Category Archives: 2004

Musikalsk årsoppgjer for 2004

Standard

Endå eit år er kome til sin ende, og det er tid for den særdeles viktige oppsummeringa; Årets beste plater. Skjønt den med tanke på kva som skjedde 26. desember i det Indiske hav, fortonar seg som ein mikroskopisk bagatell.

Etter nærare ettersyn vart eg sitjande att med drøyt 20 album som eg syntes fortjente plass på lista (så det må ha vore eit brukandes år). Her på Groove skal ein imidlertid ned i 10 stykk, så derfor var det berre å setje i gang og kutte ytterligare ned på antallet.

Desse 12 vart ein etter ein, og nokså ufortent fjerna frå lista:
The Gospel Of Progress – Micah P. Hinson
Rejoicing In The Hands – Devendra Banhart
The Graceful Ghost – Grey DeLisle
Cathedral – Castanets
Winged Life – Shearwater
Escondida – Jolie Holland
Amasskoul – Tinariwen
Stories Under Nails – Ben Weaver
Great Lake Swimmers – Great Lake Swimmers
Favourite Colours – The Sadies
Franz Ferdinand – Franz Ferdinand
Seven Swans – Sufjan Stevens

Ingen norske altså, korkje blant desse eller dei ti ”heldige” vinnarane. Men både Tussler, William Hut, Euroboys og nokre til har levert solide saker.

Så til dei ti utvalgte:

1. A Ghost Is Born – Wilco
Etter eit meisterstykke kjem ofte eit antiklimaks. Yankee Hotel Foxtrot var eit meisterstykke, men A Ghost Is Born er ikkje eit antiklimaks. I staden serverer Wilco nok eit meisterstykke, og tek samstundes eit skritt vidare på si innovative oppdagarferd i rock-universet. Albumet skil seg frå forgjengaren først og fremst med å redusere på mengden av synthbaserte og maskindrevne lydinnfall. Bildet er meir jordnært og varmt, enn dei noko bistrare og eksotiske strekane bandet farga (med magnetisk kraft) forrige gong. Fortsatt skuer Tweedy og hans medsamansvorne villig inn på uutforska territorier. Men aldri gjer dei slikt for å være sære, vanskelige eller pretensiøse. Her er ingen fakter og tull og tøys, berre pur kjærleik til musikken. Og sjølv om bandet er eit prosjekt i stadig endring har dei også sin lett gjenkjennelige signatur. Den står skreven der, innimellom den store handlefridom, dei lettbeinte utfluktene, den dempa uroen, og det åpne minimalistiske bildet, bakom Tweedy sine resignerte men sjelfulle vokale avleveringar, i hjarta av hans låtskrivarkunst.
Han avsluttar albumet med å hevde at; ”the best songs will never get sung”.
Sjølv om den påstanden kan virke nokså kategorisk trur eg det er nett desse songane, dei beste, dei usungne, Tweedy og hans Wilco heile tida jaktar på. Og dei tolv han har fanga denne gongen, og gjeve ein sonisk fødsel i ei mangefarga spøkelsesdrakt må då komme veldig nær nett slike skussmål.

2. Aw Cmon / No You Cmon – Lambchop
Eit dobbeltalbum eller to separate album? Det kan egentlig være det same. Det viktigaste er at Kurt Wagner og hans kollektiv fortsatt viser at dei er totalt immune mot å prestere likegyldige og daffe tone-framstøt. I forhold til dei seinare utgjevingane og spesielt den ekstraordinært sordinerte Is A Woman, har dei denne gangen retta opp ryggen og sett seg litt lenger fram på stolkanten. Dei talrike instrumentalistane har fått tildelt ei meir dominerande sonisk rolle, og overdøyver rett som det er Kurt sin vokal. Like fullt, det er herr Wagner som styrer vogna fortsatt. Med vokale tonar henta frå eit djupare bass territorium enn nokon gong før, smyg han seg rundt blant eit rikt antall meisterlige komposisjonar. Ja Aw Cmon / No You Cmon står faktisk fram som bandet sitt mest varierte og rikast fasetterte framstøt til nå, og er eit oppkomme av storveges Lambchop-klang. Litt annleis, men likevel kjent og kjært.

