Tag Archives: Jack White

Musikalsk årsoppgjer 2012

Standard

Dette er ikkje eit forsøk på å komme med ein brei analyse av musikkåret 2012. Slikt for andre ta seg av. Dette er i grunn ikkje noko anna ein smal liten egotripp. Ei liste over tjuefem plater eg har sett pris på i år. I ei omskiftelig men ikkje heilt tilfeldig rekkefølgje.

Eit raskt blikk over lista fortel meg at amerikanske tonar er sterkt overrepresentert, og at heimlandet berre er representert med ei plate. Hadde eg gidda å laga lista lenger kunne Highasakite, Susanne Sundfør, Anne Marie Almedal, The Little Hands of Asphalt, Hellbillies, Hanne Kolstø, Susanna, Tom Roger Aadland, I Was A King, Æ, Lindstrøm, Ida Jenshus, Narum og Meg og Kammeraten Min også ha fått ein plass. Og då kunne jo også fleire frå utlandet fått plass, plater av folk og band som Grizzly Bear, Ty Segall, Elephant Micah, Black Moth Super Rainbow, Mark Lanegan Band, Laura Gibson, Simone Felice, Cloud Nothings, Chromatics, Godspeed You Black Emperor, Leonard Cohen, Polica, Allah-Las, Kindness, Iris DeMent, Bob Dylan, Beach House, Dr. John, Turnpike Troubadours, Fiona Apple, Mount Eerie, Six Organs of Admittance, Beachwood Sparks, Frank Ocean, Giant Giant Sand, Richard Hawley, Thåström, Goat, Dirty Three, Cat Power, Anais Mitchell og Calexico. For dei gav alle ut bra plater i 2012. Men eg trur eg får nøye meg med desse:

1. Father John Misty – Fear Fun
Josh Tillman har vore i musisk bevegelse ein del år no. I skuggen av det store scenelyset, eller på ein trommekrakk bakom songaren og gitaristen. Gjennom fleire plater har han, som J. Tillman, utforska det tungsindige krysningspunktet mellom Nick Drake og Townes Van Zandt. I tre år har han i tillegg vore trommeslagar i Fleet Foxes. Der er han ikkje lenger. Han har vandra vidare, tenkt nokre andre tankar, døypt seg om til Father John Misty, og laga ei plate kledd i ein tidleg 70-tals skrud, der folkrock, countryrock, softrock og psykedelia er dei dominerande ingrediensane. Der det mismotige blir konfrontert med sardoniske innfall, dopprat, hedonisme, ein bisarr humor, og ikkje så reint få absurditetar. Latterlig vitale saker i grunn.

2. Neil Young with Crazy Horse – Psychedelic Pill
Eg plasserer lyden av Neil Young og Crazy Horse høgare enn dei fleste lydar eg finn der ute. Dei står bak fleire av mine favorittplater. Med Psychedelic Pill har dei laga ei til. Ei lang ei, med lange magisk harvande låtar, om livet slik det har fortona seg. Og beviser at tilbakeskoding, gamle takter og null utvikling kan være den rette medisinen.

3. Simon Joyner – Ghosts
Midt i eit dissonantisk utland hevar songaren si krokete røyst og hevdar at «a good man is hard to find, a bad one’s even harder to get rid of». Det er stygt. Det er fredlaust. Det er ein dobbeldose svartmalande og støyplaga countryrock. Unnfanga av ein seig ørkenvind, født bak ein vridd blues, pint under Velvet Underground. Avlevert med reinspikka overtydnad.

4. Lambchop – Mr. M
Det finst ei tid for Lambchop. Det finst absolutt tider som ikkje høyrer Lambchop til. Men innimellom er tida der, og då finst det ingenting som er betre enn Lambchop. Ingenting. Mr. M føyer seg inn i rekka. Den byr på ein ny porsjon underfundig og saliggjerande Lambchop-melankoli, denne gongen dedikert ein avdød venn.

5. First Aid Kit – The Lion’s Roar
Kledd i psykedelisk farga kaftan, og med 1969 mindre enn eit andedrag unna, den engelske folktradisjonen i bakhovudet, den amerikanske country/folk-tradisjonen i hjerta, Stockholm sine snødekte gater i synsranda, og ei kosmisk livskraft strøymande gjennom seg, tilfører First Aid Kit det tradisjonsbundne sin eigen friskleitte signatur.

