Tag Archives: Neil Young & Crazy Horse

Musikalsk årsoppgjer 2012

Standard

Dette er ikkje eit forsøk på å komme med ein brei analyse av musikkåret 2012. Slikt for andre ta seg av. Dette er i grunn ikkje noko anna ein smal liten egotripp. Ei liste over tjuefem plater eg har sett pris på i år. I ei omskiftelig men ikkje heilt tilfeldig rekkefølgje.

Eit raskt blikk over lista fortel meg at amerikanske tonar er sterkt overrepresentert, og at heimlandet berre er representert med ei plate. Hadde eg gidda å laga lista lenger kunne Highasakite, Susanne Sundfør, Anne Marie Almedal, The Little Hands of Asphalt, Hellbillies, Hanne Kolstø, Susanna, Tom Roger Aadland, I Was A King, Æ, Lindstrøm, Ida Jenshus, Narum og Meg og Kammeraten Min også ha fått ein plass. Og då kunne jo også fleire frå utlandet fått plass, plater av folk og band som Grizzly Bear, Ty Segall, Elephant Micah, Black Moth Super Rainbow, Mark Lanegan Band, Laura Gibson, Simone Felice, Cloud Nothings, Chromatics, Godspeed You Black Emperor, Leonard Cohen, Polica, Allah-Las, Kindness, Iris DeMent, Bob Dylan, Beach House, Dr. John, Turnpike Troubadours, Fiona Apple, Mount Eerie, Six Organs of Admittance, Beachwood Sparks, Frank Ocean, Giant Giant Sand, Richard Hawley, Thåström, Goat, Dirty Three, Cat Power, Anais Mitchell og Calexico. For dei gav alle ut bra plater i 2012. Men eg trur eg får nøye meg med desse:

1. Father John Misty – Fear Fun
Josh Tillman har vore i musisk bevegelse ein del år no. I skuggen av det store scenelyset, eller på ein trommekrakk bakom songaren og gitaristen. Gjennom fleire plater har han, som J. Tillman, utforska det tungsindige krysningspunktet mellom Nick Drake og Townes Van Zandt. I tre år har han i tillegg vore trommeslagar i Fleet Foxes. Der er han ikkje lenger. Han har vandra vidare, tenkt nokre andre tankar, døypt seg om til Father John Misty, og laga ei plate kledd i ein tidleg 70-tals skrud, der folkrock, countryrock, softrock og psykedelia er dei dominerande ingrediensane. Der det mismotige blir konfrontert med sardoniske innfall, dopprat, hedonisme, ein bisarr humor, og ikkje så reint få absurditetar. Latterlig vitale saker i grunn.

2. Neil Young with Crazy Horse – Psychedelic Pill
Eg plasserer lyden av Neil Young og Crazy Horse høgare enn dei fleste lydar eg finn der ute. Dei står bak fleire av mine favorittplater. Med Psychedelic Pill har dei laga ei til. Ei lang ei, med lange magisk harvande låtar, om livet slik det har fortona seg. Og beviser at tilbakeskoding, gamle takter og null utvikling kan være den rette medisinen.

3. Simon Joyner – Ghosts
Midt i eit dissonantisk utland hevar songaren si krokete røyst og hevdar at «a good man is hard to find, a bad one’s even harder to get rid of». Det er stygt. Det er fredlaust. Det er ein dobbeldose svartmalande og støyplaga countryrock. Unnfanga av ein seig ørkenvind, født bak ein vridd blues, pint under Velvet Underground. Avlevert med reinspikka overtydnad.

4. Lambchop – Mr. M
Det finst ei tid for Lambchop. Det finst absolutt tider som ikkje høyrer Lambchop til. Men innimellom er tida der, og då finst det ingenting som er betre enn Lambchop. Ingenting. Mr. M føyer seg inn i rekka. Den byr på ein ny porsjon underfundig og saliggjerande Lambchop-melankoli, denne gongen dedikert ein avdød venn.

5. First Aid Kit – The Lion’s Roar
Kledd i psykedelisk farga kaftan, og med 1969 mindre enn eit andedrag unna, den engelske folktradisjonen i bakhovudet, den amerikanske country/folk-tradisjonen i hjerta, Stockholm sine snødekte gater i synsranda, og ei kosmisk livskraft strøymande gjennom seg, tilfører First Aid Kit det tradisjonsbundne sin eigen friskleitte signatur.

