Tag Archives: Ezra Furman

2018 – Eit lite musikalsk årsoppgjer

Standard

Ei vedkjenning: Det er drøssevis av album gitt ut det herrens år 2018 som eg ikkje har høyrt på. Og om lag like mange som eg aldri kjem til å høyre på.
Så å stille seg til dommar over kva som er dei aller beste av det som har komme ut av musikk dette året er sjølvsagt ein toskete ting å gjere. Difor skal eg ikkje gjere det. I staden gjer eg noko anna litt toskete, men altså då mindre toskete, eg presenterer ei liste over dei beste albuma eg faktisk har høyrt. Kor mange eg har høyrt? Nei sei det du, eit eksakt rekneskap over slikt fører eg ikkje. Kor mange eg har høyrt godt nok på? Tja, i alle fall tjue…trur eg.

Bilderesultat for parquet courts wide awake

1. Parquet Courts – Wide Awake!
Punk og funk. Alvor og fest. Stramt og skakt. Eller som songaren proklamerer innleiingsvis på albumet: «We are conductors of sound, heat and energy». Du verden som New York-kvartetten lever opp til det manifestet dei neste 38 minuttane.

2. IDLES – Joy As An Act of Resistance
Livleg punkrock med groovet intakt. Med to utemde gitaristar og ein vokalist som på eit kraftfullt og noko ufjelga vis tar eigedom over songar som på det tekstlege plan gjer til kjenne eit sympatisk sinnelag.

3. Sons of Kemet – Your Queen Is A Reptile
Jazzkvartetten frå London leverer på sitt tredje album ein groovefest det er umogeleg å vere likegyldig til. Og nyttar samstundes høvet til å hylle dronningar som fortener å hyllast. Frå saksofonisten Shabana Hutchings eiga oldemor til borgarrettskjempar Angela Davis.

4. Kacey Musgraves – Golden Hour
Frå country til pop, perfekt pop. Utan at countryrøtene er kutta over. For det er countrysjatteringar att i songane på Golden Hour. Nokre har fleire, nokre har færre, nokre har knapt nokon. Først og fremst er dette songar som blenkjer.

5. Rolling Blackouts Coastal Fever – Hope Downs
Det er rastlaust, det er godmelodiske, det kan kallast tøff gitarpop, og det kjem frå Australia. Og Talking Straight kan vel vere årets låt.

6. Camp Cope – How To Socialise & Make Friends
Tre unge damer frå Melbourne som ikkje ber om merksemda, som berre tar den. Og serverer energisk folkpop med punkattityde.

7. Car Seat Headrest – Twin Fantasy
Ein mann og hans band gjer eit glødande besøk tilbake til eiga fortid. Will Toledo spelar inn på nytt, og forbetrar, eit album som først blei spelt inn i 2011.

8. Janelle Monáe – Dirty Computer
Eklektisk er det jo, der det omfamnar så mykje, frå soul og funk til psykedelia og reinspikka pop. Og så er det både utfordrande og yppig … og i grunn ikkje så vanskeleg å like.

9. Ezra Furman – Transangelic Exodus
Desperate songar for desperate tider. Furman har tileigna albumet «the immigrant, the refugee, the closeted, the out, the vulnerable, the homeless, the searching». Fleire enn det vil antakeleg ha utbytte av å ta ein lytt eller ti.

10. No Age – Snares Lika A Haircut
LA-duoen No Age har ikkje mista grepet, og leverer framleis fargerik energi og bra bråk.

11. Courtney Barnett – Tell Me How You Really Feel
Eit friskt og freidig folkpunk-opplegg…ikkje heilt uventa.

12. Årabrot – Who Do You Love
Nok ein bra dose mektig og intens Årabrot-rock.

13. Shame – Songs of Praise
Postpunk frå ein garasje i Sør-London som har sitt å melde.

14. Mitski – Be the Cowboy
Popmusikk som dansar lettbeint av stad. Litt skrudd, temmeleg eklektisk, og fint fengande.

15. Bodega – Endless Scroll
Eit nytt Brooklyn-band, som går energisk til verket og skapar den eine snertne punk-låta etter den andre.

16. Mount Eerie – Now Only
Sterke songar om livet etter å ha blitt ramma av døden, del 2

17. Father John Misty – God’s Favorite Customer
Misty møter Tillman i døra. På eit album som altså har sitt i gje, berre litt mindre enn kva Misty har skjemt meg bort med på sine tre førre.

18. Colter Wall – Songs of the Plains
Country gjort på den enkle og effektive måten. Spartanske tonar fylgjer ei sterk stemme, i ei handfull med gode songar.

19. Haley Heynderickx – I Need To Start A Garden
Ein liten hage av viser som blomstrar både nennsamt og sprekt.

20. Phosphorescent – C’est La Vie
Endå ei stemningsfull og melodisk tiltrekkande plate frå den kanten.

Ezra Furman – Transangelic Exodus

Standard

Desperate songar for desperate tider.

Bilderesultat for ezra furman transangelic exodus  Det startar med ein redningsaksjon. Forteljaren sitt ved rattet i sin raude Camaro, og ut gjennom sjukehusvindauga kjem hans elskar. Ein engel. Eit menneske som har byrja å gro venger. Ein fare for menneskeheita, meiner mange. «To them you know we’ll always be freaks» erklærar forteljaren. Og gjer gass. For han har ingen intensjonar om å sitte her og kope medan dei «suck the blood from my wound». Og det er energi, og det er rock’n roll, og det er amerika, og det er to på flukt med vind i håret. Men med ein annan desperasjon, ein annan «runaway american dream», rennande gjennom blodårene enn den Springsteenske Born To Run-desperasjonen. Tonen er meir krakilsk her, meir grunnleggande desperat. Det er noko anna som står på spel. «Oh, someday girl, I don’t know when, we’re gonna get to that place, where we really want to go and we’ll walk in the sun» syng Springsteen. «The future’s breathing down the neck of the past, and the sun throws a shit-eating shine on the moon» syng Ezra Furman. Sjåføren og hans engel rasar framover i opent landskap, men lufta er tett og framtida heng og dinglar i eit frynsete tau.

«This record is an exercise in empathy» skriv Furman i ein av fleire meldingar på LP’ens innleggsark. Eg er villig til å gje han rett i det. Samstundes er det eit album der paranoiaen har meir enn berre eit visst grep. Om enn ikkje eit lammande eit, for forteljaren er viltert til stades og lar seg ikkje utan vidare kue. «It’s a protest record, dreamed in the dark corners of the heart of a queer grandchild of Holocaust survivors» skriv også Furman, og presenterer med det samstundes seg sjølv. Noko han for så vidt har gjort tidlegare. Spesielt sterkt på sine to føregåande album. Det tvers gjennom desperate punkrock’nrollgospel-albumet Day Of the Dog (2013), og det for så vidt like desperate gjennombrotsalbumet Perpetual Motion People (2015). På begge desse albuma har han hatt med seg ein kvartett med namnet The Boy-Friends. I år, på Transangelic Exodus, heiter kvartetten han har i ryggen The Visions. Men gløttar ein bakom namnet så er det forsyne meg dei same fire som utgjorde The Boy-Friends. Lyden av dei er likevel ikkje heilt den same. Synthesizeren har blitt gitt eit større spelerom, den elektriske gitaren eit litt mindre, og saksofonen til produsent Tom Sandusky kjem sjeldnare inn i bildet. Plata er nok i større grad bygd og lappa i hop enn dei to førre. Utan at lyden av den er blitt for stor. Absolutt ikkje. Det er dei tettsittande og energiske tonar som regjerer grunnen. Plassert i eit skarpt og opent lydbilde som minner meg litt om Vampire Weekend-albumet Modern Vampires of the City.

