Tag Archives: Jason Molina

Musikalsk årsoppgjer for 2006

Standard

Jodå, 2006 har vore eit dugande musikk-år, det. Så når den sedvanlige årslista skal skjærast ned til dei vanlige ti, er det minst like mange som står igjen utan at eg har noko god forklaring på kvifor dei står der, og ikkje her. Det minste eg kan gjere er å nemne dei: Band Of Horses (Everything All the Time), Joanna Newsom (Ys), Calexico (Garden Ruin), Willard Grant Conspiracy (Let It Roll), Espers (Espers II), Richard Swift (Dressed Up For The Letdown), Bonnie Prince Billy (The Letting Go), The Black Angels (Passover), Rosanne Cash (Black Cadillac), Margot & The Nuclear So and So’s (The Dust of Retreat), Oakley Hall (Second Guessing), Lambchop (Damaged), Pink Mountaintops (Axis of Evol), Nina Nastasia (On Leaving).

Og så er det alle dei eg ikkje har høyrt då. Det finst garantert ein del gull der også. Nokre norske det har gleda meg å bli kjent med bør vel også nemnast. Ein av desse burde kanskje fått plass blant namna over. Vel, vel, eg gjer som Ballade, her er ti frå heimlandet:

1. Thomas Dybdahl – Science
2. Tellusalie – Is The Outside Still There?
3. Number Seven Deli – Seconds
4. Huntsville: For the Middle Class
5. The Low Frequency In Stereo – The Last Temptation of…
6. Motorpsycho – Black Hole / Blank Canvas
7. Girl From Saskatoon – This Is Only the Beginning
8. Roy Lønhøiden – Sanger Fra Skogen
9. Einar Stenseng – Einar Stenseng
10.The Captain & Me – Automata

Så var det hovudlista då:

10.Absentee – Schmotime

Ein platedebuterande engelsk kvintett med ei hengslete og energisk innstilling som diskar opp med låtar støypt i kjente former, der rockdosen er større enn popdosen, men begge dosane er viktige. Omtrent som om dei skulle vere Screaming Trees trakkande rundt i Magnetic Fields, med The National dansande på eit Pavement like ved. Det heile blir gjort med overmannande melodisk slagkraft.
Hovuddelen av æra skal kanskje gå til låtskrivar og vokalist Dan Michaelson. Ein fyr som har sekken full av kløktig formulerte og interesseskapande skildringar. Skildringar han forkynner med ei røyst som opererer i dei djupaste og mest røykskada delane av det menneskelige stemmeregister (som ein fusjon av Leonard Cohen og Mark Lanegan). Han introduserer seg slik; «In my life I have been known, to bring home more troubles than I’ve solved». Han gjer ingen forsøk på å finne løysingane i løpet av Schmotime. Og takk for det.

9.Neko Case – Fox Confessor Brings the Flood

«I’m holding out for that teenage feeling,» syng Neko Case midt inni her ein stad, som om ho var ein raudhåra Blondie. «The most tender place in my heart is for strangers» syng ho ein annan stad, med eit rufsete og stødig The Sadies som støttespelerar. «It’s not for you to know, but for you to weep and wonder,» syng ho på Patsi Cline-vis i tittelsporet, forsøksvis støtta av ein Howe Gelb som krafsar fram nokre kaktus-slekta gitarlinjer frå sidelinja.
Ein ukrainsk fabel om den hjertelause reven i skriftefar-drakt som lurer den naive ulven, er utgangspunktet. Den flokete kjærleiken, galskapen og nådestøytet er fortsettinga. Margaret vs Pauline, ein spurv vs ein hauk, liv vs død, og døyparen Johannes i full revelation-mondur møter opp til kamp.
Det er smygande, svingande, sveisent og sensuelt. Og det er poengtert, raffinert, minimalistisk, og ikkje minst ei klangfull og treffsikker røyst.

8.Pernice Brothers – Live a Little

Joe Pernice er brødrelaget si ryggrad og udiskutable pater familias. Ein låtskrivar og songar av stor nåde. Med sin tydelige anglofile legning som fremste kjenneteikn serverer han for femte gong i broder-samanheng ein raffinert poprett.
Gitaren er der nesten alltid, men klorar aldri ifrå seg i tøyleslause former. Tangent-forårsaka tonar kling eller svevar rundt. Rytmikken er gunstig, og strykarar har ein tendens til å dukke opp på dei riktigaste stader. Inni dette soniske bildet deponerar så Joe sine små vemodstunge, beiske, desillusjonerte, miserable, hatske, lengtande eller bedande tekstlige framstøyt.
Eg skal ikkje her og no hevde at Live a Little sto fram i salig drakt allereie i første runde. Joe gjer det ikkje på den måten. Han gjer det med tonar som kjem smygande over tid. Etter tre rundar byrjar ein kanskje å fatte mistanke. Etter to til er kapitulasjonen sannsynlegvis eit faktum, og ein er endå ein gong fanga i Joe sitt finmaska garn av intrikate, naturlige og utvungne poptonar.

