Tag Archives: The Walkmen

Musikalsk årsoppgjer 2012

Standard

Dette er ikkje eit forsøk på å komme med ein brei analyse av musikkåret 2012. Slikt for andre ta seg av. Dette er i grunn ikkje noko anna ein smal liten egotripp. Ei liste over tjuefem plater eg har sett pris på i år. I ei omskiftelig men ikkje heilt tilfeldig rekkefølgje.

Eit raskt blikk over lista fortel meg at amerikanske tonar er sterkt overrepresentert, og at heimlandet berre er representert med ei plate. Hadde eg gidda å laga lista lenger kunne Highasakite, Susanne Sundfør, Anne Marie Almedal, The Little Hands of Asphalt, Hellbillies, Hanne Kolstø, Susanna, Tom Roger Aadland, I Was A King, Æ, Lindstrøm, Ida Jenshus, Narum og Meg og Kammeraten Min også ha fått ein plass. Og då kunne jo også fleire frå utlandet fått plass, plater av folk og band som Grizzly Bear, Ty Segall, Elephant Micah, Black Moth Super Rainbow, Mark Lanegan Band, Laura Gibson, Simone Felice, Cloud Nothings, Chromatics, Godspeed You Black Emperor, Leonard Cohen, Polica, Allah-Las, Kindness, Iris DeMent, Bob Dylan, Beach House, Dr. John, Turnpike Troubadours, Fiona Apple, Mount Eerie, Six Organs of Admittance, Beachwood Sparks, Frank Ocean, Giant Giant Sand, Richard Hawley, Thåström, Goat, Dirty Three, Cat Power, Anais Mitchell og Calexico. For dei gav alle ut bra plater i 2012. Men eg trur eg får nøye meg med desse:

1. Father John Misty – Fear Fun
Josh Tillman har vore i musisk bevegelse ein del år no. I skuggen av det store scenelyset, eller på ein trommekrakk bakom songaren og gitaristen. Gjennom fleire plater har han, som J. Tillman, utforska det tungsindige krysningspunktet mellom Nick Drake og Townes Van Zandt. I tre år har han i tillegg vore trommeslagar i Fleet Foxes. Der er han ikkje lenger. Han har vandra vidare, tenkt nokre andre tankar, døypt seg om til Father John Misty, og laga ei plate kledd i ein tidleg 70-tals skrud, der folkrock, countryrock, softrock og psykedelia er dei dominerande ingrediensane. Der det mismotige blir konfrontert med sardoniske innfall, dopprat, hedonisme, ein bisarr humor, og ikkje så reint få absurditetar. Latterlig vitale saker i grunn.

2. Neil Young with Crazy Horse – Psychedelic Pill
Eg plasserer lyden av Neil Young og Crazy Horse høgare enn dei fleste lydar eg finn der ute. Dei står bak fleire av mine favorittplater. Med Psychedelic Pill har dei laga ei til. Ei lang ei, med lange magisk harvande låtar, om livet slik det har fortona seg. Og beviser at tilbakeskoding, gamle takter og null utvikling kan være den rette medisinen.

3. Simon Joyner – Ghosts
Midt i eit dissonantisk utland hevar songaren si krokete røyst og hevdar at «a good man is hard to find, a bad one’s even harder to get rid of». Det er stygt. Det er fredlaust. Det er ein dobbeldose svartmalande og støyplaga countryrock. Unnfanga av ein seig ørkenvind, født bak ein vridd blues, pint under Velvet Underground. Avlevert med reinspikka overtydnad.

4. Lambchop – Mr. M
Det finst ei tid for Lambchop. Det finst absolutt tider som ikkje høyrer Lambchop til. Men innimellom er tida der, og då finst det ingenting som er betre enn Lambchop. Ingenting. Mr. M føyer seg inn i rekka. Den byr på ein ny porsjon underfundig og saliggjerande Lambchop-melankoli, denne gongen dedikert ein avdød venn.

5. First Aid Kit – The Lion’s Roar
Kledd i psykedelisk farga kaftan, og med 1969 mindre enn eit andedrag unna, den engelske folktradisjonen i bakhovudet, den amerikanske country/folk-tradisjonen i hjerta, Stockholm sine snødekte gater i synsranda, og ei kosmisk livskraft strøymande gjennom seg, tilfører First Aid Kit det tradisjonsbundne sin eigen friskleitte signatur.

