Monthly Archives: februar 2016

The Jezabels – Synthia

Standard

Synth-smart, melodisk forførande, og ei stemme som eig kvart ord.                                        8

  I Bibelen blir kong Akab av Israel si kone Jesabel framstilt som ein listig og morderisk avgudsdyrkar, og namnet hennar har i all ettertid blitt synonymt med begrep som svikefull og forførerisk. Det Bibelen ikkje fortel er at ho nok også må ha vore ei sterk og intelligent kvinne, i ei verd av mannleg maktutøving. Når eit rockeband frå Sydney for snart ti år sidan fant det plausibelt å kalle seg for The Jezabels var det nok like mykje det Bibelen ikkje fortel som det den fortel som låg til grunn for namnevalet.

«I’ve only  got one rule» syng Hayley Mary. Og regelen er «Don’t tell me to smile, If you don’t know me, brother». Slik lyde i alle fall (det smått Peter Gabriel/Kate Bush inspirerte) refrenget i den rett så yppige og fabelaktige songen Smile. Ein song der Mary startar med å opne opp for at du gjerne må kalle henne sexy, plystre etter henne på gata, kviskre henne noko i øyret, ja for den saks skyld gjere henne kåt, men ikkje dermed tru at du på nokon måte har gjort eit djupt inntrykk på henne. For «you don’t know me».

Eg kjente ikkje til The Jezabels før for nokre usle veker sidan. Då eg i eit heldig augeblikk kom over deira heilt ferske plate Synthia. Sidan har eg tråla meg tilbake til det eg har funne av album (to til) og ep’ar (tre) i katalogen deira. Og dei har absolutt sitt å by på denne kvartetten. Av to kvinner og to menn. Songaren Hayley Mary, keyboardisten Heather Shannon, gitaristen Samuel Lockwood og trommis Nik Kaloper. Men aller mest har dei å by på på Synthia.

Synthia. Eit kvinnenamn det også for så vidt (i alle fall nesten). Kanskje ei søster av Jesabel, kanskje albumets hovudperson, men vel mest sannsynleg eit namn som skal fortelje noko om korleis albumet lyde. For det Heather Shannon gjer med sine synthesizerar og sine keyboard er av avgjerande betydning her. Frå klunk og dropar til svevande lag og stormfulle åtak. I medrivande samspel med eit groove som både kan vere eggande og motorisk drivande. I låtar som fengjar og fangar, også fordi bandet har ein songar som tar eigedom over kvar ein låt, med ei røyst som heilt naturleg (ja fullstendig utan affekterte tendensar) femnar langt meir enn ein oktav. Stundom der nede i det Nico-sexy (med ein knekk) andre gonger oppe i Kate Bush-høgder.

Rock. Pop. Eller noko imellom? Eller begge deler? Eit band som kryssar Abba med David Bowie, eller noko slikt. Ein eller annan stad i det der kanskje ikkje heilt tydelige lendet høyrer eg dei i alle fall for meg. Og som du må ha skjønt, det er godt det eg høyrer.

I got a 66 baby
And I’m born to rock
I got a one track mind
Just to get me off

I got a 66 baby
I don’t give a fuck
Just gimme one more number
And a little luck

Det er tøft, det er djevelsk leikent, det osar av lyst og begjær, og tittelen er Pleasure Drive. Ein popsong som bevegar seg frå det kjølig pirrande via det sfæriske og inn i det mektig eldfulle, der Hayley Mary mellom anna finn det på sin plass å stille spørsmålet «what’s a nipple and a laugh?».

Om den som les denne plateomtalen på dette stadiet sitt med eit inntrykk av at Synthia handlar om sex og sjølvbevisste kvinner, ja så kan vedkomande ha rett. Men albumet handlar ikkje berre om det. Det handlar mykje om kjærleik også. Kjærleik som sjukdom i My Love is My Disease. Eit beist av ein sjukdom. I eit av albumets sonisk sett mest dramatiske og tekstlig dystraste spor.

