Category Archives: 2002

Weird War – Weird War

Standard

Ein groovy krig, der låtane ikkje opererer i noko A4 format.

cover  Weird War kunne vore tittelen på den dagsaktuelle verdenssituasjonen. Istaden er det altså eit rockeband som har smykka seg med dette navnet. Vel, band og band, inntil vidare velger eg å definere det meir som eit samarbeidsprosjekt. For dette er ein happening mellom sangaren Ian Svenonius (sist frå gospelpunk agitatorane i The Make-Up), bassist Michelle Mae (The Make-Up) og gitarist Neil Michael Hagerty (frå avantgarde og støyrockbandet Royal Trux).

Weird War er bygd opp rundt ein soul/funk-basert groove, der låtane ikkje opererer i noko A4 format, for rett som det er bærer det av gårde i uventa retningar. Me får oppleve Ian Svenonius sin herlig skjødeslause sangstil, medan Neil Hagerty bidrar med gitarspel noko på sida av det ein kan kalla harmonisk. Me får bli kjent med eit band som er både viltert og skakt men innimellom litt haltande. Skal eg trekke fram nokre samanlikningar så opplever Weird War nærmast som ei forening av Stooges og James Brown.

Det heile tar av med Baby It’s The Best, ein medrivande hyperaktiv rockelåt. Tempo blir skrudd ned i seigare melodiar som Chicago Charlemagne og FN Rat, intensiteten og gløden er imidlertid på plass. Grass og Name Names er utfordrande funk som påkallar heftige bevegelsar i nedre regionar. Eller som mr. Svenonius syng «Don’t kiss me on the mouth, When you can kiss me anywhere else». Me får også servert ein fløyte- og trompetbasert instrumental, som er rett så spenstig og viril (Ibex Club).

Etterkvart blir det noko meir ufokusert og springande det som dukker opp. Det livnar imidlertid til liv at i avslutningssporet Man Is Money ein saftig funky rockar som set eit solid punktum. 13 melodiar, og det heile drar seg i land på i overkant av halvtimen. Til tider ein sprek og snodig opplevelse er det.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

 

The Warlocks – Phoenix

Standard

Eit sonisk røvartokt og ganske så mektig angrep på sanseorgana.

cover  Phoenix er ein engelsk/europeisk gjenutgjeving av plata som først bar tittelen Phoenix Album, og som kom ut på labelen Birdman i USA seint 2002. Istadenfor å gje ut albumet slik det var, har Mute (The Warlocks sitt europeiske selskap) altså valgt å endre litt på tittelen, lage nytt cover, samt bytte ut ein låt (slik at fansen som allerede har skaffa seg Birdman utgjevinga «lyt» ha denne også – sleipt nok).

I 1965, på kvar si side av det amerikanske kontinentet eksisterte det to band som begge kalte seg The Warlocks. Det eine bandet var eit slags husband for dei temmelig lausslupne festane til forfattaren Ken Kesey (Gjøkeredet), og favna om folk som blant andre Jerry Garcia, Bob Weir og Phil Lesh, dei skulle snart bli kjent under ein annan signatur; Grateful Dead. Det andre bandet heldt til i New York, men også denne gjengen fant det best å endre navn, og blei i løpet av året til The Velvet Underground.

Sjuarbanden frå Los Angeles som i desse dagar har funnet det høvelig å utstyre seg med navnet The Warlocks, har definitivt meir enn ein fot solid planta i 60-tals rocken. Spesielt er spora etter den før nevnte New York-kvartetten ganske tydelige. Samstundes tilfører dei rock’n’roll-overhalinga si betydelige deler psykedelia, så Grateful Dead linken er heller ikkje heilt ut i det blå, sjølv om den ikkje er like opplagt. For The Warlocks sine syreattack høyrer vel meir heime i lendet til 13th Floor Elevators sin garasje-psykedelia. Når vi nå først er inne på inspirasjonskjelder kan vi jo ta med oss Stooges og Hawkwind frå 70-talet, samt Spacemen 3 og Spiritualized frå seinare år.

