Category Archives: 2005

Musikalsk årsoppgjer for 2005

Standard

2005 vil vel neppe gå inn i historia som eit legendarisk år på musikkfronten. Det har likevel komme langt meir plater enn kva eg har klart å fordøye. Skal ikkje sjå bort frå at det finst skattar eg ennå ikkje har oppdaga. På reutgjevings- og koke-suppe-på-ein-spiker fronten var nok utan tvil Bob Dylan sin No Direction Home det mest inspirerande tiltaket. Hadde nok kanskje håpa på eit endå meir utvida jubileumsopplag av Patti Smith sin Horses, men den var ikkje så ueffen den heller.

Eit aldri så lite høgdepunkt var også oppdaginga av den gamle hasjfolkloristen Gary Higgins. Hans pot-tette og fine Red Hash frå 1973, dokumenterer (saman med Vashti Bunyan sin like fine Just Like a Diamond) at psych-folk slett ikkje er ei nyoppfinning.

Årets dårligaste plater har eg heilt sikkert ikkje høyrt (og kjem ikkje til å gjere det heller, ein har trass alt anna å bruke tida på), men eit par skuffelsar kan ein jo ta med. Den fantastiske søskentrioen Fiery Furnaces starta året med ein fin liten samling av singlar og rarities, men kom i haust med den overpretensiøse, melodilause og trøyttande Rehearsing My Choir. At det nye Big Star albumet skulle bli særlig minneverdig hadde eg nok ikkje den store trua på (og fekk heilt rett), skuffelsen var vel mest den at også Alex Chilton måtte prøve seg på dette gjenforeinings-idiotiet.

For ein som bur eit stykke utanfor konsertløypa vert det dessverre altfor lite levande musikk. Den beste konserten i året som gjekk trur eg var Micah P. Hinson på Kamelon i Bergen. Ellers bydde jo Ekstremsportveka her i bygda på ein del bra. Med Mastodon og deLillos som høgdepunkt, og eit ukjent band frå Odda, Major Parkinson, som sterk utfordrar (kanskje eit namn å sjå opp for).

Pariakasten konsertalbum har som regel berre limitert interesse, men det kom tre stykke i år som er verdt å nemne. Magnolia Electric Co. sin sørstatsharvande og Young-infiserte mikstur av gamle og nye låtar i Trials & Errors, Bonnie Prince Billy si skeive og elektriske tolking av eigne klassikarar (Summer In the Southeast), og ikkje minst Wilco sitt livskraftige og utviklande dykk ned i eigen katalog (Kicking Television).

Frå heimlege trakter er det verdt å trekke fram Sgt. Petter sin oppegåande og lett psykedeliserte countrypop på Monkey Tonk Matters, Jake Ziah sitt skakke og djupfølte These Days Do You No Justice, samt eit band eg kjem tilbake til når lista under openbarer seg.

Sjølv om 2005 kanskje ikkje har produsert dei himmelstormande klassikarane har det under redigeringa av den endelige «10 beste»-lista vore fleire album det slett ikkje var lett å utelate. Namn som Castanets, Bunky, Franz Ferdinand, Wolf Parade, Josh Rouse, Magic Numbers, Fruit Bats, Dan Sartain, Ryan Adams, Akron/Family, Go-Betweens, Jackie-O Motherfucker, Great Lake Swimmers, Archer Prewitt, Richmond Fontaine, The Clientele, Ry Cooder, Vashti Bunyan, Cloud Cult, Laura Veirs, Iron & Wine/Calexico, A Silver Mt. Zion og CocoRosie stod alle på kladdeblokka. Og aller nærast til å kome med av dei som tilslutt hamna på utsida av lista var desse fem albuma:

Sufjan Stevens – Illinois
The New Pornographers – Twin Cinema
Pinetop Seven – The Night’s Bloom
Low – The Great Destroyer
British Sea Power – Open Season.

10.Bonnie Prince Billy & Matt Sweeney – Superwolf

På sida av alle trendar, langt unna kommersialismen sitt griske grep, luskar det rundt ein ulv i ufrivillige fåreklede. Mystisk, lumsk, svolten, hårete og bister, men av og til også lykkeleg. Ofte søker han offeret sitt åleine, andre gonger har han med seg ein liten flokk. Kanskje i eit håp om å endelig bli tatt for den ulven han verkeleg er kallar han denne gongen framstøyte sitt for Superwolf. Eller kanskje helst fordi han gjer det i tett samarbeid med ein annan ulv, gitaristen Matt Sweeney. Superwolf dukkar ned i det grumsete og blodige, men løftar også hovudet, smiler og er tilfreds. Den er både raffinert og uhøvla. Og består av både mangslungne låtar og meir einsarta saker. I Oldham-katalogen har den kanskje sin næraste slektning i Palace Music utgjevinga Viva Last Blues.

9.Philip Kane – Time: Gentlemen

I det sør-austre hjørnet av London bur ein mann med ei fabelaktig songstemme. Her lever han i anonyme former, avsondra frå det moderne og pulserande bylivet. Han verkar å ha både asosiale og sjølvdestruktive anlegg, men også frisinna og omfamnande perspektiv. Han er eit mysterium og ein altfor godt gøymt løyndom. Med soul-kraft og crooner-glød, poetiske brodd og inspirerte tonar serverer han både mørke og merkelige historier om folk på kant med tilværet, det vedtekne, sanningane, løgnene og seg sjølv. Reint melodisk turnerer låtane hans kring velkjente formlar, men det er sterke formlar. Han skaper tonar som med den «rette» straumlinjeforma produksjonen, og dei «korrekte» harmlause formuleringane sikkert kunne sjarmert seg inn i hjerta til veldig mange. Men det er sjølvsagt ikkje vegen å gå for ein sjølvdestruktiv faen som mykje heller vil skildre dei forhutla, forkasta, forelska, fortvila og forbanna enn å tekkast dei vellykka, velorienterte, veltalande, velmeinande og velskodde.

8.Serena Maneesh – Serena Maneesh

Serena Maneesh lever ikkje i eit tomrom eller gjer forsøk på å komme opp med revolusjonerande saker. Dei har spora opp mykje substansielt stoff (My Bloody Valentine, Spaceman 3, Krautrock, Velvet Underground), og latt seg inspirere, for så å skape eit dynamisk uttrykk. Sitt eige. Eit uttrykk tufta på kontrastar og polarisering. Det hemningslause versus det kontrollerte, det stygge versus det yndefulle, og himmel versus helvete. Frå kvar si side av musikken sitt sentrum lar dei det atonale ramme det melodiøse, og det pompøse elske med det usminka. Det er raffinert råskap med syn for kvite og vevre stråler. Men aller mest så gnistrar og glødar dette som eit lynnedslag i ei røys av usikra elektrisitet.

