Tag Archives: Richmond Fontaine

Musikalsk årsoppgjer for 2009

Standard

Så har det siste året i det første tiåret av 2000-talet komme til sin ende, og det utan at verken terroråtak, internett, fildeling eller andre slags påfunn har tatt livet av musikken.Den er utstyrt med for mange liv, og har eit altfor vinnande vesen, til det.Det grensesprengande eller spektakulært nyvinnande har rett nok ikkje musikkåret bydd på (eller tiåret for den saks skuld). Men stabelen av plater eg har funne hugnad i har dei siste 12 månadane vokse seg bra stor den. Så derfor seier eg meg nøgd, godt nøgd.Eg har sett pris på plater av Bonnie Prince Billy, Pink Mountaintops, The Felice Brothers, Marnie Stern, Dan Deacon, Deportees, Monsters of Folk, Hiss Golden Messenger, Akron/Family, Wilco, Bill Callahan, Low Frequency In Stereo, Sunset Rubdown, A.A. Bondy, Kurt Vile, Girls, Yo La Tengo, Megafaun, Son Volt, M. Ward, Tellusalie og ikkje minst Stein Torleif Bjella.

Men det aller djupaste inntrykket har nok desse ti gjort:

10.Marissa Nadler – Little Hells
Som tittelen varslar, dette handlar ikkje om menneskeskjebner på sporet av den evige lukka. Dette handlar om saktegroande arr, gnagande sakn og uoppgjorte dystar. Sånt som dama allereie har dvelt ved på tre album før. Men denne gangen er lydkjeldene fleire, ho har eit band med seg. Dei overdøyver henne aldri, dei spelar varleg, men dei er der. I eit luftig og smått hypnotisk sonisk landskap. Saman med Marissa, hennar vevre, transparente og klare røyst, hennar melankoli, og hennar stillferdig forførande melodiar.

9.Richmond Fontaine – We Used to Think the Freeway Sounded Like a River
Richmond Fontaine er den same gjengen som dei har vore over nokre år no. Dei er lyden av eit samspelt band, men også eit frigjort og søkande band. Eit band som varierer sitt uttrykk. Som dveler, teier og kitlar varleg. Men som også brenn, og bråkar. Dei høyrer til innunder eit americanalandskap. Eit breidt eit, som famnar både folk, country, jazz, rock, og noko sfærisk der ute frå ørkenen ein stad.
Og fremst finn vi Willy Vlautin. Låtskrivaren, og songaren, med dei sterke og reinskorne mininovellene, om folk som opplever at livet slett ikkje er ein frydefull heisatur.
Denne gongen er det nesten like bra som meisterlige Post To Wire.

8.John Olav Nilsen og Gjengen – For Sant Til Å Være Godt
Utstyrt med vinnande tonar og dei beste rocketekstane på denne sida av Jokke stuper Nilsen og Gjengen uti eit kokande opplegg som aldri nærmar seg lunkne farvatn.
På rotekte bergensk syng Nilsen om livet slik det er. Ganske så vrient og lummert, men ikkje til å forkaste heller. Han ser det vakre i det stygge, og fortel om det. Han ser diamantar i knuste flaskeskår, og er lykkelig ulykkelig.
Det er postpunk, The Aller Værste, ei rabiat popåtferd, og eit gåvmildt arsenal av fengande tonar.
Det er ingen perfekt plate, ingen sensasjonell plate, ingen frelsande plate heller. Men ei fantastisk plate er det. Bore fram av eit sjølvlysande overskot, og trustappa av frydefull desperasjon. Eg smiler, framleis.

7.The xx – xx
Dei er frå London, dei er fire, dei er unge, men dei overdriv ikkje. Absolutt ikkje. Dei har skjønt at lite kan vere nok. Dei har skjønt det er mykje energi i det uspelte. Så dei har funne seg ein liten dunkel krok, der lyset er dempa, og lyden blir servert i minimalistiske former.
Ei sensuell damerøyst har den vokale hovudrolla, ei meir limitert mannsrøyst har ei framtredande birolle. Dei har postpunk i årene, men spelar den med sordin. Dei kan vandre inn i sfæriske landskap, men med ein poptone i sekken. Bass og beats går i eit funky dubganglag. Gitaren spelar lysskye tonar, skånsamt. Det er lågstemt og lumskt, det er suggererande lakendans. Det er varmt.

6.Simon Joyner – Out Into the Snow
Med si noko ustøe, men slett ikkje karakterlause røyst tar Simon Joyner lyttaren med på ein transperent tur inn dit ambivalensen dekker kampen mellom uro og harmoni. Der det handlar om dei som elskar, dei som har elska, og dei som hungrar etter å bli elska. Han skildrar folk i havsnaud. Folk som drøymer draumar med lenker på. Folk som skannar rommet for mareritt før dei går til sengs. Folk som tørstar, leitar, snublar, og som kjenner på den bitre smaken av løgner og tapte sjansar. Folk som mest av alt søker fred og harmoni, men som ikkje heilt finn utav kartet dei har fått utdelt.
Han evnar skape medrivande forteljingar. Og kler dei så med tonar henta frå eit vegkryss der Leonard Cohen har støtt på Lou Reed og Townes Van Zandt. Gode tonar.

