Category Archives: 2003

Musikalsk årsoppgjer for 2003

Standard

Heime i stova mi har det faktisk vore teikn til elektrisk stemning under avspelinga av både det eine og det andre av årets musikalske framstøt, så sjølv om det ikkje er heilt 1969, 1975, 1977 eller 1991 kan eg vel ikkje gjere anna enn å seie meg godt fornøyd med plateåret 2003. Her er platene eg fann det aller riktigast å trekke fram:

1. Ben Weaver – Hollerin» At a Woodpecker
Det er sannelig ikkje kvar dag ein får oppleve sangarar som går så fryktlaust og direkte til verks i historiane sine som unge Ben Weaver frå St. Paul, Minnesota. Historiar om tap, savn, redsel, mot, håp, motgang, blod, fortvilelse, død, hat og lidenskap. Med ei stemme som ber i seg fjellets fasthet, skogens mystikk, præriens einsemd og elvas villskap leverer han 14 sangar som nektar å være likegyldige. Der han fjernar all ferniss og søker mot sjela til karakterane sine. Han finn den og, som regel skakkøyrt og ulykkelig, men med eit romantisk hjerte som dunkar ikkje langt unna.
Han pløyer ikkje ukjent mark, men han pløyer med ein intensitet og ein smertelig råskap som lagar spor få har gjort før han. Det er eit enkelt komp han har valgt som følge; akustisk gitar, banjo, mandolin, fele, litt enkel rytme og eit munnspel som er overalt. Sangane hentar sin inspirasjon frå folk, country og blues, det lyder friskt og ekte, og er som ein renselse mot alt det kjønnslause og masseproduserte.

2. Lucinda Williams – World Without Tears
La det være sagt med ein gong; World Without Tears representerer femte kapittel i føljetongen «Lucinda Williams sine ekstraordinære album». For nok ein gang har den Louisiana fødte Lucinda levert eit briljant album i skjæringspunktet mellom country, folk, blues og rock.
Sjeldan har eg høyrt ei plate så intenst levande som denne. Den er eit knust hjerte, ei skadeskutt sjel, eit rått og nakent oppgjer, og er full av lengsel og begjær. Det er ikkje mange som har mot til å servere ein så hudlaus, og til tider brutal poesi som det Williams gjer i desse 13 sangane. Ho opptrer utan sikkerhetsnett i sine skildringar av korleis innvollane vrir seg av fortviling og vrede over svikefulle elskarar, eller i framstillingane av frynsete og stormfull lidenskap. Men ho er aldri i nærleiken av å brekke nakken, den presise inn-til-beinet poesien fangar essensen, og Lucinda framstår nok ein gong som ein av vår tids mest truverdige skildrarar av mellommenneskelige (unntaks)tilstandar.

3. Joe Henry – Tiny Voices
Joe Henry sitt siste verk, døypt Tiny Voices, er ingenting mindre enn ein musikalsk fest av dimensjonar. Ein drøy time med store låtar, stor musikalitet, løpske instrument, eklektisk innstilling og sjel, sjel, sjel.
Det er ikkje støtt ord som levande, friskt og idérikt er like treffande som tilfellet er i forhold til denne vesle dingsen med innspelt musikk. Her sprett det fram tone etter tone med ei magnetisk tiltrekningskraft, som fører ein avgårde på eit usedvanlig fargerikt musikalsk eventyr. Vel kan det seiast å være atmosfæriske sammenvevde og intrikate klangar som dukkar opp. Men der andre i samme ærend ofte går seg fast i flinkheten og idérikdommen, har Joe ein så grødefull melodiskatt på baklomma at sangane aldri står i fare for å bli livlause skjelett.

4. Ed Harcourt – From Every Sphere
Det skulle ha vore eit dobbeltalbum. Det skulle hatt tittelen The Ghosts Parade, og det skulle bli eit ambisiøst konseptalbum om spøkelser, eventyr, fantasiar og draumar. Eit lengre kjærleiksforhold gjekk imidlertid i oppløysning i starten av prosjektet, slik endte Harcourt opp med mange sangar om savn og lidenskap. Så det blei litt annleis. Tittelen kunne likevel framleis vore dekkande, for spøkelser av ulike valørar har ei framtredande rolle på albumet. Men From Every Sphere er ein god tittel det og, for Ed Harcourt forsyner oss med opplevingar frå mange sfærer her. Det handlar om dei harde realitetane og uregjerlige fantasiane, om håpefulle draumar og svette mareritt, om fortida sine spøkelser og framtida sine forhåpningar, men aller mest handlar det om livet, om kjærleiken og om døden.