3. Chutes Too Narrow – The Shins
Denne kom opphavleg ut i oktober 2003, men fekk først i mars 2004 sin offisielle release i Norge. Og sidan det først var då den nådde mine øyregangar, blir den med på årets liste.
Frå dei lynsnart klappar sakene i gang, tett fulgt av eit kvikt ”woooh” på Kissing The Lipless, blir ein teken med på ei ferd inn i ei fargerik verd, der heftige hooks og briljante tonar presenterer seg i så tett ordning at ein aldri klarer å tørke vekk det fornøyde gliset før lenge etter at siste plystre-tone i avslutningssporet har lagt seg til ro. Tru likevel ikkje at dette er eit ”kjekt i dag gløymt imorgon opplegg”. Melodilinjene til The Shins har både substans og varig dynamisk kraft, og fylgjer slett ikkje alltid den aller mest opplagte ruta. Tekstane er glede, smerte og angst i eit surrealistisk fellesskap. Tilsaman er seansen den friskaste omgangane med tradisjonell popmusikk slik Beatles lærte oss den sidan The La’s kom vandrande utav Liverpool sine bakgater i 1990 (og forsvant like fort tilbake).

4. Dogs – Nina Nastasia
Endå eit album som eigentlig ikkje tilhøyrer 2004 årgangen. Dogs er Nina Nastasia sin debut, og fant vegen ut til publikum for første gong ved inngangen til dette årtusenet. Det gjorde den i eit svært begrensa antall (2000 eksemplar). Og har sidan vore umulig å finne for oss som fant fram til Nina si verd seinare. I år har den blitt trykt opp på nytt, og takk for det.
Nina er ein sjeldan fugl. Ein singer/songwriter med sterke låtar, personleg stemme og ein original innfallsvinkel. Ei dame som ikkje skuar i retning vedtatte normer for låtoppbygging, som tør å leve litt på sida av det gjennomsnittlege og sjølvsagt vinn mykje på det. Først og fremst fordi dei ulike angrepsvinklane ho nyttar seg av, gang på gang skapar praktfull dynamikk. Der ute på kanten, der det nennsomme rett som det er blir utfordra av det desperate. I det eine augeblikket kjempar ho mot lumske kastevindar, i det neste lener ho seg tilbake ei stille morgonstund, for så kanskje like etter å vitje skuggane i skumringstimen. På det tekstmessige plan er det vel sistnemnte tilstand som oftast blir frekventert. For Nina lar oss ofte møte kvinner og menn som stirar katastrofen i augene, som har eit hjarta innkapsla av bitande og angstfylte gifttrådar, som har mista grepet på tilværet, og der utfallet sjeldan ser ut til å bli av det gode.
Steve Albini har produsert, og lar Nina være i sentrum. Det er minimalistisk, usminka, vakkert og forførande.

5. Abattoir Blues / The Lyre Of Orpheus – Nick Cave & The Bad Seeds
Det er ein del år sidan no at det verkeleg slo gnistar rundt Nick og hans medspelerar. Ti år for å være nøyaktig. Med årets dobbelutgåve har mannen funne tonen igjen. Spelet er det same gamle velkjente, sjølv om det nok ikkje er like frenetisk og overoppheita som i mannen sine yngre dagar. Men det han skulle mangle av dristige utspel tar han igjen i smart struktur, sterk melodikk og generell rutinert faenskap.
Det kanskje dårligaste frøet av dei alle Blixa Bargeld har tatt farvel med laget. Men når den villaste katten har reist sin veg, tek dei andre til å frese litt ekstra. Kanskje skal dei innbudte gjestene frå London Gospel Community Choir og deires vitale og elegante sangglede få litt av skylda for det flotte resultatet også.
To innhaldsrike rundar med høgoktan gospel, inspirert blues, monumentale raid, flørting med poptonar, lumsk lusking, sakrale hymner samt omskriving av ein gresk tragedie.

6. Funeral – The Arcade Fire
Prisen for årets debut går til denne sekstetten frå Montreal. Ekteparet Regine Chassagne og Win Butler leiar an ei ferd rik på vanedannande musikalske opptrinn. Det går an å gjere det enkelt for seg og nemne Talking Heads, Gang Of Four, Flaming Lips, Pixies, Roxy Music og fleire andre, men Arcade Fire er meir enn summen av alt dei liknar litt på. Arcade Fire har med utgangspunkt i det som har blitt utvikla tidlegare meisla sitt eige uttrykk. Med mot, eit ope sinn samt eit arsenal av instrument skaper dei eit mangeslungent uttrykk, som spenner frå det overveldande via det kvilelause og febrilske til det tandre. Med ein fabulerande og undrande, av og til nesten naiv, innfallsvinkel oppdagar hovudpersonane i låtane deires eit nabolag og ein verden av løgn, smerte, lengsler og død. Det kunne blitt over toppen og patetisk, det blir glødande, vakkert og uimotståelig.