6. Tønes – Sån Av Salve
Underfundig sosialrealisme, ispedd meir alvorsprega tankar kring det å være menneske, i hop med andre menneske. På kjent og snodig vis fyller Tønes plata med skildringar av folk som helde på med sitt. Små ting, dagligdagse ting, ting dei kanskje ikkje er spesielt stolte over å halde på med. Han gjer det minst like bra som han nokon gong har gjort det, og då gjer han det bra skal du veta.

7. Jack White – Blunderbuss
Feitt og overflødige tonar er kasta i komposten. Tilbake står eit reinskore, melodisk attraktivt, og dynamisk lite meisterverk, som er skittent og reint i funksjonell foreining. Det høyrest veldig ut som det beste Jack White nokon gong har hatt fingrane borti.

8. Tame Impala – Lonerism
Med ein sumpete romklang forserer Tame Impala ei sonisk løype som svingar seg frå Soft Bulletin til Strawberry Fields Forever. Som tittelen insinuerar er det eit einmannsverk. Kevin Parker sitt melodisk vinnande og psykedelisk utfordrande einmannsverk.

9. Sharon Van Etten – Tramp
Ei krystallklar og sanselig men samstundes nøktern røyst. Den pure, svevande men samstundes jordbundne tonen. Det er Sharon Van Etten det. Tramp handlar om folk som elskar. Frå første stund, frå Warsaw sine gitargråtande og skimrande breidder til Joke Or a Lie sitt spartanske og varleg dronegnagande adjø handlar det om å elske. Det handlar om at det er alt anna enn problemfritt.

10. Patti Smith – Banga
Det er ingen fakter hos Patti Smith. Ho prøver ikkje vere, noko, eller nokon. Ho er, stemma, poeten og rytmen. Framleis, i ein alder av 65 år, er ho det. Aldri halvhjerta, aldri noko mindre enn vital, tidvis formidabel.

11. Allo Darlin» – Europe
Først og fremst er dette uhøyrt forførande og vilt fengande popmusikk. Men eg høyrer noko meir også. Eit vemod, som finn ein klangbotn under den poppige overflata, og rissar eit bilde med fleire dimensjonar i seg. «Under Capricornia skies». Formulert av Elizabeth Morris frå Queensland, Australia, ein av dei verkelig gode låtskrivarane.

12. Woods – Bend Beyond
Woods fokuserer låtane, køyrer på med litt meir elektrisitet, og minst like mykje psykedelia. Slik vi kjenner den frå det myteomspunne sekstitalet. Og pop. Frå det same tiåret. Støtta opp mot den vindskeive og heimelaga estetikken til våre dagars uavhengige.

13. The Men – Open Your Heart
The Men er ikkje her for å imponere, dei er her for rock’n roll. Så utan tankar om virtuositet, innovasjon eller intrikate påfunn grip dei fatt i rocken sin inste kjerne, den urovekkande feberen, og tenner på. Gud skal vite at det brenn.

14. Andrew Bird – Break It Yourself
«Time’s a crooked bow, come on, tell us something we don’t know» oppfordrar Andrew Bird. Denne syngande fiolinisten og kontrastmakaren som sannsynlegvis ikkje har granska fasiten på korleis ein poplåt skal skruast ihop, og nettopp derfor lagar betre poplåtar enn dei fleste.

15. John Fullbright – From the Ground Up
Ein ung mann frå Oklahoma, med ei røyst som merkast, og songar som virkar. Countrysongar og andre songar, mang slags songar. Rock av brunstig avstamming, orgel og groove, soul og gospel, fengande gitarrock, og pianoballadar djupt nede i kneståande.

16. Damien Jurado – Maraqopa
Det byrja på Saint Bartlett, hans førre plate. Trubaduren tok eit steg inn i eit romsligare og meir rørsleprega landskap. Han er der framleis. Ikkje milevis unna den folktonen han har gjort oss kjent med opp gjennom åra, men unna. Han kan være elektrisk rockande, smått funky og psykedelisk popduvande. Men alltid Jurado, varmt søkande.

