Tag Archives: Damien Jurado

Musikalsk årsoppgjer 2014

Standard

Spådomar frå fleire hald vil ha det til at musikkalbumet er eit utdøyande fenomen. Måtte spådomane slå feil, fullstendig feil. Det har komme flust av album i 2014 eg med styrke vil hevde beviser at albumet har livets rett, og vel så det. Dei 25 beste har det blitt ei liste av.

Men først 3 bøker (ikkje for noko anna grunn enn at bøker er like viktig som musikk, og at desse tre kjennes vel verdt å nemne).

Stoner  Rød eller død av David Peace (Innbundet) Innsirkling 3 av Carl Frode Tiller (Innbundet)

1. John Williams – Stoner
Skriven og utgitt for nesten femti år sidan. I norsk oversetting for første gong i år. Ei kultbok. «The greatest American novel you’ve never heard of» ifylgje The New Yorker. Ein vakkert og nennsamt fortalt historie, om eit ikkje spesielt eksepsjonelt liv. Ein manns liv frå barndom til grav på 270 sider. Melankolsk og skilsettande. Poesi i romanform.

2. David Peace – Rød eller Død
Om den legendariske Liverpool-manageren Bill Shankly. Sosialisten, fotballfanatikaren, arbeidsnarkomanen og eksentrikaren  Shankly. Ein roman, ikkje ein biografi. Fortalt i eit gjentakande, suggererande språk. Like enkel, like komplisert, like medrivande som fotballspelet i seg sjølv. Aldri har eg opplevd fotballsesong etter fotballsesong blitt meir fortetta og poetisk oppsummert.

3. Carl Frode Tiller – Innsirkling 3
Tiller sirklar seg inn på oppklaringa. Kjem fram til den, men ikkje til noko endelig avklaring, heldigvis. Det å vere menneske saman med andre menneske er ikkje enkelt. Kva ein seier, kva ein tenker, kva ein gjer, kva ein burde gjere, er på evig kollisjonskurs. Tiller skildrar det på storarta vis, igjen.

Så, over til albuma:

 Steve Gunn 

1. The War On Drugs – Lost In the Dream
Ei plate som vandrar sporenstreks inn i ein melodisk sigerstemning, og blir der ein heil time. Amerikansk gitarrock der låt etter låt blir tilført vennlegsinna synthlinjer, blir lindrande pianotøtsja, eller kanskje får ein blåleg saksofonvisitt. Låt etter låt som omgås sinnstemningar der mørket og mismotet rår, men der ein stigande aksept av tingas tilstand, og ei evne til å handtere forholda, også blir formidla. Det høyrest ikkje spesielt eksepsjonelt ut, og ei eksepsjonelt original plate er det ikkje. Men ….vel, eksepsjonell er den.

2. Steve Gunn – Way Out Weather
Sakte beveger melodien seg. Sakte beveger melodien. «Slowly moves the melody». Det trygge, det vanlige finst der, i songane, men også det spesielle, det særeigne. Steve Gunn gjer det melodisk, og han gjer det i ein hevdvunne tradisjon. Med ei lett hand får han strengene på gitaren (gitarane) til å synge som få andre gjer. Eg tenker på han som ein ukomplisert virtuos.

3. Sun Kil Moon – Benji
Songar frå perspektivet til ein middelaldrande mann. Songar som ikkje tar føre seg frå eit vidt spekter av det songar kan gjere. Dei held seg alle på innsida av det marginale mønsteret Mark Kozelek plar operere innafor. Der tonar ikkje spring av garde i veldig komplekse former, men der alt ruslar sin gang. Einsformig seier nokon, styggelig vanedannande seier eg.

4. Wussy – Attica!
Dei har latt seg inspirere, latt seg dugelig inspirere. Som dei uforbederlige rock’n roll-disiplane dei er, har dei latt seg inspirere til å lage songar som liknar på saker vi har høyrt før, som har både tjuveri og låneri klistra på seg. Likevel er dei forunderlig nok berre Wussy. Med ein glød og eit lidenskapelig forhold til alt dei driv med.

5. Sturgill Simpson – Metamodern Sounds In Country Music
Det er ikkje berre den ufattelige friskleiken, og nærværet i tonane, eg merkar meg, men også viljen, og motet, både til å gå den rakaste enklaste mest naturlige og klassiske countryvegen, og til å driste seg utpå. Som det å sveipe tonane inn i psykedelia. Nokre gonger subtilt og sobert, andre gonger meir utstrakt.

6. Ought – More Than Any Other Day
Postpunk. Den stramme pågåande kantete fabelaktige postpunken er vel den mest nærliggande merkelappen å klistre på Ought. Men dei er ikkje berre slik, Ought kan også ha noko meir avrunda og elastisk i det dei gjer. Inntrykket er vel at det ikkje er avgrensingar og dogmer som er opplegget her. Heller eit frilyndt dykk inn dit energien har dei beste vilkår, der temperaturen aldri kviler.

