Tag Archives: First Aid Kit

First Aid Kit – Ruins

Standard

Retro-folkpopen til søstrene Söderberg ligg slett ikkje i ruinar.

Bilderesultat for first aid kit ruins  Eg likar Postcard. Ein enkel song heilt utan soniske nykker. Ja heilt utan andre nykker for den saks skuld. Ein countrysong. Med ein melodi som ikkje dukka opp i går. Ein medrivande melodi. Som sikkert har vore her i hundre år. Nå er den plukka ned av søstrene Söderberg, og blir framført i søsterleg harmoni. Den handlar om eit postkort til ein kjærast som har dratt. Som nå er ein eks-kjærast. Det handlar om å ynskje seg eit postkort, frå denne eks-kjærasten. Det handlar om at «life’s not what you make it, baby». Songen har sjølvsagt tydelege melankolske drag, og bringar saknet til torgs, men eg tykkjer det som pregar songen aller mest er varmen den har i seg.

Eg likar Hem of Her Dress. Songen Hem of Her Dress. Ein song bore fram av skarpe tonar frå akustisk gitar. Ein song der søstrene Söderberg tidvis tar ganske så kraftfullt i med røystene sine. Ein countryfolksong som ikkje dukka opp i går. Ein song med tonar som snurrar seg rundt tema som har vore her fleire gonger før. Ein song som tematisk tar opp tråden om lag der Postcard slutta. Det kjem ikkje eit postkort, men telefonen ringer, og han, eks-kjærasten, fortel. Han har funne seg sjølv, i saman med ei anna. Og det gjer vondt. Og songaren ser seg sjølv som «a photograph that you forgot you took». Og melankolien dryp som tungt regn. Men songen skal endre karakter, i si siste fase. «La-da-da-da-da-da» stemmer eit kraftfullt kor i, og der er vi på puben, ein irsk ein, og alle syng med.

Eg likar stemmene til dei to søstrene. Måten dei så heilt naturleg forstår kvarandre, og kling i hop, dansar saman. I songar som denne gongen har eit tema som absolutt høver bra med albumets tittel, Ruins. Kjærleik som ligg i ruiner. Som ikkje lar seg reparere. Som kan føre til utsegn som «I learned some things never heal with time». Utan at songane blir for tunge, for triste, for håplause. Dei har ein kommande vår i seg også. Ikkje minst takka vere klangen frå dei to røystene.

 Eg likar ikkje alle dei ti songane på dette, deira fjerde album, like godt. Men det er ingen eg direkte mislikar. Eg trur likevel at nokre av songane kunne stått endå sterkare fram med ein meir spartansk produksjon. At dei hadde vore meir folk enn folkpop. Nokre av låtane, eller kanskje meir korrekt deler av nokre låtar får eit litt matt drag av litt for mykje, litt for stor, lyd. Som til dømes avslutningssporet Nothing Has To Be True, som vandrar vegen frå vakker tander vise til eit for langt og for konturlaust avslutningsparti.

Men eg likar Ruins. Det er eit album som er betre den femte gongen eg høyrer det, enn det var den andre gongen. Eit album som gror seg til altså, og blir til det nest beste i First Aid Kit-katalogen.

7/10

TIDAL: FIRST AID KIT – RUINS

Musikalsk årsoppgjer 2012

Standard

Dette er ikkje eit forsøk på å komme med ein brei analyse av musikkåret 2012. Slikt for andre ta seg av. Dette er i grunn ikkje noko anna ein smal liten egotripp. Ei liste over tjuefem plater eg har sett pris på i år. I ei omskiftelig men ikkje heilt tilfeldig rekkefølgje.

