Tag Archives: Tønes

Tønes – Sesong Fire

Standard

Gode songar som spaserer seg ein liten tur inn i livets ettermiddagsmodus.

KINK036LP Kinkverk  Tønes Sesong fire (LP)  Tønes syng om eit par vottar. «Vottane mor di strikte te meg» syng han. Og det er vel svigermor det. «De beste vottane eg he» legg han til (i varm samsong med Anne Lise Frøkedal og Frode Strømstad). Han fortel endåtil om eit lite hol i kanten på eine votten, eit han godt kan leve med, men som han like fullt tenker ho (altså svigermor) skal få sy igjen neste gong han treff henne. Det er slikt Tønes kan synge om. Som vi er blitt vant med at han kan synge om. Livets viktige små ting. På sitt underfundige og empatiske vis. Det er ni songar til på Sesong Fire som alle er i slekt med denne.

Sesong Fire kjem med litt meir alvor enn tidlegare Tønes-sesongar. Ikkje eit djupt og depressivt alvor, men eit med litt fleire spor av haustfargar i seg. Ettertenksamheitas haustfargar. Kanskje fordi Sesong Fire dukkar opp litt lengre ute i livet enn tidlegare sesongar.

«Sjå på livet» oppmodar songaren i starten av tittelsporet. Før han i enden av litt lett filosofering slår fast at «andre ting suste inn i livet». Og interessa for å fylgje med på tv-serien The Wire smuldra bort. Ein eller annan gong i løpet av sesong fire … eller var det kanskje i slutten av sesong 3? Vel, nå er hovudpersonen klar til å ta fatt på den igjen. Saman med sin kjære, og gjerne litt «heimalagte saft».

Eg sa alvor, men tenker at songen Korte Stond i alt sitt vesle vemodige vesen helst handlar om ein indre fryd. «Nå he eg ein drøm mindre, ein drøm mindre å jaga» syng songaren, og eg tenker at det handlar om å bli far. Og eg tenker det er ein vakker song. Det synst eg Holde Henna også er, vakker. Ei lett jazzig vise om å forsøke å finne tilbake til ein gnist i eit parforhold, ein gnist som var der før. Ved for eksempel å gjere noko så enkelt som å ta ein tur rundt i byen, og «jenna holda henda, sånn så me gjor før». Eller kanskje ta ein tur på visning, ellar minnast eit hus ein eingong var og såg på. Der ei gammal dama sette seg ved pianoet og spelte ei salme. Då er vi over i songen Det Sista Hu Ville. Ein særdeles sympatisk ein.

Eg sa alvor, og det er vel alvor når garden går under. Når løo må rivast, sauene slaktast og heio gror igjen. Temaet dukkar opp i den absolutt melodisk medrivande opningsvisa Signala. Ei like medrivande melodisk form har songen Gode og Vonde Dage. Ein liten vond hyllest til bygdas eigenproduserte revyoppsetting. Vond fordi den er jo ikkje utprega bra den der revyen. Hyllest fordi det er jo folk med slike initiativ som «fer hjulane te rolla og rolla, og samfunnet te å henga i hoba».

Med seg og spelar på plata har Tønes folk som har spelt med han før. Oftast dukkar trekløveret Anne Lise Frøkedal, Frode Strømstad og Emil Nicolaisen opp. Sistnemnte er kjent for å lage litt bråk når han finn fram gitaren og slikt. Det gjer han ikkje på denne plata. Sesong Fire har eit nennsamt og viseprega vesen. Nærast ein schwungande pophit kjem albumet i det det når sin siste song. Den heiter Dokke, og handlar ikkje om ei dokke. Den handlar derimot om ein jypling som snublar gjennom livet, og dei gode hjelparane, eller kanskje ikkje alltid fullt så gode hjelparane, han sette sin lit til.

Men den lune trubaduren Tønes trur eg vi kan sette vår lit til. For sjølv om Sesong Fire kanskje ikkje er den aller beste sesongen han har presentert, har den sitt å by på. Absolutt meir enn nok å by på.

7/10

TIDAL: TØNES – SESONG FIRE

Musikalsk årsoppgjer 2015

Standard

Berre ei liste

Dei førti (for ikkje å seie femti) beste albuma eg har høyrt i år (av slike som kom ut i år). I ei ikkje heilt tilfeldig rekkefølge, men bra er dei alle.