7. Angel Olsen – Burn Your Fire For No Witness
Frå det skjøre til det konfronterande, frå det nennsame til det forrykande, den ueinsarta plata til Angel Olsen dekkar alt det og meir til. Når den så i tillegg er fostra på sterk vilje, har bevart passeleg med smuss, og er melodisk velhalden, sitt eg i grunn att ganske så tomhendt på innvendingar.

8. Parquet Courts – Sunbathing Animal
Eit band i frenetisk vigør, heilfrelste på konsise riff, hissig skinger og rammande groove. Der orda kjem fort, som ein dans i unnabakke. Med og utan fotfeste. Parquet Courts står ikkje stille, dei tar til seg det beste av det dei har høyrt, og gjer det om til sin måte å gå råbarka til verks på.

9. Sharon Van Etten – Are We There
På ingen måte eindimensjonale songar. Dei kan tolkast i ulik lei. Ja det er ikkje ein gong sikkert dei er så melankolityngde som dei gjer inntrykk av å vere. Ikkje er dei så marginale på melodisk variasjon som dei først kan gje inntrykk av å vere heller. Dei har ei blomstrande kraft i seg.

10. Woods – With Light and With Love
Human popmusikk. Med sine manglar, med sine intensjonar, med sitt overskot. Woods sitt album av året har mykje i seg og mykje for seg, og står fram som kongruent og variert i same andedrag. Sprett både lett over overflata og skjer seg inn i materien. Og 1967 er aldri langt unna.

11. Hookworms – The Hum
Psykedelisk vitalitet, hektande melodilinjer, suggererande rytmiske tilhøve, og ein ikkje ubetydelig larm.

12. Torgeir Waldemar – Torgeir Waldemar
Røysta. Den rommar klangen av det den formidlar. Tida. Han tek seg tid til å bli i songane sine. Songane. Dei har sitt klare opphav frå ein tradisjon, har sine merker frå meir enn ein låtskrivar, men høyrer likevel så sjølvsagt heime hos han som syng dei.

13. Simone Felice – Strangers
Han er her ikkje for å revolusjonere musikkhistoria. Han serverer 10 songar som hentar sitt liv og sitt vesen frå den amerikanske songtradisjonen.  Dei har sin verknad.

14. Damien Jurado – Brothers and Sisters of the Eternal Son
Den tidlegare trubaduren har for alvor funne fram til det dansbare, det psykedeliske, og det spirituelle.

15. EMA – The Future’s Void
Strenge, skarpe, kalde lydkjelder dansar og kranglar rundt låtar som oftare enn det kan virke som, sånn med det same, har eit godt melodisk hjerte.

16. Timber Timbre – Hot Dreams
Hot Dreams er ein tanke meir raffinert enn tidlegare plater av Timber Timbre, og har ein varme som ikkje alltid konsulterer gufset. Men fredlaust er det.

17. Strand of Oaks – HEAL
Ei reinsing, ein personleg kamp, men kanskje mest av alt ein kjærleik til musikken.

18. Beck – Morning Phase
Temmelig langt unna friskusen frå Odelay. Ikkje så veldig langt unna den tynga melankolikaren frå Sea Change, men med mindre melankoli i brystet.

19. The Men – Tomorrow’s Hits
Du skal ikkje kimse av god gammaldags rufsete rock’n roll. I alle fall ikkje slik den fortonar seg i henda til The Men frå Brooklyn.

20. Hurray For The Riff Raff – Small Town Heroes
Songar som kunne vore her for lenge sidan, som har eit gammalt Amerika i seg. Men dei er heilt nye, dei er eit friskt oppkok av folk, country og blues.

21. John Fullbright – Songs
Country som finn soul, mørke krokar, einsame tonar, og litt lykke.

22. Mirel Wagner – When the Cellar Children See the Light of Day
Ho vev livet, kjærleiken og døden i hop på sin måte – enkelt, tvitydig, dirrande.

23. Big Ups – Eighteen Hours of Static
Med glød i blikket og angst i bringa hiv dei seg over amerikanske undergrunnstonar slik dei lydde den gongen Pixies og Jesus Lizard var unge.

24. Joe Henry – Invisible Hour
Varme tonar, varlege tonar, og gåtefulle innspel om livets relasjonar

25. Pere Ubu – Carnival of Souls
Endå eit vitalt tilskot til ein etter kvart imponerande albumkatalog på utsida av gjengs rock’n roll åtferd.

Dei 5 beste albuma frå januar 2014 (Slik eg har oppfatta det):

Standard

coverBig Ups - Eighteen Hours Of Staticdoug tuttlecover

1. Damien Jurado – Brothers And Sisters of the Eternal Son

Den tidlegare trubaduren har for alvor funne fram til det dansbare, det psykedeliske, og det spirituelle. Med surrealistiske vinklingar og mystiske dialogar drar han inn Gud, Sonen og Den Heilage Ande i eit opplegg som ikkje er heilt til å forstå, men som er det beste han har levert til dags dato.

Metallic Cloud:

2. Big Ups – Eighteen Hours of Static

Ein ung kvartett frå Brooklyn hiv seg over amerikanske undergrunnstonar slik dei lydde den gongen Pixies og Jesus Lizard var unge. Dei gjer det med glød i blikket og angst i bringa.