6. Tønes – Sån Av Salve
Underfundig sosialrealisme, ispedd meir alvorsprega tankar kring det å være menneske, i hop med andre menneske. På kjent og snodig vis fyller Tønes plata med skildringar av folk som helde på med sitt. Små ting, dagligdagse ting, ting dei kanskje ikkje er spesielt stolte over å halde på med. Han gjer det minst like bra som han nokon gong har gjort det, og då gjer han det bra skal du veta.

7. Jack White – Blunderbuss
Feitt og overflødige tonar er kasta i komposten. Tilbake står eit reinskore, melodisk attraktivt, og dynamisk lite meisterverk, som er skittent og reint i funksjonell foreining. Det høyrest veldig ut som det beste Jack White nokon gong har hatt fingrane borti.

8. Tame Impala – Lonerism
Med ein sumpete romklang forserer Tame Impala ei sonisk løype som svingar seg frå Soft Bulletin til Strawberry Fields Forever. Som tittelen insinuerar er det eit einmannsverk. Kevin Parker sitt melodisk vinnande og psykedelisk utfordrande einmannsverk.

9. Sharon Van Etten – Tramp
Ei krystallklar og sanselig men samstundes nøktern røyst. Den pure, svevande men samstundes jordbundne tonen. Det er Sharon Van Etten det. Tramp handlar om folk som elskar. Frå første stund, frå Warsaw sine gitargråtande og skimrande breidder til Joke Or a Lie sitt spartanske og varleg dronegnagande adjø handlar det om å elske. Det handlar om at det er alt anna enn problemfritt.

10. Patti Smith – Banga
Det er ingen fakter hos Patti Smith. Ho prøver ikkje vere, noko, eller nokon. Ho er, stemma, poeten og rytmen. Framleis, i ein alder av 65 år, er ho det. Aldri halvhjerta, aldri noko mindre enn vital, tidvis formidabel.

11. Allo Darlin» – Europe
Først og fremst er dette uhøyrt forførande og vilt fengande popmusikk. Men eg høyrer noko meir også. Eit vemod, som finn ein klangbotn under den poppige overflata, og rissar eit bilde med fleire dimensjonar i seg. «Under Capricornia skies». Formulert av Elizabeth Morris frå Queensland, Australia, ein av dei verkelig gode låtskrivarane.

12. Woods – Bend Beyond
Woods fokuserer låtane, køyrer på med litt meir elektrisitet, og minst like mykje psykedelia. Slik vi kjenner den frå det myteomspunne sekstitalet. Og pop. Frå det same tiåret. Støtta opp mot den vindskeive og heimelaga estetikken til våre dagars uavhengige.

13. The Men – Open Your Heart
The Men er ikkje her for å imponere, dei er her for rock’n roll. Så utan tankar om virtuositet, innovasjon eller intrikate påfunn grip dei fatt i rocken sin inste kjerne, den urovekkande feberen, og tenner på. Gud skal vite at det brenn.

14. Andrew Bird – Break It Yourself
«Time’s a crooked bow, come on, tell us something we don’t know» oppfordrar Andrew Bird. Denne syngande fiolinisten og kontrastmakaren som sannsynlegvis ikkje har granska fasiten på korleis ein poplåt skal skruast ihop, og nettopp derfor lagar betre poplåtar enn dei fleste.

15. John Fullbright – From the Ground Up
Ein ung mann frå Oklahoma, med ei røyst som merkast, og songar som virkar. Countrysongar og andre songar, mang slags songar. Rock av brunstig avstamming, orgel og groove, soul og gospel, fengande gitarrock, og pianoballadar djupt nede i kneståande.

16. Damien Jurado – Maraqopa
Det byrja på Saint Bartlett, hans førre plate. Trubaduren tok eit steg inn i eit romsligare og meir rørsleprega landskap. Han er der framleis. Ikkje milevis unna den folktonen han har gjort oss kjent med opp gjennom åra, men unna. Han kan være elektrisk rockande, smått funky og psykedelisk popduvande. Men alltid Jurado, varmt søkande.