  1. Father John Misty – I Love You, Honeybear
    Uvanlige kjærleikssongar i eit faderlig sterkt folkpopmelodisk famntak. Der kontrastane lever i beste velgåande. Behaget eksisterer side om side med ubehaget. Uroa luskar i fotspora til roa. Smektande strykarar er ikkje garantistar for at fred og fordragelegheit er neste stasjon. Men det vakre er skånsellaust vakkert, og eg kapitulerte.
  2. Kendrick Lamar – To Pimp A Butterfly
    Det er sting i formidlinga, dobbel- og trippeltyding i det uttalte. Det er ein rå poesi i linje etter linje, og ein sonisk nyanserikdom som kontinuerlig held seg på sporet. Det er slikt som er med på å gjere utslaget, i årets mest funky reise.
  3. Ezra Furman – Perpetual Motion People
    Song etter song storma den over meg. Energisk i si framferd, melodisk i sitt vesen. Full på fridom og sing-a-long. Ein skikkelig ukomplisert og uimotståelig rakkar viste den seg å vere. Viser den seg framleis å vere. Eg byrjar å få ein mistanke om at den kan ha evig liv.
  4. Sufjan Stevens – Carrie & Lowell
    Elleve vakre songar. Folkpopmelodiar som kjem grasiøst smygande, og som blir verande. Elleve sakrale og stille skrik. Hjerteskjerande linjer om sakn, lengsel og uforståelige kjensler. Om ei mor som ikkje var der, og som no er død.
  5. Girl Band – Holding Hands With Jamie
    Bråk, til tider eit helsikkes bråk. Men ikkje eit meiningslaust eit. Ein herlig miks av dei motoriske faktene frå krautrocken, den klassiske lågt/høgt-dynamikken, og ei hardcore-innstilling. Noko i den duren i alle fall.
  6. Courtney Barnett – Sometimes I Sit and Think, And Sometimes I Just Sit
    Finurlige tekstar som kan kalle fram eit skeivt smil, eller få ein til å grunne litt. I eit laust, ledug og energisk rock’n roll uttrykk der det meste er upolert, og ganske så uimotståelig.
  7. Tame Impala – Currents
    Popsongar i ein straum av åttitalets synthlyd miksa med funk og disco, men utan at kjærleiken til  sekstitalets psykedelia-tonar er blitt kasta over bord.
  8. Simon Joyner – Grass, Branch & Bone
    Ni folksongar der den akustiske gitaren leiar an. Ei halvskakk og vakker songpoetisk ferd inn til svunne draumar og gulna minner.   
  9. Ought – Sun Coming Down
    Ein postpunkenergi som riv og slit, som koplar på og koplar feil. Mørkesøkande og ikkje heilt ufarlig, men først og fremst livlig påkopla.
  10. TRAAMS – Modern Dancing
    Med groovet godt intakt byr denne sør-engelske trioen opp til ein postpunkdans av det friske slaget.
  11. Sleater-Kinney – No Cities To Love
    Bandcomeback må ikkje vere traurige greier, det kan gnistre også. Ja nesten «shake it like never before».
  12. Destroyer – Poison Season
    Dunkle kammertonar, brunstige blåsarar, og giftig og svartsynt poesi. 
  13. Laura Marling – Short Movie
    Med litt meir elektrisitet enn tidlegare zoomar Marling igjen inn på tilværets dilemma.
  14. Daniel Romano – If I’ve Only One Time Askin’
    Country på gamle måten anno 2015: Trist og friskt.
  15. Sun Kil Moon – Universal Themes
    Ein gretten gubbe og hans empatiske sider.
  16. Syntax TerrOrkester – Bydrifter
    Rock i original kledning, poesi på reinspikka karmøysk – aldeles storarta.
  17. Punch Brothers – The Phosphorescent Blues
    Mandolin. Banjo. Fele. Akustisk gitar. Kontrabass. Slikt blir det fort bluegrass av. Punch Brothers vil det annleis.
  18. Tønes – Vindbrest
    Gjenkjennelig surrealisme og underfundig realisme, slik berre Tønes gjer det.
  19. Erlend Ropstad – Det Beste Vi Får Til
    Like mykje som songar og viser og slikt vil eg kalle det poesi.
  20. Dig Deeper – How You Spend Your Days
    Eit norsk rockeband som lever opp til namnet sitt, og finn skatten.
  21. Protomartyr – The Agent Intellect
    Frå avdelinga «nyare postpunk det gnistrar litt av».
  22. Ryley Walker – Primrose Green
    Ein angloamerikansk folkrocktone dyppa i jazz og leduge arrangement
  23. Kurt Vile – B’lieve I’m Goin Down
    Vile og songane hans går sin slacke gode gang.
  24. Fjorden Baby! – Oh Yeah!
    Med koking og loking og det som meir groovy er har bergensbanden skapt gode tilstandar her inne i kroken.
  25. Wolf Alice – My Love Is Cool
    Ein kvartett frå London som albumdebuterer med pop i tonane og blod i sikte.
  26. Robert Forster – Songs To Play
    Ein ny dose sympatiske popsongar frå den levande Go-Betweens legenda.
  27. Vince Staples – Summertime ’06
    Ei dyster og motsetningsfull affære, i eit fortetta sonisk landskap
  28. New Order – Music Complete
    Hook er hekta av. Keyboardet er ganske så framtredande. Det same er også ein panoramisk og velgjerande poptone.
  29. Nadia Reid – Listen To Formation, Look For the Signs
    Ein albumdebutant frå New Zealand med ein folk/americana tone av det særdeles innbydande slaget på tapetet.
  30. Israel Nash – Silver Season
    Ein texanar ifrå Missouri har komme fram til sin psykedeliske sesong.
  31. Viet Cong- Viet Cong
    Eit tvilsamt bandnamn. Ei mørk og dyster ferd inn i dei meir dystopiske krokane av postpunken.
  32.  Susanne Sundfør – Ten Love Songs
    Samspelet mellom slikt som fenger og slikt som har motstand i seg. Spretten synthpop og dunkle strykarar. Susanne Sundfør får med sjølvsagt eleganse slikt til å funke i hop.
  33. Algiers – Algiers
    Soul og gospel og postpunk. Full energi, knyta nevar og revolusjon i blikket.
  34. Corrina Repp – The Pattern of Electricity
    Skjørt og nakent. Elektrisk og uroleg. Melodisk og dirrande. Verdt å vitje.
  35. The Switch – B For the Beast
    Der popen blir innhaldsrik, kaleidoskopisk og skikkelig påskrudd.
  36. Jamie xx – In Colour
    Jamie frå The xx sin soloalbumdebut er intrikat og minimalistisk, sakte synthflytande og basskraftig. Fargerik, og rytmisk som ein døsig ettermiddagspuls.
  37. Car Seat Headrest – Teens of Style
    Einmannsband. Skranglete låg-fidelity med pophooks og folktristesse.
  38.  Beach House – Depression Cherry
    Ny forsyning med draumande popsongar på sakte puls. (Eit av to album frå duoen dette året).
  39. Low – Ones and Sixes
    Trioen har denne gongen vikla meir elektroniske lydar inn i sine dulmande tonar, utan at det skadar.
  40. Dungen – Allas Sak
    Når gitaren og fløyta og groovet finn sin skapnad, og bilder av aude trefylte landskap veks fram, då er eg i Dungens psykedeliske og suggestive verd. Alltid ein god stad å vere.
  41. Panda Bear – Panda Bear Meets the Grim Reaper
  42. Waxahatchee – Ivy Tripp
  43. Deerhunter – Fading Frontier
  44. Young Thug – Barter 6
  45. Jim O’Rourke – Simple Songs
  46. Julia Holter – Have You In My Wilderness
  47. Daniel Kvammen – Fremad I Alle Retninga
  48. Twerps – Range Anxiety
  49. Autobahn – Dissemble
  50. Best Coast – California Nights