6. Tønes – Sån Av Salve
Underfundig sosialrealisme, ispedd meir alvorsprega tankar kring det å være menneske, i hop med andre menneske. På kjent og snodig vis fyller Tønes plata med skildringar av folk som helde på med sitt. Små ting, dagligdagse ting, ting dei kanskje ikkje er spesielt stolte over å halde på med. Han gjer det minst like bra som han nokon gong har gjort det, og då gjer han det bra skal du veta.

7. Jack White – Blunderbuss
Feitt og overflødige tonar er kasta i komposten. Tilbake står eit reinskore, melodisk attraktivt, og dynamisk lite meisterverk, som er skittent og reint i funksjonell foreining. Det høyrest veldig ut som det beste Jack White nokon gong har hatt fingrane borti.

8. Tame Impala – Lonerism
Med ein sumpete romklang forserer Tame Impala ei sonisk løype som svingar seg frå Soft Bulletin til Strawberry Fields Forever. Som tittelen insinuerar er det eit einmannsverk. Kevin Parker sitt melodisk vinnande og psykedelisk utfordrande einmannsverk.

9. Sharon Van Etten – Tramp
Ei krystallklar og sanselig men samstundes nøktern røyst. Den pure, svevande men samstundes jordbundne tonen. Det er Sharon Van Etten det. Tramp handlar om folk som elskar. Frå første stund, frå Warsaw sine gitargråtande og skimrande breidder til Joke Or a Lie sitt spartanske og varleg dronegnagande adjø handlar det om å elske. Det handlar om at det er alt anna enn problemfritt.

10. Patti Smith – Banga
Det er ingen fakter hos Patti Smith. Ho prøver ikkje vere, noko, eller nokon. Ho er, stemma, poeten og rytmen. Framleis, i ein alder av 65 år, er ho det. Aldri halvhjerta, aldri noko mindre enn vital, tidvis formidabel.

11. Allo Darlin» – Europe
Først og fremst er dette uhøyrt forførande og vilt fengande popmusikk. Men eg høyrer noko meir også. Eit vemod, som finn ein klangbotn under den poppige overflata, og rissar eit bilde med fleire dimensjonar i seg. «Under Capricornia skies». Formulert av Elizabeth Morris frå Queensland, Australia, ein av dei verkelig gode låtskrivarane.

12. Woods – Bend Beyond
Woods fokuserer låtane, køyrer på med litt meir elektrisitet, og minst like mykje psykedelia. Slik vi kjenner den frå det myteomspunne sekstitalet. Og pop. Frå det same tiåret. Støtta opp mot den vindskeive og heimelaga estetikken til våre dagars uavhengige.

13. The Men – Open Your Heart
The Men er ikkje her for å imponere, dei er her for rock’n roll. Så utan tankar om virtuositet, innovasjon eller intrikate påfunn grip dei fatt i rocken sin inste kjerne, den urovekkande feberen, og tenner på. Gud skal vite at det brenn.

14. Andrew Bird – Break It Yourself
«Time’s a crooked bow, come on, tell us something we don’t know» oppfordrar Andrew Bird. Denne syngande fiolinisten og kontrastmakaren som sannsynlegvis ikkje har granska fasiten på korleis ein poplåt skal skruast ihop, og nettopp derfor lagar betre poplåtar enn dei fleste.

15. John Fullbright – From the Ground Up
Ein ung mann frå Oklahoma, med ei røyst som merkast, og songar som virkar. Countrysongar og andre songar, mang slags songar. Rock av brunstig avstamming, orgel og groove, soul og gospel, fengande gitarrock, og pianoballadar djupt nede i kneståande.

16. Damien Jurado – Maraqopa
Det byrja på Saint Bartlett, hans førre plate. Trubaduren tok eit steg inn i eit romsligare og meir rørsleprega landskap. Han er der framleis. Ikkje milevis unna den folktonen han har gjort oss kjent med opp gjennom åra, men unna. Han kan være elektrisk rockande, smått funky og psykedelisk popduvande. Men alltid Jurado, varmt søkande.

17. Darren Hayman and the Long Parliament – The Violence
Det er 1645, borgarkrigen rår i England, og kvinner blir skulda for å være hekser. Hayman fører den humane og melodiske folkpopen sin inn i sentrum av dette, finn nokre enkeltskjebnar, og gjer det grufulle synlig, gjennom ei ubroten rekke av velbygde songar.