5.The Low Anthem – Oh My God, Charlie Darwin
Dei er både høgt og lågt, dei gjer det både stilt og vilt. Dei er tre. I lag spelar dei på sånn cirka 27 ulike instrument (frå saksofon og cello til tabla-trommer og pumpe-orgel).
The Low Anthem er ein varmblodig og organisk trio, som spelar songane sine, ikkje konstruerer dei.
Dei sprenger ingen grenser eller er überfantasifulle på noko vis. Det dei gjer har vel i grunn ganske så mange andre også gjort. Det dei gjer har sine røter i ein gamal tradisjon. Folkmusikktradisjon. Ut av denne tradisjonen dreg dei så tonar, og komponerer songar, som har det med seg at dei verkar å ha vore her alltid. På ulikt vis, og i ulik skapnad. For folk er så mangt. Berre spør The Low Anthem, og du vil få eit uimotståelig svar. Deira svar.

4.Animal Collective – Merriweather Post Pavillion
Den kom tidleg denne, svevande på eit røslig rykte om å vere fargerik og fabelaktig. Og det var den jaggu også, og det er den framleis. Ein sonisk virvelvind som sopar med seg både eitt og hitt, og meir til. Ein part Strawberry Jam, ein part Person Pitch, ein part Smile, og atskillige partar nyvevd og spektakulær lydrikdom. Ja slikt noko som det vanskelig kan bli anna enn psykedeliske popdrops utav. My Girls, Summertime Clothes, In The Flowers. Søte, syrlige, mektige, vanedannande, og evigvarande popdrops. Om å synge, og danse, og elske, og drikke, og smake, og gaule, og tru, og tvile, og føle, og omfamne livet, for det er det verdt.
Utan å gå på akkord med sitt sprudlande eksperimentelle vesen har Animal Collective plassert poptonen i den sentrale rolla denne gongen, og rulla fram sitt mest tilgjengelige verk. Sitt beste. Eit av årets beste. Synst eg òg.

3.Neko Case – Middle Cyclone
Med ei listig popånd i ryggen fører Neko Case nok ein gong countryfolktonane sine inn på det minneverdige sporet. Tonar som blir til songar. Songar som sjeldan tar fyr i første forsøk. Men som når dei tar fyr, aldri sloknar.
Det finst grunnar for at songane tar fyr. Sjølvsagt gjer det det. Ein kan snakke om dei tempererte arrangementa, om subtile innspel frå gode hjelparar, og om den luftige og brennbare atmosfæren dei driv rundt i. Men den fremste kveiksla er tvillaust røysta til dama sjølv. Denne røysta som verkar råde over det meste. Som er inkarnasjonen på malmfull. Som har tonane som sine beste venner. Som kan danse uti sommarnatta, lene seg mot ein rusken haustkveld, eller kysse mystikken midt i nakken. Alt like naturlig, og så sjølvsagt utført, at ein reint kan fatte mistenke om at røysta sin eigar ramla i dynamikkgryta då ho var lita.
På Middle Cyclone syng ho songar om ville vindar, leie regnbyer og brokete skylag, om utemja dyr, fuglar og insekt.
Men eigentlig, eigentlig er det 14 kjærleikssongar. Eg er blitt glad i alle.

2.Magnolia Electric Co. – Josephine
«Ooo-oh!», den einsamaste røysta under den vestlige himmel syng om fjerne horisontar, lange netter, utålelige smerter, og det å ha levd så lenge blant skuggane at han er blitt ein av dei. Omlag slik han har gjort det frå han presenterte sin første mollstemte tone for fleire år sidan. At bandets bassist forulykka i ein brann då denne plata var på skissestadiet gjorde nok ikkje mollstemninga lysare. Utan at det er bassisten dette handlar om. Dette handlar om hardt prøvde Josephine (og Grace, og Knoxville Girl), og han (og dei) som snudde livet hennar (deira) opp ned. Det handlar om den evige rastløysa, den manglande tilhøyrsla, om kor lett ein mann kan rote seg bort «when he’s on the mountain road», og om ørkenen som skjuler eit paradis.
Med Josephine leverer Jason Molina og hans gjeng sitt strammast redigerte album til dags dato. 14 spor på tre kvarter, med lite rom for utanomsnakk, gitarsoloar og andre utflukter. Stilmessig er det ei nokolunde jamn fordeling av luftige folkrocklåtar med godgjerande country-resonans, og dei meir elektrisk brennande sakene med ulik grad av blues i årene. Sterke låtar, hjerteskjerande vakre låtar. Og bandet, bandet verkar vere heimsøkt av eit overskot eg meiner å ikkje ha høyrt sidan dei transformerte seg frå Songs:Ohia til Magnolia Electric Co.
Så «sing it brother, one more time».