7.Richard Hawley – Coles Corner

Eit praktfullt album, støypt i ei vever og vakker melankolsk form. Der dei viktigaste ingrediensane er plukka frå tonar som spreidde seg utover verda på 40-, 50- og 60-talet. Den gongen Frank Sinatra flaut nedover Moon River, Eddie Cochran hevda å vere Three Steps From Heaven, Johnny Cash medgav at han Still Miss Someone og Roy Orbison song for Only The Lonely. Richard Hawley syng med ei baryton-stemme som smyg seg fram med utvungen og vemodsfull croonerkraft. Han er stemma til den einsame nattevandrar som lutrygga og håpefull nærmar seg lysa, men som ikkje får oppleve den salige lykka nede på Coles Corner. Han er stemma til han som ventar, han som flyktar, han som søv aleine og han som håpar. Han er den flottaste stemma frå Sheffield.

6.The White Stripes – Get Behind Me Satan

Skulle denne Satan vere ein representant for den musikalske fortida til The White Stripes, ja så har dei med sitt femte album klart kva tittelen krev. Garasjeblues-avtalen dei gjorde i eit vegkryss ein gong på nittitalet vert her kasta på bålet, men opp av oska stig nye og langt meir ulikt forma tonar. Den dynamiske White-duoen konfronterer fram melodilinjer av både demonisk og velsignande karakter, og ein nygift Jack syng om kjærleikshunger, tapt kjærleik, fridomstrang, vemodskjensle, løgner og forknytte tankar. Og sjølv om Jack i langt større grad enn tidlegare prioriterer pianoet framfor gitaren er Get Behind Me Satan ein potent og vaken affære frå første kåte gitarriff til siste vemodsfulle pianotåre.

5.Bright Eyes – I’m Wide Awake, It’s Morning

To simultant utgitte album var den produktive Oberst Conor sitt bidrag på albumfronten dette året. Det eine var ei berre tidvis vellykka forskarferd inn i den digitale lydverda, den andre, ei jordluktande og uforfalska ode om einsemd, angst, desillusjonisme, krig, måneskin, minner og oppvakning, viste seg fort å vere Conor si kanskje aller sterkaste låtsamling så langt i karrieren. I eit folk- og country-tona lende leverer han ti låtar med solid melodisk gripeevne og tekstlig mot. Den unge mannen har ikkje lagt pretensjonane på hylla, men med å tone dei litt ned får han fram eit sterkare ettertenksamt element, noko som definitivt kler han. Den vakre og lengtande røysta til Emmylou Harris dukkar også opp på tre spor, og finn seg særlig godt tilrette i den vekselvis skjøre og dramatiske Landlocked Blues. Men røysta til Conor står i sentrum, og handsamar dette med ektefølt og skjelvande autoritet frå den innleiande styrtande heisaturen At the Bottom of Everything fram til han i den noko ironisk titulerte Road to Joy avsluttar med å be bandet om å lage litt bråk.

4.Antony and the Johnsons – I Am a Bird Now

Med ei lys, vibrerande og englevakker stemme som i det eine augeblikket omfamnar lidenskapen og i det neste melankolien tar den androgyne New Yorkaren Antony oss med inn striden. Striden om å finne håpet sin venger, og bli ein fugl som er «free at last». Frå fanskaren har ei lita handfull med namngjetne medhjelparar også blitt med i striden. Nå kunne heilt sikkert Antony hanka dette opplegget i land med overtydande kraft kun med hjelp av eiga stemme, men når dei no først er her spelar dei definitivt ei rolle. Med smått sliten stemme er Boy George ein effektfull kontrast til Antony si glasklare i fantastiske You Are My Sister. Devendra Banhart og Rufus Wainwright er også med på kvar si låt, og Lou Reed gjer ei kort innleiande melding i Fistful of Love før han seinare sleng innom med slepne gitarlicks i det låta jumper over i ein brassdriven og bombastisk siste del. Antony balanserar ofte på den tynne lina over pompøsiteten sin endelause avgrunn, men misser aldri fotfeste. I alle fall ikkje før vengene er på og han rettar blikket mot himmelen.

3.Devendra Banhart – Cripple Crow

Den unge frifolkaren har pensa inn på eit litt meir tilgjengelig spor, og tek oss med på ein fryktlaus, naivistisk, idérik, blendande og melodisk erobrande tur. I front saman med Banhart si karakteristiske røyst høyrer vi den akustiske gitaren, men denne gongen har den i langt større grad enn tidlegare eit band i ryggen. Saman kan dei trille fram tonar som kan skape både leirbålstemning, blomeduft og skyfri himmel midt i november, men som også kan bringe fram det ettertenksame og melankolske ein lys julikveld. Det handlar om kjærleiken, lidenskapen og naturen, det handlar om krigen, døden og bluesen, og det handlar om barndom, ungdom og begeistring. Det startar med fridomslengsel og endar i eit velsmakande kyss. Det er meir enn vi ba om, men vi fordøyer det med ei salig og tilfreds mine.

2.Clap Your Hands Say Yeah – Clap Your Hands Say Yeah

Ja så hadde visst Pitchfork rett likevel då. New York-kvintetten med det spektakulære namnet har verkelig noko å by på. Med ei høgenergisk men samstundes smått skjødeslaus innstilling serverer dei nemlig ei aldri så lita feststund her i sitt aller første forsøk. Låtskrivar og songar Alec Ounsworth manglar kanskje litt av det poetiske sinnelaget til David Byrne og Howard Devoto, men har mykje av det same frenetiske og eggande pågangsmotet desse skapte saman med sine respektive band for vel 25 år sidan. Når han så i tillegg har styltra saman ein bugnande porsjon med vinnande melodilinjer, og har med seg ein gjeng som både forsterkar og utfordrar desse, ja då blir dette rett så uimotståelig. Stemma til Ounsworth seier Talking Heads, men går ein forbi den kan ein vel så gjerne finne sprelske Modest Mouse-liknande fakter og snoande Radioheadske tilsnitt, alt bore fram av ein flamme like glødande som den fjorårets beste debutantar Arcade Fire kom ridande på. Høyr berre på den hektisk rytmiserte, fresande synthdraperte, skimrande gitarkledde og himmelsk vakkert melodiserte The Skin of My Yellow Country Teeth. Årets låt. Årets debut. Årets neste beste frå New York.

