Tag Archives: Sharon Van Etten

Sharon Van Etten – Remind Me Tomorrow

Standard

Photo by Katherine Dieckmann     Bilderesultat for sharon van etten

For tjue år sidan var Sharon Van Etten sytten år gamal. I låta Seventeen på sitt ferske album Remind Me Tomorrow tar ho ein liten kikk i den retninga. Til det eg, utan å tvile det minste, går til det skritt å kalle både fengande og attraktive tonar, syng ho om/til ungdommar ho ser i byen ho bur i, New York City. Sjølvsikre og usikre. «Follow my shadow round your corner, I used to be seventeen, now you’re just like me» konstaterer ho, og leverer ein ettertenksam men slett ikkje altfor alvorstyngd pop-ode til det å vere ung.

Det er fleire gode songar på Sharon Van Etten sitt femte album. Slik det jo plar vere på albuma hennar. Frå ho starta stillferdig ut i 2009 med Because I Was In Love og fram til ho med litt meir lydfølgje formulerte spørsmålet Are We There i 2014. Det at ho ikkje har gitt ut eit album på dei åra som er gått sidan då betyr ikkje at ho har lent seg tilbake og slappa av, eller lidd av skrivesperre, eller liknande saker. Neidå, dama har hatt fleire jern i elden enn det dei fleste kan vise til. Ho er blitt mor, ho har prøvd seg som skodespelar i Netflix-serien The OA, komponert filmmusikk til filmen Strange Weather, og ho har starta på psykologistudie. Så det.

Gitaren har vore Sharon Van Etten sin næraste medsamansvorne når ho har komponert låtar, og framført dei. Denne gongen er det annleis. Songane er, visstnok utan unntak, komponert på tangentbaserte instrument. Når ho så skulle til å spele dei inn kontakta ho John Congleton. Ein produsent som frå før har aktverdige album frå folk som St. Vincent, John Grant og Angel Olsen på CV’en sin. No kan han utan skam føre opp Remind Me Tomorrow der.

Van Etten har fortalt at då ho møtte Congleton drog ho fram Portishead, Suicide og Nick Cave sitt Skeleton Tree-album som referansepunkt til korleis ho høyrde for seg at albumet skulle låte. Eg skal ikkje her og nå hevde at plata høyrest ut som ein eksakt miks av desse, men om eg skulle sirkle meg inn mot ei skildring av det endelege soniske uttrykket er desse referansane like så gode som andre eg måtte finne på å komme dragande med. Her er ein ganske så radikal bruk av ymse synthesizerar og tangentinstrument, lyd frå gitar er det knapt råd å høyre. Slik at albumet nok skil seg ein god del frå uttrykket Van Etten gradvis utvikla på sine fire første album. Men røysta hennar er både lett å høyre og lett attkjenneleg. Der den med både kraft og ynde syng songar eg meiner å høyre ytrar ei større tru på kjærleiken enn kva ho tidlegare har formidla (utan at eg skal hevde at ho har vore utan slik tru før). Samstundes er det songar som også skildrar ein uro, ein noko skamfert tryggleik omkring kva framtida kan ha å by på. Frå ei mor, og ein moden artist i stadig utvikling.

Tre personlege favorittlåtar: No One’s Easy To Love, Comeback Kid og framfor alt då Seventeen.

TIDAL: Sharon Van Etten – Remind Me Tomorrow

Musikalsk årsoppgjer 2014

Standard

Spådomar frå fleire hald vil ha det til at musikkalbumet er eit utdøyande fenomen. Måtte spådomane slå feil, fullstendig feil. Det har komme flust av album i 2014 eg med styrke vil hevde beviser at albumet har livets rett, og vel så det. Dei 25 beste har det blitt ei liste av.

Men først 3 bøker (ikkje for noko anna grunn enn at bøker er like viktig som musikk, og at desse tre kjennes vel verdt å nemne).

Stoner  Rød eller død av David Peace (Innbundet) Innsirkling 3 av Carl Frode Tiller (Innbundet)

1. John Williams – Stoner
Skriven og utgitt for nesten femti år sidan. I norsk oversetting for første gong i år. Ei kultbok. «The greatest American novel you’ve never heard of» ifylgje The New Yorker. Ein vakkert og nennsamt fortalt historie, om eit ikkje spesielt eksepsjonelt liv. Ein manns liv frå barndom til grav på 270 sider. Melankolsk og skilsettande. Poesi i romanform.

2. David Peace – Rød eller Død
Om den legendariske Liverpool-manageren Bill Shankly. Sosialisten, fotballfanatikaren, arbeidsnarkomanen og eksentrikaren  Shankly. Ein roman, ikkje ein biografi. Fortalt i eit gjentakande, suggererande språk. Like enkel, like komplisert, like medrivande som fotballspelet i seg sjølv. Aldri har eg opplevd fotballsesong etter fotballsesong blitt meir fortetta og poetisk oppsummert.

3. Carl Frode Tiller – Innsirkling 3
Tiller sirklar seg inn på oppklaringa. Kjem fram til den, men ikkje til noko endelig avklaring, heldigvis. Det å vere menneske saman med andre menneske er ikkje enkelt. Kva ein seier, kva ein tenker, kva ein gjer, kva ein burde gjere, er på evig kollisjonskurs. Tiller skildrar det på storarta vis, igjen.

Så, over til albuma:

 Steve Gunn 

1. The War On Drugs – Lost In the Dream
Ei plate som vandrar sporenstreks inn i ein melodisk sigerstemning, og blir der ein heil time. Amerikansk gitarrock der låt etter låt blir tilført vennlegsinna synthlinjer, blir lindrande pianotøtsja, eller kanskje får ein blåleg saksofonvisitt. Låt etter låt som omgås sinnstemningar der mørket og mismotet rår, men der ein stigande aksept av tingas tilstand, og ei evne til å handtere forholda, også blir formidla. Det høyrest ikkje spesielt eksepsjonelt ut, og ei eksepsjonelt original plate er det ikkje. Men ….vel, eksepsjonell er den.

2. Steve Gunn – Way Out Weather
Sakte beveger melodien seg. Sakte beveger melodien. «Slowly moves the melody». Det trygge, det vanlige finst der, i songane, men også det spesielle, det særeigne. Steve Gunn gjer det melodisk, og han gjer det i ein hevdvunne tradisjon. Med ei lett hand får han strengene på gitaren (gitarane) til å synge som få andre gjer. Eg tenker på han som ein ukomplisert virtuos.

3. Sun Kil Moon – Benji
Songar frå perspektivet til ein middelaldrande mann. Songar som ikkje tar føre seg frå eit vidt spekter av det songar kan gjere. Dei held seg alle på innsida av det marginale mønsteret Mark Kozelek plar operere innafor. Der tonar ikkje spring av garde i veldig komplekse former, men der alt ruslar sin gang. Einsformig seier nokon, styggelig vanedannande seier eg.