1.Andrew Bird – Noble Beast
«Popmusikant med fiolin» har jo blitt eit velkjent bilde her i landet siste året. Andrew Bird har ikkje vore i det bildet. Han er i eit anna eit. Eit betre eit. Eit rikare eit, med fiolin, plystring, eklektiske poptonar, smarte grep, og varme friske fargar.
Inspirasjonen hentar han frå mange hald, og utføringa er kjenneteikna av soniske krumspring. Så vegen inn til tonane hans kan by på visse utfordringar, men slett ikkje uoverkommelige utfordringar. For dei har eit inviterande vesen desse tonane. Og ikkje sidan meisterverket The Swimming Hour såg dagens lys (i 2001) har dei vore like inviterande som dei er på Noble Beast.
Å trampe fram med tunge skritt har aldri vore Bird si greie. Å la dei soniske påfunna krangle om merksemda har han også passa seg vel for å legge opp til. Det er det romslige, det luftige og det organiske han søker. Og finn fram til. Kvar gong. Denne gongen også. Spesielt denne gongen. For stort meir lett på tå gjennom ei luftig sfære enn det Noble Beast er, blir ikkje popmusikk. Samstundes som den er slynga inn i eit varmt og nærast heilakustisk lydbilde ein vanskelig kan føle anna enn sterk velvilje overfor.
Tekstlig likar Bird helst å uttrykke seg vagt. Han likar ordspel, klangen av ord, og gjerne vanskelige ord. Det er ikkje kvar dag ein må hanskast med ord og begrep som calcified arythmatists, translucent alabaster eller innocuous plecostomus i popsongar. Slikt føder kanskje tankar om at vi har å gjere med ein mann med vel høge pretensjonar. Tankar som glatt forsvinn i takt med kor raffinert og naturleg orda fell på plass i tonebildet.
Noble Beast er popmusikk så levande og så feiande flott at alle elskarar av slikt noko burde omfamne det med sine hjerteligaste famntak. Prompte.

 

 

Musikalsk årsoppgjer for 2003

Standard

Heime i stova mi har det faktisk vore teikn til elektrisk stemning under avspelinga av både det eine og det andre av årets musikalske framstøt, så sjølv om det ikkje er heilt 1969, 1975, 1977 eller 1991 kan eg vel ikkje gjere anna enn å seie meg godt fornøyd med plateåret 2003. Her er platene eg fann det aller riktigast å trekke fram:

1. Ben Weaver – Hollerin» At a Woodpecker
Det er sannelig ikkje kvar dag ein får oppleve sangarar som går så fryktlaust og direkte til verks i historiane sine som unge Ben Weaver frå St. Paul, Minnesota. Historiar om tap, savn, redsel, mot, håp, motgang, blod, fortvilelse, død, hat og lidenskap. Med ei stemme som ber i seg fjellets fasthet, skogens mystikk, præriens einsemd og elvas villskap leverer han 14 sangar som nektar å være likegyldige. Der han fjernar all ferniss og søker mot sjela til karakterane sine. Han finn den og, som regel skakkøyrt og ulykkelig, men med eit romantisk hjerte som dunkar ikkje langt unna.
Han pløyer ikkje ukjent mark, men han pløyer med ein intensitet og ein smertelig råskap som lagar spor få har gjort før han. Det er eit enkelt komp han har valgt som følge; akustisk gitar, banjo, mandolin, fele, litt enkel rytme og eit munnspel som er overalt. Sangane hentar sin inspirasjon frå folk, country og blues, det lyder friskt og ekte, og er som ein renselse mot alt det kjønnslause og masseproduserte.

2. Lucinda Williams – World Without Tears
La det være sagt med ein gong; World Without Tears representerer femte kapittel i føljetongen «Lucinda Williams sine ekstraordinære album». For nok ein gang har den Louisiana fødte Lucinda levert eit briljant album i skjæringspunktet mellom country, folk, blues og rock.
Sjeldan har eg høyrt ei plate så intenst levande som denne. Den er eit knust hjerte, ei skadeskutt sjel, eit rått og nakent oppgjer, og er full av lengsel og begjær. Det er ikkje mange som har mot til å servere ein så hudlaus, og til tider brutal poesi som det Williams gjer i desse 13 sangane. Ho opptrer utan sikkerhetsnett i sine skildringar av korleis innvollane vrir seg av fortviling og vrede over svikefulle elskarar, eller i framstillingane av frynsete og stormfull lidenskap. Men ho er aldri i nærleiken av å brekke nakken, den presise inn-til-beinet poesien fangar essensen, og Lucinda framstår nok ein gong som ein av vår tids mest truverdige skildrarar av mellommenneskelige (unntaks)tilstandar.

