Monthly Archives: februar 2015

Father John Misty – I Love You, Honeybear

Standard

Uvanlige kjærleikssongar i eit faderlig sterkt folkpopmelodisk famntak.                    

Bilderesultat for father john misty i love you honeybear  Denne plata hadde ikkje skjedd utan at Josh Tillman hadde tatt ein tur til Laurel Canyon Country Store ein dag. Dagen etter ein fest, med gjenklangen av dårlig vin i både skalle og gane. Han skulle ikkje ha noko anna enn ein kopp kaffi og ei pakke sigarettar. På parkeringsplassen utanfor rann han inn i ei ung kvinne han hadde sett eit par gonger før. «I’ve seen you around, what’s your name» spør han, og flyttar ein sigarett frå pakke til munn. «Emma» svarar kvinna. Nokre år seinare er dei to gift. Nokre år seinare har Father John Misty laga ei plate der dette forholdet er sentralt, og gitt den det banale namnet I Love You, Honeybear.

All ’cause I went to store one day.

Dette er altså ikkje på nokon måte Blood On the Tracks, men det er ikkje den direkte motsatsen heller. Platetittelen kan nok få ein til å tenke at her kjem ei sentimental innsirkling av den store kjærleiken, full av flosklar og pinlege deklarasjonar. Og jo, erklæringar som gjer til kjenne djup kjærleik til ei heilt spesiell kvinne dukkar opp. Og ja, det kjem utsegn undervegs som har element av det pinlege i seg. Men først og fremst blir det heile vevd inn i eit nett av kontrastar, surrealisme og hardkokt realisme som gjer at det samla resultatet handlar om nyanserikdom og ordmanøvrering av høg klasse.

Oh Honeybear, Honeybear, Honeybear
Mascara, blood, ash and cum
On the Rorschach sheets where we make love

Plata si opningslinje kan vel seiast å ikkje vere heilt som opningslinjer flest. I tillegg har den i seg alle dei tre elementa eg nettopp nemnte. Først i form av kontrasten mellom den søte kosedyrmetaforen og realitetens ubønhøyrlege flekkar. Når Misty så i neste andedrag presenterer eit Rorschach-laken som ein del av bildet, får han på plass litt surrealisme også. Kor vidt det finst noko slikt som eit Rorschach-laken er eg ikkje kjent med, det kan det godt hende det gjer. Det som heilt sikkert finst er ein psykoanalytisk test som blir kalla Rorschach-testen. Der pasienten ved hjelp av å assosiere kring nokre blekkflekkar skal komme i kontakt med sitt umedvitne sjeleliv. Så kan ein jo her då, i samband med denne avgjort fantastiske songen, surrealisere over kva Misty meiner med å plassere elskhugens flekkar i nærkontakt med ein test av det dulgte sjelelivet.

Korleis ein skal forstå forholdet mellom Josh Tillman og Father John Misty høyrer også til i dei meir surrealistiske sfærar. Med andre ord er det ikkje heilt til å forstå. Men det har i alle fall fått fram stoff i denne Tillman som ikkje kom fram tidlegare. Som ikkje var der då han som J. Tillman gjorde plate etter plate (sju stykk) som tungsindig trubadur. Ikkje det at dette er plater som fortener å bli snakka ned. Songar forsynt med ein dugande injeksjon av Nick Drake og Townes Van Zandt skulle jo ha stoff i seg til å skape interesse. Og gjer det, men utan at J. Tillman som ein særeigen artist skin skikkelig igjennom, eller vart oppdaga av så veldig mange velvillig innstilte lyttarar. Så han livnærte seg som trommeslagar for Fleet Foxes i tillegg. Til slutt forsvann den siste gnist, og han drog sørover. Frå Seattle til Los Angeles. Eit utal rusopplevingar, og nokre syner, seinare vakna så hans musiske sjølv oppatt som Father John Misty. Fear Fun blei skapt. Ei plate full av faen, bisarr humor, dunkle drifter og ein vitalitet som ikkje kan sporast tilbake til noko fyren hadde føretatt seg tidlegare. No viser det seg at han hadde meir enn ei plate av slikt kaliber i seg.

