Category Archives: 2001

The National – The National

Standard

12 melankolske oppteikningar frå sinnet sine mørkare kammer.

cover Bilder frå ein innbilt film:
I ein trang og uryddig leilighet i New York sitt ein ensom mann. Som einaste selskap har han eit whiskeyglas og ei pakke Marlboro på mindre enn ein armlengdes avstand, han brukar tida til å skrive i nokre notisbøker.
Zoomer vi oss inn på det som er skribla ned kan me lese ytringer som:

-«Don’t tell me I’ve changed, your just raising your standards».
-«She’s reading books from empty women, they’re giving beauty tips from empty hips».
-«I don’t want to know what you’re thinking, I’m looking out the window, I’m sitting here just fucking drinking».
-«And if I forget you, I’ll have nobody left to forget, I guess that’s what assholes get».

Klokka har akkurat passert midnatt og vår mann stig inn i ein liten mørk bar berre nokre kvartal unna, saman med han er det fire andre menn. Dei entrar det vesle podiet på vår langt frå overbefolka bar. Frå koffertane dei bær med seg drar dei fram fleire instrumenter.
Dei er kveldens band!
Vår mann har plassert seg i front på ein stol, på eit lite bord ved sida av seg har han anbrakt sitt sedvanlige whiskeyglas. Musikken startar, og det blir klart for oss at det er langt meir enn sigaretten mellom sangarens høgre peikefinger og langfinger som gløder i natt.
(Her forlet me filmen).

Dei kallar seg The National, og foruten vokalist Matt Berninger, består bandet av to brødrepar; Bryce Dessner (gitar), Aaron Dressner (bass), Scott Devendorf (gitar) og Bryan Devendorf (trommer). Dei held til i New York, men er opprinnelig barndomsvenner frå Cincinnati. Dette er bandets debutplate.

Frå åpningskuttet Beautiful Head, fram til den avsluttande sangen om Anna Freud får me servert tolv melankolske opptegnelser frå sinnet sine mørkare kammer. Som oftest er temaet kjærlighetshistoriar som har spora av. Dei skjenker oss musikken sin i eit rolig tempo, og krydrar det med innimellom å drysse litt ekstra lyd ut av instrumenta.

Med si djupe stemme framfører Matt Berninger sangane med både autoritet og ømhet. Her får me høyre Cold Girl Fever, med sitt underbare catchy refreng, country-inspirerte affærer som American Mary og nydelige Pay For Me. Min personlige favoritt er den intense og dynamiske Theory of the Crows. Men etter nøye gransking har eg ikkje klart å finne svake spor her.
Skulle eg prøve å samanlikna The National sitt uttrykk med nokon, er det mest nærliggande å trekke fram navn som Tindersticks, Nick Cave, Tom Waits og Leonard Cohen.

The National har levert ei plate som balanserer mellom det såre og det bitre, men som ikkje på nokon måte ramlar ned i grøfta der sentimentalitet og pinleg sjølvutlevering rår. Vi skriv januar 2003 og oppfølgarplata er akkurat ferdig innspelt. Eg ser med lengsel fram til å høyre den.

8/10

Først publisert på Groove.no (januar 2003)

The Microphones – The Glow Pt. 2

Standard

Ein smålegendarisk og kontrastfull lo-fi affære vert dobla og gjort tilgjengelig på ny.

cover  Eit mykje sitert avsnitt i læreboka meir enn mumlar noko om at det å gjere det enkelt og tydeleg er langt gunstigare enn å gjere det vanskelig og diffust. Phil Elverum gjer det av og til veldig enkelt. Då sit han der med gitaren i fanget og syng på beste visemaner. Som ein Neil Young i Harvest-lune, som ein Will Oldham med mørkret i synsfeltet. Men Elverum sit aldri lenge slik. Han lar seg stadig bli forstyrra. Forstyrringar som gjer at hovudinntrykket av tonane (og utonane) hans blir at dei har eit heller vanskelig lune. Eg er like fullt veldig usikker på om hans vanskelige framferd kan karakteriserast som ugunstig. Eg finn den snarare ganske så effektfull og givande. I alle fall slik den kjem til uttrykk på hans 7 år gamle hovudverk The Glow pt. 2.