17. Darren Hayman and the Long Parliament – The Violence
Det er 1645, borgarkrigen rår i England, og kvinner blir skulda for å være hekser. Hayman fører den humane og melodiske folkpopen sin inn i sentrum av dette, finn nokre enkeltskjebnar, og gjer det grufulle synlig, gjennom ei ubroten rekke av velbygde songar.

18. Alabama Shakes – Boys & Girls
Med ungdommelig pågangsmot tar bandet soulmusikken med på ein groovy southern rock’n roll tur den berre har godt av. Og i leiarrolla, Brittany Howard. Eigar av ei stemme som tar inderlig eigedom i kvar einaste tone den har omgang med. Ei ekte kraft.

19. Old Crow Medicine Show – Carry Me Back
Dei er dei same helsebringande leverandørane av tradisjonsrike og uforfalska tonar som dei alltid har vore. Med minimal straumtilførsel men dugelig energi grip dei tak i merksemda og syng om fråflytting, heimebrenning, fylleslagsmål, og anna rural moro og smerte.

20. Bill Fay – Life Is People
Sist gong han var her, blei han ignorert. Det er 41 år sidan sist. I lag med fans og gode hjelparar kom han tilbake i år. Og vart ikkje ignorert. Life Is People er som tittelen insinuerar varm og humanistisk. Nokre tiår med livserfaring og djupfølt vørdnad unna den iherdige og tidvis krakilske kampen som utspant seg då han var her som ung.

21. Marissa Nadler – The Sister
Søstera er den sjølvtitulerte plata hennar frå 2011. Stemma hennar er like glasklar, sterk og skjør. Det er ikkje så mykje anna enn hennar eigne gitarplukkande tonar som akkompagnerar songane. Det er nakent og reint, og det dirrar. Og det er vakkert, som Christine og Constantine.

22. Lower Dens – Nootropics
Etter nokre år som soloartist, freakfolkartist, gjekk Jana Hunter inn i rolla som bandmedlem i kvartetten Lower Dens. Og musikken vart annleis. Spesielt på denne andreplata. Den held til i eit drøymande landskap, farga i blått, der kjølig elektroniske tonar har ei framskoten rolle. Med eit groove som tidvis går i krautrock-lei. Og inni der syng Jana, gåtefullt.

23. Hurray For The Riff Raff – Look Out Mama
Eit ungt band som på merkbart vis tar for seg av den amerikanske musikkarven. Frå folklore og country via southern blues til surf-rock. Og plussar på med ein ode til John og Yoko. I den sentrale vokalrolla ei kvinne med røter frå Puerto Rico, Alynda lee Segarra.

24. Shovels & Rope – O» Be Joyful
Eit tospann. Kvinne og mann. Cary Ann Hearst og Michael Trent. White Stripes har vore der. Då var det blues. Desse to tar fatt i tonar av countryslekt. Eit energisk grep tar dei om sakene, og går rett til kjerna. Slikt blir det lite utanomsnakk og visvas av.

25. The Walkmen – Heaven
Det handlar om å ha det bra. Det er det det gjer, på Heaven. Om å finne ein ro, og å ha det, ikkje perfekt, men bra. Om å vere i komfortsona. Langt unna den raude sona dei var i då The Rat vart til. Om dei har tapt noko på vegen hit? Energi? Ungdom? Vel, sånn er vegen. Men seg sjølv har dei ikkje tapt. Dei er framleis eit band å like, eit likandes band.

Jack White – Blunderbuss

Standard

Under eige namn for første gong. På drift, men gjenkjennelig, og i toppslag.

8

cover

Eg har slett ikkje sitte her og venta på Jack White. Sant å seie kan eg vel ikkje minnast at eg nokon gong har gjort det. Men, tilliks med mange andre har eg treft på han, fleire gonger. Den første gongen, for drygt ti år sidan, kom han innom saman med søstera (eller var det ex-kona) og presenterte ei pakke med påskrifta White Blood Cells. Utav den ramla det minimalistisk, angrepslysten og popsvolten bluesrock. Høgst attraktive saker var det, så eg sa meg særdeles nøgd med at han hadde gjort seg til kjenne. Slik har eg ikkje alltid følt det når eg har treft på han sidan.