Goes Black:

3. Doug Tuttle – Doug Tuttle

Heilt psykedelisk. Etter nokre plater med bandet MMOSS albumdebuterar Tuttle som soloartist med ein dose psykedeliske popdrops det smakar evig sekstital og tapt kjærleik av.

I Won’t Do:

4. Ai Phoenix – Hey Now / Being Here Is Everything

Det tok si tid før Ai Phoenix dukka opp att. Men her er dei, med sine tonar utan hastverk. Og det er minst like bra som det nokon gong har vore.

Here’s To You:

5. Rosanne Cash – The River & The Thread

Ei dotter, ei kvinne, elva som renn igjennom henne, og tråden ho prøver å lære seg å elske. Rosanne Cash har oppsøkt sine røter.

When the Master Calls the Roll:

Damien Jurado – Brothers and Sisters of the Eternal Son

Standard

Den tidlegare trubaduren har for alvor funne fram til det dansbare, det psykedeliske, og det spirituelle                                                                                                                                                                                        8

cover    Ååh Silver Donna, for ein godlåt. Og slett ikkje slik skjemaet seier at ein Damien Jurado-låt skal vere. Hadde eg for nokre veker sidan blitt utsett for ein blindtest av Silver Donna ville eg aldri klart å komme fram til kven det var som framførte den. Eit suggererande groove, funky basslinjer, bongos, dub, disig psykedelia, romklang, varme, Curtis Mayfield, eller kanskje noko Jim James kunne ha spankulert seg inn i. Falsettsong, men ikkje den reine og klare. Det er noko groms i kantane her. Det gjer den i grunn ikkje mindre attraktiv. Men at det var du Damien Jurado som var i midten av denne låta, nei det hadde eg nok ikkje gissa. At eg skulle sprette opp og danse til ein Damien Jurado-låt, nei det hadde eg ikkje trudd skulle skje. Men vent litt nå, burde eg ikkje ha trudd det? Har det ikkje vore slik på dei siste utgjevingane til Jurado at han har vist ei sterkt mangelfull interesse for å stivne fast i den der trubadurmelankolikar-båsen? Byrja han då ikkje si førre plate med eit psykedelisk nummer som ikkje hadde sin like i katalogen hans av eit titals plater? Jodå, men denne gongen går han lengre. Denne gongen er han i ein fridomsflyt av det verkelige slaget. Aldri så langt frå senter som på Silver Donna, men lengre unna enn på noko tidlegare plate.

Det var vel med Saint Bartlett at noko byrja å utvikle seg i ein annan retning. Plata der Richard Swift for første gong involverte seg i Damien Jurado sitt soniske virke. Soloartisten, multi-instrumentalisten, The Shins-tangentisten og plateprodusenten Richard Swift. Han har gjort Damien Jurado godt. Og aldri så godt som på Brothers and Sisters of the Eternal Son. Den tredje plata på rad han er involvert i.

Jurado har sjølv formidla at albumet reint tematisk er ein oppfølgjar til to år gamle Maraqopa. Ei plate han den gong hevda var inspirert av ein draum om ein mann på leit etter ein stad for kontemplasjon, og kanskje nokre svar på livets gåte. Maraqopa var namnet på staden. Ein liten jordisk idyll, eller eit utopia, eller kanskje noko endå meir svevande. Spørsmåla han stilte var fleire enn svara han kom fram til, med referansar til kristendommens Gud og hans son som eit vagt gjennomgangstema. Eg vil likevel ikkje seie at eg opplevde det som eit konseptalbum. Det gjer eg med årets album.

Eit tidleg spor er kalla Return to Maraqopa, albumtittelen refererar til bibelens Jesus, og både han og Gud sjølv har ei rolle eg opplever som hakket meir framtredande enn på førre album. Om enn ikkje klart og tydelig definert. Hangen til surrealistiske vinklingar, disige linjer og mystiske dialogar er den dominerande hangen. Ikkje ei heilt jordnær historie altså. Her er det nok fleire dimensjonar i virke samstundes. Den om ein fyr på leit etter meininga med det heile, og det å finne fred med seg sjølv, i etterkant av å ha omkomme i ei bilulukke, er vel den mest handfaste (om ein kan bruke eit slikt ord om det då?). Inn i denne historia flyt det så noko utanomjordisk og science fiction prega, og dette spirituelle, med eit utal referansar til bibelen. Skulle eg driste meg til å strekke ei lineær linje her, vil eg seie at det handlar om død, forvirring, oppstandelse, tvil, sakn, forsoning, og gjenkomst. Såpass ja (og meir til).