Ezra Furman insisterer på at Transangelic Exodus ikkje er eit såkalla konsept-album. Men ein raud tråd er det då her. Frå tittelens englemotiv, til alle låtane der denne engelen dukkar opp. Denne elskaren til eg-personen. Og det at dei er på denne flukta, frå styresmakter og slike som ikkje vil dei vel. Ein «transangelic exodus on four wheels», som det blir ytra i Psalm 151. Ei setning som vel kan brytast opp om lag slik, bak frå: Det klassisk amerikanske (bilen), det gamle testamentet (Exodus er den latinske tittelen på den andre boka der, og handlar mykje om jødane si flukt frå Egypt), det transseksuelle og outsider-elementet.

Men viktigast er nå lidenskapen. Den er på sedvanleg Furman-vis like solid på plass som på hans to førre album. Han syng som om han meiner det. For eit understatement! Han tar sjølvsagt full eigedom over kvart forbanna ord … og syng med ei kraft og ein dynamikk det glødar av. Enten songen er ein rastlaus rakkar eller ein meir dvelande ballade. Driving Down To L.A. høyrer til sistnemnte kategori. I nennsame vers og eksplosive refreng tematiserer den dødsflørt og inderleg kjærleik, og er eit høgdepunkt. Endå litt sterkare er God Lifts Up The Lowly. Ein ballade der Furman grip tak i det bibelske bodskap om at i Guds auger er den mest forkomne og ubetydelege skapning ikkje eit hakk mindre verdt enn den robuste og mektige. Han gjer det i eit attraktivt knokkelarrangement, med ein bassist som har funne fram celloen, og alt blir berre komplett vakkert. Cello i ei sentral rolle finn ein også i Love You So Bad. Ein cello med dans i seg, plassert i ei poplåt som både har det melodiske og det forfriskande luftige på si side. Med ein liten touch av Pulp sin Common People, og det er jo ikkje ein skadeleg touch å ha. Og heller er det ikkje skadeleg at Furman syng linjer som «I still remember so bad, the nights mom got drunker than dad did, She told me never hang out with the bad kids. Well what can you say to that? I always knew I was bad».

Kor mykje dette handlar om Furman sjølv, eller er historier av det fiksjonelle slaget, er sjølvsagt umogeleg å seie noko sikkert om. Ikkje er det det minste interessant heller i grunn. Men eg legg merke til at han lar hovudpersonen handle sin første kjole i det lausslopne nummeret Maraschino Red Dress $8.99 At Goodwill. Ei klesdrakt Ezra Furman som kjent rett så ofte kan finne på å kle seg i. At han ein eller gong kan ha mista uskulda si til ein gut er det vel også ting som tyder på, men at denne heiter Vincent stemmer sikkert ikkje. Ein fin poptrudelutt er den nå uansett, songen I Lost My Innocence («to a boy named Vincent, and in a single instant I was set free»). Og eit lyst og lystig avslutningsnummer som står noko i kontrast til dei tolv låtane som ligg før i løypa. På ei plate Furman har tileigna the immigrant, the refugee, the closeted, the out, the vulnerable, the homeless, the searching. Og som fleire enn det antakeleg vil ha utbytte av å ta innover seg.

8/10

TIDAL: EZRA FURMAN – TRANSANGELIC EXODUS

Høyr her (høyr Ezra Furman)

Standard

Ein flunkande ny Ezra Furman låt gitt. Slikt takkar vi ikkje nei til her borte i Popkroken. Etter å ha høyrt gjennom den nokre gonger konstaterer eg at Teddy I’m Ready (som låta heiter) er ein ganske så medrivande og veldig sympatisk hyllest til rock’n roll og fridom og slikt.
Låta er forresten første spor på ein seksspors EP Ezra annonserer skal komme ut 19. august. Big Fugitive Life er tittelen på den, og er i fylgje opphavsmannen tileigna «refugees of all kinds, all over the world».
Og han legg til: «May all the wanderers find the homes they seek, and may those with power welcome them as fellow citizens of humanity.”

 

Musikalsk årsoppgjer 2015

Standard

Berre ei liste

Dei førti (for ikkje å seie femti) beste albuma eg har høyrt i år (av slike som kom ut i år). I ei ikkje heilt tilfeldig rekkefølge, men bra er dei alle.

