Category Archives: 2006

Musikalsk årsoppgjer for 2006

Standard

Jodå, 2006 har vore eit dugande musikk-år, det. Så når den sedvanlige årslista skal skjærast ned til dei vanlige ti, er det minst like mange som står igjen utan at eg har noko god forklaring på kvifor dei står der, og ikkje her. Det minste eg kan gjere er å nemne dei: Band Of Horses (Everything All the Time), Joanna Newsom (Ys), Calexico (Garden Ruin), Willard Grant Conspiracy (Let It Roll), Espers (Espers II), Richard Swift (Dressed Up For The Letdown), Bonnie Prince Billy (The Letting Go), The Black Angels (Passover), Rosanne Cash (Black Cadillac), Margot & The Nuclear So and So’s (The Dust of Retreat), Oakley Hall (Second Guessing), Lambchop (Damaged), Pink Mountaintops (Axis of Evol), Nina Nastasia (On Leaving).

Og så er det alle dei eg ikkje har høyrt då. Det finst garantert ein del gull der også. Nokre norske det har gleda meg å bli kjent med bør vel også nemnast. Ein av desse burde kanskje fått plass blant namna over. Vel, vel, eg gjer som Ballade, her er ti frå heimlandet:

1. Thomas Dybdahl – Science
2. Tellusalie – Is The Outside Still There?
3. Number Seven Deli – Seconds
4. Huntsville: For the Middle Class
5. The Low Frequency In Stereo – The Last Temptation of…
6. Motorpsycho – Black Hole / Blank Canvas
7. Girl From Saskatoon – This Is Only the Beginning
8. Roy Lønhøiden – Sanger Fra Skogen
9. Einar Stenseng – Einar Stenseng
10.The Captain & Me – Automata

Så var det hovudlista då:

10.Absentee – Schmotime

Ein platedebuterande engelsk kvintett med ei hengslete og energisk innstilling som diskar opp med låtar støypt i kjente former, der rockdosen er større enn popdosen, men begge dosane er viktige. Omtrent som om dei skulle vere Screaming Trees trakkande rundt i Magnetic Fields, med The National dansande på eit Pavement like ved. Det heile blir gjort med overmannande melodisk slagkraft.
Hovuddelen av æra skal kanskje gå til låtskrivar og vokalist Dan Michaelson. Ein fyr som har sekken full av kløktig formulerte og interesseskapande skildringar. Skildringar han forkynner med ei røyst som opererer i dei djupaste og mest røykskada delane av det menneskelige stemmeregister (som ein fusjon av Leonard Cohen og Mark Lanegan). Han introduserer seg slik; «In my life I have been known, to bring home more troubles than I’ve solved». Han gjer ingen forsøk på å finne løysingane i løpet av Schmotime. Og takk for det.

9.Neko Case – Fox Confessor Brings the Flood

«I’m holding out for that teenage feeling,» syng Neko Case midt inni her ein stad, som om ho var ein raudhåra Blondie. «The most tender place in my heart is for strangers» syng ho ein annan stad, med eit rufsete og stødig The Sadies som støttespelerar. «It’s not for you to know, but for you to weep and wonder,» syng ho på Patsi Cline-vis i tittelsporet, forsøksvis støtta av ein Howe Gelb som krafsar fram nokre kaktus-slekta gitarlinjer frå sidelinja.
Ein ukrainsk fabel om den hjertelause reven i skriftefar-drakt som lurer den naive ulven, er utgangspunktet. Den flokete kjærleiken, galskapen og nådestøytet er fortsettinga. Margaret vs Pauline, ein spurv vs ein hauk, liv vs død, og døyparen Johannes i full revelation-mondur møter opp til kamp.
Det er smygande, svingande, sveisent og sensuelt. Og det er poengtert, raffinert, minimalistisk, og ikkje minst ei klangfull og treffsikker røyst.

8.Pernice Brothers – Live a Little

Joe Pernice er brødrelaget si ryggrad og udiskutable pater familias. Ein låtskrivar og songar av stor nåde. Med sin tydelige anglofile legning som fremste kjenneteikn serverer han for femte gong i broder-samanheng ein raffinert poprett.
Gitaren er der nesten alltid, men klorar aldri ifrå seg i tøyleslause former. Tangent-forårsaka tonar kling eller svevar rundt. Rytmikken er gunstig, og strykarar har ein tendens til å dukke opp på dei riktigaste stader. Inni dette soniske bildet deponerar så Joe sine små vemodstunge, beiske, desillusjonerte, miserable, hatske, lengtande eller bedande tekstlige framstøyt.
Eg skal ikkje her og no hevde at Live a Little sto fram i salig drakt allereie i første runde. Joe gjer det ikkje på den måten. Han gjer det med tonar som kjem smygande over tid. Etter tre rundar byrjar ein kanskje å fatte mistanke. Etter to til er kapitulasjonen sannsynlegvis eit faktum, og ein er endå ein gong fanga i Joe sitt finmaska garn av intrikate, naturlige og utvungne poptonar.

7.Shearwater – Palo Santo

Det er folkrock. Folkrock som i tone og vesen nok lener seg sterkast mot den engelske tradisjonen. Men det er meir enn som så, langt meir. Skulle eg komme drassande med nokre referansar, ja så vil Spirit of Eden (Talk Talk) og Amsterdam Stranded (Midnight Choir) vere to nærliggande albuma å trekkje fram.
Hudlaust og desorientert, luftig og truande, der fundamentet er vakre og vanedannande melodiske løysingar framifrå kolorert med organiske lydmotiv. Meiburg si stemme kan dirre på kanten av å breste, som den skjøraste streng, for så nokre takter seinare å kaste seg inn i kampen med frenetisk styrke. Av og til er den klar og tydelig andre gonger skeiner den ut i utydelig uttale eller druknar og blir til ein bit av den instrumentale strukturen.
Det er både varleg og voldsamt, men framfor alt er det vakkert.

6.Jason Molina – Let Me Go, Let Me Go, Let Me Go

Omslutta av eit nesten ugjennomtrengelig mørke sit Jason Molina heilt åleine og manar «a desert spirit» frå baksida av sine attletne auger til å kalle fram scener frå dei siste timane før undergangen. Den lystrar.
Ugla gaular «pain, pain, pain», ulven utafor døra er mett på blod, og det regnar, og det regnar, «forever».
Her, frå utsida av livet, der dei fleste lydar står stille, går hans kjenslevare stemme tett på mikrofonen. Lyden av ein akustisk gitar eller eit piano klunkar lengre unna, nennsamt. Heilt til tittelkuttet kjem for å konkludere. Då høgg sylkvasse elektriske gitarlinjer seg gjennom mørket, gjennom smerta, bakom einsemda og inn i sjela på den fortapte; «let me go, let me go, let me go, so I can wait behind».
I sanning hudlause tonar og mismotet sin poesi. Det set avgjort sine spor.

5.Fionn Regan – The End of History

Så veldig mykje meir enn Fionn Regan si røyst og hans gitar er ikkje å høyre. Det trengst ikkje heller. Han er sannsynlegvis den mest interessante nye singer/songwriteren eg har høyrt sidan Elliott Smith. Han plukkar og jagar rundt på gitarstrengene i beste Nick Drake-ånd, og han syng med ei myndig og varm stemme. Litt hjelp får han rett nok, på nokre av spora er det trommer og bass, på nokre litt nennsam støy og sus langt bak, og på nokre ein fiolin, ein bratsj og ein cello.
På tekstplanet fylgjer han ikkje dei ordinære «mann-med-gitar-og-vemod-i-sinn» spora. Han presenterer sjølvskapte bilde, originale formuleringar og mystiske metaforar. Saker ein ikkje er ferdig med i første runde, men som nappar og utfordrar også i den tolvte runden.
Det er eit debutalbumet, og han kallar det The End of History, men eg er sikker på at han berre køddar med oss. For denne fyren har ikkje sunge sin siste song, denne fyren må berre ha meir på hjerta, mykje meir.