7. Trampin’ – Patti Smith
Trampin’ femner om eit breidt register, frå den skjøraste tone til dei mest infernalske raid. Frå personlege nedteikningar til sterke politiske og dagsaktuelle ytringar. Frå romantiske forestillingar via pretensiøst ordgyteri til kraftfulle utsegn, rikt krydra med fabelaktig surrealisme og vakre lyriske bilder. Det sentrale øyeblikket er like fullt det kraftfulle rittet Radio Baghdad. Tolv minuttar som er både dagsaktuelle og evigvarande. Tolv minuttar vekslande mellom sang, deklamering, kviskring og høglydte sukk. Tolv minuttar med same intense nerva vi fant i klassiske rock’n roll rekviemer som Land, Gloria, Radio Ethiopia og Rock’n Roll Nigger. Tolv minuttar med eit heilt anna verdensbilde enn den amerikanske administrasjonen. Tolv minuttar som får meg til å minnast kvifor eg tok til å elske Patti Smith, ein gong i det forrige årtusen.
Mykje bra blant dei resterande kutta også, både blant dei sakrale balladane og dei drivande rockenummer. Trampin’ er kort fortalt det beste dama har gjort sidan Easter, ein gong i det forrige årtusen.

8. Love Songs For Patriots – American Music Club
For ti år sidan var det stopp, gjengen som hadde gjeve oss California, Everclear og Mercury gjekk kvar sin veg. No har den vegen endelig ført dei saman igjen, og her presenterer Eitzel og hans klubbmedlemmer tretten låtar og ein time i velkjent AMC fasong. Det betyr musikk vaklande mellom dei varaste tonar og el-gitar feedback, forstyrra bassgangar, og anna glødande grums. Musikk som er free folkrockin’ nedover ein grusveg få andre tør følgje, men som hentar inspirasjonen frå store deler av det amerikanske musikk kartet; rock, folk, blues, country, jazz.
Frå sitt skeive hjørne har Mark Eitzel stadig noko å melde, både som sjelegranskar og som skildrar av meir politisk karakter. Og sjølv om det er livet sine mørkare irrgangar som oftast blir granska, og samfunnsynet hans er heller pessimistisk, så viser han på Love Songs For Patriots at han og har eit lite lyst glimt innerst i augekroken.
Årets comeback, og eit nytt kapittel i AMC sine makelause bulletiner frå dei skrå breidder.

9. Blueberry Boat – The Fiery Furnaces
Med utgangspunkt i søskenparet Friedberger sin interesse for The Who sine rock-opera tilfeller A Quick One (While He’s Away) og Rael legg Blueberry Boat til land med ei musikalsk last fylt til randen (eller kanskje helst over randen) av fargerike, fantasifulle og smått infame soniske påfunn. For sjølv om The Fiery Furnaces drikk av kjelder også andre har forsynt seg frå, ser det ut som effekten blir noko annleis når dette amerikanske søskenparet får stoffet innabords. Allereie på sitt friske og vindskeive debutalbum Gallowsbird’s Bark, frå i fjor, framstod dei som noko litt for seg sjølv. Men klarer likevel å plassere seg endå nokre hakk lengre vekk frå normal folkeskikk her på oppfølgjaren. Med tonar hente frå ulike hjørner av rockehistorien, cabaret-formen, musikalar, spenstig folk og …. tja, litt av kvart igrunn, serverer dei ein ordrik, vanvittig og surrealistisk seanse, vel verdt å få med seg.

10. Antics – Interpol
Med ein debut bak seg som fullt fortjent fekk mykje godord for sitt mørke og suggestive vesen, kan det ikkje ha vore berre lett å forme oppfølgjaren. Dei mest slåande endringane i forhold til debutskiva er at Paul Banks sin vokal er plassert lengre fram i bildet, tonen kan virke litt lysare, og ein del av låtane viser seg å ha kvaliteter i retning popdrops-lende. Slik blir dette noko litt anna, men og ei plate som har minst ein fot trygt plassert innafor det same feltet dei dreiv rundt på sist.
Bandet sin tone har stadig sine tydelige likhetstrekk med britiske new wave aktørar som Joy Division, The Sounds og Echo & The Bunnymen, men er fyldigare og meir velkledd. Det er tøft det er coolt det er stillstand i møte med eksplosivitet, det er smarte taktskifter og eggande rytmegangar, og på toppen av det heile injiserer dei stoffet med særdeles velutvikla dosar tiltalande melodilinjer.

