Tag Archives: Marissa Nadler

Musikalsk årsoppgjer 2012

Standard

Dette er ikkje eit forsøk på å komme med ein brei analyse av musikkåret 2012. Slikt for andre ta seg av. Dette er i grunn ikkje noko anna ein smal liten egotripp. Ei liste over tjuefem plater eg har sett pris på i år. I ei omskiftelig men ikkje heilt tilfeldig rekkefølgje.

Eit raskt blikk over lista fortel meg at amerikanske tonar er sterkt overrepresentert, og at heimlandet berre er representert med ei plate. Hadde eg gidda å laga lista lenger kunne Highasakite, Susanne Sundfør, Anne Marie Almedal, The Little Hands of Asphalt, Hellbillies, Hanne Kolstø, Susanna, Tom Roger Aadland, I Was A King, Æ, Lindstrøm, Ida Jenshus, Narum og Meg og Kammeraten Min også ha fått ein plass. Og då kunne jo også fleire frå utlandet fått plass, plater av folk og band som Grizzly Bear, Ty Segall, Elephant Micah, Black Moth Super Rainbow, Mark Lanegan Band, Laura Gibson, Simone Felice, Cloud Nothings, Chromatics, Godspeed You Black Emperor, Leonard Cohen, Polica, Allah-Las, Kindness, Iris DeMent, Bob Dylan, Beach House, Dr. John, Turnpike Troubadours, Fiona Apple, Mount Eerie, Six Organs of Admittance, Beachwood Sparks, Frank Ocean, Giant Giant Sand, Richard Hawley, Thåström, Goat, Dirty Three, Cat Power, Anais Mitchell og Calexico. For dei gav alle ut bra plater i 2012. Men eg trur eg får nøye meg med desse:

1. Father John Misty – Fear Fun
Josh Tillman har vore i musisk bevegelse ein del år no. I skuggen av det store scenelyset, eller på ein trommekrakk bakom songaren og gitaristen. Gjennom fleire plater har han, som J. Tillman, utforska det tungsindige krysningspunktet mellom Nick Drake og Townes Van Zandt. I tre år har han i tillegg vore trommeslagar i Fleet Foxes. Der er han ikkje lenger. Han har vandra vidare, tenkt nokre andre tankar, døypt seg om til Father John Misty, og laga ei plate kledd i ein tidleg 70-tals skrud, der folkrock, countryrock, softrock og psykedelia er dei dominerande ingrediensane. Der det mismotige blir konfrontert med sardoniske innfall, dopprat, hedonisme, ein bisarr humor, og ikkje så reint få absurditetar. Latterlig vitale saker i grunn.

2. Neil Young with Crazy Horse – Psychedelic Pill
Eg plasserer lyden av Neil Young og Crazy Horse høgare enn dei fleste lydar eg finn der ute. Dei står bak fleire av mine favorittplater. Med Psychedelic Pill har dei laga ei til. Ei lang ei, med lange magisk harvande låtar, om livet slik det har fortona seg. Og beviser at tilbakeskoding, gamle takter og null utvikling kan være den rette medisinen.

3. Simon Joyner – Ghosts
Midt i eit dissonantisk utland hevar songaren si krokete røyst og hevdar at «a good man is hard to find, a bad one’s even harder to get rid of». Det er stygt. Det er fredlaust. Det er ein dobbeldose svartmalande og støyplaga countryrock. Unnfanga av ein seig ørkenvind, født bak ein vridd blues, pint under Velvet Underground. Avlevert med reinspikka overtydnad.

4. Lambchop – Mr. M
Det finst ei tid for Lambchop. Det finst absolutt tider som ikkje høyrer Lambchop til. Men innimellom er tida der, og då finst det ingenting som er betre enn Lambchop. Ingenting. Mr. M føyer seg inn i rekka. Den byr på ein ny porsjon underfundig og saliggjerande Lambchop-melankoli, denne gongen dedikert ein avdød venn.