Då han (og hans kvinne med stikkene) kom med Elephant-steg eit par år etter, opplevde eg det litt for … vel, elefantstegete. Og seinare, enten plata har heitt Icky Thump, eller bandet The Raconteurs eller Dead Weather, så har opplegget oftare evna å kjeda meg litt, enn å verkelig rive meg med. Unntaka har vel i grunn berre vore to. Først då han friska til og produserte eit comebackalbum for countrylegenda Loretta Lynn, og deretter då han (saman med sin stadig trufaste trommis) kom med oppfordringa Get Behind Me Satan, og leverte sitt mest varierte og spirituelle verk til dags dato.

Men hei, eg har lytta på Blunderbuss i det siste. Jack White sitt første album under eige namn. Og no er påstanden frå siste linje i førre avsnitt oppe til revurdering. Blunderbuss er bortimot det beste Jack har hatt fingrane borti (om ikkje det aller beste). Den er frisk, vinglar ikkje, men er stram, konsis og har retning. Samstundes er den fyrens kanskje mest varierte og eksperimentelle utgjeving. Den har blues, køyrer rock’n roll, møter folk, og er country. Den er luftig, har lys og skugge, og er skitten og rein i funksjonell foreining.

«Jack White er den kulaste, underligaste og listigaste rockestjerna i vår tid» blei det hevda i ein artikkel i New York Times nylig. Det kan nok kanskje vere riktig. Han veit i alle fall godt kva han vil, og kva han driv med. Dei kvite stripene som gjekk tvers gjennom det raude og svarte i The White Stripes var der aldri av vilkårlige grunnar. Han slenger ikkje inn tonar, ord eller bilde, eller kler seg, heilt tilfeldig. Han er absolutt noko for seg sjølv, og han er fullt klar over det, for det er han sjølv som står for designet.

Såleis kan han jo kanskje avskrivast som ein velkalkulerande posør. Ein som drar inn blueshistoria, filmhistoria, gule bilde og mørke myter i eit velfundert konsept underteikna han sjølv. Blir det eigentlig kjøtt og blod, meining og substans, av slikt? Skal ein tru han når han syng «I want love to grab my fingers gently, slam them in a doorway, put my face into the ground»? Har desse ord noko anna meining enn sin eigen ibuande raffinerte tøffskap? Vel, vel, vel, it’s only rock’n roll var det nokon som hevda for ein mannsalder sidan. – Så kom igjen Jack, sleng på deg hatten, farg coveret blått, og stir den svarte fuglen i augo. Det er lov. Dessutan, eg trur han har vore der, Jack også, så absolutt vore der, i døropninga, med fingrane sine, alle ti.

Det har alltid vore ei dame til stades i ei viktig rolle når Jack White har laga sine beste plater. På Blunderbuss er det meir enn ei dame. Heile bandet er damer. Og jaggu handlar det om damer også. Damer, og den uhandterlige kjærleiken. Ganske så skånsellaust skildra.

«When they tell you that they just can’t live without you, they ain’t lyin'» erklærar Jack i opningssporet Missing Pieces. Det er sjølvsagt damene han har i tankane. Noko han også har når han legg til: «They’ll take pieces of you, and they’ll stand above you, and walk away, and take a part of you with them». Når han cirka førti minutt seinare avsluttar med ei halvkvalt bøn til ei kvinne om å få bli med henne når ho går frå han, har han vore gjennom fleire nyansar av mellommenneskelige tilhøve. Sånn bortsett frå dei utprega optimistisk lada.

I den sonisk sett tøffaste saken på plata, Sixteen Saltines, stiller han stadig vekk spørsmålet «who’s jealous of who» og omtalar seg sjølv som «solo rowing, on one side of the boat». Innimellom intense pianotriller og ein ilsken gitarsolo syng han, i Weep Themselves to Sleep, om menn som blir slukt av kjærleiken. Den drivande Trash Tongue Talker er eit Dylansyrlig åtak på ei kvinne som ikkje lar hovudpersonen i fred. Eit snev av noko syrlig bles også gjennom sing-a-long folklåta Hip (Eponymous) Poor Boy. Og når han i nest siste vers syng «you’ll be watching me girl, taking over the world, let the stripes unfurl» dukkar det opp ein vag liten mistanke om at her kjem det eit lite stikk til ein viss eks-trommis.