Og når vekene, månadane og åra no har gått ser eg sjølvsagt at desse platene også burde ha vore nemnt, og kanskje til og med blitt tildelt atskilleg med skryt, i denne samanhengen:
The Walkmen – Bows + Arrows
Dungen – Ta Det Lungt
Devendra Banhart – Nino Rojo
Iron & Wine – Our Endless Numbered Days
Black Cab – Altamont Diary

William Hut – Days To Remember

Standard

Countryinspirert frå den melankolske bergensar denne gongen, vakkert, vent og velordna.

cover  To plater på åtte månader. Det var slikt dei dreiv på med på seksti-talet, det. Men for all del, det er heilt greit å bringe tradisjonen inn i det 21. århundre også. I alle fall så lenge platene er bra. Og det er nett det dei to til William Hut er. Januar 2004-utgjevinga Fashion Park var ein flott melankolsk poptriumf. September utgjevinga Days to Remember er ein fin melankolsk countryaffære.

I april vitja William New York og Boston, og endte opp med å spele inn stoff til ei ny plate. Bortsett frå Hut sin faste våpendragar, tangent-traktøren Bjørn Bunes, er albumet befolka av amerikanske musikarar denne gongen. Men det er heldigvis ikkje blitt ein av desse «nordmann med country-ambisjonar dreg til junaiten for å få den rette feelingen, og går istaden rett på trynet» opplegga. Vel, når det gjeld Hut hadde eg i grunnen blitt overraska hadde noko slikt skjedd. Han er liksom ein litt for smart låtskrivar og artist til å gå i slike feller.

Det er sjølvsagt ikkje country av den fele-sprelske og jodlerike sorten vi blir servert, men 11 spor som sjeldan bevegar seg særlig langt utanfor eit vemodsfullt ballade-landskap. Alt farga i vakre, vene og velordna tonar. Der instrumentelt rufs og snusk aldri prøver å trenge seg på. Kanskje burde det av og til gjort det? For mitt einaste vesle ankepunkt måtte være at det kan bli litt for likelydande og motstandsfritt i lengden. Men det finst jo stunder der melankolien gjer seg best når den stryk medhårs, så derfor endar eg opp med å ta vel imot det aller meste.

Åpningssporet Hometown får meg til å tenkje eit par tankar i retning Bruce Springsteen, kanskje mest fordi den karen nærmast har tatt patent på nokre av begrepa og utsagna som dukkar opp; «local heroes», «driving dad’s car in my hometown». Men meir typisk for seansen er det når tankane driv i retning; «dette hadde slett ikkje gjort seg bort på ei Emmylou Harris-plate». Klarast manifistert i låtar som Half Way Through Silence og tittelsporet. Sistnemnte ein twangy og sterk sak om minner, og fridomen sine paradokser.

Hut har også litt meir enn produktiviteten til felles med Ryan Adams, countrysoul-låta By the Seaside byr nemlig på nokre orgel-linjer med nære slektstilhøve til Adams-låta Nobody Girl. Singelen Springtime Blues og nydelige Daydream Fight manar også fram nokre vage Adams-assosiasjonar. Og då er vi nærmare Pneumonia enn Love Is Hell, både i tone og kvalitet. Hut og hans menn gjer og ein solid versjon av Hank Williams-låta The Log Train, fint krydra med både banjo, mandolin og dobro. Instrument som også smyg seg på plass, saman med ein smektande el-gitar, i den lengtande pianoballaden I’m Dying to See You Again.

Han pirrar tårekanalane, men blir ikkje ubehagelig sentimental. Han smiler sjeldan, men er heller ikkje overstadig ulykkelig. Helst er han å treffe «on a faded highway, just this side of lonesome».

Skal du ha ei William Hut-plate frå 2004 bør du nok likevel velgje Fashion Park. Men då skal du samstundes vite at det slett ikkje er så dumt å ha to heller.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

Shannon Wright – Over The Sun

Standard

Den elektriske gitar sagar piggtråd, og tekstane vekslar mellom fortviling og stridslyst.

cover  Det er kun tre personar kreditert på innercoveret her. I tillegg til Shannon Wright på vokal, gitar og piano er det Christina Flies på trommer og ikkje ukjente Steve Albini som innspelingsansvarleg. Her skulle det ikkje være fare for overproduksjon, med andre ord. Og det er i sanning eit primitivt og temmelig ubehandla bilde som kjem til syne på Shannon Wright si fjerde plate. Der hennes elektriske gitar sagar piggtråd, der tekstane vekslar mellom fortviling og stridslyst, men svært sjeldan tilbyr forsoning.