Og så har eg lest ein del bra bøker. Strengt tatt har eg vel brukt minst like mykje tid på det som på musikken. Både gamle og årsferske bøker. Av den siste sorten (årsferske i alle fall i norsk omsetting), fekk eg hug til å nemne nokre:

Roberto Bolaño – 2666
Den chilenske forfattaren Roberto Bolaño døydde i 2003, 50 år gammal. Han var då i siste fase for å ferdigstille sitt storverk 2666. Året etter vart boka utgjeven. Sannsynlegvis så godt som i den forma forfattaren sjølv såg den føre seg. I år ligg den så føre i norsk omsetting. Det er ei tjukk bok (940 sider). Den består av fem bøker. Fem forteljingar. På eitt vis separate forteljingar, på eitt vis nestar dei seg alle i hop i den siste forteljinga. Boka kvalifiserer tvillaust til karakteristikken «ein mangslungen og gåtefull roman». Den er ikkje fullt ut til å forstå. Den går fleire vegar. Hovudvegar, sidevegar, grusvegar, gjengrodde vegar, blindvegar. Den fylgjer desse vegane med ein desperasjon i seg. Og skildrar lidenskap og djevelskap, galskap og draumar. Den er ambisiøs så det held. Den er ein feber av ei bok, og eg må så definitivt lese den fleire gonger.

Elena Ferrante – Mi briljante venninne / Historia om det nye namnet
To bøker, halvparten av ein kvartett. Napoli-kvartetten.
Med eit direkte språk, fritt for dilldall, fortel Elena Ferrante ein medrivande historie om oppvekst, vennskap, kjærleik, fiendskap, vald og makt (og meir til). Sentralt i historia finn vi forteljarstemma til Lena og hennar venninne Lila, og det kontrastfulle vennskapet mellom desse to — både blømande og destruktivt, både støttande og rivaliserande. Lena kjempar seg, til trass for si låge sjølvkjensle, utav kvartalet og til ei universitetsutdanning. Lila, den tøffe og kreative, blir att der og kjempar ein slags sjølvdestruktiv kamp med mann, nabolag og mafiaen.
Bøkene er omsett til levande nynorsk og har ei skikkelig pageturnerkraft (i løpet av 2016 vil kvartetten bli fulltalig).

Patti Smith – M Train
For nokre år sidan fascinerte ho med historia om vennskapet mellom seg og Robert Mapplethorpe (Just Kids). Denne gongen møter vi i hovudsak den godt vaksne Patti Smith. På reise til Berlin, til Mexico, til Japan, eller vandrande rundt i New York (særlig då til stamkafeen sin på hjørnet). Innimellom vitjar ho, i tankane, tida ho hadde med ektemannen sin Fred Smith (fram til han brått døydde i 1994). Ho deltar på ein konferanse om polarforsking, vitjar Frida Kahlo museet, ser på engelsk krim på eit Londonhotell, men ikkje minst fortel ho om litteratur ho er glad i. Og det er i dei passasjane eg kanskje synk djupast inn i boka. Når ho fortel om sin kjærleik til bøker av Jean Genet, Sylvia Plath, Michail Bulgakov, W.G. Sebald, Haruki Murakami, Roberto Bolaño, og så vidare.
Side etter side driv så makelig og godt forbi, heilt naturleg, assosiativt og sympatisk.