4.Vetiver – To Find Me Gone

Andy Cabic og hans Vetiver har spelt mykje i lag med Devendra Banhart, og har såleis fått plass i den etterkvart nokså overfylte båsen av freak-folk aktørar. Men lyden av To Find Me Gone oppfattar ikkje underteikna som spesielt freaka eller psykedelisk. Vetiver sine tonar har vel eit meir fordringslaust og drøymande preg over seg. Utan at dei blir karakterlause av den grunn, slett ikkje. Dei blir ført med ei lett hand og ei slørete røyst, og kjem dansande mot ein i luftige former (enten dei blir spelt av gitar, strykarar, perkussive tingestar eller anna).
Eg har ingenting imot å bli med i den dansen. I alle fall ikkje når den trer fram i slik ein melodivinnande skapnad som den gjer her. Tre låtar er eg blitt spesielt glad i. You May Be Blue med sitt Neu! i folkform groove, og si nydelige gjentakande gitarlinje. Frå same attraktive tonedistrikt som John Sebastian til tider var innom har Cabic henta den vakre og forsiktig kledde visa I Know No Pardon. Medan Red Lantern Girl sitt hyggepsykedeliske mønster blir utsett for eit effektfullt og to-minuttar langt el-gitar angrep i siste fase.
Definitivt eit bra selskap å gå seg vekk i.

3.Yo La Tengo – I Am Not Afraid of You and I Will Beat Your Ass

Kontrastfullt, eklektisk og sjangerignorerande det er Yo La Tengo det. Denne gongen nesten meir enn nokon gong før. Innramma av to lange låtar der gitaren søker psykedeliske fargar, fridom, fuzz og poesi. Den første med eit fokusert Neu-groove, den andre stukar rundt i nabolaget til Sonic Youth. Mellom desse får ein servert det meste. Blåsarpynta poptonar, skranglete popturar, tungsindig kammerpop, dundrande punkabilly, piano-pirra funk og smålat countryjazz. Georgia Hubley dreg ein på ei chanteuse sitt vis inn blant lengtande tonar i skumringstime-balladen I Feel Like Going Home. For så å vokalisere blant eggande handslåtte trommer, ein grom bass, spretne fløyte-liknande tonar og eit funky orgelbrus, nokre nummer seinare i The Room Got Heavy.
Med I Am Not Afraid of You and I Will Beat You Ass utfordrar Yo La Tengo i kanskje større grad enn nokon gong før ideen om eit album som eit stringent vesen. Det er bra. Eg elskar dei for det, og eg elskar dei for alle dei fabelaktige låtane dei gjer det med.

2.Simon Joyner – Skeleton Blues

Ein kan gripe Simon Joyner i å stadig vekk lene seg tett opp til tonar, tematikk, fraseringsmåtar og soniske vegval andre har prøvd seg på før han, det vere seg Dylan, Van Zandt, Cohen eller Velvet Underground. Men ein kan ikkje gripe han i, i alle fall kan ikkje eg det, å dvele ved det uinspirerte, det uvesentlige eller det middelmåtige. For i dei retrospektive tonane hans er det ein evigvarande gnist, ei naken kraft og ein gnagande uro som nektar det meiningslause og det grunne handlingsrom. Heile den svingete og mørklagte vegen frå første truande gitartone i Open Window Blues til siste lyriske klunk av My Side of the Blues.
Den akustiske gitaren er til stades i kvar låt, men den får ofte drahjelp av den elektriske fetteren sin, som både snor seg, lirkar og brenn. Steelgitar-render kjem også av og til sigande, og poengterte og subtile pianotonar smett innom og drar sin veg.
Skeleton Blues er countryrock frå baksida av stadion, blues frå ein dysfunksjonell avenue, og folkrock med klør frå ei sjel som blør. Det er dvelande og langsamt, det er brennande og rotlaust. Det er den ustødige dansen på ein «shifting pile of skeletons».
Det er skummelt vakkert.

1.Oakley Hall – Gypsum Strings

Dei er seks. Dei bur i New York. Dei har vore på Sunset Grill. Der ba dei ikkje forsiktig om ein plass ved bordet. Dei tok bordet, og disken, og golvet, og veggane, ja heile lokalet med. Og dei snudde det opp ned, og dei sette fyr på det.
Sånn kan det gå når ein inviterer eit band oppkalt etter ein kultforfattar frå California på eit måltid med Gypsum Strings, og i tillegg legg opp til at dei skal få lov til å vere uforsiktige i sin omgang med country- og folktonar.
Då Pat Sullivan tok farvel med sine medsamansvorne i det støyande og psykedeliske Oneida, starta han ganske fort opp Oakley Hall nettopp for å kunne manøvrere seg nærare country og folk-tonane. På sine to første album, eit sjølvtitulert frå 2003 og Second Guessing frå tidlleg i 2006 (den burde vore inne på lista den også ja), heldt dei seg stort sett på stiar Grateful Dead, Rolling Stones og Flying Burrito Brothers hadde tråla før. Dei dansar seg ikkje inn i eit heilt uutforska villniss i sitt tredje framstøyt heller, men dei skrur opp volumet og angrip tonane i eit fargerikt psykedelisert og trippeleksponert gitarelektrisk mønster som på skittent og hengslelaust vis meir enn lever opp til Volume Rambler-lovnaden frå andreplata.
Dei er fire menn og to damer. Rachel Cox har den vokale hovudrolla på nokre kutt og bringer då på banen konturane av ei Fairport Conventon-med-Sandy Denny kjensle. Ved eit par høve, for å dempe inntrykket litt, lar dei banjoen få spela hovudrolla. Men altså, det er i spora der dei set fyr på sine syredrenerte strengebeist at dei verkelig fører arven etter Hank Williams inn på eit uimotståelig villspor. Og aller best er låtane der Cox og Sullivan stiller seg side ved side og med løpsk samsang sender yrskapen sine sprudlande bobler oppover ryggrada mi.
Noko som minner sterkt om årets låt kjem når gjengen kastar seg over Lazy Susan på brunstig og harmoniskarpt vis for å stille det sentrale spørsmålet; «what you doin» in your garden». Og langt fleire enn to av dei resterande 8 spora er sterke opponentar til tittelen.
Så då, då må vel Gypsum Strings bli årets hovudrett då.

Årabrot – Rep.Rep

Standard

Den alt anna enn lydlause banden frå avfallstomta er tilbake, og bråkar berre endå meir denne gongen.

cover  «For eit helvetes bråk.»

Ho stod der i døra, og ein blanding av djupfølt indignasjon og boblande handlekraft lyste utav ansiktet på henne. Fem sekund seinare var av-knappen på stereoen trykt inn, og det vart stilt i stova. Veldig stilt.

Eg trudde eg hadde festninga heilt for meg sjølv i minst to timar. Ho kom tilbake etter mindre enn ein time. Og lyden av Årabrot hadde overdøyvd alle varslande lydar. Ikkje det at eg hadde rekt å få den inn i skapet uansett.

«Det går ikkje an å høyre på slikt,» heldt ho fram. «Det der er ikkje musikk, det der er lydterror. Nei verre, det der er noko som sjølv den mest utkropne terrorist ikkje hadde komme på å utsetje sine offer for. Det er det verste eg har høyrt. Det er berre noko… noko… jævla bråk!»

Ho har rett.

