Tag Archives: Pernice Brothers

Musikalsk årsoppgjer for 2006

Standard

Jodå, 2006 har vore eit dugande musikk-år, det. Så når den sedvanlige årslista skal skjærast ned til dei vanlige ti, er det minst like mange som står igjen utan at eg har noko god forklaring på kvifor dei står der, og ikkje her. Det minste eg kan gjere er å nemne dei: Band Of Horses (Everything All the Time), Joanna Newsom (Ys), Calexico (Garden Ruin), Willard Grant Conspiracy (Let It Roll), Espers (Espers II), Richard Swift (Dressed Up For The Letdown), Bonnie Prince Billy (The Letting Go), The Black Angels (Passover), Rosanne Cash (Black Cadillac), Margot & The Nuclear So and So’s (The Dust of Retreat), Oakley Hall (Second Guessing), Lambchop (Damaged), Pink Mountaintops (Axis of Evol), Nina Nastasia (On Leaving).

Og så er det alle dei eg ikkje har høyrt då. Det finst garantert ein del gull der også. Nokre norske det har gleda meg å bli kjent med bør vel også nemnast. Ein av desse burde kanskje fått plass blant namna over. Vel, vel, eg gjer som Ballade, her er ti frå heimlandet:

1. Thomas Dybdahl – Science
2. Tellusalie – Is The Outside Still There?
3. Number Seven Deli – Seconds
4. Huntsville: For the Middle Class
5. The Low Frequency In Stereo – The Last Temptation of…
6. Motorpsycho – Black Hole / Blank Canvas
7. Girl From Saskatoon – This Is Only the Beginning
8. Roy Lønhøiden – Sanger Fra Skogen
9. Einar Stenseng – Einar Stenseng
10.The Captain & Me – Automata

Så var det hovudlista då:

10.Absentee – Schmotime

Ein platedebuterande engelsk kvintett med ei hengslete og energisk innstilling som diskar opp med låtar støypt i kjente former, der rockdosen er større enn popdosen, men begge dosane er viktige. Omtrent som om dei skulle vere Screaming Trees trakkande rundt i Magnetic Fields, med The National dansande på eit Pavement like ved. Det heile blir gjort med overmannande melodisk slagkraft.
Hovuddelen av æra skal kanskje gå til låtskrivar og vokalist Dan Michaelson. Ein fyr som har sekken full av kløktig formulerte og interesseskapande skildringar. Skildringar han forkynner med ei røyst som opererer i dei djupaste og mest røykskada delane av det menneskelige stemmeregister (som ein fusjon av Leonard Cohen og Mark Lanegan). Han introduserer seg slik; «In my life I have been known, to bring home more troubles than I’ve solved». Han gjer ingen forsøk på å finne løysingane i løpet av Schmotime. Og takk for det.

9.Neko Case – Fox Confessor Brings the Flood

«I’m holding out for that teenage feeling,» syng Neko Case midt inni her ein stad, som om ho var ein raudhåra Blondie. «The most tender place in my heart is for strangers» syng ho ein annan stad, med eit rufsete og stødig The Sadies som støttespelerar. «It’s not for you to know, but for you to weep and wonder,» syng ho på Patsi Cline-vis i tittelsporet, forsøksvis støtta av ein Howe Gelb som krafsar fram nokre kaktus-slekta gitarlinjer frå sidelinja.
Ein ukrainsk fabel om den hjertelause reven i skriftefar-drakt som lurer den naive ulven, er utgangspunktet. Den flokete kjærleiken, galskapen og nådestøytet er fortsettinga. Margaret vs Pauline, ein spurv vs ein hauk, liv vs død, og døyparen Johannes i full revelation-mondur møter opp til kamp.
Det er smygande, svingande, sveisent og sensuelt. Og det er poengtert, raffinert, minimalistisk, og ikkje minst ei klangfull og treffsikker røyst.