1.The National – Alligator

Er no dette eigentlig noko å gå av skaftet for då? For når alt kjem til alt er vel ikkje The National noko særlig anna enn eit ganske alminnelig rockeband. Eit rockeband som kryssar folkrock med asfaltdunstande New York angst, popfinesse med postpunk, blåe strofer med raudglødande tonar, og lakonisk bar-crooning med ryggen mot veggen resignasjon. Sant nok er det ikkje alle rockeband som gjer nett det, men spektakulært og innovativt er det vel ikkje. Det er berre det at innafor desse veggene er dei eit frigjort og glødande ensemble med nokre av dei beste låtane som har gjort seg til kjenne så langt i dette årtusenet på programmet. Heilt sidan debuten i 2001 har dei vist gode takter, men med sitt tredje album tek kvintetten steget ut i eit litt meir risikabelt farvatn, og med utsyn mot eit romslegare musikalsk landskap malar dei sitt meisterverk. På hardkorna, ironisk, angerfullt og vemodsfullt vis skildrar National-skalden Matt Berninger det ustabile kjønns- og sjelelivet. Av og til i ein særdeles direkte tone, andre gonger noko meir underfundig, men nesten alltid i briljant språkdrakt av sitatfreistande kaliber. Som i denne essensielle linja frå eit duknakka men trillande vakkert opningsspor; «I had a secret meeting in the basement of my brain.» Utvilsamt.

SÅNN I ETTERTID:
Det er dette med å ha den heile og fulle oversikta når ein lagar lista. Det bør ein.
Men dette året glapp eg rimelig alvorlig. For sjølvsagt skulle Okkervil River sin Black Sheep Boy vore høgt oppe på denne lista.
Andre: når eg får tenkt meg om — eller fordi dei rett og slett ikkje var lytta til på det tidspunktet — :
M Ward – Transistor Radio
LCD Soundsystem – LCD Soundsystem
Andrew Bird – The Mysterious Production Of Eggs
Black Mountain – Black Mountain
Magnolia Electric Co – Trials & Errors
Magnolia Electric Co – What Comes After The Blues
Thåström – Skebokvarnsv. 209

Youth Group – Skeleton Jar

Standard

Ein ung, viljesterk og habil poprock-kvartett frå Australia.

cover  Skal vi tru Youth Group sin offisielle heimeside-biografi, så er bandet å finne i fremste rekkje i ein spennande ny æra for australsk alternativ musikk. Hmm og hmm, seier eg då. Eg har nok fått med meg at det ikkje akkurat har vore 80-tals farsott «down under» dei siste ti åra, men eg nektar å gå med på at det har vore så skrapa at eit for så vidt bra, men verken spesielt spennande eller alternativt band som Youth Group skal fortene ein såpass gullkanta merkelapp.

Det er, som bandnamnet tyder på, unge folk som fyller dei ulike rollene. Skeleton Jar er deira andre album, og er lyden av ein gjeng som har latt seg påverke frå ulike hald, utan at dei heilt har funne sin eigen signatur, ikkje enno i alle fall. Ein kan høyre litt ekko frå Death Cab For Cutie sin poprock-mikstur, og sanse litt Siamese Dream-æra Smashing Pumpkins. Rettar vi så blikket mot dei britiske øyer finn vi også visse ekvivalensar mot band som James og Echo & the Bunnymen. Dei set saman melodilinjer av habil karakter, ja, av og til av det beint fram velkolorerte slaget, til og med. I sitt forsøk på å bygge låtane inn i spenningsfylte felt nyttar dei det smarte gamle kontrast-trikset. Dei startar oftast låtane forsiktig for så etterkvart å sende dei inn i meir eksplosive parti. Derifrå kan dei så enten berre auke trykket eller roe ned att og køyre ein vekselverknad.

Med ei uforderva og glasklar røyst syng frontfigur Toby Martin om å føle seg framandgjort, miserabel, svikta, forbanna, usikker og lykkeleg nok. Tekstlig kjem han brukbart ifrå det, han har klora ned fleire linjer som vil tåle å stå i sitatlyset, sjølv om den samla framstillinga kanskje kan bli litt i overkant deprimerande. «I was a tourist with no story, lost in this purgatory,» syng han med overtydande kraft i den spretne og melodisk vellykka Shadowland.

Eit litt mindre melodisk gangbart tittelkutt startar med den nådelause og uløyselige problemstillinga «I feel like hell, you feel like dancing». Jadå, her er det kollisjonskurs og sjølvforakt så det held, det er nesten så ein mistenker fyren for å ha høyrt på ei Nirvana-plate og to også. The Frankston Line går like resolutt ut; «the day is grey, I don’t love you anymore», men tør litt opp etterkvart i eit fint nok refreng; «I won’t leave you, the sea’s so beautiful». Sterkast er Baby Body, ei låt boren fram på friske tonar og som når sitt klimaks i det Toby Martin går opp i The Shins liknande falsett i refrenget; «you wanted everything to change but you could only change your name». I overkant av heiderlig omtale kan også bli tildelt den lange skimrande balladen See-Saw, og den vekselvis aggressive og melankolske Why Don’t the Buildings Cry?

Dei vil mykje, dei får til ein del, men ikkje meir enn at dei berre blir eit dugande band blant mange andre dugande band.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

Neil Young – Prairie Wind

Standard

Ikkje nypløgd og revolusjonerande grunn, men ei nennsam og fin stund.

cover  I refrenget på The Painter hevdar Neil Young at «if you follow every dream, you might get lost». Ein påstand som nok også vil vere ein del av sagaen omkring alle dei musikalske vegane Young sjølv har fylgt dei siste 40 åra. Vi skal likevel vere veldig tilfreds med at han har gått der draumane, impulsane og hans eigenrådige sinn har ført han. For det har som vi veit resultert i meisterverk som Everybody Knows This Is Nowhere, On the Beach og Tonight’s the Night. Og då kan i alle fall eg godt tåle at han innimellom også har forsynt oss med skrantne saker som Trans, Everybody’s Rockin» og Are You Passionate? Mange vil visst ha det til at hans førre utgjeving, den konseptuelle Greendale, også høyrer til i sistnemnte kategori. Det stemmer nok ikkje heilt, for den grev seg nemlig med elektriske klør inn i øvre del av det store midtsjiktet. Eit sjikt som hans nyaste Prairie Wind også smyg seg svalt inn i.