4. Wussy – Attica!
Dei har latt seg inspirere, latt seg dugelig inspirere. Som dei uforbederlige rock’n roll-disiplane dei er, har dei latt seg inspirere til å lage songar som liknar på saker vi har høyrt før, som har både tjuveri og låneri klistra på seg. Likevel er dei forunderlig nok berre Wussy. Med ein glød og eit lidenskapelig forhold til alt dei driv med.

5. Sturgill Simpson – Metamodern Sounds In Country Music
Det er ikkje berre den ufattelige friskleiken, og nærværet i tonane, eg merkar meg, men også viljen, og motet, både til å gå den rakaste enklaste mest naturlige og klassiske countryvegen, og til å driste seg utpå. Som det å sveipe tonane inn i psykedelia. Nokre gonger subtilt og sobert, andre gonger meir utstrakt.

6. Ought – More Than Any Other Day
Postpunk. Den stramme pågåande kantete fabelaktige postpunken er vel den mest nærliggande merkelappen å klistre på Ought. Men dei er ikkje berre slik, Ought kan også ha noko meir avrunda og elastisk i det dei gjer. Inntrykket er vel at det ikkje er avgrensingar og dogmer som er opplegget her. Heller eit frilyndt dykk inn dit energien har dei beste vilkår, der temperaturen aldri kviler.

7. Angel Olsen – Burn Your Fire For No Witness
Frå det skjøre til det konfronterande, frå det nennsame til det forrykande, den ueinsarta plata til Angel Olsen dekkar alt det og meir til. Når den så i tillegg er fostra på sterk vilje, har bevart passeleg med smuss, og er melodisk velhalden, sitt eg i grunn att ganske så tomhendt på innvendingar.

8. Parquet Courts – Sunbathing Animal
Eit band i frenetisk vigør, heilfrelste på konsise riff, hissig skinger og rammande groove. Der orda kjem fort, som ein dans i unnabakke. Med og utan fotfeste. Parquet Courts står ikkje stille, dei tar til seg det beste av det dei har høyrt, og gjer det om til sin måte å gå råbarka til verks på.

9. Sharon Van Etten – Are We There
På ingen måte eindimensjonale songar. Dei kan tolkast i ulik lei. Ja det er ikkje ein gong sikkert dei er så melankolityngde som dei gjer inntrykk av å vere. Ikkje er dei så marginale på melodisk variasjon som dei først kan gje inntrykk av å vere heller. Dei har ei blomstrande kraft i seg.

10. Woods – With Light and With Love
Human popmusikk. Med sine manglar, med sine intensjonar, med sitt overskot. Woods sitt album av året har mykje i seg og mykje for seg, og står fram som kongruent og variert i same andedrag. Sprett både lett over overflata og skjer seg inn i materien. Og 1967 er aldri langt unna.

11. Hookworms – The Hum
Psykedelisk vitalitet, hektande melodilinjer, suggererande rytmiske tilhøve, og ein ikkje ubetydelig larm.

12. Torgeir Waldemar – Torgeir Waldemar
Røysta. Den rommar klangen av det den formidlar. Tida. Han tek seg tid til å bli i songane sine. Songane. Dei har sitt klare opphav frå ein tradisjon, har sine merker frå meir enn ein låtskrivar, men høyrer likevel så sjølvsagt heime hos han som syng dei.

13. Simone Felice – Strangers
Han er her ikkje for å revolusjonere musikkhistoria. Han serverer 10 songar som hentar sitt liv og sitt vesen frå den amerikanske songtradisjonen.  Dei har sin verknad.

14. Damien Jurado – Brothers and Sisters of the Eternal Son
Den tidlegare trubaduren har for alvor funne fram til det dansbare, det psykedeliske, og det spirituelle.

15. EMA – The Future’s Void
Strenge, skarpe, kalde lydkjelder dansar og kranglar rundt låtar som oftare enn det kan virke som, sånn med det same, har eit godt melodisk hjerte.

16. Timber Timbre – Hot Dreams
Hot Dreams er ein tanke meir raffinert enn tidlegare plater av Timber Timbre, og har ein varme som ikkje alltid konsulterer gufset. Men fredlaust er det.

17. Strand of Oaks – HEAL
Ei reinsing, ein personleg kamp, men kanskje mest av alt ein kjærleik til musikken.

18. Beck – Morning Phase
Temmelig langt unna friskusen frå Odelay. Ikkje så veldig langt unna den tynga melankolikaren frå Sea Change, men med mindre melankoli i brystet.

19. The Men – Tomorrow’s Hits
Du skal ikkje kimse av god gammaldags rufsete rock’n roll. I alle fall ikkje slik den fortonar seg i henda til The Men frå Brooklyn.

20. Hurray For The Riff Raff – Small Town Heroes
Songar som kunne vore her for lenge sidan, som har eit gammalt Amerika i seg. Men dei er heilt nye, dei er eit friskt oppkok av folk, country og blues.

21. John Fullbright – Songs
Country som finn soul, mørke krokar, einsame tonar, og litt lykke.

22. Mirel Wagner – When the Cellar Children See the Light of Day
Ho vev livet, kjærleiken og døden i hop på sin måte – enkelt, tvitydig, dirrande.

23. Big Ups – Eighteen Hours of Static
Med glød i blikket og angst i bringa hiv dei seg over amerikanske undergrunnstonar slik dei lydde den gongen Pixies og Jesus Lizard var unge.

24. Joe Henry – Invisible Hour
Varme tonar, varlege tonar, og gåtefulle innspel om livets relasjonar

25. Pere Ubu – Carnival of Souls
Endå eit vitalt tilskot til ein etter kvart imponerande albumkatalog på utsida av gjengs rock’n roll åtferd.

Dei 5 beste albuma frå mai 2014 (Slik eg har oppfatta det)

Standard

Sturgill Simpson – Metamodern Sounds In Country Music      9

Metamodern Sounds in Country Music Eit utdrag frå ein lengre omtale publisert 25.5.2014.

Opninga er ikkje avgjerande, men det skadar ikkje om den set ting litt på plass. På sitt andre album kjem Sturgill Simpson opp med ei slik opning. Eg snakkar då ikkje om bestefaren hans sin introduksjon, spelt inn over ei telefonlinje, og tilført litt ekkobehandling: «Introducing metamodern sounds in country music». Sjølv om den for så vidt er effektfull og sannferdig nok. Nei eg tenker på den første linja Simpson syng like etterpå, i songen som fantastisk nok heiter Turtles All the Way Down. «I’ve seen Jesus play with flames in a lake I was standing in» syng han. Eg nølar sjølvsagt ikkje så mykje som ein tøddel av eit sekund med å kåre linja til den nestbeste Jesus-opninga i platehistoria.