5. First Aid Kit – The Lion’s Roar
Kledd i psykedelisk farga kaftan, og med 1969 mindre enn eit andedrag unna, den engelske folktradisjonen i bakhovudet, den amerikanske country/folk-tradisjonen i hjerta, Stockholm sine snødekte gater i synsranda, og ei kosmisk livskraft strøymande gjennom seg, tilfører First Aid Kit det tradisjonsbundne sin eigen friskleitte signatur.

6. Tønes – Sån Av Salve
Underfundig sosialrealisme, ispedd meir alvorsprega tankar kring det å være menneske, i hop med andre menneske. På kjent og snodig vis fyller Tønes plata med skildringar av folk som helde på med sitt. Små ting, dagligdagse ting, ting dei kanskje ikkje er spesielt stolte over å halde på med. Han gjer det minst like bra som han nokon gong har gjort det, og då gjer han det bra skal du veta.

7. Jack White – Blunderbuss
Feitt og overflødige tonar er kasta i komposten. Tilbake står eit reinskore, melodisk attraktivt, og dynamisk lite meisterverk, som er skittent og reint i funksjonell foreining. Det høyrest veldig ut som det beste Jack White nokon gong har hatt fingrane borti.

8. Tame Impala – Lonerism
Med ein sumpete romklang forserer Tame Impala ei sonisk løype som svingar seg frå Soft Bulletin til Strawberry Fields Forever. Som tittelen insinuerar er det eit einmannsverk. Kevin Parker sitt melodisk vinnande og psykedelisk utfordrande einmannsverk.

9. Sharon Van Etten – Tramp
Ei krystallklar og sanselig men samstundes nøktern røyst. Den pure, svevande men samstundes jordbundne tonen. Det er Sharon Van Etten det. Tramp handlar om folk som elskar. Frå første stund, frå Warsaw sine gitargråtande og skimrande breidder til Joke Or a Lie sitt spartanske og varleg dronegnagande adjø handlar det om å elske. Det handlar om at det er alt anna enn problemfritt.

10. Patti Smith – Banga
Det er ingen fakter hos Patti Smith. Ho prøver ikkje vere, noko, eller nokon. Ho er, stemma, poeten og rytmen. Framleis, i ein alder av 65 år, er ho det. Aldri halvhjerta, aldri noko mindre enn vital, tidvis formidabel.

11. Allo Darlin» – Europe
Først og fremst er dette uhøyrt forførande og vilt fengande popmusikk. Men eg høyrer noko meir også. Eit vemod, som finn ein klangbotn under den poppige overflata, og rissar eit bilde med fleire dimensjonar i seg. «Under Capricornia skies». Formulert av Elizabeth Morris frå Queensland, Australia, ein av dei verkelig gode låtskrivarane.

12. Woods – Bend Beyond
Woods fokuserer låtane, køyrer på med litt meir elektrisitet, og minst like mykje psykedelia. Slik vi kjenner den frå det myteomspunne sekstitalet. Og pop. Frå det same tiåret. Støtta opp mot den vindskeive og heimelaga estetikken til våre dagars uavhengige.

13. The Men – Open Your Heart
The Men er ikkje her for å imponere, dei er her for rock’n roll. Så utan tankar om virtuositet, innovasjon eller intrikate påfunn grip dei fatt i rocken sin inste kjerne, den urovekkande feberen, og tenner på. Gud skal vite at det brenn.

14. Andrew Bird – Break It Yourself
«Time’s a crooked bow, come on, tell us something we don’t know» oppfordrar Andrew Bird. Denne syngande fiolinisten og kontrastmakaren som sannsynlegvis ikkje har granska fasiten på korleis ein poplåt skal skruast ihop, og nettopp derfor lagar betre poplåtar enn dei fleste.

15. John Fullbright – From the Ground Up
Ein ung mann frå Oklahoma, med ei røyst som merkast, og songar som virkar. Countrysongar og andre songar, mang slags songar. Rock av brunstig avstamming, orgel og groove, soul og gospel, fengande gitarrock, og pianoballadar djupt nede i kneståande.

