Tag Archives: Courtney Barnett

2018 – Eit lite musikalsk årsoppgjer

Standard

Ei vedkjenning: Det er drøssevis av album gitt ut det herrens år 2018 som eg ikkje har høyrt på. Og om lag like mange som eg aldri kjem til å høyre på.
Så å stille seg til dommar over kva som er dei aller beste av det som har komme ut av musikk dette året er sjølvsagt ein toskete ting å gjere. Difor skal eg ikkje gjere det. I staden gjer eg noko anna litt toskete, men altså då mindre toskete, eg presenterer ei liste over dei beste albuma eg faktisk har høyrt. Kor mange eg har høyrt? Nei sei det du, eit eksakt rekneskap over slikt fører eg ikkje. Kor mange eg har høyrt godt nok på? Tja, i alle fall tjue…trur eg.

Bilderesultat for parquet courts wide awake

1. Parquet Courts – Wide Awake!
Punk og funk. Alvor og fest. Stramt og skakt. Eller som songaren proklamerer innleiingsvis på albumet: «We are conductors of sound, heat and energy». Du verden som New York-kvartetten lever opp til det manifestet dei neste 38 minuttane.

2. IDLES – Joy As An Act of Resistance
Livleg punkrock med groovet intakt. Med to utemde gitaristar og ein vokalist som på eit kraftfullt og noko ufjelga vis tar eigedom over songar som på det tekstlege plan gjer til kjenne eit sympatisk sinnelag.

3. Sons of Kemet – Your Queen Is A Reptile
Jazzkvartetten frå London leverer på sitt tredje album ein groovefest det er umogeleg å vere likegyldig til. Og nyttar samstundes høvet til å hylle dronningar som fortener å hyllast. Frå saksofonisten Shabana Hutchings eiga oldemor til borgarrettskjempar Angela Davis.

4. Kacey Musgraves – Golden Hour
Frå country til pop, perfekt pop. Utan at countryrøtene er kutta over. For det er countrysjatteringar att i songane på Golden Hour. Nokre har fleire, nokre har færre, nokre har knapt nokon. Først og fremst er dette songar som blenkjer.

5. Rolling Blackouts Coastal Fever – Hope Downs
Det er rastlaust, det er godmelodiske, det kan kallast tøff gitarpop, og det kjem frå Australia. Og Talking Straight kan vel vere årets låt.

6. Camp Cope – How To Socialise & Make Friends
Tre unge damer frå Melbourne som ikkje ber om merksemda, som berre tar den. Og serverer energisk folkpop med punkattityde.

7. Car Seat Headrest – Twin Fantasy
Ein mann og hans band gjer eit glødande besøk tilbake til eiga fortid. Will Toledo spelar inn på nytt, og forbetrar, eit album som først blei spelt inn i 2011.

8. Janelle Monáe – Dirty Computer
Eklektisk er det jo, der det omfamnar så mykje, frå soul og funk til psykedelia og reinspikka pop. Og så er det både utfordrande og yppig … og i grunn ikkje så vanskeleg å like.

9. Ezra Furman – Transangelic Exodus
Desperate songar for desperate tider. Furman har tileigna albumet «the immigrant, the refugee, the closeted, the out, the vulnerable, the homeless, the searching». Fleire enn det vil antakeleg ha utbytte av å ta ein lytt eller ti.

10. No Age – Snares Lika A Haircut
LA-duoen No Age har ikkje mista grepet, og leverer framleis fargerik energi og bra bråk.

11. Courtney Barnett – Tell Me How You Really Feel
Eit friskt og freidig folkpunk-opplegg…ikkje heilt uventa.

12. Årabrot – Who Do You Love
Nok ein bra dose mektig og intens Årabrot-rock.

13. Shame – Songs of Praise
Postpunk frå ein garasje i Sør-London som har sitt å melde.

14. Mitski – Be the Cowboy
Popmusikk som dansar lettbeint av stad. Litt skrudd, temmeleg eklektisk, og fint fengande.

15. Bodega – Endless Scroll
Eit nytt Brooklyn-band, som går energisk til verket og skapar den eine snertne punk-låta etter den andre.

