Tag Archives: Father John Misty

2018 – Eit lite musikalsk årsoppgjer

Standard

Ei vedkjenning: Det er drøssevis av album gitt ut det herrens år 2018 som eg ikkje har høyrt på. Og om lag like mange som eg aldri kjem til å høyre på.
Så å stille seg til dommar over kva som er dei aller beste av det som har komme ut av musikk dette året er sjølvsagt ein toskete ting å gjere. Difor skal eg ikkje gjere det. I staden gjer eg noko anna litt toskete, men altså då mindre toskete, eg presenterer ei liste over dei beste albuma eg faktisk har høyrt. Kor mange eg har høyrt? Nei sei det du, eit eksakt rekneskap over slikt fører eg ikkje. Kor mange eg har høyrt godt nok på? Tja, i alle fall tjue…trur eg.

Bilderesultat for parquet courts wide awake

1. Parquet Courts – Wide Awake!
Punk og funk. Alvor og fest. Stramt og skakt. Eller som songaren proklamerer innleiingsvis på albumet: «We are conductors of sound, heat and energy». Du verden som New York-kvartetten lever opp til det manifestet dei neste 38 minuttane.

2. IDLES – Joy As An Act of Resistance
Livleg punkrock med groovet intakt. Med to utemde gitaristar og ein vokalist som på eit kraftfullt og noko ufjelga vis tar eigedom over songar som på det tekstlege plan gjer til kjenne eit sympatisk sinnelag.

3. Sons of Kemet – Your Queen Is A Reptile
Jazzkvartetten frå London leverer på sitt tredje album ein groovefest det er umogeleg å vere likegyldig til. Og nyttar samstundes høvet til å hylle dronningar som fortener å hyllast. Frå saksofonisten Shabana Hutchings eiga oldemor til borgarrettskjempar Angela Davis.

4. Kacey Musgraves – Golden Hour
Frå country til pop, perfekt pop. Utan at countryrøtene er kutta over. For det er countrysjatteringar att i songane på Golden Hour. Nokre har fleire, nokre har færre, nokre har knapt nokon. Først og fremst er dette songar som blenkjer.

5. Rolling Blackouts Coastal Fever – Hope Downs
Det er rastlaust, det er godmelodiske, det kan kallast tøff gitarpop, og det kjem frå Australia. Og Talking Straight kan vel vere årets låt.

6. Camp Cope – How To Socialise & Make Friends
Tre unge damer frå Melbourne som ikkje ber om merksemda, som berre tar den. Og serverer energisk folkpop med punkattityde.

7. Car Seat Headrest – Twin Fantasy
Ein mann og hans band gjer eit glødande besøk tilbake til eiga fortid. Will Toledo spelar inn på nytt, og forbetrar, eit album som først blei spelt inn i 2011.

8. Janelle Monáe – Dirty Computer
Eklektisk er det jo, der det omfamnar så mykje, frå soul og funk til psykedelia og reinspikka pop. Og så er det både utfordrande og yppig … og i grunn ikkje så vanskeleg å like.

9. Ezra Furman – Transangelic Exodus
Desperate songar for desperate tider. Furman har tileigna albumet «the immigrant, the refugee, the closeted, the out, the vulnerable, the homeless, the searching». Fleire enn det vil antakeleg ha utbytte av å ta ein lytt eller ti.

10. No Age – Snares Lika A Haircut
LA-duoen No Age har ikkje mista grepet, og leverer framleis fargerik energi og bra bråk.

11. Courtney Barnett – Tell Me How You Really Feel
Eit friskt og freidig folkpunk-opplegg…ikkje heilt uventa.

12. Årabrot – Who Do You Love
Nok ein bra dose mektig og intens Årabrot-rock.

13. Shame – Songs of Praise
Postpunk frå ein garasje i Sør-London som har sitt å melde.

14. Mitski – Be the Cowboy
Popmusikk som dansar lettbeint av stad. Litt skrudd, temmeleg eklektisk, og fint fengande.

15. Bodega – Endless Scroll
Eit nytt Brooklyn-band, som går energisk til verket og skapar den eine snertne punk-låta etter den andre.

16. Mount Eerie – Now Only
Sterke songar om livet etter å ha blitt ramma av døden, del 2

17. Father John Misty – God’s Favorite Customer
Misty møter Tillman i døra. På eit album som altså har sitt i gje, berre litt mindre enn kva Misty har skjemt meg bort med på sine tre førre.

18. Colter Wall – Songs of the Plains
Country gjort på den enkle og effektive måten. Spartanske tonar fylgjer ei sterk stemme, i ei handfull med gode songar.

19. Haley Heynderickx – I Need To Start A Garden
Ein liten hage av viser som blomstrar både nennsamt og sprekt.

20. Phosphorescent – C’est La Vie
Endå ei stemningsfull og melodisk tiltrekkande plate frå den kanten.

Father John Misty – God’s Favorite Customer

Standard

Misty møter Tillman i døra

Bilderesultat for father john misty god's favourite customer  Gud sin favorittkunde flytta for ei tid sidan inn på hotell for eit par månadar. Noko i livet hadde gått i stå. Ei depresjon hadde fata tak i han. Han skreiv seg inn under sitt eigentlege namn, Josh Tillman. Så når hotellresepsjonisten vender seg til han seier han «Mr. Tillman». Som i songen Mr. Tillman. Singelen som dukka opp nokre månader før albumet. Ein definitivt frisk nok popsong om ein ikkje heilt frisk Tillman. Med ein bra dose sjølvironi innbakt er det hotellresepsjonisten songaren lar sleppe til i dei to relativt lange versa. I vennlege ordelag, men med ein undertrykt irritasjon skinande gjennom, prøver resepsjonisten å rettleie den noko fortumla hotellgjesten. Med utsegn av typen: «just a reminder about our policy: Don’t leave your mattress in the rain if you sleep on the balcony». Gjesten, altså Tillman, nyttar så refrenget til å overtyde den bekymra om at han har det heilt fint han, der han lever i «a cloud above an island in my mind». Eg vil kalle det ein ganske så kosteleg liten song. Eg vil ikkje nødvendigvis seie det same om albumet som heilskap.

Ikkje alle, men ein del av songane på God’s Favorite Customer, handlar om ein fyr som slit ganske så tungt, og det er ikkje noko moro med det. Eg vil heller kalle det desperasjon det som flyt fram i til dømes pianoballaden Please Don’t Die. Desperasjon og sjølvmordstankar. Og han har altså forskansa seg på eit hotell. Eller «The Palace» som hans kjære har døypt det. I songen med det namnet, eit spartansk nummer med ikkje mykje meir enn hustrige pianotonar som akkompagnement, syng han om å vere «in over my head» og at han absolutt ikkje vil forlate dette palasset med romservice, hushjelp og speed-levering på døra.

Men Father John Misty nyttar ikkje albumet til å berre synge om desse månadane på hotellet. Han syng også eit lite småfunky nummer kalla Date Night om å vere ein sjarmør, kanskje litt ein sjarlatan, om å bli framstilt som noko ein ikkje tenker ein er. Om den dunkle avstanden mellom den ein er og den ein opptrer som. Father John Misty versus Josh Tillman versus God’s Favorite Customer. I tittelkuttet tilkallar han ein gud han i barndomen lærte fanst. Han har ikkje handla hos han på lenge. Han har for lengst slått fast at det ikkje er noko å hente i den butikken. Men desperate tider kan føre til desperate påfunn, så: «Speak to me» ber han, «Don’t you remember me?» spør han. Og Natalie Mering (Weyes Blood) korar, og eit vagt saktegåande gospelgroove kan fornemmast.

Det soniske, det melodiske, songane sin struktur, og slikt, er kledd i den folkrockfarga vestkystdrakta vi kjenner som Father John Misty si. Ei drakt det tre album til ende har vore givande å tumle rundt i. Eg opplever det litt mindre givande denne gongen. Eg opplever ein del av songane som noko mattare utgåver av tidlegare arriverte songar. Men eg tenker at det er ei plate eg er glad for at er her. Ikkje minst på grunn av den særdeles attraktive psykedeliske poplåta Disappointing Diamonds Are the Rarest of Them All. Der Misty slår eit slag for skavankane. Syng om at kjærleiken nødvendigvis ikkje er så forbanna perfekt, så spesiell og så stor, og kjem opp med eit eineståande refreng:

Disappointing diamonds are the rarest of them all
And a love that lasts forever really can’t be that special
Sure we know our roles, and how it’s supposed to go
Does everybody have to be the greatest story ever told?

På eit album som altså har sitt i gje, berre litt mindre enn kva Misty har skjemt meg bort med på sine tre førre.

7/10

FATHER JOHN MISTY – GOD’S FAVORITE CUSTOMER

Den beste musikken i 2017, slik det er blitt oppfatta inne i Popkroken

Standard

Bilderesultat for pumarosaBilderesultat for the national 2017Bilderesultat for mount eerie 2017Bilderesultat for father john misty 2017Bilderesultat for kendrick lamar 2017Bilderesultat for lcd soundsystem 2017

Då var vi atter komne til dei dagar då folk med spesielle interesser finn det opportunt å lage årslister. Slike lister som oppsumerar og skal felle ein dom over kva nett denne viktigperen synst om til dømes musikken som kom ut i året som gjekk. Eit døme som nett her sjølvsagt ikkje er dratt ut av lause lufta. For dette er Popkroken veit du. Og her handlar det hovudsakeleg musikk, også om musikk som såg dagens lys nett dette året. Året 2017 etter ein viss fødsel.

