Monthly Archives: desember 2016

Popkroken sitt årsoppgjer 2016

Standard

50 bra plater frå 2016 – og ein del bra bøker.

Bilderesultat for parquet courts human performanceBilderesultat for wussy forever soundsBilderesultat for leonard cohen you want it darkerBilderesultat for angel olsen my womanBilderesultat for årabrot the gospelBilderesultat for a tribe called quest we got it from here... thank you 4 your serviceBilderesultat for steve gunn eyes on the lineBilderesultat for the switch the albumBilderesultat for kate tempest let them eat chaos

Det er nok mogeleg at musikkåret 2016 først og fremst vil bli huska for alle som fall ifrå i løpet av dei 366 dagane. Frå David Bowie til Prince til Phife Dawg til George Martin til Merle Haggard til Alan Vega til Glenn Frey til Guy Clark til Leon Russell til Leonard Cohen til George Michael og fleire med dei. Men eg skal huske det for ny bra musikk også.

I det store perspektivet. Det som rekk langt utafor Popkroken er det nok ymse meiningar om kor bra nett dei 50 platene eg nemner under er. Og ikkje minst vil det kunna bli hevda at her er det jammen meg essensielle saker som manglar. Slike som årets plater frå Radiohead, Kanye West, Jenny Hval, Anohni eller Rihanna. Til det kan eg ikkje seie at eg ikkje har høyrt dei. For det har eg. Den einaste årsaka til at dei ikkje er på lista er at dei ikkje trefte meg like bra som dei som er der gjorde. I subjektivitetens heilage namn er det nett slik det må vere. Noko verre er det då med plater eg ikkje har høyrt. Men som kan ha eit vesen som kunne ha treft meg. Dei rakk dessverre ikkje fram i tide til dette årsoppgjeret, men eg ser fram til å møte dei.

1. Car Seat Headrest – Teens of Denial
Tonane tar verkeleg fyr i dette verket til unge Will Toledo, og eit par medsamansvorne av han. Meir presist er det 70 minuttar med gitarbasert rock, der nittitalet møter nåtid, i songar det osar melodisk kraft og glødande vilje av.

2. Parquet Courts – Human Performance
Femte albumet til New York-kvartetten, og punktonen er litt meir raffinert. Men energien rår og tapte illusjonar flagrar vegg imellom.                                                                                     

3. Wussy – Forever Sounds
Gitar, gitar, elektrisk gitar. Det er Forever Sounds det. Ein stad der heartland møter shoegaze, der psykedelia møter vindskeiv country.

4. Leonard Cohen – You Want it Darker
Vis poesi om kjærleiken, alderdomen, livet, døden og gud.                                                     

5. Angel Olsen – My Woman
Frå det elektrisk pågåande til det praktfullt ettertenksame.                                                      

6. Årabrot – The Gospel
Eit desperat ritt gjennom eit eigenarta postpunklandskap.                                                       

7. A Tribe Called Quest – We Got it From Here… Thank You 4 Your Service
Nittitalets beste hiphop-ensemble hadde litt meir på lager.                                                      

8. Steve Gunn – Eyes On the Lines
Ein ny dose varm Gunn-folkrock til å forsvinne inn i.                                                             

9. The Switch – The Switch Album
Oslobandet serverer her ein raffinert poptriumf av det verkeleg uimotståelege slaget.

10. Kate Tempest – Let Them Eat Chaos
Eit dikt, ein historie, eit usminka og nådelaust hiphop-album.                                                 

11. Beyoncé – Lemonade
Ei samling sterke songar som går vegen frå kneståande fortviling til glødande styrke.                      

12.Okkervil River – Away
Med ny besetning seglar Will Sheff vidare, ny og attkjenneleg og med folkrocken sin glødande intakt.                                                                             

13. Nick Cave & The Bad Seeds – Skeleton Tree
Eitt år etter at Cave mista sonen sin i ei tragisk ulykke serverer han eit album kledd i sorg.              

14. The Jezabels – Synthia
Synth-smart, melodisk forførande, og ei stemme som eig kvart ord.                                       

15. Ryley Walker – Golden Sings That Have Been Sung
Folkrocksongar som er meir enn det.                                                                            

16. Lambchop – FLOTUS
Kurt Wagner har skaffa seg vokalprosessor – Men Lambchop er no Lambchop likevel.        

17. David Bowie – Blackstar
Bowie si siste forvandling, ei gripande ei.                                                                    

18. Kevin Morby – Singing Saw
Musikken, naturen, melankolien, varmen og ei mystisk sag.                                                   

19. Drive-By Truckers – American Band
Ei handfull sterke historier frå vår tids beste sørstatsrockeband                                         

20. Stein Torleif Bjella – Gode Liv
Kan Bjella vere vaksinert mot å gje ut anna enn strålande plater?                                           

21. Kendrick Lamar – Untitled Unmastered
«Pimp pimp hooray», eit lite upolert supplement til fjorårets allereie legendariske To Pimp a Butterfly.                                                                           