Det er eit forrykande åtak The Warlocks gjer seg ut på. Med fire gitaristar og to trommeslagarar i tillegg til utfyllande keyboard/orgeltonar blir det eit sonisk monumentalt stykke rock’n’roll dei presenterer. Likevel er ikkje dette ein fantasilaus og slitsam overkjøring. For uklanderlig plassert innimellom det elektriske regnet stig det fram fleire skarpe låtar.

I kategorien klassisk popfølelse tilført gitardroner finn vi dei to dopfikserte tilfella Shake the Dope Out og The Dope Feels Good, samt den lumske og vidunderlige Baby Blue. Mens bandet bevegar seg over i meir psykedeliserte univers når det kjem til lengre låtar som Cosmic Letdown og Inside Outside. Førstnevnte ein nesten 10 minuttar lang seig symfoni, der dei kanskje går litt over streken når dei avsluttar den med ein einsam orgeltone som strekker seg mot to minuttar. Inside Outside er eit mektig og etsande nummer tilsatt eit suggerande krautrock groove. Den totale freak out blir levert i nesten 15 minuttar lange Oh Shadie, ein instrumental der støy og tonar dansar rundt i eit tåkete landskap.

Med tekstlinjer som «pretty pictures and circular cars, disco bars and cool guitars», samt eit tøft, gatesmart og doprelatert image, er dei nok i grenseland til å leve ut ei posør-rolle. Men på den andre side, er det egentlig så farlig? It’s only rock’n’roll.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

Rogue Wave – Out of the Shadow

Standard

Ingenting revolusjonerande, men ein heil del velklingande poptonar frå debuterande Bay Area-kvartett.

cover  Det er veldig lite på debutplata til San Francisco-kvartetten Rogue Wave som ikkje har blitt gjort før. Her får vi oppleve tonar som i alle fall har surfa på eit par av dei same bølgjene Brian Wilson og hans Beach Boys angreip sånn cirka 1966. Det heile hadde sjølvsagt også lydd noko annleis hadde det ikkje vore for fire karar frå Liverpool og det dei hadde føre seg sånn cirka 1966. Ellers er det sånn cirka hundre andre namn som også kunne vore nemnt. Det kan egentlig få vente. Vil i staden hevde at lyden av Rogue Wave slett ikkje er dårlig av den grunn, faktisk er den rett så fin.

Bandet har sitt namn etter frontfigur Zach Rogue, som i veldig stor grad er åleine om resultatet på denne plata. For når han spelte inn desse songane i 2002 var det egentlig ikkje snakk om noko bandprosjekt, berre litt hjelp frå venner. Då den kom ut på ein obskur indie label same år var imidlertid Zach i ferd med å setje saman eit band. Og nå i 2004, når Sub Pop har funne det fornuftig å ta albumet under sine vengjer for å få det ut til ein større hop, er Rogue Wave altså ein kvartett.

Det burde absolutt være rom for Rogue Wave både i platehylla og i hjarta til folk som har blitt gode vener med tonane til labelkompisane deires The Shins. For sjølv om ikkje forsøket deires på å komme seg ut av skyggen er like tettpakka av storflott popkunst som Chutes Too Narrow (2003), så er dette heilt på høgde med The Shins sin debut Oh, Inverted World (2001). Og i haugen av saker og ting som liknar, er det kanskje nett den plata som ligg fremst på tungespissen min. Ellers spøker såpass forskjellige folk som XTC (Nourishment Nation), Wilco (Postage Stamp World) og Paul Simon (Man-Revolutionary) også rundt i kulissane.

Ikkje musikk som prøver seg på uutforska territorier, altså. Men vi blir presentert for eit meir enn habilt kobbel med poptonar det kan være smart å søke kjennskap til. Ofte gjort i eit hovedsakelig akustisk leie, men dei hoppar og over gjerdet og blir ganske så elektriske iblant. Nokre gonger er tonane straighte og lettfordøyelige, andre gonger svingar dei innom psykedeliserte strender og smyg seg rundt på litt rarare underlag. Det kan virke sommarlett og kjekt, men har både ein og to undertonar av melankolsk art.

