Monthly Archives: desember 2018

2018 – Eit lite musikalsk årsoppgjer

Standard

Ei vedkjenning: Det er drøssevis av album gitt ut det herrens år 2018 som eg ikkje har høyrt på. Og om lag like mange som eg aldri kjem til å høyre på.
Så å stille seg til dommar over kva som er dei aller beste av det som har komme ut av musikk dette året er sjølvsagt ein toskete ting å gjere. Difor skal eg ikkje gjere det. I staden gjer eg noko anna litt toskete, men altså då mindre toskete, eg presenterer ei liste over dei beste albuma eg faktisk har høyrt. Kor mange eg har høyrt? Nei sei det du, eit eksakt rekneskap over slikt fører eg ikkje. Kor mange eg har høyrt godt nok på? Tja, i alle fall tjue…trur eg.

Bilderesultat for parquet courts wide awake

1. Parquet Courts – Wide Awake!
Punk og funk. Alvor og fest. Stramt og skakt. Eller som songaren proklamerer innleiingsvis på albumet: «We are conductors of sound, heat and energy». Du verden som New York-kvartetten lever opp til det manifestet dei neste 38 minuttane.

2. IDLES – Joy As An Act of Resistance
Livleg punkrock med groovet intakt. Med to utemde gitaristar og ein vokalist som på eit kraftfullt og noko ufjelga vis tar eigedom over songar som på det tekstlege plan gjer til kjenne eit sympatisk sinnelag.

3. Sons of Kemet – Your Queen Is A Reptile
Jazzkvartetten frå London leverer på sitt tredje album ein groovefest det er umogeleg å vere likegyldig til. Og nyttar samstundes høvet til å hylle dronningar som fortener å hyllast. Frå saksofonisten Shabana Hutchings eiga oldemor til borgarrettskjempar Angela Davis.

4. Kacey Musgraves – Golden Hour
Frå country til pop, perfekt pop. Utan at countryrøtene er kutta over. For det er countrysjatteringar att i songane på Golden Hour. Nokre har fleire, nokre har færre, nokre har knapt nokon. Først og fremst er dette songar som blenkjer.

5. Rolling Blackouts Coastal Fever – Hope Downs
Det er rastlaust, det er godmelodiske, det kan kallast tøff gitarpop, og det kjem frå Australia. Og Talking Straight kan vel vere årets låt.

6. Camp Cope – How To Socialise & Make Friends
Tre unge damer frå Melbourne som ikkje ber om merksemda, som berre tar den. Og serverer energisk folkpop med punkattityde.

7. Car Seat Headrest – Twin Fantasy
Ein mann og hans band gjer eit glødande besøk tilbake til eiga fortid. Will Toledo spelar inn på nytt, og forbetrar, eit album som først blei spelt inn i 2011.

8. Janelle Monáe – Dirty Computer
Eklektisk er det jo, der det omfamnar så mykje, frå soul og funk til psykedelia og reinspikka pop. Og så er det både utfordrande og yppig … og i grunn ikkje så vanskeleg å like.

9. Ezra Furman – Transangelic Exodus
Desperate songar for desperate tider. Furman har tileigna albumet «the immigrant, the refugee, the closeted, the out, the vulnerable, the homeless, the searching». Fleire enn det vil antakeleg ha utbytte av å ta ein lytt eller ti.

10. No Age – Snares Lika A Haircut
LA-duoen No Age har ikkje mista grepet, og leverer framleis fargerik energi og bra bråk.

11. Courtney Barnett – Tell Me How You Really Feel
Eit friskt og freidig folkpunk-opplegg…ikkje heilt uventa.

12. Årabrot – Who Do You Love
Nok ein bra dose mektig og intens Årabrot-rock.