16. Mount Eerie – Now Only
Sterke songar om livet etter å ha blitt ramma av døden, del 2

17. Father John Misty – God’s Favorite Customer
Misty møter Tillman i døra. På eit album som altså har sitt i gje, berre litt mindre enn kva Misty har skjemt meg bort med på sine tre førre.

18. Colter Wall – Songs of the Plains
Country gjort på den enkle og effektive måten. Spartanske tonar fylgjer ei sterk stemme, i ei handfull med gode songar.

19. Haley Heynderickx – I Need To Start A Garden
Ein liten hage av viser som blomstrar både nennsamt og sprekt.

20. Phosphorescent – C’est La Vie
Endå ei stemningsfull og melodisk tiltrekkande plate frå den kanten.

Musikalsk årsoppgjer 2015

Standard

Berre ei liste

Dei førti (for ikkje å seie femti) beste albuma eg har høyrt i år (av slike som kom ut i år). I ei ikkje heilt tilfeldig rekkefølge, men bra er dei alle.

  1. Father John Misty – I Love You, Honeybear
    Uvanlige kjærleikssongar i eit faderlig sterkt folkpopmelodisk famntak. Der kontrastane lever i beste velgåande. Behaget eksisterer side om side med ubehaget. Uroa luskar i fotspora til roa. Smektande strykarar er ikkje garantistar for at fred og fordragelegheit er neste stasjon. Men det vakre er skånsellaust vakkert, og eg kapitulerte.
  2. Kendrick Lamar – To Pimp A Butterfly
    Det er sting i formidlinga, dobbel- og trippeltyding i det uttalte. Det er ein rå poesi i linje etter linje, og ein sonisk nyanserikdom som kontinuerlig held seg på sporet. Det er slikt som er med på å gjere utslaget, i årets mest funky reise.
  3. Ezra Furman – Perpetual Motion People
    Song etter song storma den over meg. Energisk i si framferd, melodisk i sitt vesen. Full på fridom og sing-a-long. Ein skikkelig ukomplisert og uimotståelig rakkar viste den seg å vere. Viser den seg framleis å vere. Eg byrjar å få ein mistanke om at den kan ha evig liv.
  4. Sufjan Stevens – Carrie & Lowell
    Elleve vakre songar. Folkpopmelodiar som kjem grasiøst smygande, og som blir verande. Elleve sakrale og stille skrik. Hjerteskjerande linjer om sakn, lengsel og uforståelige kjensler. Om ei mor som ikkje var der, og som no er død.
  5. Girl Band – Holding Hands With Jamie
    Bråk, til tider eit helsikkes bråk. Men ikkje eit meiningslaust eit. Ein herlig miks av dei motoriske faktene frå krautrocken, den klassiske lågt/høgt-dynamikken, og ei hardcore-innstilling. Noko i den duren i alle fall.
  6. Courtney Barnett – Sometimes I Sit and Think, And Sometimes I Just Sit
    Finurlige tekstar som kan kalle fram eit skeivt smil, eller få ein til å grunne litt. I eit laust, ledug og energisk rock’n roll uttrykk der det meste er upolert, og ganske så uimotståelig.
  7. Tame Impala – Currents
    Popsongar i ein straum av åttitalets synthlyd miksa med funk og disco, men utan at kjærleiken til  sekstitalets psykedelia-tonar er blitt kasta over bord.
  8. Simon Joyner – Grass, Branch & Bone
    Ni folksongar der den akustiske gitaren leiar an. Ei halvskakk og vakker songpoetisk ferd inn til svunne draumar og gulna minner.   
  9. Ought – Sun Coming Down
    Ein postpunkenergi som riv og slit, som koplar på og koplar feil. Mørkesøkande og ikkje heilt ufarlig, men først og fremst livlig påkopla.
  10. TRAAMS – Modern Dancing
    Med groovet godt intakt byr denne sør-engelske trioen opp til ein postpunkdans av det friske slaget.
  11. Sleater-Kinney – No Cities To Love
    Bandcomeback må ikkje vere traurige greier, det kan gnistre også. Ja nesten «shake it like never before».
  12. Destroyer – Poison Season
    Dunkle kammertonar, brunstige blåsarar, og giftig og svartsynt poesi. 
  13. Laura Marling – Short Movie
    Med litt meir elektrisitet enn tidlegare zoomar Marling igjen inn på tilværets dilemma.
  14. Daniel Romano – If I’ve Only One Time Askin’
