Tag Archives: Patti Smith

Patti Smith – A Hard Rain’s A-Gonna Fall

Standard

Som det har vore signalisert ei tid no: Dylan kom ikkje til Stockholm for å ta imot Nobelprisen. Men han sendte over ein takketale, og han sendte over Patti Smith. Ho gjer ein inderlig flott versjon av A Hard Rain’s A-Gonna Fall. Sjølv om ho på eit punkt i songen ramlar heilt utav det – og med eit tappert smil vedgår at stunda har gjort henne skikkeleg nervøs.

Musikalsk årsoppgjer 2015

Standard

Berre ei liste

Dei førti (for ikkje å seie femti) beste albuma eg har høyrt i år (av slike som kom ut i år). I ei ikkje heilt tilfeldig rekkefølge, men bra er dei alle.

  1. Father John Misty – I Love You, Honeybear
    Uvanlige kjærleikssongar i eit faderlig sterkt folkpopmelodisk famntak. Der kontrastane lever i beste velgåande. Behaget eksisterer side om side med ubehaget. Uroa luskar i fotspora til roa. Smektande strykarar er ikkje garantistar for at fred og fordragelegheit er neste stasjon. Men det vakre er skånsellaust vakkert, og eg kapitulerte.
  2. Kendrick Lamar – To Pimp A Butterfly
    Det er sting i formidlinga, dobbel- og trippeltyding i det uttalte. Det er ein rå poesi i linje etter linje, og ein sonisk nyanserikdom som kontinuerlig held seg på sporet. Det er slikt som er med på å gjere utslaget, i årets mest funky reise.
  3. Ezra Furman – Perpetual Motion People
    Song etter song storma den over meg. Energisk i si framferd, melodisk i sitt vesen. Full på fridom og sing-a-long. Ein skikkelig ukomplisert og uimotståelig rakkar viste den seg å vere. Viser den seg framleis å vere. Eg byrjar å få ein mistanke om at den kan ha evig liv.
  4. Sufjan Stevens – Carrie & Lowell
    Elleve vakre songar. Folkpopmelodiar som kjem grasiøst smygande, og som blir verande. Elleve sakrale og stille skrik. Hjerteskjerande linjer om sakn, lengsel og uforståelige kjensler. Om ei mor som ikkje var der, og som no er død.
  5. Girl Band – Holding Hands With Jamie
    Bråk, til tider eit helsikkes bråk. Men ikkje eit meiningslaust eit. Ein herlig miks av dei motoriske faktene frå krautrocken, den klassiske lågt/høgt-dynamikken, og ei hardcore-innstilling. Noko i den duren i alle fall.
  6. Courtney Barnett – Sometimes I Sit and Think, And Sometimes I Just Sit
    Finurlige tekstar som kan kalle fram eit skeivt smil, eller få ein til å grunne litt. I eit laust, ledug og energisk rock’n roll uttrykk der det meste er upolert, og ganske så uimotståelig.
  7. Tame Impala – Currents
    Popsongar i ein straum av åttitalets synthlyd miksa med funk og disco, men utan at kjærleiken til  sekstitalets psykedelia-tonar er blitt kasta over bord.
  8. Simon Joyner – Grass, Branch & Bone
    Ni folksongar der den akustiske gitaren leiar an. Ei halvskakk og vakker songpoetisk ferd inn til svunne draumar og gulna minner.   
  9. Ought – Sun Coming Down
    Ein postpunkenergi som riv og slit, som koplar på og koplar feil. Mørkesøkande og ikkje heilt ufarlig, men først og fremst livlig påkopla.
  10. TRAAMS – Modern Dancing
    Med groovet godt intakt byr denne sør-engelske trioen opp til ein postpunkdans av det friske slaget.
  11. Sleater-Kinney – No Cities To Love
    Bandcomeback må ikkje vere traurige greier, det kan gnistre også. Ja nesten «shake it like never before».
  12. Destroyer – Poison Season
    Dunkle kammertonar, brunstige blåsarar, og giftig og svartsynt poesi. 
  13. Laura Marling – Short Movie
    Med litt meir elektrisitet enn tidlegare zoomar Marling igjen inn på tilværets dilemma.
  14. Daniel Romano – If I’ve Only One Time Askin’
    Country på gamle måten anno 2015: Trist og friskt.
  15. Sun Kil Moon – Universal Themes
    Ein gretten gubbe og hans empatiske sider.
  16. Syntax TerrOrkester – Bydrifter
    Rock i original kledning, poesi på reinspikka karmøysk – aldeles storarta.
  17. Punch Brothers – The Phosphorescent Blues
    Mandolin. Banjo. Fele. Akustisk gitar. Kontrabass. Slikt blir det fort bluegrass av. Punch Brothers vil det annleis.
  18. Tønes – Vindbrest
    Gjenkjennelig surrealisme og underfundig realisme, slik berre Tønes gjer det.
  19. Erlend Ropstad – Det Beste Vi Får Til
    Like mykje som songar og viser og slikt vil eg kalle det poesi.
  20. Dig Deeper – How You Spend Your Days
    Eit norsk rockeband som lever opp til namnet sitt, og finn skatten.
  21. Protomartyr – The Agent Intellect
    Frå avdelinga «nyare postpunk det gnistrar litt av».
  22. Ryley Walker – Primrose Green
    Ein angloamerikansk folkrocktone dyppa i jazz og leduge arrangement
  23. Kurt Vile – B’lieve I’m Goin Down
    Vile og songane hans går sin slacke gode gang.
  24. Fjorden Baby! – Oh Yeah!
    Med koking og loking og det som meir groovy er har bergensbanden skapt gode tilstandar her inne i kroken.
  25. Wolf Alice – My Love Is Cool
    Ein kvartett frå London som albumdebuterer med pop i tonane og blod i sikte.
  26. Robert Forster – Songs To Play
    Ein ny dose sympatiske popsongar frå den levande Go-Betweens legenda.
  27. Vince Staples – Summertime ’06
    Ei dyster og motsetningsfull affære, i eit fortetta sonisk landskap
  28. New Order – Music Complete
    Hook er hekta av. Keyboardet er ganske så framtredande. Det same er også ein panoramisk og velgjerande poptone.
  29. Nadia Reid – Listen To Formation, Look For the Signs
    Ein albumdebutant frå New Zealand med ein folk/americana tone av det særdeles innbydande slaget på tapetet.
  30. Israel Nash – Silver Season
    Ein texanar ifrå Missouri har komme fram til sin psykedeliske sesong.
  31. Viet Cong- Viet Cong
    Eit tvilsamt bandnamn. Ei mørk og dyster ferd inn i dei meir dystopiske krokane av postpunken.
  32.  Susanne Sundfør – Ten Love Songs
    Samspelet mellom slikt som fenger og slikt som har motstand i seg. Spretten synthpop og dunkle strykarar. Susanne Sundfør får med sjølvsagt eleganse slikt til å funke i hop.
  33. Algiers – Algiers
    Soul og gospel og postpunk. Full energi, knyta nevar og revolusjon i blikket.
  34. Corrina Repp – The Pattern of Electricity
    Skjørt og nakent. Elektrisk og uroleg. Melodisk og dirrande. Verdt å vitje.
  35. The Switch – B For the Beast
    Der popen blir innhaldsrik, kaleidoskopisk og skikkelig påskrudd.
  36. Jamie xx – In Colour
    Jamie frå The xx sin soloalbumdebut er intrikat og minimalistisk, sakte synthflytande og basskraftig. Fargerik, og rytmisk som ein døsig ettermiddagspuls.
  37. Car Seat Headrest – Teens of Style
    Einmannsband. Skranglete låg-fidelity med pophooks og folktristesse.
  38.  Beach House – Depression Cherry
    Ny forsyning med draumande popsongar på sakte puls. (Eit av to album frå duoen dette året).
  39. Low – Ones and Sixes
    Trioen har denne gongen vikla meir elektroniske lydar inn i sine dulmande tonar, utan at det skadar.
  40. Dungen – Allas Sak
    Når gitaren og fløyta og groovet finn sin skapnad, og bilder av aude trefylte landskap veks fram, då er eg i Dungens psykedeliske og suggestive verd. Alltid ein god stad å vere.
  41. Panda Bear – Panda Bear Meets the Grim Reaper
  42. Waxahatchee – Ivy Tripp
  43. Deerhunter – Fading Frontier
  44. Young Thug – Barter 6
  45. Jim O’Rourke – Simple Songs
  46. Julia Holter – Have You In My Wilderness
  47. Daniel Kvammen – Fremad I Alle Retninga
  48. Twerps – Range Anxiety
  49. Autobahn – Dissemble
  50. Best Coast – California Nights