Coveret er dyppa i blått. Kjærleikslivet vassar i trøbbel. Men tonen er mindre blues enn nokon gong så langt i White sitt liv. Pianoet har ei dominerande rolle, og den akustiske gitaren er vel så ofte i Jack sine hender som den elektriske. Tittelkuttet går countryvegen, har ærverdige Fats Kaplin på steelgitar, og ei dame, Ruby Amanfu, bidrar med formålstenlig koring. Sistnemnte dukkar også opp, i meir framtredande former, i den lauslig-intense og suverene visa Love Interruption. Ein song der White, saman med kvinna, i ganske så brutale ordelag gjer eit forsøk på å skildre kjærleikens ambivalente vesen.

Feitt og overflødige tonar er kasta i komposten. Tilbake står eit reinskore, melodisk attraktivt, og dynamisk lite meisterverk. Eg satt ikkje her og venta på det, men det var sjølvsagt greitt å få det i hende likevel.

Først publisert på Groove.no (i 2012)

 

The White Stripes – Icky Thump

Standard

Jack har igjen tatt eit godt grep om gitaren, men han og søstera er ikkje like sprelske som ved førre korsveg.

5

cover

Det har komme meg for øyra at det var rett så mange som følte seg snytt sist gong Jack og søstera gav lyd frå seg. Get Behind Me Satan lydde ordren dei snerra fram den gongen. Før dei stupte uti det i eit forsøk på å skape eit litt annleis og meir vidtfemnande sonisk bilde. Den elektriske gitaren fekk berre spele ei birolle. Pianoet fekk langt fleire replikkar. Ja, sannelig om ikkje ein støvete Marimba fekk det også. Falsettsong, funk og eit ikkje så reint lite laust ledig og leikent vesen prega plata minst like mykje som blues-skalaen. Eg likte den veldig godt den gongen. Eg likar den like godt i dag.

White Stripes har ikkje blitt verande der ute i det fruktbare villnisse. Dei har søkt heimatt. På Icky Thump har dei gitt større deler av bildet tilbake til bluesen, og det er atter ein gong gitaren som spelar hovudrolla. Og ja, vi har høyrt det før. Men er det bra kan vi vel tåle litt til. Så er det bra? Tidvis.

At Jack White kan sin Jimmy Page har han vist før. Eg kan likevel godt tåle meir av det slaget når det kjem i slike former som det gjer i tittelkuttet. Med røffe gitarparti, tøff vokalfrasering og eit velfundert lite stikk inn i innvandringsdebatten; «White americans, what? Nothing better to do? Why don’t you kick yourself out, you’re an immigrant too».

Ein litt meir lakonisk zeppelinsk innfallsvinkel vel han i 300 M.P.H. Torrential Outpoor Blues. Men ikkje ein svakare ein, snarare meir djevelsk, og med ein skikkelig kjekkaskonklusjon; «One thing’s for sure in that graveyard I’m gonna have the shiniest pair of shoes».

Så får det heller vere at Meg ikkje kan sin Bonham. Det prøver ho forresten ikkje å gje inntrykk av heller. Ho held seg til sin enkle og primitive stil. Det fungerer greitt det også. Stort sett. Av og til kjem ho også litt til orde. Som når ho i tillegg til å dunke effektivt på trommeskinna fører ein fiffig samtale med broderen innimellom versa i den sprelske bluesrockrap saken Rag and Bone.

Det er ikkje all bluesen på Icky Thump som er like bra. Nokre nummer blir for baktunge og blodfattige. Stundom blir ein også sittande å kjenne på at den minimalistiske stilen og den forsøksvis presise koloreringa deira kanskje kan bli litt for kjølig og gjennomtenkt. Den er dynamisk stikkande og stilfull, men forårsakar i litt for liten grad heit panne, sveitt nakke og den der prikkande kjensla.

Ved nokre høve søker dei mot tonar ein ikkje er heilt vant med å høyre frå deira kant. Utan at eg vert sittande med eit håp om at dei utforskar dette meir. For eg opplever dei som nokså traurige når dei med innleigd blåsarhjelp prøver seg i latinoformer i albumet si einaste lånte låt Conquest. Eg kan også styre mi begeistring for White Stripes i skotskrutete formasjon (med sekkepiper og det heile) i sing-a-long saken Prickly Thorn, But Sweetly Worn, og i det definitive botnpunktet her, den Meg-vokaliserte nonsensgreia St. Andrew (This Battle Is In the Air).