8.Pernice Brothers – Live a Little

Joe Pernice er brødrelaget si ryggrad og udiskutable pater familias. Ein låtskrivar og songar av stor nåde. Med sin tydelige anglofile legning som fremste kjenneteikn serverer han for femte gong i broder-samanheng ein raffinert poprett.
Gitaren er der nesten alltid, men klorar aldri ifrå seg i tøyleslause former. Tangent-forårsaka tonar kling eller svevar rundt. Rytmikken er gunstig, og strykarar har ein tendens til å dukke opp på dei riktigaste stader. Inni dette soniske bildet deponerar så Joe sine små vemodstunge, beiske, desillusjonerte, miserable, hatske, lengtande eller bedande tekstlige framstøyt.
Eg skal ikkje her og no hevde at Live a Little sto fram i salig drakt allereie i første runde. Joe gjer det ikkje på den måten. Han gjer det med tonar som kjem smygande over tid. Etter tre rundar byrjar ein kanskje å fatte mistanke. Etter to til er kapitulasjonen sannsynlegvis eit faktum, og ein er endå ein gong fanga i Joe sitt finmaska garn av intrikate, naturlige og utvungne poptonar.

7.Shearwater – Palo Santo

Det er folkrock. Folkrock som i tone og vesen nok lener seg sterkast mot den engelske tradisjonen. Men det er meir enn som så, langt meir. Skulle eg komme drassande med nokre referansar, ja så vil Spirit of Eden (Talk Talk) og Amsterdam Stranded (Midnight Choir) vere to nærliggande albuma å trekkje fram.
Hudlaust og desorientert, luftig og truande, der fundamentet er vakre og vanedannande melodiske løysingar framifrå kolorert med organiske lydmotiv. Meiburg si stemme kan dirre på kanten av å breste, som den skjøraste streng, for så nokre takter seinare å kaste seg inn i kampen med frenetisk styrke. Av og til er den klar og tydelig andre gonger skeiner den ut i utydelig uttale eller druknar og blir til ein bit av den instrumentale strukturen.
Det er både varleg og voldsamt, men framfor alt er det vakkert.

6.Jason Molina – Let Me Go, Let Me Go, Let Me Go

Omslutta av eit nesten ugjennomtrengelig mørke sit Jason Molina heilt åleine og manar «a desert spirit» frå baksida av sine attletne auger til å kalle fram scener frå dei siste timane før undergangen. Den lystrar.
Ugla gaular «pain, pain, pain», ulven utafor døra er mett på blod, og det regnar, og det regnar, «forever».
Her, frå utsida av livet, der dei fleste lydar står stille, går hans kjenslevare stemme tett på mikrofonen. Lyden av ein akustisk gitar eller eit piano klunkar lengre unna, nennsamt. Heilt til tittelkuttet kjem for å konkludere. Då høgg sylkvasse elektriske gitarlinjer seg gjennom mørket, gjennom smerta, bakom einsemda og inn i sjela på den fortapte; «let me go, let me go, let me go, so I can wait behind».
I sanning hudlause tonar og mismotet sin poesi. Det set avgjort sine spor.

5.Fionn Regan – The End of History

Så veldig mykje meir enn Fionn Regan si røyst og hans gitar er ikkje å høyre. Det trengst ikkje heller. Han er sannsynlegvis den mest interessante nye singer/songwriteren eg har høyrt sidan Elliott Smith. Han plukkar og jagar rundt på gitarstrengene i beste Nick Drake-ånd, og han syng med ei myndig og varm stemme. Litt hjelp får han rett nok, på nokre av spora er det trommer og bass, på nokre litt nennsam støy og sus langt bak, og på nokre ein fiolin, ein bratsj og ein cello.
På tekstplanet fylgjer han ikkje dei ordinære «mann-med-gitar-og-vemod-i-sinn» spora. Han presenterer sjølvskapte bilde, originale formuleringar og mystiske metaforar. Saker ein ikkje er ferdig med i første runde, men som nappar og utfordrar også i den tolvte runden.
Det er eit debutalbumet, og han kallar det The End of History, men eg er sikker på at han berre køddar med oss. For denne fyren har ikkje sunge sin siste song, denne fyren må berre ha meir på hjerta, mykje meir.

