Monthly Archives: august 2014

Martin Hagfors – Producers Politics Passion

Standard

Éin trubadur og ti produsentar finn tonen                                                                                                          7

 Eg har prøvd å høyre for meg Martin Hagfors åleine med ein akustisk gitar framføre songane på den siste plata si. Eg trur det er songar som kunne klart seg bra på den måten. Eg kan høyre han som ein arving etter Woody Guthrie synge om samtidas utfordringar, om klimakrise, global urett, og nærsynt egoisme. Eg kan høyre han synge «I’m leaning to the left, I’m leaning more and more, a lot harder than before, I’ll keep leaning ‘til we lean right through these doors».

Men Hagfors er ikkje åleine, på ingen måte åleine. Han har vore såpass dristig at han har lagt ti av songane sine i famnen til ti andre norske musikarar. Frå Knut Schreiner til Jenny Hval. Dei fekk alle fridom til å produsere den mottekne låta slik dei måtte føle for. Resultatet er blitt til ti små stunder med songaren og produsenten (og kanskje ein musikar eller to til) der eg kan høyre at kjærleiken til songen er det sentrale. Der eg kan fornemme at produsentane føler for låtskrivaren og derfor aldri overdøyver signaturen hans. Derfor har dette også blitt ei plate som er meir kongruent enn den soniske avstanden mellom Knut Reiersrud og Susanna Wallumrød skulle tilseie.

Slik representerer altså ikkje plata eit gedigent skritt inn i andre sfærar for Martin Hagfors. I grunn fylgjer den frilyndt og elegant i fotspora til dei to førre platene hans. Dei Lars Horntveth-produserte Men and Flies og I Like You. Platene der han forlot (eller muligens berre tok ein midlertidig pause frå) folk/country-rock segmentet han i fleire år hadde operert i. To plater der songane dansa i eit popbilde med ulike grader av psykedeliske svingingar.

Popen er her denne gongen også. I alle fall i nokre av spora. I alle fall i det Knut Schreiner-produserte Easy Come & Easy Go. Ein mjuk westcoast-bris flyt gjennom låta, songaren syng om folks noko skortande evner til å lukte lunta, til å ane konsekvensen, og såleis fort endar opp «blind in the midst of love». Men blind er ikkje lyden som kjem frå produsenten sin gitar, den dansar energisk og godlynt i ei to minuttars vandring mot ein slutt. Meir pop finst i Easily Distracted By Love, men ikkje heilt den same popen. BigBang-bassist Nikolai Hængsle Eilertsen har blitt tildelt ansvaret for denne. Groovet er beint fram fabelaktig, elektroniske lydkjelder dominerer over gitaren, og tonen er catchy. Men den er også noko meir, noko anna, i sin andre halvdel. Der møtest jazzklangar og orgeldriv, og det kokar.

Eit snev av orgeltonar kan også høyrast i Cato Salsa-produserte You’ve Been Replaced. Ein song som i hovudsak blir bore fram av ein akustisk gitar. Ei lita pophymne med kvinnelig harmonisong, som ikkje får drive fredelig av garde heile tida, innimellom hamnar den nemlig utpå der dei urolege tonane regjerer. Og songaren syng om menneskeslekta sin noko ustabile, uforståelige og gløymske opptreden her på jorda. I ein tekst med finurlige og velformulerte bilde. Noko den ikkje er åleine om å ha. Noko eg nok kunne sagt om fleirtalet av songane på plata.

Eg kunne sagt det om Kinky Lovers. Der temaet er mennesket si innbarka evne til å søke kortsiktig nyting, og slik skade eigen og andre sin sjelefred, både i privat og global målestokk – «like kinky lovers we’re losing sight, what feels like burning might be frostbite». Anne Lise Frøkedal har gitt låta eit yppig groove, listig elektronisk lydføring, og litt psykedelisk sitar.