Neil Young har hatt nærkontakt med døden dette året. I mars fekk han konstatert ein hjernebløding, og nokre månader seinare døydde faren hans. Desse hendingane, samt det faktum at han snart rundar 60 år, har sett sitt tydelige preg på Prairie Wind sitt tekstlige innhald. Utan å vere i nærleiken av sine skarpaste poetiske augeblikk, serverer han habile tekstar av erkjennande og tilbakeskodande karakter. Her er det vage barndomsminne, gulna familiebilete og nostalgiske funderingar. Det er kvardagsskildringar av levd liv i rurale omgjevnader, der «the farmer’s wife hangin» laundry in her backyard» og «an old man walks along the sidewalk with sunglasses and an old stetson hat». Medan vinden i frå prærien kjem i lange og harde, men av og til også i milde, drag. Hovudfokuset er ei varleg men eintydig erkjenning av at tida går, frå ein mann som har nådd hausten i livet.

Han er ikkje innom marker han ikkje har pløgd før. Lyden er i hovudsak av det akustiske slaget, og tonen er den folk- og countryfarga. Innafor denne ramma både låner han og brukar om att stemningsavlande manøvrar og melodiske linjer han har skapt før, men det vert stort sett gjort med skarp nase for kva som passar seg, så ein flau smak av idetørke fører det vel eigentlig ikkje med seg.

Det mest opplagte tjuveritoktet oppi eiga skattekiste gjer han med tittelkuttet. Versa her er lagt i eit melodisk lende så nær opp til Tonight’s the Night det vel går an å komme. Men teksten har ingenting med Bruce Berry eller heroindød å gjere. Den handlar om minner. Eller rettare sagt eit forsøk på å minnast, noko faren sa før tida tok grep om hukommelsen hans. Refrenget kontrar forresten mykje av Tonight’s the Night-assosiasjonane med sin fyldige og sømelige harmonisong og sine blåseturar i Wayne Jackson frå Memphis Horns sin regi.

Før ein har komme så langt har den enkle og melankolske The Painter ført lyttaren inn på Harvest-sporet. Eit spor Young ferdast trygt langs dei neste femti minuttane, sjølv om han også tar sine avstikkarar nedi grøftekantane og utpå markene omkring. Tributten til hans gamle gitar (This Old Guitar) lurer seg innom nokre gitarfigurar frå Harvest Moon, men er først og fremst ei lun og verdig lita vise til ein trufast fylgjesvenn i trøbbel, håp og frykt. Emmylou Harris er forresten med og korar på denne. Noko ho også gjer i den meir drivande Far From Home. Ei låt driven fram av Memphis Horns i inspirert partnerskap med Young sitt munnspel. Og der hovudpersonen kjem med eit sterkt ynskje om å bli gravlagt «out on the prairie, where the buffalo used to roam».

Lengst i utkanten av Harvest-landskapet finn vi den el-gitardrivne og litt motlause No Wonder. Med både livet sine gode og dramatiske stunder som bakgrunnsteppe er Young her midt inni albumet sitt sentrale bodskap; «Tick tock… we’re losin» time».

Innspelingane er gjort i Nashville med eit rutinert lag av medhjelparar. Den smått legendariske Spooner Oldham fordeler piano- og orgeltonar med sikker hand, og Ben Keith sine lengtande steelgitar-tonar smyg seg med som eit sårt ekko av fjorårets prærievind. Element som den vakre visa Here For You er rikt krydra med. Her nyttar Young det velkjente årstidgrepet, der desse vert til metaforar for livet sin gang. Medan When God Made Me avsluttar seansen med ti spørsmål om Gud i pianodriven gospelballade-fasong.

Det er nokre år sidan no at underteikna kom fram til den erkjenninga at Neil Young sannsynlegvis leverte sitt siste meisterverk med Ragged Glory – i 1990. Så derfor møter ein no opp på valen med litt meir edruelige forventningar, enn kva ein gjorde fram mot midten av 90-talet. I så måte representerer Prairie Wind eit formålstenlig stykkje haustmelankolske godtonar, som det slett ikkje er meiningslaust å bruke ein del tid i selskap med.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

XTC – Apple Bite

Standard

Poptonen deira er kanskje litt spakare no for tida, men du verden for nokre minner dette triggar.

cover  Det er i slike tilfeller ein blir kraftig minna på at ungdomstida visstnok ikkje var i går likevel. Til daglig går ein her og innbillar seg at pensjonist-tilværet ligg langt, langt fram i tid. Så får ein smake på ein liten bit av dei gode gamle kompisane i XTC sine siste musikalske bravadar, og byrjar å tenke tilbake. Aaahh, ein treng ikkje søkje langt inn i hukommelsen sine kammer før ein finn nokre skikkelig vitale toneminner.

Eg trur det må ha vore på det for lengst pensjonerte radioprogrammet Pop Spesial eg høyrde låta første gongen. Bandet sitt namn blei ein smule upresist notert som Ecstasy, men låta heitte utan tvil This Is Pop? (med spørjeteikn ja, skulle eg finne ut seinare). Den vart ganske fort ein av dei viktigaste låtane i underteikna sin transformasjon frå fersk tenåring til ikkje fullt så fersk tenåring, frå uskylda og Living Next Door to Alice til dei bitre erfaringane og Love Will Tear Us Apart. Den stilte det same spørsmålet eg hadde fått slengt etter meg mange gonger; «What do you call that noise that you put on?». Og den gav det essensielle svaret «This is pop, yeah yeah».

Året var 1978. Eit kjapt reknestykke seier meg at det er 28 år sidan. Eit ikkje fullt så kjapt reknestykke seier meg at det er mindre enn det til pensjonist-tilværet kjem snikande. Og her står eg framleis og gaular på den same strofa.

Vel, det gjer visst Andy også. Og Colin.

Ein gong var dei ein kvartett, men no er dei berre to. Andy Partridge og Colin Moulding. Låtskrivarane, songarane, gitaristen og bassisten, drivkreftene. Då dei med popfiksert punkglød for alvor fyrte opp på tampen av 1977 var det frenetiske orgeldrivet til Barry Andrews også ein sentral faktor. Debutalbumet White Music er meloditett og nervøs nybølgjete spasmepop av det komplett uimotståelige slaget. Oppfølgjaren Go 2 er meir av det same, men kanskje med litt mindre ressurssterke melodiløysingar. Så sa Andrews takk for seg, og gitaristen Dave Gregory tok plassen hans.

Det er tid for Making Plans For Nigel. Endå ein av det seine syttitalet sine klassiske låtar. Trommelyden til Terry Chambers veks litt, gitarlyden blir skarpare, mens den ultraenergiske framferda frå dei to første platene blir justert litt ned. Fleire XTC signerte album kjenneteikna av melodisk spenst, men også tidvis intrikate vegval, dukka opp utover åttitalet. Beatlesk new wave, gjort i ein djupt engelsk tradisjon.

