Monthly Archives: mai 2016

Acres Wild – Ignore the Flags on the Beaches

Standard

Popmelankoli med solskin på.                                                                                                          7

AcresWild_IgnoreTheFlagsOnTheBeaches  Om eg skal feste lit til tittelen på Acres Wild sitt debutalbum (og det skal eg vel?) så handlar dette om å ignorere flagga på badestranda. Og då særlig det raude vil eg tru, sidan det er avbilda på coveret. Men er no dette, desse tonane, desse songane, så faresøkande og opprørske spør eg meg undervegs i lyttinga. Nei, lyde det korte svaret. Dette er pop det. Mjuk pop, kraftpop, psychpop, folkpop, bra pop. Den skeinar ikkje ut i utrygt farvatn, men rir gjerne ei pastellfarga bølgje inn i solnedgangen.

Og der finn den melankolien. Forelsking og damer og trøbbel og slikt. Det blir det i grunn ikkje lagt særlig skjul på. Og kanskje er det nett her det der med å ignorere det raude flagget kjem inn i bildet. At sjølv om faresignala blinkar, og audmjuking og feiltrinn er eit mulige utfall, går ein inn i det, igjen og igjen. Med håp og med mot og med blanke auger.

Ignore the Flags On the Beaches er Oslo-bandet Acres Wild sitt debutalbum. Dei har eit par EP’ar bak seg, men finn nok her fram til ein poptone med meir eigenart. Sjølv om sekstitalet og eitt og hitt som har hendt sidan den gongen framleis sitt bra fast i opplegget deira.

Like a surfer she would ride the greatest wave
Like a Stone Age man I will take her to my cave
They all betrayed me, but she’s not

Beach Boys til dømes. I alle fall i låta Pastel Waves. Eit stykke elskelig pop med sommar og surf og dugande optimisme som drivstoff. Som eg hinta om over er nok likevel melankolien meir toneangivande enn optimismen her. Den er der i det Teenage Fanclub-slekta nummeret Austere. Den er der når bandet i songen Dowsing går noko mektigare til verks og sneiar tonar eg tenker kunne ha komme frå det engelske høglandet. Og den er der i det melodisk velordna avslutningssporet The Prophecies of Skeeter Davis. Ein song som også var tittelspor på bandets EP av i fjor.

Ein personlig favoritt er opningssporet Map of Lake Victoria. Ein song som både er nedpå og frampå. Som startar lågmælt og smygande, men som etter kvart finn eit kjappare tempo og meir høglytte soniske former. Der det er ein god ringande klang i gitaren, og ein viss villskap over nokre synthbølgjer som blir sendt innover sakene. Dette medan songaren finn fram til linja som blei albumets tittel, men også funderer over om dei i staden for å jaga draumar berre skal gje opp, resignera.

Line of Sight er litt annleis. På eit vis er den ein noko spinkel poplåt, med ei trommemaskin i ryggen. Men så har den eit godt bassgroove, eit tett og snappy vesen, og nokre attraktive psykedeliske undertonar. Eg tar meg i å tenke at den har slektskap til ein og annan song som XTC kom opp med på byrjinga av åttitalet. Det har ikkje Myths and Facts About Sleep. Men den er kanskje låta som skil seg mest ut frå resten av materialet. Den har ikkje berre ein bra tittel, den har eit bra bråk også. Bråk av typen kranglete og tilsynelatande smått ustrukturerte innspel og utspel frå ymse instrument. Og oppå og rundt dette flyt ein ven og vakker song som blant anna slår eit godt slag for å nedprioritere søvnen – «We stay up until the early hours, and she tells me myths and facts about sleep».

Du skal ikkje sova bort sommarnatta var det vel ein som sa ein gong. Eit bra råd det. Og ta gjerne med deg Acres Wild si plate inn i den natta. Eg har prøvd, og den funka bra der.

TIDAL: ACRES WILD – IGNORE THE FLAGS ON THE BEACHES

Høyr her (høyr Steve Gunn)

Standard

Om ikkje så mange dagar. Meir presist 3. juni, er popkrokenfavoritt Steve Gunn her med eit flunkande nytt album.
Det kjem sjølvsagt til å bli omtala her inne med tida.