22. Margo Price – Midwest Farmer’s Daughter
Eit friskt countrypust ifrå utkanten av Nashville.                                                         

23. Anderson .Paak – Malibu
Ein fargerik og varm time i hiphop og r&b-regionen.                                                               

24. Woods – City Sun Eater In the River of Light
Sol og groove og jazzkrydra pop-psykedelia.                                                                           

25. Tom Roger Aadland – Blondt i Blondt
Dylan og vestlandet og skikkeleg musikalsk omsetjing                                                            

26. Diiv – Is The Is Are
Ein poprytmisk odyssé om eit liv som hang i ein tynn tråd.                                                     

27. Savages – Adore Life
Livet er elektrisk, hånda er knyta og groovet gløder.                                                               

28. Kyle Craft – Dolls of Highland
Ein stad mellom Glam og Dylan hiv Kyle Craft seg ut i det.                                                   

29. Thee Oh Sees – A Weird Exits
Ein bra dose groovy psykedelia frå ein produktiv fyr og hans medsamansvorne.                   

30. Brigid Mae Power – Brigid Mae Power
Stillferdige folk-songar som smyg seg tett innpå.  

Og sidan eg først var så godt i gang, og ikkje har vit til å gje meg medan leiken er god, så listar eg altså like godt opp tjue til:                                                                      

31. Preoccupations – Preoccupations
32. Heron Oblivion – Heron Oblivion
33. William Tyler – Modern Country
34. Cian Nugent – Night Fiction
35. Solange – A Seat at the Table
36. Bon Iver – 22, A Million
37. Whitney – Light Upon the Lake
38. Frøkedal – Hold On Dreamer
39. Frank Ocean – Blonde
40. Hiss Golden Messenger – Heart Like A Levee
41. Pinegrove – Cardinal
42. Mayflower Madame – Observed in a Dream
43. Marissa Nadler – Strangers
44. Exploded View – Exploded View
45. Michael Kiwanuka – Love and Hate
46. Chance The Rapper – Coloring Book
47. The Mystery Lights – The Mystery Lights
48. Haley Bonar – Impossible Dream
49. Daniel Romano – Mosey
50. Miranda Lambert – The Weight of These Wings


Bilderesultat for johan harstad max mischaBilderesultat for pedro carmona-alvarez bergen ungdomsteaterBilderesultat for frode grytten menn som ingen trengBilderesultat for tomas espedal året

Bøker har eg også lese. Nye bøker og gamle bøker. Gode bøker og dårlege bøker. Eller kanskje ikkje, kanskje har eg ikkje lese dårlege bøker. I alle fall ikkje ferdig. Og då kan eg vel kanskje ikkje seie at eg har lese dei. For eg veit jo ikkje alt om dei. Og kanskje er dei ikkje dårlege, kanskje har eg berre ikkje funne dei interessante. Og det er jo noko anna. Kanskje har eg ikkje gitt dei ein skikkeleg sjanse. Eller kanskje var det slik at dei ikkje fortente ein skikkeleg sjanse, nokon av dei i alle fall. Den siste boka eg leste har eg nett lagt frå meg, den var ikkje dårleg. Den heiter Europeana. Den tar for seg den europeiske historia frå 1900 til 1999 (pluss nokre blikk utafor kontinentet). Skarve 130 sider blir sett av til det. Ført til torgs i eit språk som får meg til å tenke at slik skulle eg ynskje eg klarte å skrive. Lett, suggererande (ja poetisk) og konsist. Nokre gonger fekk boka meg til å humre litt, før den like etterpå sørga for at humringa sette seg grundig fast i halsen. Historias groteske handlingar blir skildra i ei iskald faktaform. I spedd små anekdotar som ytterlegare synleggjer kva menneske kan få seg til å gjere av bestialske saker. Temaa er sjølvsagt mange, men nazismen, kommunismen, religionen og psykoanalysen er blant dei sentrale raude trådane. Forfattaren er tsjekkisk og heiter Patrik Ouředník. Han skreiv boka ferdig i 2001, og har mottatt både prisar og internasjonal åtgaum for den. I norsk omsetjing, som er den eg har lese, kom den i 2015.