3. Joe Henry – Tiny Voices
Joe Henry sitt siste verk, døypt Tiny Voices, er ingenting mindre enn ein musikalsk fest av dimensjonar. Ein drøy time med store låtar, stor musikalitet, løpske instrument, eklektisk innstilling og sjel, sjel, sjel.
Det er ikkje støtt ord som levande, friskt og idérikt er like treffande som tilfellet er i forhold til denne vesle dingsen med innspelt musikk. Her sprett det fram tone etter tone med ei magnetisk tiltrekningskraft, som fører ein avgårde på eit usedvanlig fargerikt musikalsk eventyr. Vel kan det seiast å være atmosfæriske sammenvevde og intrikate klangar som dukkar opp. Men der andre i samme ærend ofte går seg fast i flinkheten og idérikdommen, har Joe ein så grødefull melodiskatt på baklomma at sangane aldri står i fare for å bli livlause skjelett.

4. Ed Harcourt – From Every Sphere
Det skulle ha vore eit dobbeltalbum. Det skulle hatt tittelen The Ghosts Parade, og det skulle bli eit ambisiøst konseptalbum om spøkelser, eventyr, fantasiar og draumar. Eit lengre kjærleiksforhold gjekk imidlertid i oppløysning i starten av prosjektet, slik endte Harcourt opp med mange sangar om savn og lidenskap. Så det blei litt annleis. Tittelen kunne likevel framleis vore dekkande, for spøkelser av ulike valørar har ei framtredande rolle på albumet. Men From Every Sphere er ein god tittel det og, for Ed Harcourt forsyner oss med opplevingar frå mange sfærer her. Det handlar om dei harde realitetane og uregjerlige fantasiane, om håpefulle draumar og svette mareritt, om fortida sine spøkelser og framtida sine forhåpningar, men aller mest handlar det om livet, om kjærleiken og om døden.

5. The Fiery Furnaces – Gallowsbird’s Bark
Vil du helst ha din rock og din blues kraftfull, kompakt, rakrygga og konvensjonell, kan du like godt stige av her. For denne turen ber rake vegen til ein blues-gjødsla grøftekant der slike førestellingar er heilt ukjente. Det er ein grøftekant eg ikkje ante eksisterte, men som har nokre av dei styggvakraste blomane eg nokon gong har oppspora. Dei veks opp av steinar, ut av metallrestar, igjennom knuste glasflasker, og dei får sin gjødning frå ein kakkelovn som spyr ut gloheite, skarpslipte og vaklevorne riff og tonar henta frå ein ilsken men ikkje så lite fascinerande blues-republikk som for fleire år sidan blei utstøtt frå det gode selskap. Dei har ein uanstrengt haldning til sine røter, kan være respektlause, er ikkje redd for å bryte reglar, og har i all sin snodighet eit særdeles vinnande vesen. Dei kallar seg The Fiery Furnaces.

6. Nina Nastasia – Run to Ruin
Dette kunne vore åtte låtar gjort i ein konvensjonell folkcountry-stil, og sikkert blitt eit rett så bra album. Dette kunne vore ei lita diktsamling, åtte minimalistiske nedteikningar, og det hadde også blitt patent. Men dette er likevel noko heilt anna: Det er Nina Nastasia si røyst, dvelande og forførande men framfor alt veldig levande, som opptrer i perfekt selskap med eit glødande ensemble, der instrumenter som cello, fiolin og kontrabass, samt Jim White (Dirty Three) sitt smidige trommespel spelar viktige roller. Her i krysningspunktet mellom Nina sine vokale prestasjonar og bandet sine frenetiske, men i høgaste grad dynamiske, avleveringar er det Run To Ruin sitt sanne ansikt og magnetiske tiltrekningskraft ligg. Her blir motsetningane sett opp mot kvarandre; lys versus skygge, det melodiøse versus det atonale, det skjøre versus det brutale, det vakre versus det stygge.

7. Richmond Fontaine – Post To Wire
Langt borte frå tonepyntarane og lydakklimatisererane sin verden går livet stadig sin skeive gang. Eit gjeng som manar fram inspirerte tonar frå denne delen av musikk-kartet er Portland, Oregon kvartetten Richmond Fontaine. Bandet sin femte utgjeving, med tittelen Post To Wire, gjer det klart og tydelig at vi her har å gjere med eit band som har så vel skarpsindige ord som tonar på programmet. På ein sti like i nærleiken av countryrock terrenget Uncle Tupelo, Jayhawks (Mark Olson-æra) og Whiskeytown vandra rundt i på 90-talet har dei funne eit åpent lende der så vel sår akustikk som truande ørkenvind og råbarka gitar overhalingar for lov å gjere seg gjeldande. Ein plass der også melodi-snittet til gamle heltar som Paul Westerberg (The Replacements) og Grant Hart (Hüsker Dü) gror.
Utan tvil eit av dei aller mest oppegåande country-infiserte rocke-tiltaka i dagens musikkbilde.