5. The Fiery Furnaces – Gallowsbird’s Bark
Vil du helst ha din rock og din blues kraftfull, kompakt, rakrygga og konvensjonell, kan du like godt stige av her. For denne turen ber rake vegen til ein blues-gjødsla grøftekant der slike førestellingar er heilt ukjente. Det er ein grøftekant eg ikkje ante eksisterte, men som har nokre av dei styggvakraste blomane eg nokon gong har oppspora. Dei veks opp av steinar, ut av metallrestar, igjennom knuste glasflasker, og dei får sin gjødning frå ein kakkelovn som spyr ut gloheite, skarpslipte og vaklevorne riff og tonar henta frå ein ilsken men ikkje så lite fascinerande blues-republikk som for fleire år sidan blei utstøtt frå det gode selskap. Dei har ein uanstrengt haldning til sine røter, kan være respektlause, er ikkje redd for å bryte reglar, og har i all sin snodighet eit særdeles vinnande vesen. Dei kallar seg The Fiery Furnaces.

6. Nina Nastasia – Run to Ruin
Dette kunne vore åtte låtar gjort i ein konvensjonell folkcountry-stil, og sikkert blitt eit rett så bra album. Dette kunne vore ei lita diktsamling, åtte minimalistiske nedteikningar, og det hadde også blitt patent. Men dette er likevel noko heilt anna: Det er Nina Nastasia si røyst, dvelande og forførande men framfor alt veldig levande, som opptrer i perfekt selskap med eit glødande ensemble, der instrumenter som cello, fiolin og kontrabass, samt Jim White (Dirty Three) sitt smidige trommespel spelar viktige roller. Her i krysningspunktet mellom Nina sine vokale prestasjonar og bandet sine frenetiske, men i høgaste grad dynamiske, avleveringar er det Run To Ruin sitt sanne ansikt og magnetiske tiltrekningskraft ligg. Her blir motsetningane sett opp mot kvarandre; lys versus skygge, det melodiøse versus det atonale, det skjøre versus det brutale, det vakre versus det stygge.

7. Richmond Fontaine – Post To Wire
Langt borte frå tonepyntarane og lydakklimatisererane sin verden går livet stadig sin skeive gang. Eit gjeng som manar fram inspirerte tonar frå denne delen av musikk-kartet er Portland, Oregon kvartetten Richmond Fontaine. Bandet sin femte utgjeving, med tittelen Post To Wire, gjer det klart og tydelig at vi her har å gjere med eit band som har så vel skarpsindige ord som tonar på programmet. På ein sti like i nærleiken av countryrock terrenget Uncle Tupelo, Jayhawks (Mark Olson-æra) og Whiskeytown vandra rundt i på 90-talet har dei funne eit åpent lende der så vel sår akustikk som truande ørkenvind og råbarka gitar overhalingar for lov å gjere seg gjeldande. Ein plass der også melodi-snittet til gamle heltar som Paul Westerberg (The Replacements) og Grant Hart (Hüsker Dü) gror.
Utan tvil eit av dei aller mest oppegåande country-infiserte rocke-tiltaka i dagens musikkbilde.

8. My Morning Jacket – It Still Moves
Neil Young + Wayne Coyne (Flaming Lips) : 2 = Jim James. Dette er ikkje matematikk, dette er ikkje ei udiskutabel sanning, men det er noko i fraseringane til My Morning Jacket sin sangar som minner veldig om dei to nevnte herrar. Det totale bildet er det imidlertid Jim og hans kompanjongar frå Louisville, Kentucky som komponerer med heilt sjølvmiksa fargar. Og det er eit stort lerret dei har sett seg føre å dekke (12 låtar, 70 minuttar), likevel er det sjeldan dei går trøtte og dreg uinspirerte linjer og strøk. For med noko som minner om sitt bysbarn Muhammed Ali sin smidighet, vev dei saman eit mektig brygg av seig boogie, countryflørt, riff rock samt kraftfulle droner og serverer det heile med eit melodi-mønster skapt av ein James som veit korleis rocke-vendingar skal gjerast og kor popskapet står.

