli tjue år. Men uroa som førte han av garde fylgde med, og bygda han forlot kverva ikkje heilt ut av sinnet hans. Og no har altså augeblikket komme då det er tid for å krysse nokre spor, slik flyktningar har gjort før.

Eit av spora går rake vegen ned i botnen av ein Lang Bratt Bakke. Der to unge står, og står, som om dei ventar på noko. Det hamrar og stikk på innsida av brystet, men på utsida, i mellom dei to, herskar ein trykkande stillstand. Til slutt finn vår helt ut at denne situasjonen kan ikkje vare stort lenger, og gjer noko med det. Songaren minnast: «I stedet for å kysse ho sa æ, æ måtte komme meg hjem», og «Uten å si no sa ho, den sjansen her, får du aldri igjen». Og slik vart det, og slik fortel Ropstad det, og Marte Wulff korar, og Erlend Viken spelar nokre vemodige fiolintonar, og visa er ikkje anna enn ustyrtelig vakker.

Ropstad spelar gitar, stort sett akustisk, og litt anna. Stillferdig. Røysta si finn han heller aldri nokon grunn til å heve. Blant songar der tonen er ein fortrulig og heiderlig venn. Slik den er når han stiller seg tvilande til både elden, englar og gud, men ikkje kjærleiken i Når Du Blir Mi. Slik den også er når han på underfundig vis leikar seg med platas tittel i Gamle Saman. Eller slik den er når han i To Fnugg Snø målbære sin variant av Dylans If You See Her Say Hello: «Viss du ser ho så si i frå mæ, at alt det som skjedde var nødt til å skje».

Nemnte Marte Wulff bidrar med vokale tonar i fleire av visene. Hennar klare røyst har ein fin kontrasterande effekt opp mot Ropstad sin noko meir rustne stemmebruk. Som når vår mann syng om avstandsforelsking i Tenkte Æ Sku’si No. Og ikkje minst i eit av dei absolutte høgdepunkta på plata, Meninger Om Alt. Songen på plata med den kanskje sterkaste Bjella-klangen. I tillegg kjem den med ein sordinert og fin elgitar-solo, og ein elegant overgang frå vers til refreng. «– Folk – de har meninger om alt». Blant anna sin nestes kjærleiksliv.

Eller sin nestes trudomsliv. Ikkje minst i Vennesla, vil eg tru. Ei bygd i det norske bibelbeltet. Ropstad touchar innom sakene i Huske Dæ Igjen. Ein song som handlar om fortrengte minner, og om disse som trur at vi skal treffast igjen «i det de kaller himmelen». «Æ kan love dæ en ting min venn» syng Ropstad til det, i eit sjeldant uforsonlig augeblikk, «da skal du faen meg få igjen».

På ei plate som først og fremst er mild, varm og 100 % menneskelig.

Først publisert på Groove.no (i 2013)