16. Damien Jurado – Maraqopa
Det byrja på Saint Bartlett, hans førre plate. Trubaduren tok eit steg inn i eit romsligare og meir rørsleprega landskap. Han er der framleis. Ikkje milevis unna den folktonen han har gjort oss kjent med opp gjennom åra, men unna. Han kan være elektrisk rockande, smått funky og psykedelisk popduvande. Men alltid Jurado, varmt søkande.

17. Darren Hayman and the Long Parliament – The Violence
Det er 1645, borgarkrigen rår i England, og kvinner blir skulda for å være hekser. Hayman fører den humane og melodiske folkpopen sin inn i sentrum av dette, finn nokre enkeltskjebnar, og gjer det grufulle synlig, gjennom ei ubroten rekke av velbygde songar.

18. Alabama Shakes – Boys & Girls
Med ungdommelig pågangsmot tar bandet soulmusikken med på ein groovy southern rock’n roll tur den berre har godt av. Og i leiarrolla, Brittany Howard. Eigar av ei stemme som tar inderlig eigedom i kvar einaste tone den har omgang med. Ei ekte kraft.

19. Old Crow Medicine Show – Carry Me Back
Dei er dei same helsebringande leverandørane av tradisjonsrike og uforfalska tonar som dei alltid har vore. Med minimal straumtilførsel men dugelig energi grip dei tak i merksemda og syng om fråflytting, heimebrenning, fylleslagsmål, og anna rural moro og smerte.

20. Bill Fay – Life Is People
Sist gong han var her, blei han ignorert. Det er 41 år sidan sist. I lag med fans og gode hjelparar kom han tilbake i år. Og vart ikkje ignorert. Life Is People er som tittelen insinuerar varm og humanistisk. Nokre tiår med livserfaring og djupfølt vørdnad unna den iherdige og tidvis krakilske kampen som utspant seg då han var her som ung.

21. Marissa Nadler – The Sister
Søstera er den sjølvtitulerte plata hennar frå 2011. Stemma hennar er like glasklar, sterk og skjør. Det er ikkje så mykje anna enn hennar eigne gitarplukkande tonar som akkompagnerar songane. Det er nakent og reint, og det dirrar. Og det er vakkert, som Christine og Constantine.

22. Lower Dens – Nootropics
Etter nokre år som soloartist, freakfolkartist, gjekk Jana Hunter inn i rolla som bandmedlem i kvartetten Lower Dens. Og musikken vart annleis. Spesielt på denne andreplata. Den held til i eit drøymande landskap, farga i blått, der kjølig elektroniske tonar har ei framskoten rolle. Med eit groove som tidvis går i krautrock-lei. Og inni der syng Jana, gåtefullt.

23. Hurray For The Riff Raff – Look Out Mama
Eit ungt band som på merkbart vis tar for seg av den amerikanske musikkarven. Frå folklore og country via southern blues til surf-rock. Og plussar på med ein ode til John og Yoko. I den sentrale vokalrolla ei kvinne med røter frå Puerto Rico, Alynda lee Segarra.

24. Shovels & Rope – O» Be Joyful
Eit tospann. Kvinne og mann. Cary Ann Hearst og Michael Trent. White Stripes har vore der. Då var det blues. Desse to tar fatt i tonar av countryslekt. Eit energisk grep tar dei om sakene, og går rett til kjerna. Slikt blir det lite utanomsnakk og visvas av.

25. The Walkmen – Heaven
Det handlar om å ha det bra. Det er det det gjer, på Heaven. Om å finne ein ro, og å ha det, ikkje perfekt, men bra. Om å vere i komfortsona. Langt unna den raude sona dei var i då The Rat vart til. Om dei har tapt noko på vegen hit? Energi? Ungdom? Vel, sånn er vegen. Men seg sjølv har dei ikkje tapt. Dei er framleis eit band å like, eit likandes band.