9. Outkast – Speakerboxxx/The Love Below
Ingen årsbeste-liste utan ein dose med skikkelig funky saker, og då kjem ein ikkje forbi sørstats-duoen Outkast, som for tre år sidan leverte noko som minna sterkt om tidenes beste hip-hop album (Stankonia). Nå er dei tilbake med ein dobbel porsjon, henta frå kvar sin sydande seanse. Speakerboxxx tilhøyrer Big Boi og The Love Below er Andre 3000 sin. Og for ein rett dei serverer, for sjølv om det kanskje finst ingrediensar ein dyttar litt til sides, og ein sit noko aldeles stappmett tilbake hvis ein inntar alt i ei vending, er dette definitivt heftige saker. Hovedingrediensen er fortsatt Hip-Hop men det heile er i endå sterkare grad enn tidlegare tilført ein salig blanding av psykedelia, soul, jazz, swing, funk og pop. Hey Ya!

10. Pedal Steel Transmission – The Angel of the Squared Circle
Er du redd for steel gitarar, høyrest dette bandnavnet sikkert skummelt ut. Men det er ingen grunn til å skygge unna, for Pedal Steel Transmission leverer ein time rockbasert musikk som bør røre ved sjela til langt fleire enn steel gitar interesserte. Ja når sant skal seiast er det nok atskillig meir å hente her for tilhengarar av frigjort rock’n roll enn for dogmatiske country entusiastar. På programmet står nemlig ein saliggjerande mikstur av det meste ein kan tenke seg frå countryrock via psykedelia og progrock til postrock. Definitivt eit av denne hausten sine aller mest innbydande rock’n roll brygg. Der ein kan kjenne smaken av alt frå Love og Flying Burrito Brothers til nyare akter som Mercury Rev, Built To Spill og Wilco. Men når det er sagt; blandingen PST serverer er aller mest noko heilt for seg sjølv.

Og når eg så fekk tenkt meg om, i vekene, månadane og åra som kom etter at denne lista vart til, så ser eg så definitivt at desse platene også skulle ha vore med der:

Songs: Ohia   – The Magnolia Electric Co
M. Ward  – Transfiguration Of Vincent
The Wrens  – The Meadowlands
Okkervil River  – Down the River of Golden Dreams
Drive-By Truckers – Decoration Day
Broken Social Scene – You Forgot It In People
The New Pornographers –  Electric Version
The National – Sad Songs For Dirty Lovers
Sufjan Stevens  – Greetings From Michigan
Super Furry Animals – Phantom Power

Warren Zevon – The Wind

Standard

Med døden i sikte, og litt hjelp frå gode venner stablar Zevon på plass sitt beste album sidan 80-talet.

cover  Livet kan være slitsamt og beint fram nådelaust. Likevel, dei fleste klorar seg fast til det, uansett kor motlaust det kan fortone seg. Alternativet virkar nemlig endå mindre forlokkande. Eller som nettopp Warren Zevon ein gong sang: «I’d rather feel bad than not feel anything at all». Eit utsagn som nok fekk fornya gyldighet då Zevon 20 år seinare stod ansikt til ansikt med sin eigen dødsdom. For det er vanskelig å forestille seg mange omstendighetar meir smertelig å oppleve enn å vite at eins eigen død er kun få månader unna.

Når Warren Zevon i september 2002 fekk beskjed frå legen sin om at han leid av uhelbredelig lungekreft, og at døden neppe låg meir enn tre månader fram i tid, sette han straks i gang med å komponere og spele inn sine siste sangar. Nå slo han legen sin prognose med ni månader, og rakk dermed å gjere ferdig eit heilt album. Og eit forbløffande fengslande album har det blitt. Noko eg påstår med heva hovud, sjølv om eg er fullt klar over at omstenda kring fødselen av dette verket gjer at at alle forsøk på objektivitet nok er kasta på overbord.

Sjølv om Zevon først og fremst har blitt sett på som ein låtskrivar der den svarte humoren, respektlausheten, galskapen, slagferdigheten og kynismen har fått fritt spelerom, har det heile tida lege ein ikkje så liten eim av sårbarhet og desperasjon under. Det er vel ikkje så vanskeleg å skjøne at just slike følelsar får ei langt meir dominerande rolle i sangane denne gangen. Likevel, det hadde ikkje vore Zevon hvis satirikaren i han skulle bli heilt borte. Og nettopp denne sida av mannen, saman med den nådelause ærligheten han legg for dagen, er med på å halde dei store sentimentale utskeielsane på minst ein armlengdes avstand, sjølv når han stirrar døden i kvitauget.