Shannon Wright starta sin musikarkarriere i poptrioen Crowsdell, og deires debutplate Dreamette vann ein viss respekt i mindre indiepop-kretsar på midten av 90-talet. Oppfølgjaren vart spelt inn men aldri gitt ut, og Shannon flytta desillusjonert ut på landet og sa seg ferdig med musikken. På tampen av årtusenet dukka ho likevel opp igjen, åleine denne gongen, med den akustiske folkrockplata Flightsafety. Dei seinare utgjevingane hennes har stått fram i eit noko meir uregjerlig lydbilde. Og ikkje minst har live-opptredande hennes eit rykte på seg for å være ganske så frenetiske opplegg.

Og frenetisk kan vi vel trygt seie at Over The Sun også er. Med sine brutale gitarkaskader og sine blødande tekstlinjer er det ikkje akkurat balsam for sjela Shannon har å tilby. Det ho har føre seg her kan faktisk minne ein god del om det P.J. Harvey gjorde på sine første album. Men heilt Polly-klasse er det nok ikkje. For sjølv om dette er uforfalska og likefram, og det er stunder som kan røske både i sjel og kropp, er ho nok ikkje heilt i toppdivisjonen verken som låtskrivar, sangar eller dynamikkskapar. Punktonen og aggressiviteten ho legg opp til er både kvass og flott. Likevel blir den til tider nesten for pågåande og drep dermed noko av den dynamikken som burde vore her, og som i alle fall kjenneteiknar P.J. Harvey når ho er på sitt beste. Litt av dei samme innseiingane har eg og mot den repeterande linja ho fører. For både når det gjeld ordlinjer og akkordlinjer blir desse ofte gjentatt og gjentatt. Det har ein suggerande effekt som slett ikkje er ueffen, men samstundes blir det av og til rett for mykje og står i fare for å bli trøttande istaden.

Dei beste låtane finn eg i hjartet av albumet. Her dukkar den mørke og seige You’ll Be Death fram. Throw A Blanket Over The Sun er i likhet med det meste på albumet slett ingen lystig sak, men er melodisterk, vitalt avbalansert og kløktig oppbygd. Sjekk det stadig repeterande «no love is here». Effektfullt. Når ho så lar gitaren ligge i ro, og trør til med både nennsomt og dramatisk pianospel i den jazzige Avalanche, er det både ein velkommen variasjon og ein tiltalande låt ho byr på.

Litt for ujevn og oppjaga til å bli ei storveges totaloppleving. Men ho har såpass til stunder at den nok kan komme til å bli oppsøkt på nytt att likevel.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

 

Willard Grant Conspiracy – There But For the Grace of God

Standard

I eit varleg leie og heilt utan hastverk i sinn har denne gjengen i snart ti år levert sine melankolske bilete. Her er 17 av dei samla.

cover  Fem studioalbum, ein Fishtank-splitt med nederlandske Telefunk, eit par liveplater samt eit tosifra tal turnear har Willart Grant Conspiracy bak seg, utan at så veldig mange har fått det med seg.

Med There But For the Grace of God prøver Robert Fisher og medsamansvorne å nøste ihop nokre trådar, og samlar saman 17 låtar frå desse åra. Ei samleplate, med andre ord. Det er den tyske labelen Glitterhouse som er utgjevar, og plata er berre ute i Europa. Ikkje så veldig merkeleg kanskje, for i den grad amerikanarane i WGC har ein fanskare er det på dette kontinentet den er å finne. På den andre sida er jo ei slik plate ein muleg døråpnar mot potensielle nye lyttarar, så kanskje USA utgjeving kunne vore lurt likevel.

Fem av spora på samlinga er ute på plate for første gong, men fire av desse er berre andre versjonar av låtar som er å finne på studioalbuma. Dermed er det lite nytt å hente her for folk som har fylgt bandet frå starten av. Sjølvsagt vil venner av WGC sitt univers finne desse alternative versjonane interessante, nokre er også heilt på høgde med dei offisielle. Vil likevel tru at entusiastar finn frontfigurane Robert Fisher og Paul Austin sine kommentarar til kvar einskild låt som den viktigaste bonusen her. Eller kanskje Love Doesn’t, den fine pianoballaden som berre har vore b-spor på ein promosingel frå før.