Musikalsk årsoppgjer for 2009

Standard

Så har det siste året i det første tiåret av 2000-talet komme til sin ende, og det utan at verken terroråtak, internett, fildeling eller andre slags påfunn har tatt livet av musikken.Den er utstyrt med for mange liv, og har eit altfor vinnande vesen, til det.Det grensesprengande eller spektakulært nyvinnande har rett nok ikkje musikkåret bydd på (eller tiåret for den saks skuld). Men stabelen av plater eg har funne hugnad i har dei siste 12 månadane vokse seg bra stor den. Så derfor seier eg meg nøgd, godt nøgd.Eg har sett pris på plater av Bonnie Prince Billy, Pink Mountaintops, The Felice Brothers, Marnie Stern, Dan Deacon, Deportees, Monsters of Folk, Hiss Golden Messenger, Akron/Family, Wilco, Bill Callahan, Low Frequency In Stereo, Sunset Rubdown, A.A. Bondy, Kurt Vile, Girls, Yo La Tengo, Megafaun, Son Volt, M. Ward, Tellusalie og ikkje minst Stein Torleif Bjella.

Men det aller djupaste inntrykket har nok desse ti gjort:

10.Marissa Nadler – Little Hells
Som tittelen varslar, dette handlar ikkje om menneskeskjebner på sporet av den evige lukka. Dette handlar om saktegroande arr, gnagande sakn og uoppgjorte dystar. Sånt som dama allereie har dvelt ved på tre album før. Men denne gangen er lydkjeldene fleire, ho har eit band med seg. Dei overdøyver henne aldri, dei spelar varleg, men dei er der. I eit luftig og smått hypnotisk sonisk landskap. Saman med Marissa, hennar vevre, transparente og klare røyst, hennar melankoli, og hennar stillferdig forførande melodiar.

9.Richmond Fontaine – We Used to Think the Freeway Sounded Like a River
Richmond Fontaine er den same gjengen som dei har vore over nokre år no. Dei er lyden av eit samspelt band, men også eit frigjort og søkande band. Eit band som varierer sitt uttrykk. Som dveler, teier og kitlar varleg. Men som også brenn, og bråkar. Dei høyrer til innunder eit americanalandskap. Eit breidt eit, som famnar både folk, country, jazz, rock, og noko sfærisk der ute frå ørkenen ein stad.
Og fremst finn vi Willy Vlautin. Låtskrivaren, og songaren, med dei sterke og reinskorne mininovellene, om folk som opplever at livet slett ikkje er ein frydefull heisatur.
Denne gongen er det nesten like bra som meisterlige Post To Wire.

8.John Olav Nilsen og Gjengen – For Sant Til Å Være Godt
Utstyrt med vinnande tonar og dei beste rocketekstane på denne sida av Jokke stuper Nilsen og Gjengen uti eit kokande opplegg som aldri nærmar seg lunkne farvatn.
På rotekte bergensk syng Nilsen om livet slik det er. Ganske så vrient og lummert, men ikkje til å forkaste heller. Han ser det vakre i det stygge, og fortel om det. Han ser diamantar i knuste flaskeskår, og er lykkelig ulykkelig.
Det er postpunk, The Aller Værste, ei rabiat popåtferd, og eit gåvmildt arsenal av fengande tonar.
Det er ingen perfekt plate, ingen sensasjonell plate, ingen frelsande plate heller. Men ei fantastisk plate er det. Bore fram av eit sjølvlysande overskot, og trustappa av frydefull desperasjon. Eg smiler, framleis.

7.The xx – xx
Dei er frå London, dei er fire, dei er unge, men dei overdriv ikkje. Absolutt ikkje. Dei har skjønt at lite kan vere nok. Dei har skjønt det er mykje energi i det uspelte. Så dei har funne seg ein liten dunkel krok, der lyset er dempa, og lyden blir servert i minimalistiske former.
Ei sensuell damerøyst har den vokale hovudrolla, ei meir limitert mannsrøyst har ei framtredande birolle. Dei har postpunk i årene, men spelar den med sordin. Dei kan vandre inn i sfæriske landskap, men med ein poptone i sekken. Bass og beats går i eit funky dubganglag. Gitaren spelar lysskye tonar, skånsamt. Det er lågstemt og lumskt, det er suggererande lakendans. Det er varmt.