Eg starta året med å lese ei langt tjukkare bok. Johan Harstad sin Max, Mischa & Tetoffensiven (utgitt seint i 2015). Max fortel historia. Frå han som gutunge, tidleg på åttitalet, sterkt ufrivillig flyttar frå Stavanger til New York. Og det er der i verdsmetropolen størstedelen av historia breier seg ut. Det handlar om vennskap og avstand, og ein onkel. Og alt er slett ikkje slik ein skulle tru det var. Det handlar om teater og film og kunst og musikk. Frå Hüsker Dü til jazz til lyrisk pianospel. Frå Apokalypse Nå til stormen Sandy. Romanen går fram og tilbake i tid, men surrar seg aldri vekk frå sin eigen historie. Med både lett og eigenarta penn skriv forfattaren fram ei forteljing eg forsvann inn i nokre veker i januar 2016. Den blei ikkje borte etterpå heller.

Frå den same storbyen, frå New York City, har også Garth Risk Hallberg skrive fram ei omfangsrik historie. En by i brann er den norske tittelen på ei bok som i tid spenner over nokre månader i 1977. Frå eit skjebnesvangert pistolskot til byen bokstaveleg talt blir mørklagt eit heilt døgn. Persongalleriet er stort, og dei kryssar og kryssar ikkje kvarandre sine spor. Her er folk som går over lik, og her er folk som blir til lik. Her er folk som surrar det til og her er folk som berre vil det beste. Her er kunst og punk og ein by på randen. Forfattaren har store ambisjonar med historia, og skriv stundom fram passasjer som gnistrar. I andre passasjer mister han momentum, og det blir litt dødt. Så ei litt ujamn bok.

Om våren er den tredje boka i Karl Ove Knausgård sin kvartett med årstidene som gjennomgangstema. Av desse fire er det den boka som har mest slektskap med Min kamp-serien. I korte trekk handlar den om ein far og ei nyfødt dotter, hennar eldre søsken, og mora som har forsvunne inn i ein depresjon. Boka fortel meg at det er det daglegdagse strevet og livet som er sjølve livet, enten ein vil det eller ikkje. Tomas Espedal ville også skrive ei bok om årstidene. Den startar i april og sluttar i november og heiter Året. Forfattaren kretsar rundt sitt eige, men transformerer det om til det allmenngyldige. Det handlar om døden og kjærleiken. Det handlar om reiser og drikking. Eller livet, om du vil. Ei lita, snøgglest, og poetisk bok.

Tore Renberg tok i år ein liten pause ifrå det han har kalla Teksas-serien sin og fortalte ei lita vond historie om ein mann som med sitt vesen blendar dei han møter. Før noko anna byrjar å melde seg. Ein mistanke, ei uro. Du er så lys er mørkare enn tittelen tilseie. Renberg har forresten for første gong tydd til nynorsk i denne boka, og gjer det bra. Å skrive bra på nynorsk er noko Frode Grytten har gjort i ein del år no. Med årets bok Menn som ingen treng er han tilbake i novellesjangeren han ved nokre høve tidlegare har vist at han har eit spesielt grep om. Slik også denne gongen. Gjennom ti historier om menn som lever opp til bokas tittel. Frå dei hjelpelause til dei uheldige. Frå dei ærlege til dei uærlege. Fortalt med akkurat dei orda som skal til. Aller sterkast gjort i opningsnovella 1974, der eg-forteljaren ser tilbake på nokre skilsetjande månader då han var ung. Prega av svik, erotikk og klassemotsetnad. Tre ord som heller ikkje ville vere heilt fjerne i eit forsøk på å beskrive Pedro Carmona-Alvarez sin roman Bergen Ungdomsteater. Den andre om Marita. Ho som blei fødd nokre år etter at tvillingsøstrene hennar omkom i ei tragisk ulykke. Og som forfattaren starta å fortelje om i romanen Og været skiftet og det ble sommar og så videre. I bok to er faren reist tilbake til USA, og Marita flyttar til Bergen med mora, utan at mora kjem seg vidare i livet av den grunn. Men Marita prøver. Ho er tenåring, ho blir kjent med Johannes, og ho blir kjent med Andreas. Forfattaren fortel i eit melankolsk og rytmisk språk, eit godt språk, om vennskap, om einsemd og det å komme i andre rekke.

Dei to siste bøkene i Elena Ferrante sin Napoli-kvartett (Dei som flyktar og dei som blir og Historia om det tapte barnet) har også stått på menyen dette året. Lena og Lila blir vaksne, delvis i vennskap, delvis i fiendskap, men heile tida med ein avhengigheit av kvarandre. Åleine og saman utfordrar dei normene i bydelen dei vaks opp. På same vis og på ulikt vis er dei begge prega av bydelens jantelover og valdelege løysingar. Forfattaren evnar framleis å halde på lesaren frå side til side. Sjølv om det i desse to bøkene er parti der enkelte tema blir dvela vel lenge med. Slik opplevde eg det ikkje i dei to første.