Nei forresten, ikkje heilt. Eg sa det ikkje til henne, men det er vel kanskje tidspunktet for å seie det no: Det er eit jævla bra bråk.

Hardcore, punkmetall, tungrock og grindcore, sikkert og visst. Sjølv yndar dei å kalle det norsk noiserock. Gjerne det. I eit Ballade-intervju med vår ærede redaktør hevdar dei å vere anti-Van Halen, anti-skolerte og anti-teknikk. Eg har ingen problem med å tru dei på det. Frå sin tilhaldsstad mellom skrapmetall, sjuke rotter og allverdas restavfall kjem dei harvande mot ein, barbarisk og frigjort frå dei aller fleste kutyme for korleis ein skal låte. Men alt blir ein vane, som salige Mikkel sa då han blei flådd. Og etter å ha blitt overkøyrt 3-4 gonger av Rep Judas byrjar ein faktisk å bli rett så tilfreds med situasjonen.

Etterkvart viser det seg nemlig at det som første gongen kjentes ut som ei total og marerittliknande overkøyring, den har sin dynamikk, sine pusterom og sine nyansar. Det er når desse oppdaginga tar til å trenge seg innafor at det uuthaldelige byrjar å gå over til å bli, for å ta litt hardt i, vanedannande.

Vokalist Nibby Needle syng med ei røyst som vekslar mellom det vrælande, brølande, skrikande, gryntande, hysteriske og nesten på kanten av det ukontrollert gråtkvalte. Det går sjølvsagt ikkje an å få tak på kva han har syng om. Gitaren riffar, freser, grin, støyar og skrattar, medan rytmikken vekslar mellom å vere på eit groovy hovudspor og eit vågalt sidespor.

Skal vi tru tittelen på debutalbumet deira frå 2005, så inngjekk dei der ei pakt med Jesus. Denne gongen startar dei med å ta eit styggjelig tak omkring halsen på svikaren sjølv. Stort råare villskap enn det dei har føre seg i opningssporet Rep Judas er det vanskelig å tenke seg. Det vil seie det dukkar opp eit par-tre soniske røvarbrødre utover på albumet, men litegrann oftare lar dei faktisk det totalt ukontrollerbare få eit par taumar. Om enn ikkje av den mest solide og lettstyrte sorten.

I Turmoil streifar dei stoner-rock sfærar. Fumble Finger går bastant ut med hulkeskrikande vokal og eit overmannande vesen, for så å dempe seg ned, før den på veg opp igjen får meg til å minnast Nick Cave den gongen han song om Saint Huck og slikt. Medan ti minuttar lange Ramshackle Row er ein mangslungen og episk sak som omfattar både kvit støy, riffkåte tillaup, dansen ytst ute på tippen, og eit tungtsvevande og progressivt instrumentalparti.

Dei spring sikksakk over branntomter og hoppar fryktlaust utfor skrentar. Dei er ute på ei vill jakt etter eit bytte som nektar å la seg fange. Etter tre kvarter stansar dei opp. Det blir stilt. Det er godt. Men eg trur nok eg kjem til å utsetje meg for dette igjen. Heilt frivillig til og med. Og heilt aleine.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

Yo La Tengo – I Am Not Afraid of You and I Will Beat Your Ass

Standard

Dei er i alle fall ikkje redde for å utfordre deg, og ja, dei «will beat your ass», skråsikkert.

cover  Startskotet; åtte retningssikre trommeslag, eit djuptgravande bass-groove melder seg på, dansande perkussivt krydder fyller ut, og så kjem gitaren fresande inn frå dødvinkelen. Aaahhh, den fordomsfrie Hoboken-trioen er ute med sitt tolvte album. Og dei har ikkje komme mange sekundane inn i det før eg byrjar å fatte alvorlig interesse for kor dette ber i veg.

Pass The Hatchet, I Think I’m Goodkind, lyde instruksen. Det eggande monstergroovet går berre ein veg; rett fram. I ti minuttar. Åh, James McNew, den basslinja der berre sug seg fast, fast, fast. Krypande rundt meistergroovet heile vegen til ende, ei ustoppelig rekke av glødande og utemte gitartonar. Poetiske, feedbackdrivne og fridomssøkande. Midt inni larmen prøver Ira Kaplan å synge litt også. Kva han syng veit eg ikkje. Det eg veit, dette opningssporet skulle vore dobbelt så langt, minst. Det eg lurer på, hadde det soniske utfallet blitt omtrent som dette om Neil Young ein eller annan gong rundt 1976 hadde bytta ut Crazy Horse med Neu!?

I motsatt ende rammar Yo La Tengo inn eit i sanning fargerikt album med elleve minuttar bølgjande fuzz-psykedelia, mystisk nok titulert The Story of Yo La Tango.

Mellom dei to lange låtane spirer det fram 12 kortare og ein nesten like lang. Dei har gjort det før, og gjer det altså igjen; vartar opp med noko som i LPen sin tidsalder måtte blitt eit dobbeltalbum. Det snart ti år gamle meisterverket I Can Hear the Heart Beating as One er ein annan av desse. Det er også til dette albumet vi må trekke for å finne I Am Not Afraid of You and I Will Beat Your Ass sin næraste slektning i Yo La Tengo-katalogen.

Kontrastfullt, eklektisk og sjangerignorerande kan få vere tre stikkord.

Den første store kontrasten dukkar opp i hælane på det nemnte opningssporet. Då sig dei ned i ein Beanbag Chair og syng om å lage «misery out of fun» akkompagnert av lette blåsarpynta poptonar. Utover albumet er dei innom dei fleste musikalske kolorittar som har vist seg fram i rock-samanheng dei siste 40 åra. Frå tungsindig kammerpop med subtil blåsar-napping i Black Flowers, via dundrande punkabilly i Watch Out For Me Ronnie til piano-pirra funk, med McNew i falsettsongar-rolla, i Mr. Tough. Ja dei tre har definitivt vakna opp av dvaletilstanden som til ein viss grad hadde råka dei med Summer Sun.

Å komme drassande med Velvet Underground når ein skal prøve å beskrive lyden av Yo La Tengo, kan vel seiast å vere ein særdeles lite original handling. Den er vel i grunn ikkje berre lite original, den er også noko upresis. Joda, dei har denne hangen etter å kle sine medrivande melodilinjer i utfordrande og fuzzjaga drakter. Men der Reed og hans disiplar stod fram som dekadente svartkledde nihilistar, er vel Yo La Tengo meir den nerdete gensar-kledde tremenningen. Den som fleirtalet av oss kanskje litt lettare kan identifisera seg med. Den som aldri pirrar interessa til tabloidene eller dei sterkt karisma-søkande. Den som sit i sitt anonyme hjørne og prøver å få til noko. Av og til skjer det også. Av og til kjem det saker og ting krypande fram frå desse hjørna som viser seg å ha like så mykje å by på (eller kanskje til og med meir) som det ein blir tilbydd i flomlyset eller i dei meir kredible bakgatene. Det er då den tålmodige unnselige mottakaren gledesstrålande mumlar fram sitt «yo la tengo» («eg har den»).