Dei 11 låtane på The Wind spenner frå nennsomme balladar, via dampande bluesnummer til drivande rockelåtar. Åpningssporet ber tittelen Dirty Life and Times og er ein skeiv mixtur av sørstatsboogie og country, der den haltar uimotståelig av gårde mens ein angrande syndar ser seg om etter ei «woman with low self-esteem, to lay me out and ease my worried mind». I ein sang der Zevon i kjent stil blandar humor med mismot, og sjølvironi med anger. I det litt for rutinemessige rocketilfellet Disorder In the House (med ein viss Springsteen på gitar) er ting for alvor i ferd med å gå av hengslene. Om det er hans eigen situasjon eller verdenssituasjonen i all sin absurde meiningslaushet han har i tankane skal eg imidlertid ikkje ha nokon klar meining om. Meir rock i frå samme gate blir levert gjennom partylåta The Rest of the Night. Denne saman med før nevnte Disorder utgjer i mine øyrer albumets einaste middelmådige låtar.

Rub Me Raw er eit frenetisk bluesangrep, med Joe Walsh i storslag på slide-gitar, der Zevon opererer i eit slags krysningspunkt mellom Bo Diddley, Howlin» Wolf, Stevie Ray Vaughan og John Campbell. Og der mannen febrilsk prøver å stå oppreist, samstundes som han på det kraftigaste avslår alle forsøk på medynk: «I don’t want your pity or your fifty-dollar words, I don’t share your need to discuss the absurd». Prison Grove er også blues, men ein langt meir smygande og mindre høgmælt variant. Med Ry Cooder sin ulmande, dansande slide gitar i ei sentral rolle, samt eit «klagekor» beståande av mellom andre Bruce Springsteen, Jackson Browne og Billy Bob Thornton, syng Zevon ein lumsk og mørk sak om mannen som ventar på henrettelsen. Ein slett ikkje ueffen parabel i denne samanheng. I den morfinistiske Numb as a Statue, der han ber om i det minste å bli tildelt litt overfladisk ømhet, kjem igjen sjølvironien til syne med linjer som «I’m pale as a ghost». Kanskje er det litt for opplagt å spele inn Dylan sin Knockin» On Heaven’s Door når det er nett det ein gjer. På den andre side har vel kanskje aldri desse linjene nett av den grunn blitt sunget med djupare relevanse.

Dei mest hjerteskjærande tekstlinjene finn vi i albumets balladar. She’s Too Good For Me er ein kjærleiks-erklæring og ei oppmodning til kjæresten om å finne lykka andre stader, men fortald til ein venn, i staden for direkte til den det gjeld. Dermed får han inn eit element av dobbeltkommunikasjon, samstundes som han tilfører teksten meir dybde. Nærast i å bli utålelig sentimental er sangen El Amor De Mi Vida, om ho han ikkje fekk, ho han kanskje elska høgast av alle, men som glapp unna. Mens den mest fortvila redsel om å måtte møte døden i einsemd er tema for Please Stay, her Emmylou Harris bidrar med effektfull harmonisang. Sjeldan har klisjéen sårt og vakkert vore meir treffande. Tilslutt forlet han oss på eit inderleg vis med ei bønn om ikkje å bli gløymt, i den Dylanske Keep Me in Your Heart.

Og eg lovar; musikken din, Warren, skal i alle fall leve vidare i mitt hus så lenge eg vandrar rundt her.

Takk.

8/10

Først publisert på Groove.no (2003)

 

Townes Van Zandt – Acoustic Blue

Standard

Ein samling akustiske live-innspelingar, og det er blått, vemodig og sårt.

cover  Townes Van Zandt, ein beskjeden poet som aldri heilt fekk den merksemd han verkeleg hadde fortjent mens han levde. Sin store epoke hadde mannen i åra frå 1968 og fram til 1973. I denne perioden strøymde det på med sterke sangar frå Van Zandt sitt melankolske skattkammer. Raffinert poesi i samklang med vakre og såre tonar. I åra som følgde etter denne tida og fram til sin død i 1997 kom det berre tre album med ny musikk frå Townes si hånd. Og sjølv om noko av magien frå dei første åra ikkje alltid var tilstades, viste mannen ved fleire høve at han fortsatt hadde kontakt med si poetiske gullåre.