Eg skal ikkje skryte på meg at lista kunne ha vore uendeleg mykje lenger. For uendeleg med årsfersk musikk har eg ikkje høyrt dette året. Og uendeleg med god musikk har det vel heller ikkje komme? Eg skal heller ikkje skryte av at den fangar opp ei tidsånd på noko slags vis. Eller at den fortel vesentlege ting om kva som har skjedd på populærmusikkfronten dette året. Dette er resultatet av eit høgst subjektivt einmannsprosjekt med sånn cirka middels kontakt med røyndomen. Vel nok om det, slik ser lista ut i år (i fiks omvendt rekkefølge):

Bilderesultat for posse horse blanket
30. Posse – Horse Blanket 
Ein Seattletrio som etter seiande gjer seg akkurat i det eg har oppdaga dei. Saktegåande og halvsungne låtar i eit suggererande draumelandskap. Gitaren skimrar, og av og til skingrar. Aller best er bandet på dei fleste måtar i det tolv minuttar lange tittelkuttet.


29.The Weather Station – The Weather Station
Canadiske Tamara Lindeman har denne gongen tilført folksongane sine meir energi og lagt dei i eit større sonisk bilde. Noko det viser seg at dei ikkje har vondt av. Tekstleg har dei eit feministisk tilsnitt, og blir framført med ein snerr som har vakna til liv i kryssingspunktet mellom Joni Mitchell og Chrissie Hynde.

Bilderesultat for war on drugs understanding
28. The War On Drugs – A Deeper Understanding
Sonisk fylgjer A Deeper Understanding i spora til Lost In The Dream. Med den forskjellen at alt er større her, alt er det meir av, alt er likare, og alt er endå meir perfeksjonert. Albumet treff meg ikkje like sterkt som Lost In the Dream. Men rundt det elleve minuttar lange hypnotiske senteret Thinking of a Place finst det då ei bra handfull godlåtar.

Bilderesultat for colter wall album
27.Colter Wall- Colter Wall
Røysta. Den er malmfull, baryton djup og rusten, og rik på karakter. Colter Wall skuslar den ikkje bort på pjuskete saker. Han syng songar i eit folk og countrylandskap, i ein tradisjon han ikkje legg skjul på, der i alle fall Townes Van Zandt har vore før han.

Bilderesultat for slowdive album
26.Slowdive – Slowdive
22 år etter sitt tredje album er dei gamle shoegaze-legendene tilbake i manesjen att. Og det med eit album som absolutt ikkje rotar seg bort i dorske taktar. For det er liv i det drøymande vesenet, ein uro i det dvelande draget, og her er ein popmelodisk snert som ikkje er til å kimse av.

Bilderesultat for new pornographers whiteout
25.The New Pornographers – Whiteout Conditions
Tempo, tempo, tempo, det er New Pornographers det. Og aldri har vel bandet køyrt tempo så non-stop som på denne deira sjuande langspelplate. Fengande popmusikk med ei bra ryggsøyle – Eller som sjefslåtskrivaren Colin Newman sjølv kallar det: Bubblegum krautrock.

Bilderesultat for morby city music
24. Kevin Morby – City Music
New York City. Lou Reed. Television. Ramones. Jim Carroll. Det er der Kevin Morby er på denne plata. På sin måte. Og måten: Det sitt ein melankolikar djupt fast i songane til Kevin Morby. Ein sympatisk og melodiskpoetisk ein.

91wusdgpqgl-_sl1500_
23.Nicole Atkins – Goodnight Rhonda Lee
Det er noko med røysta til Nicole Atkins. Ikkje det at den er sensasjonelt annleis. Men den har ein tæl og ein heilt naturleg malmfull rikdom. Den er skapt for å synge soul. Soul med grums i kantane. Soul som kokar og soul som smyg, og soul med litt country i seg.

Bilderesultat for robyn hitchcock album
22. Robyn Hitchcock – Robyn Hitchcock
Eit par elektriske gitarar, bass og tromme, ein distinkt vokalist og frodig harmonisong, det er den overordna resepten her. Resultatet sprenger ingen rammer, men er drivande festleg. Eller kanskje ikkje, kanskje ikkje festleg er rette ordet. «An ecstatic work of negativity» kallar Hitchcock det sjølv. Hmm … er ikkje det litt festleg då?

Bilderesultat for xx i see you
21. The xx – I See You
Eg likte veldig godt den minimalistiske debuten til The xx, og nesten like godt oppfølgjaren. Eg likar I See You også. Sjølv om eg nå opplever trioen som litt mindre The xx  der inne på sitt eige vesle spesielle kammer, og litt meir som eit popband i eit rom med fleire liknande aktørar. Gode låtar er til hjelp i så måte, noko I See You er ganske så rundhanda med.

Bilderesultat for torgeir waldemar borders
20. Torgeir Waldemar – No Offending Borders
Det er definitivt meir lyd å fordøye på Torgeir Waldemar sitt andre album, kontra debutalbumet hans. Lyd á la Crazy Horse, og tidvis groove som kan kallast offensivt, men absolutt i spedd nokre meir dempa viser også. Tematisk vandrar songaren i både globale utfordringar og tett på private grubleri. Han gjer det ganske så fredlaust og inderleg.

Bilderesultat for sun kil moon common as light and love are red valleys of blood
19. Sun Kil Moon – Common As Light and Love are Red Valleys of Blood
Det der å fatta seg i kortheit ligg ikkje for Mark Kozelek. Dette albumet er i så måte kanskje hans drøyaste. Det er dobbelt, har ei samla speletid på over to timar, der Kozelek syng og pratesyng i vanleg lune, gjennom låtar som varer og varer. Malt i eit synthbilde vel så mykje som akustiskgitarbilde, for ikkje å seie bass/tromme-bilde, med Kozelek og Steve Shelley som sentrale aktørar. Og ja, det funkar.

Bilderesultat for simon joyner step into the earthquake
18. Simon Joyner – Step Into the Earthquake
Tretten songar om draumar og realitetar og eit Amerika som har det litt vondt. Det er melodisk, det er på kanten av melodisk. Det er musikk som opererer innafor kjente normer (Dylan, Reed, Stones, Young, Cohen, …). Samstundes som den held seg ute i ein mindre provins av hevdvunnen rock og visesong. Det er eit klart skrangleelement her, ein viss råskap, ein flørt med kanten av det soniske stupet. Akkurat slik vi som med åra har lært oss å sette vår lit til Simon Joyner likar at han gjer det.

Alt Som Har Hendt (VINYL)
17. Erlend Ropstad – Alt som har hendt
Alt som har hendt, det er ein fin tittel det. For det er jo det dei handlar om, songane til Erlend Ropstad. Ikkje fordi han fortel om alt som har hendt, det gjer han jo ikkje. Men han fortel nok. Og det er nok det. Til å forstå at alt det som har hendt, alt som er gjort, og ikkje gjort, har vore vegen fram til akkurat dette augeblikket. Til desse songane. Som er like sterke som songar han har laga før. Sterke og store og blå og sympatiske og poetiske og melodiske, og gode å tilbringe tid i hop med.

Bilderesultat for laura marling semper femina
16. Laura Marling – Semper Femina
Dei to orda Semper Femina har Laura Marling hatt tatovert på eine hofta si i fleire år. Uttrykket er henta frå det romerske nasjonaleposet Æneiden. I norsk omsetjing tyder utrykket noko slikt som «alltid kvinne». Eg høyrer Laura Marling søke inn i det kvinnelege, det mellomkvinnelege i songane på denne plata. Songar om vennskap, kjærleik og med ein viss seksuelt farga undertone. I eit nøysamt og tiltrekkande sonisk bilde.

Bilderesultat for the sadies northern passages
15. The Sadies – Northern Passages
Sjølv om The Sadies har gått gjennom ei klar utvikling sidan debuten for om lag tjue år sidan, er det noko konstant over det dei har gjort desse åra. Noko kjært gjenkjenneleg. Drivande rundt i ein god miks av countryrock, folkrock, psychpop og garasjerock klarer dei gong etter gong å halde fast i energien og den medrivande tonen. Slik blir Northern Passages nok eit sympatisk album i rekka; heilt utan flosklar og kjipe kompromiss.

Bilderesultat for priests nothing feels natural
14.Priests – Nothing Feels Natural
Washington DC-kvartetten Priests er på inga måte av det geistlege slaget. «To people in sanctuaries all I can say is you will not be saved» blir det meldt til kvasse tonar. Punk, for så vidt. Samstundes er det slik at Nothing Feels Natural er ei plate der nyansar og det underfundige blir dyrka i større grad enn det det gjennomsnittlege punkbandet der ute driv det til. I ein slik grad at Priests kanskje ikkje skal kategoriserast som punk… vel, det viktige her er uansett energien, og låtkvaliteten, og fridomen dei gjer seg sjølv.

Bilderesultat for protomartyr relatives in descent cover
13.Protomartyr – Relatives In Descent
Dei har kantar tonane til Protomartyr. Taggete og ugode høgg dei seg fram til meg. Musikkhistorisk kan dei kanskje plasserast i området rundt ein ung Nick Cave og nokre av dei samtidige av han der godt tilbake på åttitalet, som The Fall, som ei god handfull andre engelske postpunkband. Pluss litt garasjerock à la Detroit då. Nokre nyttige meter unna konvensjonell etterplapring. Ganske så nær sentrum av slikt eg vil kalle dugande eigenart. På dette, sitt fjerde album, er dei nokre hakk meir tilgjengelege enn tidlegare. Utan at eg vil kalle dei lett tilgjengelege, absolutt ikkje.

Bilderesultat for hurray for the riff raff navigator
12. Hurray For the Riff Raff – The Navigator
Sytten år gammal reiste Alynda Segarra heime ifrå. Frå storbyen, frå staden ho vaks opp, Bronx. Etter eit par år med togsniking og haiking på kryss og tvers av Amerika enda ho opp i New Orleans, der ho skulle bli buande nokre år. Nå har rastløysa ført henne heimatt. Både i fysisk og musikalsk forstand. For hennar sjette album, The Navigator, er ikkje berre tufta på tradisjonsmusikken ho før har omfamna, denne gongen kan ein også høyre storbyen der, Bruce Springsteen og Patti Smith, og ikkje minst den latinamerikanske musikken, det puertorikanske. Med kampsongen Pa’lante, ein psykologisk tilstandsrapport, eit poetisk meisterstykke, som sentralt høgdepunkt.