    Country på gamle måten anno 2015: Trist og friskt.
  15. Sun Kil Moon – Universal Themes
    Ein gretten gubbe og hans empatiske sider.
  16. Syntax TerrOrkester – Bydrifter
    Rock i original kledning, poesi på reinspikka karmøysk – aldeles storarta.
  17. Punch Brothers – The Phosphorescent Blues
    Mandolin. Banjo. Fele. Akustisk gitar. Kontrabass. Slikt blir det fort bluegrass av. Punch Brothers vil det annleis.
  18. Tønes – Vindbrest
    Gjenkjennelig surrealisme og underfundig realisme, slik berre Tønes gjer det.
  19. Erlend Ropstad – Det Beste Vi Får Til
    Like mykje som songar og viser og slikt vil eg kalle det poesi.
  20. Dig Deeper – How You Spend Your Days
    Eit norsk rockeband som lever opp til namnet sitt, og finn skatten.
  21. Protomartyr – The Agent Intellect
    Frå avdelinga «nyare postpunk det gnistrar litt av».
  22. Ryley Walker – Primrose Green
    Ein angloamerikansk folkrocktone dyppa i jazz og leduge arrangement
  23. Kurt Vile – B’lieve I’m Goin Down
    Vile og songane hans går sin slacke gode gang.
  24. Fjorden Baby! – Oh Yeah!
    Med koking og loking og det som meir groovy er har bergensbanden skapt gode tilstandar her inne i kroken.
  25. Wolf Alice – My Love Is Cool
    Ein kvartett frå London som albumdebuterer med pop i tonane og blod i sikte.
  26. Robert Forster – Songs To Play
    Ein ny dose sympatiske popsongar frå den levande Go-Betweens legenda.
  27. Vince Staples – Summertime ’06
    Ei dyster og motsetningsfull affære, i eit fortetta sonisk landskap
  28. New Order – Music Complete
    Hook er hekta av. Keyboardet er ganske så framtredande. Det same er også ein panoramisk og velgjerande poptone.
  29. Nadia Reid – Listen To Formation, Look For the Signs
    Ein albumdebutant frå New Zealand med ein folk/americana tone av det særdeles innbydande slaget på tapetet.
  30. Israel Nash – Silver Season
    Ein texanar ifrå Missouri har komme fram til sin psykedeliske sesong.
  31. Viet Cong- Viet Cong
    Eit tvilsamt bandnamn. Ei mørk og dyster ferd inn i dei meir dystopiske krokane av postpunken.
  32.  Susanne Sundfør – Ten Love Songs
    Samspelet mellom slikt som fenger og slikt som har motstand i seg. Spretten synthpop og dunkle strykarar. Susanne Sundfør får med sjølvsagt eleganse slikt til å funke i hop.
  33. Algiers – Algiers
    Soul og gospel og postpunk. Full energi, knyta nevar og revolusjon i blikket.
  34. Corrina Repp – The Pattern of Electricity
    Skjørt og nakent. Elektrisk og uroleg. Melodisk og dirrande. Verdt å vitje.
  35. The Switch – B For the Beast
    Der popen blir innhaldsrik, kaleidoskopisk og skikkelig påskrudd.
  36. Jamie xx – In Colour
    Jamie frå The xx sin soloalbumdebut er intrikat og minimalistisk, sakte synthflytande og basskraftig. Fargerik, og rytmisk som ein døsig ettermiddagspuls.
  37. Car Seat Headrest – Teens of Style
    Einmannsband. Skranglete låg-fidelity med pophooks og folktristesse.
  38.  Beach House – Depression Cherry
    Ny forsyning med draumande popsongar på sakte puls. (Eit av to album frå duoen dette året).
  39. Low – Ones and Sixes
    Trioen har denne gongen vikla meir elektroniske lydar inn i sine dulmande tonar, utan at det skadar.
  40. Dungen – Allas Sak
    Når gitaren og fløyta og groovet finn sin skapnad, og bilder av aude trefylte landskap veks fram, då er eg i Dungens psykedeliske og suggestive verd. Alltid ein god stad å vere.
  41. Panda Bear – Panda Bear Meets the Grim Reaper
  42. Waxahatchee – Ivy Tripp
  43. Deerhunter – Fading Frontier
  44. Young Thug – Barter 6
  45. Jim O’Rourke – Simple Songs
  46. Julia Holter – Have You In My Wilderness
  47. Daniel Kvammen – Fremad I Alle Retninga
  48. Twerps – Range Anxiety
  49. Autobahn – Dissemble
  50. Best Coast – California Nights