2016 skulle også bli året då Nobels litteraturpris for første gong gjekk til ein songskrivar. Det har vore snakka om det nokre år. Snakka om at Bob Dylan burde få denne prisen. Snakka om kor vidt han fortener denne prisen. Den diskusjonen stilna ikkje akkurat av når han no endeleg fekk den. Sjølv har eg ei ganske så klar oppfatning av at mannen fortener prisen. Det har Gisle Selnes også. Tilfellet ville det slik at han kort tid etter at kunngjeringa var klar kom ut med ei fyldig bok om songane til Dylan. Den store sangen har han kalla den, med den noko audmjuke undertittelen «Kapitler av en bok om Bob Dylan». Han går her grundig inn i korleis Dylan har henta inspirasjon og drive med kreative tjuveri ifrå den amerikanske musikkarven. I tillegg dreg han linjer frå songane hans til dikt og skjønnlitteratur (frå Shakespeare til Edgar Allan Poe til T.S. Elliott til Jack Kerouac, og så vidare). Om ein har ei litt over gjennomsnittleg interesse for Dylans musikk skulle ein ha mykje glede av Selnes utlegningar om stoffet.

Anderson .Paak – Malibu

Standard

Ein fargerik og varm time i hiphop og r&b-regionen.                                                                7

Bilderesultat for anderson .paak malibu  Så mykje musikk, så lite tid. Eg har blant anna høyrt for lite på Malibu dette året. Ei plate som dukka opp omtrent før 2016 var i gang. Og som eg då høyrte nokre gonger på, noterte meg, og så gløymde litt bort. No i etterdønningane av A Tribe Called Quest sin svanesong, der Anderson .Paak deltar sjelfylt på ei låt fann eg det opportunt å plukke den opp igjen. Det skulle berre mangle. Anderson .Paak er jo same fyr som sørga for at låta Animals blei til høgdepunktet på Dr. Dre sitt comeback-album i fjor. Og elles gjorde seg sterkt gjeldande på fleire andre spor på same album. No, nesten eit heilt år etter januar 2016, er det ikkje anna å melde enn at Malibu er særdeles raffinerte saker. I eit kryssingspunkt mellom hiphop og soul, og jazz, og funk, og surf, og eit og anna ant.

Malibu er Anderson .Paak sitt andre album. Det første kom i 2014, og har tittelen Venice. Ikkje som i Venezia, men som i Venice Beach, ei strand og ein fargerik strandpromenade i Los Angeles-området. Akkurat som Malibu også er ei strand i same område. Så det er noko med .Paak og strandliv. Det er også noko med .Paak og Los Angeles. Han er fødd og oppvaksen i området. Under ikkje heilt enkle kår, av svart/koreansk avstamming. Med ein fråverande far, som dukka opp då .Paak var sju år, berre for i neste omgang å banke opp mora, og slik hamne bak lås og slå for fleire år.

Anderson .Paak byrja sitt musikarliv med å spele trommer. Noko han for så vidt framleis syslar med. Han er ikkje pianist, slik det fargerike coverbildet til Malibu kan gje inntrykk av. Eit coverbilde som elles står i stil med kva som finst av musikk på innsida. Her er mangfald, temperaturen er god, og musikaliteten er overtydande.

Anderson .Paak både rappar og syng. Raffinert glir heilt naturleg mellom dei to uttrykksformene. Han har ei stemme som både er silkemjuk og raspande. Og serverer låtar ein kan seie noko av det same om. Heile albumet har ein sofistikert eleganse, men det dampar bra av fleirtalet av låtane, og dei er ikkje nødvendigvis vaska og reingjort ifrå topp til tå.

Malibu er ramma inn av to låtar der minner frå ein oppvekst har ei viss rolle. I soulmjuke og jazzgåande The Bird fortel .Paak om ei mor som «caught the gambling bug», ei søster som song Whitney-låtar og ein far «behind bars». Men han fortel også om «the bird», ei kvinne, og samanliknar henne med «the sweetness of a honeycomb tree». Når låta The Dreamer gjer seg til kjenne som sistespor har det vore snakka ein del om kvinner undervegs. Om ein mann sine draumar om kvinner, og om slikt ein mann og ei kvinne kan gjere i hop. Malibu har absolutt eit erotisk vesen. Men i The Dreamer handlar det om barndomsdraumar og minner. .Paak drar inn gode og mindre gode minner frå eigen barndom, og gjer setninga «Don’t stop now, keep dreaming» til eit mantra.