Metamodern  Sounds In Country Music, ein storarta tittel. Inspirert av ein annan platetittel, og ei storarta plate. Ray Charles sin Modern Sounds In Country and Western Music. Der Charles gjer country på sin måte. Med Metamodern Sounds In Country Music gjer Sturgill Simpson det på sin måte. Sjølvsagt gjer han det, han kunne ikkje tatt sjansen på ein slik tittel om han ikkje det gjorde. Spelt inn over fire dagar, med eit marginalt budsjett, ei handfull medmusikantar, og ei frisk innstilling. Produsert har Dave Cobb gjort. Same mann som har gjort same jobb på Jason Isbell sin Southeastern og Jamey Johnson sine That Lonesom Song og The Guitar Song. Sannsynlegvis dei tre beste platene med countryklang som har komme dei fem-seks siste åra. Med det som utgangspunkt er det nok ein smule dristig å hevde at Metamodern Sounds In Country Music faktisk kan være den aller beste plata Cobb har hatt fingrane sine borti. Eg tar sjansen likevel, for akkurat så steikande bra er denne plata.

 

Wussy – Attica!        9

Attica! Eit utdrag frå ein lengre omtale publisert 5.6.2014.

Det var storarta at Lisa Walker og Chuck Cleaver fant kvarandre for drygt ti år sidan, og blei til Wussy. Cleaver hadde då allereie, som den leiande krafta i bandet Ass Ponys, gjennom fleire år (ja heilt sidan åttitalet) skapt lealaus og smussig rock med visse countrytendensar. Walker var i musikksamanheng ubeskriven, og fleire år yngre. Dynamikken i songen dei to imellom skapte ein dimensjon som Ass Ponys ikkje hadde. To stemmer som utfyller kvarandre, og som utfordrar kvarandre. Cleaver si krokete røyst, og Walker si reinare røyst. Cleaver som kjempar seg i retning av ein symmetri, Walker som hiv inn noko uvørent. Dei får meg til å minnast åttitalsbandet Divine Horsemen, med Chris D. og Julie Christensen i vitale vokalroller. Dei får meg i det heile til å minnast den delen av åttitalet som handla om band som Dream Syndicate, R.E.M. og Green On Red. Sjølv hevdar dei at dei er ute på eit oppdrag som handlar om å spenne ei bru frå The Band til Sonic Youth. Eg forstår kva dei meiner. Den amerikanske musikkskribenten Robert Christgau hevdar at bandet kombinerer Flying Burrito Brothers sin twang med Velvet Underground sine droner. Eg forstår også kva han meiner.

Og eg forstår at sjølv om Wussy har latt seg inspirere, latt seg dugelig inspirere, som dei uforbederlige rock’n roll-disiplane dei er, latt seg inspirere til å lage songar som liknar på saker vi har høyrt før, som har både tjuveri og låneri klistra på seg, så er dei forunderlig nok, berre Wussy. Med ein glød og eit lidenskapelig forhold til alt dei driv med er dei Wussy. Det er som oftast det som skal til, glød og lidenskap, ein visjon, nokre idear, gode idear, og songar som er blitt til fordi dei måtte bli til.

 

Sharon Van Etten – Are We There       8

Are We There Eit utdrag frå ein lengre omtale publisert 3.6.2014.

Sharon Van Etten sine songar er ikkje eindimensjonale, dei er opne for tolking, brei tolking. Ja det er ikkje ein gong sikkert dei er så melankolityngde som dei kan gje inntrykk av å vere.

Ikkje er dei så marginale på melodisk variasjon som dei først kan gje inntrykk av å vere heller, desse songane til Sharon Van Etten. Ho innlemmar ei veksande, sakte blomstrande, kraft i dei. Noko ho for så vidt har gjort frå første album av. Frå det spartanske Because I Was In Love, via det noko meir lydfyldige epic, til det Aaron Dessner produserte albumet Tramp. Denne gongen har ho produsert sakene sjølv, og omgjeve seg med noko færre folk frå indierock-sfæra (men både Adam Granduciel, Jonathan Meiburg og Jana Hunter er innom). Eit gigantskritt bort frå der ho var med Tramp har ho imidlertid ikkje tatt. Ho har innført ein noko meir utstrakt bruk av synthesizerar, det rytmiske er kanskje noko meir markant, og strukturen i låtane har eit meir komplekst vesen. Det siste gjer at ein nok må gå endå fleire rundar enn tidlegare for å byrje å ane rikdomen, ta innover seg rikdomen, og kjenne seg djupt til stades blant songane. Det er sjølvsagt verdt det.

 

Paul Heaton & Jacqui Abbott – What Have We Become        7

What Have We Become? Gjenforeiningar kan føre til så mangt. I musikksamanheng oftare kjipe enn gode opplevingar. Her kjem ei god ei. Her kjem Paul Heaton og Jacqui Abbott. Dei har ikkje sunge saman på tolv-tretten år. Men dei gjorde det bra då dei gjorde det, utover nittitalet, på nokre plater med The Beautiful South.

The Beautiful South. Ein gong sprang dei utav The Housemartins. Kvartetten som debuterte med den smått legendariske plata London 0 – Hull 4. Ei plate av fengande og energisk soulpop. Det vart litt meir sofistikert og komplekst i Paul Heaton og Dave Hemmingway’s The Beautiful South. For så vidt ikkje dårligare det. Og spesielt ikkje i Jacqui Abbott-involverte songar som Prettiest Eyes, Don’t Merry Her og Rotterdam.

Det er i grunn ikkje dårligare det som er å finne på denne duoplata av året heller. Det er ikkje fjernt frå slik Beautiful South framstod, men med noko ein kanskje kan kalle ein liten Housemartins-edge. Det er catchy. Mykje er catchy. Moulding Of a Foul er umåtelig catchy; Northern soul møter Motown. DIY er ikkje mindre catchy. Den miksar 50-tals rock med country på Nick Lowe vis. Jacqui Abbott tar full eigedom over sakene i Some Dancing To Do. Ein soulraffinert sak om å slite med sjølvkjensla, der linja «I want to be a beautiful mermaid, not just some half-piece of fish» kan få karakteristikken essensiell.

I tittelkuttet sveipar Heaton innom ting som moderne fedmeproblem, songar utan bodskap, opportunisme, og generelt sett nokså nedslåande tilstander, til tonar som berre ber om at ein syng med, med eit nøgd smil om munnen. Ganske typisk Heaton for så vidt. Sarkasmen er der. Og det sosiale samvitet. Det siste kjem aller tydeligast til uttrykk i One Man’s England. Ein song om rasisme på fleire nivå.

Jodå, Heaton er Heaton, og Abbott gjer han godt.

 

Jolie Holland – Wine Dark Sea         7

Wine Dark Sea Blues. No er det blues. Wine Dark Sea er blues. Jolie Holland syng blues, spelar blues. Men ikkje kva som helst blues. Her er blues med soul i seg. Sydande soul. Her er blues som vaklar, her er blues som kranglar, her er blues med folkmelodiske evner, og her er blues med ein djevel i seg. Men først og fremst er dette blues som brenn.