18. Alabama Shakes – Boys & Girls
Med ungdommelig pågangsmot tar bandet soulmusikken med på ein groovy southern rock’n roll tur den berre har godt av. Og i leiarrolla, Brittany Howard. Eigar av ei stemme som tar inderlig eigedom i kvar einaste tone den har omgang med. Ei ekte kraft.

19. Old Crow Medicine Show – Carry Me Back
Dei er dei same helsebringande leverandørane av tradisjonsrike og uforfalska tonar som dei alltid har vore. Med minimal straumtilførsel men dugelig energi grip dei tak i merksemda og syng om fråflytting, heimebrenning, fylleslagsmål, og anna rural moro og smerte.

20. Bill Fay – Life Is People
Sist gong han var her, blei han ignorert. Det er 41 år sidan sist. I lag med fans og gode hjelparar kom han tilbake i år. Og vart ikkje ignorert. Life Is People er som tittelen insinuerar varm og humanistisk. Nokre tiår med livserfaring og djupfølt vørdnad unna den iherdige og tidvis krakilske kampen som utspant seg då han var her som ung.

21. Marissa Nadler – The Sister
Søstera er den sjølvtitulerte plata hennar frå 2011. Stemma hennar er like glasklar, sterk og skjør. Det er ikkje så mykje anna enn hennar eigne gitarplukkande tonar som akkompagnerar songane. Det er nakent og reint, og det dirrar. Og det er vakkert, som Christine og Constantine.

22. Lower Dens – Nootropics
Etter nokre år som soloartist, freakfolkartist, gjekk Jana Hunter inn i rolla som bandmedlem i kvartetten Lower Dens. Og musikken vart annleis. Spesielt på denne andreplata. Den held til i eit drøymande landskap, farga i blått, der kjølig elektroniske tonar har ei framskoten rolle. Med eit groove som tidvis går i krautrock-lei. Og inni der syng Jana, gåtefullt.

23. Hurray For The Riff Raff – Look Out Mama
Eit ungt band som på merkbart vis tar for seg av den amerikanske musikkarven. Frå folklore og country via southern blues til surf-rock. Og plussar på med ein ode til John og Yoko. I den sentrale vokalrolla ei kvinne med røter frå Puerto Rico, Alynda lee Segarra.

24. Shovels & Rope – O» Be Joyful
Eit tospann. Kvinne og mann. Cary Ann Hearst og Michael Trent. White Stripes har vore der. Då var det blues. Desse to tar fatt i tonar av countryslekt. Eit energisk grep tar dei om sakene, og går rett til kjerna. Slikt blir det lite utanomsnakk og visvas av.

25. The Walkmen – Heaven
Det handlar om å ha det bra. Det er det det gjer, på Heaven. Om å finne ein ro, og å ha det, ikkje perfekt, men bra. Om å vere i komfortsona. Langt unna den raude sona dei var i då The Rat vart til. Om dei har tapt noko på vegen hit? Energi? Ungdom? Vel, sånn er vegen. Men seg sjølv har dei ikkje tapt. Dei er framleis eit band å like, eit likandes band.

Neil Young & Crazy Horse – Psychedelic Pill

Standard

Young ser tilbake, forfølgjer gamle idear i langstrekte former, og skapar magi.

8

cover

Det finst mang slags Neil Young-plater. Frå dei akustisk orienterte til dei elektrisk funderte. Frå dei sterkt ambisiøse til dei han berre rota i hop ein fredagskveld. Frå meisterverk til skrot og tilbake igjen. Og så er det denne bunka der namnet Neil Young ikkje står åleine på coveret, der namnet Crazy Horse er føydd til.

Crazy Horse, denne trioen han fant i 1968 ein gong. Denne motoren han med ujamne mellomrom sidan har nytta seg av. Den har dugelig med hestekrefter, og langt meir til felles med ein traktor enn ein straumlinjeforma Ferrari. Når den kjem i gang blir det harva og arbeida, og det den møter på bringe den aldri utav fatning. Elegant kan eg ikkje kalle den, lyden av Neil Young & Crazy Horse. Polert og nyvaska har den heller aldri vore, men stødig, og tett, og grom, usedvanlig grom. Der den knurrar og trampar, og gyngar og brenn. Og går, og går, og går. Den kjem aldri til å stanse. Tru meg.