Mine aller fremste favorittstunder på albumet er det vakre folkpop-eventyret Be Kind & Remind, det er den fint slentrande, akustisk baserte og lett psykedeliserte Endgame, og det er Endless Shovel, som både lener seg til sterke tonar, og som bråkar mest. Så får vi heller tåle at dei avsluttar med ei låt som heiter Perfect, men som er eit stykke unna nett det. Ein plass på solsida av kvalitets-skalaen er uansett sikra.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

Josh Ritter – Golden Age of Radio

Standard

Ung amerikanar med gitar som har i seg ei melodisk og poetisk kraft ein ikkje møter på kvart americana-hjørne.

cover  Ein mann, hans akustiske gitar og 12 songar. Du har sett og høyrt det før, tenker eg. Vel, her er ein til. Navnet er Josh Ritter, han er i midten av tjueåra, og Golden Age of Radio er debutalbumet hans. Plata kom ut på det amerikanske platemarkedet via etiketten Signature Sounds recordings i 2002, men det er først nå i 2004 (via Setanta Records) den får sin offisielle utgjeving her i Europa. Hyggelig det. For den unge amerikanaren har absolutt taket på å skaffe til vegs fruktbare songar. Ja han har til og med laga dei sjølv, alle ihop. Men før han kom så langt har nok Josh snappa opp ein og annan idé frå folk som har gjort slikt tidlegare. Utan at eg har tenkt å bruke det imot han, for til og med Bob Dylan lever jo i ein lang musikkhistorisk tradisjon. Det er likevel nesten litt skummelt kor lik Josh er på ein avdød engelsk melankolikar innledningsvis her.

Det regnar, og inne bak den regndynka vindaugsruta sit unge Ritter med sin gitar og syng Come and Find Me. Eg lukkar augene og tenkjer på Nick Drake, ein seinhaustkveld og det er kun five leaves left. Går det verkelig an å likne så mykje? Ja, og endå meir, til og med. Spor tre heiter You’ve Got the Moon, og kunne like godt ha vore ein bortkommen song frå Pink Moon-innspelinga. Men det er vemodig og vakkert, veldig vakkert. Så dette slepp du unna med lett som berre det, unge mann.

Her forlet vi Nick Drake. Men ikkje Josh Ritter. Han vandrar vidare blant andre tonar, henta frå eldre marker, nyare marker og eigne marker. Me & Jiggs er ei heller sorglaus countryvise om ungdom, forelskelse og laurdagskvelden som blir til natt, og då kan ein jo for eksempel drive med slikt:

«Sitting on the porch singing Townes van Zandt, we play guitar to burn off the hours
till we climb the fences at the edge of town
and paint our names on the water towers…»

Ellers handlar det mykje om å være på farten, om rastlause kjensler, og om å ynskje seg eit anna liv ein annan stad. Slik kan vi dra trådane frå Ritter via Springsteen, Guy Clark, van Zandt og attende til Woody Guthrie og Hank Williams. Låtskrivarar som alle har skildra slitaren, vandraren, einsemda og ikkje minst lengselen, det være seg etter betre kår, ei kvinne, eller berre litt sjelefred.

Så når Ritter syng linjer som «west of her there’s a place I know» i Roll On, eller «I’m still waiting for the whiskey to whisk me away» i Other Side er han inne på tankar både van Zandt og andre har behandla før. Det er han også når han skildrar fortvila sosiale skjebner i Lawrence, KS og Harrisburg. Men så lenge mannen leverer tekstar å tru på, linjer med poetisk kraft og tonar det går an å føle godt for, er han velkommen i mi stove.