Det har vel alltid vore eit og anna bluestilløp på platene til Jolie Holland. Men det har aldri vore det dominarende tilløpet. Ho starta spartansk, i 2003, med knirkande viser, brakte gradvis inn meir raffinement, og for så vidt lyd, meir lyd, kraftigare lyd.

No er det avgjort kraftigare lyd. Wine Dark Sea er kraftigare lyd. Jolie Holland har fått med seg eit lag som lagar kraftigare lyd enn på noko plate ho har presentert. Men ikkje berre kraftigare, og ikkje alltid kraftigare, slett ikkje. Stundom vil eg heller seie at den er meir i opprør mot songens tone, lyden. Andre gonger vil eg seie den oppfører seg som knusktørr ved i omnen, den brenn nesten litt hensynslaust.

Den elektriske gitaren står bak det meste, av denne lyden. Men også blåsarar, og eit groove, sjølvsagt eit groove. Ho syng om kjærleik med håp i røysta (On and On) og gitaren knurrar og knegg, ho syng om kjærleik som har gått under (Dark Days) og gitaren er ein demon. Ho syng om New Orleans, med vemod i bringa (Saint Dymphna), og ho drar opp ein eggande voodoo-affære (Out On the Wine Dark Sea).

Det er kanskje ikkje hennar aller beste plate, men det er ei bra plate.

Sharon Van Etten – Are We There

Standard

Songar med fleire dimensjonar i seg, som treng tid, som er verdt tida.                                                     8

Are We There Det sluttar med latter. Sharon Van Etten ler, av eit lite feilgrep i studio. Nokre sekund etter at ei djup mannsrøyst har forkynt eit «yes she is» – kanskje som eit svar på spørsmålet i plattetittelen, «are we there» – i enden av den siste songen, Every Time the Sun Comes Up, den lettast tilgjengelige songen på Sharon Van Etten sitt fjerde album. Ein attraktiv popsong, der songaren i refrenget meddelar at «every time the sun comes up I’m in trouble». Ikkje ein spesielt lystelig uttale kanskje, men eg føler ikkje at den tynger. Eg føler den har eit lett vesen, både uttalen og songen, eit godt vesen, eit lite skjelmsk smil om munnen som vil formidle at melankolien ikkje er ugjennomtrengelig. Absolutt ikkje ugjennomtrengelig.

Det kan vere vanskeligare å finne smilet i dei ti songane som kjem før Every Time the Sun Comes Up. Emosjonane som svingar seg gjennom dei talar om kor vanskelig det er å handtere kjærleiken, og stort sett berre det. Your Love Is Killing Me heiter ein av dei mest sentrale. Kjærleikens motsetnadsfulle vesen er tema. Tonen er til tider overveldande – orgelet svellar, gitaren er mørk, og røysta til songaren er tidvis langt inne i elden. Eit bilde av usunn og skadelig kjærleik trer fram. «You like it when I let you walk over me» syng Van Etten, og i refrenget, det desperate refrenget: «Break my legs so I want walk to you, Cut my tongue so I want talk to you, Burn my skin so I can’t feel you, Stab my eyes so I can’t see you». Brutale metaforar. Og det første som slo meg var at dette handlar om eit valdeleg forhold, skildra frå perspektivet til offeret. Men eg er ikkje lenger så sikker på om det er det songen formidlar. Eg tenker at den kanskje heller handlar om å føle seg bortimot kvelt av ein annan persons veldige og intense kjærleik. At den er ei bøn om pusterom, samstundes som den skildrar ein personleg kamp om å ikkje gje etter, om å ikkje atter ein gong falle for freistinga, og søke det saliggjerande i å bli nærast tilbedd. Sharon Van Etten sine songar er ikkje eindimensjonale, dei er opne for tolking, brei tolking. Ja det er ikkje ein gong sikkert dei er så melankolityngde som dei gjer inntrykk av å vere.

Ikkje er dei så marginale på melodisk variasjon som dei først kan gje inntrykk av å vere heller, desse songane til Sharon Van Etten. Ho innlemmar ei veksande, sakte blomstrande, kraft i dei. Noko ho for så vidt har gjort frå første album av. Frå det spartanske Because I Was In Love, via det noko meir lydfyldige epic, til det Aaron Dessner produserte albumet Tramp. Denne gongen har ho produsert sakene sjølv, og omgjeve seg med noko færre folk frå indierock-sfæra (men både Adam Granduciel, Jonathan Meiburg og Jana Hunter er innom). Eit gigantskritt bort frå der ho var med Tramp har ho imidlertid ikkje tatt. Ho har innført ein noko meir utstrakt bruk av synthesizerar, det rytmiske er kanskje noko meir markant, og strukturen i låtane har eit meir komplekst vesen. Det siste gjer at ein nok må gå endå fleire rundar enn tidlegare for å byrje å ane rikdomen, ta innover seg rikdomen, og kjenne seg djupt til stades blant songane.

Men det har vore verdt å ta seg den tida det har krevd, denne gongen også. Som nemnt innleiingsvis, gjekk det ganske fort å finne hugnad i avslutningssporet. Deretter fant eg Tarifa. Den varmt flytande Tarifa, der det lettbeinte tidvis glir inn i ein tyngde, skapt av hammondorgel (og andre orgel), motstandslaust. Og tonar frå ein saksofon (som ingen er kreditert for å spele) smyg innom, og klokka er sju, og ting er bra, men natta kjem, og trøbbel med den, og angeren i etterkant, «I wish it was seven all night» syng Sharon Van Etten.

«I need you to be afraid of nothing» syng Van Etten tidleg på plata. I opningssporet, og det handlar om, tenker eg, kor vanskeleg det er å verkeleg kjenne kvarandre, verkeleg kjenne tryggleiken i eit forhold. Formulert i linjer som glir raffinert over i kvarandre, og med estetisk harmonisong som den avgjerande ingrediensen. Slik er det i mange av songane, for ikkje å seie alle. Van Etten har denne glidande måten å synge seg gjennom ord og tonar på. Kjenslevart og nært, med harmoniar som smyg seg varmt inntil. Kanskje aller vakrast i I Love You But I’m Lost. Ein låt strippa for det meste utanom dryppande pianotonar og ei tromme, og så song då naturligvis. Sharon Van Etten snor seg gjennom linjene. Heather Woods Broderick harmonerer, som ho gjer på fleire av songane. Igjen handlar det om å elske, men likevel ikkje kjenne den du elskar, og at slikt ikkje akkurat blir lettare når ein stadig er på farten, på turné. Kanskje er det ikkje liv laga dette, kanskje er forholdet komme fram til siste side, kanskje er linja «tear stains on the last page» den som fortel klarast kor vanskelig dette er. Ein tanke sikrare på kor ho står hen virkar songaren å vere i I Know. Åleine med pianoet og med grasiøs autoritet i stemma syng igjen Van Etten om avstand, og om angst, men eit stadig gjentakande «I know» fortel, tenker eg, om ein viss tryggleik. Det siste opplever eg ikkje som eit spesielt omfattande fenomen plata igjennom. Når det er sagt, dette er ikkje songar utan håp i seg. Dette er ikkje beksvart stoff. Sjølv når ho ser seg sjølv «at the bottom of a well, reliving my own hell» i elektronica-songen Our Love dukkar det opp eit håp, i form av ein stige.

