Monthly Archives: august 2018

Sons of Kemet – Your Queen Is A Reptile

Standard

Jazz er funky…og dette tar av.

Bilderesultat for sons of kemet your queen is reptile  Er du ute etter fred å ro, gå ein annan stad. Her er det knapt med fred å få. Your Queen Is A Reptile er non-stop bevegelse. Your Queen Is A Reptile er ein 55 minuttar lang groove-fest.

Your Queen Is A Reptile er det tredje albumet til jazzkvartetten Sons Of Kemet. Det er ikkje ein heilt tradisjonelt samansett kvartett. Her er to trommeslagarar, og du verden, det kan høyrast. Her er ein som spelar tuba, i rolla ein bassist vanlegvis har. Og så er det saksofonisten då, Shabaka Hutchings, kvartettens leiarfigur og ein mann med mange jern i elden. Han frontar to band til. Det Sør-Afrika baserte prosjektet Shabaka & The Ancestors og spacejazz-trioen The Comet Is Coming. Frilyndt svinging mellom sjangrar og kulturar verkar å vere eit mantra hos London-innbyggjaren Shabaka Hutchings.

Hutchings stammar frå Karibien, Barbados. Han tar seg fridomen å stille eit gedigent spørsmål med visse eldgamle britiske symbol og tradisjonar. På vegne av minoritetar, innvandrarar, barn av innvandrarar, etterkomarar av koloniserte hevdar han rimeleg tydeleg at «your queen is not our queen». Han syng ikkje dette i låtane på albumet. Han syng ikkje i låtane på albumet, der spelar han forførande på saksofonen sin. Han skriv om dronninga. I eit ganske så glødande lite tekststykke inne i LP-coveret. Han har lite til overs for ei dronning som har komme til sin posisjon i kraft av blodsband, og til eit historisk bakteppe av brutale landevinningar, undertrykking og rasisme. Han slår eit slag for andre dronningar. «Our queens walked among us» skriv han, «our queens made bright futures out of cruel and unfair pasts» skriv han. «Your Queen is a Reptile» slår han snerrande fast til slutt, og døyper albumet med dei same orda. Låtane, det er ni stykker av dei, har han tileigna verdige dronningar.

My Queen is Ada Eastman heiter låta som startar festen. Dronninga er Hutchings eigen oldemor. Rytmen er lausleg og særdeles hendingsrik, tubaen går bassgangen, saksofontonar smyg rundt i melodisk-tapping, calypsoen er ein ikkje altfor fjern slektning, og midtvegs dukkar Joshua Idehen opp. Ein poet med ting på hjarta. Han resiterer/rappar fram linjer i ånda til album-tittelen. Som «Burn UKIP, fuck the Tories, fuck the fascists, end of story». Som «I’ll be here when your banks stop selling debt, and all your leaders stop selling death, and you’ve lost all relevance».

Joshua Idehen dukkar opp på eit spor til. Det siste, My Queen is Doreen Lawrence. «Don’t wanna hear that racist claptrap» formanar han, «to approach the killer of your child, demand the respect» melder han. I 1993 blei sonen til Doreen Lawrence drepen, rasistisk motivert. Politiet gjorde ei elendig etterforsking, og mora tok opp kampen. I dag er Doreen Lawrence ei av Storbritannia sine mest respekterte kvinner. Hutchings saksofontonar er mangfaldige. Melodiske, iltre, viltre. Dei to trommeslagarane har fått selskap av ein tredje, det blir skapt suggererande rytmisk villskap. Og mannen med tubaen, Theon Cross, finn tonar djupare ned i det røffe enn nokon annan stad.

Hutchings ærar sju andre dronningar. Han og bandet. Aldri på ubetydeleg vis. Heile tida sterkt påkopla. Heile tida med tonar og rytmikk det sprutar glør frå. My Queen is Angela Davis. Sjølvsagt. Ein av dei toneangjevande borgarrettskjemparane frå 60-talet og seinare anerkjent professor. Hutchings og Cross går inn i eit tidvis tett samspel, rytmikken er ein opprørsk dans. Det blir til ein sonisk brann. Når afrikanske størrelsar som Yaa Asantewaa og Albertina Sisulu blir heidra er det naturleg at det rytmiske nærar energien sin frå det afrikanske kontinentet. I låta til førstnemnte har Hutchings forresten invitert med seg ein ekstra saksofonist, og dei to kokar saman ein bra dialog, som spenner frå det melodiske til frijazz.