I 1986 vart den utspekulerte tonesjongløren Todd Rundgren med XTC i studio. Resultatet fekk tittelen Skylarking og er, ved sida av debuten, bandet si sterkaste plate. Leiken og elegant kolorert pop-psykedelia. Etter denne roa dei ned. Det tok lengre tid mellom utgjevingane, og popkrafta vart også noko spakare. Dermed sklei dei sakte men sikkert utav fokus, og etterlot seg plassen på den sentrale delen av popscena til namn som The Posies, Matthew Sweet og Teenage Fanclub.

Facts: Det har ikkje komme nytt materiale frå XTC sidan dei rundt årtusenskiftet gav ut albuma Apple Venus, pt. 1 og Wasp Star (Apple Venus, pt. 2). I fjor vart desse to platene samla i ein Apple Box, der dei også fekk selskap av ein del demo-innspelingar. Frå denne har dei så plukka 6 spor samt plussa på med to nye. Og vips, så har vi den dryge halvtime-lange aperitiffen Apple Bite.

Det er vel ingen overrasking akkurat, men bruken av Apple-namnet her har nok langt fleire knytepunkt mot ein legendarisk Liverpool-kvartett enn mot eit visst datamaskin-merke. I det heile er det vel lite med overraskingar her. Dei opererer innafor sitt utprøvde univers, og dei kan sitt handverk. Her er låtar som kitlar og pirrar litt sånn i forbifarten, men som i det store biletet nok ikkje gjer så mykje meir enn å rette merksemda mot ei tid som var.

Det er Andy Partridge sitt namn ein i første omgang forbind med XTC, men ein skal ikkje gløyme at fleire av dei beste låtane til bandet er det Colin Moulding som står bak (Making Plans For Nigel, Ten Feet Tall, Grass). Av dei to heilt nye låtane her kjem også Colin sin mjuke, velstelte og veldig engelske Say It langt betre frå det enn Andy sin noko forserte og standardiserte Spiral. Men aller best er Colin sin festlige In Another Life. Her han med velkjent engelsk innstilling, både i tonar og ord, ser seg sjølv som ein meir framgangsrik elskar i eit anna liv. Partridge sin orkestrale og monumentale, men likevel opne og rytmisk lettbeinte Greenman driv også fram i fertile former. Mens same mann med ei låt som Stupidly Happy har skapt ein riffbasert parantes som er artig sånn cirka tre gonger.

Så sjølv om XTC stadig drar fram tonar ein kan kjenne seg vel i hop med, er dei nok ikkje lenger heilt kva dei var. Ikkje dei heller.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

 

Woodbine – Best Before End

Standard

Spartansk og sordinert popmusikk som av og til lar seg utfordra av litt beats og krypande el-gitar figurar.

cover  Dei forhastar seg ikkje, dei tre i engelske Woodbine. Drygt fem år etter at debuten var klar kjem oppfølgjaren. Tonane dei held seg med talar og same språk: «Vi har god tid-språket.» I eit avmålt leie presenterar dei songar med ein hang til å dvele ved livet sine meir melankolske stunder. Graeme Swindon og Susan Dillane bytar på vokalansvaret, tredjemann er Rob Healey (som midt på 90-talet var med i ei tidleg utgåve av Cornershop). Lydbiletet er som regel veldig spartansk, gjerne berre ein akustisk gitar (eller to) og ein tamburin i det fjerne. Dei følgjer med andre ord ei lei ikkje heilt ulik den amerikanske band som Low og Spain i si tid også la inn på. Like fullt er det når dei utfordrar rammene for denne leia, i albumet sin andre halvdel, at Woodbine klorar til seg mest merksemd.

Cope ikkje berre rimar på Hope, men er også ei låt med sterke assosiasjonar til Hope Sandoval (Mazzy Star). Døsig, atmosfærisk og med trolske ekkoeffektar. Ein vert ført inn i ei stemningssfære som forsvinn i det kutt to gjer seg til kjenne. Den Swindon-sungne Morning Starts Cold er uggen halvpsykedelisk pop som ikkje vinn heilt fram. Dei tre neste, alle med Susan på vokal, imponerer heller ikkje. Det blir for meloditamt, tynt og einstonig. Det er først når Graeme for andre gong overtar mikrofonen med sårsøte Monkeys at ein byrjar å få trua tilbake på at dette kan verte Best Before End likevel.

På Cop On dukkar litt kravlande wah-gitar fram oppå eit varleg men effektivt beat. Høgdepunktet er Me Me Me med sin ertande rytmikk kombinert med melodifine vendingar og veltilpassa støy. Medan Drink Drive er psychpop av dugande klasse med eit festlig refreng; «I shouldn’t drink drive, smoke, have drugged sex, think about my ex, but I do…» Ban Everything er snillare enn kva tittelen tydar på. Skal vi seie trip hop i Lancashire-drakt? Når dei så igjen trør ut i varleg og eterisk visepop-lende på Unbelievable er det til innsmigrande tonar.

Joda, dei kravlar og kryp som ein vivendel skal gjere, blomstrar gjer dei med. Dessverre av og til i eit litt for anonymt terreng, og så veldig giftige er dei nok ikkje.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

Wolf Parade – Apologies to the Queen Mary

Standard

Hengslelaust, basslaust og stundevis fokuslaust, men slett ikkje verknadslaust frå eit av denne hausten sine største hype-offer.

cover  Ooohh-skralla-la-la-lama. Eller noko i den duren. Det er nemlig ikkje heilt utan grunn dei har valt å kalle seg Wolf Parade. For kva er ein ulveparade om ikkje eit glupsk, glefsande, oppjaga og ubereknelig framstøyt. Der det tilsynelatande er ingen som har den fulle kontrollen, og den skrallande, skeive og febrilske dansen verkar å vere av det impulsstyrte slaget. Like fullt når den stort sett sine mål, stettar sine begjær og tar til tider til og med form som eit vinnande vesen. Kanskje meir på trass av enn på grunn av si framferd.

Dei er fire, og dei kjem til oss surfande på ei hype-bølgje frå Montreal. Men dei landar heldigvis ikkje som eit flaut mageplask. For som de sikkert no har skjønt, snakkar vi her om eit livsfriskt rock’n roll album bore oppe av ustabile men ved fleire høve svært så forførande tonar. Apologies to Queen Mary er deira debut i fullformat. Det er ikkje sensasjonelt stoff. Dei verken lirkar eller pælmar frå seg tonar av originalt kaliber. Førebels har dei vel også ein del skritt å gå før dei kan slå i bordet og proklamere seg som innehavarar av den fullkomne låtskrivarkrafta. Det dei imidlertid har masse av er eit feiande pågangsmot og ein lumsk attityde, noko som definitivt fører til at bataljen set sine spor.