Bilderesultat for fleet foxes crack up
11.Fleet Foxes – Crack-Up
Dei første par gongene eg høyrde gjennom albumet gjorde eg meg tankar om at dette er ein dekonstruksjon av Fleet Foxes slik vi kjenner dei. Etter kvart endra desse tankane seg. Dreidde seg litt rundt sin eigen akse og blei til tankar om at Crack-Up er konstruksjonen av eit Fleet Foxes som gjenoppfinne seg sjølv. Dei harmonivakre vokallinjene vi kjenner så godt flyt rundt i ein kontekst av nyttig motstand. Av ting som skurrar, disharmoni og brot på den lineære forma. I eit luftig og frodig bilde. Kanskje kan det kallast noko slikt som varm folk-prog?

Bilderesultat for ron gallo heavy meta
10.Ron Gallo – Heavy Meta
Dette er total rock’n roll. Ingen tvil. Eg høyrer det frå første nummer. «Young lady, you’re scaring me» ytrar, snerrar, klunkar songaren. I henda har han ein gitar. Han nyttar den ikkje til å gå vidare respektabel til verks. Noko det for så vidt heller ikkje skulle vere grunn til å gjere. Han skildrar ein ustabil situasjon.
Det skal så vise seg medan albumet brenn av garde at det finst meir av om lag same kaliber der. Meir bitande songformidling, meir umoralsk gitarlyd, meir rock’n roll. Frå ein kar som nyleg har flytta frå Philadelphia til Nashville for å komme tettare på garasjerock-scena i countryhovudstaden.

Bilderesultat for margo price all american made
9. Margo Price – All American Made
Med All American Made byr Margo Price på eit endå betre album enn fjorårets debutalbum. Som på debuten kan ein dra linjer til Loretta Lynn og Dolly Parton, men ho touchar denne gongen soulmusikken også, og kjem opp med eit meir variert album.
Der debutalbumet hadde eit visst preg av det sjølvbiografiske rettar Margo Price denne gongen blikket utover Amerika. Og det ho ser er ho glad i, men det er også noko der, ein god del der, ho ikkje synst noko om. Ho vik ikkje unna, ho trør ut i det, og ho trør ikkje utprega varsamt. Men ho trør og lagar spor på eit vis som gjer ho til ein av dei aller beste countryartistane vi har om dagen.

Bilderesultat for peter perrett how the west was won
8. Peter Perrett – How the West Was Won
«Rock’n roll is back in me» syng Peter Perrett. Og eg ser ingen grunn til å tvile på det, for eg kan høyre det. Men litt utruleg er det nå likevel. Mannen er blitt 65 år, byta for mange år sidan musikk-karrieren sin bort mot ein dop-karriere, og så plutseleg er han her, uforskamma levande.
For How The West Was Won er ein overraskande god idé. Albumet tar på eit vis av der The Only Ones slapp (å skape power-lada pop i eit kryssingspunkt mellom Velvet Underground og Bob Dylan). Ok, så har Perrett med seg andre folk, og vel, så har ein sviktande lungekapasitet tvinga han til å synge litt meir avmålt, men han er på ingen måte ein ufokusert tilårskomen junkie. Neidå, her er det fokus, her er det gnist, han syng og snakkesyng med autoriteten til ein sindig faen, og serverer ei handfull låtar som fortener ein plass i The Only Ones-kanonen.

Bilderesultat for ema exile in the outer ring
7. EMA – Exile In the Outer Ring
«I wanna destroy, I wanna destroy, I wanna destroy, …» syng Erika M. Anderson. «I know the rage that’s in me, but I’m just what yoy made me» syng Erika M. Anderson. Ja det ulmar eit sinne utav mange av songane på Exile In the Outer Ring. Ikkje songaren sitt sinne. Ho er midlertidig rolleinnhavar eller formidlar. Folka som kjem til syne i songane hennar er av dei som i november 2016 var med å stemme Donald Trump inn i presidentstolen. Dei blir verken hudfletta eller tatt fint på. Ho stiller dei i eit rått lys men med ein straum av empati sivande rundt dei. Ho gjer det med songar som både omfamnar det melodiske og det støyande. Som byr på både luft og bra med skurr. Som er motsatsen av likegyldige.

Bilderesultat for lcd soundsystem american dream
6. LCD Soundsystem – American Dream
American Dream er eit comeback. American Dream er ikkje eit knuslete comeback. Men American Dream er ikkje eit gaul frå feterte stjerner som burde visst betre. American Dream er verken for mykje eller for lite. American Dream kretsar inn mot LCD Soundsystem sitt indre groovy, ekspanderande og postpunk-melodiske vesen og leverer med skinande relevans. American Dream er LCD Soundsystem sitt fjerde album og det tøtsjar storleiken til dei tre føregåande.
For jaggu har American Dream sitt å by på også. Her finn eg jo Tonite. Ein song der Murphy syng i Byrne-leia og det soniske tar ei medrivande funky ferd tufta på yppig monotoni og ein karakteristisk suggererande ekspansjon. Her er Call The Police, som bygger og løftar seg inn i det LCD-hypnotiske medan songaren teiknar eit heller dystert bilde av samtida. Og her er meir, og meir, ja meir enn nok til at det kan rettferdiggjerast at James Murphy har vekka lydsystemet sitt til liv att.

Bilderesultat for kendrick lamar damn
5. Kendrick Lamar – DAMN.
Om det er eit tema, ein gjennomgangsmelodi, på Kendrick Lamar sitt femte album så kan det vere Gud vs. mennesket, eller kanskje heller mennesket vs. Gud (sidan dette nå ein gong går føre seg på mennesket sin heimebane). Opplegget, eller skal eg kanskje seie kampen, går over fjorten rundar, og sluttar med eit pistolskot, ganske så uavklart. Undervegs har det dreidd seg om både åtak og omfamningar, og mennesket har vel strengt tatt påført seg sjølv fleire kilevinkar enn det Gud er blitt tildelt. I sonisk format vandrar opplegget frå det kvasse og aggressive og over mot meir dovne leier. Jazz-elementa som var veldig dominerande på suksessplata To Pimp A Butterfly er så godt som fråverande. Her er beats og loops og klipp og r&b og funky basslinjer i ein kanskje meir klassisk hiphop-tradisjon. Strammare og meir minimalistisk kan ein vel også seie. Og sjølvsagt umåteleg bra.

Bilderesultat for father john misty pure comedy
4. Father John Misty – Pure Comedy
Pure Comedy er krevjande saker. 75 minuttar om korleis menneskeslekta har tedd seg, og ter seg. Med særleg vekt på det som skjer no, i dei seinare åra av Josh Tillman si levetid. Det angar (for ikkje å seie stinkar) alvorlege ambisjonar over noko slikt. For korleis feste noko det helst blir skrive omfangsrike sosiologiske og filosofiske avhandlingar og bøker om fast i eit musikalsk uttrykk, og så komme frå det utan å stå att som eit fjols? Eg ser ikkje bort ifrå at det er nett det fleire vil hevde at skjer på Pure Comedy. At Misty står att som eit fjols. Vel, eg er i så fall ikkje blant desse som synst det. For i dette pratsame, tidvis sarkastiske og ikkje spesielt optimistiske verket høyrer eg eit fullblods menneske skape songar som veks seg sterke, og gjer inntrykk. Som tittelkuttet. Kanskje spesielt tittelkuttet. Ein buktande popsong i skjeringspunktet mellom Frank Sinatra og Elton John og vestkystrock, men som kanskje ikkje er i det skjeringspunktet i det heile tatt fordi den har ein Misty-faktor som er umiskjenneleg Misty. Eleganse, nonsjalanse, uro, misantropi.
Misty stiller seg kanskje, albumet tvers igjennom, lageleg til for hogg, men han glir då unna det meste, med eit underfundig smillaust smil om munnen.

Bilderesultat for mount eerie a crow looked at me
3. Mount Eerie – A Crow Looked At Me
Han kunne ha kalla plata for Death is Real. Han gjorde det ikkje. Phil Elverum vil fortelje om meir enn døden. Han vil fortelje om kjærleiken også. Og livet, både før og etter at døden blei ein betydeleg del av det.
Mount Eerie er eit einmannsprosjekt Phil Elverum har hatt ein del år nå. Så har det vore med Mount Eerie som med einmannsprosjekt flest, gode hjelparar har blitt invitert med. Ei som stundom har vore innom og hjelpt til var Geneviève Castrée. Ho lever ikkje lenger.
Geneviève Castrée døydde 9. juli 2016. Etter å ha kjempa eit drygt år med ein alvorleg kreftsjukdom herjande i kroppen. Hennar næraste den tida var ei lita jente og mann hennar, Phil Elverum.

Death is real.
Someone’s there and then they’re not
and it’s not for singing about.
It’s not for making into art.
When real death enters the house
all poetry is dumb. 

Opningssongen. Real Death heiter den. Den varer i knapt to og eit halvt minutt, men er på ingen måte fort over. Den sette spor etter seg. På sitt spartanske og lågmælte vis. Med sine reserverte gitar-render, sorgsame tangenttonar, sitt subtile og langsame beat, og denne songaren som ikkje tar i, som syng, som snakkesyng, og som er der, i songen.
Etterpå kjem det fleire songar. Moduset frå opningssongen lever vidare i desse. Tematisk, sonisk. Låt etter låt går over i kvarandre. Liknar kvarandre. Søker inn i det same. Er i det same. Dette lågmælte uttrykket. Dette tomrommet. I eit nettmagasin (eg huskar ikkje kva for eit) såg eg innhaldet på albumet bli klassifisert som «så vidt musikk». Eg tenker at den som har skrive det på eit vis er inne på noko, samstundes som eg tenker, og kjenner på meg, at albumet er ei av dei sterkaste musikkopplevingane eg har hatt dei siste åra.