Dette betyr ikkje at VU-allegorien hermed er kutta, gravlagt og gløymt. Neida, den lever. Og den lever spesielt godt når eg tenker på Georgia Hubley. Når eg ser henne avbilda ved sida av sin mann Ira og bandkompis James, når eg høyrer henne dunke trommeskinnet og når eg høyrer henne synge. Georgia Hubley er den perfekte syntesen av Moe Tucker og Nico. Det varmar sjela å høyre henne på ei chanteuse sitt vis synge lengtande tonar i skumringstime-balladen I Feel Like Going Home. Ho får forresten god hjelp av nokre knokkellydande tonar frå eit piano og tidlegare Dylan-kollaboratør David Mansfield sine vemodstunge fiolintonar til å mane fram den rette stemninga på denne. Det er andre instrument som dominerer, og ei framdrift av ein atskilleg annan karakter som kjem til uttrykk i The Room Got Heavy. Eggande handslåtte trommer, ein grom bass, spretne fløyte-liknande tonar og eit funky orgelbrus. I ei dynamisk veksande form tar den seg etterkvart inn i eit ganske så frenetisk lende, og sikrar full siger. Nemnte eg at Georgia syng her også?

Midt i feltet smyg Daphnia innom. Ei ni minuttar lang ambient vandring i eit nakent og dunkelt rom. Brian Eno har vel gjort eit og anna som liknar denne opp gjennom tidene. På kvar si side av den opptrer heilt andre tonar. Den countryjazza smålate og nydelige oda til kjærleikslivet sine opp og nedturar, Sometimes I Don’t Get You, og den skranglete popturen I Should Have Known Better. Sannsynlegvis ikkje eit heilt tilfeldig Beatlesk lån av tittel.

Med I Am Not Afraid of You and I Will Beat Your Ass utfordrar altså Yo La Tengo i kanskje større grad enn nokon gong før denne ideen om eit album som eit rimelig stringent vesen. Det er bra. Eg elskar dei for det, og eg elskar dei for alle dei fabelaktige låtane dei gjer det med.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

 

Elisabeth Yndestad – Elisabeth Yndestad EP

Standard

4 songar frå skrivebordskuffa til ei ung norsk dame. Har du høyrt det før, seier du? Tja, kanskje det.

cover  Feltet av unge norske kvinner som syng låtar dei har skrive sjølv, og i tillegg gjerne spelar eit instrument eller to, har etterkvart blitt temmelig stort. Og det er jo for så vidt greitt det. Men den store utfordringa blir å stikke seg ut og vise igjen inni den store flokken. For å klare det er det i alle fall ein fordel å ha gode låtar. Har ein i tillegg utstråling, noko å melde, særpreg og kanskje litt flaks kan det jo gå riktig så bra.

Med ein EP innehaldande fire songar finn 25 år gamle Elisabeth Yndestad frå Bergen seg ein plass i dette feltet. Det er Grand Slam Happytime, labelen til det glimrande Oslo-bandet Jake Ziah, som gjer ut plata. Og i fylgje presseskrivet har dei verkelig tru på dama. Personleg er eg kanskje litt meir avmålt. Like fullt, det er eit og anna med Yndestad som gjer at det kanskje kan vere lurt å merke seg henne.

Vil ein vere vanskelig kan ein dra den der gamle leksa med Joni Mitchell, Emmylou Harris og søstrene McGarrigle, for så å sette seg nonchalant tilbake og fundere litt over kva dette no eigentlig har for verdi. På den andre sida går det også an å vere litt mindre kravstor, og i staden dra leksa om Marthe, Karen og Lene. For då kan det hende at ein finn både eit og hint å hente hos unge Yndestad. Alt er relativt, som ein vis mann sa ein gong.

Aller først på EPen finn ein Happy Twist. Ein twang-infisert sak som på dynamisk vis viklar seg inn i eit slikt refreng som ein lett kan hekte seg ved. Når det gjeld det tekstlige innhaldet og generell formuleringsevne har eg vel avgjort høyrt det verre enn til dømes: «There is no saviour, just strong behaviour, just nights of choices and inner voices».

Eg har definitivt høyrt verre låtar enn den avsluttande I’ll Gladly Go There også. Ei vakker og spartansk gitarplukkande countryvise-bøn om å få ein ny sjanse. Så sjølv om dei to låtane som dannar mellompartiet kanskje har litt for mange anonyme trekk, og produksjonen til tider blir litt blodfattig, er eg villig til å gjere det. Gje dama ein ny sjanse, fleire også, kanskje. For det er noko med røysta hennar som avgjort ikkje er samleband. Kanskje kunne den hatt litt meir å melde (kva med å synge på norsk?), og kanskje kunne tonane og arrangementa prøvd seg inn på meir særprega tomter. Kanskje allereie neste gong?

4/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

Willard Grant Conspiracy – Let It Roll

Standard

Bakom ein klisjé av ein tittel kliv det fram den eine storarta låta etter andre.

cover  Den stadig omskiftande konstellasjonen Willard Grant Conspiracy har latt tapen rulle og spelt inn eit nytt studioalbum (sitt sjette). Det gjorde dei jammen lurt i, for med Let It Roll har samansverjinga sin skjeggete sjef Robert Fisher og alle hans medsamansvorne brygga i hop eit opplegg som fort kan bli ståande som deira aller største dåd. Når ein då tenker på at dei frå før mellom anna har bak seg solide album som det dunkle og ikkje heilt temte Mojave (1999) og det finstemte og vare Regard the End (2003), er jo det ein aldri så liten bragd.

Skulle det ha forvilla seg lesarar inn i denne omtalen som aldri har høyrt ein tone av Willard Grant Conspiracy, så skuldar eg kanskje å komme med eit par linjer om kven dei er, kor dei kjem ifrå og kva slags lyd dei lagar. WGC er eit laust samansatt kollektiv som hadde si første samling i eit studio i Boston på midten av 90-talet. Dei har tatt opp i seg ulike deler folk, country og blues, mest det første. Utifrå denne omfamninga av tradisjonelle former gror det så fram personlige låtar både av varleg og meir oppjaga karakter, men oftare det første enn det siste. Dei har avgjort sin eigenart, men samstundes er dei del av ei større scene. Å kalle ensemblet for musikalske åndsfrendar av Nick Cave, Walkabouts og American Music Club er i alle fall ikkje å fare med løgn, skulle eg tru.

Låtskrivar og vokalist Robert Fisher er WGC si leiande kreative kraft, og den einaste som har vore med på alt som er blitt gjort i konspirasjonen sitt namn. Paul Austin, som han i si tid stifta WGC i kompaniskap med, har forlengst søkt andre samarbeidspartnarar (Transmissionary Six). Simon Alpin som på eit vis overtok litt av Austin si rolle på førre framstøyt er også i full gang med eigne prosjekt. Kjernegruppa denne gongen er Fisher og fem karar han turnerte rundt i Europa med før og etter innspelingane. At dei på si ferd må ha funne ein glødande tone seg i mellom er Let It Roll eit superbt bevis på.

Ti låtar med ei samla speletid på over 1 time. Einkvar med reknekunnskapar utover novisestadiet skjønar då fort at her er det snakk om låtar som ikkje gjer seg ferdig i første sving. To av dei drar seg mot 10 minuttar. Tittelkuttet er den eine av dei. Det er også albumet sitt høgdepunkt, og kanskje den mest skilsetjande låta WGC har komme opp med. Den melder sin komme i form av eit lengre instrumentalparti. Eit parti som absolutt lever opp til tittelen og rullar skånsellaust framover med lagnadstung psykedelia i sine bakre regionar. I det tredje minutt byrjar så ei fortetta og reinskoren skildring; ein kan skimte eit dunkelt men bloddekt landskap, høyre rykte om eit mord, og stire inn i ein vansira og ulegelig hjerne. Det blir hevda med gravtung røyst at «one night of whiskey is worth a lifetime in hell». Midt inne i den tredje runden med det sentrale gjentakande mantraet «let it roll» lurer Fisher fram ei lita helsing til Nick Cave; «God is in the house». I det påfølgande avslutningsverset syng så Fisher med ei tiltakande frenetisk kraft ein vel aldri før har opplevd frå den kanten. Sjela er brennmerka, Gud er ein hyklar, anger er eit framandord og døden lokkar:

Nothing for nothing
Your God’s a pretender
There’s no room in heaven
Now and hereafter
There’s nothing to dying
Except a ropes soft whisper
I did what I did
And I’ll do it again
We weep and we moan
We weep and we moan
Give me a stack of your best bibles
I’ll raise my right hand and
Let It Roll…

Det er stoff ein ikkje blir ferdig med. Albumet har meir slikt. Eit piano, ein trompet og eit par strykarar er sentrale aktørar rundt dei vakre melodilinjene i opningssporet From A Distance Shore. Dei siste orda frå ein soldat så alldeles aleine med angsten langt borte frå håpet og heimen. Inspirert av eit brev skrive av menig Sullivan Ballou under den amerikanske borgarkrigen, men som sannsynlegvis er like aktuell både i Bagdad, Tyr og Dafur.