Då kjem dei langt betre i frå det når dei slenger beina på bordet og i god gammaldags Keith-på-fest-med-Gram stil countryrockar seg gjennom You Don’t Know What Love Is. Eller når dei søker mot primetime Meat Puppets i pasjonerte A Martyr For My Love For You. Attraktive er dei også når dei travar ut av arenaen i oppstemte og melodivinnande countryrock-former med Effect and Cause.

Icky Thump flyttar seg lettare og meir overtydande enn Elephant og De Stijl, men er nok ikkje den dynamiske duoen på sitt beste. Til det blir den litt for ujamn.

Først publisert på Groove.no (i 2007)

 

The White Stripes – Get Behind Me Satan

Standard

Med desse 13 avkledde låtane fører Jack prosjektet sitt inn på eit meir variert spor. Ikkje snu, følg sporet vidare, mann!

cover  Nå hadde så avgjort forsmaken Blue Orchid, med sin medrivande falsettvokal og riffvitale og funky framtoning, sådd eit håp. Likevel var eg litt skeptisk. Kanskje berre fordi eg er svak i trua? Eller?

Det var noko med Elephant. Mi interesse for White Stripes blei kraftig redusert ein eller annan stad midt inni Ball And Biscuit. Det var noko med denne strevsame Stooges-møter-grunge i eit heller meloditafatt og bluespåvirka lende som drap gnisten, og sendte elefanten baktung ut i ei sørpete eng der den vart ståande og stampe. I alle fall heilt til påstanden Girl, You Have No Faith In Medicine vart kasta fram. Joda, eg veit at fremst ligg det ein Seven Nation Army, og eit par steg lenger bak kranglar den endå betre There’s No Home For You Here seg fram i sprelske andedrag. Ja, faktisk lever plata ganske så bra den heilt til det der nemnte augneblikket i spor åtte treff ein tungt i magen.

Rykta i forkant av deira femte album fortalde rett nok om ein duo som slett ikkje hadde falt for freistinga å sende inn ein ny elefant. Her var det snakk om mindre blues, meir Cole Porter, mindre gitar, meir piano og ein Jack som snakka om sanninga som eit ideal. Eg fekk og med meg at låtane var komponert og spelt inn på berre to veker. Det var rapportar som fortalde om skisser meir enn fullendte songar. Og Jack hadde proklamert idéen om å gjere feiltrinn, ikkje tilgjorte, men ekte. Vilskene og tverre pretensjonar frå ein fyr som ville vise seg, tenkte eg. Kanskje hadde han og søstera komme seg opp av den sørpete enga, men kva hjelpte det når dei no såg ut til å ha rota seg bort blant visna og knekte roseplanter i staden?

Etter nokre timar i samvær med Get Behind Me Satan lyt ein berre innsjå at skulle det vere inni eit klunger av medfarne roseplanter dei oppheld seg, ja så er det ein fabelaktig stad å vere. Er det tverre pretensjonar som ligg bak, ja så ver velkomen tverre pretensjonar. Velkomen også til levande feiltrinn, næringsrike skisser, det stygge, det vakre, sanninga og løgnene.

Skulle denne Satan vere ein representant for den musikalske fortida til White Stripes, ja så har dei med sitt femte album klart kva tittelen krev. Garasjeblues-avtalen dei gjorde i eit vegkryss ein gong på nittitalet vert her kasta på bålet. Men opp av oska stig nye og langt meir ulikt forma tonar.

Skal ein vere heilt rettvis (og det skal ein jo) så har nok ikkje søskenduoen fylgt den gitarbarske bluesvegen 100% slavisk før heller. Det har jo dukka opp ein og annan popfiksert eller folkinspirert sak innimellom. Gjennombrotsplata White Blood Cell hadde nok slett ikkje vore det vitale fyrverkeriet den er utan injeksjonar av vital pop og skakk folk. Men til og med den plata sovnar inn i ein litt meloditam bluessøvn mot slutten (før den vaknar til liv i form av eit beksvart Lennonsk popblues tiltak kalt This Protector). Get Behind Me Satan korkje rotar seg bort i stillstand eller einspora søvn, den er ei potent og vaken affære frå første kåte gitarriff til siste vemodsfulle pianotåre.