2. The National – Sleep Well Beast
I sonisk skapnad er Sleep Well Beast eit steg ut til venstre i forhold til løypa The National har fylgt sidan gjennombrotsalbumet Boxer. Ei fruktbar hending på vegen mot denne plata var skisser og tonar Dessner-brørne tok med seg frå eit musikkevenement dei deltok på i Berlin i fjor. Der dei spesielt lot seg inspirere av electronica-duoen Mouse On Mars. Det er ikkje det at The National ikkje har krydra stoffet sitt med elektroniske lydar før, men det har ei lausare, friare og meir eksperimentell form denne gongen. Og det er meir av det. Og det er absolutt ikkje øydeleggande.
Samstundes er dette, denne plata, desse songane, gjenkjennelege National-songar. Kanskje den sterkaste samlinga av slike sidan Boxer.
The System Only Dreams in Total Darkness var den første songen The National gjorde kjent frå albumet. Med sitt rastlause driv, sine korte gitarriff som konsist skjer inn i melodiløpet, og si både skarpe og luftige form hadde den, og har den, National-klassikar gravert inn i seg. Med ei absolutt økonomisert mengd av ord teiknar songaren Matt Berninger eit dirrande bilde av ei stor uro. Ei uro som kan komme frå fleire hald. Som ikkje blir tydeleg plassert. Ei dugande oppskrift på å halde lyttaren i ande det. Noko eg for så vidt kunne ha sagt om fleire låtar her, for ikkje å seie fleirtalet av låtane her. Så det.

Bilderesultat for pumarosa the witch
1. Pumarosa – The Witch
«You dance, you dance, you dance, you dance» lyde omkvedet. Formidla av Isabel Munoz-Newsome. Eller kanskje heller formana, eller ettertrykkeleg konstatert. Medan groovet det går, og går. Luftig, lettbeint og suggererande. Priestess heiter låta. «Electricity flows through your spine and it shows» syng dama, offensivt med ei underliggande beundring. Ho syng det til ei kvinne, ei som dansar med fridom i rørslene, ei søster. Og låta driv lenger og lenger inn i det hypnotiske. Inn i eit krautlandskap, inn til ein saksofon av smått krakilsk karakter. Den kunne gjerne strekt seg over fleire minuttar, forbi dei sju og eit halvt den brukar.
The Witch er Londonkvartetten Pumarosa sitt debutalbum. Det er ikkje eit album som kjem stille og forsagt inn gjennom døra. Her er absolutt visse pretensjonar å spore, og eit mot og ein vilje til å tre fram i lyset. Det går til dømes an å hevde at songaren Isabel Munoz-Newsome tyr til visse teatralske grep. Men eg opplever ikkje hennar framferd som oppstylta, eg opplever henne som eit sentralt kraftfelt i låtane. Enten ho minner meg om Patti Smith, Siouxsie Soux, eller helst beveger seg forbi der ho minner meg om anna enn seg sjølv. Rundt henne er det godt med rom og luft, og medspelarar som har instinktet i orden når det gjeld inspirert suggererande låtbygging. Industrial spiritual er bandet ubeskjedne nok til å kalle lyden dei skaper. Ein karakteristikk dei absolutt skal få komme unna med. Dei lyt nesten også få komme unna med at albumet har ei speletid på 55 minuttar. For dei lar ikkje eitt einaste eitt av desse minutta gå til spille.

Father John Misty – Pure Comedy

Standard

Det er ikkje småtteri Misty gjer seg ut på denne gongen, men nokon komedie er det ikkje.

Bilderesultat for father john misty pure comedy  La meg starte med barndomen. Det startar som kjent oftast der. Og barndomen startar med fødselen. Der startar også Father John Misty denne gongen. I det første kapittelet (også kalla Pure Comedy, altså tittelsporet), i det første verset der, går han rett inn i det. «The comedy of man» syng han, «starts like this:». Og så fortel han korleis hjernen vår er for stor for mora sitt hofteparti, men at moder natur har løyst dette med å tilby følgande alternativ: «We emerged half-formed and hope that whoever greets us on the other end is kind enough to fill us in». Det funkar ofte greitt nok det, men ikkje alltid. I kapittel seks (også kalla Leaving LA), i det niande verset der, fortel Father John Misty om ei skilsetjande oppleving i livet til Josh Tillman. Det skjedde då Josh var seks år gammal. Han var med mor si på eit handlesenter, og fekk godteri. Dramaet inntrefte då unge Josh sette ein «watermelon candy» fast i svelget. Frå senterets høgtalar song nokon «tell me lies, sweet little white lies» (Fleetwood Mac), og mora heldt Josh inntil seg og skreik «Someone help my son!». «That’s when I first saw the comedy won’t stop» syng Father John Misty, eller kanskje Josh Tillman (eg er usikker på kor grensa mellom dei to skikkelsane går). I alle fall, Josh Tillman har fortalt i intervju at nett den hendinga representerer ein av dei få gongene frå barndomen der han kan minnast å ha fått fysisk kjærleik frå mor si. Ei mor som saman med sin mann var sterkt engasjert i evangelisk kristendom, og som let Josh og søskena hans merke dette. Eg trur det kan gå an å seie at dette dannar eit bakteppe for det Josh Tillman har føre seg på sitt tredje album under Father John Misty-signaturen.

Pure Comedy er krevjande saker. 75 minuttar om korleis menneskeslekta har tedd seg, og ter seg. Med særleg vekt på det som skjer no, i dei seinare åra av Josh Tillman si levetid. Det angar (for ikkje å seie stinkar) alvorlege ambisjonar over noko slikt. For korleis feste noko det helst blir skrive omfangsrike sosiologiske og filosofiske avhandlingar og bøker om fast i eit musikalsk uttrykk, og så komme frå det utan å stå att som eit fjols? Eg ser ikkje bort ifrå at det er nett det fleire vil hevde at skjer på Pure Comedy. At Misty står att som eit fjols. Vel, eg er i så fall ikkje blant desse. For i dette pratsame, tidvis sarkastiske og ikkje spesielt optimistiske verket høyrer eg eit fullblods menneske skape songar som veks seg sterke, og gjer inntrykk.

Nei, eg skal ikkje hevde at Pure Comedy er eit nyansert innlegg i debatten om menneskeslekta si framferd. Misty sine betraktningar har så definitivt ei slagside. Og den heller over mot der det meir pessimistiske menneskesynet rår. Som når han i Total Entertainment Forever åtvarar mot teknologiens asosialisering og folks nærast grenselause hang til å søke underhaldning. Ja er det ikkje blitt slik at når «the historians find us» litt sånn inn i ei usikker framtid, vil vi vere «plugged into our hubs» med «a frozen smile on every face»? I den framtida vil kanskje også nokon finne restane av hovudpersonen i Ballad of the Dying Man. Han som er besett av kommentarfelta på internett. Og som ikkje kan sjå korleis verda skal klare seg utan hans lynande smarte innlegg. Det vil nok verda klare, men i Misty sine framtidsfantasiar slit kloden av andre grunnar. I den ikkje akkurat beskjedent titulerte Things It Would Have Been Helpful to Know Before the Revolution er kollapsen eit faktum, og Misty zoomar inn på ein etterapokalyptisk tilstand. Menneskeslekta er sett nokre tusen år tilbake i si utvikling. Det er lite å ta seg til, utanom å gå på jakt då, eller drive dank, eller flukte frå rovdyr. Samstundes er det jo ein bit av optimisme der, menneskeslekta har på eit eller anna vis overlevd, og fått ein ny sjanse. Vil dei så gripe den? Eller vil dei berre skli på det same forbanna bananskallet og gjenta bedriftene frå tidlegare tider, utvikle ideologiar og religionar, omfamne bøllete leiarar, og på ny krige kvarandre sønder og saman? Ein annan bit av optimisme presenterer seg forresten i albumets aller siste fase. I det avslutningssporet trekke sine siste sukk. «It’s a miracle to be alive» finn då Misty på å hevde, før han nokre gonger gjentar «there’s nothing to fear». Og seier slik farvel til heile opplegget ved å halde andre enn svartsynets mogelegheiter opne.

Tonane Father John Misty fargelegg desse narrativa med er slett ikkje så annleis enn dei han nytta seg av då han for to år sidan hylla kjærleiken på plata I Love You, Honeybear. Det er av det der slaget som blas rundt i Laurel Canyon tidleg på syttitalet. Han viste då, som han jo også gjorde på Fear Fun frå 2012, at dette er tonar han kan ta seg av og få til å funke. Saman med sin faste medprodusent Jonathan Wilson foredlar han igjen fram staselege saker. Det skal rett nok seiast at det tok nokre fleire rundar denne gongen før eg konkluderte med at situasjonen var slik. Albumet har ein noko seigare og meir saktegåande gjennomsnittspuls enn dei to føregåande albuma. Ein som ikkje like lett openberrar melodisk finesse og styrke. Ein som heller ikkje serverer eit veldig variert sonisk måltid. Strengt tatt er det vel berre Total Entertainment Forever som har eit noko svingande vesen. Så eg måtte entre moduset. Bli komfortabel med det. Den ganske så flittige bruken av piano til dømes (type Bored In the USA). Ein bruk som også har gjort det meir nærliggande enn før å trekke fram tidleg Elton John som referansepunkt. Treffande nok for så vidt, men ein kjem nok heller ikkje denne gongen utanom å trekke fram dei to vanlege mistenkte (i Misty-samanheng): Harry Nilsson og Randy Newman.