Og så har eg lest ein del bra bøker. Strengt tatt har eg vel brukt minst like mykje tid på det som på musikken. Både gamle og årsferske bøker. Av den siste sorten (årsferske i alle fall i norsk omsetting), fekk eg hug til å nemne nokre:

Roberto Bolaño – 2666
Den chilenske forfattaren Roberto Bolaño døydde i 2003, 50 år gammal. Han var då i siste fase for å ferdigstille sitt storverk 2666. Året etter vart boka utgjeven. Sannsynlegvis så godt som i den forma forfattaren sjølv såg den føre seg. I år ligg den så føre i norsk omsetting. Det er ei tjukk bok (940 sider). Den består av fem bøker. Fem forteljingar. På eitt vis separate forteljingar, på eitt vis nestar dei seg alle i hop i den siste forteljinga. Boka kvalifiserer tvillaust til karakteristikken «ein mangslungen og gåtefull roman». Den er ikkje fullt ut til å forstå. Den går fleire vegar. Hovudvegar, sidevegar, grusvegar, gjengrodde vegar, blindvegar. Den fylgjer desse vegane med ein desperasjon i seg. Og skildrar lidenskap og djevelskap, galskap og draumar. Den er ambisiøs så det held. Den er ein feber av ei bok, og eg må så definitivt lese den fleire gonger.

Elena Ferrante – Mi briljante venninne / Historia om det nye namnet
To bøker, halvparten av ein kvartett. Napoli-kvartetten.
Med eit direkte språk, fritt for dilldall, fortel Elena Ferrante ein medrivande historie om oppvekst, vennskap, kjærleik, fiendskap, vald og makt (og meir til). Sentralt i historia finn vi forteljarstemma til Lena og hennar venninne Lila, og det kontrastfulle vennskapet mellom desse to — både blømande og destruktivt, både støttande og rivaliserande. Lena kjempar seg, til trass for si låge sjølvkjensle, utav kvartalet og til ei universitetsutdanning. Lila, den tøffe og kreative, blir att der og kjempar ein slags sjølvdestruktiv kamp med mann, nabolag og mafiaen.
Bøkene er omsett til levande nynorsk og har ei skikkelig pageturnerkraft (i løpet av 2016 vil kvartetten bli fulltalig).

Patti Smith – M Train
For nokre år sidan fascinerte ho med historia om vennskapet mellom seg og Robert Mapplethorpe (Just Kids). Denne gongen møter vi i hovudsak den godt vaksne Patti Smith. På reise til Berlin, til Mexico, til Japan, eller vandrande rundt i New York (særlig då til stamkafeen sin på hjørnet). Innimellom vitjar ho, i tankane, tida ho hadde med ektemannen sin Fred Smith (fram til han brått døydde i 1994). Ho deltar på ein konferanse om polarforsking, vitjar Frida Kahlo museet, ser på engelsk krim på eit Londonhotell, men ikkje minst fortel ho om litteratur ho er glad i. Og det er i dei passasjane eg kanskje synk djupast inn i boka. Når ho fortel om sin kjærleik til bøker av Jean Genet, Sylvia Plath, Michail Bulgakov, W.G. Sebald, Haruki Murakami, Roberto Bolaño, og så vidare.
Side etter side driv så makelig og godt forbi, heilt naturleg, assosiativt og sympatisk.

Jonathan Franzen – Renhet
Ikkje Franzen si beste bok (Den tittelen kjempar framleis Korrigeringer og Frihet om), men på sitt vis ei absolutt fengslande nok bok. Skitnare enn tittelen tyder på. Fortalt frå perspektivet til fleire av bokas karakterar, men med den unge kvinna Pip som hovudaktør. Eit namn som bringe tankane i retning Dickens-klassikaren Store Forventninger. Og noko Dickens er det vel kanskje over måten fleire av karakterane blir skildra på. Boka går fram og tilbake i tid. Femner mellom anna ein historie frå det delte Berlin, og tar føre seg internettets overvakings- og publiseringsmogelegheiter. Franzen har sannsynlegvis ein politisk intensjon med desse perspektiva. Personleg synst eg at han er betre, ja drivande god, når han teiknar opp sine romanfigurar på godt og vondt, og skriv fram strålande dialogar.

Og ikkje heilt ny av året, men gjenutgitt som trilogi i år, Jon Fosse sine tre eineståande kortromanar Andvake/Olavs draumar/Kveldsvævd:
Utanfor tid og rom, i eit suggererande gjentakande språk fortel Fosse historia om to (Alida og Asle) som elskar kvarandre. Ei vakker kjærleikshistorie. Samstundes: ei uhyggelig historie, ei historie som også inneheld død, sakn og bitter fortviling. Den er ikkje festa fast i slikt som logisk sett nødvendigvis kan skje akkurat slik det her skjer, den har noko bibelsk og legendeprega over seg, men gjer likevel frå seg ei kjensle av å vere rå røyndom, ei dirrande kjensle av at dette handlar om ekte levande menneske. Slike som elskar og frys og kjempar og gjer handlingar som ikkje kan rettast opp att.
Det er vakkert, det er trist, og det set evigvarande spor.