6.Simon Joyner – Out Into the Snow
Med si noko ustøe, men slett ikkje karakterlause røyst tar Simon Joyner lyttaren med på ein transperent tur inn dit ambivalensen dekker kampen mellom uro og harmoni. Der det handlar om dei som elskar, dei som har elska, og dei som hungrar etter å bli elska. Han skildrar folk i havsnaud. Folk som drøymer draumar med lenker på. Folk som skannar rommet for mareritt før dei går til sengs. Folk som tørstar, leitar, snublar, og som kjenner på den bitre smaken av løgner og tapte sjansar. Folk som mest av alt søker fred og harmoni, men som ikkje heilt finn utav kartet dei har fått utdelt.
Han evnar skape medrivande forteljingar. Og kler dei så med tonar henta frå eit vegkryss der Leonard Cohen har støtt på Lou Reed og Townes Van Zandt. Gode tonar.

5.The Low Anthem – Oh My God, Charlie Darwin
Dei er både høgt og lågt, dei gjer det både stilt og vilt. Dei er tre. I lag spelar dei på sånn cirka 27 ulike instrument (frå saksofon og cello til tabla-trommer og pumpe-orgel).
The Low Anthem er ein varmblodig og organisk trio, som spelar songane sine, ikkje konstruerer dei.
Dei sprenger ingen grenser eller er überfantasifulle på noko vis. Det dei gjer har vel i grunn ganske så mange andre også gjort. Det dei gjer har sine røter i ein gamal tradisjon. Folkmusikktradisjon. Ut av denne tradisjonen dreg dei så tonar, og komponerer songar, som har det med seg at dei verkar å ha vore her alltid. På ulikt vis, og i ulik skapnad. For folk er så mangt. Berre spør The Low Anthem, og du vil få eit uimotståelig svar. Deira svar.

4.Animal Collective – Merriweather Post Pavillion
Den kom tidleg denne, svevande på eit røslig rykte om å vere fargerik og fabelaktig. Og det var den jaggu også, og det er den framleis. Ein sonisk virvelvind som sopar med seg både eitt og hitt, og meir til. Ein part Strawberry Jam, ein part Person Pitch, ein part Smile, og atskillige partar nyvevd og spektakulær lydrikdom. Ja slikt noko som det vanskelig kan bli anna enn psykedeliske popdrops utav. My Girls, Summertime Clothes, In The Flowers. Søte, syrlige, mektige, vanedannande, og evigvarande popdrops. Om å synge, og danse, og elske, og drikke, og smake, og gaule, og tru, og tvile, og føle, og omfamne livet, for det er det verdt.
Utan å gå på akkord med sitt sprudlande eksperimentelle vesen har Animal Collective plassert poptonen i den sentrale rolla denne gongen, og rulla fram sitt mest tilgjengelige verk. Sitt beste. Eit av årets beste. Synst eg òg.

3.Neko Case – Middle Cyclone
Med ei listig popånd i ryggen fører Neko Case nok ein gong countryfolktonane sine inn på det minneverdige sporet. Tonar som blir til songar. Songar som sjeldan tar fyr i første forsøk. Men som når dei tar fyr, aldri sloknar.
Det finst grunnar for at songane tar fyr. Sjølvsagt gjer det det. Ein kan snakke om dei tempererte arrangementa, om subtile innspel frå gode hjelparar, og om den luftige og brennbare atmosfæren dei driv rundt i. Men den fremste kveiksla er tvillaust røysta til dama sjølv. Denne røysta som verkar råde over det meste. Som er inkarnasjonen på malmfull. Som har tonane som sine beste venner. Som kan danse uti sommarnatta, lene seg mot ein rusken haustkveld, eller kysse mystikken midt i nakken. Alt like naturlig, og så sjølvsagt utført, at ein reint kan fatte mistenke om at røysta sin eigar ramla i dynamikkgryta då ho var lita.
På Middle Cyclone syng ho songar om ville vindar, leie regnbyer og brokete skylag, om utemja dyr, fuglar og insekt.
Men eigentlig, eigentlig er det 14 kjærleikssongar. Eg er blitt glad i alle.