Jonathan Franzen – Renhet
Ikkje Franzen si beste bok (Den tittelen kjempar framleis Korrigeringer og Frihet om), men på sitt vis ei absolutt fengslande nok bok. Skitnare enn tittelen tyder på. Fortalt frå perspektivet til fleire av bokas karakterar, men med den unge kvinna Pip som hovudaktør. Eit namn som bringe tankane i retning Dickens-klassikaren Store Forventninger. Og noko Dickens er det vel kanskje over måten fleire av karakterane blir skildra på. Boka går fram og tilbake i tid. Femner mellom anna ein historie frå det delte Berlin, og tar føre seg internettets overvakings- og publiseringsmogelegheiter. Franzen har sannsynlegvis ein politisk intensjon med desse perspektiva. Personleg synst eg at han er betre, ja drivande god, når han teiknar opp sine romanfigurar på godt og vondt, og skriv fram strålande dialogar.

Og ikkje heilt ny av året, men gjenutgitt som trilogi i år, Jon Fosse sine tre eineståande kortromanar Andvake/Olavs draumar/Kveldsvævd:
Utanfor tid og rom, i eit suggererande gjentakande språk fortel Fosse historia om to (Alida og Asle) som elskar kvarandre. Ei vakker kjærleikshistorie. Samstundes: ei uhyggelig historie, ei historie som også inneheld død, sakn og bitter fortviling. Den er ikkje festa fast i slikt som logisk sett nødvendigvis kan skje akkurat slik det her skjer, den har noko bibelsk og legendeprega over seg, men gjer likevel frå seg ei kjensle av å vere rå røyndom, ei dirrande kjensle av at dette handlar om ekte levande menneske. Slike som elskar og frys og kjempar og gjer handlingar som ikkje kan rettast opp att.
Det er vakkert, det er trist, og det set evigvarande spor.

Tønes – Vindbrest

Standard

Gjenkjennelig surrealisme og underfundig realisme, slik berre Tønes gjer det.                           

  Det er slett ikkje morosamt å ha skabb. Eg seier det ikkje fordi eg har førstehandskunnskap om det (for det har eg ikkje). Eg seier det fordi det jo ikkje er spesielt vanskelig å tenke seg til det. Det klør noko jæklig har eg høyrt, og ser ikkje spesielt stilig ut. Altså ikkje noko å synge spesielt høgt om skulle ein tru. Tønes syng likevel han, om Då Runar Fekk Skabb. Og ei ganske så trist historie er det  blitt, om ein gut som nok ikkje hadde så mange venner, og som vart altfor lite sakna då han var heime frå skulen med denne kløen og desse utsletta. Så er det at innimellom her, utan at opphavsmannen tyr til store fakter, blir det vevd inn underfundige linjer og vendingar som gjer songen til noko anna enn berre å vere ein trist ein, den blir morosam også. Høyr, eller les, eller glytt litt på dette her til dømes:

Folk e så forskjellige
Någen må alltid øvedriva
Andre veid ikkje heilt koss de ska reagera
Tante Ingrid for eksempel
Tåle ingenting før hu begynne å grina
Heldigvis va hu i Amerika

Då Runar fekk skabb
Då Runar fekk skabb

Nett slik er i grunn mitt hovudinntrykk av heile plata, av heile Vindbrest. Den er ikkje spesielt morosam, men så er den det likevel. Litt mørkare til sinns enn ei gjennomsnittleg Tønesplate (kva no det måtte vere), men så avgjort med eit skjelmsk lite blikk på lur.

I 2012 vart det slik at Tønes tok steget frå å vere passelig kjent i Rogaland til å bli ein kvardagssurrealismens skald for heile landet. Det er jo slikt som fort kan skje når ein lagar ei vise om å ville gå og legga seg, eller ein syng om misunnelige blikk som vert kasta over mot naboen. Og i alle fall når det blir gjort på eit både løye og djupsindig vis. Song etter song hos denne Tønes, både på 2012-albumet og tidlegare album, har nemlig tekstar som i all si pussige prakt viser fram ei storveges innsikt i det menneskelige sinnelag. Vindbrest representerer ikkje noko unntak i så måte.

Det er desse tekstane som jo har vore den fremste greia med Tønes. Han finn historier der ingen andre oppdagar historier, han finn rim der dei færraste ville ha trudd det fanst eit rim, og han puttar dei i melodiar som tidvis nesten kan virke litt keitete (medrivande keitete vel og merke). Men det siste der, det med melodiane, opplever eg at har endra seg litt på dei to siste platene. Kanskje kan det ha noko med popmaestro Frode Strømstad (I Was A King) å gjere, og hans rolle som produsent. Ikkje veit eg, men det har då blitt litt meir popdrag over sakene til Tønes, har det ikkje? På Vindbrest endå litt meir enn på Sån Av Salve. Og det gjer i grunn ingenting.