Innimellom studioalbuma dukka det opp eit og anna live-album, og etter hans død har eg ein følelse av at det formelig har vore ein slags eksplosjon av slike utgjevingar. Så sjølv om det alltid er kjekt å oppleve Townes Van Zandt og hans songar, kan vi kanskje stille spørsmål med om vi strengt tatt har behov for alle desse live-dokumentene. Dei kjem i alle fall aldri (trur eg) til å kunne matche det legendariske opptaket frå The Old Quarter, Houston i 1973, der Townes trollbind ein liten forsamling med sin gitar, sin sang og sin låtskrivar-kunst.

At det stadig dukkar opp nye konsertopptak er når alt kjem til alt kanskje ikkje så rart, med tanke på at saman med sin gode venn, den akustiske gitaren, har Van Zandt frekventert mangt eit lokale mellom San Francisco, Trondheim og Brisbane. Eller som han sjølv seier det i A Song For;

London to Dublin 
Australia to Perth 
I gazed at your sky 
I tasted your earth 
sung out my heart 
for what it was worth 

Acoustic Blue er det nyaste skuddet på stamma av slike innspelingar, og er ein samling av mannen sine meir blues-prega stunder. 14 låtar, derav 11 gjort under ulike spelingar i Tyskland hausten 1994. Dei tre siste er gjort berre veker før mannen døydde kun 52 år gammal første nyttårsdag 1997 (nøyaktig 44 år etter eit av hans store førebilete, Hank Williams). Albumet kjem ut på van Zandt sin gode gamle label Tomato Music, og er utstyrt med eit velskreve essay av den kjente musikkskribenten Chet Flippo (ein stor Van Zandt-fan).

Så, jodå, ein fin liten sak er det blitt. Låtutvalget er henta frå heile mannen sin karriere, med ein liten hovedvekt på hans siste studioalbum No Deeper Blue (1994). Av dei fire låtane frå den plata er det dei to som rammar inn albumet som verkeleg utmerkar seg. The Hole er ein dyster og demonisk blues på vitjing i helvetes forgard, der djevelen er ei gammal dame med hår som «looked just like barbwire, boys», og eit smil «just like the grave». A Song For er på si side ein vemodig folk-ballade der vi møter ein sliten vandrar, – lyrisk, sårt og vakkert. Vi får også den gamle honky tonk-saken Lorretta og velrenommerte tilfeller som Waitin» Round to Die og Kathleen. Ellers er det mykje fin akustisk blues som blir servert, nokre er coverversjonar av gamle travarar (tre av førebildet Lightnin» Hopkins) og nokre er Van Zandt originalar. Eit lite pluss til ein sterk versjon av intense Snake Mountain Blues. Medan vi i Nothin» møter ein resignert sangar, ja det gjer nesten litt vondt å høyre denne, ein av hans aller siste sanginnsatsar som blei festa til tape.

Det er nok ikkje denne plata du skal starte med om du er nybegynnar i Townes sin verden, då går du til utgjevingane frå dei første åra. Er du fan, derimot, er denne sjølvsagt vel verdt ein plass i samlinga.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

 

Dwight Yoakam – Population: Me

Standard

Svikefulle kvinner, seine kveldar og bitre tårer.

cover  Det er blitt hevda med stor overbevisning at 80-talet var eit heller skralt tiår for pop og rock-relatert musikk. Det er noko eg personleg finn vanskelig å kunne støtte fullt ut, det gav oss jo tross alt navn som R.E.M., Pixies, The Replacements, Dream Syndicate, Violent Femmes, Prince og Nick Cave, berre for å nevne ein handfull. Og i det herrens år 1986 steig det fram ikkje mindre enn tre lovande debutantar innan countryrock-sjangeren. Steve Earle med sitt mesterverk Guitar Town, Lyle Lovett med sin flotte sjølvtitulerte debut, og Dwight Yoakam.

I ein alder av nær 30 år platedebuterte Dwight Yoakam med det briljant titulerte albumet Guitars, Cadillacs etc etc (skal ein være heilt nøyaktig, så er albumet ein utvida utgave av EPen med samme navn som blei gitt ut på eit uavhengig selskap to år tidligare). Denne karen henta sin inspirasjon direkte frå eldre kjelder som Lefty Frizzell, Buck Owens og Merle Haggard. Og med ei uforfalska overtyding samt eit raffinert grep om fortida, framførte han tradisjonell countrymusikk i fersk tapning. Dermed gjorde han definitivt sitt til at denne musikkformen skulle bli akseptert i vidare kretsar. Med grandiose nummer som blant andre Johnny Hortons Honky Tonk Man, samt Yoakam sine eigne It Won’t Hurt, South of Cincinnati og tittelkuttet framstår albumet fortsatt som ein klassikar innan country-sjangeren.