Oh, their religions are the best
They worship themselves yet they’re totally obsessed
With risen zombies, celestial virgins, magic tricks, these unbelievable outfits
And they get terribly upset
When you question their sacred texts
Written by woman-hating epileptics

Det går ikkje an å komme utanom religionen, og då spesielt ikkje kristendomen. Misty drar den fram i fleire songar. Tittelsporet har sitt vers. Det nettopp siterte. Det teiknar ikkje opp eit vidare fordelaktig bilde av verken dei kristne eller den nytestamentlege helten Paulus. When the God of Love Returns There’ll Be Hell To Pay er den ikkje akkurat smålåtne tittelen på ein song som viar heile si tid til religionstemaet. Høveleg nok gyngar den makeleg av garde i ein slags gospel-skapnad. Og det medan songens hovudpersonen forkynnar den kristne hop kva som vil vente dei av spetakkel når dommedag er her. For så vidt noko forunderleg at denne hovudpersonen er så opptatt av det, sidan han gjer inntrykk av å vere ein ateist.

I sine skildringar av tilstanden her på jorda kjem ikkje Misty trekkande med dei sensasjonelle oppdagingane. Andre har vel opna dørene han går igjennom før han. Likevel har han formuleringsevner som gjer det fengslande å fylgje han. I den grad ein klarer å fylgje han då. For det manglar ikkje på ord her, og smarte setningar. Det er så ein lyt spele songane både tolv og femten gonger for å komme i nærleiken av å få has på dei. Og det ikkje fordi låtskrivaren har eit spesielt vanskeleg eller poetisk språk. Snarare har han ein ganske så direkte og konkret måte å uttrykke seg på. Det er berre det at det eine avløyser det andre, og det gjer seg ikkje med det første.

Tittelsporet er eit definitivt høgdepunkt. Ein song med eit sonisk sett intensiverande og dynamisk attraktivt vesen. I brei fleirtalsform skildrar han her menneskets forunderlege evne til å undergrave sitt eige ve og vel. Tittelen Pure Comedy er sjølvsagt 100% ironisk. Sånn elles druknar slett ikkje stoffet i ironiske utsegn. Eg opplever fyren som alvorleg bekymra over tilstanden, og at det meir er ein ektefølt omtanke for menneska enn ein ironikar sitt distanserte blikk som driv desse 75 minuttane framover. Opp på Magic Mountain til dømes. I det ti minuttar lange sporet So I’m Growing Old on Magic Mountain. Ein song med eit visst «Neil Young anno On the Beach»-preg. Ein song som handlar om ungdom og aldring og «the last night of life’s party». Ein song eg opplever forsonar seg med tilværets uunngåelege lov: «The longer I stay here, the longer there’s no future». Ein vakker song, som i siste halvdel tonar ut i ei instrumental droneform.

Så er det at det midt inne blant desse songane om menneskeslekta i brei fleirtalsform dukkar opp ein ganske så personleg song. Ikkje ein liten og unnseleg ein. Derimot albumets lengste. Tretten minuttar varer den. Leaving LA heiter den. Og Josh Tillman er hovudpersonen i samfulle ti vers. Ti lange vers, og ikkje snurten av eit refreng. Med tonane frå ein akustisk gitar og eit malande strykararrangement kreert av komponisten Gavin Bryars som sonisk fylgje. Ikkje meir. Det er ein viktig song for albumet. Den får inn eit anna perspektiv. Det eine mennesket sitt. For det er jo det menneskeslekta til sjuande og sist består av, eitt og eitt menneske. Dette mennesket er ein songar og ein låtskrivar. Misty skånar han ikkje. «Oh great, that’s just what we all need, another white guy in 2017, who takes himself so goddamn seriously» lyde eitt av fleire sjølvransakande utsegn. «So why is it I’m so distraught, that what I’m selling is getting bought» spør han seg sjølv i eit anna vers, og legg til at «At some point you just can’t control, what people use your fake name for». Eit hovudtema i songen er songaren som ser seg sjølv miste deler av sitt menneskelege i si ferd mot ein viss suksess. Naturleg etterfylgt av tankar omkring korleis publikummet hans ser på han. Og spesielt då denne plata, denne Pure Comedy, som kanskje ikkje er det dei helst ville hatt frå han. Eller denne songen, denne Leavin LA, «Some 10-verse chorus-less diatribe».

Vel, eg tar gjerne imot denne songen. I alt sitt gjentakande og lite ekspanderande vesen byr den på smått suggererande melodiske linjer og ei tekstleg fabulering eg finn særdeles meiningsfull å oppsøke. Ja eg tar vel i grunn imot heile albumet. Ikkje fordi det er hundre prosent vellykka. For det er det ikkje. Men fordi det er pretensiøst på ein så forbanna menneskeleg måte. Og fordi det har songar, som ein etter ein viser fram at dei inst inne har eit sjenerøst melodisk hjarte.

9/10

TIDAL: FATHER JOHN MISTY – PURE COMEDY

Høyr her: Father John Misty presenterer fleire songar frå kommande plate

Standard

Her går det for seg du. Father John Misty har det travelt med å servere låtar frå det kommande albumet sitt (Pure Comedy). To nye, dei to siste dagane.

Two Wildly Different Perpectives: Ein saktegåande pianobasert låt, med sordinert støy og skakk rytmikk i ryggen. Som handlar om krigens fortvilt håplause vesen. Ganske så enkel og likefram, utan sedvanlege Misty-sarkasmer. Opphavsmannen presenterer låta med ein temmeleg dagsaktuell uttale: «More kids are going to die now thanks to the unbelievably selfish immigration policy of places like Saudi Arabia and the USA».

Ballad of the Dying Man: Klassisk folkpop som lener seg lett mot ein akustisk gitar og eit piano. Misty fortel ei historie om ein døyande mann som har brukt mykje av tida si i kommentarfelt på www. Der han etter eige syn har levert djupsindige analysar, og sett samanhengar som ingen andre «pretentious» deltakarar har gjort. I det han skal til å trekke sitt siste andedrag må han berre «checks his news feed to see what he’s ’bout to miss». Klassisk Misty-sarkastiske saker altså.

Høyr her: Father John Misty og hans Pure Comedy

Standard

Medan eg har vore på ein annan planet ei vekes tid har Father John Misty servert folket ein ny song. Ikkje berre ein ny song, men også nyhenda om at han den 7. april kjem med eit nytt album. Eit 75 minuttar langt opus om menneskeheita si evne til å stadig trakke feil og få riveskaftet i fjeset eller å skli på dei same bananskalla. Pure Comedy kallar Misty det heile.

Pure Comedy er også tittelen på den ferske songen. Ein seks minuttar lang sakte-ekspanderande ballade som startar i menneskets fødselsaugeblikk («We emerged half-formed and hope that whoever greets us on the other end is kind enough to fill us in») for så til slutt å ende opp i den noko urovekkande konklusjonen «I hate to say it, but each other’s all we got». I minuttane imellom sveipar Misty innom både klimakrisa og det politiske klimaet («Where did they find these goons they elected to rule them?»), og ikkje minst raljerer han ein del over menneskets trong til å feste livet sitt fast i det religiøse («their idea of being free is a prison of beliefs»). På hans sedvanlege gåtefulle, absurde og sarkastiske vis.

I sanning ein Popkrokens mann.

Musikalsk årsoppgjer 2015

Standard

Berre ei liste

Dei førti (for ikkje å seie femti) beste albuma eg har høyrt i år (av slike som kom ut i år). I ei ikkje heilt tilfeldig rekkefølge, men bra er dei alle.