4.Vetiver – To Find Me Gone

Andy Cabic og hans Vetiver har spelt mykje i lag med Devendra Banhart, og har såleis fått plass i den etterkvart nokså overfylte båsen av freak-folk aktørar. Men lyden av To Find Me Gone oppfattar ikkje underteikna som spesielt freaka eller psykedelisk. Vetiver sine tonar har vel eit meir fordringslaust og drøymande preg over seg. Utan at dei blir karakterlause av den grunn, slett ikkje. Dei blir ført med ei lett hand og ei slørete røyst, og kjem dansande mot ein i luftige former (enten dei blir spelt av gitar, strykarar, perkussive tingestar eller anna).
Eg har ingenting imot å bli med i den dansen. I alle fall ikkje når den trer fram i slik ein melodivinnande skapnad som den gjer her. Tre låtar er eg blitt spesielt glad i. You May Be Blue med sitt Neu! i folkform groove, og si nydelige gjentakande gitarlinje. Frå same attraktive tonedistrikt som John Sebastian til tider var innom har Cabic henta den vakre og forsiktig kledde visa I Know No Pardon. Medan Red Lantern Girl sitt hyggepsykedeliske mønster blir utsett for eit effektfullt og to-minuttar langt el-gitar angrep i siste fase.
Definitivt eit bra selskap å gå seg vekk i.

3.Yo La Tengo – I Am Not Afraid of You and I Will Beat Your Ass

Kontrastfullt, eklektisk og sjangerignorerande det er Yo La Tengo det. Denne gongen nesten meir enn nokon gong før. Innramma av to lange låtar der gitaren søker psykedeliske fargar, fridom, fuzz og poesi. Den første med eit fokusert Neu-groove, den andre stukar rundt i nabolaget til Sonic Youth. Mellom desse får ein servert det meste. Blåsarpynta poptonar, skranglete popturar, tungsindig kammerpop, dundrande punkabilly, piano-pirra funk og smålat countryjazz. Georgia Hubley dreg ein på ei chanteuse sitt vis inn blant lengtande tonar i skumringstime-balladen I Feel Like Going Home. For så å vokalisere blant eggande handslåtte trommer, ein grom bass, spretne fløyte-liknande tonar og eit funky orgelbrus, nokre nummer seinare i The Room Got Heavy.
Med I Am Not Afraid of You and I Will Beat You Ass utfordrar Yo La Tengo i kanskje større grad enn nokon gong før ideen om eit album som eit stringent vesen. Det er bra. Eg elskar dei for det, og eg elskar dei for alle dei fabelaktige låtane dei gjer det med.

2.Simon Joyner – Skeleton Blues

Ein kan gripe Simon Joyner i å stadig vekk lene seg tett opp til tonar, tematikk, fraseringsmåtar og soniske vegval andre har prøvd seg på før han, det vere seg Dylan, Van Zandt, Cohen eller Velvet Underground. Men ein kan ikkje gripe han i, i alle fall kan ikkje eg det, å dvele ved det uinspirerte, det uvesentlige eller det middelmåtige. For i dei retrospektive tonane hans er det ein evigvarande gnist, ei naken kraft og ein gnagande uro som nektar det meiningslause og det grunne handlingsrom. Heile den svingete og mørklagte vegen frå første truande gitartone i Open Window Blues til siste lyriske klunk av My Side of the Blues.
Den akustiske gitaren er til stades i kvar låt, men den får ofte drahjelp av den elektriske fetteren sin, som både snor seg, lirkar og brenn. Steelgitar-render kjem også av og til sigande, og poengterte og subtile pianotonar smett innom og drar sin veg.
Skeleton Blues er countryrock frå baksida av stadion, blues frå ein dysfunksjonell avenue, og folkrock med klør frå ei sjel som blør. Det er dvelande og langsamt, det er brennande og rotlaust. Det er den ustødige dansen på ein «shifting pile of skeletons».
Det er skummelt vakkert.