Og så har eg lest ein del bra bøker. Strengt tatt har eg vel brukt minst like mykje tid på det som på musikken. Både gamle og årsferske bøker. Av den siste sorten (årsferske i alle fall i norsk omsetting), fekk eg hug til å nemne nokre:

Roberto Bolaño – 2666
Den chilenske forfattaren Roberto Bolaño døydde i 2003, 50 år gammal. Han var då i siste fase for å ferdigstille sitt storverk 2666. Året etter vart boka utgjeven. Sannsynlegvis så godt som i den forma forfattaren sjølv såg den føre seg. I år ligg den så føre i norsk omsetting. Det er ei tjukk bok (940 sider). Den består av fem bøker. Fem forteljingar. På eitt vis separate forteljingar, på eitt vis nestar dei seg alle i hop i den siste forteljinga. Boka kvalifiserer tvillaust til karakteristikken «ein mangslungen og gåtefull roman». Den er ikkje fullt ut til å forstå. Den går fleire vegar. Hovudvegar, sidevegar, grusvegar, gjengrodde vegar, blindvegar. Den fylgjer desse vegane med ein desperasjon i seg. Og skildrar lidenskap og djevelskap, galskap og draumar. Den er ambisiøs så det held. Den er ein feber av ei bok, og eg må så definitivt lese den fleire gonger.

Elena Ferrante – Mi briljante venninne / Historia om det nye namnet
To bøker, halvparten av ein kvartett. Napoli-kvartetten.
Med eit direkte språk, fritt for dilldall, fortel Elena Ferrante ein medrivande historie om oppvekst, vennskap, kjærleik, fiendskap, vald og makt (og meir til). Sentralt i historia finn vi forteljarstemma til Lena og hennar venninne Lila, og det kontrastfulle vennskapet mellom desse to — både blømande og destruktivt, både støttande og rivaliserande. Lena kjempar seg, til trass for si låge sjølvkjensle, utav kvartalet og til ei universitetsutdanning. Lila, den tøffe og kreative, blir att der og kjempar ein slags sjølvdestruktiv kamp med mann, nabolag og mafiaen.
Bøkene er omsett til levande nynorsk og har ei skikkelig pageturnerkraft (i løpet av 2016 vil kvartetten bli fulltalig).

Patti Smith – M Train
For nokre år sidan fascinerte ho med historia om vennskapet mellom seg og Robert Mapplethorpe (Just Kids). Denne gongen møter vi i hovudsak den godt vaksne Patti Smith. På reise til Berlin, til Mexico, til Japan, eller vandrande rundt i New York (særlig då til stamkafeen sin på hjørnet). Innimellom vitjar ho, i tankane, tida ho hadde med ektemannen sin Fred Smith (fram til han brått døydde i 1994). Ho deltar på ein konferanse om polarforsking, vitjar Frida Kahlo museet, ser på engelsk krim på eit Londonhotell, men ikkje minst fortel ho om litteratur ho er glad i. Og det er i dei passasjane eg kanskje synk djupast inn i boka. Når ho fortel om sin kjærleik til bøker av Jean Genet, Sylvia Plath, Michail Bulgakov, W.G. Sebald, Haruki Murakami, Roberto Bolaño, og så vidare.
Side etter side driv så makelig og godt forbi, heilt naturleg, assosiativt og sympatisk.