Musikalsk årsoppgjer 2012

Standard

Dette er ikkje eit forsøk på å komme med ein brei analyse av musikkåret 2012. Slikt for andre ta seg av. Dette er i grunn ikkje noko anna ein smal liten egotripp. Ei liste over tjuefem plater eg har sett pris på i år. I ei omskiftelig men ikkje heilt tilfeldig rekkefølgje.

Eit raskt blikk over lista fortel meg at amerikanske tonar er sterkt overrepresentert, og at heimlandet berre er representert med ei plate. Hadde eg gidda å laga lista lenger kunne Highasakite, Susanne Sundfør, Anne Marie Almedal, The Little Hands of Asphalt, Hellbillies, Hanne Kolstø, Susanna, Tom Roger Aadland, I Was A King, Æ, Lindstrøm, Ida Jenshus, Narum og Meg og Kammeraten Min også ha fått ein plass. Og då kunne jo også fleire frå utlandet fått plass, plater av folk og band som Grizzly Bear, Ty Segall, Elephant Micah, Black Moth Super Rainbow, Mark Lanegan Band, Laura Gibson, Simone Felice, Cloud Nothings, Chromatics, Godspeed You Black Emperor, Leonard Cohen, Polica, Allah-Las, Kindness, Iris DeMent, Bob Dylan, Beach House, Dr. John, Turnpike Troubadours, Fiona Apple, Mount Eerie, Six Organs of Admittance, Beachwood Sparks, Frank Ocean, Giant Giant Sand, Richard Hawley, Thåström, Goat, Dirty Three, Cat Power, Anais Mitchell og Calexico. For dei gav alle ut bra plater i 2012. Men eg trur eg får nøye meg med desse:

1. Father John Misty – Fear Fun
Josh Tillman har vore i musisk bevegelse ein del år no. I skuggen av det store scenelyset, eller på ein trommekrakk bakom songaren og gitaristen. Gjennom fleire plater har han, som J. Tillman, utforska det tungsindige krysningspunktet mellom Nick Drake og Townes Van Zandt. I tre år har han i tillegg vore trommeslagar i Fleet Foxes. Der er han ikkje lenger. Han har vandra vidare, tenkt nokre andre tankar, døypt seg om til Father John Misty, og laga ei plate kledd i ein tidleg 70-tals skrud, der folkrock, countryrock, softrock og psykedelia er dei dominerande ingrediensane. Der det mismotige blir konfrontert med sardoniske innfall, dopprat, hedonisme, ein bisarr humor, og ikkje så reint få absurditetar. Latterlig vitale saker i grunn.

2. Neil Young with Crazy Horse – Psychedelic Pill
Eg plasserer lyden av Neil Young og Crazy Horse høgare enn dei fleste lydar eg finn der ute. Dei står bak fleire av mine favorittplater. Med Psychedelic Pill har dei laga ei til. Ei lang ei, med lange magisk harvande låtar, om livet slik det har fortona seg. Og beviser at tilbakeskoding, gamle takter og null utvikling kan være den rette medisinen.

3. Simon Joyner – Ghosts
Midt i eit dissonantisk utland hevar songaren si krokete røyst og hevdar at «a good man is hard to find, a bad one’s even harder to get rid of». Det er stygt. Det er fredlaust. Det er ein dobbeldose svartmalande og støyplaga countryrock. Unnfanga av ein seig ørkenvind, født bak ein vridd blues, pint under Velvet Underground. Avlevert med reinspikka overtydnad.

4. Lambchop – Mr. M
Det finst ei tid for Lambchop. Det finst absolutt tider som ikkje høyrer Lambchop til. Men innimellom er tida der, og då finst det ingenting som er betre enn Lambchop. Ingenting. Mr. M føyer seg inn i rekka. Den byr på ein ny porsjon underfundig og saliggjerande Lambchop-melankoli, denne gongen dedikert ein avdød venn.

5. First Aid Kit – The Lion’s Roar
Kledd i psykedelisk farga kaftan, og med 1969 mindre enn eit andedrag unna, den engelske folktradisjonen i bakhovudet, den amerikanske country/folk-tradisjonen i hjerta, Stockholm sine snødekte gater i synsranda, og ei kosmisk livskraft strøymande gjennom seg, tilfører First Aid Kit det tradisjonsbundne sin eigen friskleitte signatur.

6. Tønes – Sån Av Salve
Underfundig sosialrealisme, ispedd meir alvorsprega tankar kring det å være menneske, i hop med andre menneske. På kjent og snodig vis fyller Tønes plata med skildringar av folk som helde på med sitt. Små ting, dagligdagse ting, ting dei kanskje ikkje er spesielt stolte over å halde på med. Han gjer det minst like bra som han nokon gong har gjort det, og då gjer han det bra skal du veta.

7. Jack White – Blunderbuss
Feitt og overflødige tonar er kasta i komposten. Tilbake står eit reinskore, melodisk attraktivt, og dynamisk lite meisterverk, som er skittent og reint i funksjonell foreining. Det høyrest veldig ut som det beste Jack White nokon gong har hatt fingrane borti.

8. Tame Impala – Lonerism
Med ein sumpete romklang forserer Tame Impala ei sonisk løype som svingar seg frå Soft Bulletin til Strawberry Fields Forever. Som tittelen insinuerar er det eit einmannsverk. Kevin Parker sitt melodisk vinnande og psykedelisk utfordrande einmannsverk.

9. Sharon Van Etten – Tramp
Ei krystallklar og sanselig men samstundes nøktern røyst. Den pure, svevande men samstundes jordbundne tonen. Det er Sharon Van Etten det. Tramp handlar om folk som elskar. Frå første stund, frå Warsaw sine gitargråtande og skimrande breidder til Joke Or a Lie sitt spartanske og varleg dronegnagande adjø handlar det om å elske. Det handlar om at det er alt anna enn problemfritt.

10. Patti Smith – Banga
Det er ingen fakter hos Patti Smith. Ho prøver ikkje vere, noko, eller nokon. Ho er, stemma, poeten og rytmen. Framleis, i ein alder av 65 år, er ho det. Aldri halvhjerta, aldri noko mindre enn vital, tidvis formidabel.

11. Allo Darlin» – Europe
Først og fremst er dette uhøyrt forførande og vilt fengande popmusikk. Men eg høyrer noko meir også. Eit vemod, som finn ein klangbotn under den poppige overflata, og rissar eit bilde med fleire dimensjonar i seg. «Under Capricornia skies». Formulert av Elizabeth Morris frå Queensland, Australia, ein av dei verkelig gode låtskrivarane.