Derfor ser eg fram til eit nytt møte med fyren. Og det treng slett ikkje være langt unna. For sidan dette albumet først når våre breddegrader godt over to år etter at det var ferdig innspelt, har Josh Ritter sjølvsagt alt nye ting på gang.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

Beth Orton – Daybreaker

Standard

Det er eit mangfold av lydkjelder her, som sikkert er meint å skape eit atmosfærisk og spennande lydbilde, men……

4

cover

På Daybreaker sin booklet er det opplyst at CDen er karbonnøytral, og Beth Orton oppfordrar oss samtidig til å støtte kampanjar for å redde skogen. Det er neppe denne prisverdige omtanken som er årsaka, men tilfellet er i alle fall at Beth held til i ein sonisk skog på mykje av denne sin tredje plate. Det er eit mangfold av lydkjelder her, som sikkert er meint å skape eit atmosfærisk og spennande lydbilde, men produsent Victor van Vugt som tidlegare har gjort solide jobbar for blant andre Nick Cave og The Walkabouts, har i samarbeid med Ben Watt (Everything But the Girl) ikkje hatt ei så heldig hånd om Daybreaker.

Problemet er at klangane har ein tendens til å stå i vegen for kvarandre, og istaden for å skape temperament og spenning seg imellom bidrar dei til ei teppelegging. Noko som igjen fører til at på altfor mange av spora går Beth si stemme seg vekk i denne lydskogen. I tillegg er låtane for lange, dei fleste strekker seg mot både fem og seks minuttar. Resultatet blir at det ofte nærmar seg meiningslause lycollager (farlig nær New Age), og manglar evnen som god musikk bør ha, nemlig å kunne bite seg fast. Dette er trist, for Beth har ei vakker og følsom stemme som hadde fortjent betre.

Vel, eg har kanskje vore i overkant negativ, då det faktisk finst nokre unntak her. Nærmare bestemt tre sangar. For eit atskilleg enklare arrangement er benytta på den tiltalande Carmella, ein folkpop-låt i Joni Mitchell sitt landskap. Endå meir spartansk er Ryan Adams-komposisjonen This One’s Gonna Bruise, ei blå vise kledd i akustisk gitar og cello. Aller finast er God Song, ein forsiktig duvande folk-country sang, der Emmylou Harris bidreg med nydelig harmonivokal.

Forresten kan eg kanskje gje hederlig omtale til Concrete Sky, ein OK låt som har Ryan Adams med på vokal. Åpningskuttet Paris Train klarar også ei stund å påkalle interesse med luftige og dramatiske tonar, men blir for mektig etterkvart. Det verste tilfellet her er tittelkuttet der Chemical Brothers deltar, skuffande sidan Beth sine bidrag på «brødrene» sine plater har vore av det utsøkte slaget.

Først publisert på Groove.no (i 2003)

 

Orbiter – Sparks On a String

Standard

Eit trip-pop band blandar elementer som spretne loops og elektroniske lydar inn i meir tradisjonell poprock.

cover  Som mange andre rockemusikarar frå Seattle på 90-talet spelte også Harris Thurmond (gitarist og vokalist i Orbiter) og Fiia McGann (vokal og keyboards) i band som blei plassert under den meir eller mindre misvisande grunge-kategorien. Band som Hammerbox og Goodness som på ingen måte oppnådde oppmerksomhet i Nirvana- eller Pearl Jam-klassen. Som Orbiter debuterte dei to i 2000 med ein mini-lp, med den treffande tittelen Mini LP. Nå er dei tilbake, og har i mellomtida utvida bandet med ytterligare tre medlemmer.