«Remove my nails when you find the time» er det ein som uttalar i først song. Er det han som nyleg har døydd i ei ulykke? Eller kanskje det er Jesus? «I was met on the road by a face I once knew» syng Jurado i Silver Timothy, og eg tenker at han her kan ha i tankane Jesus sitt møte med to av sine disiplar på veg til Emmaus, like etter at han hadde stått opp frå det døde. I Metallic Cloud snakkar Jurado om «resurrection signs» (teikn på oppstandelse). Og i songen som fylgjer er det ein som preikar om å få dokumentert sin «resurrection here on Jericho Road». Mot slutten av albumet vender hovudpersonen seg til ei kvinne med namn Katherine og formidlar at han har «seen Him, outside of Maraqopa». Ein fred senkar seg så over forteljinga i dei to siste låtane. «Let me sleep in the slumber of the morning ….. and be sure and wake me when eternity begins» lyder linjene songaren rammar den nest siste songen inn i. Før han avsluttar seansen med denne slutninga: «Over there beyond the words, we are all we dream of». Ein meir fredfull og lukkelig slutt kan eg ikkje minnast å ha høyrt på noko Damien Jurado album.

Eit album der det soniske som nemnt kjem i friare former enn kva denne karen har lagt opp til før. Der romklangen er veldig og mr. Swift serverer tangenttonar av ulik temperatur. Silver Donna er slett ikkje den einaste låta det kan dansast til. I all sin skakke psykedelia har Magic Number ein god groove den også. Medan Silver Timothy er låta med den kjappaste takten, og kombinerer det med ei melodisk drakt av det raffinert kledelige slaget, på eit vis som gjer at den står fram som eit av platas beste spor. Men det er det fleire som gjer. Metallic Cloud har kanskje ikkje det dansbare groovet, men til gjengjeld driv den ganske så inderlig inn i tonar eg ikkje har forsvarsverk mot. Medan Jericho Road duvar sonisk urein i eit klagande psykedelisk lende eg kjenner mykje godt for. I siste halvdel vert ting skrudd litt ned. Då dukkar det fram vakre viser som Silver Katherine og Silver Joy.

Ordet Silver går som de sikkert forstår att i mange av låtane på plata. Utan at eg har den ringaste aning om kvifor. Men eg skal fundere vidare over det. For eg har absolutt ikkje gjort meg ferdig med denne plata.

Musikalsk årsoppgjer 2012

Standard

Dette er ikkje eit forsøk på å komme med ein brei analyse av musikkåret 2012. Slikt for andre ta seg av. Dette er i grunn ikkje noko anna ein smal liten egotripp. Ei liste over tjuefem plater eg har sett pris på i år. I ei omskiftelig men ikkje heilt tilfeldig rekkefølgje.

Eit raskt blikk over lista fortel meg at amerikanske tonar er sterkt overrepresentert, og at heimlandet berre er representert med ei plate. Hadde eg gidda å laga lista lenger kunne Highasakite, Susanne Sundfør, Anne Marie Almedal, The Little Hands of Asphalt, Hellbillies, Hanne Kolstø, Susanna, Tom Roger Aadland, I Was A King, Æ, Lindstrøm, Ida Jenshus, Narum og Meg og Kammeraten Min også ha fått ein plass. Og då kunne jo også fleire frå utlandet fått plass, plater av folk og band som Grizzly Bear, Ty Segall, Elephant Micah, Black Moth Super Rainbow, Mark Lanegan Band, Laura Gibson, Simone Felice, Cloud Nothings, Chromatics, Godspeed You Black Emperor, Leonard Cohen, Polica, Allah-Las, Kindness, Iris DeMent, Bob Dylan, Beach House, Dr. John, Turnpike Troubadours, Fiona Apple, Mount Eerie, Six Organs of Admittance, Beachwood Sparks, Frank Ocean, Giant Giant Sand, Richard Hawley, Thåström, Goat, Dirty Three, Cat Power, Anais Mitchell og Calexico. For dei gav alle ut bra plater i 2012. Men eg trur eg får nøye meg med desse:

1. Father John Misty – Fear Fun
Josh Tillman har vore i musisk bevegelse ein del år no. I skuggen av det store scenelyset, eller på ein trommekrakk bakom songaren og gitaristen. Gjennom fleire plater har han, som J. Tillman, utforska det tungsindige krysningspunktet mellom Nick Drake og Townes Van Zandt. I tre år har han i tillegg vore trommeslagar i Fleet Foxes. Der er han ikkje lenger. Han har vandra vidare, tenkt nokre andre tankar, døypt seg om til Father John Misty, og laga ei plate kledd i ein tidleg 70-tals skrud, der folkrock, countryrock, softrock og psykedelia er dei dominerande ingrediensane. Der det mismotige blir konfrontert med sardoniske innfall, dopprat, hedonisme, ein bisarr humor, og ikkje så reint få absurditetar. Latterlig vitale saker i grunn.

2. Neil Young with Crazy Horse – Psychedelic Pill
Eg plasserer lyden av Neil Young og Crazy Horse høgare enn dei fleste lydar eg finn der ute. Dei står bak fleire av mine favorittplater. Med Psychedelic Pill har dei laga ei til. Ei lang ei, med lange magisk harvande låtar, om livet slik det har fortona seg. Og beviser at tilbakeskoding, gamle takter og null utvikling kan være den rette medisinen.

3. Simon Joyner – Ghosts
Midt i eit dissonantisk utland hevar songaren si krokete røyst og hevdar at «a good man is hard to find, a bad one’s even harder to get rid of». Det er stygt. Det er fredlaust. Det er ein dobbeldose svartmalande og støyplaga countryrock. Unnfanga av ein seig ørkenvind, født bak ein vridd blues, pint under Velvet Underground. Avlevert med reinspikka overtydnad.