Slik er plata. Den er ikkje det eine eller det andre. Derfor får ikkje spørsmålet den har som sin tittel heller noko svar. Og bra er det, for Sharon Van Ettern er ikkje framme. Måtte det bli lenge til ho er det.

Musikalsk årsoppgjer 2012

Standard

Dette er ikkje eit forsøk på å komme med ein brei analyse av musikkåret 2012. Slikt for andre ta seg av. Dette er i grunn ikkje noko anna ein smal liten egotripp. Ei liste over tjuefem plater eg har sett pris på i år. I ei omskiftelig men ikkje heilt tilfeldig rekkefølgje.

Eit raskt blikk over lista fortel meg at amerikanske tonar er sterkt overrepresentert, og at heimlandet berre er representert med ei plate. Hadde eg gidda å laga lista lenger kunne Highasakite, Susanne Sundfør, Anne Marie Almedal, The Little Hands of Asphalt, Hellbillies, Hanne Kolstø, Susanna, Tom Roger Aadland, I Was A King, Æ, Lindstrøm, Ida Jenshus, Narum og Meg og Kammeraten Min også ha fått ein plass. Og då kunne jo også fleire frå utlandet fått plass, plater av folk og band som Grizzly Bear, Ty Segall, Elephant Micah, Black Moth Super Rainbow, Mark Lanegan Band, Laura Gibson, Simone Felice, Cloud Nothings, Chromatics, Godspeed You Black Emperor, Leonard Cohen, Polica, Allah-Las, Kindness, Iris DeMent, Bob Dylan, Beach House, Dr. John, Turnpike Troubadours, Fiona Apple, Mount Eerie, Six Organs of Admittance, Beachwood Sparks, Frank Ocean, Giant Giant Sand, Richard Hawley, Thåström, Goat, Dirty Three, Cat Power, Anais Mitchell og Calexico. For dei gav alle ut bra plater i 2012. Men eg trur eg får nøye meg med desse:

1. Father John Misty – Fear Fun
Josh Tillman har vore i musisk bevegelse ein del år no. I skuggen av det store scenelyset, eller på ein trommekrakk bakom songaren og gitaristen. Gjennom fleire plater har han, som J. Tillman, utforska det tungsindige krysningspunktet mellom Nick Drake og Townes Van Zandt. I tre år har han i tillegg vore trommeslagar i Fleet Foxes. Der er han ikkje lenger. Han har vandra vidare, tenkt nokre andre tankar, døypt seg om til Father John Misty, og laga ei plate kledd i ein tidleg 70-tals skrud, der folkrock, countryrock, softrock og psykedelia er dei dominerande ingrediensane. Der det mismotige blir konfrontert med sardoniske innfall, dopprat, hedonisme, ein bisarr humor, og ikkje så reint få absurditetar. Latterlig vitale saker i grunn.

2. Neil Young with Crazy Horse – Psychedelic Pill
Eg plasserer lyden av Neil Young og Crazy Horse høgare enn dei fleste lydar eg finn der ute. Dei står bak fleire av mine favorittplater. Med Psychedelic Pill har dei laga ei til. Ei lang ei, med lange magisk harvande låtar, om livet slik det har fortona seg. Og beviser at tilbakeskoding, gamle takter og null utvikling kan være den rette medisinen.

3. Simon Joyner – Ghosts
Midt i eit dissonantisk utland hevar songaren si krokete røyst og hevdar at «a good man is hard to find, a bad one’s even harder to get rid of». Det er stygt. Det er fredlaust. Det er ein dobbeldose svartmalande og støyplaga countryrock. Unnfanga av ein seig ørkenvind, født bak ein vridd blues, pint under Velvet Underground. Avlevert med reinspikka overtydnad.

4. Lambchop – Mr. M
Det finst ei tid for Lambchop. Det finst absolutt tider som ikkje høyrer Lambchop til. Men innimellom er tida der, og då finst det ingenting som er betre enn Lambchop. Ingenting. Mr. M føyer seg inn i rekka. Den byr på ein ny porsjon underfundig og saliggjerande Lambchop-melankoli, denne gongen dedikert ein avdød venn.

5. First Aid Kit – The Lion’s Roar
Kledd i psykedelisk farga kaftan, og med 1969 mindre enn eit andedrag unna, den engelske folktradisjonen i bakhovudet, den amerikanske country/folk-tradisjonen i hjerta, Stockholm sine snødekte gater i synsranda, og ei kosmisk livskraft strøymande gjennom seg, tilfører First Aid Kit det tradisjonsbundne sin eigen friskleitte signatur.

6. Tønes – Sån Av Salve
Underfundig sosialrealisme, ispedd meir alvorsprega tankar kring det å være menneske, i hop med andre menneske. På kjent og snodig vis fyller Tønes plata med skildringar av folk som helde på med sitt. Små ting, dagligdagse ting, ting dei kanskje ikkje er spesielt stolte over å halde på med. Han gjer det minst like bra som han nokon gong har gjort det, og då gjer han det bra skal du veta.

7. Jack White – Blunderbuss
Feitt og overflødige tonar er kasta i komposten. Tilbake står eit reinskore, melodisk attraktivt, og dynamisk lite meisterverk, som er skittent og reint i funksjonell foreining. Det høyrest veldig ut som det beste Jack White nokon gong har hatt fingrane borti.

8. Tame Impala – Lonerism
Med ein sumpete romklang forserer Tame Impala ei sonisk løype som svingar seg frå Soft Bulletin til Strawberry Fields Forever. Som tittelen insinuerar er det eit einmannsverk. Kevin Parker sitt melodisk vinnande og psykedelisk utfordrande einmannsverk.

9. Sharon Van Etten – Tramp
Ei krystallklar og sanselig men samstundes nøktern røyst. Den pure, svevande men samstundes jordbundne tonen. Det er Sharon Van Etten det. Tramp handlar om folk som elskar. Frå første stund, frå Warsaw sine gitargråtande og skimrande breidder til Joke Or a Lie sitt spartanske og varleg dronegnagande adjø handlar det om å elske. Det handlar om at det er alt anna enn problemfritt.

10. Patti Smith – Banga
Det er ingen fakter hos Patti Smith. Ho prøver ikkje vere, noko, eller nokon. Ho er, stemma, poeten og rytmen. Framleis, i ein alder av 65 år, er ho det. Aldri halvhjerta, aldri noko mindre enn vital, tidvis formidabel.