8. My Morning Jacket – It Still Moves
Neil Young + Wayne Coyne (Flaming Lips) : 2 = Jim James. Dette er ikkje matematikk, dette er ikkje ei udiskutabel sanning, men det er noko i fraseringane til My Morning Jacket sin sangar som minner veldig om dei to nevnte herrar. Det totale bildet er det imidlertid Jim og hans kompanjongar frå Louisville, Kentucky som komponerer med heilt sjølvmiksa fargar. Og det er eit stort lerret dei har sett seg føre å dekke (12 låtar, 70 minuttar), likevel er det sjeldan dei går trøtte og dreg uinspirerte linjer og strøk. For med noko som minner om sitt bysbarn Muhammed Ali sin smidighet, vev dei saman eit mektig brygg av seig boogie, countryflørt, riff rock samt kraftfulle droner og serverer det heile med eit melodi-mønster skapt av ein James som veit korleis rocke-vendingar skal gjerast og kor popskapet står.

9. Outkast – Speakerboxxx/The Love Below
Ingen årsbeste-liste utan ein dose med skikkelig funky saker, og då kjem ein ikkje forbi sørstats-duoen Outkast, som for tre år sidan leverte noko som minna sterkt om tidenes beste hip-hop album (Stankonia). Nå er dei tilbake med ein dobbel porsjon, henta frå kvar sin sydande seanse. Speakerboxxx tilhøyrer Big Boi og The Love Below er Andre 3000 sin. Og for ein rett dei serverer, for sjølv om det kanskje finst ingrediensar ein dyttar litt til sides, og ein sit noko aldeles stappmett tilbake hvis ein inntar alt i ei vending, er dette definitivt heftige saker. Hovedingrediensen er fortsatt Hip-Hop men det heile er i endå sterkare grad enn tidlegare tilført ein salig blanding av psykedelia, soul, jazz, swing, funk og pop. Hey Ya!

10. Pedal Steel Transmission – The Angel of the Squared Circle
Er du redd for steel gitarar, høyrest dette bandnavnet sikkert skummelt ut. Men det er ingen grunn til å skygge unna, for Pedal Steel Transmission leverer ein time rockbasert musikk som bør røre ved sjela til langt fleire enn steel gitar interesserte. Ja når sant skal seiast er det nok atskillig meir å hente her for tilhengarar av frigjort rock’n roll enn for dogmatiske country entusiastar. På programmet står nemlig ein saliggjerande mikstur av det meste ein kan tenke seg frå countryrock via psykedelia og progrock til postrock. Definitivt eit av denne hausten sine aller mest innbydande rock’n roll brygg. Der ein kan kjenne smaken av alt frå Love og Flying Burrito Brothers til nyare akter som Mercury Rev, Built To Spill og Wilco. Men når det er sagt; blandingen PST serverer er aller mest noko heilt for seg sjølv.

Og når eg så fekk tenkt meg om, i vekene, månadane og åra som kom etter at denne lista vart til, så ser eg så definitivt at desse platene også skulle ha vore med der:

Songs: Ohia   – The Magnolia Electric Co
M. Ward  – Transfiguration Of Vincent
The Wrens  – The Meadowlands
Okkervil River  – Down the River of Golden Dreams
Drive-By Truckers – Decoration Day
Broken Social Scene – You Forgot It In People
The New Pornographers –  Electric Version
The National – Sad Songs For Dirty Lovers
Sufjan Stevens  – Greetings From Michigan
Super Furry Animals – Phantom Power

Richmond Fontaine – We Used to Think the Freeway Sounded Like a River

Standard

Med sterke historier og minneverdige tonar skapar dei endå ein gong eit americana-bilde verdt å utforske.

8

cover

Eit par dagar før Richmond Fontaine sin 2007-turné skulle avsluttast fekk frontmann Willy Vlautin beskjed om at mora var død. Brått og uventa. Han vendte heim til sitt husvære i utkanten av Portland, Oregon. Nokre veker seinare fall han av hesten, og knekte ein arm på stygt vis. Livet til låtskrivaren og forfattaren fortona seg no som motsatsen til skimrande. I det moduset (og vel så det) har livet til personane han har tatt på seg å skildre, i songane og bøkene sine, pleidd å vere også.

Gjennom åtte album og to romanar har Willy Vlautin fortalt om folk som slit med å få tilværet inn på eit funksjonelt spor. Folk som på eit eller anna tidspunkt har komme så skeivt ut at det nærast er umogeleg å rette seg opp att. Folk som plutselig er midt oppe i omstende som krev handlekraft. Nokon gjer opp, og går under, andre prøver, men flyt sjeldan inn i lukka av den grunn. Det ligg eit nesten ulækjelig mismot over historiene til Willy. Eit mismot eit kvart håp vil kvi seg for å utfordre. Sonisk sett er stoffet passande nok planta eit americanagrått bilde. Eit sterkt medrivande eit, frå Winnemucca i 2002, og utan unntak sidan.