Eit raskt blikk over lista fortel meg at amerikanske tonar er sterkt overrepresentert, og at heimlandet berre er representert med ei plate. Hadde eg gidda å laga lista lenger kunne Highasakite, Susanne Sundfør, Anne Marie Almedal, The Little Hands of Asphalt, Hellbillies, Hanne Kolstø, Susanna, Tom Roger Aadland, I Was A King, Æ, Lindstrøm, Ida Jenshus, Narum og Meg og Kammeraten Min også ha fått ein plass. Og då kunne jo også fleire frå utlandet fått plass, plater av folk og band som Grizzly Bear, Ty Segall, Elephant Micah, Black Moth Super Rainbow, Mark Lanegan Band, Laura Gibson, Simone Felice, Cloud Nothings, Chromatics, Godspeed You Black Emperor, Leonard Cohen, Polica, Allah-Las, Kindness, Iris DeMent, Bob Dylan, Beach House, Dr. John, Turnpike Troubadours, Fiona Apple, Mount Eerie, Six Organs of Admittance, Beachwood Sparks, Frank Ocean, Giant Giant Sand, Richard Hawley, Thåström, Goat, Dirty Three, Cat Power, Anais Mitchell og Calexico. For dei gav alle ut bra plater i 2012. Men eg trur eg får nøye meg med desse:

1. Father John Misty – Fear Fun
Josh Tillman har vore i musisk bevegelse ein del år no. I skuggen av det store scenelyset, eller på ein trommekrakk bakom songaren og gitaristen. Gjennom fleire plater har han, som J. Tillman, utforska det tungsindige krysningspunktet mellom Nick Drake og Townes Van Zandt. I tre år har han i tillegg vore trommeslagar i Fleet Foxes. Der er han ikkje lenger. Han har vandra vidare, tenkt nokre andre tankar, døypt seg om til Father John Misty, og laga ei plate kledd i ein tidleg 70-tals skrud, der folkrock, countryrock, softrock og psykedelia er dei dominerande ingrediensane. Der det mismotige blir konfrontert med sardoniske innfall, dopprat, hedonisme, ein bisarr humor, og ikkje så reint få absurditetar. Latterlig vitale saker i grunn.

2. Neil Young with Crazy Horse – Psychedelic Pill
Eg plasserer lyden av Neil Young og Crazy Horse høgare enn dei fleste lydar eg finn der ute. Dei står bak fleire av mine favorittplater. Med Psychedelic Pill har dei laga ei til. Ei lang ei, med lange magisk harvande låtar, om livet slik det har fortona seg. Og beviser at tilbakeskoding, gamle takter og null utvikling kan være den rette medisinen.

3. Simon Joyner – Ghosts
Midt i eit dissonantisk utland hevar songaren si krokete røyst og hevdar at «a good man is hard to find, a bad one’s even harder to get rid of». Det er stygt. Det er fredlaust. Det er ein dobbeldose svartmalande og støyplaga countryrock. Unnfanga av ein seig ørkenvind, født bak ein vridd blues, pint under Velvet Underground. Avlevert med reinspikka overtydnad.

4. Lambchop – Mr. M
Det finst ei tid for Lambchop. Det finst absolutt tider som ikkje høyrer Lambchop til. Men innimellom er tida der, og då finst det ingenting som er betre enn Lambchop. Ingenting. Mr. M føyer seg inn i rekka. Den byr på ein ny porsjon underfundig og saliggjerande Lambchop-melankoli, denne gongen dedikert ein avdød venn.

5. First Aid Kit – The Lion’s Roar
Kledd i psykedelisk farga kaftan, og med 1969 mindre enn eit andedrag unna, den engelske folktradisjonen i bakhovudet, den amerikanske country/folk-tradisjonen i hjerta, Stockholm sine snødekte gater i synsranda, og ei kosmisk livskraft strøymande gjennom seg, tilfører First Aid Kit det tradisjonsbundne sin eigen friskleitte signatur.

6. Tønes – Sån Av Salve
Underfundig sosialrealisme, ispedd meir alvorsprega tankar kring det å være menneske, i hop med andre menneske. På kjent og snodig vis fyller Tønes plata med skildringar av folk som helde på med sitt. Små ting, dagligdagse ting, ting dei kanskje ikkje er spesielt stolte over å halde på med. Han gjer det minst like bra som han nokon gong har gjort det, og då gjer han det bra skal du veta.

7. Jack White – Blunderbuss
Feitt og overflødige tonar er kasta i komposten. Tilbake står eit reinskore, melodisk attraktivt, og dynamisk lite meisterverk, som er skittent og reint i funksjonell foreining. Det høyrest veldig ut som det beste Jack White nokon gong har hatt fingrane borti.