Eg kunne sagt det om Looking for An Island. Ei klimakriselåt som ikkje snirklar og går omvegar men driv ganske så direkte i strupen på den menneskelige dårskap – «I’m looking for an island where it used to be, well it used to be just a spot on the sea, back when it used to be». Produsent Jenny Hval lar klangar danse lettbeint og naturleg kring songaren sine offensive vers og vemodsfarga refreng.

Ja eg kunne også sagt noko fint om låtane eg no ikkje har nemnt. For situasjonen er i grunn  den at ein frisk idé har blitt til ei plate utan svake spor.

Wimp-link: Producers Politics Passion

Strand Of Oaks – HEAL

Standard

Ei plate som formidlar ein personleg kamp, og ein kjærleik til musikken.                                                7

Heal  Éin song på den fjerde plata til Strand Of Oaks gjer eit sterkare inntrykk enn dei andre songane. JM er den korte og litt mystiske tittelen. Men mystisk er den i grunn ikkje spesielt lenge, eg fekk ein liten mistanke allereie etter første gjennomhøyring om kven denne JM kunne vere. Informasjon henta frå plateselskapet si internettside fortalte meg at eg hadde rett i min mistanke. «I had your sweet tunes to play» syng songaren gjentekne gonger. Om det JM har skapt. Men songen handlar like mykje om songaren sjølv. Det er like mykje ein sjølvbiografisk song som ein tributt. Ein sjølvbiografisk song som fortel kor sterk musikk kan være. Korleis musikk kan halde ein i gang, være ein venn, aldri svikte. «I was an Indiana kid, getting no one in my bed» syng songaren, men så er det desse songane til JM då, og korleis dei kan lindre, korleis dei kan vere til hjelp. Litt seinare i livet kan han minnast seg sjølv  «on a long desert train, with a knife in my bag», men tonane er med han der også, tonane til JM. Og så er det no for tida då – «still living the same mistakes» – jo framleis er tonane til Jason Molina her.

Strand Of Oaks er Timothy Showalter. På sine tre første plater var han ein av desse som klimpra seg gjennom sjølvlaga viser med eit ganske så spartansk instrumentelt fylgje. På Heal er situasjonen ein annan. På Heal er gitaren ganske så elektrisk, synthesizeren skitten og lumsk, og trommene bombastiske. Ikkje det at han er blitt totalt krakilsk, det har han ikkje, han har i grunn eit visst slektskap til The War On Drugs.

Heal heiter plata, og ei heling er den, for å ikkje seie reinsing, til tider brutal reinsing. Showalter ser inn i seg sjølv, ser tilbake på seg sjølv, og han ser ikkje ein fyr han er utstrakt stolt over. Han ser destruktive handlingar, og ein fyr som «spent ten long years feeling so fucking bad», som rota det inderlig til for seg. Men ei heling handlar ikkje om å grave seg ned og legge på lokket, den handlar om noko litt anna. Derfor syng Showalter  «the night was cold and black, but the sun was in my eyes», derfor syng han «keep the light on for me», derfor går han nedover gata med ein Sharon Van Etten song på øyro, «give out, give up, give in – you gotta heal».

I den melodisk vakre og flytande Plymouth endar Showalter opp med å minnast tida då «we were beautiful, broken and young». Ei tid han er midt oppi i opningssporet Goshen 97, der J. Mascis spelar gitar slik vi forventar at J. Mascis skal spele gitar – kvinande, skrikande, harvande, vidunderlig – og songaren syng om då han oppdaga farens gamle bandopptakar – «that’s where the magic began, I was lonely, but I was having fun». Seinare, ein del år seinare, skulle moroa forstumme. «I stopped listening to music, I kept writing the same song» formidlar han frå den tida, i den melodisk vakre og flytande Plymouth.

Han er over det no, han har trua på musikken no. Eg høyrer det. Han har laga ei plate som skimrar og kranglar seg inn i interessesona. Og det er det jo slett ikkje alle plater som gjer.

Wimp-link: HEAL