17. Darren Hayman and the Long Parliament – The Violence
Det er 1645, borgarkrigen rår i England, og kvinner blir skulda for å være hekser. Hayman fører den humane og melodiske folkpopen sin inn i sentrum av dette, finn nokre enkeltskjebnar, og gjer det grufulle synlig, gjennom ei ubroten rekke av velbygde songar.

18. Alabama Shakes – Boys & Girls
Med ungdommelig pågangsmot tar bandet soulmusikken med på ein groovy southern rock’n roll tur den berre har godt av. Og i leiarrolla, Brittany Howard. Eigar av ei stemme som tar inderlig eigedom i kvar einaste tone den har omgang med. Ei ekte kraft.

19. Old Crow Medicine Show – Carry Me Back
Dei er dei same helsebringande leverandørane av tradisjonsrike og uforfalska tonar som dei alltid har vore. Med minimal straumtilførsel men dugelig energi grip dei tak i merksemda og syng om fråflytting, heimebrenning, fylleslagsmål, og anna rural moro og smerte.

20. Bill Fay – Life Is People
Sist gong han var her, blei han ignorert. Det er 41 år sidan sist. I lag med fans og gode hjelparar kom han tilbake i år. Og vart ikkje ignorert. Life Is People er som tittelen insinuerar varm og humanistisk. Nokre tiår med livserfaring og djupfølt vørdnad unna den iherdige og tidvis krakilske kampen som utspant seg då han var her som ung.

21. Marissa Nadler – The Sister
Søstera er den sjølvtitulerte plata hennar frå 2011. Stemma hennar er like glasklar, sterk og skjør. Det er ikkje så mykje anna enn hennar eigne gitarplukkande tonar som akkompagnerar songane. Det er nakent og reint, og det dirrar. Og det er vakkert, som Christine og Constantine.

22. Lower Dens – Nootropics
Etter nokre år som soloartist, freakfolkartist, gjekk Jana Hunter inn i rolla som bandmedlem i kvartetten Lower Dens. Og musikken vart annleis. Spesielt på denne andreplata. Den held til i eit drøymande landskap, farga i blått, der kjølig elektroniske tonar har ei framskoten rolle. Med eit groove som tidvis går i krautrock-lei. Og inni der syng Jana, gåtefullt.

23. Hurray For The Riff Raff – Look Out Mama
Eit ungt band som på merkbart vis tar for seg av den amerikanske musikkarven. Frå folklore og country via southern blues til surf-rock. Og plussar på med ein ode til John og Yoko. I den sentrale vokalrolla ei kvinne med røter frå Puerto Rico, Alynda lee Segarra.

24. Shovels & Rope – O» Be Joyful
Eit tospann. Kvinne og mann. Cary Ann Hearst og Michael Trent. White Stripes har vore der. Då var det blues. Desse to tar fatt i tonar av countryslekt. Eit energisk grep tar dei om sakene, og går rett til kjerna. Slikt blir det lite utanomsnakk og visvas av.

25. The Walkmen – Heaven
Det handlar om å ha det bra. Det er det det gjer, på Heaven. Om å finne ein ro, og å ha det, ikkje perfekt, men bra. Om å vere i komfortsona. Langt unna den raude sona dei var i då The Rat vart til. Om dei har tapt noko på vegen hit? Energi? Ungdom? Vel, sånn er vegen. Men seg sjølv har dei ikkje tapt. Dei er framleis eit band å like, eit likandes band.

Musikalsk årsoppgjer for 2010

Standard

Endå eit bra musikkår er til ende. Ei liste på ti, og ti til som burde fått plass er gjort klar:

20. Laura Marling – I Speak Because I Can
19. Kanye West – My Beautiful Dark Twisted Fantasy
18. Arcade Fire – The Suburbs
17. Beach House – Teen Dream
16. Wooden Wand – Death Seat
15. Thomas Dybdahl – Waiting For That One Clear Moment
14. Paul Weller – Wake Up The Nation
13. LCD Soundsystem – This Is Happening
12. Pearly Gate Music – Pearly Gate Music
11. The Sadies – Darker Circles

10. Kristin Hersh – Crooked
Crooked gjer til kjenne ei Kristin Hersh betre enn ho har vore på fleire år. Betre, meir variert, og med låtar av det angrepslystne slaget. Låtar med ein brann i brystet, og eit rastlaust ganglag. Låtar som høyrer med til dei mest energiske ho har presentert i soloformat nokon gong.

