Simon Joyner – Step Into the Earthquake

Standard

Skakke songar om draumar og realitetar og eit Amerika som har det litt vondt.

cover

I dreamed I saw Lou Reed last night
He was stuck on the same bill as me

Det er Simon Joyner som synge det. Eg meiner å kunne høyre eit lurt smil om munnen hans når han gjer det. Med ei røyst, i eit snakkesyngande ganglag, som minner sterkt om røysta til Reed. Han treng ikkje gjere seg spesielt til for å få det til. Det er ei røyst nettopp i det lendet Joyner har. Og som han har nytta til å synge ganske så mange songar dei siste tretti åra. Utan å ha skaffa seg eit veldig stort publikum. Derav det lure smilet når han drar linja «he was stuck on the same bill as me». Eit smil som vel ikkje akkurat blir mindre lurt når han straks etterpå syng fram fylgjande strofe:

He said, (altså Lou Reed, i denne draumen, til Simon Joyner)
«When no audience is there to hear you, kid,
you’ve got to play as if there is
because the best lack all conviction
and everybody else thinks they’re alone on the bridge»

Og der er Joyner jammen freidig nok til å dra inn ei linje frå eit William Yeats-dikt, og så vri og vrenge litt på den og legge den i munnen på den ærverdige New York-rockaren. «The best lack all conviction, while the worst are full of passionate intensity» skreiv Yeats. Trøystaren og vismannen Reed seier det altså litt annleis, i ein litt annan samanheng. Men han seier det då bra. Og det er ikkje over med det.

«And then he addressed the darkness» syng Joyner, om Reed. Og skildrar deretter at den gamle avdøde heidersmannen dunkar på mikrofonen og seier: «Listen – let’s raise a glass to Jackson Browne’s roadies who finally went home and took that goddamn piano with them». Og eg smiler, og Joyner og Reed er framleis ikkje ferdige. For der forsvinn spotlighten og Reed skrur opp forsterkaren, let att augo, og startar spele ein solo frå ein gammal Velvet Underground-låt (I Heard Her Call My Name). «This next one is for the departed» melder han så … og der kjem min santen Woody Guthrie luntande.

«Have you seen the vigilante man?» spør songaren. Meir enn ein gong. Og songen blir til eit oppgjer med folk som tar lova og våpenet i eigne hender og skyt folk dei meiner dei har ein grunn til å skyte. «Have you seen George Zimmerman?» spør songaren. Nabolagsvakta Zimmerman som for fem år sidan skaut og drap den svarte og uvæpna 17-åringen Trayvon Martin, og som i neste omgang blei frikjent i retten. «Why?» syng songaren, inspirert av Yoko Ono. «Why?», om igjen og om igjen.

Alt dette skjer i den siste songen på Simon Joyner sitt dobbeltalbum Step Into the Earthquake. Ein song som høveleg nok ber tittelen I Dreamed I Saw Lou Reed Last Night, dekker ei heil LP-side, og varer i nesten 20 minutt. Den er slett ikkje berre tekst, songen. Den er også lengre instrumentale flater, i eit skingrande, sugande monotont og avantgardistisk mønster, som om den har ramla utav eit gammalt Velvet Underground-album i rein vanvare.

Det er tre sider til med musikk på Step Into the Earthquake. 12 songar av meir konvensjonell karakter. Songar han syng med si kanskje ikkje akkurat vakre, men absolutt nærverande røyst (i tillegg til Reed er det vel litt Dylan over fraseringane til mannen også).

Det er melodisk, det er på kanten av melodisk. Det er musikk som opererer innafor kjente normer (Dylan, Reed, Stones, Young, Cohen, …). Samstundes som den held seg ute i ein mindre provins av hevdvunnen rock og visesong. Det er eit klart skrangleelement her, ein viss råskap, ein flørt med kanten av det soniske stupet. Akkurat slik vi som med åra har lært oss å sette vår lit til Simon Joyner likar at han gjer det.

I’m Feeling it Today er tittelen på ein sentral song. Den har ein medrivande countryrock-slack, eller kanskje vel så presist: ein ledug Dylan-slekta skapnad. Den er ein song om bakrus, i vid forstand. Songen startar i ei privat sfære for så å danse ut i den store amerikanske draumen, for ikkje å seie marerittet. «I’ve seen enough cellphone and dashcam videos to wonder, where is this land of the free» syng songaren sånn cirka midtvegs. Før han held fram med å skildre eit Amerika som riv av seg sårskorpa og synke «that French bitch into the bay». Eit Amerika som for eitt år sidan hadde eit presidentval. Der eit fleirtal valte å la «a lesser of two evils take you from behind». Og då er det vel berre å stemme i: «and now you’re feeling it today».

Joyner er innom dei same politiske traktene på den snerrande hard-folk-låta As Long As We’re In Danger. Men oftare går han nær på enkeltindividet. På folk som lever i hop, eller prøver å leve i hop. Folk som er ute i kulden. Folk som vil inn i varmen. Folk som er ute og ferdast, til fots, i bil, i Amerika. Slik situasjonen er i det Stones-slacke opningssporet Hail Mary, i det lealause gynget i Another Midnight Special, og i det meir mjuke men utsøkt skakke nummeret I’ll Fly Away. Ein sonisk mjukleik gjer seg også til kjenne i nesten-tittelsporet Earthquake. Sjølv om det ikkje akkurat er beroligande det mannen syng om («Nina watches the world deforming, and says, why not step into the earthquake»). Verken sonisk eller tematisk beroligande kan den dramatunge og hengslelause bluesen Flash Forward to the Moon derimot skuldast å vere. Den All Along the Watchtower-inspirerte opningslinja «The only way out of this, is into this, said the spider to the fly» sette tonen for ei ferd inn i nokre heller dunkle omstende.

Albumet har Joyner dedisert til sin kjære Sara, som seier «nothing is ruined and nothing can be fixed». Om det også er noko ein kan seie om songane til mannen lar eg henge i lufta … til ekkoet frå hans medrivande syntese av vakkert og stygt.

8/10

TIDAL: SIMON JOYNER – STEP INTO THE EARTHQUAKE

SimonJoyner_1_byAndrewLachance_WEB.jpg

Kommenter innlegget