12. Woods – Bend Beyond
Woods fokuserer låtane, køyrer på med litt meir elektrisitet, og minst like mykje psykedelia. Slik vi kjenner den frå det myteomspunne sekstitalet. Og pop. Frå det same tiåret. Støtta opp mot den vindskeive og heimelaga estetikken til våre dagars uavhengige.

13. The Men – Open Your Heart
The Men er ikkje her for å imponere, dei er her for rock’n roll. Så utan tankar om virtuositet, innovasjon eller intrikate påfunn grip dei fatt i rocken sin inste kjerne, den urovekkande feberen, og tenner på. Gud skal vite at det brenn.

14. Andrew Bird – Break It Yourself
«Time’s a crooked bow, come on, tell us something we don’t know» oppfordrar Andrew Bird. Denne syngande fiolinisten og kontrastmakaren som sannsynlegvis ikkje har granska fasiten på korleis ein poplåt skal skruast ihop, og nettopp derfor lagar betre poplåtar enn dei fleste.

15. John Fullbright – From the Ground Up
Ein ung mann frå Oklahoma, med ei røyst som merkast, og songar som virkar. Countrysongar og andre songar, mang slags songar. Rock av brunstig avstamming, orgel og groove, soul og gospel, fengande gitarrock, og pianoballadar djupt nede i kneståande.

16. Damien Jurado – Maraqopa
Det byrja på Saint Bartlett, hans førre plate. Trubaduren tok eit steg inn i eit romsligare og meir rørsleprega landskap. Han er der framleis. Ikkje milevis unna den folktonen han har gjort oss kjent med opp gjennom åra, men unna. Han kan være elektrisk rockande, smått funky og psykedelisk popduvande. Men alltid Jurado, varmt søkande.

17. Darren Hayman and the Long Parliament – The Violence
Det er 1645, borgarkrigen rår i England, og kvinner blir skulda for å være hekser. Hayman fører den humane og melodiske folkpopen sin inn i sentrum av dette, finn nokre enkeltskjebnar, og gjer det grufulle synlig, gjennom ei ubroten rekke av velbygde songar.

18. Alabama Shakes – Boys & Girls
Med ungdommelig pågangsmot tar bandet soulmusikken med på ein groovy southern rock’n roll tur den berre har godt av. Og i leiarrolla, Brittany Howard. Eigar av ei stemme som tar inderlig eigedom i kvar einaste tone den har omgang med. Ei ekte kraft.

19. Old Crow Medicine Show – Carry Me Back
Dei er dei same helsebringande leverandørane av tradisjonsrike og uforfalska tonar som dei alltid har vore. Med minimal straumtilførsel men dugelig energi grip dei tak i merksemda og syng om fråflytting, heimebrenning, fylleslagsmål, og anna rural moro og smerte.

20. Bill Fay – Life Is People
Sist gong han var her, blei han ignorert. Det er 41 år sidan sist. I lag med fans og gode hjelparar kom han tilbake i år. Og vart ikkje ignorert. Life Is People er som tittelen insinuerar varm og humanistisk. Nokre tiår med livserfaring og djupfølt vørdnad unna den iherdige og tidvis krakilske kampen som utspant seg då han var her som ung.

21. Marissa Nadler – The Sister
Søstera er den sjølvtitulerte plata hennar frå 2011. Stemma hennar er like glasklar, sterk og skjør. Det er ikkje så mykje anna enn hennar eigne gitarplukkande tonar som akkompagnerar songane. Det er nakent og reint, og det dirrar. Og det er vakkert, som Christine og Constantine.

22. Lower Dens – Nootropics
Etter nokre år som soloartist, freakfolkartist, gjekk Jana Hunter inn i rolla som bandmedlem i kvartetten Lower Dens. Og musikken vart annleis. Spesielt på denne andreplata. Den held til i eit drøymande landskap, farga i blått, der kjølig elektroniske tonar har ei framskoten rolle. Med eit groove som tidvis går i krautrock-lei. Og inni der syng Jana, gåtefullt.

23. Hurray For The Riff Raff – Look Out Mama
Eit ungt band som på merkbart vis tar for seg av den amerikanske musikkarven. Frå folklore og country via southern blues til surf-rock. Og plussar på med ein ode til John og Yoko. I den sentrale vokalrolla ei kvinne med røter frå Puerto Rico, Alynda lee Segarra.

24. Shovels & Rope – O» Be Joyful
Eit tospann. Kvinne og mann. Cary Ann Hearst og Michael Trent. White Stripes har vore der. Då var det blues. Desse to tar fatt i tonar av countryslekt. Eit energisk grep tar dei om sakene, og går rett til kjerna. Slikt blir det lite utanomsnakk og visvas av.

25. The Walkmen – Heaven
Det handlar om å ha det bra. Det er det det gjer, på Heaven. Om å finne ein ro, og å ha det, ikkje perfekt, men bra. Om å vere i komfortsona. Langt unna den raude sona dei var i då The Rat vart til. Om dei har tapt noko på vegen hit? Energi? Ungdom? Vel, sånn er vegen. Men seg sjølv har dei ikkje tapt. Dei er framleis eit band å like, eit likandes band.

Musikalsk årsoppgjer for 2004

Standard

Endå eit år er kome til sin ende, og det er tid for den særdeles viktige oppsummeringa; Årets beste plater. Skjønt den med tanke på kva som skjedde 26. desember i det Indiske hav, fortonar seg som ein mikroskopisk bagatell.

Etter nærare ettersyn vart eg sitjande att med drøyt 20 album som eg syntes fortjente plass på lista (så det må ha vore eit brukandes år). Her på Groove skal ein imidlertid ned i 10 stykk, så derfor var det berre å setje i gang og kutte ytterligare ned på antallet.

Desse 12 vart ein etter ein, og nokså ufortent fjerna frå lista:
The Gospel Of Progress – Micah P. Hinson
Rejoicing In The Hands – Devendra Banhart
The Graceful Ghost – Grey DeLisle
Cathedral – Castanets
Winged Life – Shearwater
Escondida – Jolie Holland
Amasskoul – Tinariwen
Stories Under Nails – Ben Weaver
Great Lake Swimmers – Great Lake Swimmers
Favourite Colours – The Sadies
Franz Ferdinand – Franz Ferdinand
Seven Swans – Sufjan Stevens

Ingen norske altså, korkje blant desse eller dei ti ”heldige” vinnarane. Men både Tussler, William Hut, Euroboys og nokre til har levert solide saker.