Eit visst drama, og i alle fall til dels mektige soniske tilhøve, driv dei fleste spora inn i. Ved eit og anna tilfelle grensar det nok kanskje til å bli vel mektige og synthfullt, sånn etter min smak. Men eg har funne ut at eg kan leve med det. Både når det elles tiltalande singelvalet Come Alive sveivar seg opp, og når Unnatural glir inn i ein 80-tals schwung av det noko plastiske slaget.

Eg har imidlertid ikkje anna enn godord å seie om måten bandet opnar og avsluttar plata på. Med to låtar som begge strekk seg over sju minutt, og som viser fram fleire ansikt utan eit augeblikk å tape fokus. Stand and Deliver der Mary i første del snakkesyng, tar seg tid, og snakkesyng, medan groovet går. Halvvegs vender låta seg 45 grader mot venstre, Mary trer lenger fram i bildet, syng, finn tonar som definitivt kan kallast popfengande, og tar det heile mot strålande høgder. Sistesporet Stamina startar ut med ein varleg gitarintro, glir over i ei fin synthsvevande fase, før Mary etter to og eit halvt minutt stikk ein finger i været og proklamerer «except one thing». Derifrå blir sakene meir pågåande, men det er også eit visst mismot å spore.  «It ain’t love, cause love hurts, it ain’t a home, cause home’s burn» blir det hevda. Før songen driv inn i det monumentale, og røysta til Mary dansar pasjonert.

Eg kunne sagt bra ting om andre songar også. Drivande If You Want Me med sitt medrivande call/response opplegg. Eller balladen Flowers In the Attic, med sin behagelige lettheit, si tilgivande ånd og sin empati.

Og slik, forførerisk, tiltalande og skarpskodd, yte bandet sin vesle skjerv til at ryktet til namnet Jesabel skal bli litt annleis.

TIDAL: The Jezabels – Synthia

Diiv – Is The Is Are

Standard

Ein poprytmisk odyssé om eit liv som hang i ein tynn tråd.                                                  

Bilderesultat for diiv is the is are  Eg høyrer det skimre av den klirrande gitartonen til Zachary Cole Smith. Eg høyrer den for meg i eit lett og driftig svev godt over bakkenivå. I låt etter låt høyrer eg tonen slik. Om den ikkje forsvinn inn i noko meir skingrande då. Blir mata med syre og oppfører seg litt meir uroleg. Men framleis i eit lett og driftig svev. Kanskje går det an å hevde at den har noko shoegaze-aktig med seg, men det er ikkje så viktig, det viktige er at den har tiltrekkande eigenskaper. I samvirke med eit drivande og suggererande krautslekta groove eggar den til lyst og liv. Utan at det på noko som helst vis går an å hevde at det er det som er den heile og fulle sanninga om Diiv sitt andre album. For det er det jo ikkje. Dette er slett ikkje eit album av berre lyst og liv. Går ein songtekstane inn på klingen, noko ein vel strengt tatt bør gjere, sansar eg død vel så mykje som liv, og armod meir enn lyst. Det er altså ikkje eit eintydig album. Og det er jo slikt eg kan like med eit album.

Snart fire år er det gått sidan Cole Smith og hans medsamansvorne i Brooklyn-bandet Diiv albumdebuterte med Oshin. Ei plate dyppa i romklang og dunkel lyssetting. Ein og annan interessant tone kunne skimtast, men eit hovuduttrykk var at det blei for likt det heile. Det stiller seg noko annleis denne gongen. Romklangen er ikkje like dominerande, poptonen kjem lenger fram i dagen, og variasjonen er betydelig. Det meste blir klarare, og det blir veldig klart at alt slettes ikkje har vore lystig og godt for bandets frontfigur desse åra. Dop er overskrifta. Cole hamna djupt inn i heroinavhengigheita. Hausten 2013 vart han og kjærasten (den ikkje heilt ukjente artisten Sky Ferreira) stansa av politiet køyrande ein stolen bil, utan førarkort men med fleire dosar heroin på seg. Det blei ein snarvisitt på ei fengselscelle, deretter bar det på rehabilitering. Songane på Is The Is Are er blitt skrivne både når Cole har vore som lengst nede, og etter at han har friskna til etter rehab-opphaldet.