Dette mismotet, og det soniske bildet det er planta i, har alltid gitt resonansar til album som Trace av Son Volt, Everclear av American Music Club, og Bruce Springsteen sitt Nebraska-album. Kanskje aller mest det siste, med tanke på den forteljande og novellistiske stilen Vlaudin opererer i. I tillegg til å døyve ved dette mismotet er stilen kjenneteikna av eit konsist, reinskore, oppriktig og skånsellaust språk. Eit språk som gjer det freistande å dra nokre linjer mot ein del forfattarar også, som Larry Brown, John Fante og Raymond Carver. For ja, han skriv tekstar på eit nivå som gjer meining i å kome drassande med slike namn.

Songane Vlaudin har skrive i etterdønningane av omstenda eg omtala i første avsnitt har mykje av det same i seg som tidlegare songar. Veldig mykje. Men, er det ikkje spor av litt meir von i dei? Gjer han ikkje livet og kjærleiken litt større sjansar denne gongen? Sjansar til, om ikkje akkurat å råde og regjere, så i alle fall til å klare seg, på eit vis. Jo, så synst no denne lyttar.

La oss starte med tittelen. Den er lang, men ikkje dårlig: We Used To Think The Freeway Sounded Like A River. Er det ikkje litt poesi i den tanken? Er det ikkje ein litt optimistisk tona tanke, ein fredfull tanke? Samstundes, det er ein tanke som var. Noko har skjedd, så slik er det kanskje ikkje lenger.

Nei, slik er det ikkje lenger, i det innleiande kuttet som ber tittelens namn. Dei var to som budde saman i eit forlate hus nær motorvegen. Dei skapte ein liten heim, og dei drøymde at det evige suset frå vegen var lyden av ei elv. Ein dag dei kom heim var huset rana og rasert. Heimen var borte, draumen, og elva med. Bandet spelar lågmælt, Vlautin syng med si tørre røyst, og touchar borti nokre Springsteenske tonar. Vemodige, og veldig vakre tonar.

Ruby and Lou heiter eit anna par (og song). Dei er på ei reis, dei har eit sterkt håp om å finne ein stad der lukka spelar hovudrolla. Dei gjer rom til ein ung gut. Når dei er ute ein tur finn guten Lous skytevåpen, og skyt seg. Vegen til lukka verkar brått veldig mykje lengre. Tonen er somber, akustisk, og ein cello. Og den gjer inntrykk.

Two Alone er ein annan skål. Han jobbar som sjåfør på ein truck. Ho er gravid, og veldig glad i kredittkortet. Han er på veg heim. Han vil ikkje heim. «You gotta run», seier den vesle djevelen på skuldra; «No I won’t». «You wanna be just like you’re dad?» vert det spurd frå andre skuldra; «No I won’t». Det perkussive dansar energisk, gitarane betalar ei elektrisk bot. Bandet får romstere i ein lengre outro. Glødande.

Richmond Fontaine er den same gjengen som dei har vore over nokre år no. Dei er lyden av eit samspelt band, men også eit frigjort og søkande band. Eit band som varierer sitt uttrykk. Som dveler, teier og kitlar varleg. Men som også brenn og bråkar. Dei høyrer vel til innunder eit americanalandskap. Eit breidt eit, som famnar både folk, country, jazz, rock, og noko sfærisk der ute frå ørkenen ein stad.

Hitlåtar har aldri vore Richmond Fontaine si greie. Denne gongen byr dei likevel på ein singel, You Can Move Back Here. Ein låt med klare spor av Paul Westerberg. Ikkje eit høgdepunkt, men ei bra låt. Det er no like fullt eit albumband dei er. Og eit album har dei laga. Eit som kryp og dansar mellom det dunkle lyset og det slukande mørkret. Sett saman av subtile tonar, triste tonar, trøystande tonar, og The Boyfriends.

Ugløymelige The Boyfriends: Ein mann vert kjent med ei dame. Blir med henne heim. Kleda forsvinn, kåtskapen rår. Ho sit oppå han, han opnar augene, og stirer rett inn i to barneauger: «I didn’t know that, she didn’t told me that, I ain’t like that, Oh I ain’t gonna be like that». Ein trompet smyg innom og bles vemodige mariachifarga tonar. Hovudpersonen byrjar minnast sin eigen barndom. Åleine med ei mor, og hennar stadig vekslande kjæraster: «Oh I ain’t gonna be like that».

Eit høgdepunt, eit skilsettande eit. Blant fleire, på eit sterkt album. Endå eit.