Han har vel aldri heilt klart å matche dette albumet i ettertid. Men fleire fine plater har det blitt, og nå er han framme med sin femtande utgjeving i fullformat. Population Me, som er Yoakam sin første på labelen Audium, plasserer seg også greit inn som eit respektabelt verk frå mannen si hand. Likevel er det nokre skritt unna friskheten og gløden han viste fram i 1986.

Det startar ut i ein slags west-coast retning. For som tittelen ber bud om, dreier sangen The Late Great Golden State seg om California, og då er det jo kanskje ikkje så dumt med harmonisang i beste Eagles-stil. Best er likevel Yoakam i meir spartanske og eksistensielle tilfeller, som balladen Fair to Midland (om lengsel, anger og skam) og Gregg Lee Henry sin komposisjon The Back of Your Hand, ein sparsom men like fullt spenstig arrangert vemodig affære om kvilelaus resignasjon. Willie Nelson dukkar også opp på plata, og med låta If Teardrops Were Diamonds gjennomfører han og Yoakam ein duett som nesten når Streets of Bakersfield høgder. For nyankomne; sistnevnte låt er ein duett Yoakam gjorde saman med sin kanskje største inspirasjonskjelde Buck Owens, på plata Buenas Noches From a Lonely Room.

Nevnast må også tittellåta, ein hudlaus sak der fortvilelse og følelsen av den ultimate einsemd har grepe tak i hovedpersonen; «she’s no longer here, the population’s me». Pete Anderson er som vanleg Yoakam si høgre hand, og bidrar med både stødig gitarspel og produksjon. Og sjølv om ikkje alle låtane kallar på like stor interesse, viser Dwight at han framleis kan gje elskarar av ærlig countrymusikk litt å bite i.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

 

Steve Wynn – Static Transmissions

Standard

Wynn har dratt til Tucson, Arizona og kringkastar sakene han har skapt der i elektriske og spreke former.

cover  Sentralt i Steve Wynn sin etterkvart rikhaldige katalog av sangar står skildringane av den einsame og skakkjørte skikkelsen sin kamp mot både levande og døde demonar. Som ein låtsmedenes svar på Raymond Chandler eller Ross MacDonald skaper han sine små rock’n’roll noveller, der vi møter ein person i eit dramatisk øyeblikk av livet, i skildringar som ofte utrykker håplaushet og mismot og langt frå treng ende på noko oppløftande vis. Slik var det i Dream Syndicate tida, og slik er det framleis.

Som tekstforfattar har han heilt sidan debuten på tidleg 80-tal vore blant dei mest interessante i rock-verden. Han har imidlertid ikkje alltid hatt det samme gode grepet om å få det inn i ein fengslende melodikontekst. Det fungerte storvegs på 80-talet med The Dream Syndicate. Under solokarrieren hans på 90-talet blei det dessverre lenger mellom dei store låtane. Så med sin forrige utgivelse, den massive dobbelplata Here Come the Miracles, fant vår mann (slik tittelen på plata antyder) endelig tilbake til intensiteten som dreiv han frå skanse til skanse med Dream Syndicate.

På Static Transmission stiller han med dei samme musikarane som bidrog til å gjere Here Come the Miracles til slik ein triumf, noko som innbefattar blant andre Chris Cacavas (tidl. Green On Red) på orgel. Nok ein gong har dei dratt til Tucson, Arizona for å gjere innspelingane, og nok ein gong returnerer dei med eit ganske så sprekt resultat. Plata er ikkje så ulik forgjengaren, men er kanskje ein aning mørkare og ikkje like altomfattende. Den er nok og muligens litt svakare, men kun marginalt.

Aller best er Steve Wynn i det formidable seks minuttar lange gitardrønnet Amphetamine, som er ein apokalyptisk skildring av ein nattlig biltur i einsemd og stor fart «down on the 101», der mannen bak rattet er plaga av ei rekke urovekkande og svette forestillingar. Eit anna høgdepunkt er Candy Machine, nok ei skildring av ein person som opplever eit kaotisk øyeblikk, og der bandet etter beste evne prøver å drukne ein uimotståelig melodi i ein syndeflod av organisk lyd.