Jonathan Franzen – Renhet
Ikkje Franzen si beste bok (Den tittelen kjempar framleis Korrigeringer og Frihet om), men på sitt vis ei absolutt fengslande nok bok. Skitnare enn tittelen tyder på. Fortalt frå perspektivet til fleire av bokas karakterar, men med den unge kvinna Pip som hovudaktør. Eit namn som bringe tankane i retning Dickens-klassikaren Store Forventninger. Og noko Dickens er det vel kanskje over måten fleire av karakterane blir skildra på. Boka går fram og tilbake i tid. Femner mellom anna ein historie frå det delte Berlin, og tar føre seg internettets overvakings- og publiseringsmogelegheiter. Franzen har sannsynlegvis ein politisk intensjon med desse perspektiva. Personleg synst eg at han er betre, ja drivande god, når han teiknar opp sine romanfigurar på godt og vondt, og skriv fram strålande dialogar.

Og ikkje heilt ny av året, men gjenutgitt som trilogi i år, Jon Fosse sine tre eineståande kortromanar Andvake/Olavs draumar/Kveldsvævd:
Utanfor tid og rom, i eit suggererande gjentakande språk fortel Fosse historia om to (Alida og Asle) som elskar kvarandre. Ei vakker kjærleikshistorie. Samstundes: ei uhyggelig historie, ei historie som også inneheld død, sakn og bitter fortviling. Den er ikkje festa fast i slikt som logisk sett nødvendigvis kan skje akkurat slik det her skjer, den har noko bibelsk og legendeprega over seg, men gjer likevel frå seg ei kjensle av å vere rå røyndom, ei dirrande kjensle av at dette handlar om ekte levande menneske. Slike som elskar og frys og kjempar og gjer handlingar som ikkje kan rettast opp att.
Det er vakkert, det er trist, og det set evigvarande spor.

Courtney Barnett – Sometimes I Sit And Think, And Sometimes I Just Sit

Standard

Med underfundige perspektiv og ein god dose energi.                                                                     8

courtney-barnett-sometimes   Husframsyning og huskjøp, i ein noko oppblåst marknad litt utafor bykjernen. Det er ikkje slikt ein lagar popsongar om. Så definitivt ikkje. Om ein ikkje heiter Courtney Barnett då. For då fell nett slikt ganske så naturleg å gjere. Så ho har laga ein song om å kikke på hus i ein forstad til Melbourne. Og i ein lakonisk tone skildre det heile som ei ganske så bedrøvelig affære. Med linjer som «we drive to a house in Preston, we see police arresting a man with his hand in a bag, how’s that for first impressions». Andre inntrykket og tredje inntrykket blir ikkje betre, så ho har kalla songen for Depreston. Men eit platestudio har dei visst der ute i Preston, Head Gap heiter det visstnok, og der, akkurat der, har forsyne meg Courtney Barnett spelt inn debutalbumet sitt.

Avant Gardener kan kanskje ikkje plasserast i kategorien megahit, men songen skaffa Courtney Barnett litt merksemd for eit par år sidan. Ein sonisk sett både tilbakelent og hissig sak, som kort fortalt handlar om eit brutalt astma-anfall forårsaka av motvillig hagearbeid. Levert i ei sjølvironisk, flegmatisk, nevrotisk, smart og smått humoristisk form («Anaphylactic and super hypocondriactic, should’ve stayed in bed today, I much prefer the mundane»). Låta var ein av tolv på ein, nesten timen lang, dobbel-EP som ho gav ut i 2013 (tittel: The Double EP – A Sea Of Split Peas). Det hadde ikkje vore ein total skivebom om eg hadde beskrive fleirtalet av låtane på den EP’en med om lag dei same orda som eg nettopp beskreiv Avant Gardener med. Og når eg no tar steget vidare inn i debutalbumet trur eg jaggu meg orda blir med dit også (sjølvironisk, flegmatisk, nevrotisk, smart og smått humoristisk, jepp.)

Sometimes I Sit and Think, and Sometimes I Just Sit. Ein underfundig og ganske så fantastisk tittel i grunn. Eit Ole Brum-sitat sjølvsagt. Det finst fleire Ole Brum-sitat eg tenker kunne ha gjort ei grei teneste som tittel på denne plata. Ikkje fordi eg tenker at Courtney Barnett og den honningelskande bjørnen er tvillingsjeler, absolutt ikkje. Men noko er det der. «I make mistakes until I get it right» syng Courtney, og eg tenker at Brum sikkert kunne ha sagt det same. «I wanna go out, but I wanna stay home» syng Courtney, og kunne ikkje Brum også ha sagt det? Men først og fremst handlar songane om denne evna hennar til å ta tak i det dagligdagse, det nærliggande, det vi i all vår visdom overser, det vi sjeldan tek oss tid til å dvele ved.