Willard Grant Conspiracy er slik namnet tyder på ikkje ein heilt vanleg bandkonstellasjon. Både i studio og konsertsamanheng har dei i periodar tald opptil 14 aktørar. Dei drivande kreftene i konspirasjonen har likevel først og fremst vore duoen Robert Fisher (vokalist og låtskrivar) og Paul Austin (gitarist og låtskrivar). På forrige plate Regard the End (2003) spelte imidlertid Austin ei meir anonym rolle, så pr. i dag er WGC i stor grad eit Fisher-prosjekt.

Sidan tidleg åttital har Fisher og Austin figurert i ulike musiserande konstellasjonar. WGC vart ein realitet på midten av 90-talet då dei var innom for å teste det nye studioet til kompis Dana Holloway (med gateadresse Willard Grant, derav namnet). Debutalbumet kom i 1996, bar tittelen 3am Sunday @ Fortune Otto’s, og er representert med heile fire spor på denne samlinga (berre tredjealbumet Mojave er representert med fleire). Litt underleg, kanskje, sidan dei også er dei fire svakaste låtane her, og gjev til kjenne eit band med eit noko uferdig uttrykk. Kvar enkelt av dei er for så vidt heilt greie, men dei vert litt grå og einstonige. Demo-versjonen av Bring the Monster Inside er derimot ein annan skål. Låta skulle seinare dukke opp på andreplata Flying Low i ei noko fyldigare drakt. Her er den naken (to akustiske gitarar og song), fokusert og nådelaus. Minst like bra er Evening Mass, ein atmosfærerik og mektig sak i Nick Cave-trakter, der særleg Erich Groat si pågåande mandolinplukking vert lagt merke til.

Fem av låtane her er å finne på WGC si kanskje beste plate, Mojave. To rett nok i andre versjonar. Rainbirds er den same låta som på Mojave heitte Right On Time (dei skifta i si tid tittelen då Sparklehorse dukka opp med sin Painbirds). Ei låt i toneflott utforming om innestengde kjensler og andre disharmoniske tilhøve. Edith Frost korar. På andre låtar er Jess Klein innom og syng med. Eit inntektsgjevande grep, slikt blir det nemlig fleire nyansar av. Slik som på vakre Another Lonely Night, endå ein av desse triste her-er-det-ingen-gode-kjensler-igjen affærene. Sticky var ein dyster folkbluesdjevel på Mojave. Her er den å høyre i ei meir støyande (det hender dei drar på litt) og minst like guffen drakt, med inspirasjon henta frå den same flaske Mark Lanegan ofte har drukke av.

Christmas In Nevada frå Everything’s Fine (2001) er WGC i sitt meir lyse hjørne. Tempoet er skrudd opp nokre hakk, og det er orgeldriv og cajunfakter. Kjekk sak. Ballad of John Parker frå same album er på si side folkrock av det meir sjøsjuke slaget. At dei to siste platene til bandet tilsaman berre får med tre spor gjer vel kanskje eit litt skeivt bilete av korleis kvalitetane er fordelt i diskografien deira. The Trials of Harrison Hayes (einaste frå femteplata Regard The End) viser nemlig med melodisk styrke at Fischer stadig kan grave fram tonar av solid interesse. Det gjer jo heller ingenting at han får hjelp av førnemnte Jess Klein, og at det er ein forunderleg historie om ein forunderleg karakter som vert fortald. Dig a Hole som avsluttar er ein dyster sing-a-long om død og forderving. Var også å høyre på In a Fishtank-utgjevinga i ei litt anna utgåve.

Er Willard Grant Conspiracy eit band du enno ikkje har opna døra for, og du trivst med musikk i The Walkabouts, Tindersticks og The Triffids tradisjonen? Ja då skulle denne samlinga vere eit utmerka høve til å invitere dei innafor.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

Tom Waits – Real Gone

Standard

Meir mørk og lumsk primal blues, kubist funk, grøftekant-balladar og intoksikert jazz frå Waits, men…

cover  Det store spranget gjorde Tom Waits i 1983. Etter ti år som låtskrivar og crooner av den noko uortodokse sorten skapte han seg eit heilt nytt forum. Swordfishtrombones, som var først ute, og Rain Dogs, som fylgde to år seinare, utgjer klassikarduoen i dette skrangleforumet av grøftekant-balladar, nede i kjellaren-blues, skrothaug-symfoniar, intoksikert jazz, og ein del andre krumsprang litt utanom det vanlege. Seinare har det med ujamne mellomrom dukka opp nye innspelingar frå det same hjørnet. Tonen har nok variert litt frå gong til gong, men aldri pensa inn på heilt nye spor. Det har vore sterke album som Bone Machine og Mule Variations, men og mindre heldige affærer som Black Rider. No, to år etter simultanutgjevinga av Alice og Blood Money er Waits klar med nye tonar frå dei skrå breidder.