Først publisert på Groove.no (i 2009)

 

Richmond Fontaine – The Fitzgerald

Standard

Dvelande og varlege americana-tonar akkompagnerer historiar om det ublide livet i Reno.

cover  Tidleg i 2004 vart Portland, Oregon kvartetten Richmond Fontaine oppdaga og lovprist av velrennomerte engelske musikkmagasiner (les: Uncut og Mojo), noko som førte til at bandet fekk eit aldri så lite gjennombrot i Europa. Derfor har det i rimeleg breie Americana-krinsar vore stilt store forventningar til deira sjette og nyaste album. Vi på groove gav også vår åtgaum til både Winnemucca (2002) og Post to Wire, 2003 (bandet sine to seinaste utgjevingar), og det i god tid før engelskmennene gjorde sine oppdagingar. Forventningane har ikkje vore mindre av den grunn.

I løpet av sine fem første album har bandet flytta seg frå Uncle Tupelo og Replacements sitt terreng i startfasen via dvelande, men intense countryrockstemningar på Winnemucca og fram til dei baud på ein effektfull slalåm mellom varlege og elektriske opptrinn på Post to Wire. På The Fitzgerald presenterer dei eit lydbilete meir strippa og nedtona enn på nokon av sine andre plater. Den upolerte og medynktona stemma til låtskrivar og frontfigur Willy Vlautin er i front av biletet. Bakom vibrerar klangen frå ein akustisk gitar. Frå krokar og naborom kan vi ane lyden av piano, trommevisping og varlege elektriske lydframstøyt. Ja, med dei andre bandmedlemmene såpass vagt til stades kunne dette nesten ha komme ut som ei Willy Vlautin soloplate! Men berre nesten, for det er mykje subtil finesse i bakgrunnen som absolutt er med og løftar verket.

Vlautin har gjort det til sitt kjennemerke å skildra menneske i kamp med tilværet. Nokre i ein håplaus kamp andre med visse sjansar til å karre til seg litt dugande levetid. På The Fitzgerald er dei førstnemnte i større fleirtal enn på nokon av bandet sine øvrige album. Her møter vi dei skakkøyrte, dei utstøytte, dei svikta og dei desperate: «The alcoholics, the ruined and the framed.»

Vlautin har tatt turen tilbake til traktene der han vaks opp. Fjorten dagar på eit hotellrom i Reno, Nevada er utgangspunktet for desse elleve episodane om menneske som har snubla i livet sin taggete fortauskant. Alt utspelar seg innan eit geografisk avgrensa område, der The Fitzgerald Casino Hotell er sentrum. Ein kan sjå på dei ulike historiene som separate rapportar frå baksida av den amerikanske draumen. Føler likevel at dette meir er eit Raymond Carversk Short Cuts opplegg av den dystre varianten, der skildringane møtes eller flyt over i kvarandre men utan å vere i eit lineært eller logisk system.

Tekstane til Vlautin har alltid vore viktige for den totale Richmond Fontaine opplevinga. Samstundes har han hatt for vane (i alle fall på Winnemucca og Post To Wire) å gje dei eit så sterkt melodisk samkvem at låtane også har fungert som tiltalande aurale opplevingar, utan fokus mot det han melder. Det finst nok dei som vil hevde at dette ikkje er like sjølvagt på The Fitzgerald. Var faktisk ei stund inne på tanken sjølv, men gjev ein stoffet litt tid oppdagar ein at dei limiterte tonane har ei stille melodisk kraft, og er såleis det ideelle kompaniskap for desse ublide skildringane.

To av Vlautin sine heltar er Bruce Springsteen og Tom Waits, og mannen har vel aldri vore nærare dei i uttrykk enn på denne plata. Både melodisk og tematisk er her mykje slektskap til ein ung Tom Waits, og til Springsteen sin sosialrealistiske trilogi (Nebraska, The Ghost of Tom Joad og Devils & Dust). Men fleire av Vlautin sine karakterar har nok endå tyngre for å komme seg opp i ståande stilling enn den gjennomsnittlege Springsteen/Waits karakter.

Hovudpersonen i Welhorn Yards «fell into the most uneasiest of dreams», og ser seg jaga av ein galning etter eit mislykka ransforsøk. «Darkness I give myself to you, take my blood and take my heart» proklamerar den ustabile fyren i Disappeared. Den melodisk fullkomne Casino Lights fortel om ein bror og ei syster på randen av undergang; «oh casino lights, they only bring darkness to the night». Laramie, Wyoming er utstyrt med sårvakre tonar og handlar om den sterkt underkua guten som til slutt rømmer og søker ly hos ei tante. Medan Incident At Cronklin Creek usentimentalt men respektfullt skisserer eit likfunn; «black eyes, broken nose, teeth missing… there was no smell, and you could still see life on his face». Langt unna frydefulle tilstandar altså. Det blir likevel sådd eit lite håp til slutt. På Making It Back er «festen» over, men paret på kjøkkenet har i alle fall funne saman. Kanskje ikkje i pur fryd, meir i ein slags felles lagnad, men i denne samanhengen er vel det godt nok.