Saman med Steve Wynn hintar Fisher tilbake til tidlegare WGC bravadar med den harmonifine og lindrande Flying Low. Og ja, det rokkar ved ei og anna lettrørt kjensle når Wynn, Linda Pitmon og Mary Lorson smyg seg med i refrenget; «I dreamed I saw angels flying low, they encompass all that’s good or so I’m told». Versa er på si side kanskje litt nærare røyndomen i si formidling av meir nedtrykte tankar. Og det er vel der omkring, i dei dystrare sfærar, Fisher i all hovudsak held til denne gongen også.

I WGC sin eigen innspelte historie har Let It Roll nærast slektskap med førnemnte Mojave, men er endå litt meir variert i utrykket enn denne. Der den sonisk sett strekker seg frå det skånsame i Lady Of the Snowline og til tittelkuttet sine nådelause åtak. Det blir diska opp med distanserte englestemmer i Mary of the Angels, småskeiv countryinfluert valsetakt i Dance With Me og brunstige bassgangar i Crush. Det einaste middelmåtige nummeret er ei litt for rutineprega gjennomkøyring av Dylan sin Ballad of a Thin Man.

Det er friske blåsarar, lengtande trompet-tonar og skjøre strykarinnslag. Det er einsame pianoakkordar og kvesste gitarar. Det er angrep og forsvar, håp, lengsel og paranoia. Det er vel i grunnen ei utgjeving ein bør legge seg på minne.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

 

Lizzie West – I Pledge Allegiance to Myself

Standard

Ei New York dame med godt gammaldags hippieblod flytande gjennom kroppen.

cover  Eg kan veldig greitt sjå for meg Lizzie West på ei folkscene i Greenwich Village ein søndag ettermiddag i 1967. Kanskje saman med Arlo Guthrie, Joni Mitchell og Joan Baez. Den einaste årsaka til at ho aldri stod på den scena er vel i grunnen at ho først blei født i 1973.

Med ei tidvis ganske så vibrerande røyst syng Lizzie West like pasjonert om herskande demonar som om personlige demonar. Ho ser ut, ho ser inn, men ser sjeldan vekk. Ho står i bresjen for The Anti-Fear Movement, og lever etter mottoet «if you don’t create your reality, your reality will create you». Det er klart ho kallar den andre plata si for I Pledge Allegiance to Myself.

Den første heiter Holy Road, og kom til verda i 2001. Platemogulane i Warner fatta etterkvart interesse, og fekk Lizzie med på å spele inn ein litt snillare versjon for utgjeving under deira namn og rykte. Den utgåva kom i 2003. Året etter, når arbeidet med oppfylgjaren vart påbyrja, kom det til sterk usemje mellom mogulane og Lizzie. Lizzie sa adjø, la ut låta 19 Miles To Baghdad til fri nedlasting på heimesida si, og fekk platekontrakt med det vesle frilynte selskapet Appleseed Recordings i staden.

Joda, ho står nok fram som ei kompromisslaus dame, men ho er også ei som kan bli heilt «turned around inside». Ho kan med heva høgre arm gjere ein personlig versjon av Bob Marley klassikaren Get Up, Stand Up, og ho kan be ei naken bøn om at nokon må «take these demons from my brain». Og det var vel nett slik dei var desse folka som streifa rundt i MacDougal street og omegn på 60-talet også.

Då var det Vietnam, no er det Irak. På bildet som ligg under teksten til 19 Miles to Baghdad kan vi sjå Lizzie West med eit gult skjerf framfor augene. Og det er den amerikanske tradisjonen med å «tie a yellow ribbon around something» som er gjennomgangstemaet i ei låt som på subtilt og raffinert vis, og til vinnande tonar, tar for seg angsten og stiller sentrale spørsmål. Litt mindre subtil er ho kanskje når ho i tittelkuttet miksar den gamle hymna America the Beautiful med eit resiterande manifest om fridom og rettferd.

Ein heilt anna tematikk blir tatt opp i reggae-inspirerte Rope Me in and Smoke Me. Her møter vi ei dame som i friske ordelag ber ein noko saktmodig kavaler om å gå litt meir direkte til verket. Hungrande er også ho som fører ordet i den eggande og congas-vitale I Can See the Mountains From Here. Hungrande etter kjærleiken, fjellet og ein open himmel.

Då er det vel kanskje på tide å påpeike at det slett ikkje er alle låtane på albumet eg finn like interessante. God Damn That Man er eit funkforsøk som fell til jorda fortare enn eg klarar å stave trommemaskin. Of Course, My Love og Reaching For Light er heller anonyme viser, og Looking for Leonard Cohen, part 1 er langt unna å halde kva tittelen lovar. Men ho tar seg forsåvidt brukbart inn att mot slutten når ho i harmonispann med kjærasten Anthony Kieraldo på inspirert vis tar for seg Steve Goodman sin City of New Orleans, og i habile former avsluttar med å hevde at They Won’t Bury Us Till We Die.

Det trur ikkje eg heller.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

 

Ben Weaver – Blueslivinghollerin»

Standard

Dette er ikkje Weaver sitt femte studioalbum. Dette er ei fyldig sporsamling frå hans pre-Fargo dagar, med eit litt uforståelig tyngdepunkt.

cover  Ei av dei kjæraste oppdagingane eg har gjort på musikkfronten dei siste åra er Ben Weaver frå Minnesota. Ein ung fyr med ei vaksen røyst som skriv låtar som set spor etter seg. I ei eigenarta språkdrakt refererer han frå dei meir grumsete krokane av det menneskelige sjeleliv. «I live for the lines» skreiv Ben i eit liten tekst som fulgte med hans tredje album Hollerin» At a Woodpecker. Ja det tvilar eg ikkje på. Det er få låtsmedar der ute med ei like skarpskodd formuleringsevne som det Weaver er innehavar av.

«I get tired of folk music» hevdar han vidare i nemnte tekst, «love that never was love, just trouble. Folk music used to be about stories and dirty cars and murder and love that lasted, now it’s third-rate dime store spirituality, a mid-life crisis looking for a new life and a new duplex. What ever happened to character? Bloodshed? Everybody wants to go to heaven but nobody is willing to die. I think hip-hop is the next form of true music.»

Og sant nok, sjølv om det soniske bilete til Ben Wever nok har sitt utspring frå trakter der karar som Tom Waits, Townes Van Zandt og John Prine har luska rundt kan ein i hans direkte og no-nonsens tekstformidling vere ein nesten like så sterk slektskap mot hip-hop som mot trubadur-tradisjonen. Det er i kombinasjonen mellom dette og den naturskapte røysta vi finn signaturen hans. Kanskje var den ikkje heilt klar og tydelig på mannen sine to første album, men på dei to siste er den rissa i stein.