Father John Misty performs at the Coachella Music and Arts Festival. Photo: Luis Sinco / McClatchy-Tribune News Service / Los Angeles Times

Jonathan Wilson er som sist den store medhjelpar. Tilliks med Misty har han eit sterkt forhold til Laurel Canyon, og saker som svirra rundt i lufta der for ein førti-femti år sidan. Fear Fun var sterkt farga av det. I Love You Honeybear er absolutt ikkje mindre farga av det. Slik har plata altså sine linjer tilbake til det som har vore (kva plate har no eigentlig ikkje det forresten?). I den samanhengen kan eg jo komme drassande med eit par vanlege skuldige: Gene Clark, Harry Nilsson. Men det er ikkje så viktig. For dette er ei plate som først og fremst, ja eine og aleine, kallar på interesse for det den er, for det den gjer, og på ingen måte for det den slektar på.

Sonisk sett er I Love You Honeybear ei meir kongruent plate enn Fear Fun. Vi møter denne gongen ein Misty som har samla seg. Som driv i ein retning. Ein folkpop-retning der strykarar har ei aktiv rolle, der varme og smidige vendingar blir gjort til ei hjertesak, og ustoppelig melodisk briljans er sjølve varemerket. Enten greiene blir mariachi-drapert (Chateau Lobby # 4), kjem som orgelkrydra countrysoul (When You’re Smiling and Astride Me), tar eit groovy tak (Ideal Husband), er ein pianoballade (Bored In the USA), eller eit synthbasert popnummer (True Affection). Så grøderike er tonane her at dette hadde ført til full omfamning om så den tekstlige biten hadde vore fantasilaus svada. Kva då når den ikkje er det? Kva då når den er den rake motsatsen til nettopp det? Då er ein vel der oppe i lendet blant dei fullkomne platene då, er ein ikkje?

Men Josh Tillman er ikkje fullkomen. Verken som mann eller kjærast. Og rundt seg ser han andre ufullkomne. Kledd opp som Misty syng han om det. Sirklar inn sanninga med ein diktars fulle fridom, og treff sannsynlegvis både den eine og den andre heime. Han har anlegg for det kyniske, han kan vere sarkastisk og snerre frå sidelinja, men han kan også blottstille kjensler og plassere seg sjølv ganske så avkledd i lyset.

No er det slik fatt med meg at eg ikkje har komme fram til ei fullstendig og endelig forståing av songtekstane på plata. Eg er vel også av den oppfatning at det kjem eg aldri til å gjere, og at det er best slik. Ta no Chateau Lobby # 4 (In C for Two Virgins) til dømes, ein song som ikkje berre talar med ei tunge, som skildrar både varleg kjærleik, uhemma begjær og ugudelig åtferd. Parentesdelen av tittelen kan kanskje vere eit nikk til Lennon/Ono si eksperimentelle plate Two Virgins (den med eit cover av dei to splitter nakne). Men meir sannsynleg referer det til at songen omtalar den første kjærleiksakta mellom Emma og Josh som deira aller første av det slaget – «I’ve never done this, baby be gentle». I neste omgang handlar det så om å gjere det røft på kjøkkenet med bryllaupskjolen, som nokon sannsynlegvis er blitt drepen i, løfta godt oppunder livet. Og det etter at songaren innleiingsvis har teikna fylgjande bilde av seansen: «Emma eats bread and butter like a queen would have ostrich and cobra wine, we’ll have Satanic Christmas Eve».