7.Shearwater – Palo Santo

Det er folkrock. Folkrock som i tone og vesen nok lener seg sterkast mot den engelske tradisjonen. Men det er meir enn som så, langt meir. Skulle eg komme drassande med nokre referansar, ja så vil Spirit of Eden (Talk Talk) og Amsterdam Stranded (Midnight Choir) vere to nærliggande albuma å trekkje fram.
Hudlaust og desorientert, luftig og truande, der fundamentet er vakre og vanedannande melodiske løysingar framifrå kolorert med organiske lydmotiv. Meiburg si stemme kan dirre på kanten av å breste, som den skjøraste streng, for så nokre takter seinare å kaste seg inn i kampen med frenetisk styrke. Av og til er den klar og tydelig andre gonger skeiner den ut i utydelig uttale eller druknar og blir til ein bit av den instrumentale strukturen.
Det er både varleg og voldsamt, men framfor alt er det vakkert.

6.Jason Molina – Let Me Go, Let Me Go, Let Me Go

Omslutta av eit nesten ugjennomtrengelig mørke sit Jason Molina heilt åleine og manar «a desert spirit» frå baksida av sine attletne auger til å kalle fram scener frå dei siste timane før undergangen. Den lystrar.
Ugla gaular «pain, pain, pain», ulven utafor døra er mett på blod, og det regnar, og det regnar, «forever».
Her, frå utsida av livet, der dei fleste lydar står stille, går hans kjenslevare stemme tett på mikrofonen. Lyden av ein akustisk gitar eller eit piano klunkar lengre unna, nennsamt. Heilt til tittelkuttet kjem for å konkludere. Då høgg sylkvasse elektriske gitarlinjer seg gjennom mørket, gjennom smerta, bakom einsemda og inn i sjela på den fortapte; «let me go, let me go, let me go, so I can wait behind».
I sanning hudlause tonar og mismotet sin poesi. Det set avgjort sine spor.

5.Fionn Regan – The End of History

Så veldig mykje meir enn Fionn Regan si røyst og hans gitar er ikkje å høyre. Det trengst ikkje heller. Han er sannsynlegvis den mest interessante nye singer/songwriteren eg har høyrt sidan Elliott Smith. Han plukkar og jagar rundt på gitarstrengene i beste Nick Drake-ånd, og han syng med ei myndig og varm stemme. Litt hjelp får han rett nok, på nokre av spora er det trommer og bass, på nokre litt nennsam støy og sus langt bak, og på nokre ein fiolin, ein bratsj og ein cello.
På tekstplanet fylgjer han ikkje dei ordinære «mann-med-gitar-og-vemod-i-sinn» spora. Han presenterer sjølvskapte bilde, originale formuleringar og mystiske metaforar. Saker ein ikkje er ferdig med i første runde, men som nappar og utfordrar også i den tolvte runden.
Det er eit debutalbumet, og han kallar det The End of History, men eg er sikker på at han berre køddar med oss. For denne fyren har ikkje sunge sin siste song, denne fyren må berre ha meir på hjerta, mykje meir.

4.Vetiver – To Find Me Gone

Andy Cabic og hans Vetiver har spelt mykje i lag med Devendra Banhart, og har såleis fått plass i den etterkvart nokså overfylte båsen av freak-folk aktørar. Men lyden av To Find Me Gone oppfattar ikkje underteikna som spesielt freaka eller psykedelisk. Vetiver sine tonar har vel eit meir fordringslaust og drøymande preg over seg. Utan at dei blir karakterlause av den grunn, slett ikkje. Dei blir ført med ei lett hand og ei slørete røyst, og kjem dansande mot ein i luftige former (enten dei blir spelt av gitar, strykarar, perkussive tingestar eller anna).
Eg har ingenting imot å bli med i den dansen. I alle fall ikkje når den trer fram i slik ein melodivinnande skapnad som den gjer her. Tre låtar er eg blitt spesielt glad i. You May Be Blue med sitt Neu! i folkform groove, og si nydelige gjentakande gitarlinje. Frå same attraktive tonedistrikt som John Sebastian til tider var innom har Cabic henta den vakre og forsiktig kledde visa I Know No Pardon. Medan Red Lantern Girl sitt hyggepsykedeliske mønster blir utsett for eit effektfullt og to-minuttar langt el-gitar angrep i siste fase.
Definitivt eit bra selskap å gå seg vekk i.