La oss tenkje oss ein romsleg blikkboks. Oppi den puttar vi så fire klassikarar. The Lonesome Crowded West (Modest Mouse), Funeral (Arcade Fire), Doolittle (Pixies) og Remain In Light (Talking Heads). Vi ristar godt på den, riv opp loket, og ut flaumar lett retningsville men definitivt sterkt oppegga tonar. Lealaust, basslaust men slett ikkje verknadslaust spinn dei fire unge canadiarane slik vidare på velprøvde rock’n roll triks.

Spencer Krug sitt driftige keyboards-spel er like viktig for det energiske biletet som Dan Boeckner sine uforedla gitar-utfall. Desse to delar også på vokaljobben. Noko dei gjer med den same gløden som pregar deira instrumentelle handtering. Hadji Bakara utrettar probat elektronisk manipulasjonsarbeid, og Arlen Thompson (sist høyrt i samkvem med Arcade Fire) hamrar på plass effektiv rytmikk. Modest Mouse frontmann Isaac Brock har vore ein viktig person både i å skaffe dei kontrakt med Sub Pop, og i produksjonen av albumet.

Vel, produksjon og produksjon, vil kanskje nokon hevde. Og ein kan vel ikkje gje dei heilt feil i ein slik påstand. Den store ryddesjauen har nok ikkje grepe tak i verken Brock eller dei fire ulvane. For oss som likar musikken servert i litt uryddige former er ei slik innstilling slettes ikkje noko minus. Likevel blir det ved enkelte høve kanskje i meste laget vinglete og ufokusert.

Det opnar skarpt, barskt, surrealistisk og kompromisslaust med knokkelfunk-rockaren You Are a Runner and I Am My Father’s Son. Ei låt som mange sikkert har blitt kjent med på EPen som kom for nokre månader sidan. Når denne har spraka seg ferdig blir dessverre gnisten litt meir diffus dei neste minuttane. Modern World er ei heller daff poplåt, og Grounds For Divorce samt Fancy Claps rotar vekk nokre dosar med nødvendig dynamikk ved å sjangle fram i litt for fokus-slappe og melodisvake drakter. I låta som ligg mellom desse to gnistrar det derimot kraftig. We Built Another World er ein melodiflott og pågåande affære som hentar mykje næring frå Arcade Fire sine nabolag.

Favoritten på den før nemnte EPen var Shine a Light. Den har fått sin sentrale plass også her. Ei spektakulær og desperat låt med gospel i magen, Stones i ryggen, og melodisk virilitet kriblande over heile seg. Minst like forrykande og proppa på melodisk kraft er I’ll Believe in Anything. Frå det vert oppfordra med fresande fortviling i første linje om å «give me your eyes, I need sunshine», ser denne seg aldri tilbake. Det gjer ikkje den punka råtass-låta It’s a Curse heller, der den sparkar seg nådelaust gjennom både piggtråd og betong. Meir tålsame konturar sluttar seg omkring den over sju minuttar lange Dinner Bells, sjølv om det også her ulmar til innimellom. Melodisk har den mykje å gje, men misser litt av krafta si i det avsluttande og litt karakterlause instrumentalpartiet.

På sitt beste held Wolf Parade så absolutt kva hypen lovar, men sidan Apologies to Queen Mary også har sine meir skrantande felt, vert nok firarbanden i denne omgang helst ståande å sparke på døra til avdelinga for «ujamnt men likevel særdeles fascinerande».

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

The White Stripes – Get Behind Me Satan

Standard

Med desse 13 avkledde låtane fører Jack prosjektet sitt inn på eit meir variert spor. Ikkje snu, følg sporet vidare, mann!

cover  Nå hadde så avgjort forsmaken Blue Orchid, med sin medrivande falsettvokal og riffvitale og funky framtoning, sådd eit håp. Likevel var eg litt skeptisk. Kanskje berre fordi eg er svak i trua? Eller?

Det var noko med Elephant. Mi interesse for White Stripes blei kraftig redusert ein eller annan stad midt inni Ball And Biscuit. Det var noko med denne strevsame Stooges-møter-grunge i eit heller meloditafatt og bluespåvirka lende som drap gnisten, og sendte elefanten baktung ut i ei sørpete eng der den vart ståande og stampe. I alle fall heilt til påstanden Girl, You Have No Faith In Medicine vart kasta fram. Joda, eg veit at fremst ligg det ein Seven Nation Army, og eit par steg lenger bak kranglar den endå betre There’s No Home For You Here seg fram i sprelske andedrag. Ja, faktisk lever plata ganske så bra den heilt til det der nemnte augneblikket i spor åtte treff ein tungt i magen.

Rykta i forkant av deira femte album fortalde rett nok om ein duo som slett ikkje hadde falt for freistinga å sende inn ein ny elefant. Her var det snakk om mindre blues, meir Cole Porter, mindre gitar, meir piano og ein Jack som snakka om sanninga som eit ideal. Eg fekk og med meg at låtane var komponert og spelt inn på berre to veker. Det var rapportar som fortalde om skisser meir enn fullendte songar. Og Jack hadde proklamert idéen om å gjere feiltrinn, ikkje tilgjorte, men ekte. Vilskene og tverre pretensjonar frå ein fyr som ville vise seg, tenkte eg. Kanskje hadde han og søstera komme seg opp av den sørpete enga, men kva hjelpte det når dei no såg ut til å ha rota seg bort blant visna og knekte roseplanter i staden?

Etter nokre timar i samvær med Get Behind Me Satan lyt ein berre innsjå at skulle det vere inni eit klunger av medfarne roseplanter dei oppheld seg, ja så er det ein fabelaktig stad å vere. Er det tverre pretensjonar som ligg bak, ja så ver velkomen tverre pretensjonar. Velkomen også til levande feiltrinn, næringsrike skisser, det stygge, det vakre, sanninga og løgnene.

Skulle denne Satan vere ein representant for den musikalske fortida til White Stripes, ja så har dei med sitt femte album klart kva tittelen krev. Garasjeblues-avtalen dei gjorde i eit vegkryss ein gong på nittitalet vert her kasta på bålet. Men opp av oska stig nye og langt meir ulikt forma tonar.