Mitt ærend akkurat no er å spele ein låt frå eit album som musikkmagasinet Mojo har sett saman. Heilt nye coverversjonar av samtlige låtar på Dylans meisterverk, Blonde on Blonde (sånn mens vi ventar på Tom Roger Aadland sine versjonar). Eg vil hevde at det ikkje akkurat er eit uspennande knippe av artistar Mojo har fått med på laget. Eg nemner: Phosphorescent, Kevin Morby, Marissa Nadler, Jim O’Rourke, og ikkje minst Steve Gunn. Han gjer ein meir enn dugande versjon av ein av dei aller beste Dylan-låtane, Visions Of Johanna.

Kevin Morby – Singing Saw

Standard

Musikken, naturen, melankolien og ei mystisk sag.                                                                       7

Stream Kevin Morby Singing Saw  I truskap til tittelen er den første lyden som gjer seg til kjenne på Kevin Morby sitt tredje album ei syngande sag. Eg høyrer eit vemod i tonen den ytrar. Og eg anar eit gåtefullt drag. Den er vakker, den er lumsk. Kanskje er den ikkje heilt å stole på denne saga? Ikkje heilt til å forstå? Eller kanskje skal den slett ikkje ha skulda for at det i opningssporet etter kvart blir skapt bilde som bringar tankane mine i retning av ei avretting. Kanskje bør eg først og fremst gje det ansvaret til orda som vert formidla – om tårer, åtselfuglar og nokre uforsonlige individ som nærmar seg ein skjelven hovudperson («I can see it in them now, they’re going to cut me down»).

Men røysta til Kevin Morby er ei mild og sympatisk ei. Den overdriv ingenting. Held seg i eit godt melodisk leie, og fortel om både slikt som er vakkert og slikt som er leit. Knyter songane på plata i hop ved å la same ord, bilde og tema flyte mellom songane. Og skaper slik eit album, eit heilskapleg eit.

Som nemnt, Morby sitt tredje. På ikkje altfor mange år. Etter at han nokre år hadde gjort teneste som bassist i New York-bandet Woods, og vore ein av to i The Babies, debuterte han som soloartist i 2013 med plata Harlem River. Ein tributt til den store byen han flytta til nokre år tidlegare, og som han på dette stadiet stod på trappene til å reise ifrå. Albumet som fylgde året etter, Still Life, handla meir om å vere i bevegelse, om ei viss rastløyse. Morby budde no i utkanten av Los Angeles. Det gjer han framleis. Singing Saw har til dels henta inspirasjon frå fotturar Morby har gjort i områda rundt staden der han bur, Mount Washington.

I have been to the mountain
And I have walked on his shore
I have seen
But I can’t see him no more

Ja Morby har heilt sikkert vore oppe i fjellet, men denne songen, I Have Been To the Mountain, handlar ikkje om Morby og fjellturar. Denne songen er ein tributt til Eric Garner som i 2014 blei kvelt til døde av politiet under ein arrestasjon. Det er ein sterk song, ein med eit intenst driv, kvinnelig klagekor, litt bjeffande trompet, ein liten sprakande gitarsolo, og visse spor av ein Dylansk snerr i songarens røyst.

Dylansk snerr er ikkje noko eg tenker er eit typisk Morby-trekk, men Dylan er der i tonane like fullt. Ja meir enn nokon annan skikkelse frå musikkhistoria er det nok gamle gode Dylan som er der. Litt meir enn Leonard Cohen, som nok også må reknast inn i opplegget. Skulle eg relatere Morby opp mot nokon frå hans eigen generasjon, er kanskje ikkje ein tenkt krysning av det folksy gufset til Timber Timbre og den meir klassisk melodiske rocken til The War on Drugs eit heilt fjernt bilde.

Den syngande saga dukkar sjølvsagt opp att. Plata har jo eit tittelkutt. Eit langt og flytande eit, ein sfærisk blues som har god kontakt med jorda, og fjellet, og trea. Der songaren serverer mystiske linjer som: «I thought i saw a singing saw, cut down a song tree» og «Then I saw the singing saw singing after me». Kanskje er det ikkje meir mystisk enn at det handlar om naturen og musikken, og ei songbok som sviv rundt i songarens hovud. Eit tema godt som noko det. Musikk og musikkminner er også tema i det svingande nummeret Dorothy. Musikkminner og ei høgst nærverande kvinne. Medan både fjellet og songboka («I’m writing a song book on a mountain») og treet og den syngande saga («the willow with her singing saw») dukkar opp i Black Flowers. Ein song der tonane har lys i seg, mens det tekstlige driv inn i ei ganske så mørk håpløyse.