Fiia og Harris deler på vokaljobben og bidrar dermed til ytterligare variasjon på ei ellers ganske så mangfoldig popplate. Litt lettvint kan ein kalle Orbiter for eit trip-pop band, der dei blandar elementer som spretne loops og elektroniske lydar inn i den meir tradisjonelle pop/rock musikken. Ein kombinasjon som i Orbiter sitt tilfelle endar opp med eit velsmurt og sofistikert lydbilde. Imidlertid er det når dei er på sitt minst velsmurte at dei pirrer øyregangane mest. I energiske Translation og Con Gusto, der Harris Thurmond syng med slepen snert, gitaren gnistrar og groovet er fett og funky, nesten som ei poputgave av Primal Scream. Gnistrar gjer det også på Get You There, med gitarlicks type Keith Richards, og på platas aller beste spor den briljant slentrande Apple Tree. På disse to er det Fiia McGann som bidrar med sang, og det på eit frodig og sensuelt sett. I Fiia McGann har Orbiter ein fin sangar som ved neste korsvei kanskje bør bidra med vokal på litt fleire låtar (denne gangen syng ho på fire).

Av det øvrige innhaldet på plata er det dei to instrumentelle komposisjonane Happiness og den intrikat titulerte All I Want For Christmas Is Higher Seratonin Levels som kjem best ut av det, her tek dei i endå større grad i bruk elektroniske lydar, og tenderer mot ambient house i uttrykket (det var Orbiter, ikkje Orb?). Dei resterande spora blir i mine øyrer litt for anonyme og flate, utan at dei av den grunn er direkte svake.

Orbiter har kasta seg inn i runddansen og viser fram ei oppriktig speleglede, krydra med spreke innfall og mange sunne idear. Om dei ikkje har stoff nok i seg ennå til å være ein utsøkt hovedrett, så finn ein likevel nok her til å sette saman ein liten kulinarisk forrett.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

Luna – Romantica

Standard

Sjølv om Wareham ved enkelte høve også beskriv minussida på trivselsbarometeret, så oppheld Luna seg oftare på den hyggelige sida denne gangen.

cover  Luna, som i sin tid blei starta etter at Dean Wareham hadde oppløyst slowcore bandet Galaxie 500, er ute med sitt sjette studioalbum, og på Romantica er det beskrivelsen av det bekvemme liv som står i sentrum. For sjølv om Dean ved enkelte høve også beskriv minussida på trivselsbarometeret, så oppheld Luna seg oftare på den hyggelige sida denne gangen. Tittelen skulle vel også seie sitt om årsaka til eit optimistisk syn på tilværelsen. Nå går ikkje Dean på nokon som helst måte særlig djupt ned under overflata, noko han vel egentlig sjelden har gjort. Det blir helst distanserte betraktningar, levert med hans karakteristiske tørre, men samtidig melodiske stemme. Det heile er makeleg og sommarleg, med slentrande og joviale melodiar. Sean Eden fyller inn med inspirerte, poetiske og vakre gitartoner, som ein skal være rimelig tjukkhuda for ikkje å bli fengsla av.

Luna er på ingen måte eit nyskapande band, dei lar seg påvirke av og stjel friskt frå fleire kjelder. Det er nærliggande å trekke fram Velvet Underground, som dei rett nok aldri har fjerna seg lengre frå enn på denne plata, men ein svak skygge finst ennå. Eit anna New York band som dei har høyrt meir enn ein gong er Television. Sean Eden har nok også fanga opp ein og annan idé frå Tom Verlaine sin særprega gitarstil. Dei to første sangtonane («do I») til Dean Wareham i nydelige Mermaid Eyes er for øvrig identisk med dei to første i Televisions Guiding Light, men derifrå og ut er det ein heilt annan låt, bassist Britta Phillips kjem etterkvart med på vokal, og det utviklar seg til platas sensuelle høgdepunkt. Det er vel tvilsomt om Luna nokon gang har høyrt det norske bandet Sister Rain, men ved nokre anledningar fornemmer eg nokre likhetspunkt, som for eksempel i den lause, smidige og småfunky Black Postcard, eit anna høgdepunkt her. Ein etikett som og kan være passende for Dizzy, som låner meir enn eit element frå Van Halens Jump, men er ein betraktelig langsommere og meir bedagelig affære.