Så til dei ti utvalgte:

1. A Ghost Is Born – Wilco
Etter eit meisterstykke kjem ofte eit antiklimaks. Yankee Hotel Foxtrot var eit meisterstykke, men A Ghost Is Born er ikkje eit antiklimaks. I staden serverer Wilco nok eit meisterstykke, og tek samstundes eit skritt vidare på si innovative oppdagarferd i rock-universet. Albumet skil seg frå forgjengaren først og fremst med å redusere på mengden av synthbaserte og maskindrevne lydinnfall. Bildet er meir jordnært og varmt, enn dei noko bistrare og eksotiske strekane bandet farga (med magnetisk kraft) forrige gong. Fortsatt skuer Tweedy og hans medsamansvorne villig inn på uutforska territorier. Men aldri gjer dei slikt for å være sære, vanskelige eller pretensiøse. Her er ingen fakter og tull og tøys, berre pur kjærleik til musikken. Og sjølv om bandet er eit prosjekt i stadig endring har dei også sin lett gjenkjennelige signatur. Den står skreven der, innimellom den store handlefridom, dei lettbeinte utfluktene, den dempa uroen, og det åpne minimalistiske bildet, bakom Tweedy sine resignerte men sjelfulle vokale avleveringar, i hjarta av hans låtskrivarkunst.
Han avsluttar albumet med å hevde at; ”the best songs will never get sung”.
Sjølv om den påstanden kan virke nokså kategorisk trur eg det er nett desse songane, dei beste, dei usungne, Tweedy og hans Wilco heile tida jaktar på. Og dei tolv han har fanga denne gongen, og gjeve ein sonisk fødsel i ei mangefarga spøkelsesdrakt må då komme veldig nær nett slike skussmål.

2. Aw Cmon / No You Cmon – Lambchop
Eit dobbeltalbum eller to separate album? Det kan egentlig være det same. Det viktigaste er at Kurt Wagner og hans kollektiv fortsatt viser at dei er totalt immune mot å prestere likegyldige og daffe tone-framstøt. I forhold til dei seinare utgjevingane og spesielt den ekstraordinært sordinerte Is A Woman, har dei denne gangen retta opp ryggen og sett seg litt lenger fram på stolkanten. Dei talrike instrumentalistane har fått tildelt ei meir dominerande sonisk rolle, og overdøyver rett som det er Kurt sin vokal. Like fullt, det er herr Wagner som styrer vogna fortsatt. Med vokale tonar henta frå eit djupare bass territorium enn nokon gong før, smyg han seg rundt blant eit rikt antall meisterlige komposisjonar. Ja Aw Cmon / No You Cmon står faktisk fram som bandet sitt mest varierte og rikast fasetterte framstøt til nå, og er eit oppkomme av storveges Lambchop-klang. Litt annleis, men likevel kjent og kjært.

3. Chutes Too Narrow – The Shins
Denne kom opphavleg ut i oktober 2003, men fekk først i mars 2004 sin offisielle release i Norge. Og sidan det først var då den nådde mine øyregangar, blir den med på årets liste.
Frå dei lynsnart klappar sakene i gang, tett fulgt av eit kvikt ”woooh” på Kissing The Lipless, blir ein teken med på ei ferd inn i ei fargerik verd, der heftige hooks og briljante tonar presenterer seg i så tett ordning at ein aldri klarer å tørke vekk det fornøyde gliset før lenge etter at siste plystre-tone i avslutningssporet har lagt seg til ro. Tru likevel ikkje at dette er eit ”kjekt i dag gløymt imorgon opplegg”. Melodilinjene til The Shins har både substans og varig dynamisk kraft, og fylgjer slett ikkje alltid den aller mest opplagte ruta. Tekstane er glede, smerte og angst i eit surrealistisk fellesskap. Tilsaman er seansen den friskaste omgangane med tradisjonell popmusikk slik Beatles lærte oss den sidan The La’s kom vandrande utav Liverpool sine bakgater i 1990 (og forsvant like fort tilbake).

4. Dogs – Nina Nastasia
Endå eit album som eigentlig ikkje tilhøyrer 2004 årgangen. Dogs er Nina Nastasia sin debut, og fant vegen ut til publikum for første gong ved inngangen til dette årtusenet. Det gjorde den i eit svært begrensa antall (2000 eksemplar). Og har sidan vore umulig å finne for oss som fant fram til Nina si verd seinare. I år har den blitt trykt opp på nytt, og takk for det.
Nina er ein sjeldan fugl. Ein singer/songwriter med sterke låtar, personleg stemme og ein original innfallsvinkel. Ei dame som ikkje skuar i retning vedtatte normer for låtoppbygging, som tør å leve litt på sida av det gjennomsnittlege og sjølvsagt vinn mykje på det. Først og fremst fordi dei ulike angrepsvinklane ho nyttar seg av, gang på gang skapar praktfull dynamikk. Der ute på kanten, der det nennsomme rett som det er blir utfordra av det desperate. I det eine augeblikket kjempar ho mot lumske kastevindar, i det neste lener ho seg tilbake ei stille morgonstund, for så kanskje like etter å vitje skuggane i skumringstimen. På det tekstmessige plan er det vel sistnemnte tilstand som oftast blir frekventert. For Nina lar oss ofte møte kvinner og menn som stirar katastrofen i augene, som har eit hjarta innkapsla av bitande og angstfylte gifttrådar, som har mista grepet på tilværet, og der utfallet sjeldan ser ut til å bli av det gode.
Steve Albini har produsert, og lar Nina være i sentrum. Det er minimalistisk, usminka, vakkert og forførande.

5. Abattoir Blues / The Lyre Of Orpheus – Nick Cave & The Bad Seeds
Det er ein del år sidan no at det verkeleg slo gnistar rundt Nick og hans medspelerar. Ti år for å være nøyaktig. Med årets dobbelutgåve har mannen funne tonen igjen. Spelet er det same gamle velkjente, sjølv om det nok ikkje er like frenetisk og overoppheita som i mannen sine yngre dagar. Men det han skulle mangle av dristige utspel tar han igjen i smart struktur, sterk melodikk og generell rutinert faenskap.
Det kanskje dårligaste frøet av dei alle Blixa Bargeld har tatt farvel med laget. Men når den villaste katten har reist sin veg, tek dei andre til å frese litt ekstra. Kanskje skal dei innbudte gjestene frå London Gospel Community Choir og deires vitale og elegante sangglede få litt av skylda for det flotte resultatet også.
To innhaldsrike rundar med høgoktan gospel, inspirert blues, monumentale raid, flørting med poptonar, lumsk lusking, sakrale hymner samt omskriving av ein gresk tragedie.