Det gjer sjølvsagt ingenting at Dråba i Sjøen er ein melodisk godsak, med reinslege tonar og subtil godkoring frå Anne Lise Frøkedal. Ja finst det ein vakrare song der ute om bading og kjærleik enn denne? Mulig, men ei saumfaring av mitt ikkje lenger like stødige minne har i alle fall ikkje resultert i nokon funn. Ikkje klarar eg å finne fram til så uhorvelig mange songar om sakn som er vakrare enn visa om Tordis, Gustav og Andre Savn heller. Og om sakn finst det mange songar, sikkert nokre millionar. Tønes klarar sjølvsagt å lage ein som ikkje liknar spesielt mykje på nokon av dei. Med melankoli i tonefallet vert eit sakn etter det som eingong var formidla. Og då er det jo like naturleg å trekke fram den gamle stygge sofaen og bilen som til slutt hadde køyrt over for mange humpar, som det er å minnast rotet som flaut, planar som blei lagt og latter som blei ledd.

Apropos latter. Latteren som boblar litt nede i magen når den tilsynelatande muntre songen Sprøe Svor dansar av garde med raske steg blir etter kvart sittande fast i halsen. For når svoren ikkje blir sprø går han far amokk med ein stokk. Det gjer ikkje hovudpersonen i Grett å få Besøg. Men det kokar nok i skallen hans. For når middagen er servert, eller støvsuginga nett er unnagjort, eller sofafreden kallar, eller dei som ringer på døra er irriterande individ av ulikt slag, ja då er det ganske så ugreitt å få besøk. Slikt eit tema er jo midt i siktelinja for ein Tønes-song. Ein sarkastisk og god Tønes-song.

Ei og anna sarkasme kjem også til uttrykk i den semiepiske låta Antikkmesso på Figgjo. Ramma er ei velkjent ei: Mann møter kvinne, kjærleik oppstår, trøbbel kjem, mann og kvinne går kvar til sitt. Men Tønes si historie er sjølvsagt noko litt for seg sjølv. Eit av versa lyde slik:

Og det skar seg mellom meg og faren
Han rygde inn i min bil så sto parkerte
Så kjørde han bare vidare
Og då eg traff an kjende han ikkje te det
Hadde jyst finge an atte frå EU-kontroll
Det va rett før eg tydde te vold

Tønes vier også ein song til løgna. «Me lyge, me lyge, me lyge, det he me alltid gjort» lyde omkvedet i Lygn og Lort. Mindre løgner og større løgner blir ramsa opp. Nokon lyge om oppskrifta på fleskepannekaker, andre lyge om bistand og miljøhensyn. Eg har i grunn mannen mistenkt for å meine at det siste er verre enn det første. For eg høyrer han også på sitt mest alvorlige synge om ein lengt til naturen «sånn så de va meinte te vær», i avslutningsnummeret Villspor. Songen kan sikkert tolkast på fleire måtar, eg opplever den som ei varleg hyllest til jorda, eit levelig klima, og «åpne arma, åpne arma».

Alvor og skjemt, tragedie og oppstandelse, melankoli og små gleder. Det går i hop på Tønesvis. Eg smiler og eg grublar.

8/10

Musikalsk årsoppgjer 2012

Standard

Dette er ikkje eit forsøk på å komme med ein brei analyse av musikkåret 2012. Slikt for andre ta seg av. Dette er i grunn ikkje noko anna ein smal liten egotripp. Ei liste over tjuefem plater eg har sett pris på i år. I ei omskiftelig men ikkje heilt tilfeldig rekkefølgje.

Eit raskt blikk over lista fortel meg at amerikanske tonar er sterkt overrepresentert, og at heimlandet berre er representert med ei plate. Hadde eg gidda å laga lista lenger kunne Highasakite, Susanne Sundfør, Anne Marie Almedal, The Little Hands of Asphalt, Hellbillies, Hanne Kolstø, Susanna, Tom Roger Aadland, I Was A King, Æ, Lindstrøm, Ida Jenshus, Narum og Meg og Kammeraten Min også ha fått ein plass. Og då kunne jo også fleire frå utlandet fått plass, plater av folk og band som Grizzly Bear, Ty Segall, Elephant Micah, Black Moth Super Rainbow, Mark Lanegan Band, Laura Gibson, Simone Felice, Cloud Nothings, Chromatics, Godspeed You Black Emperor, Leonard Cohen, Polica, Allah-Las, Kindness, Iris DeMent, Bob Dylan, Beach House, Dr. John, Turnpike Troubadours, Fiona Apple, Mount Eerie, Six Organs of Admittance, Beachwood Sparks, Frank Ocean, Giant Giant Sand, Richard Hawley, Thåström, Goat, Dirty Three, Cat Power, Anais Mitchell og Calexico. For dei gav alle ut bra plater i 2012. Men eg trur eg får nøye meg med desse:

1. Father John Misty – Fear Fun
Josh Tillman har vore i musisk bevegelse ein del år no. I skuggen av det store scenelyset, eller på ein trommekrakk bakom songaren og gitaristen. Gjennom fleire plater har han, som J. Tillman, utforska det tungsindige krysningspunktet mellom Nick Drake og Townes Van Zandt. I tre år har han i tillegg vore trommeslagar i Fleet Foxes. Der er han ikkje lenger. Han har vandra vidare, tenkt nokre andre tankar, døypt seg om til Father John Misty, og laga ei plate kledd i ein tidleg 70-tals skrud, der folkrock, countryrock, softrock og psykedelia er dei dominerande ingrediensane. Der det mismotige blir konfrontert med sardoniske innfall, dopprat, hedonisme, ein bisarr humor, og ikkje så reint få absurditetar. Latterlig vitale saker i grunn.