4. Lambchop – Mr. M
Det finst ei tid for Lambchop. Det finst absolutt tider som ikkje høyrer Lambchop til. Men innimellom er tida der, og då finst det ingenting som er betre enn Lambchop. Ingenting. Mr. M føyer seg inn i rekka. Den byr på ein ny porsjon underfundig og saliggjerande Lambchop-melankoli, denne gongen dedikert ein avdød venn.

5. First Aid Kit – The Lion’s Roar
Kledd i psykedelisk farga kaftan, og med 1969 mindre enn eit andedrag unna, den engelske folktradisjonen i bakhovudet, den amerikanske country/folk-tradisjonen i hjerta, Stockholm sine snødekte gater i synsranda, og ei kosmisk livskraft strøymande gjennom seg, tilfører First Aid Kit det tradisjonsbundne sin eigen friskleitte signatur.

6. Tønes – Sån Av Salve
Underfundig sosialrealisme, ispedd meir alvorsprega tankar kring det å være menneske, i hop med andre menneske. På kjent og snodig vis fyller Tønes plata med skildringar av folk som helde på med sitt. Små ting, dagligdagse ting, ting dei kanskje ikkje er spesielt stolte over å halde på med. Han gjer det minst like bra som han nokon gong har gjort det, og då gjer han det bra skal du veta.

7. Jack White – Blunderbuss
Feitt og overflødige tonar er kasta i komposten. Tilbake står eit reinskore, melodisk attraktivt, og dynamisk lite meisterverk, som er skittent og reint i funksjonell foreining. Det høyrest veldig ut som det beste Jack White nokon gong har hatt fingrane borti.

8. Tame Impala – Lonerism
Med ein sumpete romklang forserer Tame Impala ei sonisk løype som svingar seg frå Soft Bulletin til Strawberry Fields Forever. Som tittelen insinuerar er det eit einmannsverk. Kevin Parker sitt melodisk vinnande og psykedelisk utfordrande einmannsverk.

9. Sharon Van Etten – Tramp
Ei krystallklar og sanselig men samstundes nøktern røyst. Den pure, svevande men samstundes jordbundne tonen. Det er Sharon Van Etten det. Tramp handlar om folk som elskar. Frå første stund, frå Warsaw sine gitargråtande og skimrande breidder til Joke Or a Lie sitt spartanske og varleg dronegnagande adjø handlar det om å elske. Det handlar om at det er alt anna enn problemfritt.

10. Patti Smith – Banga
Det er ingen fakter hos Patti Smith. Ho prøver ikkje vere, noko, eller nokon. Ho er, stemma, poeten og rytmen. Framleis, i ein alder av 65 år, er ho det. Aldri halvhjerta, aldri noko mindre enn vital, tidvis formidabel.

11. Allo Darlin» – Europe
Først og fremst er dette uhøyrt forførande og vilt fengande popmusikk. Men eg høyrer noko meir også. Eit vemod, som finn ein klangbotn under den poppige overflata, og rissar eit bilde med fleire dimensjonar i seg. «Under Capricornia skies». Formulert av Elizabeth Morris frå Queensland, Australia, ein av dei verkelig gode låtskrivarane.

12. Woods – Bend Beyond
Woods fokuserer låtane, køyrer på med litt meir elektrisitet, og minst like mykje psykedelia. Slik vi kjenner den frå det myteomspunne sekstitalet. Og pop. Frå det same tiåret. Støtta opp mot den vindskeive og heimelaga estetikken til våre dagars uavhengige.

13. The Men – Open Your Heart
The Men er ikkje her for å imponere, dei er her for rock’n roll. Så utan tankar om virtuositet, innovasjon eller intrikate påfunn grip dei fatt i rocken sin inste kjerne, den urovekkande feberen, og tenner på. Gud skal vite at det brenn.

14. Andrew Bird – Break It Yourself
«Time’s a crooked bow, come on, tell us something we don’t know» oppfordrar Andrew Bird. Denne syngande fiolinisten og kontrastmakaren som sannsynlegvis ikkje har granska fasiten på korleis ein poplåt skal skruast ihop, og nettopp derfor lagar betre poplåtar enn dei fleste.

15. John Fullbright – From the Ground Up
Ein ung mann frå Oklahoma, med ei røyst som merkast, og songar som virkar. Countrysongar og andre songar, mang slags songar. Rock av brunstig avstamming, orgel og groove, soul og gospel, fengande gitarrock, og pianoballadar djupt nede i kneståande.

16. Damien Jurado – Maraqopa
Det byrja på Saint Bartlett, hans førre plate. Trubaduren tok eit steg inn i eit romsligare og meir rørsleprega landskap. Han er der framleis. Ikkje milevis unna den folktonen han har gjort oss kjent med opp gjennom åra, men unna. Han kan være elektrisk rockande, smått funky og psykedelisk popduvande. Men alltid Jurado, varmt søkande.