Skal ein vere heilt rettvis (og det skal ein jo) så har nok ikkje søskenduoen fylgt den gitarbarske bluesvegen 100% slavisk før heller. Det har jo dukka opp ein og annan popfiksert eller folkinspirert sak innimellom. Gjennombrotsplata White Blood Cell hadde nok slett ikkje vore det vitale fyrverkeriet den er utan injeksjonar av vital pop og skakk folk. Men til og med den plata sovnar inn i ein litt meloditam bluessøvn mot slutten (før den vaknar til liv i form av eit beksvart Lennonsk popblues tiltak kalt This Protector). Get Behind Me Satan korkje rotar seg bort i stillstand eller einspora søvn, den er ei potent og vaken affære frå første kåte gitarriff til siste vemodsfulle pianotåre.

Underteikna er ikkje så veldig flink til å halde seg oppdatert på privatlivet til desse rockestjernene. Har likevel fått med meg at Jack skal ha hatt ein affære med skodespelar Renee Zellweger for så etterpå å gifte seg på Amazonas-elva med ei Karen. Kor mykje det er av desse opplevingane, og andre personlege hendingar, som ligg til grunn for det han har på hjerta veit eg vel eigentleg ikkje. Men det eg høyrer er i alle fall skildringar der tema som kjærleikshunger, tapt kjærleik, fridomstrang, vemodskjensle og forknytte tankar kjem til utløp.

I den seige marimba-drevne og cymbalkrasjande The Nurse står hovudpersonen svikta tilbake og hevdar (vel med rette) at «The nurse should not be the one who puts salt in your wounds». Kjensler som flyg i ulike retningar vert utdjupa i den dynamisk gyngande og pianostyrte Forever For Her (Is Over For Me). Pianoet er også i førarsete, men i eit meir funky lende, i det catchy popeventyret My Doorbell. Her sit hovudpersonen og lengtar etter den der dama, samstundes som han prøver å overtyde seg sjølv om at det er nett det han ikkje gjer.

Joda, det er nok pianoet som er Jack sitt instrument denne gongen. Den elektriske gitaren får berre lov å fronta tre av spora (derav førnemnte Blue Orchid). Den gjer seg imidlertid veldig gjeldande på kraftfulle om enn noko melodisk veike Instinct Blues. Den sterkaste låta blant el-gitar trekløveret er nok Red Rain. Jack er kanskje ikkje nokon Jimmy Page, og Meg er definitivt ingen John Bonham, men denne smart buldrande saken er som tatt rett utav Physical Graffiti og det er jo ein glimrande plass å komme frå. Den akustiske varianten av seksstrengaren trer fram når duoen flyttar seg over i eit folkprega Zeppelinsk lende med visa As Ugly As I Seem. Medan tonen går i bluegrass retning på fjellfriske Little Ghost. Om dama det er umulig å få tak på; «when I held her I was really holding air».

«Oh Rita, oh Rita, if you lived in mesita, I would move you with the beat of a drum». Lengselen er til å få naseblod av. Låta ber tittelen White Moon. Ein pianoballade av typen langsamt og intenst veksande, og der Meg sit i ein krok og ristar sin gode gamle raude egg-shaker samt lurer inn litt varleg cymbalnedbør. Og Rita? Ho dukkar opp igjen i Take Take Take. Då får vi servert etternamnet også. Energisk, nervøst, smertefullt og i melodivinnande fasong fortel Jack om beundraren som møter sitt store idol. Den vakre Rita Hayworth kjem inn på baren der denne stakkaren sit og drikk saman med ein kompis. Han mannar seg opp og tar kontakt med den store gudinne. Ho gjer han autografen, nokre ord, og lar seg avbilda i hop med han. Frå Rita si side er dette rein rutine, mens vår mann nok tolkar hennar velvilje noko annleis. Når ho så trekkjer seg tilbake står han nærast sjokkert igjen og må innsjå at ”she didn’t even care, that I was even there”. Mistolkingar av kvinner sine signal på litt meir generell basis er tema for den Ballroom Blitz-funky Denial Twist. Medan det vert sveipa innom familieproblematikk i den Meg-sungne 35 sekundars parantesen Passive Manipulation. Familietilhøve er også temaet i I’m Lonely (But I Ain’t That Lonely Yet). I countryballade stil med vagt gospelkrydder fortel den bortkomne son og bror om sin ambivalente lengsel mot heimlege trakter; «there’s a girl that I know of, but don’t ask for much, she’s homely, and she’s cranky, and her hair’s in a net, and I’m lonely, but I ain’t that lonely yet».

Om det er løgner, synder, sanningar eller lengsler som vert servert, så finn den dynamiske White-duoen rette tonen og konfronterer fram melodilinjer av både demonisk og velsignande karakter.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

Gina Villalobos – Rock’n Roll Pony

Standard

Mange fine countryrockande låtar frå ei overbevisande røyst med gruff i kantane og varme i sentrum.

cover  Villalobos, smak på namnet! Vakkert, ikkje sant? Men det er ikkje det einaste som er vakkert her. California. Det er heimstaten til Gina. Det er også første song på hennes andre soloalbum. Det er ein enkel song i medium tempo, heilt utan fikse påfunn. Det er ein countrysong med rock i nervane. Det er ein song som lever av sine sterke tonar, og sine skarpe ord; «I got California crying outside my window.» Det er ein song som blir.

Det er mange fine songar på Rock «n» Roll Pony. Ingen brenn seg like fast som åpningssporet, men fleire kitlar der ein god song skal kitle. I den der gyldne tråden mellom ryggrada, magen og hjarta.

Gina Villalobos miksar country og rock. Ho skriv låtane sjølv, produserer sjølv. Ho har ei overbevisande røyst med gruff i kantane og varme i sentrum. Ho er ei dame å merke seg.

Gina har drive med musikk sidan tidleg på 90-talet. Har spelt i mindre kjente band som Liquid Sunshine og The Mades. Førstnemnde har tre album på samvitet, sistnemnde har gjort oppvarmingsjobbar for mellom andre Frank Black, Weezer og The Breeders. I 2002 debuterte ho som soloartist med albumet Beg From Me. Rock «n» Roll Pony tok nesten eit og eit halvt år å fullføre. Årsaka til det var at Gina rett etter at innspelingane starta, var ute for ei ulykke der ho mista synet på sitt høgre auge.