Nancy of the Maroons er ei jamaicansk heltinne frå 1700-talet. Men tonen kvartetten legg an i låta til henne er ikkje noko eg koplar sterkt mot jamaicanske tonar. Det er derimot albumets mest lyriske og varsame spor. Med eit enkelt gjentakande rytmemønster som dreg denne lyttaren inn i ein nærast hypnotisk tilstand. Mamie Phipps Clark er ein amerikansk psykolog som på 1950-talet påviste kor alvorlege skadeverknader den amerikanske raseskilje-politikken hadde. I låta som heidrar henne er tonen frå Jamaica, veldig Jamaica. Reggae og dub og ei vitjing av reggae/jungle/rapparen Congo Natty. Hei som det gyngar.

For eit tiltalande og sprelsk album dette er. Bein og fingrar dansar i sikksakk berre med tanken på det, her eg sitt og skriv om det. Så eg får slutte med det, og slenge plata på tallerken i staden…

9/10

TIDAL: SONS OF KEMET – YOUR QUEEN IS A REPTILE

Wussy – What Heaven Is Like

Standard

Eit Wussy i bra, men ikkje sitt beste, slag.

  Å nytte Gloria som songtittel er ikkje ei spesielt ny oppfinning. Det trur eg ikkje affiserer Wussy det minste. Dei er ikkje her for å presentere nye oppfinningar. Men dei er her. Og det er bra. Med sitt rock-groove, sine elektriske gitarar og sin sympatiske pasjon for det upretensiøse skapar kvintetten eit godt grumsete psykedelisk garasjebråk, samstundes som dei held eit bra tak i det melodiske.

Bandet frå Cincinatti har helde det gåande ei tid nå, og What Heaven Is Like er deira sjuande album. Det plasserer seg ganske så greitt midt i det soniske feltet bandet har vore desse åra. Ikkje fullt så sterkt og overtydande som på dei to føregåande albuma (Attica! og Forever Sounds) men med ei handfull låtar som avgjort vinn fram.

Og då kanskje først og fremst Gloria. Ein song inspirert av hovudpersonen i Fargo, sesong tre, Gloria Burgle. Ei ubestikkeleg kvinne som søker sanninga i ei verd som bognar over av løgn og faenskap. Ein vemodstung og skingrande ballade som søker nokon, ei kraft, som kan vere til hjelp i «the darkness that surrounds» oss. «Her name is Gloria» syng Wussy sin kvinnelege songar Lisa Walker, og eg har gjort meg tankar om at det nærast er noko religiøst over songen. Men det er det ikkje. Snarare høyrer eg ein song som hyllar mot og humanisme, og slik sett vel er ganske så aktuell, i ei tid farga av mistru, fundamentalisme, narsissisme, twitter-skrål og alternative sanningar.

One Per Customer syng Wussy sin mannlege songar Chuck Cleaver. Den nå 59 år gamle mannen som kalla sitt andre band Wussy (hans første heitte Ass Pony) fordi han tenkte namnet ville ta seg bra ut på ei t-skjorte. Ein fyr med ei røyst som har sine knirk, som renn på som ei krokete elv, men som viser seg å ha full kontakt med tonen, med melodien. One Per Customer er ein klassisk Wussy-song i godt melodisk og rockdynamisk slag. Ein song om svunne tider og tapte sjansar. Sjansar verkar å stå på spel i Tall Weeds også. Ein duett mellom dei to vokalistane om det å frenetisk prøve å søke opp ein fredeleg plett litt utanfor skotlinja. På det soniske plan er songen ein slags miks av klassisk americana-rock og shoegaze.

Av dei ti låtane på plata er det to coverlåtar. Aliens In Our Midst frå det nokså obskure California-bandet The Twinkiez, og Kath Bloom-låta Oblivion. Dugande versjonar, men ikkje slike som går inn i historia. Det kan nok seiast om fleire av dei sjølvkomponerte her også. Så: ikkje ei openbaring av ei plate, ord eg godt kunne ha funne på å nytta om bandets to føregåande, men velkomen er den.

7/10

TIDAL: WUSSY – WHAT HEAVEN IS LIKE