17. Darren Hayman and the Long Parliament – The Violence
Det er 1645, borgarkrigen rår i England, og kvinner blir skulda for å være hekser. Hayman fører den humane og melodiske folkpopen sin inn i sentrum av dette, finn nokre enkeltskjebnar, og gjer det grufulle synlig, gjennom ei ubroten rekke av velbygde songar.

18. Alabama Shakes – Boys & Girls
Med ungdommelig pågangsmot tar bandet soulmusikken med på ein groovy southern rock’n roll tur den berre har godt av. Og i leiarrolla, Brittany Howard. Eigar av ei stemme som tar inderlig eigedom i kvar einaste tone den har omgang med. Ei ekte kraft.

19. Old Crow Medicine Show – Carry Me Back
Dei er dei same helsebringande leverandørane av tradisjonsrike og uforfalska tonar som dei alltid har vore. Med minimal straumtilførsel men dugelig energi grip dei tak i merksemda og syng om fråflytting, heimebrenning, fylleslagsmål, og anna rural moro og smerte.

20. Bill Fay – Life Is People
Sist gong han var her, blei han ignorert. Det er 41 år sidan sist. I lag med fans og gode hjelparar kom han tilbake i år. Og vart ikkje ignorert. Life Is People er som tittelen insinuerar varm og humanistisk. Nokre tiår med livserfaring og djupfølt vørdnad unna den iherdige og tidvis krakilske kampen som utspant seg då han var her som ung.

21. Marissa Nadler – The Sister
Søstera er den sjølvtitulerte plata hennar frå 2011. Stemma hennar er like glasklar, sterk og skjør. Det er ikkje så mykje anna enn hennar eigne gitarplukkande tonar som akkompagnerar songane. Det er nakent og reint, og det dirrar. Og det er vakkert, som Christine og Constantine.

22. Lower Dens – Nootropics
Etter nokre år som soloartist, freakfolkartist, gjekk Jana Hunter inn i rolla som bandmedlem i kvartetten Lower Dens. Og musikken vart annleis. Spesielt på denne andreplata. Den held til i eit drøymande landskap, farga i blått, der kjølig elektroniske tonar har ei framskoten rolle. Med eit groove som tidvis går i krautrock-lei. Og inni der syng Jana, gåtefullt.

23. Hurray For The Riff Raff – Look Out Mama
Eit ungt band som på merkbart vis tar for seg av den amerikanske musikkarven. Frå folklore og country via southern blues til surf-rock. Og plussar på med ein ode til John og Yoko. I den sentrale vokalrolla ei kvinne med røter frå Puerto Rico, Alynda lee Segarra.

24. Shovels & Rope – O» Be Joyful
Eit tospann. Kvinne og mann. Cary Ann Hearst og Michael Trent. White Stripes har vore der. Då var det blues. Desse to tar fatt i tonar av countryslekt. Eit energisk grep tar dei om sakene, og går rett til kjerna. Slikt blir det lite utanomsnakk og visvas av.

25. The Walkmen – Heaven
Det handlar om å ha det bra. Det er det det gjer, på Heaven. Om å finne ein ro, og å ha det, ikkje perfekt, men bra. Om å vere i komfortsona. Langt unna den raude sona dei var i då The Rat vart til. Om dei har tapt noko på vegen hit? Energi? Ungdom? Vel, sånn er vegen. Men seg sjølv har dei ikkje tapt. Dei er framleis eit band å like, eit likandes band.

Damien Jurado – Maraqopa

Standard

Trubaduren tar eit nytt steg inn i eit romsligare og meir rørsleprega landskap.

7

cover

Nothing Is The News er ingen sensasjonell song. Den kjem drivande inn frå eit ørkenlandskap eg har høyrt songar komme frå før. Den ulmar og er lumsk, har eit insisterande groove og psykedeliske vibber. Den er ein heimsøkt og flytande blues med eit apokalyptisk tema. «There’s no where to live, when all that’s been living is gone» syng songaren, og så spelar nokon ein fragmentert og klagande gitarsolo. Nei sensasjonelt er det ikkje, men avgjort verknadsfullt, og ein måte å formidle tonar på eg ikkje forbind så veldig sterkt med Damien Jurado. Elektrisk, rockande. Etterpå, i dei ni songane som fylgjer, kjem han nærare sitt gamle eg, men ikkje heilt dit. Han slepp songane sine meir fri på Maraqopa.

Det byrja på Saint Bartlett, hans førre plate. Det byrja i eit tett kompaniskap med Richard Swift. Ein popfyr som med eit idérikt og Brian Wilsonsk hovud tidlegare har skrudd saman eit par eigne popplater, der han med utgangspunkt i eit nostalgisk tonesyn har skapt noko som har virka stimulerande, og absolutt på sin plass også i våre dagar. Ein ekskursjon ein vel kan seie han no har invitert Damien Jurado med på. Eg kan ikkje sjå, eller rettare sagt høyre, at det på noko vis har gjort skade på den gode trubadur frå Seattle.