Og slik kunne eg ha halde fram. Funne koplingar mellom songane. Funne litt lys, litt naivitet, litt surrealisme, og ein god del mørke. Ja og så tonar eg ville ha kalla vakre og slett ikkje vanskelige. Frå ein fyr som ein vel kan seie har funne si eiga røyst.

TIDAL: KEVIN MORBY – SINGING SAW

Hmm…

Standard

Bob Dylan er 75 år. Noko som skulle fortene ei aldri så lita markering også her inne i Popkroken.
For fem år sidan skreiv eg ein lengre tekst om den beste plata hans, Highway 61 Revisited. Den teksten er å finne her:

https://popkroken.com/2013/10/07/bob-dylan-highway-61-revisited/

I dag: Ei lita liste kalla Bob Dylans ti beste album:

  1. Highway 61 Revisited
  2. Bringing It All Back Home
  3. Blonde On Blonde
  4. Blood On the Tracks
  5. Basement Tapes
  6. Another Side of Bob Dylan
  7. Desire
  8. The Freewheelin»
  9. Time Out of Mind
  10. John Wesley Harding

Og ei litt lengre speleliste over dei 75 beste låtane:

TIDAL: BOB DYLAN – 75

Eller 74 beste når det gjeld Spotify (for der fant eg merkelig nok ikkje Positively 4th Street):

 

Ah, but I was so much older then
I’m younger than that now

…eller kanskje ikkje.
Uansett, tillukka med dagen Bob Dylan.

The Switch – The Switch Album

Standard

Ein ukomplisert poptriumf som varer og varer og varer og …                                                   

BBRTS05 Bangles & Brass  Switch The Switch Album (LP)  This is Pop. Det var XTC og Andy Partridge som forkynte det ein gong, med eit spørsmålsteikn bak. No er det eg som forkynner det, utan spørsmålsteikn. Med god grunn. For dette er jaggu meg popen sin det. Den eg høyrer på det nye albumet til The Switch. The Album. The Switch Album. The Pop Album.

Eit album som er Oslobandet sitt fjerde (om vi reknar fjorårets We’re Fooling No One som eit album då, og det gjer eg) i løpet av ein to-årsperiode. Produktivitet der i garden altså. Utan at dei går på akkord med kvaliteten. Det har dei nemlig til gode å gjere. Frå den ivrige poprocken på debutplata Big If, til det progga konseptalbumet B For the Beast, til popvitalitet med ein lang spacetur attåt på We’re Fooling No One, til dette vesle ferske underverket. Dette ganske så ukompliserte og 100% livfulle popunderverket. Som ikkje pløyer ny mark, men som har ei mark (les: 33 minuttar og 24 sekundar lang speleflate) som er grønare og meir grøderik enn kva vanleg er der ute i popland. Noko The Switch berre gjer og får til heilt sånn naturlig, utan spektakulære påfunn. Her er fleire gitarar i arbeid, her er bass og trommer, og litt tangentar og synth-knirk. Også er her ein beherska og utvungen vokal som får god songharmonisk støtte frå andre i bandet.

– Tenk å være gitarpopband uten å kore! Altså hva i huleste holder du på med da? Eg trur det er Switch-gitaristen Filip Roshauw som seier det i eit intervju med Dagens Næringsliv. The Switch tar altså koring på alvor. I både to- og tre- og firstemte former. Og det er så raffinert og så lekkert utført. Det gjer kvar låt løftet som skal til, som gjer dette til den Popen det er. Pure Pop for Now People som Nick Lowe kanskje ville sagt det.

Vel, om det er pop for dagens folk kan nok takast opp til drøfting. Det er i alle fall ikkje slik popmusikk eg har skimta i toppen av hitlister og slikt den siste tida (i den grad eg har oversikt over kva som bevegar seg i toppen der då). Så då er den kanskje ikkje heilt i tida då, popen til The Switch? Og er den ikkje det, ja så er den vel utafor tida? Hmm … ingen håplaus plass å vere det i grunn, tenker no eg.

Når så er sagt, det var eit og anna band som spelte popmusikk à la The Switch på sekstitalet, og på syttitalet, og seinare. Frå Beatles via Electric Light Orchestra og Fleetwood Mac til Teenage Fanclub. Det kan i alle fall vere ei illustrerande linje. Det kan lagast andre slike linjer også, men dei vil vere der i det område ein stad. For det er der The Switch er, utafor tida midt i 2016.