8. Tame Impala – Lonerism
Med ein sumpete romklang forserer Tame Impala ei sonisk løype som svingar seg frå Soft Bulletin til Strawberry Fields Forever. Som tittelen insinuerar er det eit einmannsverk. Kevin Parker sitt melodisk vinnande og psykedelisk utfordrande einmannsverk.

9. Sharon Van Etten – Tramp
Ei krystallklar og sanselig men samstundes nøktern røyst. Den pure, svevande men samstundes jordbundne tonen. Det er Sharon Van Etten det. Tramp handlar om folk som elskar. Frå første stund, frå Warsaw sine gitargråtande og skimrande breidder til Joke Or a Lie sitt spartanske og varleg dronegnagande adjø handlar det om å elske. Det handlar om at det er alt anna enn problemfritt.

10. Patti Smith – Banga
Det er ingen fakter hos Patti Smith. Ho prøver ikkje vere, noko, eller nokon. Ho er, stemma, poeten og rytmen. Framleis, i ein alder av 65 år, er ho det. Aldri halvhjerta, aldri noko mindre enn vital, tidvis formidabel.

11. Allo Darlin» – Europe
Først og fremst er dette uhøyrt forførande og vilt fengande popmusikk. Men eg høyrer noko meir også. Eit vemod, som finn ein klangbotn under den poppige overflata, og rissar eit bilde med fleire dimensjonar i seg. «Under Capricornia skies». Formulert av Elizabeth Morris frå Queensland, Australia, ein av dei verkelig gode låtskrivarane.

12. Woods – Bend Beyond
Woods fokuserer låtane, køyrer på med litt meir elektrisitet, og minst like mykje psykedelia. Slik vi kjenner den frå det myteomspunne sekstitalet. Og pop. Frå det same tiåret. Støtta opp mot den vindskeive og heimelaga estetikken til våre dagars uavhengige.

13. The Men – Open Your Heart
The Men er ikkje her for å imponere, dei er her for rock’n roll. Så utan tankar om virtuositet, innovasjon eller intrikate påfunn grip dei fatt i rocken sin inste kjerne, den urovekkande feberen, og tenner på. Gud skal vite at det brenn.

14. Andrew Bird – Break It Yourself
«Time’s a crooked bow, come on, tell us something we don’t know» oppfordrar Andrew Bird. Denne syngande fiolinisten og kontrastmakaren som sannsynlegvis ikkje har granska fasiten på korleis ein poplåt skal skruast ihop, og nettopp derfor lagar betre poplåtar enn dei fleste.

15. John Fullbright – From the Ground Up
Ein ung mann frå Oklahoma, med ei røyst som merkast, og songar som virkar. Countrysongar og andre songar, mang slags songar. Rock av brunstig avstamming, orgel og groove, soul og gospel, fengande gitarrock, og pianoballadar djupt nede i kneståande.

16. Damien Jurado – Maraqopa
Det byrja på Saint Bartlett, hans førre plate. Trubaduren tok eit steg inn i eit romsligare og meir rørsleprega landskap. Han er der framleis. Ikkje milevis unna den folktonen han har gjort oss kjent med opp gjennom åra, men unna. Han kan være elektrisk rockande, smått funky og psykedelisk popduvande. Men alltid Jurado, varmt søkande.

17. Darren Hayman and the Long Parliament – The Violence
Det er 1645, borgarkrigen rår i England, og kvinner blir skulda for å være hekser. Hayman fører den humane og melodiske folkpopen sin inn i sentrum av dette, finn nokre enkeltskjebnar, og gjer det grufulle synlig, gjennom ei ubroten rekke av velbygde songar.

18. Alabama Shakes – Boys & Girls
Med ungdommelig pågangsmot tar bandet soulmusikken med på ein groovy southern rock’n roll tur den berre har godt av. Og i leiarrolla, Brittany Howard. Eigar av ei stemme som tar inderlig eigedom i kvar einaste tone den har omgang med. Ei ekte kraft.

19. Old Crow Medicine Show – Carry Me Back
Dei er dei same helsebringande leverandørane av tradisjonsrike og uforfalska tonar som dei alltid har vore. Med minimal straumtilførsel men dugelig energi grip dei tak i merksemda og syng om fråflytting, heimebrenning, fylleslagsmål, og anna rural moro og smerte.