9. Mary Gauthier – The Foundling
Eit konseptalbum. Eit barn blir adoptert bort like etter fødselen, og opplever ein oppvekst med sterkt mangelfull omsorg. Rømmer. Inn i eit liv med rus og kriminalitet. «Wanders the darkness and travel alone». Ringer opp si biologiske mor, seier takk og adjø. Hovedpersonen er Mary Gauthier sjølv. Eit sterkt portrett. I country og folk.

8. Justin Townes Earle – Harlem River Blues
Den kjem, innover meg. Frå fleire hald. Den er forankra i tiår av amerikansk musikktradisjon. Den har røter som strekk seg langt tilbake, men ikkje berre i ein retning. For, det er så mang slags songar på Harlem River Blues. Gode songar. På den sterkaste Earleplata sidan Guitar Town.

7. Sharon Van Etten – Epic
Ein singer/songwriter som har sjølvkjensla intakt, som stig fram i eit lys ho vil vere i, ikkje ei som sitt bortkomen i scenelysets utkant og mumlar unnselig. Ikkje det at det ho byr på ikkje er kjenslevart, og kjem oppriktig og beine vegen frå hennar eige hjerte. I ganske så melankolske ordelag og tonefall. For det er det, også.

6. Phosphorescent – Here’s To Taking It Easy
Kosmisk americana. Matthew Houck rullar opp vindauget og tar inn den amerikanske grunntonen. Frå hillbillyland til On the Beach. Sfærisk og jordnært. The Mermaid Parade og ein mektig flott tur til Los Angeles. «Are you getting a lot of attention now».

5. The Walkmen – Lisbon
Lisbon er eit album der det melodiske og raffinerte har gode kår. Lisbon er eit mindre komplekst album enn You & Me. Eit album reinska for overflødig lyd. Der gitaren, vokalen og trommene på kvart sitt vis trer klart fram, i eit reint bilde, og blir tydelige. Men einsretta og gnitent på kontrastar er albumet ikkje. Her er lys og skygge, her er tilfredsheit og misnøye, her er kvile og kløe, her er vellyd og motlyd. Lisbon er tynnkledd og reinskoren, men like fullt kraftfull og frodig.

4. Jamey Johnson – The Guitar Song
Vår mann i Nashville er tilbake med endå lenger skjegg, og ei endå lenger plate. Røff, uredd, sentimental, og suveren. Ein songsyklus der tilstandar vert granska frå litt ulike vinklar, der kjensler vert kjent på, augeblikk fanga, og songen feira. Det er mørkare enn det er lyst. Svartare enn det er kvitt.
Moral og umoral, tru og utru, Gud og Jack Daniels. Slik er countrymusikkens vesen. Frå Hank Williams til Johnny Cash til Jamey Johnson. Han skil seg ikkje ut på nokon måte sånn. Familien syng han om også. Men han gjer det med si stemme. På sitt vis.

3. Timber Timbre    – Timber Timbre
Det er ei fredlaus røyst. Ei einsam og tyngd røyst. Det er noko i den som kan minne om Roy Orbison, men og noko som kan minne om Nick Cave. Den tilhøyrer Taylor Kirk. Eine og aleine Taylor Kirk. Ein kar som for tida held til i Toronto. Dit han kom for nokre år sidan, etter ein oppvekst i dei meir grisgrendte strøk av Ontario, Canada. Songane hans har henta meir frå det rurale enn det urbane.
Dei er sterke desse songane hans. Dei har ei langsam suggererande kraft. Ei mørk kraft. Dei har si stamtavle tilbake til folktonar som har gjort seg gjeldande i generasjonar, og skular samstundes bort på gamle bluestonar i nabolaget. Men songane er Taylor Kirk sine. Det tvilar eg aldri på. Han presenterer dei på sin måte. Han gjer dei sin eigen heimsøkte og golde signatur. I eit bilde som er stort men også klaustrofobisk, truande men vakkert, som rommar stilla, og vekker uro.