Fleire skildringar frå livet under den vemodige himmel kan ein sikkert forvente når Willy Vlautin snart debuterer mellom to permar med romanen Motel Life. Meistrar han den sjangeren like godt som låtskrivargjerninga kan vi sjå fram mot givande lesing.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

Richmond Fontaine – Post To Wire

Standard

Dei er ømme, dei er eksplosive og dei fortel skarpsindige historier frå den amerikanske sidelinja.

cover  Langt borte frå tonepyntarane og lydakklimatisererane sin verden går livet stadig sin skeive gang. Eit band som manar fram inspirerte tonar frå denne delen av musikk-kartet er Portland, Oregon kvartetten Richmond Fontaine. Utan den store halloien er dei i desse dagar klar med sin femte utgjeving sidan starten i 1996. Plata med tittelen Post To Wire gjer det klart og tydelig at vi her har å gjere med eit band som har så vel skarpsindige ord som tonar på programmet. På ein sti like i nærleiken av countryrock terrenget Uncle Tupelo, Jayhawks (Mark Olson-æra) og Whiskeytown vandra rundt i på 90-talet har dei funne eit åpent lende der så vel sår akustikk som truande ørkenvind og råbarka gitar overhalingar for lov å gjere seg gjeldande. Ein plass der også melodi-snittet til gamle heltar som Paul Westerberg (The Replacements) og Grant Hart (Hüsker Dü) gror.

Frå første skeive tone i slacker-country saken The Longer You Wait til siste vemodsfulle steelgitar-tone legg seg til ro i den avsluttande instrumentalen Valediction er det få dødpunkter, og desto fleire saliggjerande stunder. Dermed lever dei opp til kva albumtittelen lovar, Post to Wire er nemlig eit uttrykk henta frå hestesporten som betyr noko sånt som å ha grepet frå start til mål.

Albumet sine skjøre og uforedla melodilinjer har i seg sjølv flust med kvalitetar, likevel er det når vi kjem til orda, som frontmann Willy Vlautin så kyndig har planta i hop med desse tonane, Richmond Fontaine verkelig vekker interesse. Desse nedstrippa historiane frå den amerikanske sidelinja er gjort av ein mann med evna til å skape rike bilder utav eit stramt ordbudsjett. Ja, det er langt frå dagligdags å oppleve sangtekstar der det foregår så mykje mellom linjene og bak tonane som det gjer hos Vlautin. Han har då også i tillegg til sitt virke i Richmond Fontaine prøvd seg som novelleforfattar, og har lest sin Charles Bukowski, Raymond Carver og Denis Johnson meir enn ein gong.

Coveret er pryda med eit bilde av ei tilårskommen og vaklevoren campingvogn i eit goldt landskap. På den eine veggen er følgande budskap å lese; «This is the land of broken dreams». Og ja, vi møter mange tragiske skjebner her, som har fått draumane knust og lovnader ofra på gløymselen sitt alter. Noko Vaultin klarer å handtere utan å fortape seg i sentimentale løysningar, ja i ein del samanhengar klarer han til og med å så håp der ein kanskje skulle tru slikt var visna og vraka. Som i den nydelige folkrock-låta Polaroid. Her møter vi to einsame barn på bar-besøk på leiting etter sin far, ultratrist altså, men eit polaroidbilde og litt empati gjer det heile plutselig litt meir levelig, så; «Not everyone lives their life alone, not everyone gives up or is beaten or robbed or always stoned, Not everyone». Deborah Kelly (frå Damnations) er med og korar på denne. På tittelkuttet har ho fått ei duett-oppgåve å skjøtte. Noko ho gjer med glans, i ein to minuttar lang countryrock fulltreffar om forsoning og nye sjansar. Von om ei lys framtid har også friaren i Allison Johnson, men det strykar-dominerte og dystre tonefølget ber kanskje bud om at nett det ikkje er så sikkert. Den nennsomme og såre Two Broken Hearts, presenterer på si side ein teori om at «two broken hearts together, might not be broken». Medan viltre, melodi-smarte, og temmelig svarte Montgomery Park har sine tydelige spor til før nevnte Westerberg og Hart. Innimellom får vi også resitert nokre brev frå ein Walter, som betaler konsekvensane av ein urett han har gjort overfor sine nærmaste.

Mot slutten kjem så albumet sitt mest marerittaktige tilfelle, den åtte minuttar lange elektriske og demoniske Villamette. Der folk-tonar møter dyster blues i ein klassisk sørstats inspirert historie, med ein viss likskap til Saabye Christensen sin roman Halvbroren. Om eldstebroren som forlet mora og sin yngre bror, om den mystiske Jackson, om broren som vender tilbake med fortellingar frå den vide verda, for så berre å fordufte på nytt. Ja, ein kan dikte ein heil roman mellom linjene her. Ein uhyggelig ein.

Navnet var Richmond Fontaine, og er definitivt blant dei mest oppegåande country-infiserte rocke-tiltaka i dagens musikkbilde.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)