Sidan han platedebuterte tilbake på nittitalet har eg opplevd Damien Jurado som ein singer/songwriter eg stort sett har kunna stole på. Med ei røyst i krysningspunktet mellom ein Bonnie Prince Billy og ein Elliott Smith har han gjennom åra levert sin skjerv av gode og tungsindige viser. Då Saint Bartlett kom i 2010 var lydkjeldene fleire, spekteret breiare, og Jurado meir variert. Utan at det virka forsert på noko vis. Snarare høyrdest det ut som eit landskap skapt for Jurado. Eit organisk og varmt temperert sonisk landskap.

Der er Jurado og Swift på Maraqopa også. Ikkje milevidt unna den folktonen Jurado har gjort oss kjent med gjennom åra, men unna. Lengst unna, ved sida av opningskuttet, er han i den smått funky og psykedelisk popduvande Reel To Reel. Nærast opplever eg han er i den mjuke og omtenksame countrysongen Mountains Still Asleep.

I mellomrommet mellom desse blir det servert sikre Jurado-vinnarar som Working Titles og So On, Nevada. Den første er eit oppgjer med ein songar. Lagt i munnen på ei kvinne som står han nær, men som har fått nok. Songaren er kanskje Jurado sjølv. Eller kanskje ikkje. I alle fall, det er ein songar som i fylgje kvinna «mess up my life in a poem» og «have me divorced by the time of the chorus». Eit par handlar det om i So On, Nevada også. Og tilstanden mellom dei to kan neppe seiast å vere ekstatisk her heller. Snarare kan den vel karakteriserast å vere omlag like ferdig som eit bjørkelauv ein novemberdag. Så songaren kuttar like godt banda han, reiser, og gjev ein ytst vag lovnad om å ringe ein gong. Men, legg han til, «don’t call my friends, they won’t answer the phone».

Det er ikkje slik tvers gjennom heile plata. Det blir sunge mykje om eit lys her også, og om ein fridom. I kompaniskap med eit lite barnekor i Life Away From the Garden («all of us light, all of us free»). Åleine blant regntunge tonar i tittelkuttet («it’s where the light can come in … we are free, we are free»). Eller i folkpsykedeliske Neil Young-former i Everyone A Star («free is all we are»). Inne i dette snakket om lyset, eller fråværet av det, og om fridomen, eller det ikkje alltid så lett handterlige med den, anar eg at Jurado slår eit vagt lite slag for ein himmel, og ei tru på ein gud.

Eg nøyer meg med å tru på Maraqopa. Ikkje ei sensasjonell plate, men ei riktig så god Damien Jurado-plate.

Først publisert på Groove.no (i 2012)

 

Damien Jurado – Caught in the Trees

Standard

Introspektive viser med og utan elektrisitet, og ein hit.

7

cover

«How does it feel to be what you sing about?»

Linja dukkar opp midtvegs i songen Coats of Ice. Ein song om ein songar som har hamna på utsida av sitt trygge tilvære. Han likar seg ikkje der. Publikum masar om songar han aldri plar spele. Han vil helst vere ein annan stad. For «you’ll be happy to know the situation is worse». Eit ekteskap har gått under. Hans ekteskap.

«You look like you’d be better dead».

Denne «you», denne songaren, det er Damien sjølv det. Damien som i over ti år, og på nesten like mange album, har fortalt vemodstunge historier om folk som ikkje heilt får det til å fungere. Det har aldri handla om han sjølv. Det har vore oppdikta. Sjølv har han levd eit godt liv saman med kone og familie. No har kona reist sin veg. No lagar Damien songar om seg sjølv. Caught in the Trees har han titulert sin Blood on the Tracks.

Han har ikkje vore åleine om å lage plata. Det har han ikkje vore før heller. Rosie Thomas har jo vore med å harmonert og duettert rett så ofte. Og Eric Fisher har nesten alltid vore der. Med gitarane sine, og keyboardet, og litt anna. Ved førre korsveg, kalla And Now That I’m in Your Shadow (2006), fekk Fisher ei litt ny rolle. Han vart ein del av bandet Damien Jurado. Ein trio. Damien, Eric og Jenna Conrad. Damien stadfestar at det er slik det er no, i avslutningssporet Predictive Living: «Just when you thought you had me pegged, thinking I’m the same, then I go and change, three become a name».

Ikkje berre er Caught in the Trees ei bandplate. Den høyrest ut som ei bandplate også. Meir enn førre gong, synest eg. Kanskje fordi det er meir elektrisitet i gitarane. Men og fordi lyden dei skaper har eit veldig så samspelt vesen. Som sist utvidar David Broecker (bass) og Casey Foubert (trommer/perkusjon) trioen til å bli ein kvintett. På subtilt og gunstig vis.

No er det på ingen måte ei revolusjonerande endring som har funne stad med Damien. Han er ikkje vanskelig å kjenne att. Røysta er den same varme avmålte. Ei kvinnestemme støttar han ein meter bak, Jenna. Melodiane er henta frå det same området han har plukka før. Men tekstane er kanskje meir diktslekta kjensleskildringar, enn dei tidlegare novelleslekta melankolske kvardagshistoriene.