Thomas Sagbråten er namnet på han som står fremst og syng på dei aller fleste songane, men orda han syng kjem frå pennen til ein annan fyr. Ein som ikkje spelar noko som helst i bandet. Petter Vollset heiter han, og han turnerer det engelske språket på ein snerten måte, og bidrar med korthogde, undrande og til dels fiffige tekstar.

I opningssporet Segue, eit spor som glir elegant av garde med lyden frå ein cello som ekstra sonisk krydder, handlar det om religiøs søken. Ikkje i utbrodert form, men med eit par gjentakande linjer som slår fast at hovudpersonen ikkje er nokon «idiot new age freak» men gjerne ser for seg at livet er «a segue between heavens». I nokre korte betraktningar som denne Vollset har skrive om kvar einskild song på albumet fortel han om Segue at han har lagt seg til å stave tittelen som Segway. Eg tenker at det kan ein jo gjere som lyttar også, og slik ha litt alternativ moro. Apropos moro så har Vollset det også litt moro med det babylonske eposet Gilgamesh. Han viser til nokre nyoppdaga tekstar i Kurdistan, men slår fast at den oppdaginga kom altfor seint til å gjere noko med eposet, og vel også teksten i hans og The Switch sin song med tittel etter eposet. Ein song eg ikkje opplever som spesielt vennlig innstilt til gudar og slikt: «You could corner the gods, make them turn out their pockets, and go through their receipts, and look for the lie».

Andre songar har langt meir jordbotne tema. I det ultrafengande og spretne nummeret She’s The One blir det tøtsja innom korleis det er å bli vaksen, meir på godt enn på vondt slik eg oppfattar det. Konklusjonen er ein liten klassikar: «The blushing fades but experience lasts, Who wants a future with a girl with no past?». Vaksen er hovudpersonen i Hey Rebecca også, men han ser tilbake til ei tid då han var yngre og hadde ein alvorleg heng på hovudrolleinnehavaren i filmen Fucking Åmål. Heilt andre minner frå yngre dagar blir omhandla i den fleirstemte og akustisk gitardrivne popvisa Green Wonders. Dei smått traumatiske minna om korleis det var å troppe opp på skulen med briller for aller første gong.

Låta Girlfriend Material blir sunge av kvinna i bandet, trommis Ingrid Berge. Som ikkje lenger er ein del av bandets faste medlemmer. Under innspelingane kom i staden Tore Flatjord inn på trommer. Inn kom også Frank Michaelsen på gitar. Saman med dei allereie nemnte, samt Arthur Kay Piene på ymse tangentar og Espen Kregnes på bass er The Switch då altså noko slikt som eit seksmedlemmers poporkester som på ingen måte overdriv. Dei økonomiserer lyden inn i eit bilde der det melodiske er plassert i førarsetet og noko friskt og sympatisk er drivstoff.

Inn i det psykedeliske kan dei også drive. Ikkje langt og uoversiktleg, men innom. Og aller best gjer dei nett det i songen Narrow it Down. Ein song som flyt, behagelig, ikkje så fort, som blir farga av varlege synth-dropar og ein varm baryton-gitar, og som formidlar tankar om krafta i augeblikket, og det å ha sin kjære kvilande i armkroken. Heilt annleis er Hangtime. Den kjem midt i seansen, er ein funky instrumental, og ristar bra i frå seg før det på ny ber inn i det albumet først og fremst handlar om: Uimotståelig pop.

TIDAL: THE SWITCH – THE SWITCH ALBUM

Artikkelbilde

PJ Harvey – The Hope Six Demolition Project

Standard

Tre reiser, tre saksofonar, og to-tre songar som set spor.                                                            6

  HOPE VI er namnet på eit prosjekt i ein del amerikanske byar som har det føremål å bygge ut dei fattigaste og mest forfalne strøka av byen. På ein slik måte at dei skal kunne huse folk med ulikt inntektsgrunnlag. Ein kritikk som prosjektet har fått er at folk som budde i strøka i utgangspunktet er blitt fordrivne. Washington DC er ein av byane som har nytta seg av HOPE VI planane. PJ Harvey har vitja byen. Ho har skrive fleire låtar inspirert av ting ho såg og vart fortalt der. Når ho så kallar plata si for The Hope Six Demolition Project skulle vel det vere ein rimelig tydelig manifestasjon over at ho ikkje applauderer prosjektet. I opningskuttet, den sonisk sett nesten lystige The Community of Hope, går ho meir konkret inn på sine observasjonar, skildrar det nye som er komme opp i det aktuelle byområdet kontra det gamle som var der. Utan at ho tar ein klart uttalt stilling til dilemma. Men mellom linjene ligg jo prosjektkritikken og ulmar.