Eg er heller ikkje sikker på kva Strange Encounter handlar om, men eg trur det kan vere frigjering. Frigjering frå formålslaus fridom. Eller «so free and too easy, giving it away» som det så fengande blir uttalt i refrenget. Dette å vere i eit frigjeringsmodus anar eg for så vidt konturar av i fleire av songane. Frigjering frå sin eigen historie, frå ein angst for intimitet og frå ei skamkjensle. Det er mykje begjær som kjem til uttrykk i songane, både som ein del av djup kjærleik, men og som berre begjær. I tillegg blir det innimellom opponert litt mot religiøse førestillingar. I så måte opplever eg at plata har eit visst slektskap til Philip Roth sin klassiske roman Portnoys Besværlige Liv. Der Alexander Portnoy i skriftemålsform til sin terapeut på eit nådelaust sjølvransakande og til tider ustyrtelig morosamt vis fortel om sin strabasiøse kamp for å frigjere seg frå sin jødiske bakgrunn, og få kontroll over sine sexfiksjonar, sin uhorvelige appetitt på kvinner og sin intimitetsflukt. Ein fyr som Father John Misty nok kunne ha skildra som ein «aimless, fake drifter and the horny, man-child, Mamma’s boy to boot». Forresten nøyaktig dei same orda som blir brukt om Josh Tillman i songen When You’re Smiling and Astride Me.

        

Josh Tillman vaks opp i ein strengt kristen heim. Han fortel at det tidleg grodde fram ein skepsis i han. Han fortel om seansar med djevelutdriving, og legg lakonisk til «mine would never come out». Illustrasjonen på platecoveret viser ein unnselig og naken Father John Misty i armane til den trygge jomfrua, framfor ein stall, med all slags beist luskande rundt omkring. Eg har allereie nemnt hans ytring om ein satanisk julekveld. I frå det stadig like funklande fantastiske tittelkuttet klarar eg heller ikkje å la fylgjande stå usitert:

You’re bent over the altar and the neighbors are complaining
that the misantrophes next door are probably conceiving a Damien

I det sentrale nummeret Holy Shit ramsar Misty opp verdshistoria i utvalt stikkordsform, for så å undre seg over korleis det store perspektivet står i relasjon til det vesle private perspektivet. Med poetisk diksjon og i ein viss orden nemner han (mellom anna): «Original sin … dead religions … age-old gender roles … satirical news … free energy … loveless sex … happiness … incest dreams … planet cancer … online friends». Før han til slutt stiller spørsmål med sjølvaste kjærleiken. «Maybe love is just an economy based on resource scarcity» spør han seg. Men grip i neste andedrag inn, grip ganske så inderlig inn og konkluderar slik: «But what I fail to see is what that’s got to do with you and me».

Frå dagane før Josh trefte Emma har Misty tatt med to songar. Begge for så vidt minst like imponerande som titlane skulle tilseie. Nothing Good Ever Happens at the Goddamn Thirsty Crow er ein sak som frontar eit noko illusjonslaust syn på tilværet – «You may think like an animal, but if you try that cat-and-mouse shit you’ll get bitten, Keep moving». Medan The Night Josh Tillman Came To Our Apt. er ein heller sarkastisk orientert countryrock-rakkar. Frå den slår an tonen med linja «I just love the kind of woman who can walk over a man, and I mean like a goddamn marching band» til songaren kjem med spydige utsegn mot kvite kvinner som syng med ein «soulful affection». Han er ikkje vidare nådig i Bored In the USA heller, den songen på plata som sannsynlegvis handlar minst om Tillman, og meir om overforbrukssamfunnet, dilletantsamfunnet og pillesamfunnet. «Keep my prescriptions filled … Save me president Jesus, I’m bored in the USA».

På Father John Misty si andre plate er det imidlertid lite, for ikkje å seie nothing og ingenting, som kjedar. Her lever kontrastane i beste velgåande. Behaget eksisterer side om side med ubehaget. Uroa luskar i fotspora til roa. Smektande strykarar er ikkje garantistar for at fred og fordragelegheit er neste stasjon. Men det vakre er skånsellaust vakkert, og eg har kapitulert.