3.Yo La Tengo – I Am Not Afraid of You and I Will Beat Your Ass

Kontrastfullt, eklektisk og sjangerignorerande det er Yo La Tengo det. Denne gongen nesten meir enn nokon gong før. Innramma av to lange låtar der gitaren søker psykedeliske fargar, fridom, fuzz og poesi. Den første med eit fokusert Neu-groove, den andre stukar rundt i nabolaget til Sonic Youth. Mellom desse får ein servert det meste. Blåsarpynta poptonar, skranglete popturar, tungsindig kammerpop, dundrande punkabilly, piano-pirra funk og smålat countryjazz. Georgia Hubley dreg ein på ei chanteuse sitt vis inn blant lengtande tonar i skumringstime-balladen I Feel Like Going Home. For så å vokalisere blant eggande handslåtte trommer, ein grom bass, spretne fløyte-liknande tonar og eit funky orgelbrus, nokre nummer seinare i The Room Got Heavy.
Med I Am Not Afraid of You and I Will Beat You Ass utfordrar Yo La Tengo i kanskje større grad enn nokon gong før ideen om eit album som eit stringent vesen. Det er bra. Eg elskar dei for det, og eg elskar dei for alle dei fabelaktige låtane dei gjer det med.

2.Simon Joyner – Skeleton Blues

Ein kan gripe Simon Joyner i å stadig vekk lene seg tett opp til tonar, tematikk, fraseringsmåtar og soniske vegval andre har prøvd seg på før han, det vere seg Dylan, Van Zandt, Cohen eller Velvet Underground. Men ein kan ikkje gripe han i, i alle fall kan ikkje eg det, å dvele ved det uinspirerte, det uvesentlige eller det middelmåtige. For i dei retrospektive tonane hans er det ein evigvarande gnist, ei naken kraft og ein gnagande uro som nektar det meiningslause og det grunne handlingsrom. Heile den svingete og mørklagte vegen frå første truande gitartone i Open Window Blues til siste lyriske klunk av My Side of the Blues.
Den akustiske gitaren er til stades i kvar låt, men den får ofte drahjelp av den elektriske fetteren sin, som både snor seg, lirkar og brenn. Steelgitar-render kjem også av og til sigande, og poengterte og subtile pianotonar smett innom og drar sin veg.
Skeleton Blues er countryrock frå baksida av stadion, blues frå ein dysfunksjonell avenue, og folkrock med klør frå ei sjel som blør. Det er dvelande og langsamt, det er brennande og rotlaust. Det er den ustødige dansen på ein «shifting pile of skeletons».
Det er skummelt vakkert.

1.Oakley Hall – Gypsum Strings

Dei er seks. Dei bur i New York. Dei har vore på Sunset Grill. Der ba dei ikkje forsiktig om ein plass ved bordet. Dei tok bordet, og disken, og golvet, og veggane, ja heile lokalet med. Og dei snudde det opp ned, og dei sette fyr på det.
Sånn kan det gå når ein inviterer eit band oppkalt etter ein kultforfattar frå California på eit måltid med Gypsum Strings, og i tillegg legg opp til at dei skal få lov til å vere uforsiktige i sin omgang med country- og folktonar.
Då Pat Sullivan tok farvel med sine medsamansvorne i det støyande og psykedeliske Oneida, starta han ganske fort opp Oakley Hall nettopp for å kunne manøvrere seg nærare country og folk-tonane. På sine to første album, eit sjølvtitulert frå 2003 og Second Guessing frå tidlleg i 2006 (den burde vore inne på lista den også ja), heldt dei seg stort sett på stiar Grateful Dead, Rolling Stones og Flying Burrito Brothers hadde tråla før. Dei dansar seg ikkje inn i eit heilt uutforska villniss i sitt tredje framstøyt heller, men dei skrur opp volumet og angrip tonane i eit fargerikt psykedelisert og trippeleksponert gitarelektrisk mønster som på skittent og hengslelaust vis meir enn lever opp til Volume Rambler-lovnaden frå andreplata.
Dei er fire menn og to damer. Rachel Cox har den vokale hovudrolla på nokre kutt og bringer då på banen konturane av ei Fairport Conventon-med-Sandy Denny kjensle. Ved eit par høve, for å dempe inntrykket litt, lar dei banjoen få spela hovudrolla. Men altså, det er i spora der dei set fyr på sine syredrenerte strengebeist at dei verkelig fører arven etter Hank Williams inn på eit uimotståelig villspor. Og aller best er låtane der Cox og Sullivan stiller seg side ved side og med løpsk samsang sender yrskapen sine sprudlande bobler oppover ryggrada mi.
Noko som minner sterkt om årets låt kjem når gjengen kastar seg over Lazy Susan på brunstig og harmoniskarpt vis for å stille det sentrale spørsmålet; «what you doin» in your garden». Og langt fleire enn to av dei resterande 8 spora er sterke opponentar til tittelen.
Så då, då må vel Gypsum Strings bli årets hovudrett då.

