Det er rastlaust, det er godmelodisk, det kan kallast tøff gitarpop, og det kjem frå Australia.
Samkøyrt eller ikkje samkøyrt? Nei, eg skal ikkje hevde at det er det store spørsmålet. Det er berre ein liten tanke eg har grunna litt over. Nokre gonger. Når eg har vitja Hope Downs. Eit debutalbum frå eit band, ein kvintett, frå Melbourne. Eg lurte først på om eg eigentleg likte dette albumet. Om ikkje det var litt uforløyst. Samstundes som eg så å seie frå første sekund vera at det var noko der, definitivt noko velkjent, men hakket viktigare: noko friskt og frodig.
Eg er ikkje av den meining at å kalle bandet sitt noko såpass omstendeleg som Rolling Blackouts Coastal Fever er eit friskt og frodig påfunn. For ein gammal mann er det eit slit å lære seg slikt eit namn. Historia bak namnet er for så vidt ikkje heilt uvanleg. Dei kalla seg først Rolling Blackouts. Men så var det at eit amerikansk band hadde komme på den ideen først, og byrja sende varslar om tiltak om ikkje gjengen frå Melbourne fant på noko anna, å kalle seg. Så då gjorde dei det. Det amerikanske bandet kjem vi sikkert ikkje til å høyre så mykje meir til, men noko seier meg, etter å ha gått nokre rundar med Hope Downs, og forandra grubleri om noko uforløyst til ei strålande oppdaging av full forløysing, at Rolling Blackouts CF ikkje berre er på sporet av noko attraktivt, dei har allereie kledd seg i lyden av slikt.
Tromme, bass og tre gitarar. Eg toler det. At bandet med desse reiskapane skapar songar, melodiar, og ein lyd som vekker til liv nostalgiske kjensler toler eg også. La meg kort utdjupe: Det er langt meir enn det faktum at dei kjem frå Australia som bringe tankane mot ærverdige The Go-Betweens. Det ligg også meir enn geografiske forhold til grunn for at New Zealandske gitarpop-band som The Clean og The Chills dukkar opp i tankane. Skal eg så vere litt mindre søkt, enn å namnedroppe desse geografisk sett nærliggande referansepunkta, så kan eg jo dra The Feelies opp av hatten. For er det ikkje noko med rytmikken, med energien her som har ei liknande nerve som det gjengen frå Hoboken kunne vise til i sine tidlegaste år? Jo det er det, ikkje fullt så crazy, men solid framoverlena er den.
Og kanskje er det groovet som fører lyden av Rolling Blackouts CF ut av ein mogeleg nostalgisk tripp og inn i eit tidlaust bilde? Vel, det gjer i alle fall sitt. I låt etter låt opererer trommis Marcel Tussie med beat per minutt godt over det gjennomsnittlege. Og i låt etter låt tar bassist Joe Russo eit godt høyrbart og effektivt grep om sakene. I lag dannar dei to eit konsist og tett rytmisk kompaniskap. Dei tre andre i gjengen spelar altså gitar, og syng, og skriv låtar. Dei gjer sjølvsagt sitt dei også. Det skulle berre mangle.
Gitarbildet løyser dei stort sett med ein akustisk og to elektriske. Den akustiske er i kompet, dei to elektriske vandrar ikring. Samkøyrte eller ikkje samkøyrte? Ja sei det du. Stundom tenker eg at no driv dei to el-gitarane på med kvar sine greier, talar kvar sitt språk, kranglar, går i sirkel rundt kvarandre. Eg kan vel ikkje seie anna enn at eg likar uroa dette fører med seg. I hop med den før nemnte rytmikken blir det slik skapt ti låtar som har eit kvilelaust vesen, som ikkje kjæler med seg sjølve, som heile tida vil vidare.
Men bandet gløymer ikkje det melodiske. På ingen måte. Dei femnar varmt kring det. Her er vers og refreng som ganske så beinveges openberrar eit catchy vesen. Og her er slikt som treng meir tid før attraktive melodiske linjer gjer seg til kjenne. Frå førstnemnte kategori er det nærliggande å trekke fram Talking Straight. Ein song med mykje sterkt skimmer i seg, og eit refreng for sånn cirka evigheita, der songaren Joe White uttrykke eit ynskje om å få vite «where the silence comes from». Noko som vel kjem seg frå at han i songen teiknar eit kortfatta om enn ikkje klinkande klart bilde av einsemd. Frå kategorien «songar som treng litt meir tid på seg» kjem An Air Conditioned Man. I selskap med gitarlinjer som kan kallast intrikate syng songaren Fran Keaney om ein mann som er i ferd med å miste grepet på tilværet. Ein stad mellom desse to tar Mainland seg fram. I ei litt større sonisk form. (Ein assosiasjon: The Triffids møter Kurt Vile). Songaren Tom Russo formidlar observasjonar gjort eit godt stykke unna Melbourne. Frå eit fastland i Middelhavet. Om flyktningar som kjem i skrale fartøy over havet, med «the wind of fortune» blåsande frå usikkert hald.
Tre songarar og låtskrivarar altså. Dei dreg ikkje plata i all slags retningar. Dei er til stades i kvarandre sine songar. Dei køyrer saman, jepp det gjer dei. Og serverer ti låtar som utan unntak veks seg gode.
At eg samstundes med at eg oppdaga dette albumet også oppdaga to minialbum bandet har gitt ut tidlegare har gjort det heile ekstra triveleg. For om ikkje Talk Tight og The French Press (som utgjevingane heiter) er heilt av same kaliber som Hope Downs, har dei definitivt sin dose med grom gitarpop å by på dei med.
8/10
TIDAL: ROLLING BLACKOUTS COASTAL FEVER – HOPE DOWNS