I 2015 gav PJ Harvey i samarbeid med fotografen Seamus Murphy ut dikt/fotografi-boka The Hollow of the Hand. Ei bok som blei til gjennom tre reiser dei to gjorde, til Kabul, Kosovo og Washington. The Hope Six Demolition Project er hennar soniske forteljing frå reisene. Det handlar altså ikkje berre om eit byutviklingsprosjekt i den amerikanske hovudstaden. Slik eg oppfattar det handlar albumet om menneske og natur som på ulikt vis får smake konsekvensane av maktutøvarars vedtak og handlingar. Ho er altså i det politiske landskapet, slik ho var på sitt førre album, det ganske så meisterlige Let England Shake. Men der det albumet i første rekke handla om heimlandet og krigstilstandar, bringer PJ Harvey denne gongen eit meir internasjonalt snitt over sakene. Når det er sagt, det handlar jo først og fremst om menneske då, og dei er faktisk ikkje så reint ulike, enten dei kjem ifrå England, frå Amerika, frå Kosovo, eller frå Kabul.

Men eg følte ho kom nærare på menneska sist gong. Eg føler observasjonane hennar denne gongen har eit litt meir distansert preg, at dei siktar mot meir objektivitet. Pussig nok, sidan det denne gongen er autentiske opplevingar og observasjonar ho bringe til torgs. Ikkje noko ho som poet har dikta fram. For som ho sjølv seier det i The Orange Monkey: «I took a plane to a foreign land, and said, I’ll write down what I find». Og ho har funne, men nok ikkje skrive det ned og tilført det tonar som treff og set seg like intenst i ryggmargen som det det store fleirtalet av låtane på Let England Shake gjorde.

Men The Wheel treff. Ein song om flyktningkrisa. Om bilde som flimrar mot oss, og forbi oss, der vi sitt trygt i godstolen vår, bilde av «faces, limbs, a bouncing skull», og ikkje minst av born, mange born. «Little children, don’t disappear» syng Harvey, «I heard it was twenty eight thousand» responderer eit kor av menn. Korthogd, nådelaust, verknadsfullt. Tre ord eg også finn det riktig å nytte om songen Dollar, Dollar. Ei skildring av den suksessfulle, rike kvite artisten og turisten sitt møte med ein gutunge, ein tiggar. Ho som passasjer i ein bil, han ståande midt i trafikkaoset, kopparra og uthula, «saying dollar, dollar». «I can’t look through or past» syng songaren, og skaper ein vondvakker song full av desperasjon. The Wheel og Dollar, Dollar er dei to beste songane på plate, og det er dei to siste.

Framfor dei dansar ein blues i halvt Led Zeppelinske og halvt krakilske former. Den heiter The Ministry of Social Affairs, og skildrar den i geografisk målestokk korte men sosialt sett milevise avstanden mellom tiggarane og krøplingane, pengespekulantane, og departement-lokalet. To saksofonar krøllar seg rundt låta, i både atonale, tonale og jumpande former. Spelt av PJ Harvey sjølv, og den meir skolerte Terry Edwards. Saksofonen har forresten ei dominerande sonisk rolle albumet igjennom. Ved eit par høve til spelt av Harvey sjølv. Som i den apokalyptiske og luftige låta The Ministry of Defence, som skildrar noko som må vere observert i Kabul. Den legendariske dubpoeten Linton Kwesi Johnson deltar med nokre linjer, og konklusjonen er dyster: «This is how the world will end».

Men altså, eg har høyrt betre plater av PJ Harvey enn The Hope Six Demolition Project. Eg har høyrt Let England Shake og Rid of Me, to plater som på ulikt vis har skaffa seg plass i min personlige rock’n roll kanon. Eg har høyrt To Bring You My Love og White Chalk og Dry, og i grunn meir eller mindre alt ho har gjort. Og det er bra, på sitt litt ulike vis er det bra, alt saman. The Hope Six Demolition Project er også bra. PJ Harvey sitt ellevte beste album (i ein, når det kjem til kvalitet, imponerande katalog på tolv bra album).