Det er imidlertid ei musikalsk klarsynt og moden dame som står fram på Rock «n» Roll Pony. Uttrykket hennar kjem frå dei same kjeldene Lucinda Williams, Mary Gauthier, Kathleen Edwards og Suzie Ungerleider (Oh Susanna) har drukke av. Utan at det gjer henne til ei i mengda av den grunn. For sjølv om ho aldri tyr til originale vinklingar utstrålar ho eigenart berre i kraft av å presentere gode låtar på eit ærleg vis. Nesten berre gode låtar i alle fall, for eit par-tre er nok av litt anonym karakter, utan at vi skal la dei stå i vegen for inntrykket av eit støvande flott toneritt. Not Enough og Can’t Come Down svingar seg i boogie-twang-lende. So Much For Dying er svartsyn i melodivakre omgjevnader. Why brenn og held igjen i verset før den forløyser og sprutar eld i refrenget. Medan Tryin» to Find You er ei fin lita countryvise i tonelandskap Steve Earle har vitja i nokre av sine meir nennsame stunder. Alle låtane utanom ein har ho komponert sjølv. Den eine er World Party sin fabelaktige Put the Message In The Box. Gina flyttar den litt lengre over i countrylende, og friskar til med ein stjerneversjon. I ein beskjed lagt ut på Gina si heimeside ser eg at Karl Wallinger er heilt einig.

Vil ikkje overraske meg om både Wallinger og den countryrock-fikserte hop der ute også omfamnar mange av dei andre tonane Gina byr på. Det ville i tilfelle vere fullt fortent.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

The Vestals – The Vestals

Standard

Noko er gjennomtenkt, seriøst og blodfattig, anna er friskt og popkjekt.

cover  Namnet The Vestals peikar så vidt eg kan skjøne mot vestalinnene som over ein tusen års epoke vakta tempelflammen til den romerske gudinna Vesta. Det finst fleire både fascinerande og grufulle skildringar frå dette avsnittet av historien vår (kvinnene vart mellom anna levande begravd om dei hadde seksuell omgang med menn).

Bandet The Vestals har lite grufullt over seg, dei er heller ikkje så veldig fascinerande her på debutalbumet sitt. I namn, illustrasjonar og tonar omgjer kvartetten seg av saker plukka opp langs den historiske tidslinja. Klart nærast vår tid ligg tonane dei nyttar seg av. The Vestals er trass alt eit rockeband. Eit band med eit brødrepar i førarsetet. Jeremy og Ben Gordon deler på låtskrivinga og synginga, i tillegg spelar begge gitar, keyboards og xylofon. Dei skriv om tilhøvet mellom han og henne, og dei flokete tilfella er meir dominerande enn dei idylliske. Tekstane virkar å vere rimeleg gjennomtenkte. Til tider er dei veldreide også («yesterday I wrote a little story, with far too many characters, named lonely»), andre gonger virkar dei vel oppkonstruerte.

Noko av det same kan seiast om melodistrukturen. Jeremy virkar å ha store ambisjonar, og låtane hans følgjer slett ikkje alltid det vanleg poprock-mønsteret. Oppbygginga kan minne vel så mykje om jazzmåten å gjere det på. Det søkes rundt temaer som stadig kjem tilbake. I utgangspunktet eit opplegg med utsikter for spenst og vitalitet. Dessverre blir det i altfor liten grad gjort med leik og lyst. Så derfor, ein eller annan stad mellom det litt for affekterte, melodisk alvorlige og lite originale forsvinn til tider The Vestals inn i den uinteressante sfære. Då framstår dei som ein blodfattig fusjon mellom Radiohead, Barenaked Ladies og Rufus Wainwright. Jodå, Seven Hours, Telescope, Childhood Timeouts og Forever It’s True har alle ei og anna fin melodilinje, men som heile låtar blir dei rett og slett for tafatte og fargelause.

Bandet klarer imidlertid å fange ei viss interesse når dei fluktar inn i meir kraftpop-liknande lender. Der er det Ben Gordon som oftast leiar an. Tre gonger for å vere nøyaktig. Three Girls Ago er Weezer kryssa med psykedeliske Jellyfish-fakter. Another Way to Kill Me er do-do-do-doo popkjekk og med Posies snert. Too Late to Say Goodbye er harmonifull, frisk og tufta på dugande tonar. Broder Jeremy har eit slikt augeblikk han også, det heiter Face the Ground og er i si vitale Kinks/Beatles drakt eit godt eksempel på kor i musikk landskapet denne Minneapolis-kvartetten plukkar dei friskaste blomane.

Alt i alt framstiller The Vestals såpass med levedyktige tonar at dei maktar å halde liv i flammen. Skal den fortsette å brenne også i framtida trur eg likevel det krevst ein noko meir frigjort haldning. For mykje perfeksjonering hindrar som kjent den viktige oksygentilførselen.

4/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

Jan Vardøen – Songs From a Blue Country

Standard

Ei øving i korleis ein kuttar nerven i gode låtar.

cover  Kva skal vi eigentleg med denne plata? Vardøen har komponert ein av låtane sjølv. Den heiter Raining in Nashville, og er ein grå og kjedelig countryballade. Dei tolv resterande er mannen sine tolkingar av kjente og litt mindre kjente songar, der han utan unntak kjem veldig til kort overfor alle andre versjonar (i alle fall dei som har nådd denne lyttaren sine øyrer).

I musikksamanheng har Vardøen tidlegare gjort sine saker under pseudonymet Ian Senior. Gjennom tre plater har han servert sin mikstur av 50-tals inspirert rock’n roll og meir croonerbasert stoff. Når han nå prøver seg under eige namn er det countrytonar som gjeld. For å spele det inn gjorde han som mange andre med liknande hensikter, han drog til Nashville. Med på lasset var ei handfull norske musikarar. I tillegg fekk han hjelp av kompetente amerikanarar som Fats Kaplin og The Mavericks sin tangentist Jerry Dale McFadden.

Tanken bak opplegget har altså vore å flytte ein del favorittlåtar eit hakk eller ti nærare countrysfærer (viss dei ikkje allereie var i slike sfærer frå før då). Men det er også det einaste Vardøen og gjengen har klart. Alle dei medverkande kan sitt instrument, men arrangementa er håplaust ordinære og spenningslause. Og den godaste Vardøen har ei stemme som treff dei aller fleste tonar, men som har ein veldig overflatisk karakter.

Her finst eigentleg ingenting verdt å bruke tid på. Springsteen sin Tougher Than the Rest har både opphavsmannen og Emmylou Harris gjort sjelfulle versjonar av, det gjer ikkje Vardøen. Countryklassikarane Wild Side of Life og Walk On By finst i eit utal utgåver lysår betre enn dei vi kan høyre her. Verst er det likevel å måtte oppleve to ultimate favorittlåtar, Cohen sin Hallelujah og Parsons sin Song For You, framstå på plate som tafatt og hjelpelaust karaoke-ræl.

Noko positivt? Det var ein smart lukkemekanisme på coveret, patent nr. 5,188,233. Men eigentleg burde det kanskje ha vore ein nøkkellaus hengelås der i staden.

1/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)