1.Oakley Hall – Gypsum Strings

Dei er seks. Dei bur i New York. Dei har vore på Sunset Grill. Der ba dei ikkje forsiktig om ein plass ved bordet. Dei tok bordet, og disken, og golvet, og veggane, ja heile lokalet med. Og dei snudde det opp ned, og dei sette fyr på det.
Sånn kan det gå når ein inviterer eit band oppkalt etter ein kultforfattar frå California på eit måltid med Gypsum Strings, og i tillegg legg opp til at dei skal få lov til å vere uforsiktige i sin omgang med country- og folktonar.
Då Pat Sullivan tok farvel med sine medsamansvorne i det støyande og psykedeliske Oneida, starta han ganske fort opp Oakley Hall nettopp for å kunne manøvrere seg nærare country og folk-tonane. På sine to første album, eit sjølvtitulert frå 2003 og Second Guessing frå tidlleg i 2006 (den burde vore inne på lista den også ja), heldt dei seg stort sett på stiar Grateful Dead, Rolling Stones og Flying Burrito Brothers hadde tråla før. Dei dansar seg ikkje inn i eit heilt uutforska villniss i sitt tredje framstøyt heller, men dei skrur opp volumet og angrip tonane i eit fargerikt psykedelisert og trippeleksponert gitarelektrisk mønster som på skittent og hengslelaust vis meir enn lever opp til Volume Rambler-lovnaden frå andreplata.
Dei er fire menn og to damer. Rachel Cox har den vokale hovudrolla på nokre kutt og bringer då på banen konturane av ei Fairport Conventon-med-Sandy Denny kjensle. Ved eit par høve, for å dempe inntrykket litt, lar dei banjoen få spela hovudrolla. Men altså, det er i spora der dei set fyr på sine syredrenerte strengebeist at dei verkelig fører arven etter Hank Williams inn på eit uimotståelig villspor. Og aller best er låtane der Cox og Sullivan stiller seg side ved side og med løpsk samsang sender yrskapen sine sprudlande bobler oppover ryggrada mi.
Noko som minner sterkt om årets låt kjem når gjengen kastar seg over Lazy Susan på brunstig og harmoniskarpt vis for å stille det sentrale spørsmålet; «what you doin» in your garden». Og langt fleire enn to av dei resterande 8 spora er sterke opponentar til tittelen.
Så då, då må vel Gypsum Strings bli årets hovudrett då.

Pernice Brothers – Live A Little

Standard

Hey Joe, where you goin» with those tunes in your head? – I’m ridin» down PCH One to Somerville to get High as a Kite. Ein god idé Joe, ein god idé.

cover  Då Joe Pernice og hans venner i Pernice Brothers gav ut ei liveplata tidleg i 2005 bar den tittelen Nobody’s Watching/Nobody’s Listening. Eit fornøyelig sjølvironisk grep frå eit band som slett ikkje har nådd ut til eit så stort publikum som dei strengt tatt har fortent.

No er dei klar med sitt femte studioalbum. Dei ventar seg sikkert ikkje dei store oppslaga eller salstala denne gongen heller. Så å gøyme bort den vesle unnselige tittelen Live a Little mellom femten enkle potet-trykk, slik «brørne» har gjort det på årets cover, kan kanskje vere ein rett så passande manøver. Men det er då du skal vite at bakom dette lite prangande ytre vil du finne nokre av dei staseligaste poptonane og den snedigast formulerte poplyrikken som har blitt til i 2006.

Det første steget tok Joe Pernice ein eller annan gong i 1997, då han luska vekk frå den lutrande flotte countryrock-gjengen Scud Mountain Boys, oppsøkte broder Bob og fekk han med på ideen om å stifte eit lite brødrelag. Bob har seinare vore litt til og frå i bandet. Noko ein vel også kan seie om alle dei andre som har spelt i Pernice Brothers samanheng. Utanom om Joe då. Han er konstellajonen si ryggrad og udiskutable pater familias. Ein låtskrivar og songar av stor nåde.

Innimellom Pernice Brothers utgjevingane har Joe også gitt ut eit album under eige namn (Big Tobacco) og eit under den fabelaktige signaturen Chappaquiddick Skyline. Han er mykje av den same mannen uansett kva han finn på å kalle seg og sine medsamansvorne. Med sin tydelige anglofile legning som fremste kjenneteikn, der namn som The Smiths, The Cure, The Jam og Big Country skulle vere dugande referansar, serverer han sine tonar i eit raffinert popsnitt. Eit snitt som også viser at Joe opp gjennom åra har sett av rikelig med tid til å ande inn tonane til karar som Burt Bacharach, Brian Wilson og Scott Walker.

Gitaren er der nesten alltid, men klorar aldri ifrå seg i tøyleslause former. Pianoet kling av og til einsamt, av og til som ein del av eit større bilde. Strykarar har ein tendens til å dukke opp på dei riktigaste stader. Og lyden frå ein synthesizer får lov å sveve innom i ny og ne. Saman med gunstig rytmikk og ei og anna lydfinte frå anna instrumentalt hald plasserer alt dette Joe sine melodiar i eit lysande sonisk bilde. Inni dette bildet deponerar så Joe sine små vemodstunge, beiske, desillusjonerte, miserable, hatske, lengtande eller bedande tekstlige framstøyt.