6. Funeral – The Arcade Fire
Prisen for årets debut går til denne sekstetten frå Montreal. Ekteparet Regine Chassagne og Win Butler leiar an ei ferd rik på vanedannande musikalske opptrinn. Det går an å gjere det enkelt for seg og nemne Talking Heads, Gang Of Four, Flaming Lips, Pixies, Roxy Music og fleire andre, men Arcade Fire er meir enn summen av alt dei liknar litt på. Arcade Fire har med utgangspunkt i det som har blitt utvikla tidlegare meisla sitt eige uttrykk. Med mot, eit ope sinn samt eit arsenal av instrument skaper dei eit mangeslungent uttrykk, som spenner frå det overveldande via det kvilelause og febrilske til det tandre. Med ein fabulerande og undrande, av og til nesten naiv, innfallsvinkel oppdagar hovudpersonane i låtane deires eit nabolag og ein verden av løgn, smerte, lengsler og død. Det kunne blitt over toppen og patetisk, det blir glødande, vakkert og uimotståelig.

7. Trampin’ – Patti Smith
Trampin’ femner om eit breidt register, frå den skjøraste tone til dei mest infernalske raid. Frå personlege nedteikningar til sterke politiske og dagsaktuelle ytringar. Frå romantiske forestillingar via pretensiøst ordgyteri til kraftfulle utsegn, rikt krydra med fabelaktig surrealisme og vakre lyriske bilder. Det sentrale øyeblikket er like fullt det kraftfulle rittet Radio Baghdad. Tolv minuttar som er både dagsaktuelle og evigvarande. Tolv minuttar vekslande mellom sang, deklamering, kviskring og høglydte sukk. Tolv minuttar med same intense nerva vi fant i klassiske rock’n roll rekviemer som Land, Gloria, Radio Ethiopia og Rock’n Roll Nigger. Tolv minuttar med eit heilt anna verdensbilde enn den amerikanske administrasjonen. Tolv minuttar som får meg til å minnast kvifor eg tok til å elske Patti Smith, ein gong i det forrige årtusen.
Mykje bra blant dei resterande kutta også, både blant dei sakrale balladane og dei drivande rockenummer. Trampin’ er kort fortalt det beste dama har gjort sidan Easter, ein gong i det forrige årtusen.

8. Love Songs For Patriots – American Music Club
For ti år sidan var det stopp, gjengen som hadde gjeve oss California, Everclear og Mercury gjekk kvar sin veg. No har den vegen endelig ført dei saman igjen, og her presenterer Eitzel og hans klubbmedlemmer tretten låtar og ein time i velkjent AMC fasong. Det betyr musikk vaklande mellom dei varaste tonar og el-gitar feedback, forstyrra bassgangar, og anna glødande grums. Musikk som er free folkrockin’ nedover ein grusveg få andre tør følgje, men som hentar inspirasjonen frå store deler av det amerikanske musikk kartet; rock, folk, blues, country, jazz.
Frå sitt skeive hjørne har Mark Eitzel stadig noko å melde, både som sjelegranskar og som skildrar av meir politisk karakter. Og sjølv om det er livet sine mørkare irrgangar som oftast blir granska, og samfunnsynet hans er heller pessimistisk, så viser han på Love Songs For Patriots at han og har eit lite lyst glimt innerst i augekroken.
Årets comeback, og eit nytt kapittel i AMC sine makelause bulletiner frå dei skrå breidder.

9. Blueberry Boat – The Fiery Furnaces
Med utgangspunkt i søskenparet Friedberger sin interesse for The Who sine rock-opera tilfeller A Quick One (While He’s Away) og Rael legg Blueberry Boat til land med ei musikalsk last fylt til randen (eller kanskje helst over randen) av fargerike, fantasifulle og smått infame soniske påfunn. For sjølv om The Fiery Furnaces drikk av kjelder også andre har forsynt seg frå, ser det ut som effekten blir noko annleis når dette amerikanske søskenparet får stoffet innabords. Allereie på sitt friske og vindskeive debutalbum Gallowsbird’s Bark, frå i fjor, framstod dei som noko litt for seg sjølv. Men klarer likevel å plassere seg endå nokre hakk lengre vekk frå normal folkeskikk her på oppfølgjaren. Med tonar hente frå ulike hjørner av rockehistorien, cabaret-formen, musikalar, spenstig folk og …. tja, litt av kvart igrunn, serverer dei ein ordrik, vanvittig og surrealistisk seanse, vel verdt å få med seg.

10. Antics – Interpol
Med ein debut bak seg som fullt fortjent fekk mykje godord for sitt mørke og suggestive vesen, kan det ikkje ha vore berre lett å forme oppfølgjaren. Dei mest slåande endringane i forhold til debutskiva er at Paul Banks sin vokal er plassert lengre fram i bildet, tonen kan virke litt lysare, og ein del av låtane viser seg å ha kvaliteter i retning popdrops-lende. Slik blir dette noko litt anna, men og ei plate som har minst ein fot trygt plassert innafor det same feltet dei dreiv rundt på sist.
Bandet sin tone har stadig sine tydelige likhetstrekk med britiske new wave aktørar som Joy Division, The Sounds og Echo & The Bunnymen, men er fyldigare og meir velkledd. Det er tøft det er coolt det er stillstand i møte med eksplosivitet, det er smarte taktskifter og eggande rytmegangar, og på toppen av det heile injiserer dei stoffet med særdeles velutvikla dosar tiltalande melodilinjer.

Og når vekene, månadane og åra no har gått ser eg sjølvsagt at desse platene også burde ha vore nemnt, og kanskje til og med blitt tildelt atskilleg med skryt, i denne samanhengen:
The Walkmen – Bows + Arrows
Dungen – Ta Det Lungt
Devendra Banhart – Nino Rojo
Iron & Wine – Our Endless Numbered Days
Black Cab – Altamont Diary

Patti Smith – Banga

Standard

Dama som nektar å bli uinteressant.

8

cover

Det sit ein hund ved himmelens port, ved sin herres føter, og ventar. Det har den gjort i snart totusen år. Dens namn er Banga. Eg sit å høyrer på ei ny plate av Patti Smith. Med nyskrevne songar av Patti Smith. Åtte år etter at noko slikt hende sist. Dens namn er Banga.

Eg har vel i grunnen heilt sidan eg oppdaga henne (og så kom til hektene igjen) tenkt at i jungelen av musikksjangrar så er Patti Smith sin eigen sjanger. Når ho i desse dagar leverer sitt tiande album av eigenproduserte låtar, tenker eg det framleis slik. Ho nyttar ikkje høvet til å sprenge seg ut av sjangeren. Ho er den ho er. Men ho er det sterkt, minst like sterkt som då ho var her med Trampin» i 2004.

