Popkroken:
Ein liten krok der eg (Oddmund Berge) skriv om musikk, plateomtalar først og fremst vil eg tru, men sikkert litt anna som måtte falle meg inn også. I eit ikkje utprega høgt tempo. Forvent derfor ikkje plateomtalar publisert på release-dato. Når dei kjem kan det gjerne ha gått to veker, tre veker, nokre månadar, og så vidare, sidan plata blei sluppe. Og nokon gonger skriv eg sikkert om noko som er skikkelig eldgammalt også. Men eg skal prøve å ikkje skrive om slikt som er gått ut på dato.
Plateomtalane som er skrivne fram til ein eller annan gong i 2013, blei først publisert på musikknettstaden Groove.
Gradering:
Eg burde vel strengt tatt klart meg utan slikt, men har nå valgt å hamne utpå likevel.
Sånn omlag på dette viset:
Bra plater: 5-10
Middelmådige plater: 3-4
Dårlige plater: 1-2
Tanken med å lage ramma for Bra plater såpass vid er at eg stort sett berre kjem til å gidde å skrive om Bra musikk, og på den måten gjer eg meg sjølv litt handlingsrom (når det kjem til gradering). Dessutan: ei dårlig plate er stort sett berre ei dårlig plate, medan ei bra plate jo kan vere det (bra altså) i litt ulik grad.
Plateomtalar blir kategorisert etter kva årstal plata er gitt ut. Det vil seie, alle plateomtalar for plater etter år 2000 blir det. Omtalar av eldre plater nøyer eg meg med å kategorisere på 10-år.
Hei! Dette ser ut til å være en kvalitetsikret og koselig krok å besøke i det store blog-landskapet 😉.
Skulle gjerne sendt deg ny digital singel inkl skriv i slutten av måneden men hvilken mailadr bruker jeg ev da? – Mvh Haakon Ellingsen (Last James, WHEN, Gramophonea)
Hei! Takk for hyggeleig tilbakemelding. Så er det slik at det også er ein krok som ei tid nå har vore noko laber når det kjem til aktivitet.
Så utan lovnadar og slikt: Ei epost adresse: oddmund.berge@gmail.com