2. The National – High Violet
Med High Violet har The National på ingen måte gjort noko som minner om eit radikalt hamskifte. Dei er til å kjenne att. Albumet er like fullt ikkje nokon Boxer del 2. Absolutt ikkje. Eller ein Alligator-tur med blåpapiret på innerlomma, for den saks skyld. Dei går litt lengre denne gongen. Gjer meir utav seg. Stirer inn i eit større landskap, og skaper ein kraftigare lyd, krassare lyd, meir fasettert lyd. Dei fem i bandet, og folk dei har fått hjelp frå. Godt over tjue i talet.
Blikket og fokuset til Matt Berninger, songaren, har alltid hatt denne tendensen å styre mot skuggane der mismotet gror, mot krokane der villreia veks. Slik vart det denne gongen også. Slik, men kanskje litt annleis likevel. Songane på High Violet skaper ikkje like sterkt dette synet av ein songar som sit og speglar sitt eige sinn i eit halvtomt vinglass. Det er komme inn eit perspektiv her som i større grad omfattar meir enn berre han sjølv. For når han spaserer der med sine skinande tennissko, med terrorfrykta i bakhovudet, og motløysa i brystet, og hevdar å vere ”afraid of everyone”, er det ikkje sitt eige ve og vel han har fremst i tankane. Den eitt år gamle jenta han ber på skuldrene sine har gjeve han ein litt annan vinkel.

1. Nina Nastasia – Outlaster
Eg har aldri høyrt Nina Nastasia smile. Ikkje på Dogs, ikkje på Run To Ruin (spesielt ikkje på Run To Ruin), eller på nokon av dei andre platene ho har gjeve ut desse ti åra ho har drive på med slikt. Eg kan ikkje høyre henne smile på Outlaster heller. Det er sånn det skal vere.
Eg har aldri høyrt Nina Nastasia gje ut ei uinteressant plate. Ho har meisla meisterverka Dogs og Run To Ruin, og spedd på med tre framifrå plater til. Outlaster gjer på ingen måte skam på denne rekka. Det er sånn det skal vere.
Nina Nastasia er ei dame som held til på utsida av det heilt vanlige. Det kan saktens gjerast forsøk på å plassere henne i folk/vise/country/singer/songwriter-båsen, men ein vil nok oppleve at ho røskar og slit, og ikkje utviser verken tilstrekkelig folkskikk eller konvensjonell nok åtferd til å kunne haldast fast der. Det er sånn det skal vere.
Det er sånn Nina Nastasia har gjort seg til ein av det siste tiårets mest interessante musikarar. Med songar som krev litt tålmod. Litt tid. Dei har noko marginalt og vagt over seg. Sånn med det same. Men dei veks seg til gripande songar. Songar kledd og arrangert i former som både harmonerer, varmar, nyanserer, glefser og utfordrar. Og med tekstar som seier det dei har å seie, og lar det bli med det.

 

 

The Walkmen – Heaven

Standard

Så er det blitt familiefedrar av The Walkmen også. Då lyt det roast litt ned.

7

cover

Det handlar om å ha det bra. Det er det det gjer, på den nye plata til The Walkmen. Om å finne ein ro, og å ha det, ikkje perfekt, men bra. Om å vere i komfortsona. Langt unna den raude sona. Ti år etter at det noko nedtrykt frå same leir blei hevda at Everyone Who Pretended To Like Me Is Gone. Åtte år etter at Hamilton Leithauser med si karakteristisk dirrande røyst snerra «you’ve got a nerve to be calling my number». Fire år etter at same mann konkluderte ein av dei finaste songane med «I’m almost home, I’ll see you in the new year». To år etter at dei var i Lisboa, og song om Angela Surf City. Er dei i år i Heaven.

Der går dei litt stillare gjennom songane sine. Der tar veldig sjeldan Leithauser og hentar ut den fulle krafta av røysta si. Der dunkar Matt Barrick trommeskinna i stødige former. Der ringer og gnistrar den elektriske gitaren til Paul Maroon, som før kunne vere både kantete, kald og kynisk, i eit ganske så beherska og varmt lune, og nokre gonger er den byta ut med ein akustisk.