Holy Sons – I Want to Live a Peaceful Life

Standard

13 små spor, i eit fredfullt og litt ulendt lo-fi folk-landskap.

cover  Rundt omkring i alskens hjørner av verden sit det folk med ulikt ambisjonsnivå og spelar inn musikk. Manglande interesse, kontaktnett og/eller sjølvtillit gjer sitt til at stoffet sjeldan når særlig langt utanfor soverommet. Oppe i Portland, Oregon har Emil Amos sidan tidleg på 90-talet drevet med slike ting. Og det er nok ikkje så mange, underteikna medrekna, som har fått med seg det han har gjort. Men i tillegg til at han har traktert henholdsvis gitar og trommer i lokale band som Pseudoxis og Grails, har han sitt eige vesle einmannsforetak med det litt forvirrande navnet Holy Sons. Forvirrande fordi fleirtalsformen på navnet skulle tyde på at det var meir enn ein involvert. Etter seiande har imidlertid ikkje det vore tilfelle på mannen sine tre første heimelaga utgjevingar.

I Want to Live a Peaceful Life er Holy Sons sitt fjerde album. Og denne gongen har Emil, i tillegg til at han har lagt største delen av innspelingane til eit proft studio, og involvert ein mann, Timothy Horner (Grails), til å plassere litt lyd frå strykarar her og der. 13 spor, stort sett i eit lo-fi folk-landskap, er det Holy Sons presenterer. Instrumenteringen er sparsommelig men vanligvis effektfullt anretta. Så sjølv om det heile har ein litt vindskeiv og søvnig framtoning sit ein med ei kjensle av at ting ikkje er tilfeldig, og at det ligg gjennomtenkte idéar i bunn av det heile. Utan at alle idéane er like vellykka.

Fem av spora har Emil gjort heime åleine. Best av desse er Desire, den låta her som har soleklart mest sting i gitarlyden, ikkje heilt ulikt Ragged Glory-era Neil Young. Ein mann som og dukkar opp i tankane fleire andre stader her, kanskje mest fordi Emil av og til styrer stemma si over i falsettleie, men og fordi nokre av visene hans har sine vage slektningar hos den meir akustiske Young. Som på den smått jazzige Family Man, eller i dei litt meir psykedeliserte tilfellene Spirits High og All the Wrong Things. Medan nydelige Getting Old varierer mellom baritonsang à la Stephin Merritt og skjøre falsett-tonar. Høgdepunkta på plata er dei to låtane som rammar det heile inn. I åpningssporet Trivialized kan Emil minne om ein litt vimsete Jason Molina, ledig og melodisterkt. Når ein kallar seg heilage søner er det avgjort passande å lukke boka med eit Amen. Ein låt som startar med Emil sin langsomme sang i front og ein gitarlyd i det fjerne. Plutselig smell gitaren og tromma inn heilt i front medan vokalen må tre eit par meter attende. Seig, litt vridd og fin dynamikk.

Jodå, han har absolutt fascinerande saker for seg, der han tuslar rundt med nennsomme skritt i sitt brokete folk-landskap. Sjølv om han nok har eit par elver å krysse før han kan måle seg med musikalske slektningar som Bonnie Prince Billy og Hayden. Men eg har ei kjensle av at han med denne plata er i ferd med å tre ut av eit idérikt skisse-landskap og inn i eit meir fullbrakt territorium. I tilfelle får vi håpe at det skjer utan at noko av spenninga druknar på vegen, for då kan det være snakk om rett så attraktive lytteopplevelsar bak neste knaus.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2003