  1. Father John Misty – I Love You, Honeybear
    Uvanlige kjærleikssongar i eit faderlig sterkt folkpopmelodisk famntak. Der kontrastane lever i beste velgåande. Behaget eksisterer side om side med ubehaget. Uroa luskar i fotspora til roa. Smektande strykarar er ikkje garantistar for at fred og fordragelegheit er neste stasjon. Men det vakre er skånsellaust vakkert, og eg kapitulerte.
  2. Kendrick Lamar – To Pimp A Butterfly
    Det er sting i formidlinga, dobbel- og trippeltyding i det uttalte. Det er ein rå poesi i linje etter linje, og ein sonisk nyanserikdom som kontinuerlig held seg på sporet. Det er slikt som er med på å gjere utslaget, i årets mest funky reise.
  3. Ezra Furman – Perpetual Motion People
    Song etter song storma den over meg. Energisk i si framferd, melodisk i sitt vesen. Full på fridom og sing-a-long. Ein skikkelig ukomplisert og uimotståelig rakkar viste den seg å vere. Viser den seg framleis å vere. Eg byrjar å få ein mistanke om at den kan ha evig liv.
  4. Sufjan Stevens – Carrie & Lowell
    Elleve vakre songar. Folkpopmelodiar som kjem grasiøst smygande, og som blir verande. Elleve sakrale og stille skrik. Hjerteskjerande linjer om sakn, lengsel og uforståelige kjensler. Om ei mor som ikkje var der, og som no er død.
  5. Girl Band – Holding Hands With Jamie
    Bråk, til tider eit helsikkes bråk. Men ikkje eit meiningslaust eit. Ein herlig miks av dei motoriske faktene frå krautrocken, den klassiske lågt/høgt-dynamikken, og ei hardcore-innstilling. Noko i den duren i alle fall.
  6. Courtney Barnett – Sometimes I Sit and Think, And Sometimes I Just Sit
    Finurlige tekstar som kan kalle fram eit skeivt smil, eller få ein til å grunne litt. I eit laust, ledug og energisk rock’n roll uttrykk der det meste er upolert, og ganske så uimotståelig.
  7. Tame Impala – Currents
    Popsongar i ein straum av åttitalets synthlyd miksa med funk og disco, men utan at kjærleiken til  sekstitalets psykedelia-tonar er blitt kasta over bord.
  8. Simon Joyner – Grass, Branch & Bone
    Ni folksongar der den akustiske gitaren leiar an. Ei halvskakk og vakker songpoetisk ferd inn til svunne draumar og gulna minner.   
  9. Ought – Sun Coming Down
    Ein postpunkenergi som riv og slit, som koplar på og koplar feil. Mørkesøkande og ikkje heilt ufarlig, men først og fremst livlig påkopla.
  10. TRAAMS – Modern Dancing
    Med groovet godt intakt byr denne sør-engelske trioen opp til ein postpunkdans av det friske slaget.
  11. Sleater-Kinney – No Cities To Love
    Bandcomeback må ikkje vere traurige greier, det kan gnistre også. Ja nesten «shake it like never before».
  12. Destroyer – Poison Season
    Dunkle kammertonar, brunstige blåsarar, og giftig og svartsynt poesi. 
  13. Laura Marling – Short Movie
    Med litt meir elektrisitet enn tidlegare zoomar Marling igjen inn på tilværets dilemma.
  14. Daniel Romano – If I’ve Only One Time Askin’
    Country på gamle måten anno 2015: Trist og friskt.
  15. Sun Kil Moon – Universal Themes
    Ein gretten gubbe og hans empatiske sider.
  16. Syntax TerrOrkester – Bydrifter
    Rock i original kledning, poesi på reinspikka karmøysk – aldeles storarta.
  17. Punch Brothers – The Phosphorescent Blues
    Mandolin. Banjo. Fele. Akustisk gitar. Kontrabass. Slikt blir det fort bluegrass av. Punch Brothers vil det annleis.
  18. Tønes – Vindbrest
    Gjenkjennelig surrealisme og underfundig realisme, slik berre Tønes gjer det.
  19. Erlend Ropstad – Det Beste Vi Får Til
    Like mykje som songar og viser og slikt vil eg kalle det poesi.
  20. Dig Deeper – How You Spend Your Days
    Eit norsk rockeband som lever opp til namnet sitt, og finn skatten.
  21. Protomartyr – The Agent Intellect
    Frå avdelinga «nyare postpunk det gnistrar litt av».
  22. Ryley Walker – Primrose Green
    Ein angloamerikansk folkrocktone dyppa i jazz og leduge arrangement
  23. Kurt Vile – B’lieve I’m Goin Down
    Vile og songane hans går sin slacke gode gang.
  24. Fjorden Baby! – Oh Yeah!
    Med koking og loking og det som meir groovy er har bergensbanden skapt gode tilstandar her inne i kroken.
  25. Wolf Alice – My Love Is Cool
    Ein kvartett frå London som albumdebuterer med pop i tonane og blod i sikte.
  26. Robert Forster – Songs To Play
    Ein ny dose sympatiske popsongar frå den levande Go-Betweens legenda.
  27. Vince Staples – Summertime ’06
    Ei dyster og motsetningsfull affære, i eit fortetta sonisk landskap
  28. New Order – Music Complete
    Hook er hekta av. Keyboardet er ganske så framtredande. Det same er også ein panoramisk og velgjerande poptone.
  29. Nadia Reid – Listen To Formation, Look For the Signs
    Ein albumdebutant frå New Zealand med ein folk/americana tone av det særdeles innbydande slaget på tapetet.
  30. Israel Nash – Silver Season
    Ein texanar ifrå Missouri har komme fram til sin psykedeliske sesong.
  31. Viet Cong- Viet Cong
    Eit tvilsamt bandnamn. Ei mørk og dyster ferd inn i dei meir dystopiske krokane av postpunken.
  32.  Susanne Sundfør – Ten Love Songs
    Samspelet mellom slikt som fenger og slikt som har motstand i seg. Spretten synthpop og dunkle strykarar. Susanne Sundfør får med sjølvsagt eleganse slikt til å funke i hop.
  33. Algiers – Algiers
    Soul og gospel og postpunk. Full energi, knyta nevar og revolusjon i blikket.
  34. Corrina Repp – The Pattern of Electricity
    Skjørt og nakent. Elektrisk og uroleg. Melodisk og dirrande. Verdt å vitje.
  35. The Switch – B For the Beast
    Der popen blir innhaldsrik, kaleidoskopisk og skikkelig påskrudd.
  36. Jamie xx – In Colour
    Jamie frå The xx sin soloalbumdebut er intrikat og minimalistisk, sakte synthflytande og basskraftig. Fargerik, og rytmisk som ein døsig ettermiddagspuls.
  37. Car Seat Headrest – Teens of Style
    Einmannsband. Skranglete låg-fidelity med pophooks og folktristesse.
  38.  Beach House – Depression Cherry
    Ny forsyning med draumande popsongar på sakte puls. (Eit av to album frå duoen dette året).
  39. Low – Ones and Sixes
    Trioen har denne gongen vikla meir elektroniske lydar inn i sine dulmande tonar, utan at det skadar.
  40. Dungen – Allas Sak
    Når gitaren og fløyta og groovet finn sin skapnad, og bilder av aude trefylte landskap veks fram, då er eg i Dungens psykedeliske og suggestive verd. Alltid ein god stad å vere.
  41. Panda Bear – Panda Bear Meets the Grim Reaper
  42. Waxahatchee – Ivy Tripp
  43. Deerhunter – Fading Frontier
  44. Young Thug – Barter 6
  45. Jim O’Rourke – Simple Songs
  46. Julia Holter – Have You In My Wilderness
  47. Daniel Kvammen – Fremad I Alle Retninga
  48. Twerps – Range Anxiety
  49. Autobahn – Dissemble
  50. Best Coast – California Nights

Og så har eg lest ein del bra bøker. Strengt tatt har eg vel brukt minst like mykje tid på det som på musikken. Både gamle og årsferske bøker. Av den siste sorten (årsferske i alle fall i norsk omsetting), fekk eg hug til å nemne nokre:

Roberto Bolaño – 2666
Den chilenske forfattaren Roberto Bolaño døydde i 2003, 50 år gammal. Han var då i siste fase for å ferdigstille sitt storverk 2666. Året etter vart boka utgjeven. Sannsynlegvis så godt som i den forma forfattaren sjølv såg den føre seg. I år ligg den så føre i norsk omsetting. Det er ei tjukk bok (940 sider). Den består av fem bøker. Fem forteljingar. På eitt vis separate forteljingar, på eitt vis nestar dei seg alle i hop i den siste forteljinga. Boka kvalifiserer tvillaust til karakteristikken «ein mangslungen og gåtefull roman». Den er ikkje fullt ut til å forstå. Den går fleire vegar. Hovudvegar, sidevegar, grusvegar, gjengrodde vegar, blindvegar. Den fylgjer desse vegane med ein desperasjon i seg. Og skildrar lidenskap og djevelskap, galskap og draumar. Den er ambisiøs så det held. Den er ein feber av ei bok, og eg må så definitivt lese den fleire gonger.

Elena Ferrante – Mi briljante venninne / Historia om det nye namnet
To bøker, halvparten av ein kvartett. Napoli-kvartetten.
Med eit direkte språk, fritt for dilldall, fortel Elena Ferrante ein medrivande historie om oppvekst, vennskap, kjærleik, fiendskap, vald og makt (og meir til). Sentralt i historia finn vi forteljarstemma til Lena og hennar venninne Lila, og det kontrastfulle vennskapet mellom desse to — både blømande og destruktivt, både støttande og rivaliserande. Lena kjempar seg, til trass for si låge sjølvkjensle, utav kvartalet og til ei universitetsutdanning. Lila, den tøffe og kreative, blir att der og kjempar ein slags sjølvdestruktiv kamp med mann, nabolag og mafiaen.
Bøkene er omsett til levande nynorsk og har ei skikkelig pageturnerkraft (i løpet av 2016 vil kvartetten bli fulltalig).