9/10

Tønes – Vindbrest

Standard

Gjenkjennelig surrealisme og underfundig realisme, slik berre Tønes gjer det.                           

  Det er slett ikkje morosamt å ha skabb. Eg seier det ikkje fordi eg har førstehandskunnskap om det (for det har eg ikkje). Eg seier det fordi det jo ikkje er spesielt vanskelig å tenke seg til det. Det klør noko jæklig har eg høyrt, og ser ikkje spesielt stilig ut. Altså ikkje noko å synge spesielt høgt om skulle ein tru. Tønes syng likevel han, om Då Runar Fekk Skabb. Og ei ganske så trist historie er det  blitt, om ein gut som nok ikkje hadde så mange venner, og som vart altfor lite sakna då han var heime frå skulen med denne kløen og desse utsletta. Så er det at innimellom her, utan at opphavsmannen tyr til store fakter, blir det vevd inn underfundige linjer og vendingar som gjer songen til noko anna enn berre å vere ein trist ein, den blir morosam også. Høyr, eller les, eller glytt litt på dette her til dømes:

Folk e så forskjellige
Någen må alltid øvedriva
Andre veid ikkje heilt koss de ska reagera
Tante Ingrid for eksempel
Tåle ingenting før hu begynne å grina
Heldigvis va hu i Amerika

Då Runar fekk skabb
Då Runar fekk skabb

Nett slik er i grunn mitt hovudinntrykk av heile plata, av heile Vindbrest. Den er ikkje spesielt morosam, men så er den det likevel. Litt mørkare til sinns enn ei gjennomsnittleg Tønesplate (kva no det måtte vere), men så avgjort med eit skjelmsk lite blikk på lur.

I 2012 vart det slik at Tønes tok steget frå å vere passelig kjent i Rogaland til å bli ein kvardagssurrealismens skald for heile landet. Det er jo slikt som fort kan skje når ein lagar ei vise om å ville gå og legga seg, eller ein syng om misunnelige blikk som vert kasta over mot naboen. Og i alle fall når det blir gjort på eit både løye og djupsindig vis. Song etter song hos denne Tønes, både på 2012-albumet og tidlegare album, har nemlig tekstar som i all si pussige prakt viser fram ei storveges innsikt i det menneskelige sinnelag. Vindbrest representerer ikkje noko unntak i så måte.

Det er desse tekstane som jo har vore den fremste greia med Tønes. Han finn historier der ingen andre oppdagar historier, han finn rim der dei færraste ville ha trudd det fanst eit rim, og han puttar dei i melodiar som tidvis nesten kan virke litt keitete (medrivande keitete vel og merke). Men det siste der, det med melodiane, opplever eg at har endra seg litt på dei to siste platene. Kanskje kan det ha noko med popmaestro Frode Strømstad (I Was A King) å gjere, og hans rolle som produsent. Ikkje veit eg, men det har då blitt litt meir popdrag over sakene til Tønes, har det ikkje? På Vindbrest endå litt meir enn på Sån Av Salve. Og det gjer i grunn ingenting.

Det gjer sjølvsagt ingenting at Dråba i Sjøen er ein melodisk godsak, med reinslege tonar og subtil godkoring frå Anne Lise Frøkedal. Ja finst det ein vakrare song der ute om bading og kjærleik enn denne? Mulig, men ei saumfaring av mitt ikkje lenger like stødige minne har i alle fall ikkje resultert i nokon funn. Ikkje klarar eg å finne fram til så uhorvelig mange songar om sakn som er vakrare enn visa om Tordis, Gustav og Andre Savn heller. Og om sakn finst det mange songar, sikkert nokre millionar. Tønes klarar sjølvsagt å lage ein som ikkje liknar spesielt mykje på nokon av dei. Med melankoli i tonefallet vert eit sakn etter det som eingong var formidla. Og då er det jo like naturleg å trekke fram den gamle stygge sofaen og bilen som til slutt hadde køyrt over for mange humpar, som det er å minnast rotet som flaut, planar som blei lagt og latter som blei ledd.