Dave Fridmann (Flaming Lips, Mercury Rev) har vore medprodusent, utan at han har sett sine tydelige merker, hvis me då ser bort frå den utsøkte balladen Black Champagne, som med strykarar og ein smule psykedelisk stemning kan få ein til å fornemme litt Flaming Lips klang.

Etter å ha eksistert i meir enn 10 år som band har Luna komme opp med ei plate som er heilt på høgde med det beste dei har prestert tidlegare (les: Bewitched, 1994). Romantica er blitt ei plate mest for det bekveme verandalivet, med selskap av eit glas Tequila Sunrise, ein varm sommarkveld.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

 

Little Wings – Light Green Leaves

Standard

Ein drøy halvtime med upretensiøs, oppriktig og ukomplisert musikk.

cover Nedstrippa, forskrudd, og fryktlaust; det er Little Wings det. Nennsomt, keitete og uten pretensjonar; det er Kyle Field det.
Little Wings er Kyle Field, ein ung mann som rett som det er får med seg nokon folk og spelar inn musikk. Light Green Leaves er hans fjerde plate sidan debuten i 2000, dei føregåande utgivelsane skal reknast som ein trilogi (den har tittelen Wonder Trilogy). Me snakkar altså om ein produktiv fyr. Som om ikkje det skulle være nok, kjem Light Green Leaves i tre forskjellige utgaver. Ein innspeling er gjort rundt omkring på ulike lokaliteter (som i bilen, på soverommet, på stranda), den får ein som kassett. Neste innspeling blei gjort saman med artistar og venner frå plateselskapet, den blir å få tak i som LP. Den tredje er spelt inn saman med venner i eit hus han tidligare har budd i, som utgjer CD-utgava. Det er den sistnevnte denne omtalen er basert på.

Little Wings framstår som alt. country og visesanger i Will Oldham (som Bonnie Prince Billy) sfæren, men han legger for dagen ein meir naiv tilnærmingsmåte. Slik blir den smått besynderlige Eels eit anna berøringspunkt. Assosiasjonar går og mot band frå Elephant Six kollektivet (som Apples In Stereo og Beulah), eg lurer og på om ikkje eit Pavement med kun akustiske instrumenter ville likna litt på dette.

Little Wings byr oss ein drøy halvtime med upretensiøs, oppriktig og ukomplisert musikk. Innimellom skjenker han oss fine små skattar som Look At What the Light Did Now – ein melodiøs folkpop sang som sjarmerer. Tittellåten er ein bedagelig liten sak om «light green leaves from the trees, we’d best enjoy them before they turn brown». Årstidenes gang som representantar for fødselen, livet og døden er tema for fleire av sangane her. Tittelen seier vel sitt om kva dei to fine og vindskeive countryballadene Fall Flood og Fall Sweep tar for seg. Litt godt gjer det når han omsider skrur opp lyden i The Way I Deux, og nesten rockar ein smule, det blir faktisk SLÅTT på trommene på denne. For det er sparsommelig med lyd på instrumenta i denne produksjonen, men akkurat som på Lambchop sin Is A Woman så har dei likevel ein større betydning enn kva ein først innbiller seg. Lyden ligg bak der, avdempa men fyller inn på sin forsiktige og litt skakke måte.

Albumet åpenbarer betraktelig meir substans enn det kan virke som etter første gjennomspeling, for då gav det inntrykk av å være både usikkert og irriterande spartansk.

K records er eit slags kollektiv der alle artistane bidrar litt på kvar andres plater, og det er lønnsomt å sjekke ut fleire utgivelsar frå dette Washington-selskapet.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

 

Lincoln – Mettle

Standard

Lincoln sin musikk bærer i seg arven både frå den amerikanske prærien, frå Londons tåkelagte bakgater og frå det skotske høyland.

cover  I sin andre roman Heed Of Thunder (utgitt 1946) skildrar Jim Thompson livet til fire generasjonar av familien Fargo som lever og bur i den vesle præriebyen Verdon, Nebraska. Ein familie som på ingen måte består av vidare opplyste eller høgt intelligente individ, og der vold, primitive lyster og incest er dagligdagse hendelsar. Den gamle værbitte Lincoln Fargo (som på langt nær har levd noko syndefritt liv) sitt som ein sjuande far i huset og er vitne til den endelige degenerering.