2. Neil Young with Crazy Horse – Psychedelic Pill
Eg plasserer lyden av Neil Young og Crazy Horse høgare enn dei fleste lydar eg finn der ute. Dei står bak fleire av mine favorittplater. Med Psychedelic Pill har dei laga ei til. Ei lang ei, med lange magisk harvande låtar, om livet slik det har fortona seg. Og beviser at tilbakeskoding, gamle takter og null utvikling kan være den rette medisinen.

3. Simon Joyner – Ghosts
Midt i eit dissonantisk utland hevar songaren si krokete røyst og hevdar at «a good man is hard to find, a bad one’s even harder to get rid of». Det er stygt. Det er fredlaust. Det er ein dobbeldose svartmalande og støyplaga countryrock. Unnfanga av ein seig ørkenvind, født bak ein vridd blues, pint under Velvet Underground. Avlevert med reinspikka overtydnad.

4. Lambchop – Mr. M
Det finst ei tid for Lambchop. Det finst absolutt tider som ikkje høyrer Lambchop til. Men innimellom er tida der, og då finst det ingenting som er betre enn Lambchop. Ingenting. Mr. M føyer seg inn i rekka. Den byr på ein ny porsjon underfundig og saliggjerande Lambchop-melankoli, denne gongen dedikert ein avdød venn.

5. First Aid Kit – The Lion’s Roar
Kledd i psykedelisk farga kaftan, og med 1969 mindre enn eit andedrag unna, den engelske folktradisjonen i bakhovudet, den amerikanske country/folk-tradisjonen i hjerta, Stockholm sine snødekte gater i synsranda, og ei kosmisk livskraft strøymande gjennom seg, tilfører First Aid Kit det tradisjonsbundne sin eigen friskleitte signatur.

6. Tønes – Sån Av Salve
Underfundig sosialrealisme, ispedd meir alvorsprega tankar kring det å være menneske, i hop med andre menneske. På kjent og snodig vis fyller Tønes plata med skildringar av folk som helde på med sitt. Små ting, dagligdagse ting, ting dei kanskje ikkje er spesielt stolte over å halde på med. Han gjer det minst like bra som han nokon gong har gjort det, og då gjer han det bra skal du veta.

7. Jack White – Blunderbuss
Feitt og overflødige tonar er kasta i komposten. Tilbake står eit reinskore, melodisk attraktivt, og dynamisk lite meisterverk, som er skittent og reint i funksjonell foreining. Det høyrest veldig ut som det beste Jack White nokon gong har hatt fingrane borti.

8. Tame Impala – Lonerism
Med ein sumpete romklang forserer Tame Impala ei sonisk løype som svingar seg frå Soft Bulletin til Strawberry Fields Forever. Som tittelen insinuerar er det eit einmannsverk. Kevin Parker sitt melodisk vinnande og psykedelisk utfordrande einmannsverk.

9. Sharon Van Etten – Tramp
Ei krystallklar og sanselig men samstundes nøktern røyst. Den pure, svevande men samstundes jordbundne tonen. Det er Sharon Van Etten det. Tramp handlar om folk som elskar. Frå første stund, frå Warsaw sine gitargråtande og skimrande breidder til Joke Or a Lie sitt spartanske og varleg dronegnagande adjø handlar det om å elske. Det handlar om at det er alt anna enn problemfritt.

10. Patti Smith – Banga
Det er ingen fakter hos Patti Smith. Ho prøver ikkje vere, noko, eller nokon. Ho er, stemma, poeten og rytmen. Framleis, i ein alder av 65 år, er ho det. Aldri halvhjerta, aldri noko mindre enn vital, tidvis formidabel.

11. Allo Darlin» – Europe
Først og fremst er dette uhøyrt forførande og vilt fengande popmusikk. Men eg høyrer noko meir også. Eit vemod, som finn ein klangbotn under den poppige overflata, og rissar eit bilde med fleire dimensjonar i seg. «Under Capricornia skies». Formulert av Elizabeth Morris frå Queensland, Australia, ein av dei verkelig gode låtskrivarane.

12. Woods – Bend Beyond
Woods fokuserer låtane, køyrer på med litt meir elektrisitet, og minst like mykje psykedelia. Slik vi kjenner den frå det myteomspunne sekstitalet. Og pop. Frå det same tiåret. Støtta opp mot den vindskeive og heimelaga estetikken til våre dagars uavhengige.

13. The Men – Open Your Heart
The Men er ikkje her for å imponere, dei er her for rock’n roll. Så utan tankar om virtuositet, innovasjon eller intrikate påfunn grip dei fatt i rocken sin inste kjerne, den urovekkande feberen, og tenner på. Gud skal vite at det brenn.