Mørkt og inderlig er det i den råbarka blueslåta Keep It Clean, medan skramlande gitarar og herlig koring (og med ei strofe som «gonna take it to the limit, in a New York minute») gjer kraftpoplåta California Style til albumets kanskje mest umiddelbare innslag. Begeistrar gjer og den inderlige balladen Fond Farewell som Steve framfører med ei rusten og nesten kviskrande røyst. Her er som de sikkert forstår mykje å glede seg over, så då får vi heller unnskylde han at det er nokre av melodiane (Maybe Tomorrow, Hollywood og Charcoal Sunset) som blir litt for anonyme og beint fram kjedelige.

Det er rett så trivelig at ein gammal helt framleis kan overbevise med vital rock’n’roll! Nybegynnarar på søk i Steve Wynn-land bør imidlertid gå vegen om Dream Syndicate klassikarar som The Days Of Wine And Roses og Medicine Show, det er her dei verkelig grensesprengande opplevelsane er å hente, men både «Static Transmission» og nokre til av soloplatene hans har mykje heftig musikk å by på.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

The Walkabouts – Watermarks (Slected Songs 1991-2002)

Standard

Eit samlealbum først og fremst tiltenkt det amerikanske markedet, men som og fungerer som ein grei introduksjon til eit framifrå band.

cover  Året er 1993, albumet New West Motel er mitt første møte med The Walkabouts, og dei presenterer seg med eit drønn. Kraftig, dramatisk rock tufta på tradisjonane frå folk og country. Ein frenetisk gitarlyd, sammen med ein drivande rytme er dei bærande elementa. Dette blir så supplert med lyden frå fiolin, orgel, trekkspel, mandolin og sang, ja ikkje minst sang. For bandets ubestridde leiarduo Chris Eckman og Carla Torgerson utfyller kvarandre perfekt, han med ei grov raspande stemme, ho med ei klokkeklar røyst. Grand Theft Auto og Glad Nation’s Death Song er to høgdepunkt, episk og intenst, definitivt ei makelaus plate.

4-5 månader seinare (året er fortsatt 1993), eg sitt nok ein gang og gjer meg kjent med ei Walkabouts plate. Denne har tittelen Satisfied Mind, men der New West Motel var nesten berre eigenkomponerte originallåtar er dette eit album med 13 coverversjonar. Her er sangar frå så pass ulike låtskrivarar som Nick Cave, John Cale, Patti Smith og Charlie Rich. Denne gangen er lydbildet atskillig meir dempa, men resultatet er nesten like storarta. Aller best er Nick Caves Loom of the Land, og Charlie Rich klassikaren Feel Like Going Home.

Det går om lag eit år, og ei ny plate dukkar opp. Det er energisk og det er mørkt, men det er anonymt og litt kjedelig, eg er skuffa. Albumet heiter Setting the Woods On Fire, eg setter det vekk. Neste gang Walkabouts gjer eit framstøt på platefronten har dei hyra inn Warzawa filarmoniske orkester. På Devil’s River som plata heiter finn vi smektande tonar, men og innslag av lumskare klangfargar. Plata inneheld flotte melodiar som The Light Will Stay On og Christmas Valley.

I 1997 dukkar Nighttown opp, og fortsatt er strykarar sentralt (denne gangen kallar dei seg Nighttown Orchestra), diskré elektroniske element er også å spore. Det er deires beste plate sidan Satisfied Mind, med høgdepunkt som Slow Red Down (kvifor er ikkje den tatt med på Watermarks?) og Lift Your Burdens Up.

Nå går det tre år før neste album kjem, Trail of Stars (2000), som er ein nedtur. Dei kjem sterkare tilbake året etter med ein ny coverlåt-samling, Train Leaves At Eight (denne gang med europeiske låtskrivarar, blant andre bidrar norske Midnight Choir, som Chris Eckman har produsert), og det dvelande og sterkt orkestrerte albumet Ended Up a Stranger samme året, viser at bandet fortsatt er å rekne med.

Watermarks er som undertittelen tilseier ein samling sangar frå perioden 1991-2002. Hovedvekt er lagt på midtperioden (Devil’s River og Nighttown) som er representert med seks spor. Her er to spor frå bandets svakaste plate Trail of Stars, det samme antallet er henta frå New West Motel. I forhold til mine oppfatningar om kor bandets beste stunder er å finne blir denne prioriteringa litt merkelig, men ser vi bort frå dei to Trail of Stars kutta er det berre flotte sangar her. At Satisfied Mind og Train Leaves At Eight kun har fått med ein sang kvar, er forståelig utfrå at bandet sikkert ynskjer å sette søkjelyset på Chris Eckman sitt materiell.