Kanskje var det fordi fjorårets utgjeving Discover a Lovelier You var eit lite nummer stivare i draget enn sin forgjengar. Og den igjen var tilsvarande små lott mindre interessant enn dei to første albuma i Pernice Brothers-katalogen. Kanskje var det fordi at statistisk sett byrjar eit band som regel å bli litt mindre interessant når det har nådd si femte utgjeving. Eller kanskje var det fordi Joe Pernice har nytta dei same triksa ganske så lenge no. I alle fall, det var med ei kjensle av at eg sannsynlegvis hadde nådd eit slags mettingspunkt i mitt forhold til Pernice-lyden at eg smått likegyldig plasserte Live A Little i spelaren.

Eg skal ikkje her og no hevde at Live A Little sto fram i salig drakt allereie i første runde, og refrelste tvilaren. Joe gjer det ikkje på den måten. Han gjer det med tonar som kjem smygande over tid. Etter tre rundar byrjar eg å fatte mistanke. Etter to til er kapitulasjonen eit faktum. Eg er fanga i Joe sitt finmaska garn av intrikate, men likevel så herlig naturlige og utvungne, poptonar. Eg ser ingen som helst grunn til å prøve å kave meg ut her i frå.

«Who isn’t worse or better than they seem? The chaste, the slutty and the in-between, him and her and she and her and him and she will answer to whomever when they die alone. But it feels too good to stop and find a stone to David at an ersatz giant in a party dress»

Det er få spor av det klisjefylte og poptekst-alminnelige i låtane til Pernice. Sitatet over er henta frå How Can I Compare, og alt er slett ikkje slik det kan virke (eller ikkje virke). Så «where’s the beef, my brother? I just want a quiet life». Eg skal ikkje hardnakka hevde at eg alltid skjønar kor Pernice vil, eller ikkje vil, med orda sine. Men eg hevdar hardnakka at eg stortrivst i mine forsøk på å prøve å skjønne det. Eller ikkje skjønne det.

For å søke lærdom og inspirasjon har Pernice også grove fram litteratar dei færraste kjenner til. Ein av dei har han tatt med ein song om her. På 60- og 70-talet skreiv engelskmannen B.S. Johnson nokre romanar av eksperimentell karakter, om «debt everyone must pay» og «exact revenge in a grotesque way», før han tok livet sitt i ein alder av 42 år. Pernice komprimærer stoffet ned til 2 1/2 minutt vakker popmusikk som skaper eit inntrykk av ein visjonær, misforstått Van Gogh-slekta skikkelse.

For eit par år sidan skreiv forresten Joe Pernice ei bok sjølv. Med utgangspunkt i The Smiths sitt Meat Is Murder album forfatta han ein liten halvfiktiv historie. Boka er ein del av ein større serie (kalla 33 1/3), der kjente og mindre kjente skrivelystne får i oppdrag å legge ut om rennomerte rockealbum. Pernice sin venn musikkskribenten John Niven skreiv i fjor ein svært så frittståande historie kring The Band sitt legendariske Music From the Big Pink album. Same Niven har Pernice dedikert den friske og pop-perfekte High As a Kite til. Her går minna tilbake til den gongen bilde av Joe Strummer trona frå sentral veggplass og «London calling, strike up the contraband».

Du synst kanskje det held med avstikkarar inn i litteraturen sitt minefelt no? Vel, …eg trur eg tek ein til. For to år sidan kom den prisheidra forfattaren Nick Flynn med ei bok om sin alkoholiserte og heimlause far, titulert Another Bullshit Night In Suck City. Sjølv om det er heilt andre utfordringar hovudpersonen i fantastiske Somerville møter, har eg ein mistanke om at det er same Suck City Pernice syng om her. Det er imidlertid ingenting som sucks med den melodiske utforminga av Somerville. Absolutt ingenting. Kalla eg ei anna låt her pop-perfekt, ja så er denne dobbel. Noko som minnar veldig sterkt om årets refreng har den også:

«I’m gonna take a lover. Gonna take her back to Somerville. Show her around the neighborhood, re-case the place and settle down. Gonna take a lover. Gonna take her back to Somerville. Don’t care if she’s pretty as we leave Suck City.»

Eit anna forrykande poptriumferande refreng dukkar opp nokre nummer seinare:

«Play the one, it works out for the best. And the best is always yet to come. PCH One might be a catalyst, our panacea. Play the one where no one’s really gone. Every answer’s buried in a song. PCH One might be a mending kit. I need some mending.»