14. Andrew Bird – Break It Yourself
«Time’s a crooked bow, come on, tell us something we don’t know» oppfordrar Andrew Bird. Denne syngande fiolinisten og kontrastmakaren som sannsynlegvis ikkje har granska fasiten på korleis ein poplåt skal skruast ihop, og nettopp derfor lagar betre poplåtar enn dei fleste.

15. John Fullbright – From the Ground Up
Ein ung mann frå Oklahoma, med ei røyst som merkast, og songar som virkar. Countrysongar og andre songar, mang slags songar. Rock av brunstig avstamming, orgel og groove, soul og gospel, fengande gitarrock, og pianoballadar djupt nede i kneståande.

16. Damien Jurado – Maraqopa
Det byrja på Saint Bartlett, hans førre plate. Trubaduren tok eit steg inn i eit romsligare og meir rørsleprega landskap. Han er der framleis. Ikkje milevis unna den folktonen han har gjort oss kjent med opp gjennom åra, men unna. Han kan være elektrisk rockande, smått funky og psykedelisk popduvande. Men alltid Jurado, varmt søkande.

17. Darren Hayman and the Long Parliament – The Violence
Det er 1645, borgarkrigen rår i England, og kvinner blir skulda for å være hekser. Hayman fører den humane og melodiske folkpopen sin inn i sentrum av dette, finn nokre enkeltskjebnar, og gjer det grufulle synlig, gjennom ei ubroten rekke av velbygde songar.

18. Alabama Shakes – Boys & Girls
Med ungdommelig pågangsmot tar bandet soulmusikken med på ein groovy southern rock’n roll tur den berre har godt av. Og i leiarrolla, Brittany Howard. Eigar av ei stemme som tar inderlig eigedom i kvar einaste tone den har omgang med. Ei ekte kraft.

19. Old Crow Medicine Show – Carry Me Back
Dei er dei same helsebringande leverandørane av tradisjonsrike og uforfalska tonar som dei alltid har vore. Med minimal straumtilførsel men dugelig energi grip dei tak i merksemda og syng om fråflytting, heimebrenning, fylleslagsmål, og anna rural moro og smerte.

20. Bill Fay – Life Is People
Sist gong han var her, blei han ignorert. Det er 41 år sidan sist. I lag med fans og gode hjelparar kom han tilbake i år. Og vart ikkje ignorert. Life Is People er som tittelen insinuerar varm og humanistisk. Nokre tiår med livserfaring og djupfølt vørdnad unna den iherdige og tidvis krakilske kampen som utspant seg då han var her som ung.

21. Marissa Nadler – The Sister
Søstera er den sjølvtitulerte plata hennar frå 2011. Stemma hennar er like glasklar, sterk og skjør. Det er ikkje så mykje anna enn hennar eigne gitarplukkande tonar som akkompagnerar songane. Det er nakent og reint, og det dirrar. Og det er vakkert, som Christine og Constantine.

22. Lower Dens – Nootropics
Etter nokre år som soloartist, freakfolkartist, gjekk Jana Hunter inn i rolla som bandmedlem i kvartetten Lower Dens. Og musikken vart annleis. Spesielt på denne andreplata. Den held til i eit drøymande landskap, farga i blått, der kjølig elektroniske tonar har ei framskoten rolle. Med eit groove som tidvis går i krautrock-lei. Og inni der syng Jana, gåtefullt.

23. Hurray For The Riff Raff – Look Out Mama
Eit ungt band som på merkbart vis tar for seg av den amerikanske musikkarven. Frå folklore og country via southern blues til surf-rock. Og plussar på med ein ode til John og Yoko. I den sentrale vokalrolla ei kvinne med røter frå Puerto Rico, Alynda lee Segarra.

24. Shovels & Rope – O» Be Joyful
Eit tospann. Kvinne og mann. Cary Ann Hearst og Michael Trent. White Stripes har vore der. Då var det blues. Desse to tar fatt i tonar av countryslekt. Eit energisk grep tar dei om sakene, og går rett til kjerna. Slikt blir det lite utanomsnakk og visvas av.

25. The Walkmen – Heaven
Det handlar om å ha det bra. Det er det det gjer, på Heaven. Om å finne ein ro, og å ha det, ikkje perfekt, men bra. Om å vere i komfortsona. Langt unna den raude sona dei var i då The Rat vart til. Om dei har tapt noko på vegen hit? Energi? Ungdom? Vel, sånn er vegen. Men seg sjølv har dei ikkje tapt. Dei er framleis eit band å like, eit likandes band.

Tønes – Sån Av Salve

Standard

Alvorlig morosamt eller morosamt alvor, nokre bitre piller, og viser som helst vil det beste.

cover  Det er ikkje berre moro det som skjer. «Eg går og legge meg» proklamerar Tønes, og vi trekke litt på smilebandet, synst han skildrar eit smått nevrotisk kveldsaugeblikk på ein slåande og ganske så løyen måte. For vi ser han jo greitt føre oss denne fyren i songen, der han står og trippar innvendig, og helst ser at resten av laget ser det akkurat som han ser det. At det er tid for å legge seg. Men det er det jo ikkje, synst resten av laget. Dei synst vel eigentlig han er ganske så irriterande. Så han går der då, fram og tilbake, til spott og spe, finn på nokre gjeremål, blottlegg nokre fobiar, og stimulerar sin irritasjon. Det er i grunn litt trist.