Apropos latter. Latteren som boblar litt nede i magen når den tilsynelatande muntre songen Sprøe Svor dansar av garde med raske steg blir etter kvart sittande fast i halsen. For når svoren ikkje blir sprø går han far amokk med ein stokk. Det gjer ikkje hovudpersonen i Grett å få Besøg. Men det kokar nok i skallen hans. For når middagen er servert, eller støvsuginga nett er unnagjort, eller sofafreden kallar, eller dei som ringer på døra er irriterande individ av ulikt slag, ja då er det ganske så ugreitt å få besøk. Slikt eit tema er jo midt i siktelinja for ein Tønes-song. Ein sarkastisk og god Tønes-song.

Ei og anna sarkasme kjem også til uttrykk i den semiepiske låta Antikkmesso på Figgjo. Ramma er ei velkjent ei: Mann møter kvinne, kjærleik oppstår, trøbbel kjem, mann og kvinne går kvar til sitt. Men Tønes si historie er sjølvsagt noko litt for seg sjølv. Eit av versa lyde slik:

Og det skar seg mellom meg og faren
Han rygde inn i min bil så sto parkerte
Så kjørde han bare vidare
Og då eg traff an kjende han ikkje te det
Hadde jyst finge an atte frå EU-kontroll
Det va rett før eg tydde te vold

Tønes vier også ein song til løgna. «Me lyge, me lyge, me lyge, det he me alltid gjort» lyde omkvedet i Lygn og Lort. Mindre løgner og større løgner blir ramsa opp. Nokon lyge om oppskrifta på fleskepannekaker, andre lyge om bistand og miljøhensyn. Eg har i grunn mannen mistenkt for å meine at det siste er verre enn det første. For eg høyrer han også på sitt mest alvorlige synge om ein lengt til naturen «sånn så de va meinte te vær», i avslutningsnummeret Villspor. Songen kan sikkert tolkast på fleire måtar, eg opplever den som ei varleg hyllest til jorda, eit levelig klima, og «åpne arma, åpne arma».

Alvor og skjemt, tragedie og oppstandelse, melankoli og små gleder. Det går i hop på Tønesvis. Eg smiler og eg grublar.

8/10

The Switch – B for the Beast

Standard

Der popen blir innhaldsrik, kaleidoskopisk og skikkelig påskrudd.                                             7

  Det er ein annan brytar som er blitt skrudd på denne gongen. Big If heiter det knapt eitt år gamle debutalbumet til Oslobandet The Switch. Eit popalbum som både omfamna mjuke poptonar med ein god bit av vestkyst i seg og poptonar med litt meir power i seg. Unntaksvis skeina det også ut i kortare utflukter mot frodige marker med eit psykedelisk jordsmonn, som i høgdepunktet Getting Water To Float. Men den overordna ordninga var eit fokus inn mot den straighte pop(rock)låta. Det er ikkje heilt slik her på album nummer to. Her har dei likså godt slått leir ute på dei frodige markene, og lar poptonen skine i lys av fargane som gror der.

Stoffet som fyller opp B For the Beast stammar visstnok frå demo-innspelingar gjort før debutalbumet blei spelt inn. Men eg har no mest lyst til å betrakte det som neste skritt på vegen eg då. For eg liker denne plata betre. Det skjer nemlig meir på denne plata, det blir tatt fleire sjansar. Lyden er større, bildet er større, samstundes som sakene har eit meir rastlaust og upolert preg. Sekstitalstonen, både den frå Stillehavskysten og den frå jordbærmarkene i Liverpool er tydelig til stades. Men er pakka i eit lydbilde av prog og psych som ikkje har ei like opplagt stad- og tidfesting ved seg.