Forresten, når det gjeld det der med kjærleiken og folk-musikk, så er det nok ikkje dei problemfrie og varande forholda som er Ben Weaver si greie heller. I nokre av skildringane hans har kjærleiken knapt nok vakna. Andre stader står den skrive i sand, og vil forsvinne i det tidevatnet kjem smygande. Den kan ligge bakom eit dulgt skuldertrekk hos ein desillusjonert fyr. Eller den ligg midt i ein blodpøl i ein bakgard kalla svik.

Blueslivinghollerin» er ikkje Weaver sitt femte studioalbum. Det held han på og spelar inn saman med Brian Deck akkurat i desse dagar. Blueslivinghollerin» er ei samleplate. Plateselskapet Fargo som gav ut mannen sitt fjerde album, Stories Under Nails, har plukka ut ein del låtar frå dei tre første (som vart gjevne ut på den meir obskure labelen 30/30), plussa på med tre Stories-outtakes og ein Dylan-cover, og dermed er CD-plata stappfull den (78 minuttar).

Debutplata hans heiter El Camino Blues og ber nok merke av at dette er ein Ben Weaver i den formative fasen. Dei fire låtane som er henta derifrå er absolutt greie nok dei, men det er jo ganske så mange tusen songar som er det. Etter El Camino Blues har eg ein mistanke om at han tok trappa ned i ein dunkel kjellar. Der spelte han poker, drakk whiskey og røyka langt meir enn sundt var i selskap med Tom Waits, Nick Cave og eit par utemte blueslegender. Så når han stikk hovudet opp og fortel ein forderva mordhistorie som Ella Mae og ein skranglete røvarhistorie som Bill Brown er det med ei stemme så rusken og rå at ein nesten skulle tru det står Waits rissa inn på stemmebandet. Favoritten frå Living In The Ground (som hans andre album ganske så treffande heiter) er forresten den trekkspel-draperte Precious Time med sitt hardkokte utsegn om at «I don’t care if I never see you again, cause you’re always on my mind», og si fastslåing av at «there ain’t story worth tellin» unless it comes from the places you’ve been». Han gjer også ein versjon av Van Zandt klassikaren 2 Girls, utan at han heilt klarer å få den til å bli like trist som det opphavsmannen får til.

Så drar han til skogs. Langt nord i Minnesota hamrar, bankar og syng han, og finn ut at det er det siste han likar best. Dermed spelar han inn 63 minuttar og 39 sekundar med musikk som han kallar Hollerin» At a Woodpecker. I all sin enkle, ekte og nådelause skapnad stadig ei like fabelaktig plate som den var den seinsommaren i 2003 då eg høyrde den for aller første gong. Litt uforståelig at dei ansvarlige for denne samlinga berre har funne plass til fire spor frå den, mot seks frå Living in the Ground. Vel vel, Hollerin» skal jo uansett vere på plass i hylla til alle med det minste snev av interesse for det vi noko upresist vel å kalle Americana. Der kan ein få nærare føling med det forsiktige og uimotståelige gynge i Ocean Ain’t Blue. Ein kan fylgje hovudpersonen i den gnagande Blood på hans veg mot ruin; «the closer I seem to get, the further I slip away from you». Eller ein kan få treffe han som minnast Sara, men som ikkje går under av den grunn; «I drivin» around all by myself, countin» the stars above». Ja, og så kan ein få ein liten resiterande rapport frå den pre-pubertale tida; «remember sitting in my best friends closet, reading his brothers Penthouse and Playboys, before we even knew about masturbation». Den heiter Semis Sounded Like Thunder, og omfattar etterkvart fantasiar om eit par nabofruer. Det var dei fire låtane som er med her, det er ti til der dei kjem i frå. Vil du vite meir om dei, ja så er du ikkje meir enn eit klikk unna.

Neste gong Weaver var i studio var det litt meir elektrisitet bak lydane. Samstundes senka mørket seg ennå tettare rundt skallen på forteljaren. Kanskje var det ein og anna låt på Stories Under Nails som kunne hatt godt av litt meir hugtakande melodiske linjer, men eit sterkt album er det uansett. Stories er ikkje direkte representert på Blueslivinghollerin’, men tre outtakes frå innspelingane har fått plass. Det er ikkje så vanskelig å forstå kvifor ti minuttar lange Boxcars ikkje vart ein del av Stories Under Nails. Det er for så vidt ein fengslande historie om rastløysa og sjelelig armod, men den manglar essensiell melodisk drivkraft. Når Weaver trør til med såre erkjenningar i Liza og dansar i slow-motion gjennom ruinane i den dystre Vapor er han imidlertid inne på spor som vi likar. Mannen har og eit solid grep om sakene når han kastar seg rundt livet på Dylan sin Ballad of a Thin Man.

Blueslivinghollerin» kan absolutt fungere som ein grei introduksjon til den Weaverske verda, men då skal du samstundes vite at du får ei endå større oppleving om du tek strake vegen rett til Hollerin» At a Woodpecker, for så deretter å fange Stories Under Nails. Og då kan det jo hende at du tek med deg Living In The Ground og El Camino Blues i dragsuget, før du set deg rastlaust ned og ventar på mannen sitt neste framstøyt.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

 

M. Ward – Post-War

Standard

Ein tanke meir rettvendt pop-preg over M Ward i år. Det er ikkje øydeleggjande, det.

cover  Det kan kanskje virke som eit noko underleg påfunn å titulere ei plate Post-War, sånn midt i vår nokså krigerske tidsalder. Det M. Ward etter seiande har hatt i tankane er å rette eit ikkje altfor fokusert blikk på kva som kan skje når soldatane kjem heim. Intakte, øydelagde eller i ein bag. Så då er det kanskje ikkje så underlig likevel.

Ein annan innfallsvinkel kan kanskje vere å forstå Post-War som eit lite ordspel i forhold til hans eige namn. M. Ward oppleves i alle fall litt post sin tidlegare soniske framtoning på denne si femte plate. Sjølv har han kalla den si første band-innspeling. Og det er avgjort eit fyldigare og meir kraftfullt lydbilde han opererer i denne gongen, utan at han har lagt til sides sine gode gamle countryblues- og folkfakter av den grunn.

Alle tonane frå gitarar og keyboards er det M. Ward som har ansvaret for. Han drar imidlertid i mindre grad enn på tidlegare album ut på Fahey/Reinhardt/Marr-inspirerte gitarutflukter. Hans kanskje flittigaste medhjelpar Mike Coykendall er med her også, som bassist, trommis, korist og medprodusent. Mike Mogis (Bright Eyes, Jason Molina) står for subtile lydinnspel. The Thermals trommis Jordan Hudson har spelt på tidlegare album, og er på plass igjen. Ved sida av han på fleire av spora sit Descemberists sin nyleg avgåtte stikkesvingar Rachel Blumberg. Saman med desse fokuserer Ward denne gongen litt sterkare på eit dynamisk og rettvendt samspel, og mindre på lo-fi estetikk og snodige soniske sidesprang.

Det finst vel kanskje dei som ikkje er heilt fortruleg med det, og derfor vil hevde at han har flytta seg nokre uønska steg nærare eit meir regulært uttrykk. Dei om det. Så lenge han kjem opp med ei låtrekkje med få svake punkt ser eg ingen som helst grunn for å komme med beiske utsegn.

Det eg kunne ønskt meg er at nokre av låtane, og dermed også albumet, var litt lengre. Det heile er unnagjort på drygt 37 minuttar, så ei handfull gitarutflukter hadde eg meir enn gjerne blitt med på.