No er det kanskje litt feil å kreditere berre Elverum for det The Glow pt. 2 har å by på. Bakom signaturen The Microphones finn ein nemlig fleire folk. Der mellom andre flittige labelkameratar som Karl Blau, Khaela Maricich (The Blow) og Kyle Field (Little Wings) er å finne i vesentlige roller. Då veit sikkert fleire av dykk at vi snakkar om det kreative miljøet rundt K records og Dub Narcotic studioet i Olympia, Washington.

Del 1 av The Glow er å finne som det sentrale kuttet på albumet It Was Hot We Stayed in the Water, frå året før. Eit album der forvrengte lydar gløda og eksperimentlysta var sterkt gjeldande. Det er ikkje å overdrive å hevde at ein får endå litt meir av slikt på det sterkt psykedeliske, kontrastfulle og episke The Glow pt. 2.

Dei 20 låtane som utgjer albumet kan sjåast på som avsnitt i eit større 66 minuttar langt verk. Eit verk der temperaturen aldri er behagelig, der ei mørklagt stilla stadig blir uroa av desperate lydar, og der ei isande smerte og eit glødande alvor er på leit etter ein slutt som ikkje finst. Av og til kan ein få eit inntrykk av at det er ei slags sjelelig reingjering som står på programmet. Men aller sterkast er inntrykket av at dette er ei skildring av tilstandar der håpet knapt nok har ei statistrolle.

«I faced death with my arms swinging» syng Elverum i tittelkuttet. Før han, i takt med ein tiltakande støy, stadig kjem opp med at «there’s no end». Ein påstand som også dukkar opp i det gnagande og illevarslande nummeret The Mansion, her etterfylgt av eit «there’s no glory, there’s a slow resounding story». Før det vert konkludert nokre minutt seinare med at «there’s no crack of dawn, no morning, just an everlasting warming».

Varmen og kulden er fenomen Elverum stadig kjem tilbake til, men aldri dei meir etterspurde temperaturane imellom. Mørkret er altoppslukande og lyset svir i augo, og blodet straumar i vill fart eller renn så vidt. Det er dei store kontrastane godt ute på kvar si side av det komfortable sentrum som møtest ansikt til ansikt utan eit forsonande strøk til å dempe deira konfronterande åtferd.

Statisk støyande tonar frå elektriske strenger dannar kompaniskap med perkussiv forvirring og går til åtak på rolege stunder. Konvensjonell låtstruktur og velkjente dynamiske strategiar må i stor grad vike for ei improvisatorisk innstilling.

Ved eit par høve får likevel ei vise vere ei vise. Headless Horsemen blir ikkje plaga av ulydar. Den er ein akustisk gitar og Elverum si skjøre og ikkje 100 % reine røyst. Og så har den eit vakkert melodisk vesen. Det same har i endå sterkare grad I Felt My Size. Noko eit smått støyande avslutningsparti ikkje maktar tåkelegg, men snarare understrekar.

Etter at Elverum i det avsluttande avsnittet My Warm Blood har forkynt at det er kaldt og blodet knapt renn, dunkar plata varsamt ut til lyden frå ein femminuttars langsam og monoton puls. Ein puls som har vore der heile tida og bunde verket i saman. Ein puls som har måtta tole mykje både pes og stygge angrep undervegs. Ein puls som like fullt slår heilt til slutt, og endå lenger. For som Elverum syng «there’s no end».

Denne gjenutgjevne utgåva av The Glow pt. 2 har slik det sømer seg ei gjenutgjeving i våre dagar ein bonus-cd med alternative versjonar, samt litt anna å by på. Dei alternative versjonane er vel helst av akademisk interesse. Ingen av dei hadde fortent å byte plass med versjonen som i si tid vart føretrekt. Elles har bonus-discen eit par skjøre og fine viser. Det er no like fullt ikkje på grunn av tilleggslåtane at The Glow pt. 2 er verdt å søke opp. Det er det originale verket og dets kontrastfulle og dystre mønster ein verkelig vil ha att for å nærme seg. Ein vil aldri skjønne fullt ut kva det heile dreiar seg om, ein vil alltid sitte der med lause trådar, ny undring og kanskje ein smule irritasjon over vel eksentriske påfunn og pretensiøse løysingar. Men ein tar neppe skade av det.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2008)