Patti Smith – M Train
For nokre år sidan fascinerte ho med historia om vennskapet mellom seg og Robert Mapplethorpe (Just Kids). Denne gongen møter vi i hovudsak den godt vaksne Patti Smith. På reise til Berlin, til Mexico, til Japan, eller vandrande rundt i New York (særlig då til stamkafeen sin på hjørnet). Innimellom vitjar ho, i tankane, tida ho hadde med ektemannen sin Fred Smith (fram til han brått døydde i 1994). Ho deltar på ein konferanse om polarforsking, vitjar Frida Kahlo museet, ser på engelsk krim på eit Londonhotell, men ikkje minst fortel ho om litteratur ho er glad i. Og det er i dei passasjane eg kanskje synk djupast inn i boka. Når ho fortel om sin kjærleik til bøker av Jean Genet, Sylvia Plath, Michail Bulgakov, W.G. Sebald, Haruki Murakami, Roberto Bolaño, og så vidare.
Side etter side driv så makelig og godt forbi, heilt naturleg, assosiativt og sympatisk.

Jonathan Franzen – Renhet
Ikkje Franzen si beste bok (Den tittelen kjempar framleis Korrigeringer og Frihet om), men på sitt vis ei absolutt fengslande nok bok. Skitnare enn tittelen tyder på. Fortalt frå perspektivet til fleire av bokas karakterar, men med den unge kvinna Pip som hovudaktør. Eit namn som bringe tankane i retning Dickens-klassikaren Store Forventninger. Og noko Dickens er det vel kanskje over måten fleire av karakterane blir skildra på. Boka går fram og tilbake i tid. Femner mellom anna ein historie frå det delte Berlin, og tar føre seg internettets overvakings- og publiseringsmogelegheiter. Franzen har sannsynlegvis ein politisk intensjon med desse perspektiva. Personleg synst eg at han er betre, ja drivande god, når han teiknar opp sine romanfigurar på godt og vondt, og skriv fram strålande dialogar.

Og ikkje heilt ny av året, men gjenutgitt som trilogi i år, Jon Fosse sine tre eineståande kortromanar Andvake/Olavs draumar/Kveldsvævd:
Utanfor tid og rom, i eit suggererande gjentakande språk fortel Fosse historia om to (Alida og Asle) som elskar kvarandre. Ei vakker kjærleikshistorie. Samstundes: ei uhyggelig historie, ei historie som også inneheld død, sakn og bitter fortviling. Den er ikkje festa fast i slikt som logisk sett nødvendigvis kan skje akkurat slik det her skjer, den har noko bibelsk og legendeprega over seg, men gjer likevel frå seg ei kjensle av å vere rå røyndom, ei dirrande kjensle av at dette handlar om ekte levande menneske. Slike som elskar og frys og kjempar og gjer handlingar som ikkje kan rettast opp att.
Det er vakkert, det er trist, og det set evigvarande spor.

Ezra Furman – Perpetual Motion People

Standard

Hei hei du likeframme rastlause angstfulle fridomssøkande og fengande rock’n roll.             9

  «Ooh-la-ooh, she-leg-a-ooh-la-ooh-la-oohoo». Kom igjen, ta deg ein Doo-wop og bli med. «Ooh-la-ooh, she-leg-a-ooh-la-ooh-la-oohoo». Sånn ja, det er heilt ufarlig. I alle fall nesten, trur eg. Så hiv innpå litt til og ta deg ein tur. Slå opp teltet midt i musikken. Sving deg rundt og la hemningane ramla. Knips med fingrane og la rytmen ta deg. Tork støvet ut av augo og syng med:

Restless year
It was another restless year
It was a restless year
For a while we had no fear

Ezra Furman er her med sitt sjette album. Han kallar det ganske så perfekt for Perpetual Motion People, og gjer inntrykk av at bremsepedalen er ei oppskrytt oppfinning. Det er grunn til å feire. Så eg feirar. Spelar plata til døde og tilbake igjen, og feirar. Tenker at faren snart er over no, plata kjem ikkje til å slutte å virke. Den smalt så alarmerande lett på plass i første runde. Song etter song storma den over meg. Energisk i si framferd, melodisk i sitt vesen. Full på fridom og sing-a-long. Ein skikkelig ukomplisert og uimotståelig rakkar viste den seg å vere. Viser den seg framleis å vere. Eg byrjar å få ein mistanke om at den kan ha evig liv.

Ezra Furman vart fødd midt på åttitalet i Chicago. I slutten av tenåra reiste han til Boston for å studere. Korleis det gjekk med studiane veit eg ingenting om, men eg har høyrt eit rykte om at han skreiv drøssevis av songar. Og plutselig hadde han ei sentral rolle i eit rockeband, kvartetten Ezra Furman & The Harpoons. I åra som fylgde spelte dei inn tre album fulle av ungdommelig angst, vridde perspektiv og generell dødsforakt. Heilt utan at verken Amerika eller verden brydde seg nemneverdig med det. Meg sjølv inkludert, eg skulle i endå nokre år vere heilt og fullstendig uvitande om Ezra Furman sin eksistens.

The Harpoons la ned instrumenta i 2011, men Ezra fant ikkje roen. Han flakka vidare på eiga hand. Byrja utvida garderoben sin med kjolar og ymse feminine klesplagg. Kledde seg gjerne i plagga når han entra scena, og slo eit slag for det kjønnsoverskridande. Slik ein og anna rockeartist har gjort før han. David Bowie og Lou Reed for eksempel. To artistar som Ezra Furman nok står ein del i gjeld til. Glamrockaren Bowie og outsideren Reed. Furman har spelt Velvet Underground-klassikaren Heroin med Reed sjølv som tilhøyrar, og lyt vel innsjå at meir enn ein av songane hans er plaga av ein viss velvetsk turbulens. Slik Jonathan Richman i si Modern Lovers-tid også måtte gjere. Og akkurat der er vi komme fram til det punktet i historia der det heilt kort skal slåast fast at Jonathan Richman er ein fyr som nok også har gjort eit solid inntrykk på unge Furman.

Apropos ung, eg er eigentlig for gammal til dette her. Altfor gammal. I 1983 hadde eg den rette alderen. Det året eg gjekk bananas i debutalbumet til Violent Femmes. Løyste bortimot daglig inn psykologtimar hos Gordon Gano, og spelte Blister In the Sun, Kiss Off og Add It Up langt forbi det tilrådelige. Eg ser det ikkje som heilt utenkelig at Ezra Furman kan ha gjort noko liknande. For når vi først snakkar om at han står i gjeld til nokon så er kanskje den gjelda aller størst til Violent Femmes sine tonar og tema.