Don’t Go to Revolver er tittelen på eit av dei aller beste spora på plata. Revolver i denne samanhengen er rockeklubben i Oslo, som bandet har ei nær tilknyting til. Songen er sjølvsagt ei kjærleikserklæring til klubben og inga eigentlig åtvaring mot å gå dit. Og i eit energisk svevande og melodisk sigrande sonisk bilde vert det sunge om klubbens vesen, om det å ikkje få oppringing frå sommarfestivalane, og om den gongen det kom opp ein plakat som anbefalte psychfolk-bandet Sunburned Hand of the Man.

Ganske så tett saman med Don’t Go to Revolver høyrer I Can Tell You’re On Coke. Eit stykke suggererande (smått krautprega) musikk om heller ustabile tilstandar – «guess you tried to write your name in the inferno brother, that’s why you’re walking weird». Songtekstane på plata er forresten meir enn dugande, og noko litt på sida av den mest oppgådde allfarvegen. Som i Circuit Breaker, med den innleiande lakoniske konstateringa: «Up all night to make up for lost time, time I lost by not sleeping last night». Ei låt som på det soniske planet ganske så sjølvsagt dansar mellom det popmakelige og det riffenergiske.

På den eine side kan ein hevde at det er jo gjort før det meste av dette. Og så trekke opp av hatten band som til dømes Flaming Lips og Tame Impala. Men akkurat i det eg gjer det hamnar eg over på den andre sida, og derfrå vil eg hevde at The Switch slik dei framstår på denne plata absolutt ikkje liknar plagsamt mykje på kva pokker for helst band eg måtte prøve å trekke opp av hatten. Ja på forunderlig vis badar dei i velkjent farvatn for deretter å strekke seg mot sola som lite anna enn seg sjølve.

Punch Brothers – The Phosphorescent Blues

Standard

Mangfaldig strengeleik, og tonar som vil både hit og dit.                                                                 8

  Mandolin. Banjo. Fele. Akustisk gitar. Kontrabass. Slikt blir det fort bluegrass av. Punch Brothers vil det annleis. Det har dei alltid vilja, og dei vil det ikkje noko mindre på The Phosphorescent Blues. Kvintetten slår det likså godt fast frå første tone. Familiarity – fortrulegheit – er eit opningsspor av eit anna format enn opningsspor flest. Eg opplevde på ingen måte å bli fortruleg med det sånn med det same. Ikkje sånn etter to, tre, eller fire gjennomlyttingar heller. Eg veit i grunn ikkje om eg er fortruleg med det endå. Det er eit musikkstykke som skiftar form og farge, humør og temperatur, fleire gonger undervegs. Det strekker seg over ti minutt og tre suitar, er varleg, hakkete, intenst og veldig, og tilslutt sakralt. Eit visst sonisk slektskap har det til eit og anna progrocknummer frå første halvdel av 70-talet. Og er det ikkje litt Radiohead her også tru? Jo det trur eg jammen det er. Ikkje så rart kanskje, Punch Brothers har hatt fleire Radiohead-låtar på liverepertoaret sitt, og på førre plate gjorde dei ein smått rabiat versjon av Kid A. Og flyt ikkje røysta til Chris Thile av garde litt som Thom Yorke si? Jo den gjer i grunn det. I alle fall på Familiarity. «A man among amens» er eit gjentakande ordspel, i ein song som handlar om mellommenneskelige interaksjonar i internettets og smarttelefonens tid. «So darling when you wake remind me what we’ve done, that can’t be shared or saved or even sung». Fortruleg eller ikkje fortruleg, ein fabelaktig låt er det. Etterpå kjem det fleire fabelaktige. På andre vis fabelaktige.