I pressebilda som blir presentert i samband med utgjevinga kan vi sjå dei fem i bandet avbilda med kvinner og barn. Dei er fedrar, dei har familie, dei lever eit rimelig godt liv, og songane speglar det. («We can’t be beat». «This love is luck». «I’m not your heartbreaker». «Ooh you’re my best friend». «These are the good years».) Utan svulst og pretensjonar, i grunn.

I eit sedvanlig romslig og vitalt lydbilde syng Leithauser sin Song For Leigh. Til ei dotter. Ein fengande liten sak i krysningspunktet mellom ein popsong og The National. We Can’t Be Beat opererer på si side i eit krysningspunkt mellom visesong og doo-wop. Og songaren syng nokre sympatiske og forstandige linjer, om livet.

I don’t need perfection, I love the whole
Oh give me a life, that needs correction
Nobody loves, loves perfection


Heartbreaker, som altså handlar om å ikkje vere ein som knuser hjerter, er ein fengande, ekspanderande godrocklåt. Frisk, optimistisk, og med eit lite mellomparti der Maroon får effektuert ein gunstig dose ekstravagante gitarutslepp. Noko annleis låte gitaren hans i Line By Line, der ringar den inn eit mønster som så blir gjentatt og gjentatt, og er flott, og Leithauser syng om at det er dei yngste som vil overleve, og han er urolig. Alt er ikkje heilt trygt. Det finst grunnar til å tvile, det finst saker å angre på. Også i Heaven.

Songaren minnest ei med eit Southern Heart. Blir varleg akkompagnert av ein akustisk gitar. Og spør kvinna om ho kan fortelje korleis ho kunne elske alle desse menna ho var etter. Han finn fram til krafta i røysta si i det drivande rockenummeret The Love You Love, og konstaterer «baby, it’s the love you love, not me». For så i No One Ever Sleeps i harmonisk tospann med Robin Pecknold (Fleet Foxes) samle seg om nokre mellomkrigstonar og ei lita rekke med urolige tankar.

Heaven representerer på ingen måte eit anna The Walkmen. Dei har vore på veg hit desse ti åra. Frå det grumsete og uregjerlige til det melodisk medgjerlige og sonisk friserte. Ein kan saktens seie at The Rat er eit stykke unna Heaven, men Lisbon er ikkje så skrekkelig langt unna. Om dei har tapt noko på vegen hit? Energi? Ungdom? Vel, sånn er vegen. Men seg sjølv har dei ikkje tapt. Dei er framleis eit band å like, synst no eg. Eit likandes band.

Først publisert på Groove.no (i 2012)

The Walkmen – Lisbon

Standard

Ei heiltent røyst, eit opent og tydelig lydbilde, og gode songar. Det held det.

8

cover

Plutselig var The Walkmen der med You & Me. Eller, plutselig og plutselig. Sanninga er vel heller den at eg tok imot plata med heller skortande forventningar. Såpass skortande at 2008 blei til 2009 før eg fant tid til den. Ei noko merkelig innstilling kanskje med tanke på at dette tross alt var bandet som med ein morderisk sylskarp gitarlyd og pasjonert vokalinnsats fire-fem år tidlegare skaka blodomløpet med låtar som The Rat og Little House Of Savages. Dei var å høyre på Bows + Arrows, deira andrealbum frå 2004. Det eg høyrde av bandet etter det, og fram til You & Me, hadde meir preg av eit band som flata litt ut, vart litt mattare i kantane, og slike ting.

Så er det altså at You & Me viser seg å vere lyden av eit band som reiser seg att. Reiser seg med ei plate i eit gjennomgåande meir moderert sonisk modus enn Bows + Arrows. Men gitaren er her, like gjennomsiktig, like glasklar, like skarpslipt, og her er blåsarar, her er ein ny kompleksitet, her er stemning, og det er midnatt. Det er ei plate med mykje uttrykt sakn, dunkle funderingar og ei sviktande tru på morgondagen. Formidla av ein songar som ikkje held att, som er midt i det, med kraft, med desperasjon, med blod som brusar. Ei plate der den eine høgtidsstunda avløyser den andre. In the New Year, Red Moon, The Blue Route, og så vidare, og så vidare.