Making the rounds in my five dollar dress
I can’t go home, though I’m not homeless
I’m just another savage in the wilderness
And if you can’t calm down you can listen to this:

Death! – Is my former employer
Death! –Is my own Tom Sawyer
Death! – Waits for me to destroy her
I never wanna die and I’ll never grow older

Songaren er i frontlinja, har frivillig inntatt uriasposten, kjenslene dansar i sikksakk, han gjer ingenting for å dekke dei til. Snarare tvert imot. Som ein Gordon Gano med blikket desperat retta mot det endelige nederlaget vik han ikkje eit sekund unna. Her skal det gåast til verket.

To minutt og tjuefem sekund er den eksakte lengda på opningssporet. Det er alt som trengst. At det handlar om eit Restless Year finst ikkje fnugg av tvil om. At songaren opplever rotløyse og bevegelse som langt meir attråverdig enn fast eigedom kjem rimelig tydelig fram. Eit klesplagg og to og ein Dostojevski-roman er vel stort sett det som trengst av eignelutar. Noko eg sjølvsagt er altfor gammal og satt til å skrive under på. Men psst … eg elskar denne låta. Frå det innleiande doo-wop-refrenget til den brenn ut, elskar eg den. For all den punkglødande rock’n roll-ekstasen den er full på elskar eg den. Og så er det berre første sporet. Gløden svinn ikkje hen utover på plata. På ingen måte. I låtar som ikkje beveger seg langt frå rockens strikte vesen – med vers, refreng og ei og anna bru – tar Furman og hans medsamansvorne eit lidenskapeleg, men like fullt lausleg, grep om sakene. Verdt å notere seg kan vere at platas produsent Tim Sandusky bles like friskt i saksofonen som han har gjort på dei to føregåande Furman-platene.  Medan Furman syng som om det verkelig gjeld, som om det er noko heilt avgjerande som står på spel. Og slik er det kanskje også. Han skildrar einsemd og utanforskap på besettande vis, og han prisar fridomen som om den er det viktigaste av alt.

«Never classify me: don’t try» åtvarar han til swingande tonar i Wobbly. «My body was made this particular way, there’s really nothing any old patrician can say» slår han fast til sprelske tonar i Body Was Made. Det handlar om å krysse grensene mellom det feminine og maskuline slik ein måtte føle for å gjere det. Ja gjerne viske dei bort. Det handlar om å få aksept frå omverda, men det handlar også om å finne aksepten for det i seg sjølv.

«From two a.m. to four I live these secret lives, identities that all die off». Songen heiter Haunted Head, og er ei dampande affære i eit krysningspunkt mellom Memphis-soul og Bowie anno Station to Station. Ein dag i ein ung manns liv, Ezra Furman sitt liv formodar eg. Frå han står opp klokka seks og lagar seg speilegg til han kveiler seg rundt toalettskola den påfølgande natta, og «learning what it means to really pray».

Midtvegs inn i plata startar han ein song med å hevde at han er «sick of this record already». Det er den rastlause Furman som talar. Han som vil vere i bevegelse, som vil at nye ting skal skje, som forfektar at «you gotta keep it new to keep it true». Ein septemberdag i Boston var det ikkje slik, då mista han lysta på å leve, han var sjuk av sitt «ordinary life». Men han heldt fast i det likevel. Den gongen, og når han seinare har opplevd det same, har han også helde fast i det. Slik blir songen Ordinary Life til ei feiring av livet – «ditty bop sha lang lang, ditty lang».

Målt mot den førre plata til Furman, Day of the Dog, er det eit meir håpefullt drag over Perpetual Motion People. Håpefullt og smått kostelig. Slagferdig har han alltid vore, og er det ikkje i noko mindre grad denne gongen. «I’ve got a bright future in music as long as I never find true happiness» erklærer han i den smygande balladen Watch You Go By. Men eg høyrer at han smiler litt lurt når han syng det. «Hop to the melody and quit your job, out of the misery and in to the darkness» høyrer eg han, med eit vagt glis om munnen, føreslå i popkjappe Hark! To the Music.

Verre er det derimot når han ber om selskap i ei mørk mørk stund (i den smertefulle balladen Hour of Deepest Need), når han forkynnar at han ikkje vil vere «the bad guy» (i frenetiske Lousy Connection), eller når han ber om å få tilbringe ei natt «on your mind» (i det fortvilt heite nummeret Can I Sleep On Your Mind?).

Ezra Furman er av jødisk avstamming. Og han kan sin Tora. På tidlegare plater har det dukka opp fleire referansar til den gamle boka. Denne gongen er det ikkje så mange av dei. Men han avsluttar med ei akustisk gospelerklæring om at han ein dag ikkje skal synde noko meir – One Day I Will Sin No More, men «’til the day it all comes crashing in, I ask forgiveness for my sins». Stort meir kan ein vel ikkje forlange av ein heilt vanleg jordboar med ei rastlaus og fridomssøkande sjel.

Musikalsk årsoppgjer 2013

Standard

2013: Det beste eg høyrte i år

Eg har ikkje tenkt å hevde at dei 25 platene eg har laga ei liste av under er dei 25 beste platene frå 2013. Men, av dei platene eg har høyrt frå dette året (og det er jo langt frå alle) trur eg desse 25 må vere dei beste. Om då ikkje John Grant eller The Sadies eller Neko Case eller Ashley Monroe eller Unknown Mortal Orchestra eller Eleanor Friedberger eller Erlend Ropstad eller Kanye West eller Ty Segall eller Houndstooth eller Mona & Maria eller Sudan Dudan eller Samantha Crain sine respektive utgjevingar burde ha fått ein plass her då. Det kan veldig godt vere.

25. Bill Callahan – Dream River
Ein av våre tiders beste songpoetar. Med klar og særeigen røyst tar han nokre steg i ein litt meir optimistisk retning. Og han er vel verdt å fylgje dit også.

24. Mark Kozelek & Desertshore – Mark Kozelek & Desertshore
Detaljerte betraktningar over dagliglivets prosaiske vesen, tilsatt velkjente Kozelek-
tonar (les Sun Kil Moon, les Red House Painter). Gode tonar.

23. Caitlin Rose – The Stand-in
Countrysongar og andre songar som lever sitt liv utafor tidas avgrensa rammer.
Fengande, brennande, swingande, varlege. Registeret er breitt nok, og songane har ein friskleik som vil vare.

22. Atlanter – Vidde
Bandet er nytt, men mannskapet, i alle fall Jens Carelius, har gjort seg bemerka før. Men dette er meir bemerkelsesverdig. Eit fjellpsykedelisk, vidtrekkande, bluesvandrande og groovy stykke norsk verdensmusikk.

21. Kacey Musgraves – Same Trailer Different Park
Countrytonen er konvensjonell, og nesten på permanent basis svingar den seg inn på eit fengande spor. Men den skrur seg ikkje fullstendig opp. Det er noko som held den att, som jordar den. Ein flittig bruk av akustiske instrument. Eit fråvær av glimmer og fjas. Friske tekstar, rammande tekstar, ein varme, eit mot.

20. Monica Heldal – Boy From The North
Ei ung norsk dame har funne fram til den engelske folktonen. Med den akustiske gitaren i fanget fingerplukkar ho seg gjennom låtane. Men ho har også ordna seg med nokre medmusikantar der elektrisiteten har ei rolle. I lag skapar dei eit rastlaust, bluesblått og groovy stykke musikk. Det handlar om inderlig kjærleik, bevegelse og fridom.