Eg plasserer lyden av Neil Young og Crazy Horse høgare enn dei fleste lydar eg finn der ute. Eg bør vel kanskje kalle meg fan. Tre av platene denne gjengen har gjort i hop høyrer med til mine aller fremste favorittplater, Everybody Knows This Is Nowhere, Rust Never Sleeps, Ragged Glory. Etter at eg no har tilbrakt eit par veker i selskap med Psychedelic Pill er eg i grunn klar for å føye ei fjerde til rekka.

Neil Young er 67 år i år. Slike gamle rockarar skal vel helst ta det litt med ro. Gje ut ei plate kvart femte år. Ei litt dvaskare utgåve av den førre. Som igjen var ei litt dvaskare utgåve av den før der att, som igjen var …. og så vidare. Neil Young gjer stort sett ut ei plate i året, minst. Fleire gonger har det vist seg å være ei dvaskare utgåve av noko han har gjort før, eller berre noko dvaskt noko. Men innimellom, og langt oftare enn kva tilfelle er med gamle rockarar flest, så er det ikkje slik.

Då 2012 opprant var det ein del år sidan sist Young og Crazy Horse laga plate saman. 2/3 av bandet var med på Greendale i 2003, men for å finne ei plate der heile besetninga var med må vi tilbake til 1996-utgjevinga Broken Arrow. Når 2012 snart drar sitt siste sukk er vi to slike plater rikare. Americana frå tidlegare i år var deira dykk ned i den store amerikanske songboka. Eg opplevde det aldri som eit vidare vellykka dykk. Plata var i grunn ganske så traurig, og blant det svakaste dei fire har gjort i lag. Psychedelic Pill er åtte Young-komposisjonar, og ein heilt annan skål.

Noko anna gamle rockarar kan finne det formålstenlig å fordrive tida med er mimring. Og i den samanheng då gjerne kontakte ein skrivefør person for å skrive ei memoarbok, frå den tida då ein ikkje tok livet fullt så med ro. Neil Young har skrive boka si sjølv. Waging Heavy Peace. Den kom ut i år den også. Psychedelic Pill er på sett og vis ein del av det same prosjektet. Plata skodar meir bakover i tid enn framover. Kanskje fordi det trass alt er meir tid å ta av der?

Derfor kunne plata vel så gjerne bore tittelen Driftin» Back. Slik det nå er har opningssporet fått einerett på den tittelen. Eit opningsspor litt utanom det vanlige. Eg har sett folk kalle det ting som musikalsk drøvtygging og dustete, og eg har sett folk kalle det for ekstraordinært, transeskapande, eller mumle noko om episke grubleri. Det er tydeligvis eit spor ein enten ikkje tåler, eller tåler så altfor godt. Det varer i 27 minutt. Sjølv i Young og Crazy Horse målestokk er slikt å dra det langt. Men spør du meg (noko du kanskje ikkje gjer) er det på ingen måte for langt. Eg skjønar dei som snakkar om transetilstand. Eg hamnar der kvar gong. Eg reagerer med sakn kvar gong låta tonar ut. Kanskje litt fordi då veit eg at det utålelige phaser-vandaliserte tittelsporet dukkar opp, og eg må foreta meg noko for å sleppe unna, men mest er det nok fordi eg vil være der, lenger.

Være der motoren går, og går, og Young fargar tilværet med langstrakte lutrande gitarfigurar. Med sånn cirka fem minutts mellomrom går han så mot mikrofonen og melder frå om eit og hitt. «Dreamin» bout the way things sound now» syng han, og minner om at han har skrive ein del om nett det i boka si. «When you hear my song now, you only get 5%, you used to get it all» held han fram. Det handlar om hans noko tverre syn på måten musikk blir formidla på no til dags (MP3, streaming), det var andre tider i den gode gamle vinylalderen synst han. Han har også ei meining om enkelte måtar kunsten vært presentert på i våre dagar. «I used to dig Picasso, then the big Tech giant came along, and turned him into wallpaper». Litt religionsprat tar han seg også tid til. Angrar på at han gav 35 dollar til Maharishi, for det forsvann jo berre inn i organisasjonen. Slår eit slag for heidningtilværet, og avsluttar, festlig nok, med å proklamere at han vil «gonna get a hiphop haircut».