I lay awake at four, staring at the wall
Counting all the cracks backwards in my best French
Reminds me of a book I skim-read in a surgery
All about palmistry, I wonder what’s in store for me
I pretend the plaster is the skin on my palms
And the cracks are representative of what is going on
I lose a breath… my love-line seems intertwined with death
… I’m thinking of you too

Courtney Barnett var for ei tid sidan i New York, aleine, og ho sleit med å sove. Tilbakelent og coolt rockande brukar ho så denne rimelig trivielle opplevinga som bakgrunnsteppe for å skape An Illustration of Loneliness. Ein ganske så fornøyelig ein. Ein karakteristikk som fleire av songane hennar gjer seg sterkt fortent til. Den herlig surfrockpunk-drivande Aqua Profunda til dømes. Der dama i ganske så ufordelaktige ordelag skildrar sitt eige tilkortkomande konkurranseinstinkt under eit besøk i den lokale symjehallen («my lack of athleticism, sunk like a stone, like a first owner’s home loan, when I came to, you and your towel were gone»). Eller kva med det catchy opningsnummeret Elevator Operator? Om den unge forretningsmannen Oliver Paul, som ein dag skulkar jobben, og tar heisen opp på taket. Men ikkje fordi han er suicidal, slik kvinna han tar heisen saman med trur. «I come up here for perception and clarity» formidlar den unge mannen, før han avslutningsvis gjer til kjenne sitt inste ynskje: «All I ever wanted to be was an elevator operator, can you help me please?».

Slacker er eit begrep eg har notert meg blir flittig nytta om det Courtney Barnett gjer. Ikkje heilt uforståelig det. Ho opererer jo litt utafor gjengs takt og tone. Med sine litt corny tekstar, med sin upolerte gitarlyd, med sitt lause og leduge uttrykk. Samstundes er det jo slik at tekstane hennar både er langt djupare og finurligare formulert enn ein gjennomsnittleg poptekst. Og det er meir energi i låtane hennar enn det aller meste som kjem flytande no til dags og insisterer på å kalle seg rock’n roll.

Put me on a pedestal and I’ll only disappoint you
Tell me I’m exceptional, I promise to exploit you
Give me all your money, and I’ll make some origami, honey
I think you’re a joke, but I don’t find you very funny

Vi er i refrenget til songen som ber tittelen Pedestrian At Best. Eit bra beist av ein låt. Garasje og punk og uvaska riff. Konfrontasjon og villskap og kvessa tonar. Kjensler og ymse synspunkt fyk vegg imellom, lite er under kontroll. Det er aggresjon, men ein intrikat ein. Kven åtaket er retta mot kjem ikkje tydelig fram, anna enn at det nok er nokon med meir makt enn den/dei burde ha. I kjent stil rettar ho også ein god del av skytset mot si eiga panne: «Under-worked and over-sexed, I must express my disinterest, the rats are back inside my head, what would Freud have said?».

Eg klarar ikkje å la vere å nemne Jonathan Richman. For eg høyrer att mykje av den same vitale eksentrisiteten hos Courtney Barnett som det han planta inn i si legendariske Modern Lovers plate. Og så høyrer eg ein hang til å spele lågt/høgt, dempe/gnistre (slik hennar kjære Nirvana kunne gjere). Sentral i så måte er låta Kim’s Caravan. Den er lumsk, den er krypande, den er ein kaskadefest. Den startar med nokre «watermarks on the ceiling» der Courtney gjenkjenner Jesus, og han rynkar panna si mot henne. Låta snik seg så innover, synk, vaker, snerrar, reflekterer – «we all think that we’re nobody but everybody is somebody else’s somebody» – og eksploderer. Før den kryp tilbake til utgangspunktet og dama refererer til nokre «satellites on the ceiling», og fortel at ho igjen ser Jesus, men at han, nei forresten ho, no smiler til henne. Til slutt lar ho konklusjonen henge og dirre i lufta med eit tvitydig «all I wanna say is …».

Og der har eg sagt mitt.