Det er i grunn sånn Tønes er. Han er festlig, og pussig, men ikkje i lause lukta. Han bryggar på noko anna også, melankoli til dømes. Eller indignasjon, som eg meinar må være drivkrafta i den ganske så fullendt vanvittige Sånn Koga Eg. Ein revyprega låt med både gospel og country i seg, der songaren kjem opp med eit lass av formaningar om korleis ein bør handtere grytene. Så det ikkje skal gå gale. Men eigentlig er han blitt trakka på tærne, trur eg. Har fått ein kritikk som er tung å svelgje. Så det heile endar i ein grandios trass, der hovudpersonen rår til å skru plata på full guffe og «bare la det koga opp, bare la det renna øve». Før han seier fram eit lakonisk men bestemt «sånn koga eg».

Tønes er her med sitt sjette album, og det er eit ikkje så reint lite fantastisk album, i grunn. I kjent Tønes-stil er det fullt av skildringar om folk som helde på med sitt. Små ting, dagligdagse ting, ting dei kanskje ikkje er spesielt stolte over å halde på med. Underfundig sosialrealisme, ispedd meir alvorsprega tankar kring det å være menneske, i hop med andre menneske. Formulert på hans særeigne vis, og på Sokndalsdialekt. Lokalt, men ikkje på ein slik måte at det blir ugyldig for oss som har vår lokalitet ein anna stad. Han er langt gyldigare i grunn enn dei som prøver å femne breitt, og som ofte forskrevar seg. Ein fin ting med Tønes er at han aldri forskrevar seg.

Han syng heller om Det Skitna. Då er han ikkje spesielt lystelig. Då syng han om kor leie han er av uskrivne reglar og alt som ikkje går an. Kor lite tilfreds han blir av søken etter det perfekte, og at han langt heller strekke armane «ud mod det skitna». Han syng også om Det Besta. Men er heller ikkje då spesielt lystelig. Då handlar det om slike ting som å ville leve fritt og trygt i ei verd der det mesta er juks og lite er gratis. Og så syng han om Lyset. Stort sett berre akkompagnert av eit piano, og utan avstand. Om kor mykje større pris han set på dei fordomsfrie («folk så ikkje he bestemt seg på forhånd») enn desse som alltid sette «to strege onna svaret». Kanskje er Sån Av Salve omgitt av meir alvor og mollstemte grublerier enn noko anna Tønes-plate?

Og temmelig sikkert er Sån Av Salve ei betre produsert plate enn noko anna Tønes-plate. Frode Strømstad (I Was A King) har ansvaret for det. Plata igjennom blir det vel spelt på bortimot tjue instrument. Men det virkar aldri slik. Det blir halde att, det blir gitt plass. Det er opent, reint, og landlig. Min Venn blir driven fram av ein kontrabass i jazz-slag. Lyden av orgel løftar Mystisk Liv, og dansar sprettent langs Sånn Koga Eg. Ein steelgitar smyg innom ved enkelte høve, og blir kanskje avløyst av ein banjo. Eller var det mandolin eller dobro?

Og songaren undrar seg. Over korleis ei flue kan komme seg inn i ein pottetett kuppel. Men meir er han vel oppgitt over at fluesmekka aldri kan bli lagt på plass etter bruk. Slikt burde jo være elementært. Og kven i all verda har lagt den på skjerebrettet, «den må feila någe elementært».

Og songaren søker fred og ro. Inne på badet, bak ei låst dør. Saman med «ei bodda med Pondus og magasina». Her filosoferer han over om han skal dusje no eller vente til i ettermiddag, medan han studerer «det så vokse i bånnen av tannglasset». Her vil han være i fred. Heilt i fred. «Så slutt og riks i dørhåndtaget».

Og songaren syng om naboen. Står i vindauget og skular over mot naboen. Der ser han at sonen er komme heim. Sån Av Salve. Den bortkomne sonen som ikkje har vore heima «si systaro gifta seg». Songaren har ikkje mykje godt å seie om den karen. Han malar han ut som ein jækel på skulen, og seinare ein ynkelig opportunist som har lagt bort dialekten sin og parkerar bilen på andre sin eigedom. Men han sitte visst godt i det, har songaren høyrt. Noko som plagar han sterkt. «Det bry meg ikkje altså men eg begribe det ikkje» prøver han å overtyde oss om, utan at han klarar å skrape den minste millimeter vekk frå misunninga si. Det er ein bitter song. Det er ein fantastisk song. Den ulmar, og veks, i ei melodisk sinnsstemning som er umogeleg å ikkje ta innover seg. Kanskje den beste songen Tønes har laga til dags dato?

På ei plate som er ei av hans beste. Og då er den god, skal du veta.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2012)