13. Shame – Songs of Praise
Postpunk frå ein garasje i Sør-London som har sitt å melde.

14. Mitski – Be the Cowboy
Popmusikk som dansar lettbeint av stad. Litt skrudd, temmeleg eklektisk, og fint fengande.

15. Bodega – Endless Scroll
Eit nytt Brooklyn-band, som går energisk til verket og skapar den eine snertne punk-låta etter den andre.

16. Mount Eerie – Now Only
Sterke songar om livet etter å ha blitt ramma av døden, del 2

17. Father John Misty – God’s Favorite Customer
Misty møter Tillman i døra. På eit album som altså har sitt i gje, berre litt mindre enn kva Misty har skjemt meg bort med på sine tre førre.

18. Colter Wall – Songs of the Plains
Country gjort på den enkle og effektive måten. Spartanske tonar fylgjer ei sterk stemme, i ei handfull med gode songar.

19. Haley Heynderickx – I Need To Start A Garden
Ein liten hage av viser som blomstrar både nennsamt og sprekt.

20. Phosphorescent – C’est La Vie
Endå ei stemningsfull og melodisk tiltrekkande plate frå den kanten.

Hmm… det har stilna

Standard

Det har stilna i Popkroken denne hausten.
Denne posten er ikkje teikn på at det har livna til liv att.
Plateomtalar. Det er ei tid for alt. Det kjem ikkje lenger til å bli publisert plateomtalar i denne kroken.
Eg kunne ha skulda på ein slapp platehaust. Men skulda for slappheita ligg nok heller hos meg.
Motivasjonen til å skrive plateomtalar har visna bort. Men ikkje motivasjonen til å lytte på musikk. Så…?
… bloggen, altså Popkroken, kjem ikkje til å forsvinne (med det første). Og kanskje dukkar det opp postar med ein annan innfallsvinkel enn plateomtale-vinkelen.
Lister kanskje, drodling kanskje, nokre tips muligens, eller…, eller… ?

Og platehausten 2018:
IDLES – Joy As An Act of Resistance

Bristol-bandet IDLES sitt andre album er nok, når alt kjem til alt, det albumet av dei som har komme ut på denne sida av sommaren, som har gjort sterkast inntrykk her i kroken. Livleg punkrock, sonisk tæl, passe lealaust, passe upretensiøst, og eit sympatisk sosialt hjerte. Songaren Joe Talbot har ei røyst som er langt unna å fortene karakteristikkar som vakker og rein, den fortener derimot å bli kalla kraftfull, ufjelg og sterkt til stades. Noko av det same kan ein vel saktens seia om dei fire andre som spelar opp til joy as an act of resistance saman med han. Og skapar eit lite verk der dei speglar menneskets defektar mot menneskets mogelegheiter. Det er ei tid for det.

Elles er det jo slik at:
Årabrot tidleg i haust også gav ut eit sterkt album (Who Do You Love). Nesten like sterkt som det førre (The Gospel). Litt mindre postpunk og Bauhaus enn sist, litt meir Nick Cave. Men aller mest, reint sjølvsagt, Kjetil Nernes og hans kombattantar sine særeigne steg inn i eit mektig og intenst rockeunivers. Denne gongen også med Nernes si kone, Karin Park, i eit par meir nedstemte men ikkje mindre intense songar, samt eit grepa tak om klassikaren Sinnerman (ikkje heilt Nina Simone, men sterkt Årabrot).

Phosphorescent har servert ei stemningsfull og melodisk tiltrekkjande plate (om enn ikkje like sterk som dei to føregåande). Frå New York kjem Bodega med eit debutalbum, Endeless Scroll, som absolutt kan vise til ein vital og bra dose punk, litt sånn i slekt med bysfrendane Parquet Courts. Og Courtney Barnett sitt andre album då (ja eg veit at det kom i sommar) er jo eit friskt og freidig folkpunk-opplegg som absolutt ikkje fortener å bli gløymt.

Og snart er det jul, og nytt år, men før det skal ikkje Popkroken vere mindre navlebeskuande enn andre i denne bransjen og derfor sy saman ei årsbesteliste…