Hooks-rik, spretten og uimotståelig. Det er PCH One det. Den beste låta om ein tur langs Pacific Coast Highway sidan Sonic Youth tok ruta for snart tjue år sidan. Om enn med eit noko anna sonisk utslag på lydmålaren.

Så kunne eg ha nemnt at Grudge Fuck er ein fyldiggjerande og flott gjenvisitt inn i ei låt frå Scud Mountain Boys tida, og at opningssporet Automaton er ein stram og tett Jam møter Shins sak der Peyton Pinkerton manar fram eit og anna grumt frå gitaren sin. Noko han, broder Bob og James Walbourne gjer ved fleire høve forresten. Utan at vi på nokon som helst måte snakkar power-pop her. Grasiøs, stikkande og vaken, veldig vaken, pop-musikk. Det er det det er.

Eg er ufattelig glad for at eg ikkje er blant dei som går glipp av dette her.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

 

Pernice Brothers – Yours, Mine and Ours

Standard

Lutrande pop-melankoli som er «as lonely as the Irish Sea and as willing as the sand», eller noko slikt.

cover  Joe Pernice gjorde seg første gang bemerka på midten av 90-talet saman med alt-country laget Scud Mountain Boys. Etter at han tok turen ned frå det fjellet og danna Pernice Brothers, er uttrykket blitt meir pop- og rockorientert. Men den melankolske sinnstilstanden og outsider-rolla er stadig dominerande faktorar i musikken.

På sine to første utgjevingar nytta Pernice Brothers seg ofte av strykarar som ein av dimensjonane i lydbildet. Dette har dei forlatt på denne sin tredje plate, slik at Yours, Mine & Ours framstår som eit meir reindyrka gitardrevet prosjekt. Det som imidlertid ikkje har forandra seg er Joe Pernice sine evner til å trylle fram medrivande poptonar. Lett gjenkjennelig er også hans honningdraperte og suverene røyst, som i fleire enn ein samanheng har sine klare likhetstrekk med Morrissey sitt vemodige toneleie.

Nå er det meir enn likskapen med den nevnte Smiths-vokalisten som gjer at ein kan hefte fleire låtar her opp mot britisk 80-tals pop og rock. Dei tydeligaste i så måte er One Foot in the Grave og Sometimes I Remember, der ein i tillegg til sutre-rockarane frå Manchester også kan finne spor av The Cure, samstundes som alt er gjort med ei New Ordersk framdrift. Slett ikkje ueffent.

Om Joe og gjengen har lånt øyra til norsk musikk, er vel kanskje meir tvilsomt. Uansett fører eit par låtar her tankane mine i retning av nokre norske band. Det friske åpningssporet The Weakest Shade of Blue med sine hooks og flotte harmoniar er slett ikkje ulikt noko The Margarets kunne funne på. Medan deler av den stødige og stemningsfulle Waiting For the Universe får meg av ein eller annan grunn til å tenke på 80-tals bandet Matchstick Sun. Strengt tatt er det vel ikkje så rart, då desse banda har henta atskillig med inspirasjon frå mange av dei samme kjeldene som Pernice Brothers, les: Brian Wilson, The Byrds, The Beatles…

Som vanlig frå Joe Pernice si side er det lite med høg-optimisme og strålande solskinnshistoriar å spore. Mannen har nok heller ein sterk hang til å la sine tonesatte betraktningar dvele ved livets meir tungsindige og problemfylte sider. Noko han til tider gjer så vel lyrisk vakkert som bitande effektivt.

Den nydelige Water Ban er ein slik pop-lyrisk triumf, der det mellom anna blir brukt tørke og vannforbud som metaforer for eit skakkøyrd kjærlighetsforhold. Medan den meir forstyrra Baby In Two besøker det mørkaste rommet i kjellaren til Crowded House, der det som ein slags siste utveg refereres til den kjente Salomonske dommen; «I’d be the King if I could say to you, Cut the baby in two». Avslutningsvis i albumets kanskje beste og rikast fasetterte låt, Number Two, blir vi så presentert for det mest bitande og bitre tilfellet, der ein hevnlysten person fører ordet i ein temmelig uforsonlig tone, og har eit sterkt ynskje om at «this letter finds you crying/It would feel so good to see you cry».
Alt formidla med Joe Pernice si ganske så humane stemme, var det nokon som antyda «ulv i fåreklær»?

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)