I London samlast det på tampen av forrige årtusen ein gjeng musikarar, dei velger å kalle bandet sitt for Lincoln, etter den gamle mannen i Verdon, Nebraska. I løpet av 2001 gjer dei ut to minialbum (Barcelona og Kibokin – dei blir seinare samla på ein CD og gitt ut med tittelen Sound Of Lincoln) til god mottakelse blant ein del kritikarar. Vinteren 2001 dreg dei til Skotland, nærmare bestemt Balbithan Castle i det skotske høyland. På dette gamle slottet spelar dei inn materialet som skal bli Mettle.

Lincoln sin musikk bære i seg arven både frå den amerikanske prærien, frå Londons tåkelagte bakgater og frå det skotske høyland. Dei er eit band som vanskelig lar seg sette i nokon musikalsk bås. Ein kan trekke fram betegnelsar som americana og folk, men det blir ikkje dekkande, den beste betegnelsen har kanskje låtskrivar og frontfigur Alex Gordon sjølv gitt då han ved eit høve kalte stilen for Anglicana.

Lincoln består av tilsaman seks medlemmer, og dei fleste bidrar på meir enn eit instrument. Særskilt karakteristisk er den flittige bruken av blåseinstrument. Her er og utstrakt bruk av diverse strykare, fint arrangert av Oliver Kraus (som også var ansvarleg for tilsvarande på Ed Harcourts eminente Here Be Monsters). Dei unngår imidlertid med glans å gjere dette pompøst og overdådig. For sjølv om dei fyller bildet med mange instrumenter, blir dette gjort med nennsomhet og blikk for korleis ein skapar virkningsfull musikalsk dynamikk.

Mettle treng tid før den kryp inn under huden. Etter gjentatte besøk opplever ein imidlertid at det spirer fram vakre sangar, av det melankolske og dvelande slaget.

Lista blir lagt høgt allerede i det følelseslada åpningsporet My Reasons Are My Own. Ei list dei passerer med god klaring ved fleire høve utover på albumet. Litt meir uptempo er det på Crooked Smile, der Alex og Tracy serverer sin første duett, og sjølv om ingen av dei har stemmer som på nokon måte liknar, så går tankane i retning Gram Parsons og Emmylou Harris. På Blood On The Streets er det Tracy som er i førarsetet, og med god hjelp av praktfulle blåsarar og eit buldrande orgel styrer ho denne sangen mot dei største høgder, men akkurat i det den når sin maksimale tyngde, stilnar brått alle instrumenta og Tracy syng vidare mens nokre få inn instrument gradvis kjem inn att, det er eit magisk øyeblikk.

Pur gåsehud er og den smygande blå balladen Never See London Again, nok eingong med Tracy i sangrolla mens resten av bandet følger på med dramatisk samspel. Tittellåten er ein sørgmodig folkballade om død og savn, med meir enn truverdig sanginnsats av Alex. Plata avsluttes med How the Hell, ei beretning om eit forhold som har gått i oppløysing. Mannen fører først ordet med si oppfatning av kva som har skjedd. I andre vers er det kvinna som ytrar seg, og ho har eit noko anna bilde av hendelsane. I det siste verset (som for øvrig er eit eige spor) møter me ein forpint mann som har mist alle illusjonar. Slik sluttar plata i den ytterste fortvilelse. Ingen lykkelig slutt altså, og står såleis i stil med mange av dei andre skildringane her.