Det blir ikkje laga særlig med songar av eit slikt kaliber no til dags. Men Neil Young har eit par til på lager han. Rett nok er dei ti minutt kortare, men lyt vel få passere som lengre enn gjennomsnittet likevel. Den vemodsvakre Ramada Inn. Gitaren til Young formidlar lengsel mot noko som var, men vanskelig kan komme att. Når den ikkje riv og slit då, i tungsinnet som har sett seg fast i songens mannlige hovudperson. Saman med si kvinne opplevde han meininga i tilværet då borna vaks opp. No er borna for lengst ute av reiret, og meininga likeså. Det er ikkje stort anna enn refrenget att, og Crazy Horse stemmer i: «Every morning comes the sun, and they both rise into the day, holdin» on to what they’ve done». Ein tur «down south lookin» for good times» vert ikkje krona med suksess. Men, «she loves him so», og «he loves her so». Det er berre det at orda sitt fast, fastare enn korken på flaska i alle fall. Så «he just pours himself another tall one» i staden. Og slik går den dagen også.

Då var det andre dagar i 1968. Den gongen Neil og nokre venner hadde sett seg føre at dei skulle redde verda. «But the weather changed, and the white got stained, and it fell apart». Då er vi inne i Walk Like A Giant. Albumets tredje essensielle nummer (for ikkje å seie mest essensielle). Ein song der gode intensjonar og vakre draumar møter brutal røyndom og apokalyptiske tilstandar. Gitaren er ilter, kaskadar av elektrisk kraft dansar rundt Ralph Molina sitt stødige beat. Gemyttlige plystretonar fungerar som eit gjentakande varsel om at saker er i gjere. «I used to walk like a giant on the land» syng songaren. Men det var den gong det, nå kjenner han seg meir som «a leaf floating in a stream». Verset veks og Crazy Horse følgjer på, med «oooooooh wop-wop»-koring. Songaren ser undergangen i kvitauga, og Crazy Horse tar songansvar i refrenget, «think about how close we came, I want to walk like a giant on the land».

Så kan ein jo spørja seg då, kva denne greia med å gå som ein gigant er for noko. Er det noko å trakta etter? Er han bra eller dårlig, denne giganten? Er han ein som bygger, eller ein som riv ned? Skal eg driste meg til eit svar vil eg seie begge deler, og litt til. I songen til Young kan han representere det å bety noko, å utrette noko. Men ikkje nødvendigvis. Kanskje burde vi heller sjå kjempa føre oss med eit janusansikt, der idealisten som vil redde verda er på eine sida og demonen som vil herske over den er på andre. I det låta har att 4 minutt og tjue sekund skjer ei omvelting, ein dekonstruksjon. Det heile ramlar, slik eg opplever det, inn i ein etterapokalyptisk tilstand. Ragnaroket er over, demonen har sigra. Og tapt. For kva finst att å herske over? Anna ein eit stort aude landskap. Brutal og tung stamping prøver å vekke til liv det som ikkje lenger er å finne. Eit klagande og uhyggelig rop, eit «oooooooh-ooooooh» kjem brått inn mot slutten, og så døyr låta.

60 minuttar er den omtrentlige samla lengda på desse tre låtane. Dei kunne vore ei plate åleine. Ei heilt fantastisk ei. Young synst tydeligvis dei trengte selskap, så han har lagt ved fem låtar til, og slik sørgja for at Psychedelic Pill er eit dobbeltalbum.

Det er ingen av desse fem andre låtane som rekk opp til dei tre mastodontane, verken i kvantitet eller kvalitet. Men det er berre tittelkuttet som er håplaust. Noko som blir prøvd retta opp att ved at det kjem tilbake heilt til slutt, som eit bonus-spor utan phaser-effekt. Utan at det blir så mykje meir enn ein bleik bleik variant av Cinnamon Girl av den grunn. Då er det betre takter over She’s Always Dancing, der Young syng om ei uoppnåelig kvinne, låner litt frå Like A Hurricane, og dreg låta forbi åtte minuttars merket.

Vidare har han funne plass til ein tretti år gammal song han laga til sin funksjonshemma son, For the Love Of Man. Lett sentimental, og ganske fin. Young gjer seg heller ikkje på noko vis bort når han i countryrockform meddele at han er Born In Ontario. Eller når han i friske Twisted Road fortel om si begeistring for Dylans Like A Rolling Stone og gjenkallar minnar om då han høyrte Grateful Dead på radioen.

Så bra kan altså tilbakeskoding, gamle takter, og minimal utvikling være.

Først publisert på Groove.no (i 2012)