19. Houndmouth – From the Hills Below the City
Originalitet får andre ta seg av bjeffar dei, og omfamnar den amerikanske grunntonen med heile sitt glødande hjerte. Alle fire. Gitaren er alltid elektrisk, orgelet duvar og grev, og rytmeduoen er ikkje utprega anonym. Det er southern style, countryrock og rotekte rock. Og syng gjer dei alle. Åleine, og i medrivande harmonisk utfalding.

18. Yo La Tengo – Fade
Tida går ikkje i frå Yo La Tengo. I eit kvart århundre har dei sysla med sitt. Litt av kvart i grunn, men er like fullt alltid til å kjenne att. I år bydde dei på ei ganske så støysvak og homogen plate. Og tradisjonen tru var den rett så flott.

17. The Men – New Moon
The Men er absolutt ikkje eit trongt, einsarta og uniformert band. The Men vil mykje og mang slags. Først og fremst energisk rock’n roll. Gjerne med litt innebygd hengslete melodiøsitet. Men dei går heller ikkje av vegen for litt countryrock, hissig støy eller groovy kraut. Upolert og reinspikka.

16. Mikal Cronin – MCII
Det er power i den melodisk velorienterte poptonen til Cronin. Den klassiske beatleske poptonen. Tidvis skyllar fyren ei elektrisk gitarbølgje av nesten tsunamiske dimensjonar innover den. Men han spelar på andre instrument også (så godt som alle ein kan høyre på plata). Og han kan roe støyfaktoren, men det er aldri ei overordna målsetjing.

15. Oblivians – Desperation
Femten år etter at Oblivians var her sist dukkar dei opp att. Utan å ha forbetra seg, og takk for det. Her flyg dei vegg imellom, i full desperasjon, og er alt anna enn slutt. Dei sveittar og rockar som om tida aldri har flydd ifrå dei. Det gjer dei sjølvsagt heilt rett i.

14. Stein Torleif Bjella – Heim For Å Døy
Nei lystelig er det definitivt ikkje, men like fullt ein ny porsjon med ganske så udødelige viser. Meir presist elleve songar om å kjenne seg einsam og neglisjert, og ein om nokre gitarar. Formidla med akkurat så mange ord som trengst. Ikkje overtydelig, men heller ikkje utydelig. Forankra i eit Hallingdalsmiljø, men i grunn ganske så universelt.

13. Savages – Silence Yourself
Det er ikkje nokon grunn til å tvile på Savages. Deira agenda er å gå aggressivt til verks, dei sviktar den aldri. Verken på det soniske eller det tekstlige plan. «This album is to be played loud in the foreground» proklamerar dei. Du skal ikkje la deg forstyrre av andre signal. Du skal ha fokuset retta ein stad, hit, på debutplata til dei fire kvinnene i Savages. Det er i grunn ikkje så vanskelig.

12. Okkervil River – The Silver Gymnasium
Scena er den vesle staden der bandets songar og eminente låtskrivar Will Sheff vaks opp. Han skildrar ein barndom som handla vel så mykje om sjukdom og å bli mobba som om ubekymra leik i skogsholtet. Men det er ingen bitter flyktning som kryssar sine spor. Det er ein mann midt i trettiåra som evnar å vere både oppriktig og ettertenksam. Og som finn fram til poptonen i sitt eige orkester. Ein god tone det.

11. The National – Trouble Will Find Me
I eit moderat og smidig modus lirkar Brooklynkvintetten nok ein gong fram ei plate som vinn i det lengre løp. Der den lakoniske barytonrøysta til Matt Berninger behandlar låt etter låt med skarpskodde tekstlinjer. «I have only two emotions» syng han, «careful fear and dead devotion». Og eg tenker at nett det kanskje er eit aldri så lite manifest. På ei plate som ikkje veldig annleis, frå eit band som framleis er veldig bra.

10. Wooden Wand – Blood Oaths Of the New Blues
Eg opplever lydbildet på Blood Oaths som det luftigaste Wand har presentert i nyare tid. Som det rikaste også, men like fullt spartansk. Wand sine medspelarar skikkar seg, dei går ut og inn av bildet, dei har fått rolla som subtile understrekarar. I novellistiske songar av det heimsøkte og støvete slaget, dyppa i country og blues. Der tristessen og lengten rår, men der Wand også finn det føremålstenlig å minne om at «after the darkness there’s a light».

9. My Bloody Valentine – MBV
Det er då noko alvorlig apokalyptisk over mbv, er det ikkje? Poptonen som dansa som ein kaleidoskopisk draum gjennom store deler av Loveless den høyrer eg ikkje så mykje til her. Her høyrer eg noko dunklare noko. Ein slags klagesong kanskje, eller ein jamrande blues, eller ….. Eller for å seie det slik: Shields og hans kumpanar (som ikkje er særlig fleire enn Bilinda Butcher denne gongen) har endå ein gong skapt eit verk som eg ikkje heilt ut forstår, som sikkert alltid vil vere utydelig, og som eg derfor aldri vil bli ferdig med. Og bra er vel det?

8. Kurt Vile – Wakin On A Pretty Daze
Dei drar seg ut i respektable lengder fleire av spora på plata. Såpass at dette endar
opp som eit godt gammaldags dobbeltalbum. Der gitaren, og då spesielt den akustiske varianten, har ei viktig rolle. Gitaristen Kurt Vile har aldri vore noko å kimse av. Men denne gongen gjer han seg sjølv større arbeidsrom, og skapar meir meditativ godlyd, enn nokon gong.
I songar der Vile fører ein slags dialog med seg sjølv. Om eg då ikkje skal kalle det for monologar til ein person som ikkje er til stades. Eller refleksjonar over livet, musikken, kjærleiken, lengselen, og det å vere mann og far.

7. Laura Marling – Once I Was An Eagle
Utan unntak, femten songar til ende, handlar Once I Was An Eagle om kjærleiken. Det startar i eit stummande mørke. «You should be gone beast» lyde opningslinja. Det lysnar litt undervegs. Til slutt adresserar songaren ei oppriktig takkseiing til naiviteten «for failing me again».
Stemma og den akustiske gitaren har hovudrolla. Men utan produsent Ethan Johns si tilføring av rytmisk svir hadde ikkje dette blitt den plata det har blitt. Med handslegne trommer og perkussiv virilitet skaper han eit organisk groove som stikk innom og vitjar dei fleste låtane.
Det har blitt ei plate som er den openbare motsetninga til det fragmenterte. Den krev at ein har tid, at ein tek seg tid, den er verdt kvart eit minutt.

6. Jason Isbell – Southeastern
Ei plate full av countrysoul. 12 sterke melodiar som provar at Jason Isbell har eit grep om det melodiske slik gode låtskrivarar oftast harhar. Det er likevel hans grep om det tekstlige som verkelig imponerer. Han sirklar ikkje rundt med ord som fordampar, han går direkte til verket med ord som brenn seg fast. Han bruker ikkje fleire ord enn nødvendig, han økonomiserer, han er presis, som ein Carver. Han har noko å formidle. Og det han formidlar skildrar også det som ikkje blir uttalt. Eller det kan handle om noko eg først ikkje oppdaga det handla om. Det kan ha ei dobbeltyding. Isbell er ikkje eindimensjonal.
Jason Isbell har endelig laga plata eg ein gong trudde han var i stand til å lage, men som eg hadde byrja tvile på at han ville lage.