For all del, det var ikkje alt som kom ut i tida mellom Easter (1978) og nemnte Trampin» som imponerte. Av plater, i grunnen berre elegiske Gone Again. Og, det har vore ein pretensiøs dimensjon til stades i mykje av det ho har føretatt seg etter Horses (det 37 år gamle debutalbumet som eg ikkje oppfattar slik, det er reinspikka feber, blasfemi og lidenskap) som eg stundevis har stilt meg litt avventande til. Samstundes har ho denne evna til å jorde det ho formulerer. Til å dra det høgtravande og blomstrande ned. Til å pare det med primitiv rock’n roll, avkledde klagesongar eller improvisatoriske febertalar. Då blir det som regel ikkje for mykje.

Det er ingen fakter hos Patti Smith. Ho prøver ikkje vere, noko, eller nokon. Ho er, stemma, poeten og rytmen. Framleis, i ein alder av 65 år, er ho det. Aldri halvhjerta, aldri noko mindre enn vital, tidvis formidabel.

Constantine’s Dream er formidabel. Levande, dirrande, ekspanderande, og formidabel. I løpet av sine 10 minuttar filtrar låta saman historie og nåtid, draum og røyndom, religion og kunst, naturen og mennesket. Det er ikkje for mykje. «I dreamed a dream» syng Patti Smith i første linje. Ho nøyer seg altså ikkje med eit «I had a dream». Ho vil ha maks patos. Det blir ikkje for mykje. I draumen har ho sett Frans Av Assisi knele og be ei bønn «for the birds and the beasts and all humankind». Derifrå og ut formulerer ho så ein improvisatorisk tale som drar inn den første kristne keisaren i Romerriket (Konstantin I), han som seinare malte eit bilde av denne keisarens draum (Piero della Francesca), og som døydde same året som Columbus steig i land i Amerika, og der såg «nature unspoiled». The New World, eit Eden som ville ha letta hjerta til den heilage Frans, som sender ein overvelda Columbus inn ein søvn som gradvis flettar seg saman med framtida. «The twenty-first century» stig fram som engelen i keisarens draum, oppdagaren ser naturen i flammar, ei øydelegging, og den rojalistiske draumen forsvinn inn i natta. Apokalypsen er fullbrakt. Men det kjem eit etterpå. Ein gammal Neil Young-song. After The Goldrush. Skyvd nokre tiår fram i tid. «Look at Mother Nature on the run, in the twenty-first century» syng Patti Smith, og nokre barn. Det nærmar seg kanskje då, men det blir likevel ikkje for mykje.

Og restane av den siste pianotonen set eit sakralt punktum.

Ein time tidlegare har ho starta albumet med Amerigo. Ein song der ein europear (anno 1500) rapporterer med idyll i blikket og forståing i hjerta frå kontinentet som nett er blitt oppdaga. Slik er songens tone også, vennlig og tiltalande. Men Banga er ikkje først og fremst songar om Amerika. Albumet strekker seg vidare enn som så. Dette er songar om dei frittflygande og om demonane, om skjønnheiten og undergangen, og om håpet å få døy «on the back of adventure».

Ho syng songar til to nyleg avdøde kvinner. Sørgmodige men samstundes oppløftande This Is The Girl, tileigna Amy Winehouse. Og den sorgtunge og umåtelig vakre Maria, tileigna den franske skodespelaren Maria Schneider, mest kjent for si rolle i Siste Tango I Paris. «Wild wild hair, sad sad eyes …… tangoing from heaven to hell».

Ho ber fram ei rock’n roll bøn for japanarane som vart ramma av tsunamien i fjor, oppkalla etter deira stolte fjell Fuji-San. Ho presenterer ei ode til kjærleiken, livet og «the human beat», titulert Mosaic. Og balanserar på kanten av for mykje. Men balansegang kan vere bra.

Russisk litteratur og film gjer seg også bemerka på plata. Den heller middelmåtige poplåta April Fool referer til fødselsdagen til Nikolai Gogol, og hentar inspirasjon frå hans mest kjente bok Døde Sjeler. Den slettes ikkje middelmåtige, men derimot røft og lealaust rockande tittellåta (med Johnny Depp på gitar) vart til etter at Patti hadde lest Mikhail Bulgakov sin finurlige roman Mesteren og Margarita, om ein besynderlig djevel og hans intrikate affærar (i Moskva, Jerusalem, og Gud veit sikkert ikkje kor). Mick Jagger skal etter seiande ha laga Sympathy For The Devil etter å ha lest same bok. Patti Smith tar utgangspunkt i ein liten historie i boka om Pontius Pilatus og hans lojale hund Banga som sitt utafor himmelporten og ventar på Kristus. Kva songen eigentlig handlar om må djevelen vite. Om lojalitet kanskje, eller kanskje om at «the way to heaven is true – true blue»? Og the Second Stop is Jupiter. Men då er vi hos Tarkovsky. Den store russiske filmregissøren. Songen som Patti Smith har gitt hans namn er like mykje eit dikt, med tonar lånt av Sun Ra. Flytande, dvelande, med draumeliknande bilde i eit gråfarga landskap. Magisk i grunn. Som ein film av – Tarkovsky.

Med seg på plata har Patti Smith sine evige kombattantar Lenny Kaye og Jay Dee Daugherty, og den litt seinare arriverte Tony Shanahan. Dei er bandet hennar, og dei er medkomponistar. Patti Smith Group kalla dei seg ein gong i tida. Dei er ikkje yngre no enn den gong, men dei har eit eller anna avgjerande i seg som dei fleste andre som har vore ute der like lenge har lagt ifrå seg. Det viser Banga alle teikn på.

Først publisert på Groove.no (i 2012)

 

Patti Smith – Trampin»

Standard

Frå hjertet av Amerika til gatene i Baghdad. Frå den skjøraste tone til dei mest infernalske raid.

cover  «Our terrain stretches from the american heartland to the streets of baghdad. Our boots are well worn and the sack we toss over our shoulder is filled with tears and grain. We unbutton our coats, for spring is upon us and the air is thick with promise. Let us shake the gold upon the fields for it is spring, a good time for trampin».» (pattismith.net)

Eg ser at enkelte har omtala Trampin» som eit comeback frå Patti Smith si side. I ordet si eigentlige tyding er vel ikkje dette heilt korrekt, ettersom albumet er hennar fjerde sidan Gone Again kom i 1996, og følgjer ikkje meir enn fire år etter Gung Ho. Omdefinerer vi derimot comeback til å tyde; tilbake i toppform, då er Trampin» definitivt eit comeback.

Det er i desse dagar tretti år sidan Patti Smith entra eit studio for aller første gong og kom ut igjen med den legendariske singelen Piss Factory. Då ho året etter (1975) fulgte denne opp med albumet Horses, og introduserte seg med den berømte åpningslinja «Jesus died for somebody’s sins, but not mine» manifisterte ho klart og tydelig at her var ei dame som gjekk rock’n’roll vegar ingen andre damer (eller menn, for den saks skyld) hadde søkt innpå før.