  1. Father John Misty – I Love You, Honeybear
    Uvanlige kjærleikssongar i eit faderlig sterkt folkpopmelodisk famntak. Der kontrastane lever i beste velgåande. Behaget eksisterer side om side med ubehaget. Uroa luskar i fotspora til roa. Smektande strykarar er ikkje garantistar for at fred og fordragelegheit er neste stasjon. Men det vakre er skånsellaust vakkert, og eg kapitulerte.
  2. Kendrick Lamar – To Pimp A Butterfly
    Det er sting i formidlinga, dobbel- og trippeltyding i det uttalte. Det er ein rå poesi i linje etter linje, og ein sonisk nyanserikdom som kontinuerlig held seg på sporet. Det er slikt som er med på å gjere utslaget, i årets mest funky reise.
  3. Ezra Furman – Perpetual Motion People
    Song etter song storma den over meg. Energisk i si framferd, melodisk i sitt vesen. Full på fridom og sing-a-long. Ein skikkelig ukomplisert og uimotståelig rakkar viste den seg å vere. Viser den seg framleis å vere. Eg byrjar å få ein mistanke om at den kan ha evig liv.
  4. Sufjan Stevens – Carrie & Lowell
    Elleve vakre songar. Folkpopmelodiar som kjem grasiøst smygande, og som blir verande. Elleve sakrale og stille skrik. Hjerteskjerande linjer om sakn, lengsel og uforståelige kjensler. Om ei mor som ikkje var der, og som no er død.
  5. Girl Band – Holding Hands With Jamie
    Bråk, til tider eit helsikkes bråk. Men ikkje eit meiningslaust eit. Ein herlig miks av dei motoriske faktene frå krautrocken, den klassiske lågt/høgt-dynamikken, og ei hardcore-innstilling. Noko i den duren i alle fall.
  6. Courtney Barnett – Sometimes I Sit and Think, And Sometimes I Just Sit
    Finurlige tekstar som kan kalle fram eit skeivt smil, eller få ein til å grunne litt. I eit laust, ledug og energisk rock’n roll uttrykk der det meste er upolert, og ganske så uimotståelig.
  7. Tame Impala – Currents
    Popsongar i ein straum av åttitalets synthlyd miksa med funk og disco, men utan at kjærleiken til  sekstitalets psykedelia-tonar er blitt kasta over bord.
  8. Simon Joyner – Grass, Branch & Bone
    Ni folksongar der den akustiske gitaren leiar an. Ei halvskakk og vakker songpoetisk ferd inn til svunne draumar og gulna minner.   
  9. Ought – Sun Coming Down
    Ein postpunkenergi som riv og slit, som koplar på og koplar feil. Mørkesøkande og ikkje heilt ufarlig, men først og fremst livlig påkopla.
  10. TRAAMS – Modern Dancing
    Med groovet godt intakt byr denne sør-engelske trioen opp til ein postpunkdans av det friske slaget.
  11. Sleater-Kinney – No Cities To Love
    Bandcomeback må ikkje vere traurige greier, det kan gnistre også. Ja nesten «shake it like never before».
  12. Destroyer – Poison Season
    Dunkle kammertonar, brunstige blåsarar, og giftig og svartsynt poesi. 
  13. Laura Marling – Short Movie
    Med litt meir elektrisitet enn tidlegare zoomar Marling igjen inn på tilværets dilemma.
  14. Daniel Romano – If I’ve Only One Time Askin’
    Country på gamle måten anno 2015: Trist og friskt.
  15. Sun Kil Moon – Universal Themes
    Ein gretten gubbe og hans empatiske sider.
  16. Syntax TerrOrkester – Bydrifter
    Rock i original kledning, poesi på reinspikka karmøysk – aldeles storarta.
  17. Punch Brothers – The Phosphorescent Blues
    Mandolin. Banjo. Fele. Akustisk gitar. Kontrabass. Slikt blir det fort bluegrass av. Punch Brothers vil det annleis.
  18. Tønes – Vindbrest
    Gjenkjennelig surrealisme og underfundig realisme, slik berre Tønes gjer det.
  19. Erlend Ropstad – Det Beste Vi Får Til
    Like mykje som songar og viser og slikt vil eg kalle det poesi.
  20. Dig Deeper – How You Spend Your Days
    Eit norsk rockeband som lever opp til namnet sitt, og finn skatten.
  21. Protomartyr – The Agent Intellect
    Frå avdelinga «nyare postpunk det gnistrar litt av».
  22. Ryley Walker – Primrose Green
    Ein angloamerikansk folkrocktone dyppa i jazz og leduge arrangement
  23. Kurt Vile – B’lieve I’m Goin Down
    Vile og songane hans går sin slacke gode gang.
  24. Fjorden Baby! – Oh Yeah!
    Med koking og loking og det som meir groovy er har bergensbanden skapt gode tilstandar her inne i kroken.
  25. Wolf Alice – My Love Is Cool
    Ein kvartett frå London som albumdebuterer med pop i tonane og blod i sikte.
  26. Robert Forster – Songs To Play
    Ein ny dose sympatiske popsongar frå den levande Go-Betweens legenda.
  27. Vince Staples – Summertime ’06
    Ei dyster og motsetningsfull affære, i eit fortetta sonisk landskap
  28. New Order – Music Complete
    Hook er hekta av. Keyboardet er ganske så framtredande. Det same er også ein panoramisk og velgjerande poptone.
  29. Nadia Reid – Listen To Formation, Look For the Signs
    Ein albumdebutant frå New Zealand med ein folk/americana tone av det særdeles innbydande slaget på tapetet.
  30. Israel Nash – Silver Season
    Ein texanar ifrå Missouri har komme fram til sin psykedeliske sesong.
  31. Viet Cong- Viet Cong
    Eit tvilsamt bandnamn. Ei mørk og dyster ferd inn i dei meir dystopiske krokane av postpunken.
  32.  Susanne Sundfør – Ten Love Songs
    Samspelet mellom slikt som fenger og slikt som har motstand i seg. Spretten synthpop og dunkle strykarar. Susanne Sundfør får med sjølvsagt eleganse slikt til å funke i hop.
  33. Algiers – Algiers
    Soul og gospel og postpunk. Full energi, knyta nevar og revolusjon i blikket.
  34. Corrina Repp – The Pattern of Electricity
    Skjørt og nakent. Elektrisk og uroleg. Melodisk og dirrande. Verdt å vitje.
  35. The Switch – B For the Beast
    Der popen blir innhaldsrik, kaleidoskopisk og skikkelig påskrudd.
  36. Jamie xx – In Colour
    Jamie frå The xx sin soloalbumdebut er intrikat og minimalistisk, sakte synthflytande og basskraftig. Fargerik, og rytmisk som ein døsig ettermiddagspuls.
  37. Car Seat Headrest – Teens of Style
    Einmannsband. Skranglete låg-fidelity med pophooks og folktristesse.
  38.  Beach House – Depression Cherry
    Ny forsyning med draumande popsongar på sakte puls. (Eit av to album frå duoen dette året).
  39. Low – Ones and Sixes
    Trioen har denne gongen vikla meir elektroniske lydar inn i sine dulmande tonar, utan at det skadar.
  40. Dungen – Allas Sak
    Når gitaren og fløyta og groovet finn sin skapnad, og bilder av aude trefylte landskap veks fram, då er eg i Dungens psykedeliske og suggestive verd. Alltid ein god stad å vere.
  41. Panda Bear – Panda Bear Meets the Grim Reaper
  42. Waxahatchee – Ivy Tripp
  43. Deerhunter – Fading Frontier
  44. Young Thug – Barter 6
  45. Jim O’Rourke – Simple Songs
  46. Julia Holter – Have You In My Wilderness
  47. Daniel Kvammen – Fremad I Alle Retninga
  48. Twerps – Range Anxiety
  49. Autobahn – Dissemble
  50. Best Coast – California Nights

Og så har eg lest ein del bra bøker. Strengt tatt har eg vel brukt minst like mykje tid på det som på musikken. Både gamle og årsferske bøker. Av den siste sorten (årsferske i alle fall i norsk omsetting), fekk eg hug til å nemne nokre:

Roberto Bolaño – 2666
Den chilenske forfattaren Roberto Bolaño døydde i 2003, 50 år gammal. Han var då i siste fase for å ferdigstille sitt storverk 2666. Året etter vart boka utgjeven. Sannsynlegvis så godt som i den forma forfattaren sjølv såg den føre seg. I år ligg den så føre i norsk omsetting. Det er ei tjukk bok (940 sider). Den består av fem bøker. Fem forteljingar. På eitt vis separate forteljingar, på eitt vis nestar dei seg alle i hop i den siste forteljinga. Boka kvalifiserer tvillaust til karakteristikken «ein mangslungen og gåtefull roman». Den er ikkje fullt ut til å forstå. Den går fleire vegar. Hovudvegar, sidevegar, grusvegar, gjengrodde vegar, blindvegar. Den fylgjer desse vegane med ein desperasjon i seg. Og skildrar lidenskap og djevelskap, galskap og draumar. Den er ambisiøs så det held. Den er ein feber av ei bok, og eg må så definitivt lese den fleire gonger.

Elena Ferrante – Mi briljante venninne / Historia om det nye namnet
To bøker, halvparten av ein kvartett. Napoli-kvartetten.
Med eit direkte språk, fritt for dilldall, fortel Elena Ferrante ein medrivande historie om oppvekst, vennskap, kjærleik, fiendskap, vald og makt (og meir til). Sentralt i historia finn vi forteljarstemma til Lena og hennar venninne Lila, og det kontrastfulle vennskapet mellom desse to — både blømande og destruktivt, både støttande og rivaliserande. Lena kjempar seg, til trass for si låge sjølvkjensle, utav kvartalet og til ei universitetsutdanning. Lila, den tøffe og kreative, blir att der og kjempar ein slags sjølvdestruktiv kamp med mann, nabolag og mafiaen.
Bøkene er omsett til levande nynorsk og har ei skikkelig pageturnerkraft (i løpet av 2016 vil kvartetten bli fulltalig).

Patti Smith – M Train
For nokre år sidan fascinerte ho med historia om vennskapet mellom seg og Robert Mapplethorpe (Just Kids). Denne gongen møter vi i hovudsak den godt vaksne Patti Smith. På reise til Berlin, til Mexico, til Japan, eller vandrande rundt i New York (særlig då til stamkafeen sin på hjørnet). Innimellom vitjar ho, i tankane, tida ho hadde med ektemannen sin Fred Smith (fram til han brått døydde i 1994). Ho deltar på ein konferanse om polarforsking, vitjar Frida Kahlo museet, ser på engelsk krim på eit Londonhotell, men ikkje minst fortel ho om litteratur ho er glad i. Og det er i dei passasjane eg kanskje synk djupast inn i boka. Når ho fortel om sin kjærleik til bøker av Jean Genet, Sylvia Plath, Michail Bulgakov, W.G. Sebald, Haruki Murakami, Roberto Bolaño, og så vidare.
Side etter side driv så makelig og godt forbi, heilt naturleg, assosiativt og sympatisk.

Jonathan Franzen – Renhet
Ikkje Franzen si beste bok (Den tittelen kjempar framleis Korrigeringer og Frihet om), men på sitt vis ei absolutt fengslande nok bok. Skitnare enn tittelen tyder på. Fortalt frå perspektivet til fleire av bokas karakterar, men med den unge kvinna Pip som hovudaktør. Eit namn som bringe tankane i retning Dickens-klassikaren Store Forventninger. Og noko Dickens er det vel kanskje over måten fleire av karakterane blir skildra på. Boka går fram og tilbake i tid. Femner mellom anna ein historie frå det delte Berlin, og tar føre seg internettets overvakings- og publiseringsmogelegheiter. Franzen har sannsynlegvis ein politisk intensjon med desse perspektiva. Personleg synst eg at han er betre, ja drivande god, når han teiknar opp sine romanfigurar på godt og vondt, og skriv fram strålande dialogar.

Og ikkje heilt ny av året, men gjenutgitt som trilogi i år, Jon Fosse sine tre eineståande kortromanar Andvake/Olavs draumar/Kveldsvævd:
Utanfor tid og rom, i eit suggererande gjentakande språk fortel Fosse historia om to (Alida og Asle) som elskar kvarandre. Ei vakker kjærleikshistorie. Samstundes: ei uhyggelig historie, ei historie som også inneheld død, sakn og bitter fortviling. Den er ikkje festa fast i slikt som logisk sett nødvendigvis kan skje akkurat slik det her skjer, den har noko bibelsk og legendeprega over seg, men gjer likevel frå seg ei kjensle av å vere rå røyndom, ei dirrande kjensle av at dette handlar om ekte levande menneske. Slike som elskar og frys og kjempar og gjer handlingar som ikkje kan rettast opp att.
Det er vakkert, det er trist, og det set evigvarande spor.