Albumet er for øvrig først og fremst tiltenkt det amerikanske platemarkedet. The Walkabouts er nemlig i den situasjonen at mange av platene deires ikkje er utgitt i USA, sjølv om dei er rotekte amerikanarar (frå Seattle, dei gav ut sine første plater på Sub Pop), er det i Europa dei har funne sitt publikum. Plata er ikkje forsynt med tidligare uutgitte spor eller liknande, så fansen har alt frå før. For folk som ikkje har kjennskap til bandet, kan Watermarks være ein heilt grei plass å begynne, men ein gjer aller lurast i å skaffe seg dei to 1993-utgjevingane.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

The Tyde – Twice

Standard

Ein forfriskande dusj med lett fargerik sommarpsykedelia.

cover  The Tyde er ei sval bølgje frå den amerikanske vestkysten, som har til hensikt å gje lyttaren ein forfriskande dusj med lett fargerik sommarpsykedelia. Ein dusj det slett ikkje er dumt å seie ja takk til, då den viser seg å innehalde ein heil del tiltalande nyansar henta frå det store pop- og rock-havet.

Som tittelen indikerer er Darren Rademaker og hans medhjelperar frå Los Angeles nå klar med si andre plate. Darren er ein mann med fartstid tilbake til 80-talet frå diverse obskure og halvobskure Los Angeles band. Han har med andre ord kjørt sitt musikalske løp litt på sida av den kommersielle motorvegen. Om The Tyde er eit forsøk på å styre seg inn på eit tettare trafikkert spor veit eg ingenting om. Men mykje av det denne plata har å tilby skulle slett ikkje være så vanskelig å like. Sjølv om Darren er ein artist som gjentatte ganger viser at han gjer sine ting meir på trass av enn på grunn av, for som han syng i A Loner:

So you keep me running to the sounds of yesterday,
Fence me in, cut me down, run me out of town,
I’ll find another place to play, I’m a loner anyway

Saman med broren Brent Rademaker var Darren på slutten av 90-talet drivkrafta i bandet Further. Då dette tiltaket stranda, blei dei to med å grunnlegge kvar sine bandprosjekt. Brent inntok rolla som bassist i Beachwood Sparks, medan Darren altså danna The Tyde. Nå var ikkje avstanden større mellom banda enn at tre av medlemmene i Beachwood Sparks også deltok aktivt saman med The Tyde.

Blant Darrens uttalte inspirasjonskjelder figurerer det engelske 80-tals bandet Felt høgt oppe på lista, eit gitarbasert poprock-orkester som igjen henta mykje av sin inspirasjon frå amerikanske band som Television. På debuten som kom i 2001, og hadde tittelen Once (sjølvsagt), kunne ein like fullt også finne tydelige spor tilbake til Los Angeles band som Love, The Byrds og Rain Parade. Ytterligare nokre engelskmenn, Lloyd Cole og Nick Lowe, har nok også sett sine avtrykk i Darren sitt musikalske univers.

Sjølv om mykje av besetningen er bytta ut sidan debuten (det er berre broder Brent Rademaker som er med frå Beachwood Sparks denne gongen) så følgjer dei stort sett det samme sporet som vart staka ut i startfasen. Slett ikkje noko dumt spor å følgje, for her passerer den eine klangfulle og delikate låta etter den andre forbi. Dermed demonstrerar Darren Rademaker nok ein gong at han er ein låtskrivar som i sine lysaste øyeblikk er i nærkontakt med skikkelig gullkanta tonar.

Plata tek av i himmelen med praktfulle Byrds-inspirerte tonar i den før nevnte A Loner, og held fram i endå meir oppglødd stil når Henry VIII entrar scenen. Feiande friske Crystal Canyons får meg av ein eller annan grunn til å tenkje på salige Steve Harley, mens Memorable Moments er pop-psykedelia slik Andy Partridge (XTC) dreiv med på 80-talet. Blood Brothers overtar, og fører oss over i eit meir gyngande rockedriv, med Dylanske fraseringar. Det nærmaste ein kjem country på plata er i den utsøkte balladen Breaking Up the Band. Når så The Tyde avsluttar med fem minutter fyndig og ruvande poprock i New D, er det eit kvalifisert punktum.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)