Underteikna er ikkje så veldig flink til å halde seg oppdatert på privatlivet til desse rockestjernene. Har likevel fått med meg at Jack skal ha hatt ein affære med skodespelar Renee Zellweger for så etterpå å gifte seg på Amazonas-elva med ei Karen. Kor mykje det er av desse opplevingane, og andre personlege hendingar, som ligg til grunn for det han har på hjerta veit eg vel eigentleg ikkje. Men det eg høyrer er i alle fall skildringar der tema som kjærleikshunger, tapt kjærleik, fridomstrang, vemodskjensle og forknytte tankar kjem til utløp.

I den seige marimba-drevne og cymbalkrasjande The Nurse står hovudpersonen svikta tilbake og hevdar (vel med rette) at «The nurse should not be the one who puts salt in your wounds». Kjensler som flyg i ulike retningar vert utdjupa i den dynamisk gyngande og pianostyrte Forever For Her (Is Over For Me). Pianoet er også i førarsete, men i eit meir funky lende, i det catchy popeventyret My Doorbell. Her sit hovudpersonen og lengtar etter den der dama, samstundes som han prøver å overtyde seg sjølv om at det er nett det han ikkje gjer.

Joda, det er nok pianoet som er Jack sitt instrument denne gongen. Den elektriske gitaren får berre lov å fronta tre av spora (derav førnemnte Blue Orchid). Den gjer seg imidlertid veldig gjeldande på kraftfulle om enn noko melodisk veike Instinct Blues. Den sterkaste låta blant el-gitar trekløveret er nok Red Rain. Jack er kanskje ikkje nokon Jimmy Page, og Meg er definitivt ingen John Bonham, men denne smart buldrande saken er som tatt rett utav Physical Graffiti og det er jo ein glimrande plass å komme frå. Den akustiske varianten av seksstrengaren trer fram når duoen flyttar seg over i eit folkprega Zeppelinsk lende med visa As Ugly As I Seem. Medan tonen går i bluegrass retning på fjellfriske Little Ghost. Om dama det er umulig å få tak på; «when I held her I was really holding air».

«Oh Rita, oh Rita, if you lived in mesita, I would move you with the beat of a drum». Lengselen er til å få naseblod av. Låta ber tittelen White Moon. Ein pianoballade av typen langsamt og intenst veksande, og der Meg sit i ein krok og ristar sin gode gamle raude egg-shaker samt lurer inn litt varleg cymbalnedbør. Og Rita? Ho dukkar opp igjen i Take Take Take. Då får vi servert etternamnet også. Energisk, nervøst, smertefullt og i melodivinnande fasong fortel Jack om beundraren som møter sitt store idol. Den vakre Rita Hayworth kjem inn på baren der denne stakkaren sit og drikk saman med ein kompis. Han mannar seg opp og tar kontakt med den store gudinne. Ho gjer han autografen, nokre ord, og lar seg avbilda i hop med han. Frå Rita si side er dette rein rutine, mens vår mann nok tolkar hennar velvilje noko annleis. Når ho så trekkjer seg tilbake står han nærast sjokkert igjen og må innsjå at ”she didn’t even care, that I was even there”. Mistolkingar av kvinner sine signal på litt meir generell basis er tema for den Ballroom Blitz-funky Denial Twist. Medan det vert sveipa innom familieproblematikk i den Meg-sungne 35 sekundars parantesen Passive Manipulation. Familietilhøve er også temaet i I’m Lonely (But I Ain’t That Lonely Yet). I countryballade stil med vagt gospelkrydder fortel den bortkomne son og bror om sin ambivalente lengsel mot heimlege trakter; «there’s a girl that I know of, but don’t ask for much, she’s homely, and she’s cranky, and her hair’s in a net, and I’m lonely, but I ain’t that lonely yet».

Om det er løgner, synder, sanningar eller lengsler som vert servert, så finn den dynamiske White-duoen rette tonen og konfronterer fram melodilinjer av både demonisk og velsignande karakter.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)