Høyr her (høyr Father John Misty)

Standard

 

Mykje aktivitet frå popkrokenfavoritt Father John Misty dei siste 7-8 dagane. Sist fredag lanserte han video til låta The Night Josh Tillman Came To Our Apartment.

På tysdag denne veka, som ein finurleg (muligens litt småbeisk) kommentar til Ryan Adams si siste plate med coverversjonar av Taylor Swift låtar, la Misty ut to Swift-coverversjonar han også, på Soundcloud. I sterkt Velvet Underground inspirert stil. Dagen etter tok han dei bort. Som ein følgje av at Lou Reed hadde vist seg for han i ein draum og bedd han om å gjere det. (Men dei finst på YouTube framleis).

I går, fredag, la han så ut på nettet ein heilt ny eigenskriven låt, The Memo. Om musikk-kulturen, plateindustrien, forståsegpåarar, Narcissus-legenda, og slikt. Ein riktig godbit.

I’m gonna steal some bedsheets
From an amputee
I’m gonna mount em on a canvas
In the middle of the gallery
I’m gonna tell everybody it was painted by a chimpanzee
But just between you me
Here at the cultural low water mark
If it’s fraud or art
They’ll pay you to believe

I’m gonna take five young dudes
From white families
Gonna mount em on a billboard
In the middle of the country
I’m gonna tell everybody they sing like angels with whiter teeth
But just between you and me
They’re just like the ones before
With their standards lower
Every concert goer will pay you to believe

Caffeine in the morning, alcohol at night
Cameras to record you and mirrors to recognize
And as the world is getting smaller
Small things take up all your time
Narcissus would have had a field day if he could have got online
And friends it’s not self-love that kills you
It’s when those who hate you are allowed
To sell you that you’re a glorious shit the entire world revolves around
And that you’re the eater, and not the eaten
But that your hunger will only cease
If you come binge on radiant blandness at the disposable feast

Just quickly how would you rate yourself
In terms of sex appeal and cultural significance
Do you usually listen to music like this
We can recommend some similar artists
Are you feeling depressed?
But your feedback’s important
To us

Gonna buy myself a sports team
And put em in a pit
Gonna wage the old crusade
Against consciousness
All I need is a couple winners to get every loser to fight in it
You keep the golden calf
I just need the bullshit
They won’t just sell themselves into slavery
They’ll get on their knees and pay you to believe

 

Father John Misty – I Love You, Honeybear

Standard

Uvanlige kjærleikssongar i eit faderlig sterkt folkpopmelodisk famntak.                    

Bilderesultat for father john misty i love you honeybear  Denne plata hadde ikkje skjedd utan at Josh Tillman hadde tatt ein tur til Laurel Canyon Country Store ein dag. Dagen etter ein fest, med gjenklangen av dårlig vin i både skalle og gane. Han skulle ikkje ha noko anna enn ein kopp kaffi og ei pakke sigarettar. På parkeringsplassen utanfor rann han inn i ei ung kvinne han hadde sett eit par gonger før. «I’ve seen you around, what’s your name» spør han, og flyttar ein sigarett frå pakke til munn. «Emma» svarar kvinna. Nokre år seinare er dei to gift. Nokre år seinare har Father John Misty laga ei plate der dette forholdet er sentralt, og gitt den det banale namnet I Love You, Honeybear.

All ’cause I went to store one day.

Dette er altså ikkje på nokon måte Blood On the Tracks, men det er ikkje den direkte motsatsen heller. Platetittelen kan nok få ein til å tenke at her kjem ei sentimental innsirkling av den store kjærleiken, full av flosklar og pinlege deklarasjonar. Og jo, erklæringar som gjer til kjenne djup kjærleik til ei heilt spesiell kvinne dukkar opp. Og ja, det kjem utsegn undervegs som har element av det pinlege i seg. Men først og fremst blir det heile vevd inn i eit nett av kontrastar, surrealisme og hardkokt realisme som gjer at det samla resultatet handlar om nyanserikdom og ordmanøvrering av høg klasse.

Oh Honeybear, Honeybear, Honeybear
Mascara, blood, ash and cum
On the Rorschach sheets where we make love

Plata si opningslinje kan vel seiast å ikkje vere heilt som opningslinjer flest. I tillegg har den i seg alle dei tre elementa eg nettopp nemnte. Først i form av kontrasten mellom den søte kosedyrmetaforen og realitetens ubønhøyrlege flekkar. Når Misty så i neste andedrag presenterer eit Rorschach-laken som ein del av bildet, får han på plass litt surrealisme også. Kor vidt det finst noko slikt som eit Rorschach-laken er eg ikkje kjent med, det kan det godt hende det gjer. Det som heilt sikkert finst er ein psykoanalytisk test som blir kalla Rorschach-testen. Der pasienten ved hjelp av å assosiere kring nokre blekkflekkar skal komme i kontakt med sitt umedvitne sjeleliv. Så kan ein jo her då, i samband med denne avgjort fantastiske songen, surrealisere over kva Misty meiner med å plassere elskhugens flekkar i nærkontakt med ein test av det dulgte sjelelivet.

Korleis ein skal forstå forholdet mellom Josh Tillman og Father John Misty høyrer også til i dei meir surrealistiske sfærar. Med andre ord er det ikkje heilt til å forstå. Men det har i alle fall fått fram stoff i denne Tillman som ikkje kom fram tidlegare. Som ikkje var der då han som J. Tillman gjorde plate etter plate (sju stykk) som tungsindig trubadur. Ikkje det at dette er plater som fortener å bli snakka ned. Songar forsynt med ein dugande injeksjon av Nick Drake og Townes Van Zandt skulle jo ha stoff i seg til å skape interesse. Og gjer det, men utan at J. Tillman som ein særeigen artist skin skikkelig igjennom, eller vart oppdaga av så veldig mange velvillig innstilte lyttarar. Så han livnærte seg som trommeslagar for Fleet Foxes i tillegg. Til slutt forsvann den siste gnist, og han drog sørover. Frå Seattle til Los Angeles. Eit utal rusopplevingar, og nokre syner, seinare vakna så hans musiske sjølv oppatt som Father John Misty. Fear Fun blei skapt. Ei plate full av faen, bisarr humor, dunkle drifter og ein vitalitet som ikkje kan sporast tilbake til noko fyren hadde føretatt seg tidlegare. No viser det seg at han hadde meir enn ei plate av slikt kaliber i seg.

Father John Misty performs at the Coachella Music and Arts Festival. Photo: Luis Sinco / McClatchy-Tribune News Service / Los Angeles Times

Jonathan Wilson er som sist den store medhjelpar. Tilliks med Misty har han eit sterkt forhold til Laurel Canyon, og saker som svirra rundt i lufta der for ein førti-femti år sidan. Fear Fun var sterkt farga av det. I Love You Honeybear er absolutt ikkje mindre farga av det. Slik har plata altså sine linjer tilbake til det som har vore (kva plate har no eigentlig ikkje det forresten?). I den samanhengen kan eg jo komme drassande med eit par vanlege skuldige: Gene Clark, Harry Nilsson. Men det er ikkje så viktig. For dette er ei plate som først og fremst, ja eine og aleine, kallar på interesse for det den er, for det den gjer, og på ingen måte for det den slektar på.

Sonisk sett er I Love You Honeybear ei meir kongruent plate enn Fear Fun. Vi møter denne gongen ein Misty som har samla seg. Som driv i ein retning. Ein folkpop-retning der strykarar har ei aktiv rolle, der varme og smidige vendingar blir gjort til ei hjertesak, og ustoppelig melodisk briljans er sjølve varemerket. Enten greiene blir mariachi-drapert (Chateau Lobby # 4), kjem som orgelkrydra countrysoul (When You’re Smiling and Astride Me), tar eit groovy tak (Ideal Husband), er ein pianoballade (Bored In the USA), eller eit synthbasert popnummer (True Affection). Så grøderike er tonane her at dette hadde ført til full omfamning om så den tekstlige biten hadde vore fantasilaus svada. Kva då når den ikkje er det? Kva då når den er den rake motsatsen til nettopp det? Då er ein vel der oppe i lendet blant dei fullkomne platene då, er ein ikkje?

Men Josh Tillman er ikkje fullkomen. Verken som mann eller kjærast. Og rundt seg ser han andre ufullkomne. Kledd opp som Misty syng han om det. Sirklar inn sanninga med ein diktars fulle fridom, og treff sannsynlegvis både den eine og den andre heime. Han har anlegg for det kyniske, han kan vere sarkastisk og snerre frå sidelinja, men han kan også blottstille kjensler og plassere seg sjølv ganske så avkledd i lyset.

No er det slik fatt med meg at eg ikkje har komme fram til ei fullstendig og endelig forståing av songtekstane på plata. Eg er vel også av den oppfatning at det kjem eg aldri til å gjere, og at det er best slik. Ta no Chateau Lobby # 4 (In C for Two Virgins) til dømes, ein song som ikkje berre talar med ei tunge, som skildrar både varleg kjærleik, uhemma begjær og ugudelig åtferd. Parentesdelen av tittelen kan kanskje vere eit nikk til Lennon/Ono si eksperimentelle plate Two Virgins (den med eit cover av dei to splitter nakne). Men meir sannsynleg referer det til at songen omtalar den første kjærleiksakta mellom Emma og Josh som deira aller første av det slaget – «I’ve never done this, baby be gentle». I neste omgang handlar det så om å gjere det røft på kjøkkenet med bryllaupskjolen, som nokon sannsynlegvis er blitt drepen i, løfta godt oppunder livet. Og det etter at songaren innleiingsvis har teikna fylgjande bilde av seansen: «Emma eats bread and butter like a queen would have ostrich and cobra wine, we’ll have Satanic Christmas Eve».