Skal vi ta på alvor måten låttitlane reint visuelt er ordna på coveret si bakside, kan det synast som om M. Ward ser for seg Post-War som tre avsnitt og ein epilog. Den nemnte post-krig tematikken kjem tydeligast fram i dei tre låtane som utgjer andre avsnitt.

Dei tre låtane i første avsnitt handlar på si side mest om kjærleiken. Poison Cup er ei lengtande og umåtelig vakker «hymne om å ikkje ville nøye seg med litt; a sip or a spoonful won’t do, no, I want it all”. I hælane på denne tar M. Ward tak i Daniel Johnston-låta To Go Home, og syng om evig truskap i eit popdrivande mønster. Å ha med seg Neko Case som harmonipartnar i eit slikt tilfelle er jo aldri ein dårlig idé. Første avsnitt sluttar med den ramlande og noko anonyme poprockaren Right in the Head.

Andre avsnitt er stort. I det smygande tittelkuttet fortel den ru røysta til Ward om tider som var (pre-krig) kontra tider som er (post-krig). Det er vel ingen tvil om at det er notida som «feels wrong». Og Ward hevdar å ha «some hard, hard proof in this song». Det er nok berre minna som kjennes gode i Requiem også. I eit sonisk veksande bilete fortel Ward om mannen som «stormed with his feet. clapped with his hand» og «summoned all of his joy when he laughed». No er han død. For at all tvil skal dunste vekk hentar Ward fram si mest kraftfulle stemme i den konkluderande linja «he was a good man and now he’s gone». Chinese Translation er den tredje låta i dette avsnittet, og har nok meir diffuse skjeringspunkt med postkrig-tematikken. I ein folksy, luftig og rytmisk vital struktur fortel Ward (med litt samsyngande hjelp frå My Morning Jacket vokalisten Jim James) ein historie med klart slektskap til den mytiske forteljartradisjonen. Ein villfaren ung mann søker råd hos ein gammal mann høgt oppe i fjellet, og blir gitt sjansen til å stille tre spørsmål. Dette er kva han spør om;

What do you do with the pieces of a broken heart?
and how can a man like me remain in the light?
and if life is really as short as they say,
then why is the night so long?

Så går sola ned og den gamle mannen kjem med sitt svar. Det kan godt tenkast at det er ein ex-soldat som har klatra til fjellet sin topp, men det kan like så godt vere ein som ber på ei stor kjærleikssorg.

Det tredje avsnittet har fem songar som ikkje blir bunden saman av nokon felles tematikk. Eit litt lausare og meir karakterskiftande avsnitt altså. Både i ord og tone. Eyes on the Prize og Rollercoaster swingar seg makelig frå sittande stilling. Den første i ganske så elegante vendingar, den siste i ei litt meir rufsete form. Jim James dukkar opp for andre gong og stemmer i på den feststemte sing-a-long piruetten Magic Trick. Som igjen sklir over i Neptune’s Net, ein instrumental dominert av bølgjande surf-gitar. Kanskje ikkje av dei aller mest ruvande låtane i Ward-katalogen nokon av desse fire, men definitivt dugande saker. Today’s Undertaking derimot plasserer eg høgt. Ein saktegåande sjelsokkupant som startar i varlege former men gradvis blir omringa av meir og meir lyd, mellom anna eit par intoksikerte strykarar. Skal vi tru Ward (og det er ikkje sikkert vi skal) kom befalinga om å lage denne songen frå ei mektig stemme ”high above”.

Epilogen heiter passande nok Afterwords og glir over i ein nennsam Rag. Slik får Ward inn nokre Fahey-inspirerte tonar heilt til slutt. Samla sett viser han seg nok ikkje heilt i Transfiguration of Vincent form, det gjer han ikkje. Dermed ikkje sagt at ein av den grunn kan gå forbi M. Ward denne gongen, slett ikkje.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

Wallspace – Nightweather

Standard

Ein energisk basslaus trio frå Sydney, med ei stor stemme i front.

cover  Formelen er slett ikkje ny, og heller ikkje uvanlig. Med tidvis barske riff, hissig rytmikk og generell kul rock’n roll attityde stukar Wallspace seg på energisk vis gjennom det klamme nattveret. På den eine sida tru mot arven, på den andre sida uhemma og friske. Men det er stemma til Savannah Elias som verkelig gjer inntrykk. Den malmfulle og potente røysta til den 21 år unge dama tar tak i dei 12 låtane med mykje av den same autoriteten som Chrissie Hynde, Johnette Napolitano og Karen O gjer i sine beste stunder.

Nightweather er debutalbumet til denne ferske trioen frå Sydney. I tillegg til Savannah, som også spelar piano, orgel og akustisk gitar, består Wallspace av storebror Nick Elias på diverse gitarar, munnspel og litt elektronikk, og Jason Kingshott på trommer. Ingen bass med andre ord. Vi kjenner eit par andre band frå dei siste åra som også har neglisjert den, gjer vi ikkje? Jon Spencer Blues Explosion og The White Stripes. Akkurat som desse viser det seg fort at Wallspace får sakene sine til å virke bra utan.

I samkvem med produsent Rob Younger (ein gong vokalist i det legendariske garasje/punkrock-bandet Radio Birdman) har dei tre smidd saman ein miks av framfusen garasjerock og meir tøyla poprock. Sjølv om dei fleste låtane innafor sistnemnte formular absolutt er av det dugande slaget, er det nok i dei balstyrige spora at Wallspace verkelig gjer seg gjeldande.

Eit av dei definitive høgdepunkta er opningssporet og singelvalet How’s Your Love Life. I tøffe og hooks-sterke former sparkar den seg fram som ein ertande krysning av Brass In the Pocket og Bang, og stiller det sentrale spørsmålet «how’s your love life in your black jacket».

Omtrent like tøff er den smått sjølvironiske Death of the Cool, der den kjem med eldfulle munnspeltonar som tilspissande faktor. Andre inspirerte tilfelle av primal rock’n roll er I Don’t Care Who You Love og The Future. Hos den første er det meir enn tittelen som gjer at ein finn det freistande å trekke linjene tilbake til Bo Diddley sine velmaktsdagar. Den andre kjem på si side med orgeltrøkk som ekstraingrediens, og eit tema som har vore her sidan rock’n rollen sin fødsel (eller var det Jesus sin fødsel?); «I don’t want a future if it’s going to be like this». Savannah tyner fram eit poengtert og herlig klynk idet ho kjem til «if» i utsegne.

Å skildre ein outsider og dagdrømmar er vel heller ikkje eit spesielt originalt påfunn, men det er kva som blir gjort i Ballad of Charlie Casablanca. Og det er verkelig ein ballade, ein vemodig og fin ein. Meet Me Up by the Lighthouse skal vel også kunne få plass innafor ballade-kategorien, til trass for sitt litt meir yppale tilsnitt. Eg har forresten tatt meg sjølv i å mistenke denne for å vere ein gløymt Patti Smith låt.

Nick Elias har hovudansvaret for låtane sitt tekstlige innhald. Å kalle han poet av storslagen rang er vel å ta hardt i, men han har absolutt ein del snedig for seg. På sitt beste i så måte er han sannsynlegvis i America Is. Der han namnedroppar amerikanske filmtitlar, ei Thomas Pynchon-bok, hevdar at «Bruce Springsteen’s greatest hits sits under the window» og at «America is a television looking out the window». Så ja, det skulle vere ein viss hald for påstanden om at «America is never far away». Også om ein heftar utsegne opp mot tonane Elias kler sakene sine i.