20. Bill Fay – Life Is People
Sist gong han var her, blei han ignorert. Det er 41 år sidan sist. I lag med fans og gode hjelparar kom han tilbake i år. Og vart ikkje ignorert. Life Is People er som tittelen insinuerar varm og humanistisk. Nokre tiår med livserfaring og djupfølt vørdnad unna den iherdige og tidvis krakilske kampen som utspant seg då han var her som ung.

21. Marissa Nadler – The Sister
Søstera er den sjølvtitulerte plata hennar frå 2011. Stemma hennar er like glasklar, sterk og skjør. Det er ikkje så mykje anna enn hennar eigne gitarplukkande tonar som akkompagnerar songane. Det er nakent og reint, og det dirrar. Og det er vakkert, som Christine og Constantine.

22. Lower Dens – Nootropics
Etter nokre år som soloartist, freakfolkartist, gjekk Jana Hunter inn i rolla som bandmedlem i kvartetten Lower Dens. Og musikken vart annleis. Spesielt på denne andreplata. Den held til i eit drøymande landskap, farga i blått, der kjølig elektroniske tonar har ei framskoten rolle. Med eit groove som tidvis går i krautrock-lei. Og inni der syng Jana, gåtefullt.

23. Hurray For The Riff Raff – Look Out Mama
Eit ungt band som på merkbart vis tar for seg av den amerikanske musikkarven. Frå folklore og country via southern blues til surf-rock. Og plussar på med ein ode til John og Yoko. I den sentrale vokalrolla ei kvinne med røter frå Puerto Rico, Alynda lee Segarra.

24. Shovels & Rope – O» Be Joyful
Eit tospann. Kvinne og mann. Cary Ann Hearst og Michael Trent. White Stripes har vore der. Då var det blues. Desse to tar fatt i tonar av countryslekt. Eit energisk grep tar dei om sakene, og går rett til kjerna. Slikt blir det lite utanomsnakk og visvas av.

25. The Walkmen – Heaven
Det handlar om å ha det bra. Det er det det gjer, på Heaven. Om å finne ein ro, og å ha det, ikkje perfekt, men bra. Om å vere i komfortsona. Langt unna den raude sona dei var i då The Rat vart til. Om dei har tapt noko på vegen hit? Energi? Ungdom? Vel, sånn er vegen. Men seg sjølv har dei ikkje tapt. Dei er framleis eit band å like, eit likandes band.

First Aid Kit – The Lion’s Roar

Standard

Dei unge svenske harmonisyngande søstrene serverer ei plate det smakar alvorlig gjennombrot av.

8

cover

Eg burde sannsynlegvis vere noko varsam i mi omfamning av First Aid Kit. Eg burde sannsynlegvis seie noko slikt som at søstrene Söderberg byr på country- og folktonar som varmar ein kulsen januarkveld, og for den saks skuld alle andre kveldar. Eg burde absolutt seie noko om den overmåte dynamiske og naturlige harmonisongen deira. Og eg burde nemne at The Lion’s Roar har vore sterkare til stades i livet mitt enn nokon annan plate dei siste par vekene. Og så kanskje la det bli med det.

For eg burde sannsynlegvis ta omsyn til at dei neste gong, og gongen deretter, og så atter igjen, kjem til å by på endå sterkare saker. Når eg høyrer på The Lion’s Roar tenker eg at nett det skal ikkje bli lett, nett det skal eg ikkje forvente. Likevel, noko seier meg at så vil skje. Noko seier meg at 19 år gamle Klara Söderberg og 21 år gamle Johanna Söderberg er her for å bli, lenge. Noko seier meg at dei kjem til å skape musikk som vil leve endå lenger. Noko seier meg at dei kanskje alt har gjort det. Så eg knipsar varsemda bort i søppelbøtta i hjørnet (der den legg seg tilrette oppå den nye Springsteen-singelen), og går The Lion’s Roar i møte med stjerner i augo.

Frå søstrene første gong (i 2008) sjarmerte meg (og ein million til) på Youtube med sin versjon at Fleet Foxes-låta Tiger Mountain Peasant Song har eg vel i grunn skjønt det. Desse to er det noko spesielt med. Ein ep og eit debutalbum forskusla ikkje det inntrykket. Med stor hug og like stor musikalitet, men ein kanskje ikkje like tydelig signatur, serverte dei akustiske og semiakustiske folksongar som dei hadde laga sjølve. Songar som, naturlig nok, ikkje alltid kunne få stempelet storarta, men som samla sett bar på eit bod, og vel så det.