Am I Wrong spør .Paak seg sjølv ein stad undervegs. Det handlar om ei kvinne. «Am I wrong to assume if she can’t dance, then she can’t ooh?» spør han lett bekymra, og legg til at han jo verken er lysten på å kaste bort kvinna si tid eller si eiga tid på noko som ikkje skulle vise seg fruktbart. Og groovet er dampande, over i ei disko-lei, blåsarar melder seg på, og ein gjest likeså, ScHoolboy Q. Det er sjølvsagt slik at .Paak ikkje på nokon måte er åleine om opplegget. Gjester stikk innom, og i god hiphop-ånd blir det sampla frå ymse hald. I høgdepunktet The Season/Carry Me smeltar til dømes .Paak inn nokre tonar frå Edvard Grieg sin Solveigs sang, og lar det bli til eit tema. Utav det kjem ei låt som både er tilbakelena og kraftfull, som har groovet som skal til, og ein treffsikker veksling mellom song og rapping. Igjen er oppveksten eit tema, men også livet som musikar, og det å få eit namn.

I kategorien «det var groovet sitt du» kan ein vel plassere fleirtalet av låtane på plata. Frå den funky soulsaken Put Me Thru til den bassige Come Down til ettermiddagssoulen i Heart Don’t Stand a Chance. Ja slik driv Malibu av garde, energisk og slakk, men aldri lunken.

TIDAL: ANDERSON .PAAK – MALIBU

The Triffids – Born Sandy Devotional

Standard

Eit stort australsk rockeband, og ei plate som har tolt tidas tann.                                  10

Bilderesultat for born sandy devotional the triffids

Siste vers:

I wake up in the morning
Thinking I’m still by your side
I reach out just to touch you
Then I realise
It’s a wide open road
It’s a wide open road

Med framifrå metaforar henta frå eit både verkeleg og eit mytisk Australia skildrar David McComb avstand og sakn på gripande vis. Vegen fram til siste vers har sine brente bruer, sine tapte illusjonar, men først og fremst er den kjenneteikna av vidstrakte aude landskap. Songen er enkel, songen er stor. Stor i si fyndige og lengselsfarga melodidrakt. Fremja gjennom keyboardlinjer som høyrest ut som milde fløytetonar, ranke gitarakkordar, eit maskinelt trommebeat og bassen som rullar rundt det, og ikkje minst trommeslaga som fleire gonger stikk innom og piskar songen framover, og oppover. Stor er den også i kvar uttalt linje David McComb legg bak seg av fortvila lengsel. Formidla direkte frå eit bryst iferd med å eksplodere. Wide Open Road er både lyden av noko fjernt og mystisk og noko nært og veldig gjenkjenneleg. Tretti år etter at den dukka opp kan ein finne den på lister over dei beste songane frå Australia. Og så er den vel sjølve kvintessensen av kva The Triffids var den gongen på midten av åttitalet då dei skapte sitt meisterverk Born Sandy Devotional.

Før det, fleire år før det, i siste halvdel av syttitalet hadde David McComb og Alan «Alsy» Mac Donald funne i hop. Oppdaga punk, og byrja å spele punk. Der dei trava rundt i gatene i verdens mest isolerte storby, Perth, på den australske vestkysten. Særleg var det New York-scena som opptok dei (Velvet Underground, Patti Smith, Talking Heads, Television). Etter nokre kortvarige punkbandforsøk vart så The Triffids fødd i 1978. Bandmedlemmer kom og gjekk, men David McComb som kreativt overhovud, låtskrivar, songar og gitarist var der heile tida. Rimeleg trygt på plass bak trommene var også stort sett Alsy MacDonald der. Heilt fram til bandet smuldra bort i 1989, etter albumet The Black Swan (ein for så vidt høvelig tittel på ei svanesong det).

David McComb skreiv drøssevis av songar i sine unge år. Spelt inn blei dei også, og gitt ut som sjølvfinansierte kassettutgjevingar. Seks i talet, i åra 1978-81. I 1982 kom eit par ep’ar på uavhengige plateselskap. Før det som blir rekna som deira debutalbum, Treeless Plain, såg dagens lys i 1983. Ein absolutt sjanger skal eg vere forsiktig med å plassere det dei laga i desse åra under (blant anna fordi eg slett ikkje har høyrt alt). Men la meg noko upresist kalle det folkrock med både countryspor og støyande tildragingar. Til felles har det, alt saman, at det i si tid blei tildelt særdeles lite merksemd. I alle fall i heimlandet. Rough Trade Records i London hadde imidlertid snappa opp debutalbumet, og ein etterfølgande ep (Raining Pleasure), og platene hadde fått ei ikkje heilt ueffen mottaking i engelsk musikkpresse. Så bandet drog derfor like greitt til London, og slo seg ned der.