Absolutt ei utgjeving som burde få tildelt litt hylleplass ein eller annan stad i nærleiken av The White Stripes og Yeah Yeah Yeahs. Trur neppe den vil få stå heilt i ro der.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

 

Tom Waits – Orphans: Brawlers, Bawlers and Bastards

Standard

Ein stor og omfattande dose Waits, men slett ingen overdose.

cover  Sjå der ja, Good Ol» Tom har slengt på seg Bukowski-frakken sin igjen og kjem stegande nedover Fannin Street, med halve gatekoret sitt av syndarar, drankarar, foreldrelause, nedtrykte, bråkebøtter, bastardar, sjarmørar og lurendreiarar i hælane. One Eyed Jack, Jockey La Fayette, Peoria Johnson, Dirty Ol’ Joe, Blackjack Ruby, William The Pleaser, Buzz Fledderjohn, Corabell Lee, Molly, Young Nick og The Cross-legged Knight, dei er der alle i hop, og fleire med dei.

Det er ikkje småtteri han har på programmet denne gongen. 56 låtar spreidd utover tre CD’ar og tre timar. Ein kan få halskatarr, pustevanskar og sjelekvalar av mindre. Ja, eg skal innrømme at det kan vere ei utfordring å fylgje han med absolutt toppfokusert merksemd heile vandringa til endes. Men innimellom, og vel så det, vartar han opp med historier, kastar seg om halsen på melodiske vinnarar, kjem smygande med attraktive tonar, eller rett og slett utfører fantestrekar så alldeles på feil side av gata at ein instinktivt og med nøgd mine blir ståande og klappe ganske så energisk i henda.

Då Tom Waits gjorde 80-talet ei stor teneste med sine ustyrlege, eksentriske og høgst personlige meisterverk Swordfishtrombones og Rain Dogs omdefinerte han samstundes seg sjølv og retta sitt ikkje heilt pålitelige kompass i ein retning han stadig vandrar. Slentrande, hoppande, dansande, marsjerande, sparkande, galopperande, snublande og krypande. Framkomstmåtane han nyttar seg av kan vere så diverse. Blues, cabaret, folk, rock, vaudeville, country, jazz, avantgarde. Tonane kjem i mang slags former. Skrålande, brummande, haukande, kremtande, nynnande, pratande, syngande. Den sterkt røykskada røysta gjev seg til kjenne på mang slags vis.

Orphans er delt inn i tre soniske underkapittel. Brawlers, der ein nesten utan unntak møter Waits i ei eller anna bluesform. Bawlers, som siktar seg inn mot den meir beherska ballade-sida til fyren. Og Bastards, som er eksperimentelle utskot, monologar og anna som ikkje heilt fant seg tilrette i dei to første kapitla. Utgjevinga er også ein salig miks mellom eldre innspelingar som ikkje har vore på dei regulere Waits-albuma, og splitter nytt materiale frå Waits og fru Kathleen Brennan si hand. Etter ein fordelingsnøkkel på sånn cirka 50/50.

Det er få spor eg vil hevde ikkje fortener sin plass på Orphans. Samstundes er det vel heller ikkje så altfor mange som vil kjempe om ein framtredande plass i den etterkvart nokså fyldige Waits-kanonen. Men nokon er det, og då kanskje først og fremst Down There By the Train. I si tid gjort udødelig av Johnny Cash på hans første American Recordings-utgjeving. Her endelig å høyre med opphavsmannen i frontposisjon. Den er ikkje nemneverdig svakare slik heller. Ein seig og sakte eggande gospelsong som tar for seg syndeforlating av det verkelig storsinna slaget; «You can hear the whistle, you can hear the bell, from the halls of heaven to the gates of hell». Og så kjem dei, den eine meir syndig enn den andre og møtest nede ved elva der «the train goes slow». For der kan sjølv den mest hardhuda, den mest svikefulle, den mest skamfulle, den feigaste og den mest hjertelause blant drapsmenn få si tilgiving. Her kan ein sjå «Judas Iscariot carrying John Wilkes Booth» og ein kan ramla over massemordaren Charlie Whitman og gangsterdjevelen Gyp the Blood. Hadde songen vore laga i dag ser eg ikkje bort frå at den også hadde tatt opp ein nyleg hengt eks-diktator i sitt persongalleri. Definitivt ein Waits-klassikar.

Ei av gatene som fører ned til denne mystiske togstasjonen er ganske sikkert ei krokete ei i Houston kalt Fannin Street. I enden av fortauet der snublar vi over ein som sitt og forbannar dagen han gjekk av det der toget og trossa åtvaringa om å spasere nedover gata. Waits syng visa berre akkompagnert av ein akustisk gitar. Det er nok. Det er sårt. Det er vakkert. Det treff midt i hjerta.

Begge desse låtane er å finne i Bawlers-kapittelet. Eg skal ikkje nekte for at dette nok er favorittkapitlet mitt. Her finn vi også den Kurt Weillske cabaret-saken Little Drop Of Poison. Der hovudpersonen i ein nokså bitter tone syng om ho som «left in the fall» og stiller det kanskje ikkje heilt uefne spørsmålet «did the devil make the world while God was sleeping?». Elles crooner Waits seg gjennom jazzige piano-balladar, lar både fiolin og steel-gitar leie an i ledug valsetakt, og fører den over 25 år gamle Ramones-låta Danny Says vekk frå gabba-gabba strøket og inn i sitt eige kvartal.

Ei anna Ramones-låt, The Return Of Jackie and Judy (frå den same End Of the Century-plata), dukkar opp blant Brawlers-stoffet også. Med den stadfestar Waits at forskjellen mellom Joey Ramone og Howlin Wolf ikkje er meir ein spoonful (om nokon skulle ha tvilt på det). Andre Brawlers det er verdt å nemne er det perkussive skjebnedramaet Lucinda, den djuptrøskande keltiske balladen Bottom of the World, den blues-krypande historia om Buzz Fledderjohn og den skrålande country-balladen Rains On Me. Men songen ein legg mest merke til frå den bråkete avdelinga er utan tvil Road To Piece. Tematisk følgjer den ein heilt annan veg enn resten av kobbelet. I ein sorgtung tone rettar Waits her merksemda mot konflikten mellom Israel og Palestinarane. Hovudpersonen er den unge palestinaren Abdel Madi Shabneh. Ein «excellent student, he studied so hard, it was as if he had a future», men denne dagen fortalte han mora si at han «had a test out along the road to peace». Utkledd som ein ortodoks jøde og med eksplosivar festa til kroppen entrar han ein buss, og tar 17 stykke med seg i døden. Waits tar ikkje parti, han refererer, og han stiller spørsmål, før han konkluderer med å undre seg over om «God himself is lost upon the road to peace».

Så var det bastardane, då. Det er vel sant å seie det mest ujamne kapittelet på utgjevinga. Her kan vi høyre han i kjent stil danse seg gjennom Weill/Brecht-låta What Keeps Mankind Alive, på skranglete vis bla opp gammalt «stone news» i Skip Spence si gospel-vise Book of Moses, og gjere både ein folk-variant og ein bluesvariant av ein Jack Kerouac-song (Home I’ll Never Be og On the Road). På sitt beste i denne delen er han når han med inderlig røyst tar for seg Daniel Johnston si sorgtunge gjendikting av King Kong-legenda. Blant dei mange monologane som dukkar opp her, finn vi også ein av Charles Bukowski, titulert Nirvana. Men eg lurer på om ikkje den avsluttande røvarhistoria Missing My Son gjer mest inntrykk. Der, kort fortalt, hovudpersonen blir lurt opp i stry av ei ikkje heilt uskyldig eldre dame.

Waits fører oss på ingen måte inn på nye spor med denne utgjevinga. Men så lenge han har såpass mykje interesseskapande å vise fram frå områda han har trakka dei siste 20 åra, som det han har her, er det heilt greitt å vandre saman med han desse tre timane også.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2007)