Den første låta bandet gjorde tilgjengelig frå albumet heiter Dopamine, og  teiknar eit nådelaust bilde av rusavhengigheita. Frå første strofe («Shots ringing out, I’m soaking eardrums shaking, years start weighin» me down») via ei tilståing overfor kjærasten («You’re the sun and I’m your cloud) og til spørsmålet om det er verdt det, om det er verdt å korte ned på livet for «a glimpse of heaven, now and here?». Det heile framført i ei pågåande form, til eit drivande groove. Den neste låta som dukka opp heiter Bent (Roi’s song). Sonisk sett er den noko meir flytande enn Dopamine, noko meir psykedelisk, nesten litt Kurt Vile-slekta. Den startar med ei linje lånt frå ein Cat Power song (Nude as the News), «I saw you with a very loose grip on your tight ship». Songaren ser ein venn kjempe ein kamp med/mot dopet. Ser han gje etter, for berre ein gong til, berre ein siste gong, Den siste gongen. Songaren slår fast at «once it feels right then you just lost the fight».

Is The Is Are forfektar verken eit moraliserande eller romantiserande dopsyn, den går berre rett inn i røyndomen. Rått og brutalt inn i røyndomen slik Cole har opplevd den, og opplever den. «The only way to be quiet is to be quick» lyde den første linja i Dust (endå ei lånt linje, denne gongen frå eit Frank O’Hara dikt), ei linje som fører inn i ei skildring av ein overdose med nestendødelig utgang – «Drowning in air, light, floating up in flight, Then it gets too bright, and your body’s a brick … You fall». Og gitaren går på syre, og groovet har hastverk, medan Cole snakkar meir enn han syng. Snakkar gjer han ikkje i tittelkuttet, albumets sånn reint melodisk sett mest fengande kutt. Ja ein aldri så liten poptriumf i grunn, om død og liv. Om førre gongen hovudpersonen gjekk nedover gata og berre «wanted to die, Die», kontra no når han kjempar for å leve, har ei lyst på å leve – «fighting for my life, Life».

Eg høyrer lysten på livet spele ei rolle i fleire songar på plata. Sterkast rolle i den pop-psykedeliske, Spiritualized-slekta, Under the Sun, der kjærleiken blir helde fram som redningsplanken. Healthy Moon på si side fortel om både ein «dead moon» og ein «fucked up moon» inne i skallen på hovudpersonen, men blir fortalt frå ein langt meir sunn og frisk ståstad. Blue Boredom er ein straum av korte setningar, med noko desperat men samstundes livskraftig over seg. Snakkesunge av Sky Ferreira, i beste Kim Gordon stil, og bandet har vel litt Sonic Youth over seg også.

Sytten låtar og over ein times speletid er kva Is The Is Are byr på. Full på ambisjonar, som både lukkast og snublar. Og står vel slik i stil med livet den søker å skildre, høvelig nok.

TIDAL: Diiv – Is The Is Are

Savages – Adore Life

Standard

Livet er elektrisk og groovet gløder.                                                                                                   7

Bilderesultat for savages adore life  Platecoveret. I desse streamingtider spelar kanskje ikkje coveret lenger den same rolla som det gjorde den gongen då eit album vart utgjeve i vinylformat, og berre det. Men eg legg no merke til platecoveret på den nye plata til Savages like fullt eg. Ei knyta hand. For så vidt ein klisjé det, om kamp, motstand og styrke. I små bokstavar ved sida av står bandnamnet, og platetittelen. Adore Life. Ikkje med utropsteikn, ikkje som ei formaning, ikkje som ein manifestasjon slik bandet ganske så pompøst nytta coveret til på debutalbumet sitt Silence Yourself. Heller litt tilbakehalde står dei to vesentlige orda der, ved sida av den kraftfulle armen. Litt i stil med Jehnny Beth sitt varlige spørsmål «Is it human to adore life?». Som ho stiller i den dempa balladen som berre ber tittelen Adore. Ein vakker song der Jehnny Beth og Savages omfamnar livet.