5. Vampire Weekend – Modern Vampires of the City
Det finst fleire grunnar til å tvile enn til å tru. Gud er i trøbbel. Sola går minst like ofte ned som den står opp. Visdom er ikkje synonymt med ungdom. Døden er uunngåelig, men heller seinare enn før. «There’s a lifetime right in front of you».
Med betraktningar av dette slaget tar Vampire Weekend oss med på ein liten tur inn i sinnet og sjela til Modern Vampires of the City. På ei plate som er like nådelaus som den er medgjerlig, like absurd som den er lettfattelig, like eksentrisk som den er fengande.
Vokalist Ezra Koenig fer til verket med reinspakka glød og tvillaust nærvær som fremste kjennemerke. Rundt han føregår det saker og ting. Multiinstrumentalist og produsent Rostam Batmanglij er ein mann rik på idear. Han skikkar inn det eine instrumentet etter det andre. Men lite samtidig. Det er godt med rom her. Eit rom som blir nytta til å gje kvar enkelt låt sitt preg, sitt stempel, sitt groove.

4. Ezra Furman – Day Of The Dog
Når Ezra Furman 13 sekund inn i opningsnummeret startar å synge så er det frå djupast nede i magen og utover det heile. Det er fullt åtak, og ein aggresjon mot det han ser der ute og det han kjenner der inne. «All the world is rising up like vomit, filling up my ugly little mouth, there’s a sickness deep inside my eyeball, got to find that tool to cut it out». At refrenget då blir «I wanna destroy something, I wanna destroy myself» er vel bortimot heilt naturlig.
Punk eller ikkje punk, det er for så vidt ikkje spørsmålet. Men svaret er ja, og nei. Dette er punk men langt meir enn som så. Dette er Bo Diddley-beat og femtitalet som tar seg via Dylan og Velvet Underground til punkens gullalder, derifrå går den i klinsj med Violent Femmes, sparrar med Bright Eyes, og sveittar opp ein dose gospel, for så å bli friskt og tydelig signert med Ezra Furman sitt eige handlag.
Ein kan vanskelig hevde at tematikken plata igjennom er av det lystelige slaget. Det handlar mykje om å vere i ein tilstand nokre sjelelige kilometer unna der ein helst kunne tenkt seg å vere. Men det handlar også om å prøve å komme seg ut av tilstanden, og å søke og finne fram til ein som svir mindre. Det handlar i liten grad om å lukkast med det.
Men du verden som Ezra Furman har lukkast med denne si femte plate.

3. Phosphorescent – Muchacho
Sånn mot slutten av plata, i nest siste song, høyrer eg Matthew Houck synge «oh, you’ll spin your heartache into gold». Eg tar like godt og stel den linja eg, for så i neste omgang å rette den mot opphavsmannen sjølv. «You’ll spin heartache into gold, Matthew Houck». Noko du har gjort, for så vidt, i alle fall tidvis, på plate etter plate dei siste ti åra, men denne gongen sannelig meir fullkome enn nokon gong.
Houck seglar framleis, slik han har gjort alle desse ti åra, under fana Phosphorescent. Om enn ikkje, slik det ein gong var, ganske så åleine. Eit visst mannskap har han med seg. Ikkje eit så reint lite eit heller denne gongen. Cirka 10 i talet trur eg det må vere. Det er nå likevel aldri nokon tvil om kven som har grepet om spakane. Houck har, vanen tru, produsert, arrangert, miksa, og skrive låtane. På det mest mangfaldig utforma Phosphorescent-albumet til dags dato.
Houck tek her i bruk elektroniske lydkjelder på ein måte han ikkje har gjort før, og han vitjar fengande poprefreng og tar eit par skikkelig groovy tak. Sonisk sett er albumet kanskje fyrens lettast tilgjengelige. Utan at det har gått utover tonane sin levedyktigheit, eller Houck si evne og interesse for å skildre kjelkete mellommenneskelige tilhøve.

2. Parquet Courts – Light Up Gold
Eg høyrer på Stoned and Starving, og songar frå tidlegare tider kryssar sporet. Det har noko med groovet å gjere, tenker eg. Først og fremst groovet. Det enkle groovet. Sjølve ur-groovet. Eit slikt eit som finn sitt tempo, og som så går, og går, og går, medan tonar av ulik karakter kravlar, kjælar eller piskar kring det.
– Eg spaserte gjennom Ridgewood Queens, innleiar Andrew Savage. Og groovet går, Det groovet. Der har Pablo Picasso spasert ein gong også, tenker eg. Og jentene kunne ikkje motstå blikket hans, og han blei aldri «called an asshole». I fylgje Jonathan Richman, tenker eg. Og groovet går, Det groovet. Ein gong var Lou Reed der også, tenker eg, og formidla morbide og syndige scener, og eit stadig gjentakande «she’s busy sucking on my ding-dong». Gitarane var primitive, orgelet brutalt, og Moe Tucker slo. Det var Det groovet. «I was so stoned and starving» syng Andrew Savage, og fortel om då han stod der med tåkete syn og funderte over om han skulle velje geléfiskar, rista peanøtter eller ei pakke lakris. Veslebror Max Savage administrerar takten, og ein krakilsk gitarsolo krøllar seg rundt den. Som ein svolten orm på jakt etter godsaker. Det er Det groovet.
Og saman med groovet, Dette groovet, går dei heim, utan napp, for så vidt, både Savage og Richman og Reed, både Parquet Courts, Modern Lovers og Velvet Underground. Og naglar kvar sin meisterlige rock’n roll song fast i det tidlause. Sister Ray, Pablo Picasso og Stoned and Starving. 1968, 1976, 2013, whatever, tenker eg.
Årets låt, tenker eg.
Med sine fem minuttars varigheit, og sine gitarsoloar er ikkje Stoned and Starving den typiske låta på plata. Den typiske låta varer ifrå eitt til drygt to minutt, har ikkje utprega god tid, gjer det den har intensjonar om å gjere, og slepp så neste til. Rå, energisk og primitiv punk, postpunk og rock’n roll. Det har sett seg i blodomlaupet til den unge kvartetten. Debutalbumet kokar over av det.

1. Jonathan Wilson – Fanfare
Å du heilage psykedelia! Her er det ambisjonar, her er det musikalitet, her er det ein kosmisk overflod av medrivande tonar.
Med Fanfare utvidar Jonathan Wilson sitt soniske univers. Han lar låtane få lov til å bli større. Gjev dei ein ikkje ueffen nyanserikdom, og sveivar tidvis opp ein energi som ikkje var der på den førre plata, Gentle Spirit. Fanfare er på mange vis eit konglomerat av soniske innfall, men du verden det er eit saumlaust konglomerat. Det hakkar ikkje undervegs. Dansen mellom dei djupaste søkk og dei høgaste tindar høyrest fullkommen naturlig ut.
Over 78 minuttar og gjennom 13 songar, i skiftande tempo, i mangslags fargar, og med vekslande krefter, har Fanfare grepe eit stadig sterkare tak i meg. Varmen har si tvillause skuld i det. Varmen som Wilson har inkorporert i kvar einaste spelte tone. Og så det melodiske då, det er heller ikkje skuldlaust. Det har sin divergerande personlegdom frå låt til låt, men presenterer seg alltid i ei form eg vil kalle smidig, og slik evnar det å smyge innunder huda, og inn til det inste.
Plata har flust av referansar til musikk som blei gitt ut i tidsrommet 1967 – 1977. Men den står aldri fast i noko som ein gong var. Eigentlig står den ikkje fast i det heile. Eigentlig flyg den som ei fri sjel mellom det den fangar og det den skapar, og har like mykje 2013 i seg som all anna musikk som har komme rekandes min veg i år. Men den har garantert meir framtid i seg enn det meste av den. For ikkje å seie all.