11. Allo Darlin» – Europe
Først og fremst er dette uhøyrt forførande og vilt fengande popmusikk. Men eg høyrer noko meir også. Eit vemod, som finn ein klangbotn under den poppige overflata, og rissar eit bilde med fleire dimensjonar i seg. «Under Capricornia skies». Formulert av Elizabeth Morris frå Queensland, Australia, ein av dei verkelig gode låtskrivarane.

12. Woods – Bend Beyond
Woods fokuserer låtane, køyrer på med litt meir elektrisitet, og minst like mykje psykedelia. Slik vi kjenner den frå det myteomspunne sekstitalet. Og pop. Frå det same tiåret. Støtta opp mot den vindskeive og heimelaga estetikken til våre dagars uavhengige.

13. The Men – Open Your Heart
The Men er ikkje her for å imponere, dei er her for rock’n roll. Så utan tankar om virtuositet, innovasjon eller intrikate påfunn grip dei fatt i rocken sin inste kjerne, den urovekkande feberen, og tenner på. Gud skal vite at det brenn.

14. Andrew Bird – Break It Yourself
«Time’s a crooked bow, come on, tell us something we don’t know» oppfordrar Andrew Bird. Denne syngande fiolinisten og kontrastmakaren som sannsynlegvis ikkje har granska fasiten på korleis ein poplåt skal skruast ihop, og nettopp derfor lagar betre poplåtar enn dei fleste.

15. John Fullbright – From the Ground Up
Ein ung mann frå Oklahoma, med ei røyst som merkast, og songar som virkar. Countrysongar og andre songar, mang slags songar. Rock av brunstig avstamming, orgel og groove, soul og gospel, fengande gitarrock, og pianoballadar djupt nede i kneståande.

16. Damien Jurado – Maraqopa
Det byrja på Saint Bartlett, hans førre plate. Trubaduren tok eit steg inn i eit romsligare og meir rørsleprega landskap. Han er der framleis. Ikkje milevis unna den folktonen han har gjort oss kjent med opp gjennom åra, men unna. Han kan være elektrisk rockande, smått funky og psykedelisk popduvande. Men alltid Jurado, varmt søkande.

17. Darren Hayman and the Long Parliament – The Violence
Det er 1645, borgarkrigen rår i England, og kvinner blir skulda for å være hekser. Hayman fører den humane og melodiske folkpopen sin inn i sentrum av dette, finn nokre enkeltskjebnar, og gjer det grufulle synlig, gjennom ei ubroten rekke av velbygde songar.

18. Alabama Shakes – Boys & Girls
Med ungdommelig pågangsmot tar bandet soulmusikken med på ein groovy southern rock’n roll tur den berre har godt av. Og i leiarrolla, Brittany Howard. Eigar av ei stemme som tar inderlig eigedom i kvar einaste tone den har omgang med. Ei ekte kraft.

19. Old Crow Medicine Show – Carry Me Back
Dei er dei same helsebringande leverandørane av tradisjonsrike og uforfalska tonar som dei alltid har vore. Med minimal straumtilførsel men dugelig energi grip dei tak i merksemda og syng om fråflytting, heimebrenning, fylleslagsmål, og anna rural moro og smerte.

20. Bill Fay – Life Is People
Sist gong han var her, blei han ignorert. Det er 41 år sidan sist. I lag med fans og gode hjelparar kom han tilbake i år. Og vart ikkje ignorert. Life Is People er som tittelen insinuerar varm og humanistisk. Nokre tiår med livserfaring og djupfølt vørdnad unna den iherdige og tidvis krakilske kampen som utspant seg då han var her som ung.

21. Marissa Nadler – The Sister
Søstera er den sjølvtitulerte plata hennar frå 2011. Stemma hennar er like glasklar, sterk og skjør. Det er ikkje så mykje anna enn hennar eigne gitarplukkande tonar som akkompagnerar songane. Det er nakent og reint, og det dirrar. Og det er vakkert, som Christine og Constantine.

22. Lower Dens – Nootropics
Etter nokre år som soloartist, freakfolkartist, gjekk Jana Hunter inn i rolla som bandmedlem i kvartetten Lower Dens. Og musikken vart annleis. Spesielt på denne andreplata. Den held til i eit drøymande landskap, farga i blått, der kjølig elektroniske tonar har ei framskoten rolle. Med eit groove som tidvis går i krautrock-lei. Og inni der syng Jana, gåtefullt.

23. Hurray For The Riff Raff – Look Out Mama
Eit ungt band som på merkbart vis tar for seg av den amerikanske musikkarven. Frå folklore og country via southern blues til surf-rock. Og plussar på med ein ode til John og Yoko. I den sentrale vokalrolla ei kvinne med røter frå Puerto Rico, Alynda lee Segarra.

24. Shovels & Rope – O» Be Joyful
Eit tospann. Kvinne og mann. Cary Ann Hearst og Michael Trent. White Stripes har vore der. Då var det blues. Desse to tar fatt i tonar av countryslekt. Eit energisk grep tar dei om sakene, og går rett til kjerna. Slikt blir det lite utanomsnakk og visvas av.

25. The Walkmen – Heaven
Det handlar om å ha det bra. Det er det det gjer, på Heaven. Om å finne ein ro, og å ha det, ikkje perfekt, men bra. Om å vere i komfortsona. Langt unna den raude sona dei var i då The Rat vart til. Om dei har tapt noko på vegen hit? Energi? Ungdom? Vel, sånn er vegen. Men seg sjølv har dei ikkje tapt. Dei er framleis eit band å like, eit likandes band.

Musikalsk årsoppgjer for 2010

Standard

Endå eit bra musikkår er til ende. Ei liste på ti, og ti til som burde fått plass er gjort klar:

20. Laura Marling – I Speak Because I Can
19. Kanye West – My Beautiful Dark Twisted Fantasy
18. Arcade Fire – The Suburbs
17. Beach House – Teen Dream
16. Wooden Wand – Death Seat
15. Thomas Dybdahl – Waiting For That One Clear Moment
14. Paul Weller – Wake Up The Nation
13. LCD Soundsystem – This Is Happening
12. Pearly Gate Music – Pearly Gate Music
11. The Sadies – Darker Circles

10. Kristin Hersh – Crooked
Crooked gjer til kjenne ei Kristin Hersh betre enn ho har vore på fleire år. Betre, meir variert, og med låtar av det angrepslystne slaget. Låtar med ein brann i brystet, og eit rastlaust ganglag. Låtar som høyrer med til dei mest energiske ho har presentert i soloformat nokon gong.

9. Mary Gauthier – The Foundling
Eit konseptalbum. Eit barn blir adoptert bort like etter fødselen, og opplever ein oppvekst med sterkt mangelfull omsorg. Rømmer. Inn i eit liv med rus og kriminalitet. «Wanders the darkness and travel alone». Ringer opp si biologiske mor, seier takk og adjø. Hovedpersonen er Mary Gauthier sjølv. Eit sterkt portrett. I country og folk.