Og i sentrum av livet finst kjærleiken. Det er den, og først og fremst den, Savages behandlar her på sitt andre album. «If you don’t love me, you don’t love anybody» proklamerar Beth innleiingsvis. Ho gjer det i front av ein elektrisk lydvegg, eit massivt groove. Ho konstaterer også at «love is The Answer» under desse soniske tilhøva. Ho talar om død og galskap, men høgast om sjansane for ei strålande framtid. Og gitaren, og bassgitaren og trommene er ei rå kraft. Slik dei også er det når Beth presenterer ein Sad Person. Ein elskar, men også seg sjølv, og slår fast (slik bortimot ein samla menneskeheit har gjort før henne) at «love is a disease, the strongest addiction I know».

Då Londonkvartetten Savages albumdebuterte i 2013 var det så avgjort i åtaksorienterte former. Gitaren var kvass, groovet merkbart, og Beth song om kjærleik og lidenskap i balansegangen mellom smerte og forløysing. I ordelag som fekk fram førestillingar om eit truande mørke, og få lysstrimer. Er det ikkje litt annleis denne gongen spør eg meg. For all del, gitaren er like kvass, Gemma Thompson sin gitar. Og groovet, ja groovet, rytmikken gestalta av Fay Milton med trommestikkene, og ikkje minst av bassgitaren til Ayse Hassan, som er langt forbi merkbar, som tar bustad i meg, det er minst slik det var sist. Men det er noko med tonen i orda til Jehnny Beth. Renn det ikkje meir lys over dei? Tenderar dei ikkje mot å vere smått livsbejaende? Jo, og med platetittelen i mente hadde det vel vore reint lureri om det ikkje hadde vore slik.

Men lureri er det ikkje, for Savages driv ikkje med lureri. Dei veit kva dei driv med, dei veit kvar dei vil og kvar dei skal. Tilfeldigheiter har eg inntrykk av at det er minimalt av her. Improvisasjon og tåkete tilhøve likeså. Dette er kraftfull og konsis rock’n roll med eit punkhjerta, for ikkje å seie postpunkhjerta, som livgjevande utgangspunkt. Men altså utan at dei kastar alle hemningar over bord og lar det stå til. Det er noko definitivt gjennomtenkt over støyen dei lagar. Som døme på kva dei kan få seg til å gjere for at songane skal sitte, bør det vel nemnast at bandet i forkant av plateinnspelinga gjorde ni konsertar i New York. Der dei berre spelte nytt materiale, for å teste det ut, kjenne på reaksjonar, og så flikke og ordne det til frå det utgangspunktet. For dei ynskjer å treffe sitt publikum. Med kalkulert presisjon, spør du kanskje? Eller var det eg som spurde? Eit forsøksvis svar blir i alle fall noko slikt som at «det kan godt hende, og det kan også godt hende at dei er i overkant pretensiøse, og at dei smiler for lite, men at det gjer meg svært lite, så lenge dei treff, og her finst det låtar som treff, ikkje samfulle ti, men i alle fall ein god halvpart».

Er det ei endring i dei soniske forholda sidan debuten så må det vere at det låte litt lausare og ledugare denne gongen. I alle fall på nokre spor. Adore er nemnt, og er ein av desse. Slowing Down the World ein annan, med sitt elegante gyng og sitt knurrande begjær. Eg kunne føye til den temposkiftande punklettvektaren TIWYG («this is what you get when you mess with love») også, eller den noko rotete Surrender, men då er eg vel over på låtar som eg ikkje finn den heilt store hugnaden for. Slike songar, slike eg ikkje finn hugnad for altså, er det kanskje litt fleire av på Adore Life enn på Silence Yourself. Noko som nok fører til at albumet, sjølv om det på mange vis virkar meir tiltalande på meg enn debuten, ikkje sprakar like kontinuerlig intenst i mellomgolvet. Men sprakar gjer det.