TIDAL: PJ HARVEY – THE HOPE SIX DEMOLITION PROJECT

Mayflower Madame – Observed in a Dream

Standard

Psykedelisk postpunk i ei handfull nyansar av svart.                                                                       7

  Det startar med smygande støy, stigande støy. Det varer i eitt minutt. Så openbarar eit gitartema seg. Eit enkelt og lumskt eitt. Vakkert, forførerisk og lumskt. Kom her, kom her, synest eg det seier. Eg fylgjer etter. Eit groove sig fram, stig fram. Frå sentrum av eit mørke. Tyngre gitarakkordar melder seg på. Ei stemme gjer seg til kjenne. Syng. Frå inne i mørkret ein stad. Det låte illevarslande. Som vegen inn i ei Poe-novelle, eller ein skrekkfilm. Det regnar. Hovudpersonen hutrar. Gitartonar lokkar. Hovudpersonen er ikkje heilt åleine viser det seg. Det er eit menneske til der. Men kva er det dei føretar seg? Kva vil dei kvarandre? Er det ein kamp, er det noko som skal avgjerast? Eller er det ei seksualakt kanskje? Han, hovudpersonen, synest å gå for ein kapitulasjon. «Drown in your eyes» kunngjer han. «Eat me in one slice» foreslår han. I namnet åt den totale underkasting. Og mørket varer, og groovet går. Men ikkje heilt inn i det evige svarte. Dei to forvillar seg ikkje heilt bort, dei gjer faktisk ikkje det, («we ain’t gonna stray»), der ved foten av Confusion Hill – «were the time stand still».

Mayflower Madame er eit norsk rockeband som visstnok har vore rundt ei tid, utan at det har manifestert seg i flust av plater. Ein tre år gammal firespors ep er alt dei har på samvitet i så måte. Før dei no altså albumdebuterer med Observed in a Dream. Og gjennom åtte låtar kan det kanskje vere nett noko slikt dei har føre seg: Observasjonar frå draumetilstandar. Men då ikkje dei fagre og lystige draumar. Det er nok heller slike ein vil helle mot å plassere i kategorien mareritt.

Mayflower Madame har ikkje vore rundt sidan byrjinga av åttitalet. Men dei drar ein del vekslar på tonar frå den tida. Slikt ein i dag kallar postpunk. Den mørkaste av det slaget. Den som gjerne gøymte seg bakom albumomslag i få og dystre fargar. Som til dømes Bauhaus sine album In the Flat Field og Mask. Eller kva med Gun Club sitt Miami album (sjølv om omslaget der har meir fargar i seg)? Goth, det er noko gotisk over tonane til Mayflower Madame også, utan at eg av den grunn finn det høvelig å dra fram Sisters of Mercy sitt First and Last and Always album i altfor sterk grad. Psykedelisk, det er definitivt også noko psykedelisk i det som kjem flytande utav tonane til bandet. Av eit slag som ikkje er totalt ulikt det eg har høyrt i songar frå meir enn ei plate av Austin-bandet The Black Angels. Så, der skulle dei vere plassert. Utrygt, dunkelt, og nok ikkje heilt presist.

Suggererande, først og fremst er det suggererande. I eit lydbilde skapt av to gitarar, bass, trommer og ein vokal som gøymer seg litt innimellom det heile. Romklang skaper ein illusjon av at seansen føregår i ein hall der disen ligg lågt og all energien er sentrert der borte rundt det kvartetten bringer fram. I ein songsyklus som aldri vik unna, som held det gåande, som mørke bølgjer som uavlatelig skyl innover landskapet.

Ein songsyklus av åtte songar «armed with hooks and claws», for å tjuvlåne vokalist (og gitarist) Trond Fagernes sine eigne ord. Ord han ytrar i den drivande kløktige songen Self-Seer, dei kanskje mest melodiske minuttane på plata. Om dei minuttane då ikkje tilhøyrer den hakket meir ugode Lovesick. Begge gjer seg til kjenne tidleg i ein syklus som ein gjer best i å ta inn som ein heilskap. Som eit album. Eit fullverdig og skikkelig album. Over 34 minuttar. Utan spor av slappe tilstandar. Høvelig nok gitt ut på labelen Night Cult Records.