«Like a noise that you hear on return, it’s easy to land but harder to fall». Han prøver å få greie på kva som er hans Last Rights, medan sjalusien og saknet gneg der det gjer mest vondt. Jenna Conrad sin cello understrekar, Nick Drake er ikkje så langt unna, og eit avsluttande mantra er fullt av sårt håp; «should you ever need me to stick around».

«Lord knows I don’t want to compete, but I still sleep in the very sheets he’s been in». Det er ein uuthaldelig verk her. Er det noko anger der? Svelg i alle fall løgnene! Bandet omfamnar Sheets med meir og meir lyd, men songaren, han finn ikkje roen inni der.

Han er fanga i eit mareritt, men han vil ikkje vere der. På eit eller anna tidspunkt må dette livet gå vidare. Så «put you’re best dress on, I’m tired of fighting, let’s take it out on the town, do some old style dancing».

Der det hos Jurado før ofte har vore skildringar av folk fanga i eit tilvære, ein situasjon med få uttalte håp om at lenkene vil bli låst opp, snakkar tekstane denne gongen om ei von, om å kjempe seg laus frå det lammande, og fram i lyset att. Han gjer det utan å bli sjenerande personlig.

Før Damien for alvor byrjar snakke om det personlige, aller fremst i løypa, presenterer han ein song med eit særdeles hektande vesen. Ein merkelig tittel, Gillian Was a Horse. Ein tekst som eg ikkje heilt finn utav. Den fortel om visna kjærleik, om rykter og løgner, om ein konfrontasjon, om ein som dør i krigen og blir ein helt, og om hovudpersonen («the town’s hopeless romantic») som blir funne død på ein parkeringspark nær det lokale biblioteket, utan at det skapar særlig til blest i byen. Det er sannsynlegvis ikkje slikt stoff ein hit veks fram av. Men heime i stova mi er den i alle fall nett det. Ein hit. Trillande barroom piano og smittande countryfargar i eit poprockande bilde. Wilco har gjort liknande saker. Damien er velkommen til å gjere det han også.

Ja, heile Caught in the Trees er i grunn velkommen. Det kan kanskje gjere litt vondt. Men det er bra. Veldig bra.

Først publisert på Groove.no (i 2008)

 

Damien Jurado – On My Way to Absence

Standard

Eit dugande men noko ujamnt album om dunkle kjensler.

cover  Dette er ei historie om dei dovne, dei dugande og dei strålande. Dette er historia om On My Way to Absence.

Damien Jurado har uttalt at hans åttande album handlar om sjalusi. Denne mørke klumpen som ligg på lur i oss alle, og som av og til veks seg altfor stor og dominerande. På eit par unntak nær stemmer nok Jurado sin uttalelse. Det er berre det at han ikkje alltid klarer å gje desse skildringane eit næringsrikt tonefølgje. Eller for å være litt meir presis, songane til den velvaksne karen frå Seattle varierer denne gongen frå det rett så vinnande til det noko tafatte.

Vi startar på botn. Den ordknappe Big Decision byr på syntetisk trommelyd og eit stilleståande melodisk uttrykk. Lion Tamer er melodisk dusinvare. Icicle skildrar kommunikasjonsvanskar og blindt hat, men gjer det heilt utan melodisk dynamikk. Og at velformulerte tekstlinjer ikkje nødvendigvis treng bli stor musikk er Sucker eit godt døme på. Det var dei fire dovne.

Det finst som sagt eit par låtar her som ikkje handlar om sjalusi. Dei skildrar ikkje særleg oppløftande saker av den grunn. White Center er ei usentimental og likefram skildring av eit drap i nabolaget. Konsis i ordval og nennsam i melodisk eskorte. Simple Hello er Jurado som tar ein Neil Young etter å ha høyrt på Jason Molina. Frå same kjelder kjem I Am the Mountain, samstundes som gitarist og produsent Eric Fischer får bandet med seg på eit harvande Crazy Horse-opplegg. Den lealause Night Out for the Downer snakkar om kjensla av å vere «a sinking ship, tied to my lover’s waist». Medan konkluderande A Jealous Heart Is a Heavy Heart har slektskap til I See a Darkness, men utan at Jurado skjær like djupt som Bonnie Prince Billy. Det var dei fem dugande.

Den andre låta ein ikkje kan binde direkte opp mot sjalusi temaet er den vesle tonesterke og poetisk treffsikre visa Fuel. Aleine med sin akustiske gitar syng Jurado sårt og nådelaust om den unge mannen som vender tilbake til heimstaden og mora for å finne tilgjeving for noko som skjedde år tilbake. Grunnen er nokså ustabil under hovudpersonen i Northbound også, som er åtte vakre linjer i eit varleg Nick Drake-lende gjort på 1 minutt og 38 sekund. Høgdepunktet er nok likevel Lottery der Rosie Thomas bidrar med utfyllande harmonisong. Ei låt Damien hevdar har sprunge ut av tårene til enka til fyren han syng om. Ein uheldig fyr, men om det er han eller forteljaren som er den usympatiske vert eg ikkje klok på. Eit glødande og briljant fasettert nummer er det i alle fall. Det var dei tre strålande.

Ei svale gjer ingen sommar heiter det. Hmmm, det gjer nok ikkje tre heller.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)