Arbeidet med album nummer to starta. Gil Norton blei hyra inn som produsent. Ein ung mann frå Liverpool som på den tida var relativt fersk i faget, men som seinare skulle skaffe seg eit solid rykte gjennom sitt arbeid med bl.a. Pixies, Throwing Muses, Foo Fighters og Patti Smith. Eit band denne Norton på den tida allereie hadde vore involvert med var Echo & the Bunnymen, og deira mektig flotte album Ocean Rain. Ja av alle britiske postpunk-album er det vel nett dette albumet Born Sandy Devotional nærar mest slektskap til. Eit slektskap som handlar om korleis det nakne og heimsøkte glir ut i det storslagent vakre og meislar seg fast der.

Før innspelinga av Born Sandy Devotional starta lufta David McComb nokre tankar om korleis han såg føre seg at plata skulle bli. Det skulle ikkje bli eit album beståande av eit samansurium av låtar han hadde liggande. Han ville skrive nye songar, og det skulle vere eit tema. «The theme will be unrequited love but the language will reach way above and beyond that» slo han fast. Eg vil hevde at han på det ferdige albumet oppfyller sine ambisjonar.

Born Sandy Devotional kjem ikkje smygande. Heilt utan innleiing, utan varsel stormar McComb si svaiande røyst inn i bildet med det same. «No foreign pair of dark sunglasses will ever shield you from the light that pierces your eyelids» syng han, og er i gang. The Seabirds er i svevet, og albumets tone blir satt. I eit australsk lys, frå eit eksiltilvære i London. Songen dirrar og den vaklar, blant psykiske strykarar og eit lengtande gitartema. Men det er snert i trommeslaga, og grunntonen er solid. Songtekstens hovudperson kjenner seg ikkje solid, han snublar, han blør, og ei kvinne spør «Are you drinking to get maudlin or drinking to get numb?».

Albumcoveret er eit foto frå Mandurah, ein liten australsk kommune sør for Perth. Vi ser eit fragment av landskapet Born Sandy Devotional er fødd utifrå. Vi ser strand og sand og mudder. I barndomsminne-songen Estuary Bed er det nett i dette utsnittet David McComb lar forteljinga vandre. Frå det idylliske barndomsbildet som no er ugjenkalleleg historie og over i ei notidig rastløyse som ikkje er historie. «Sleep no more, sleep is dead» syng ein Macbeth-inspirert McComb. «Sleep no more on the estuary bed» syng ein McComb som har opplevd illusjonar forvitra.

Born Sandy Devotional er ein albumtittel eg har grunna over. Den er ikkje heilt til å forstå, samstundes som den fortel ein god del om kva dette handlar om. Om fødestaden, om sanden, strendene, om å gje seg over. I tittelkuttet handlar det om ei jente, født Sandy Devotional. Og om han som tilber henne. Men tittelkuttet er ikkje ein del av det opphavlege albumet. Det dukka først opp, i ei halv utgåve, på albumet som fylgde ikkje så lenge etter, In the Pines. Fullversjonen – motorisk og bass-sterk – er først å finne på ei remastra utgåve av Born Sandy Devotional som kom i 2006, som ei tjueårs-markering. Der er det ein del andre låtar bandet dreiv på med på midten av åttitalet også. Slike som ikkje trumfar songane som i si tid hamna på plata. Då med mogeleg unntak for nettopp tittelkuttet, samt den sonisk kranglevorne Time of Weakness.

Tilbake til dei originale rillene. Der dukkar det etter kvart opp ein Chicken Killer. I ein song med eit vilt driv. «I knelt I aimed I missed I ran» erklærer songaren innleiingsvis, og hiv seg så inn i ei opprivande rock’n roll-ferd om kjærleik og død, og med få spor av ein lykkeleg slutt. To av songane der er det kvinna i bandet, Jill Birt, som syng. Begge har eit vesen som nærar slektskap til den engelske folktonen. På nokså ulikt vis. Tarrilup Bridge kan sende eit gufs ned ryggrada, medan Tender is the Night spreier ein melankolsk varme.

Skulle eg lage ein liten topp tre frå Born Sandy Devotional, ja så veit eg ganske så klart kva trekløver som hadde blitt med. Wide Open Road har eg presentert allereie. Ved sida av den ville Lonely Stretch ha regjert. Eit intenst drama med postpunk-bass og rivande takter fora på blues og gospel og støy. Bandet hadde nok drukke ein bra dose av Nick Cave & The Bad Seeds sitt debutalbum før dei hamna utpå dette køyret. «I took a wrong turn off of an unmarked track» opnar McComb og fortel så ei fortvila beretning om å hamne på villspor i eit landskap utan referansepunkt. Etterkvart kjem natta luskande og villreida veks. Då handlar det om ei kvinne også. Ei hovudpersonen har gjort urett. Angeren slår gnistrar rundt songaren i det han kastar seg over ei gammal gospelhymne som eit siste forsøk på å finne trygg grunn. – «Rock my soul in the bosom of Abraham, Guide me back to the bosom of Abraham».