TIDAL: MAYFLOWER MADAME – OBSERVED IN A DREAM

BANDCAMP: MAYFLOWER MADAME – OBSERVED IN A DREAM

Sturgill Simpson – A Sailor’s Guide to Earth

Standard

Country og soul, ein far og ein son, og ein seilas som bølgjer opp og ned.                               6

  Halvvegs inn i opningssporet skjer det eit hamskifte. Welcome to Earth (Pollywog) som sporet heiter går frå å vere crooner-country til å bli eit heftig soulnummer. Det var også litt slik, men samstundes ganske så annleis, sist Sturgill Simpson var her med eit album. Då starta han med ein klassisk countrylåt, Turtles All the Way Down, formidla ein bra dose religionskritikk, skildra kjærleiken som redninga og påførte etterkvart songen effektfulle psykedeliske svingingar. Psykedeliske svingingar som han ikkje gav alle songane på plata, men som han vandra nok blant til at plata fortente sin tittel, Metamodern Sounds in Country Music.

Spesielt mykje psykedelisk er det ikkje over Simpson sitt tredje album, A Sailor’s Guide to Earth. Utan at countrytonen hans av den grunn får vere i fred frå slikt som ikkje er heilt typisk country. Ja i grunn er vel A Sailor’s Guide to Earth meir sonisk variert og mindre klassisk country enn det Metamodern var. Men eg vil ikkje nødvendigvis kalle den for ei betre plate av den grunn. Det er jo ein del andre ting som skal spele inn og spele med for at slikt skal skje. Og særlig tatt i betraktning at Metamodern jo var slik ei storarta affære.

Suksessen som blei Simpson til del i kjølvatnet av Metamodern gjorde at det blei mykje turnering og speling, og lite heimeliv. Lite tid saman med sonen som blei født på den tida albumet kom ut. Noko Simpson etter kvart kom til skulle bli tema for den neste plata. Han kom også over eit brev som bestefaren hadde sendt kona si i sin ungdom. Då han var soldat på andre sida av Stillehavet, og trudde han kom til å døy der. Dette gav Simpson ideen å lage eit konseptalbum som skulle handle om ein sjømann som drar av garde og ikkje reknar det som sannsynleg å vende heim att. «Hello, my son» er dei tre første orda på albumet. Deretter fylgjer ein syklus av songar der ein fråverande far vender seg til den vesle son sin, i kjærleik og i angst for korleis det skal gå han i verda. Berre forstyrra av ein nennsam song til kona, Oh Sarah.

Country og soul, stille hav og full storm. Her er definitivt ei viss spennvidd. Men kanskje ikkje flust av songar som kryp innunder huda, i alle fall ikkje mi hud. Breakers Roar er ein litt for flat ballade om einsemd, sakn og draumeflukt. Brace For Impact (Live a Little) og All Around You er to heilt greie soulnummer som ikkje klorar seg ut av eit dusinvaretilvære. Keep It Between the Lines opplever eg derimot at kjem ut og soulswingar riktig så bra i frå seg, i takt med at songaren leverer ei rekke velmeinte (tidvis på grensa til hysteriske) formaningar til sonen. Den blir tett fylgt av ein John Prine-slekta countrysong, Sea Stories. Der ein tidlegare marinesoldat ser tilbake, og ganske så bitande og illusjonslaust skildrar kor meiningslaust det heile var, å ha sett «near the whole damn world from the inside of a bar».

Eit lite høgdepunkt på plata er Sturgill Simpson si tolking av den gamle Nirvana-songen In Bloom. Ein song som hyllar det å vere litt annleis – sensitiv og umandig – ved å gjere narr av dei som berre fylgjer den store hopen. Refrenget er jo klassisk: «He’s the one who likes all our pretty songs, And he likes to sing along, And he likes to shoot his gun, But he don’t know what it means, Don’t know what it means to love someone». Simpson flyttar songen frå Nirvana sitt frenetiske ned i det nennsame. Men tar vare på desperasjonen.

Desperasjon er det også til fulle i avslutningssporet Call to Arms. Eit rytmisk viltert rock’n roll-nummer der songaren poengterer overfor sonen kor marionettaktig og lite stilig soldatlivet er, samstundes som han harselerer med amerikansk krigføring og moderne livsstil (og vanar og uvanar vi har pådratt oss i så måte): «Nobody’s looking up to care about a drone, All too busy looking down at our phone».

Så, til trass for at plata nok skuffar meg littegrann: den har sin dose av gode songar, og blir til slutt ein seilas vel verdt å hive seg på.