2.Magnolia Electric Co. – Josephine
«Ooo-oh!», den einsamaste røysta under den vestlige himmel syng om fjerne horisontar, lange netter, utålelige smerter, og det å ha levd så lenge blant skuggane at han er blitt ein av dei. Omlag slik han har gjort det frå han presenterte sin første mollstemte tone for fleire år sidan. At bandets bassist forulykka i ein brann då denne plata var på skissestadiet gjorde nok ikkje mollstemninga lysare. Utan at det er bassisten dette handlar om. Dette handlar om hardt prøvde Josephine (og Grace, og Knoxville Girl), og han (og dei) som snudde livet hennar (deira) opp ned. Det handlar om den evige rastløysa, den manglande tilhøyrsla, om kor lett ein mann kan rote seg bort «when he’s on the mountain road», og om ørkenen som skjuler eit paradis.
Med Josephine leverer Jason Molina og hans gjeng sitt strammast redigerte album til dags dato. 14 spor på tre kvarter, med lite rom for utanomsnakk, gitarsoloar og andre utflukter. Stilmessig er det ei nokolunde jamn fordeling av luftige folkrocklåtar med godgjerande country-resonans, og dei meir elektrisk brennande sakene med ulik grad av blues i årene. Sterke låtar, hjerteskjerande vakre låtar. Og bandet, bandet verkar vere heimsøkt av eit overskot eg meiner å ikkje ha høyrt sidan dei transformerte seg frå Songs:Ohia til Magnolia Electric Co.
Så «sing it brother, one more time».

1.Andrew Bird – Noble Beast
«Popmusikant med fiolin» har jo blitt eit velkjent bilde her i landet siste året. Andrew Bird har ikkje vore i det bildet. Han er i eit anna eit. Eit betre eit. Eit rikare eit, med fiolin, plystring, eklektiske poptonar, smarte grep, og varme friske fargar.
Inspirasjonen hentar han frå mange hald, og utføringa er kjenneteikna av soniske krumspring. Så vegen inn til tonane hans kan by på visse utfordringar, men slett ikkje uoverkommelige utfordringar. For dei har eit inviterande vesen desse tonane. Og ikkje sidan meisterverket The Swimming Hour såg dagens lys (i 2001) har dei vore like inviterande som dei er på Noble Beast.
Å trampe fram med tunge skritt har aldri vore Bird si greie. Å la dei soniske påfunna krangle om merksemda har han også passa seg vel for å legge opp til. Det er det romslige, det luftige og det organiske han søker. Og finn fram til. Kvar gong. Denne gongen også. Spesielt denne gongen. For stort meir lett på tå gjennom ei luftig sfære enn det Noble Beast er, blir ikkje popmusikk. Samstundes som den er slynga inn i eit varmt og nærast heilakustisk lydbilde ein vanskelig kan føle anna enn sterk velvilje overfor.
Tekstlig likar Bird helst å uttrykke seg vagt. Han likar ordspel, klangen av ord, og gjerne vanskelige ord. Det er ikkje kvar dag ein må hanskast med ord og begrep som calcified arythmatists, translucent alabaster eller innocuous plecostomus i popsongar. Slikt føder kanskje tankar om at vi har å gjere med ein mann med vel høge pretensjonar. Tankar som glatt forsvinn i takt med kor raffinert og naturleg orda fell på plass i tonebildet.
Noble Beast er popmusikk så levande og så feiande flott at alle elskarar av slikt noko burde omfamne det med sine hjerteligaste famntak. Prompte.