Jesus’ son. «I feel just like Jesus» son» syng Lou Reed i den berykta låta Heroin. Og skildrar ein slags euforisk tilstand idet stoffet renn gjennom årene. På nittitalet gav forfattaren Denis Johnson ut ei novellesamling kalla Jesus’ Son. Med historier frå dei skrå breidder, fortalt av ein Fuckhead. «I am Jesus» son, I’m young and dumb and full of cum» syng Katie Alice Greer på Priests sitt andre album The Seduction of Kansas, og går inn i rolla til ein fyr som er temmeleg høg på seg sjølv, utan å ha ein adekvat grunn til det. Kanskje eit nett-troll, kanskje ein drapsmann, kanskje ein kommande amerikansk president. Det er ikkje mykje kanskje over drivet i låta, det er fullspiker rå rock’n roll.
«I’m that bitch, your white witch» syng Daniele Daniele ein annan stad på albumet. I’m Clean heiter låta, og songaren framstille ei iskald kvinne, som distanserer seg frå kjenslene sine, som tvingar valdtektsmenn til å spegle seg, og sjå sin egen perversitet, i is-spegl, før ho drep dei. Låta har eit reint, suggererande groove, og ein tone som både er lokkande og farleg.
«I feel misunderstood like I’m some kind of enemy, when I’m the one in charge of all the things that make you happy» blir det sunge i låta Control Freak. Misforstått eller ikkje, eg har vanskar med å oppfatte hovudpersonen i låta som så mykje anna enn ein manipulerande djevel. I sonisk forfatning brakt til torgs i ei aggressiv form, eit markant insisterande groove og GL Jaguar sin gitar som både kjæler med det melodiøse og skjær støyande igjennom.
På papiret er Priests ein færre enn dei var då dei kom med sitt debutalbum, Nothing Feels Natural, for to år sidan. Bassist Taylor Mulitz har forlete bandet for å satse på eit anna prosjekt. Men dei tre som er att har ikkje laga eit album utan bassgitar. Det er så definitivt ein bassgitar, eller fleire, i spel her. Det er så definitivt eit bra groove i ryggrada til fleirtalet av songane her. Eit bra groove, og songar som i sonisk målestokk ikkje er skore over ein og same lest. Men der ein rock’n roll-energi med slektskap til punk og postpunk er høyrbart til stades i ganske så mange av dei 42 minuttane albumet varer.
Som det vel skulle gå fram av presentasjonen av tre av songane på albumet så er det mykje grums i skallen på skikkelsane som gjer seg til kjenne i i det tekstlege materialet. Utan at eg skal gå til det skrittet og hevde at det er eintydig slik. Det store og heile bildet kan vel seiast å vere både meir vekslande og tvitydig.
Albumtittelen kan vel seiast å vere av det smått pretensiøse slaget. Priests kjem frå Washington DC og har inga tilknyting til Kansas. The Seduction of Kansas er deira omskriving av tittelen på ei bok av Thomas Frank, What’s the Matter With Kansas?. Ei bok, utgitt i 2004, der forfattaren søker finne svar på kvifor folkefleirtalet i Kansas bevega seg frå demokratisk til republikansk side. Og i så måte, slik forfattaren oppfatta det, røysta mot sitt eige beste. Det er spor av både politiske undertonar, og eit og anna rimeleg tydeleg formidla standpunkt, i det Priests har føre seg, men først og fremst er dei eit (både sonisk og tekstleg sett) giftig rockeband.