Og på Real Gone balanserer han lenger ute på tippen enn nokon gong før. Ja han er så langt ute at hans kjære piano (som har vore med heilt sidan han entra podiet tidleg på 70-talet) har tippa utføre og blitt borte. Tilbake står han så med sitt mest strippa og usminka lydbilde til dags dato. Det er mørkt, det er kaldt, og det er skarpe lydar. Rytmane enten dei gjer seg til kjenne som nådelaus tromming, skitne og skranglete percussion lydar, eller er røysta til Waits på ein rytmeboks (boom-chicka-boom) ligg langt framme i lydbildet.

Blant skuggane, bakom barske hjørner eller på slitne motel lever, elskar, hatar, syndar, strevar, svindlar og dør desse skikkelsane Waits stadig finn plass til i sine songar: Skinny Bones Jones, Piggy Knowles, Sing Sing Tommy Shay, Joel Tornabene, Knocky Parker, Bowlegged Sal, Everett Lee, Saginaw Calinda, Horse Face Ethel, One Eyed Myra, Funeral Wells. Og innimellom dukkar også ånda av skikkelsar som opprinnelig gav seg til kjenne i eldre skrifter opp; Abel og Kain, Djevelen, Gud og Jesus of Nazareth.

Eksistensielle saker blir tatt opp frå eit perspektiv der balansenerva er litt meir i utakt enn godt er. Feberen rår, svetten dryp, rottene luskar, spøkelsa kviskrar og det er meir enn berre røyken som stenger for sola. Langt nærare det ultimate mareritt enn rosenraude dagdraumar, altså, og ved sida av Bone Machine Waits sitt mørkaste verk. Men albumet klarar ikkje å fange meg like solid som Bone Machine gjorde. Primalbluesen blir ofte for einstonig til at den klarer å finne vegen frå skrothaugen sine lumske gangar og inn i interesse-sfæren til ein som står litt på sidelinja. Slik som på det tonlause, kavande og beint fram kjedelige åpningssporet Top of the Hill. Eller på Shake It som slett ikkje gjer kva tittelen antydar. Og den over ti minuttar lange Sins of the Father er ein godt fortald historie, men plassert i eit heller uinteressant melodiselskap.

På den andre side har vi Metropolitan Glide, ein djevelsk skarp, original og herlig støyande bluesaffære der Waits spyttar, spyr, stammar og manar fram bilder frå ein vilter happening. Fristande å vandre saman med er mannen også når han, med god hjelp av tiltalande tonar frå Marc Ribot sin gitar, hinkar over i ein buldrande sjømannsvise-verden og innbitt gauler Hoist That Rag. Solid inne på lista over slikt vi likar finn vi og den slepande, jazzige tragedien Dead and Lovely, og den djupt smertefulle balladen Make It Rain.

Heilt til slutt kjem så den varlege og vakre Day After Tomorrow, og her har Waits bevega seg bort frå skrothaugen og midt inn i den politiske kvardag. Lagt i munnen på ein ung amerikansk soldat blir det fortalt, utan banalitet og føleri, om (Irak)krigen sine absurditeter, løgner og redsler. Ein personlig betraktning, men med klar adresse til stupide krigshissarar både på Waits sin heimebane og andre stader i verden.

Neidå, Waits er slett ikkje utgått, det er berre det at skoa blir litt vel trange ved enkelte høve denne gongen.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

 

Volcano, I’m Still Excited – Volcano, I’m Still Excited

Standard

Eit snodig bandnavn, litt uortodoks instrumentering, men ellers; lite å bli oppglødd av.

cover  Ein gjer det kanskje ikkje så veldig enkelt for seg sjølv når ein velger å kalle bandet sitt Volcano, I’m Still Excited!!. Når ein i tillegg plasserer eit billig Casio-keyboard sentralt i lydbildet, og satsar på å klare seg utan bass, er ein vel i grunn litt ute til venstre for eit gjennomsnittleg poprock-orkester. Og i utgangspunktet er jo det slett ingen dum plass å være. Nå er det likevel slik at denne New York-baserte trioen ikkje heilt lukkast her på si debutplate. Dei streifar rett som det er innom fine poptonar, men det er noko i arrangeringa av det heile som blir litt mangelfull. Litt tynt, -kanskje burde dei tenkt bassgitar likevel. Litt klumsete, av og til definitivt sjarmerande, men litt for ofte irriterande. Litt stereotypt, det kunne nok gjort seg med litt meir breidde i låtutvalget. Tilsaman gjev alt dette eit inntrykk av eit noko uferdig band.