Eit vemodig stykke musikk, som nærar slektskap til album som Is A Woman med Lambchop, og Curtains med Tindersticks.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

Philip Kane – Songs For Swinging Lovers

Standard

Livet etter havariet. Eller ikkje akkurat Sweet Soul Music.

cover  I innleggsfoldaren på Songs For Swinging Lovers fortel Philip Kane ein kortversjon av dei siste 10 åra av livet sitt. Det er ein historie om havarerte kjærlighetsforhold, ugunstige relasjoner, dødsbegjær, alkoholisme, narkomani og overlevelse, og om dei som hjelpte han til å bli ein overlevar. Det er også blitt meg fortalt at Philip Kane lider av ein sjelden hudsjukdom som gjer at andre folk helst ikkje bør komme i berøring av han. Er alt dette sanning? Sannsynlegvis, men ein skal kanskje ha i mente at Kane virkar å være ein mann som ikkje går av vegen for å «forbedre» myten om seg sjølv. Like fullt, kor langt ute på tippen han truleg har vore, og om fornedrelsane der, seier følgande sitat kanskje det meste:

We couldn’t even find the nails,
with which to crucify each other

Dette livet er også tema for dei fleste sangane på Songs For Swinging Lovers. Så det er berre til å stålsette seg for ein skikkelig dose seriøs faenskap. I ein verden der sanning og løgn er likeverdige størrelsar, og der verkeligheten møter illusjonen i ein bisarr dans rundt kloakk-lokkene. Blir den menneskelige atferd sine nattsider skildra med ein ufrisert åpenhet, og alle dunkle drifter og angstdrevne lidelsar får lyskastaren retta mot seg.

Philip Kane, med ei fortid frå meir eller mindre obskure band som Ennui og Avalanche (ikkje The Avalanches), er ein sangar og låtskrivar som kanskje har sine nærmaste slektningar blant forfattarar à la William Burroughs, Charles Bukowski og Henry Miller. Medan hans nærmaste åndsfrendar i musikkverden finn vi i folk som Lou Reed, Nick Cave og Leonard Cohen. Men Kane har noko ingen av desse er i besittelse av; han har stemma til ein engel. For desse til dels sterke skildringane blir ofte gitt oss av ei røyst som mest av alt kan minne om ein Al Green. Soul altså? Tja, kanskje det, men som dei fleste nå sikkert skjønar er det ikkje akkurat snakk om Sweet Soul Music når herr Kane trør til, og vrenger sjela på eit vis få har gjort før han.

Det heile startar med ein sang med den fantastiske tittelen Me, The Ladyboy, And Gloria Estefan. Og sjølv om heller ikkje denne er heilt fri for litt aparte tekstlige innfall, er den først og fremst ein sjarmerande forsvarstale for det mange likar å betrakte som lettare popmusikk, og kva slik musikk tross alt kan bety for mange folk, for også «Gloria Estefan understands that life is painful and ultimately futile». Låta er på samme tid både enkel og mangfoldig, i tillegg er den utstyrt med eit utsøkt groove samt eit smakfullt arrangement, ja når alt kjem til alt står den fram både som platas store glansnummer, og hvis eg fekk bestemme; ein framtidig popklassikar.

Men her finst meir, då først og fremst i form av fleire variantar av sjelfulle balladar. Sånne som mektige Oh Mercy med sine tog-metaforer, eller den strykar draperte After the Shipwreck. Medan Philip i den både smarte og intense Sally’s Birthday byr på tekstlinjer som; «I’m sorry I said, when I pissed in your bed, it was your fault for keeping me drinking, but you know how I get, when my tonsils are wet, I was never much too good at standing».

Dei aller mørkaste tildragelsane, i ei skildring av alt anna enn hyggelig laurdagskos, kjem imidlertid i Tonight, som startar med ein lengre monolog der Kane kan minne litt om Ministrys Al Jourgensen, før låta beveger seg over i dyster funk.

Song For Swinging Lovers er i sanning ei besynderlig plate, som det ikkje går an å ha eit likegyldig forhold til. Alt sammen satt i scene av ein forunderlig, men uten tvil evnerik engelskmann.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)