Etter den tid har dei spelt inn ein single med Jack White som produsent. Eg har sett dei (på Youtube) gjere ein rørande versjon av Patti Smith sin Dancing Barefoot (berre spør komponisten, ho satt i salen). Og eg har sett dei (også på Youtube) synge Lua saman med Bright Eyes. Hadde det ikkje vore for at dei som sagt kjem til å gjere drøssevis av fabelaktige songar i tida som kjem, kunne eg kanskje brukt uttrykket «og dermed er ringen slutta» om sistnemnte seanse. For det var jo nettopp ei intens interesse for Bright Eyes-albumet I’m Wide Awake It’s Morning som i si tid førte søstrene inn på country/folk-sporet. Derfor kan det knapt heller kallast ein sensasjon at det er den mangeårige Conor Oberst-kollaboratøren Mike Mogis som er hyra inn som produsent for The Lion’s Roar.

Han har, som de har skjønt, på ingen måte klussa det til. Han har vore med på å gje songane til søstrene meir klang, meir lyd, ført dei inn i eit modnare bilde. Alt utan å røre ved friskleiken. Den er der, minst like klar og uimotståelig som sist. Den er der saman med betre songar. Sterke songar. 10 i talet, og ikkje ein einaste uinteressant så langt høyrsla mi rekk. Og den rekk langt.

Kledd i psykedelisk farga kaftan, og med 1969 mindre enn eit andedrag unna, den engelske folktradisjonen i bakhovudet, den amerikanske country/folk-tradisjonen i hjerta, Stockholm sine snødekte gater i synsranda, og ei kosmisk livskraft strøymande utav seg, gjer First Aid Kit denne gongen det tradisjonsbundne sin eigen tydelige signatur.

Eit strøk av melankoli har det alltid vore i folkuttrykket deira. Melankoli kopla med det oppstemte og det uskyldige. Melankoli som har skrapa i overflata. Dei går djupare no, og vidare.

«Now the pale morning sings of forgotten things» lyde første strofe. Og sjølv om det ikkje er skånsellause Edgar Allan Poe-sfærar dei entrar er det definitivt eit distrikt prega av skyggar og vemod dei opnar døra mot.

Det dansar ein uro tvers gjennom tittellåta. Ein uro som minner noko om den som kan høyrast i Hank Williams klassikaren Alone And Forsaken. Den har den einsame klangen frå ein som kjenner seg svikta. Men den har ikkje klangen av undergang. Den eksponerer ein skikkelse eg skjønar vil klare seg. Ein skikkelse som kan snerre: «I’m a goddamn coward, but then again so are you».

Det er langs den linja First Aid Kit balanserer plata igjennom. På den eine sida, det skjøre, det nedstemte, på den andre sida evna til å rette ryggen og kaste seg om halsen på vegen vidare. Livsmottoet deira må ganske enkelt vere «Syng!». For det er det dei gjer, meir enn dei fleste. Syng, så naturlig, så fritt, så lausrive frå alle formaningar om kva som er riktig og gale. Og då blir det sjølvsagt 100% riktig. Klara, den yngste, er i hovudsak forsongaren, men dei er utan tvil to om det. To som blir til ein utvungen og samanvevd klang som sannsynlegvis berre søstrer kan skape.

Med den forførande countrylåta Emmylou hyllar dei harmonisongens stimulerande sinnelag, og nokre av dei som med denne som middel har inspirert søstrene dit dei er i dag: «I’ll be your Emmylou and I’ll be your June, If you’ll be my Gram and my Johnny too». Joni Mitchell har også vore ein inspirasjon. At dei har døypt ei låt her for Blue er kanskje eit lite hint om det. Sjølv om det er andre låtar på plata som har tydeligare Mitchell-spor enn nett den. Den er ein spretten folkpop-sak om ei kvinne dei prøver mane tilbake til eit liv som stansa då tragedien ramma.