Eit band der frontfiguren Mark Duplass litt motvillig har måttet ty til keyboard som sitt hovedinstrument. Det har seg nemlig slik at mannen har pådratt seg ein smertefull og kronisk scenebetennelse som gjer det umulig å fortsette med gitaren, hans opprinnelige instrument. Dermed blir lydbildet deires på eit vis også ein dyd av nødvendighet. Noko som vel kanskje bør påkalle i alle fall ein liten dose sympatiske kjensler hos lyttaren. Like fullt klarer eg ikkje heilt å få den store foten for desse 40 minuttane med einvegskøyrt og hastig poprock.

Det startar for så vidt lovande. Etter ein kort kaotisk ouverture, kling 2nd Gun i gang, i fint driv og med eit skarpskodd refreng. Rundt neste sving er det a cappella og kjærleikslengsel i Trunk of My Car, før vi blir presentert for ein Joe Jaxon i fin popflyt. Slett ikkje ulikt noko ein skarp engelskmann med nesten identisk navn kunne snikra i hop i sine New Wave dagar. Men så har dei liksom brukt opp kruttet, for på resten av plata gjentar dei stort sett seg sjølv i litt gråare og meir stakkato vendingar. Ein kunne saktens trekt inn andre engelskmenn som Elvis Costello, Squeeze og Any Trouble for å finne melodiske slektningar, men, eg veit ikkje om det er så nøye, for dei vulkan-begeistra amerikanarane er nok kvalitetsmessig nokre divisjonar under. Ennå, i alle fall.

4/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

Unknown Joe – My Secret Lookalike

Standard

Ein syngande musikkskribent og hans gode hjelparar.

cover  Erik Fossen skriv om musikk i Bergens Tidende. Han skriv bra, og har god musikksmak. Han likar veldig godt Wilco, Neil Young, Beatles, Lambchop og Bob Dylan. Sgt. Petter som i 2003 gav ut den fine countryrock plata It’s a Record er ein god venn av Fossen. Så når Fossen kler seg i musikkutøvar-drakt og kallar seg Unknown Joe er sersjanten fremste medhjelpar. Slikt blir det poprock med country- og visetonar av.

Det første som slo meg når eg sette på denne plata var; hmmm… Nick Drake? Den ideen har nok avteke ein del etterkvart, men det er noko med den halvkviskrande måten Joe syng på som minnar om Drake. Åpningssporet The Last Lost Song samt eit par andre har også noko Drake-aktig over seg i melodiføringa. Dette er likevel ikkje den dominerande kjensla lenger, den går meir i retning kompis Petter, tidleg Wilco og fleire av desse banda som miksa country og poprock på 90-talet. No Depression kalte vi det den gong.

Det finst avgjort saker på My Secret Lookalike som rettferdiggjer utgjevinga. Til dømes popsaken Everyone Tells Me med sine sympatiske harmoniar, eller den spretne og artige Happy Pants. Dei poptastiske og spektakulære utskeiingane overlet imidlertid Joe til andre. Det er meir musikk av det slentrande og bedagelige slaget denne karen har føre seg. Sjarmerende som på den lett daffande I Do Believe, med si trusvedkjenning til rock’n’roll og heile dens vesen. Fastast i countryklisteret sit fyren i den dugande og presist titulerte (Just Another) Country Song. Steelgitaren er sjølvsagt på plass, og er med å hale i land ein fin sak som New Stains In My Heart. Aller best trur eg likevel den melodisk poengterte og elegant countryrockande Something Like Soul er.

Nå er ikkje alt berre vel og bra med denne plata. Det finst spor av svakare karakter, og det heile kan bli litt vel likelydande å ta inn i ein jafs. Joe og hans medsamansvorne tek nok heller ikkje dei store sjansane, dei held seg på oppgådde stiar. Ved neste korsveg vil det truleg være eit smart trekk frå Joe å gjere som sin musikalske helt Jeff Tweedy og utforske litt meir uprøvd terreng. Men inntil den tid går det altså an å slenge beina på bordet og kose seg med fleire av låtane på My Secret Lookalike.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)