TIDAL: STURGILL SIMPSON – A SAILOR’S GUIDE TO EARTH

Monica Heldal – The One In the Sun

Standard

Folktonen blir både nennsamt og elektrisk behandla på eit ambisiøst dobbeltalbum.          7

  Med The One In the Sun gjer Monica Heldal klisjeen om det vanskelige andrealbumet ein ny dimensjon. Eg har ingen grunn til å tru at det har vore eit kav for henne å få til denne plata. Min grunn til å kalle plata for vanskelig er at den krev sin lyttar. Så godt som ein time til endes byr den på låtar med mykje innhald. Sonisk innhald. Lange introar, komplekse mønster og uventa vendingar. Groovy og kronglete. Akustisk og elektrisk. Gitar og gitar. Folk, prog og rock’n roll. Etter kvart går det berre klarare og klarare opp for meg at det er tonar verdt å vere blant.

Verdt å vere blant var også det som gjekk føre seg på debutalbumet til Monica Heldal, frå 2013. Der den unge kvinna frå Bergen dukka ned i slikt som hadde oppstått då foreldra var unge. På det tidlege 1970-talet og der omkring. Engelsk folk á la Nick Drake og John Martyn, eller det som meir elektrisk var, som Led Zeppelin og Rory Gallagher. Ho fekk det forsyne meg til å låte som om det ganske så naturlig kom rett utav 2013.

Sjølv om albumets tittel, etter kva Heldal sjølv har fortalt, er henta frå ei obskur soloskive av Lynyrd Skynyrd-gitaristen Steve Gaines er nok referansane mykje dei same som på The One In the Sun som på debuten. I det der engelske folkrock-segmentet. Dei same er også folka som er rundt henne, som spelar saman med henne. Øystein Frantzvåg  og Børge Fjordheim på høvesvis bass og trommer, medan Øyvind Blomstrøm og Cato Salsa spelar på gitarar og sistnemnte også på tangentar. Blomstrøm og Salsa har også produsert plata.

Sentralt i det soniske bildet er Heldal sin akustiske gitar, som ho stort sett fingerplukkar på. Fingrane hennar dansar ikkje ut på dei enklaste av løp, og arrangementa låtane er kledd i er signert med ein ambisiøs vilje. Så vegkartet inn til albumets hjerte er altså ikkje av dei lettaste å tyde. Vanskeligare enn kva som var tilfelle på debuten. Utan at dei fører ut på pretensiøse vidder av noko slag. Det handlar vel meir om kratt, klunger og interessante omvegar.

Det startar ut med ei låt kalla Siren, i stormfulle folkrockformer. Ja groovet som ber låta fram har vel nærast eit Led Zeppelinsk kraft. Det same kan seiast om den hakket luftigare The Riverbank. Eit nummer lagt i ein tone og tilført ein elektrisitet som tiltalar denne lyttaren meir enn det meste på plata. «These times are passing fast while black is the colour of my mind» formidlar songaren, medan vemodet og lengselen dryp frå bringa hennar. Midt i eit kjenslemessig område som fleire av låtane på plata høyrer til.

«Oh I’ve never been here in hell before, and my angel doesn’t seem to care now» lyde opningsstrofa i den akustisk dominerte og vakre songen Lovers & Life & Stars. Men historia den fortel står ikkje heilt fast der, den bevegar seg mot eit visst håp. Såpass at det ikkje virkar malplassert når songaren til slutt syng «shine, shine, shine». Malplassert er heller ikkje sola som skin over tittelsporet. Det nesten ti minuttar lange tittelsporet. Der det startar ut med gitartonar som har soloppgang i seg og så ei stund seinare, sånn ganske mot slutten, slår fast at «she’s there in the night shining bright». Imellom der flyt den rundt i eit ledug groove, nippar lett til noko psykedelisk, spelar ut ein glødande gitarsolo, og har eit godt folkmelodisk vesen. Vi snakkar nok her om albumets høgdepunkt.

Og til slutt seier ho så eit Actual Farewell. Spelar ein song med den tittelen, ein pop-psykedelisk godmelodisk ein, og meiner det nok ikkje som eit farvel til musikken. På ingen måte, vil eg tru, for Monica Heldal viser at ho både har nok låtskrivarteft, ambisjonar og musikalsk fantasi til å kunne bli verande lenge i dette.

TIDAL: MONICA HELDAL – THE ONE IN THE SUN