8. Justin Townes Earle – Harlem River Blues
Den kjem, innover meg. Frå fleire hald. Den er forankra i tiår av amerikansk musikktradisjon. Den har røter som strekk seg langt tilbake, men ikkje berre i ein retning. For, det er så mang slags songar på Harlem River Blues. Gode songar. På den sterkaste Earleplata sidan Guitar Town.

7. Sharon Van Etten – Epic
Ein singer/songwriter som har sjølvkjensla intakt, som stig fram i eit lys ho vil vere i, ikkje ei som sitt bortkomen i scenelysets utkant og mumlar unnselig. Ikkje det at det ho byr på ikkje er kjenslevart, og kjem oppriktig og beine vegen frå hennar eige hjerte. I ganske så melankolske ordelag og tonefall. For det er det, også.

6. Phosphorescent – Here’s To Taking It Easy
Kosmisk americana. Matthew Houck rullar opp vindauget og tar inn den amerikanske grunntonen. Frå hillbillyland til On the Beach. Sfærisk og jordnært. The Mermaid Parade og ein mektig flott tur til Los Angeles. «Are you getting a lot of attention now».

5. The Walkmen – Lisbon
Lisbon er eit album der det melodiske og raffinerte har gode kår. Lisbon er eit mindre komplekst album enn You & Me. Eit album reinska for overflødig lyd. Der gitaren, vokalen og trommene på kvart sitt vis trer klart fram, i eit reint bilde, og blir tydelige. Men einsretta og gnitent på kontrastar er albumet ikkje. Her er lys og skygge, her er tilfredsheit og misnøye, her er kvile og kløe, her er vellyd og motlyd. Lisbon er tynnkledd og reinskoren, men like fullt kraftfull og frodig.

4. Jamey Johnson – The Guitar Song
Vår mann i Nashville er tilbake med endå lenger skjegg, og ei endå lenger plate. Røff, uredd, sentimental, og suveren. Ein songsyklus der tilstandar vert granska frå litt ulike vinklar, der kjensler vert kjent på, augeblikk fanga, og songen feira. Det er mørkare enn det er lyst. Svartare enn det er kvitt.
Moral og umoral, tru og utru, Gud og Jack Daniels. Slik er countrymusikkens vesen. Frå Hank Williams til Johnny Cash til Jamey Johnson. Han skil seg ikkje ut på nokon måte sånn. Familien syng han om også. Men han gjer det med si stemme. På sitt vis.

3. Timber Timbre    – Timber Timbre
Det er ei fredlaus røyst. Ei einsam og tyngd røyst. Det er noko i den som kan minne om Roy Orbison, men og noko som kan minne om Nick Cave. Den tilhøyrer Taylor Kirk. Eine og aleine Taylor Kirk. Ein kar som for tida held til i Toronto. Dit han kom for nokre år sidan, etter ein oppvekst i dei meir grisgrendte strøk av Ontario, Canada. Songane hans har henta meir frå det rurale enn det urbane.
Dei er sterke desse songane hans. Dei har ei langsam suggererande kraft. Ei mørk kraft. Dei har si stamtavle tilbake til folktonar som har gjort seg gjeldande i generasjonar, og skular samstundes bort på gamle bluestonar i nabolaget. Men songane er Taylor Kirk sine. Det tvilar eg aldri på. Han presenterer dei på sin måte. Han gjer dei sin eigen heimsøkte og golde signatur. I eit bilde som er stort men også klaustrofobisk, truande men vakkert, som rommar stilla, og vekker uro.

2. The National – High Violet
Med High Violet har The National på ingen måte gjort noko som minner om eit radikalt hamskifte. Dei er til å kjenne att. Albumet er like fullt ikkje nokon Boxer del 2. Absolutt ikkje. Eller ein Alligator-tur med blåpapiret på innerlomma, for den saks skyld. Dei går litt lengre denne gongen. Gjer meir utav seg. Stirer inn i eit større landskap, og skaper ein kraftigare lyd, krassare lyd, meir fasettert lyd. Dei fem i bandet, og folk dei har fått hjelp frå. Godt over tjue i talet.
Blikket og fokuset til Matt Berninger, songaren, har alltid hatt denne tendensen å styre mot skuggane der mismotet gror, mot krokane der villreia veks. Slik vart det denne gongen også. Slik, men kanskje litt annleis likevel. Songane på High Violet skaper ikkje like sterkt dette synet av ein songar som sit og speglar sitt eige sinn i eit halvtomt vinglass. Det er komme inn eit perspektiv her som i større grad omfattar meir enn berre han sjølv. For når han spaserer der med sine skinande tennissko, med terrorfrykta i bakhovudet, og motløysa i brystet, og hevdar å vere ”afraid of everyone”, er det ikkje sitt eige ve og vel han har fremst i tankane. Den eitt år gamle jenta han ber på skuldrene sine har gjeve han ein litt annan vinkel.

1. Nina Nastasia – Outlaster
Eg har aldri høyrt Nina Nastasia smile. Ikkje på Dogs, ikkje på Run To Ruin (spesielt ikkje på Run To Ruin), eller på nokon av dei andre platene ho har gjeve ut desse ti åra ho har drive på med slikt. Eg kan ikkje høyre henne smile på Outlaster heller. Det er sånn det skal vere.
Eg har aldri høyrt Nina Nastasia gje ut ei uinteressant plate. Ho har meisla meisterverka Dogs og Run To Ruin, og spedd på med tre framifrå plater til. Outlaster gjer på ingen måte skam på denne rekka. Det er sånn det skal vere.
Nina Nastasia er ei dame som held til på utsida av det heilt vanlige. Det kan saktens gjerast forsøk på å plassere henne i folk/vise/country/singer/songwriter-båsen, men ein vil nok oppleve at ho røskar og slit, og ikkje utviser verken tilstrekkelig folkskikk eller konvensjonell nok åtferd til å kunne haldast fast der. Det er sånn det skal vere.
Det er sånn Nina Nastasia har gjort seg til ein av det siste tiårets mest interessante musikarar. Med songar som krev litt tålmod. Litt tid. Dei har noko marginalt og vagt over seg. Sånn med det same. Men dei veks seg til gripande songar. Songar kledd og arrangert i former som både harmonerer, varmar, nyanserer, glefser og utfordrar. Og med tekstar som seier det dei har å seie, og lar det bli med det.

 

 

Sharon Van Etten – Tramp

Standard

Med slike songar, med slik ei plate veks Sharon Van Etten fram og blir ei av dei beste stemmene vi har for tida.

8

cover

Eg har nettopp høyrt Tramp for åttande gong, og den er betre enn nokosinne. Eg har nettopp høyrt Joke Or A Lie avslutte seansen, og på spartansk, meditativt, og forførande vis fylle rommet, for så å gå til ro, for åttande gong. Eg er fjetra. Den niande gongen er mindre enn ei armlengd unna.