Det handlar om det evige temaet. Kjenslene som driv rundt i mennesket, som driv mennesket, som bind mennesket, som er mennesket, som vandrar mellom menneske.
I den nennsamt arrangerte To A Poet og dens nakkehårpirrande refreng: «Now I miss you more than I can take and I will surely break». I den heimsøkte, mystiske og ordspråkoppbygde Dance To Another Tune: «With each secret revealed, there’s another to be told». Og i den feiande fengande flotte King Of The World, der Conor Oberst stikk innom og syng med, og fylgjande kongerefreng rår grunnen: «I’m nobody’s baby, I’m everybody’s girl, I’m the queen of nothing, I’m the king of the world».

Det er ingen grunn til å stusse.

Først publisert på Groove.no (i 2012)

First Aid Kit – The Big Black and the Blue

Standard

Den gamle countryfolktonen har det riktig så bra hos First Aid Kit.

6

Dei er to, dei er frå Sverige, dei er søstrer, dei er unge. Johanna og Klara heiter dei, Söderberg til etternamn. Eit visst rykte har dei allereie skaffa seg. Både i heimlandet, vårt land, og på andre sida av Nordsjøen. Dei har vunne hjerter frå scena, på YouTube, og med ein EP. No er tida komme for debutalbumet. Dei sviktar ikkje. Grepet om den folkmelodiske tonen er godt. Kjærlig, vitalt og godt.

Det var ein låt av Bright Eyes som visstnok gjorde susen. For eit par-tre år sidan. Dei høyrde noko i den enkle songen som brått førte til at Britney Spears hadde utspelt si rolle. Frå Bright Eyes fylgde dei spora bakover i musikkhistoria. Til gamle folktonar og countrysongar. For så her på The Big Black & the Blue å ende opp vegg i vegg med søstrene McGarrigle, på det tidlege syttitalet. Tjue år før sin eigen fødsel. Det er heilt greitt det, det verkar verken prematurt, forsert eller malplassert det dei gjer. Det verkar som dei er heime.

Heile plata pustar i ei akustisk og spartansk sfære, og er kledd i ei konvensjonell og enkel drakt. Innafor denne, i utgangspunktet, ikkje altfor vidtrekkande strukturen, synest eg First Aid Kit skaper eit innhaldsrikt album. Eit veldig kongruent album også, men fylt opp med songar som ikkje druknar i ei likelydande mølje, men med ein eigen personligdom tydelig innrissa.

Albumets i særstilling fremste aktivum er jentenes stemmer. Dei syng åleine, og dei syng i harmonisk fellesskap. Dei kan halde att, dei kan trø til. Dei sår ynde og vitalitet i eit jordsmonn der vemodet har djupe røter.

Alle songane har dei to laga sjølve. Det dreier seg på ingen måte om utprega tenåringsangst, eller er dagboknotat frå ungjenters kvardag. Mykje tyder på at det ikkje er dei sjølve som er sentrum i songane i det heile. Folka i songane deira er nok ofte nokre erfaringar rikare enn kva ein tenåring vanlegvis har å vise til. Utan at dette momentet har ein slik overveldande karakter at ein tenker jentene berre etterliknar ein tradisjon, og ikkje har feste for stoffet i sitt eige hjerte. Slik er det slett ikkje. For når alt kjem til alt er det jo ganske så allment det dei har føre seg. Heile vegen, frå fødsel til grav.

Det handlar om kjærleiken. Eller meir presist, tilstandar der kjærleiken har forvandla seg til smerte og lengsel. «Don’t leave this world to me» lyde den einsame bøna i det dunkelt jazzblå nummeret Winter Is All Over You. Det handlar om å vandre blant byrdefulle minner, i dirrande vakre Ghost Town; «If you got visions of the past, let them follow you down».

Det handlar om skjøre sinn, uskulda som svinn hen, og hardare realitetar som tar tak, i refrengstaselige Heavy Storm; «she used to play that old mandolin, then the moon and the sea invited her in». Det handlar om å tvile på himmelen, men å tru på livet, trass alt, i det melodisk vinnande høgdepunktet Hard Believer; «and it’s one life, and it’s this life, and it’s beautiful».

Det handlar om songar som smyg seg inntil ein, og kanskje endåtil kan salve nokre ømme tankar iblant. Det handlar om to jenter som så vidt har byrja. Dei byrjar betre enn dei fleste.

Først publisert på Groove.no (i 2010)