Nå er dei klar med si neste plate. Nå er Lisbon her. Heitande så fordi kvintetten frå New York City har fått slikt eit godt forhold til den portugisiske hovudstaden. Dei har eit godt forhold til You & Me også. Lisbon har ein del av You & Me i seg. Men Lisbon er ikkje You & Me om igjen. Lisbon er lysare stemt. Desperasjonen har avtatt. Me har eit meir avklart forhold til You. Avklart og betre. Tonen er lettare.

Lisbon er eit album der det melodiske og raffinerte har gode kår. Lisbon er eit mindre komplekst album enn You & Me. Eit album reinska for overflødig lyd. Der gitaren, vokalen og trommene på kvart sitt vis trer klart fram, i eit reint bilde, og blir tydelige. Men einsretta og gnitent på kontrastar er albumet ikkje. Her er lys og skygge, her er tilfredsheit og misnøye, her er kvile og kløe, her er vellyd og motlyd. Lisbon er tynnkledd og reinskoren, men like fullt kraftfull og frodig. Ja, det går an.

Matt Barrick med stikkene, slår hardt i frå seg. Songaren Hamilton Leithauser har eit par raspande og malmfulle stemmeband. Så han høyrest, han ruvar, også fordi han er dytta endå litt lengre fram i lydbildet enn på You & Me. Gitaristen Paul Maroon har alltid hatt ei sentral rolle i koloreringa. Oftast med denne glasklare og ilskne tonen sin. Den tar slike former på Lisbon også, men slett ikkje berre.

Med Postpunk, Pixies og Dylan i ryggmargen entra dei grytidleg på 2000-talet New York-scena omlag samstundes med soniske slektningar som The Strokes og Interpol. Gjennom åra som har gått sidan den gong har ryggmargsbråket vore i endring, og slektskapet til dei nemnte banda har blitt noko vagare. Til liks med dei fleste av oss har The Walkmen vore gjennom ei utvikling. Både tematisk og sonisk står dei fram som eit modnare band i dag enn for ti år sidan. Og eldre. Dei flyktar ikkje frå realitetane altså. Og, sjølv om lyset oftare streifar songane deira denne gongen, dei flyktar ikkje frå vemodet og mismotet heller.

Oh, hazy lazy days.
I could dream of you forever.
Under the shade of a juniper tree.
I sing a sad song of you & me.

Blue As Your Blood heiter den songen. Gitaren og kompet er som henta utav eit møte mellom The Tennessee Three og Dick Dale. Songaren går og dagdrøymer i eit ikkje hundre prosent velstelt nabolag til Tin Pan Alley. Og himmelen er blå, hevdar han. Men det er vel helst utanpå. Den grasiøse doo-wop harmoneringa i siste del av Torch Song kan på si side vere eit forsøk på å skape ein kontrast til ei klart uttalt smerte. «I don’t know the tune, it’s a burden on my sorry soul» kjem det i skånsellause former frå ein noko fortvila songar. Han skulle så gjerne ha funne fram til nokre trøystande tonar synst han, men maktar det ikkje.

Den sonisk mest krakilske sida av Lisbon viser seg fram i form av Victory. Gitaren er ein uslipt diamant mot ei uvaska glasrute. Songaren går til verket med intensitet i både blikk og strupe. Og sigeren, vel den er ikkje utan bismak (eller blodsmak). På den lydkraftige sida høyrer også Angela Surf City til. Eit kroneksempel på korleis ei avventande innleiing kan bli avløyst av eit gnistrande elektriske åtak, og ende opp som rein skjær utklassing.

Og snart er det jul. Og songen heiter Stranded. Sonisk: Ein slags krysning av Silent Night og Fairytale Of New York, med høgtidsstemte trompetar og hengslelaus hymneklang. Tematisk: Kanskje ikkje heilt jul. Kanskje handlar den meir om det å ein dag oppdage seg sjølv ståande midt i ein haug av «broken glass», fordi «I laid my plans so carelessly».

Og snart kjem snøen. Og songen heiter While I Shovel The Snow. Ein vennlegsinna og spartansk lydfrisert ballade, der songaren er crooner, og Broadway ikkje så veldig langt unna.

Og eg, eg er ikkje så veldig langt unna å tenke at dette jammen meg er ein av dei flottaste platene eg har høyrt i år.

Først publisert på Groove.no (i 2010)