Sharon Van Etten er lengre unna. Ho er i Brooklyn. Dei førtiseks minuttane som fyller Tramp på slikt eit fjetrande vis blei til der. I ein garasje. Aaron Dessner sin garasje. Aaron Dessner, den eine gitarspelande tvillingbroren i The National. High Violet vart til i den same garasjen. Tramp gjer, som de skjønar, ikkje skam på garasjen sitt rykte.

Sharon Van Etten kom frå sin heimstad i New Jersey til Brooklyn for nokre år sidan. Med kofferten full av songar om eit øydeleggande kjærleiksforhold nede i Tennessee. Eit forhold ho var den eine parten av, og som hadde minimisert trua hennar på at ho kunne bli musikar. Ei røyst og to fortalte henne at det fanst folk i Brooklyn som kunne rette opp i det. Tidleg i 2009 albumdebuterte ho med den spartanske, dystre og høgst personlige plata Because I Was In Love. Hennar smertande erfaringar med kjærleikslivet var også eit framtredande tema på oppfylgjaralbumet epic (med liten e ja). Denne gongen med litt meir volum og styrke på det soniske plan. Tramp, hennar tredje, skriv tittelen sin med stor forbokstav, og er plassert i eit endå litt større lydbilde.

Tramp har eit nærbilde av Sharon Van Etten som si coverframside. Dei to førre platene har hatt ei dus teikning av henne. På Tramp gøymer ho seg ikkje, ho ser deg i augo. Skarpt, tydelig, og i svart/kvitt. Tramp er laga av ei dame som veit ho har ein samling sterke songar å by på.

Tramp heiter visst så fordi Sharon Van Etten i den tida plata vart til ikkje hadde ein fast bustad. Det ho eigde hadde ho i bilen, seng fant ho hos venner. Når ho var i garasjen til Aaron Dessner kom det venner innom til henne, musiserande venner. Med namn som Zach Condon (Beirut), Thomas Bartlett (Doveman), Jenn Wasner (Wye Oak) og Matt Barrick (The Walkmen).

Aaron Dessner var der sjølvsagt heile tida. Det er eit yndig bilde av Sharon og Aaron inne i coveret. Eg likar å tenke at det er tatt utafor garasjen, etter endt innspeling. Dei smiler varmt. Nedst på bildet står det med små skrift «for John Cale». Takkelista er lang, slik er Shannon Van Etten. I tillegg har ho med ei liste ho kallar Recommended Listening, innehaldande 26 namn, frå The National, til Meg Baird og Lower Dens. Sharon Van Etten set pris på nabolaget, og god musikk.

Som lyttar finn ein kanskje ikkje ut med ein gong at Tramp er god musikk, verkelig god musikk. Det tok i alle fall nokre rundar før eg byrja helle mot det synspunktet. Albumet er kledd i ei sonisk kappe som ikkje avslører sin kjerne sånn med ein gong. Til gjengjeld har den ei kjerne som berre skin klarare og klarare når vegen inn til den først ligg open.

Tramp er ingen revolusjon, den er eit steg i Sharon Van Etten sin soniske evolusjon. Så den har songar eg drar kjensel på. Ikkje fordi dei har sine duplikat på tidlegare plater, dei er alle sjølvstendige barn av Sharon Van Etten sitt låtskrivartalent. Dei blir alle sungne av ei krystallklar og sanselig men samstundes nøktern røyst. Ei med eit større register enn sist eg høyrte frå henne. Ho tar gjerne med ein ekstra harmoni av seg sjølv også. Eit kjennemerke. Det melodiske sinnelaget, den pure, svevande, og lett dansande tonen er eit anna kjennemerke. Men den er ikkje berre slik, tonen, då hadde den forsvunne i det blå. Den er sterkt jordbunden òg, med ein feber drivande gjennom seg, og eit mørke som legg igjen fargen sin både utvendig og innvendig.

Slik er det, frå Warsaw sine gitargråtande og skimrande breidder til Joke Or a Lie sitt spartanske og varleg dronegnagande komme. Det er slik når ho rockar til meir enn nokon annan gong i sitt plateliv med Serpents. Og det er slik når Ask veks frå forsiktig gitarklimpring til magisk fylde, og når I’m Wrong tar tak med ein knitrande/brennande el-gitar, og eit manande dronehjerte.

Det handlar om kjensler. Det handlar om menneskelige interaksjonar. Det handlar om folk som elskar. Det handlar om at det er alt anna enn problemfritt. «You enjoy sucking on dreams, so I will fall asleep with someone other than you» snerrar ho i Serpents. Ein Serpents som er like mykje i angrepsposisjon i sine ordlige vendingar som i si soniske åtferd. Linja «It’s bad, it’s bad, it’s bad, to believe in any song you sing» blir gjentatt fleire gonger i I’m Wrong, i ein slik samanheng at vi skjønar det er ord som blir retta mot songaren frå ein annan person. Songen illuderer ein kvilelaus kamp for å få ei skrantande sjølvkjensle ovanpå. Så alt av erfaringar frå tida nede i Tennessee er nok ikkje er eit tilbakelagt stadium. Leonard, på si side, er ein litt annan stad. Den har eit meir sjølvransakande vesen. Hovudpersonen er her eine parten i eit trekantdrama, der hennar fremste utfordring er at ho er «bad at loving you».

Sharon Van Etten er slett ikkje alltid eksakt, ho serverer linjer som kan tolkast i ulike retningar. Songane hennar fløymer heller ikkje på nokon måte over av ord. Det unødvendige er skore bort. Det som står att dirrar, og forårsakar ein bevegelse. Det blir til songar som fortel om kjensler i utvikling.

Ta nemnte Leonard, høyr korleis ho i dei tre versa si siste linje på subtilt vis gjer til kjenne dramaets gang: «He loves you», «He loved you», «I loved you». Eller Joke Or A Lie, «I try» syng ho med eit snev av optimisme i sinnet. Midtvegs. «I tried» lyde konklusjonen.

Aaron Dessner prøver aldri å vise seg med fikse soniske vendingar. Han har sørgja for ein produksjon som fylgjer songanes tone og plasserer Sharon Van Etten si røyst i den leiande rolla. Dei andre i det store og gode laget som er med her olbogar seg heller aldri fram for å ta over seansen. Men for all del, dei har vore gode å ha. Thomas Bartlett trykke på nokre veldig riktige tangentar her og der, Barrick og Devendorf er trommeslagarar som ei kvar låt nyt godt av å ha i ryggen, og Jenn Wasner, Julianna Barwick og Zach Condon harmonisyng på velsigna vis. Sistnemnte endåtil som duettpartnar i trøystefulle og friske We Are Fine, «Say I’m alright. I’m alright».

Det seier eg også, og vel så det. Og nå, nå trykke eg inn play-knappen igjen.

Først publisert på Groove.no (i 2012)