Aller best av dette trekløveret er Stolen Property. Ein song eg no, i tretti år, har følt meg inderleg heime i. Ein ballade som flyt i både melodisk medgang og sonisk motstand. Av det slaget ein fort kan ty til ord som sfærisk, episk og mektig for å beskrive. Men ikkje det meir problematiske ordet svulstig. Stolen Property hamnar aldri der, ikkje i nærleiken ein gong. Den gror og den gjentar, den veks og den gjentar, den flyt og den høgg, og den er inderleg og ufatteleg vakker. Men den lar det vere med det. Den har eit vagt slektskap til Springsteen-låta Drive All Night. Stolen Property har også natta i seg, men den startar i regnet.

There’s someone standing in the rain like they have no place to go
Maybe that someone is you, maybe someone you don’t want to know

Songaren talar til eit Du. Det kan like gjerne vere ein måte å halde avstand til seg sjølv på. Etter nokre strofer blir så denne Du til «Darling», og eg anar ein viss sarkasme hos songaren når han slenger ut linjer som: «Darling you are not moving any mountains, You are not seeing any visions, You are not freeing any people from prison». Midtvegs i songen skjer det eit nytt skifte. Songaren oppmodar til å «let her run away». Så vender han seg til denne Du att, med tankar om henne – «She can’t hurt you now… She don’t belong here any more». Og så litt seinare, ei linje som er i slekt med sitatet eg starta omtalen med, frå Wide Open Road: «Reach out it’s getting darker now she’s not there». Før songen til slutt sluttar ro med seg sjølv i form av eit gjentakande «This is stolen property».  Her er melankoli og tristesse så det held, men songen har også ein liten sigerstemning i seg. Og ja, den har lutrande evner. Eg veit det, eg har prøvd det, fleire gonger.

 The Triffids blir framleis, i 2016, booka til ein og annan konsertarena. Men utan David McComb. Han døydde, etter ei lengre tid med helseproblem, i februar 1999, knapt 37 år gammal.

 

TIDAL: THE TRIFFIDS – BORN SANDY DEVOTIONAL

Patti Smith – A Hard Rain’s A-Gonna Fall

Standard

Som det har vore signalisert ei tid no: Dylan kom ikkje til Stockholm for å ta imot Nobelprisen. Men han sendte over ein takketale, og han sendte over Patti Smith. Ho gjer ein inderlig flott versjon av A Hard Rain’s A-Gonna Fall. Sjølv om ho på eit punkt i songen ramlar heilt utav det – og med eit tappert smil vedgår at stunda har gjort henne skikkeleg nervøs.

You’ll Never Walk Alone

Standard

Når det gjeld fotball er det litt dagen derpå her inne i Popkroken. Men eg fekk rista det litt av meg med denne punkrock versjonen av You’ll Never Walk Alone. Det er det livfulle Boston-bandet Dropkick Murphys som spelar så ølet skvett.

Like over nyttår dukkar låta opp som ein av elleve på ei plate med den lovande tittelen «11 Short Stories of Pain and Glory».

A Tribe Called Quest – We got it from Here… Thank You 4 Your service

Standard

Nittitalets beste hiphop-ensemble hadde litt meir på lager.                                             8

  Det har blitt litt tynnare i rekkene i 2016. Fleire musikarar har gått bort. Nokre rakk å gje ut ei bra plate på oppløpssida — David Bowie, Leonard Cohen. Det gjorde Phife Dawg også. I mars i år døydde han, men han rakk først å spele ei vital rolle på comeback-albumet til A Tribe Called Quest.

Det var nittitalet som var New York-kvartetten A Tribe Called Quest sitt tiår. Då stod dei for eit par av hiphop-historias aller sterkaste album. I 1991, i eit av dei verkeleg legendariske plateåra, gav bandet ut sitt andre album, The Low End Theory. På mi årsbeste-liste frå dette året smyg det seg elegant inn ganske så nær toppen. Noko det gjer med ein fusjon som den gongen, i 1991, ikkje hadde blitt nytta i særleg grad. Kvartetten slo nemleg fast at hiphop rima på bebop, og serverte ein jazzkrydra affære der groovet kitla, varmen oste, og samhandlinga mellom dei to rapperane Q-Tip og Phife Dawg glei som ein heit kniv gjennom smør. To år seinare kom dei med det mindre jazzinfluerte, ratt så funky og sterkt vanedannande albumet Midnight Marauders. Bygd opp kring refreng som fenga og ein sjeldsynt drivande samklang. Dei mekka i hop to album til før nittitalet var over. To som nok var noko daffare i ganglaget enn dei nemnte meisterverka. Og så blei A Tribe Called Quest oppløyst og nedlagt.