Det starta vel eigentlig med at Chris Thile skulle ha eit backingband til ei soloplate han laga for cirka 10 år sidan. Om ein ikkje då tenker at det starta då Chris Thile i ein alder av åtte år byrja å spele med søskena Watkins. Sara og Sean Watkins. I bluegrass-trioen dei etter kvart kalla Nickel Creek. Parallelt med at Thile spelte der kom han også raskt i gang med ein solokarriere, og gav tretten år gamal ut sitt debutalbum som soloartist. På byrjinga av 2000-talet ekspanderte Nickel Creek etter kvart inn i nokså suksessfulle tilhøve, og byrja også dra inn soniske element som ikkje var heilt bluegrass. I 2006 bestemte dei tre seg for å gå kvar sin veg for ei tid. Og om lag samstundes startar altså historia om Punch Brothers.

Eg burde ha høyrt meir på Punch Brothers. Det er blitt ganske så klart for meg no. Men det er jo ikkje blitt for seint å finne fram til debutalbumet frå 2008, smelle i gang det nestenkonvensjonelle opningssporet Punch Bowl, og så ta det derifrå. Det skal fort vise seg å bli meir krevjande. Nummeret som fylgjer kjem i fire satsar, varer i over førti minutt, har tittelen The Blind Leaving the Blind, og er Chris Thile sin overmannande snirkelgang inn i sin ferske skilsmisse. To år seinare fylgjer albumet Antifogmatic, utan eksepsjonelt lange nummer, men så avgjort med labyrintiske tilhøve. Eit lite, og godt, steg i ein litt meir konvensjonell retning tok bandet med 2012 utgjevinga Who’s Feeling Young Now?. Med konvensjonell meiner eg ikkje at dei gjekk i ein tradisjonell bluegrass-retning, men at det er ein ikkje ueffen popynde i det viltre og fantasifulle løpet dei legg opp til. Kor høyrer så T Bone Burnett-produserte The Phosphorescent Blues heime i dette bildet? Ja sei det. Kanskje er det det aller mest varierte dei har komme opp med til dags dato. Og det er jaggu meg ikkje verst.

Etter Familiarity skjer det litt av kvart. Like etter kjem Julep med ein kjælen bassgang, eit grasiøst refreng og generelt idyllisk stemning. To i lag med ein drink på verandaen og «a lifetime of summer». Utover albumet kan eg ane at temaet frå Familiarity dukkar opp att. Våre dagars hang til å kommunisere via små og større skjermar. «How long O Lord can you keep the whole world spinning under our thumbs» spør songaren seg i den svale My Oh My. Medan han i I Blew It Off, ein av dei friskaste popsongane på denne sida av Kissing the Lipless, konstaterar lakonisk at «there’s nothing to say that couldn’t just as well be sent». Og i avslutningsnummeret har bandet gått til det skritt å engasjere ein liten skare av fansen til å synge med i siste vers, via mobiltelefonane sine – «shine little lights of ours».

Variert sa eg. Temposkiftande, svingete og idérikt kan eg vel også seie. Men ikkje i den hensikt å briljere for briljeringas skuld. Tonen står i sentrum, formidlingsgleda lever rundt den, og musikaliteten har eit hjerte. Enten det handlar om å danse med popsteg, harmonisynge som om dei var tremenningar av Beach Boys, drive inn i rock’n roll med kontrabassen som riffmaestro i grumme Magnet, la strengar gå varme i ein gammal bluegrass-låt (Boll Weevil), eller at dei finn fram eit stykke av Debussy (Passepied) og gjer det kammerhandsaming på Punch-måten.

Heilt dogmatiske sånn i forhold til at dette berre skal handle om dei fem instrumenta eg nemnte innleiingsvis er bandet ikkje. På nokre nummer har dei fått med seg ein trommeslagar, Jay Bellerose. Og T Bone Burnett drar nokre tonar frå ein elektrisk gitar på tre av spora. Eg kan ikkje høyre at plata har tatt skade av det. Den er i grunn lite anna enn frisk.