Bandet: Rock’n’roll arkeolog Lenny Kaye skyflar ut kompromisslaust gitargrums. Jay Dee Daugherty på trommer og Ivan Kral på bass dannar ein heftig rytmisk duo. Medan krølltoppen Richard Sohl er ansvarleg for sublim tangent utøving. Dama: Patti Smith er ein ordrik leverandør, eit poetisk uvær, som har henta sin inspirasjon like mykje frå den franske poeten Arthur Rimbaud og beat-generasjonen sine frilynte ordkunstnarar som Bob Dylan, Jim Morrison og obskur garasje-rock. Horses: Eit spark midt i skrittet på alt sløvt, likegyldig og blodfattig. Eit vågalt, friskt og ukultivert åtak. Og dannar saman med Velvet Underground sitt banan-album og Television sitt Marquee Moon ein New York-trio som i denne skribenten sine auger ganske så problemfritt kan få lov å dele tittelen tidenes beste debutalbum mellom seg.

Patti har i ettertid aldri klart å toppe Horses. Av albuma som fulgte dei neste fire åra kom rett nok Easter (1978) ganske nær, men Radio Ethiopia (1976) var litt for ujevn, og Wave (1979) ein temd skuffelse. Ved inngangen til 80-talet trekkjer ho seg tilbake og prioriterer familie og eit fredeligare liv. Ho gjer eit kort comeback i 1988 med albumet Dream of Life (mest kjent for anthem-rockaren People Have the Power), spelt inn i samarbeid med ektemannen Fred Smith (med fortid i MC5). Likevel, på ingen måte ei plate som går inn i historia. I løpet av nokre månader i 1994 dør både mannen Fred og broren hennar. I 1996 og 1997 følger så dei to lågmælte (i Patti Smith-samanheng) albuma Gone Again og Peace and Noise. Begge med fleire fine folk-aktige spor, men likevel nokre hakk unna Patti sine største stunder. Hennar åttande album, Gung Ho frå 2000, trur eg kunne ha vunne på ein noko råare produksjon, her er spor av fleire sterke låtar (Glitter In Their Eyes, Strange Messengers), men i Gil Norton sine produsenthender blir dei, overraskande nok, både litt overprodusert og avsnertifisert. Men så skjer altså underet (eit lite i alle fall), Trampin» dukkar opp og viser ei 57 år gammal Patti Smith med ein glød og ei melodisk kjensle vi må heilt attende til Easter for å finne makan til.

Trampin» femner om eit breidt register, frå den skjøraste tone til dei mest infernalske raid. Frå personlege nedteikningar til sterke politiske og dagsaktuelle ytringar. Frå romantiske forestillingar via pretensiøst ordgyteri til kraftfulle utsegn, rikt krydra med fabelaktig surrealisme og vakre lyriske bilder. Mykje er altså slik vi kjenner dama frå hennes beste stunder, sjølv om det politiske, og då helst i tydinga anti-krig, anti-kapitalisme og anti-Bush, blir gitt meir plass enn nokon gong før. Det er også tettare mellom balladene enn kva som var tilfelle i dei meir spastiske 70-åra. Seks av låtane på Trampin» vandrar rundt i eit slikt varleg tonelandskap. Men det er jo heilt greit så lenge fleirtalet består av rett så fine saker. Trespasses, plassert i nærleiken av eit innbydande countryterreng, høyrer til blant det aller fremste Patti har gjort i denne kategorien. Eg har heller ingen problem med å la Cash få cashe inn nokre adjektiver av positiv art, melodisterk og varmblodig som den er. Sterk er også Peaceable Kingdom, ei låt i naiv utopisk drakt inspirert av skjebnen til den amerikanske fredsaktivisten Rachel Corrie, som i mars 2003 blei myrda av israelske militære medan ho prøvde å beskytte palestinske territorier. Tittelsporet er kun Patti og hennes 16 år gamle datter (på piano), i ein intens og langsom versjon av ei gammal gospel hymne; «I’m trampin», trampin», try’n-a make heaven my home».

Det mest sentrale øyeblikket på Trampin» er imidlertid det kraftfulle rittet Radio Baghdad. Tolv minuttar som er både dagsaktuelle og evigvarande. Tolv minuttar der ho for første gong på over 25 år finn tilbake til den intense nerva i klassiske rock’n’roll rekviemer som Land, Gloria, Radio Ethiopia og Rock’n’Roll Nigger. Vekslande mellom sang, deklamering, kviskring og høglydte sukk utfører dama – godt hjelpt av sine fire våpendragarar (Lenny Kaye og Jay Dee Daugherty er fortsatt med, i tillegg til dei litt seinare påmønstra Oliver Ray (gitar) og Tony Shanahan (bass)) – ei avsindig ferd gjennom historiske landskap. Med utgangspunkt i det faktum at sivilisasjonen sin fødsel fant stad på dei grøderike mesopotamske slettene mellom Eufrat og Tigris, lar ho den irakiske stemme komme til orde. Ei stemme som undrande og etterkvart fortvila konfronteres med den kjensgjerningen at til tross for alt dette folket har gjort for verden sin utvikling; «we mean nothing to you», og blir istaden kun betrakta som «your arabian nightmare». Likevel, det hadde ikkje vore Patti om ho ikkje, opp i alt det smertefulle, hadde latt optimismen få trenge gjennom skylaget til slutt; «suffer not, but extend your hand». Sikkert ingen slager på bankettar i det kvite hus.

Nesten av samme infernalske nåde er dei akselererande ni minuttane kalt Gandhi. Den startar med Patti si røyst oppå ein svak basstone, og bygger seg opp, opp og opp mot ekstatiske høgder. Der ein kan skimte både Martin Luther King og Gandhi blant struttande blomstring og regnande sukkertøy i eit utopisk rike. Jodå, det er romantisk, svermerisk og litt naivt. Samstundes er det gjort med ei slik overbevisande kraft at ein kan ikkje motstå freistinga det er å snike seg inn i hagen for å delta i den pasjonerte dansen; «awake from your slumber, and get ’em with the numbers».

Av dei tre meir konvensjonelt oppbygde rockelåtane, er det den strykar-draperte saken, inspirert av William Blake sitt liv og diktning, titulert My Blakean Year, som verkelig struttar av rytmisk tiltakslyst. Sjølv om både den optimistisk marsjerande Jubilee og langt meir skitne Stride of Mind også er levedyktige tilfeller. Aller mest fordi det er ei av dei sterkaste og mest karakteristiske stemmene rocken har fødd som leiar an.

«Sha da do wop, da shaman do way…»

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)