Oppløyst og nedlagt, men ikkje heilt ferdige. Dei hadde ein time til i seg, skulle det altså vise seg. No, atten år seinare. Ein time grunnlagt på overskot og ei ganske mangfaldig innstilling. For der The Low End Theory og Midnight Marauders kvar på sin måte er det eg vil kalle homogene album sprikar We Got it From Here… Thank You 4 Your Service i noko fleire retningar. Albumet har nittitalet i seg. Mest slik det fortona seg på Midnight Marauders. Men står ikkje fast der. Det er så avgjort 2016 også. Ein del av årsaka til det mangfaldige bildet ligg nok i talet på medspelarar og gjester. Frå tangenttraktørane Casey Benjamin og BIGYUKI til Chris Scholar og ikkje heilt ukjente Jack White på gitar. Elles stikk både tidlegare samarbeidspartnar Busta Rhymes og nåtidige namn som Kanye West, Kendrick Lamar, Anderson.Paak og André 3000 innom og låner bort røysta si.

CNN and all this shit, gone on now move with the fuckery
Trump and the SNL hilarity
Troublesome times kid, no times for comedy
Blood clot, you doing, bullshit you spewing
As if this country ain’t already ruined

Media presenterer «fuckery» i staden for skikkelege nyhende. Saturday Night Live synst det er til å le av. Det synst ikkje Phife Dawg, det er trøblete tider, og ein sprø presidentkandidat er ikkje noko å spøke med (Phife hadde vel neppe vore mildare stemt om han hadde levd til å oppleve at kandidaten til slutt enda opp med å bli valt til president). I vers to kjem Kendrick Lamar på banen og meislar fram bilde av blodutgyting og vald, og driv inn i eit mantra som går slik: «Sayonara tomorrow, it’s just blood on the ground». Låta heiter Conrad Tokyo, og er ein av fleire på albumet med ein ganske så tydeleg politisk brodd.

«It’s time to go left and not right» lyde det unisont frå Q-Tip og Phife Dawg i opningssporet The Space Program. Eit psykedelisk og funky nummer som tar for seg både det eine og det andre. Tanken om at det nok ikkje er plass til afro-amerikanarar på romskipa som skal frakta folk til Mars når den store klimakatastrofen veltar inn over verda («There ain’t a space program for niggas, Yeah, you stuck here nigga»). I neste omgang handlar space-programmet om gentrifiseringa som skjer rundt i amerikanske byar. Det store mantraet blir likevel at vi er i dette i lag, heile menneskeslekta, så «let’s make something happen».

All you Black folks, you must go
All you Mexicans, you must go
And all you poor folks, you must go
Muslims and gays, boy, we hate your ways
So all you bad folks, you must go

Her skulle det vel vere lita tvil om kva for ein fyr Q-Tip siktar til, kven han hentar desse orda frå. Han gjer det i låta We The People. Eit særdeles fengande og forrykande nummer om undertrykking og kyniske politikarar, der Q-Tip sine evner som melodisk rappar kjem skarpt til uttrykk. Noko det for så vidt gjer ein og anna plass elles også. I Melatonin til dømes. Ei låt der ein elektrisk gitar bringer tankane mine i retning av Prince, og der Q-Tip snakkar om pilleknasking og rusmisbruk som ein rømmingsveg bort frå ein verden som meir enn knirkar i hengslene.

Melodisk (og ikkje så lite sjelfylt) er også Anderson .Paak, når han på Movin Backwards gjer sin beste innsats for året (jepp, hakket betre enn på sitt absolutt dugande soloalbum — Malibu). André 3000 er på si side bra medverkande til at det jazzige nummeret Kids… tar fyr, med si gjentakande oppvekkingsstrofe «Kids, don’t you know how all this shit is fantasy?».

Heile sulamitten er spelt inn i Q-Tip sitt studio, som han har bygd i sin eigen kjellar. Som hovudprodusent har han hatt éin regel, og det er at alle deltakarar har måtta møte opp der for å framføre sitt bidrag. Eg ser ikkje bort ifrå at nett det har gjort sitt til at albumet er blitt så friskt og vitalt som det er blitt. Slik ein kvar svanesong vel eigentleg burde vere.

TIDAL: A TRIBE CALLED QUEST – WE GOT IT FROM HERE… THANK YOU 4 YOUR SERVICE