Ezra Furman – Day Of The Dog

Standard

Tru og tvil i mørke tider. Ein ung fyr frå Chicago hiv gospel i punken, og svingar seg inderlig rundt i rock’n roll tradisjonen.                                                                                                               

  Det var ufattelig lett å bli dus med songane til Ezra Furman. For fire veker sidan hadde eg aldri høyrt mannen framføre ein einaste tone. Eg visste ikkje at han eksisterte, og endå mindre visste eg at songane hans fanst. Likevel, når han først gjorde sin entré opplevde eg han aldri som ein framand. Songane hans kjem nemlig frå ein stad eg har vore før. Mange gonger (sannsynlegvis altfor mange gonger). Frå sjølvaste hjerta av rock’n roll. Dei beveger seg aldri langt vekk frå sin arnestad, men du verden som dei beveger seg.

Når han 13 sekund inn i opningsnummeret startar å synge så er det frå djupast nede i magen og utover det heile. Det er fullt åtak, og ein aggresjon mot det han ser der ute og det han kjenner der inne. «All the world is rising up like vomit, filling up my ugly little mouth, there’s a sickness deep inside my eyeball, got to find that tool to cut it out». At refrenget då blir «I wanna destroy something, I wanna destroy myself» er vel bortimot heilt naturlig.

Punk eller ikkje punk, det er for så vidt ikkje spørsmålet. Men svaret er ja, og nei. Dette er punk men langt meir enn som så. Dette er Bo Diddley-beat og femtitalet som tar seg via Dylan og Velvet Underground til punkens gullalder, derifrå går den i klinsj med Violent Femmes, sparrar med Bright Eyes, og sveittar opp ein dose gospel, for så å bli friskt og tydelig signert med Ezra Furman sitt eige handlag.

Han ser ikkje ut som ein gammal mann denne Ezra Furman. Men jaggu er situasjonen den at Day Of The Dog på ingen måte er hans debutalbum. Etter det eg har klart å finne ut må det vere hans femte full-lengdar. Dei tre første rett nok under vignetten Ezra Furman & The Harpoons, men ganske så umiskjennelig med same mann i hovudrolla.

God Is A Middle-Aged Woman song han på den aller første plata (frå 2007). Og Gud betyr ein god del for Ezra. Han har lest sitt Gamle Testamente. Kanskje fordi hans jødiske røter har dratt han mot det, eller kanskje ganske enkelt fordi han har funne det fascinerande. I alle fall klarer han å krydre songane sine med referansar til den gamle boka på eit rett så opportunt vis. Om enn ikkje i tråd med slik den ortodokse trua ville ha rådd han til å gjere det. And Maybe God Is A Train spør han seg på årets plate, som ei slags oppfølging til den seks år gamle songen. Desperasjonen formelig dirrar i stemmebanda når han vidare spør seg om Gud kanskje heller er ein liten gut som prøver å vere tøff som ein mann, eller kanskje ei lita jente «setting out a table for tea». Eller kanskje alt er slik det er meint å vere. Men i så tilfelle: «what exactly has that got to do with me, when I’m in pain, in pain». Så joda han har eit forhold til Gud, men det er eit ganske så fleirdimensjonelt forhold.

«Now that everyone’s gone, it’s just me and the Lord, in this little apartment in Queens». Slik innleiar Furman det swingande og Tom Waits-frenetiske nummeret Walk On In Darkness. Ein lengt etter det forbode drar etter kvart hovudpersonen utandørs. Gud prøver å kalle han tilbake via hans «portable headset». Samstundes, frå nede i rennesteinen ein stad, kan han høyre lyden av eit horn. (Sannsynligvis ein krumbøygd saksofon). Det regnar, eit evig regn, og gatevandraren forsvinn inn i mørket («tap tap tap»).

Der, inne i mørket, kan det vere at denne fyren møter på fleire av skikkelsane i Furman sine songar. For eksempel han som nyttar refrenget til å be alle om å dra ein viss stad. Tell «Em All To Go To Hell. Ein song, kledd i rockens opphavlige mondur, der Furman teiknar eit portrett av ein desorientert fyr fanga i ei felle han har laga for seg sjølv. Grublande over «redheads» som ikkje har nummeret hans lenger, snerrande mot idear om materiell velstand, heilt utan fotfeste, for redd til å døy, vandrande i skuggen av «the fabulous four».

Ein kan vel med rette hevde at tematikken plata igjennom ikkje er av det lystelige slaget. Det handlar mykje om å vere i ein tilstand nokre sjelelige kilometer unna der ein helst kunne tenkt seg å vere. Men det handlar også om å prøve og komme seg ut av tilstanden, og å søke og finne fram til ein som pinar mindre. Det handlar i liten grad om å lukkast med det.

Om då ikkje dommens dag, eller oppgjerets time, eller Day Of The Dog som Furman vel å kalle det, kan by på noko likare då. For alle dei hardt prøvde. «From the bums on the street to the prisoners inside, from the losers cast out to the runaway child, and the wandering slave through the wilderness fog». Den skingrande og intense gospelrockballade som ber same tittel som plata fremjar i alle fall eit håp om eit rettvist oppgjer ein gong. I den todelte saken Slacker/Adria er Furman inne på noko av det same. På ein litt annan måte. Første del presenterer eit noko misantropisk syn på tilværet («I’m hoping she’ll save me, or at least give me drugs and call me baby»), og groovet er suggererande og Velvet U. Andre del er ein brennande draum om eit utopia (there’s no hidden keys and there’s no secret handshake), plassert midt inne i ein sonisk vinterstorm.

Saman med dei sedvanlige rock’n roll instrumenta spelar ein saksofon ei sentral rolle. Tvers igjennom dei fleste spora kan den putre og kitle, fylgje straighte linjer eller mane til kamp. Uansett, den er med å gjere Day Of The Dog til eit album som til trass for si tydelige gjeld til rock’n roll historia er noko litt for seg sjølv. Noko unge Furman, og hans evne til å ta ein skånsellaus eigedom over kvar forbanna låt sjølvsagt skal få tilkjent største del av æra for. Det være seg om han fullbyrdar ei låt av det meir popprega slaget (My Zero, Cherry Lane) eller om han er der det heile byrja, og rasar ut si fortvila bøn til ein gud han håpar finst, men ikkje heilt stolar på: «Won’t you please come and be my escort, through the dark dark world that we have made». Gospel på sitt beste.

9/10

TIDAL: EZRA FURMAN – DAY OF THE DOG