Eg er heller ikkje sikker på kva Strange Encounter handlar om, men eg trur det kan vere frigjering. Frigjering frå formålslaus fridom. Eller «so free and too easy, giving it away» som det så fengande blir uttalt i refrenget. Dette å vere i eit frigjeringsmodus anar eg for så vidt konturar av i fleire av songane. Frigjering frå sin eigen historie, frå ein angst for intimitet og frå ei skamkjensle. Det er mykje begjær som kjem til uttrykk i songane, både som ein del av djup kjærleik, men og som berre begjær. I tillegg blir det innimellom opponert litt mot religiøse førestillingar. I så måte opplever eg at plata har eit visst slektskap til Philip Roth sin klassiske roman Portnoys Besværlige Liv. Der Alexander Portnoy i skriftemålsform til sin terapeut på eit nådelaust sjølvransakande og til tider ustyrtelig morosamt vis fortel om sin strabasiøse kamp for å frigjere seg frå sin jødiske bakgrunn, og få kontroll over sine sexfiksjonar, sin uhorvelige appetitt på kvinner og sin intimitetsflukt. Ein fyr som Father John Misty nok kunne ha skildra som ein «aimless, fake drifter and the horny, man-child, Mamma’s boy to boot». Forresten nøyaktig dei same orda som blir brukt om Josh Tillman i songen When You’re Smiling and Astride Me.

        

Josh Tillman vaks opp i ein strengt kristen heim. Han fortel at det tidleg grodde fram ein skepsis i han. Han fortel om seansar med djevelutdriving, og legg lakonisk til «mine would never come out». Illustrasjonen på platecoveret viser ein unnselig og naken Father John Misty i armane til den trygge jomfrua, framfor ein stall, med all slags beist luskande rundt omkring. Eg har allereie nemnt hans ytring om ein satanisk julekveld. I frå det stadig like funklande fantastiske tittelkuttet klarar eg heller ikkje å la fylgjande stå usitert:

You’re bent over the altar and the neighbors are complaining
that the misantrophes next door are probably conceiving a Damien

I det sentrale nummeret Holy Shit ramsar Misty opp verdshistoria i utvalt stikkordsform, for så å undre seg over korleis det store perspektivet står i relasjon til det vesle private perspektivet. Med poetisk diksjon og i ein viss orden nemner han (mellom anna): «Original sin … dead religions … age-old gender roles … satirical news … free energy … loveless sex … happiness … incest dreams … planet cancer … online friends». Før han til slutt stiller spørsmål med sjølvaste kjærleiken. «Maybe love is just an economy based on resource scarcity» spør han seg. Men grip i neste andedrag inn, grip ganske så inderlig inn og konkluderar slik: «But what I fail to see is what that’s got to do with you and me».

Frå dagane før Josh trefte Emma har Misty tatt med to songar. Begge for så vidt minst like imponerande som titlane skulle tilseie. Nothing Good Ever Happens at the Goddamn Thirsty Crow er ein sak som frontar eit noko illusjonslaust syn på tilværet – «You may think like an animal, but if you try that cat-and-mouse shit you’ll get bitten, Keep moving». Medan The Night Josh Tillman Came To Our Apt. er ein heller sarkastisk orientert countryrock-rakkar. Frå den slår an tonen med linja «I just love the kind of woman who can walk over a man, and I mean like a goddamn marching band» til songaren kjem med spydige utsegn mot kvite kvinner som syng med ein «soulful affection». Han er ikkje vidare nådig i Bored In the USA heller, den songen på plata som sannsynlegvis handlar minst om Tillman, og meir om overforbrukssamfunnet, dilletantsamfunnet og pillesamfunnet. «Keep my prescriptions filled … Save me president Jesus, I’m bored in the USA».

På Father John Misty si andre plate er det imidlertid lite, for ikkje å seie nothing og ingenting, som kjedar. Her lever kontrastane i beste velgåande. Behaget eksisterer side om side med ubehaget. Uroa luskar i fotspora til roa. Smektande strykarar er ikkje garantistar for at fred og fordragelegheit er neste stasjon. Men det vakre er skånsellaust vakkert, og eg har kapitulert.

9/10

Musikalsk årsoppgjer 2012

Standard

Dette er ikkje eit forsøk på å komme med ein brei analyse av musikkåret 2012. Slikt for andre ta seg av. Dette er i grunn ikkje noko anna ein smal liten egotripp. Ei liste over tjuefem plater eg har sett pris på i år. I ei omskiftelig men ikkje heilt tilfeldig rekkefølgje.

Eit raskt blikk over lista fortel meg at amerikanske tonar er sterkt overrepresentert, og at heimlandet berre er representert med ei plate. Hadde eg gidda å laga lista lenger kunne Highasakite, Susanne Sundfør, Anne Marie Almedal, The Little Hands of Asphalt, Hellbillies, Hanne Kolstø, Susanna, Tom Roger Aadland, I Was A King, Æ, Lindstrøm, Ida Jenshus, Narum og Meg og Kammeraten Min også ha fått ein plass. Og då kunne jo også fleire frå utlandet fått plass, plater av folk og band som Grizzly Bear, Ty Segall, Elephant Micah, Black Moth Super Rainbow, Mark Lanegan Band, Laura Gibson, Simone Felice, Cloud Nothings, Chromatics, Godspeed You Black Emperor, Leonard Cohen, Polica, Allah-Las, Kindness, Iris DeMent, Bob Dylan, Beach House, Dr. John, Turnpike Troubadours, Fiona Apple, Mount Eerie, Six Organs of Admittance, Beachwood Sparks, Frank Ocean, Giant Giant Sand, Richard Hawley, Thåström, Goat, Dirty Three, Cat Power, Anais Mitchell og Calexico. For dei gav alle ut bra plater i 2012. Men eg trur eg får nøye meg med desse:

1. Father John Misty – Fear Fun
Josh Tillman har vore i musisk bevegelse ein del år no. I skuggen av det store scenelyset, eller på ein trommekrakk bakom songaren og gitaristen. Gjennom fleire plater har han, som J. Tillman, utforska det tungsindige krysningspunktet mellom Nick Drake og Townes Van Zandt. I tre år har han i tillegg vore trommeslagar i Fleet Foxes. Der er han ikkje lenger. Han har vandra vidare, tenkt nokre andre tankar, døypt seg om til Father John Misty, og laga ei plate kledd i ein tidleg 70-tals skrud, der folkrock, countryrock, softrock og psykedelia er dei dominerande ingrediensane. Der det mismotige blir konfrontert med sardoniske innfall, dopprat, hedonisme, ein bisarr humor, og ikkje så reint få absurditetar. Latterlig vitale saker i grunn.

2. Neil Young with Crazy Horse – Psychedelic Pill
Eg plasserer lyden av Neil Young og Crazy Horse høgare enn dei fleste lydar eg finn der ute. Dei står bak fleire av mine favorittplater. Med Psychedelic Pill har dei laga ei til. Ei lang ei, med lange magisk harvande låtar, om livet slik det har fortona seg. Og beviser at tilbakeskoding, gamle takter og null utvikling kan være den rette medisinen.

3. Simon Joyner – Ghosts
Midt i eit dissonantisk utland hevar songaren si krokete røyst og hevdar at «a good man is hard to find, a bad one’s even harder to get rid of». Det er stygt. Det er fredlaust. Det er ein dobbeldose svartmalande og støyplaga countryrock. Unnfanga av ein seig ørkenvind, født bak ein vridd blues, pint under Velvet Underground. Avlevert med reinspikka overtydnad.

4. Lambchop – Mr. M
Det finst ei tid for Lambchop. Det finst absolutt tider som ikkje høyrer Lambchop til. Men innimellom er tida der, og då finst det ingenting som er betre enn Lambchop. Ingenting. Mr. M føyer seg inn i rekka. Den byr på ein ny porsjon underfundig og saliggjerande Lambchop-melankoli, denne gongen dedikert ein avdød venn.

5. First Aid Kit – The Lion’s Roar
Kledd i psykedelisk farga kaftan, og med 1969 mindre enn eit andedrag unna, den engelske folktradisjonen i bakhovudet, den amerikanske country/folk-tradisjonen i hjerta, Stockholm sine snødekte gater i synsranda, og ei kosmisk livskraft strøymande gjennom seg, tilfører First Aid Kit det tradisjonsbundne sin eigen friskleitte signatur.

6. Tønes – Sån Av Salve
Underfundig sosialrealisme, ispedd meir alvorsprega tankar kring det å være menneske, i hop med andre menneske. På kjent og snodig vis fyller Tønes plata med skildringar av folk som helde på med sitt. Små ting, dagligdagse ting, ting dei kanskje ikkje er spesielt stolte over å halde på med. Han gjer det minst like bra som han nokon gong har gjort det, og då gjer han det bra skal du veta.

7. Jack White – Blunderbuss
Feitt og overflødige tonar er kasta i komposten. Tilbake står eit reinskore, melodisk attraktivt, og dynamisk lite meisterverk, som er skittent og reint i funksjonell foreining. Det høyrest veldig ut som det beste Jack White nokon gong har hatt fingrane borti.

8. Tame Impala – Lonerism
Med ein sumpete romklang forserer Tame Impala ei sonisk løype som svingar seg frå Soft Bulletin til Strawberry Fields Forever. Som tittelen insinuerar er det eit einmannsverk. Kevin Parker sitt melodisk vinnande og psykedelisk utfordrande einmannsverk.

9. Sharon Van Etten – Tramp
Ei krystallklar og sanselig men samstundes nøktern røyst. Den pure, svevande men samstundes jordbundne tonen. Det er Sharon Van Etten det. Tramp handlar om folk som elskar. Frå første stund, frå Warsaw sine gitargråtande og skimrande breidder til Joke Or a Lie sitt spartanske og varleg dronegnagande adjø handlar det om å elske. Det handlar om at det er alt anna enn problemfritt.

10. Patti Smith – Banga
Det er ingen fakter hos Patti Smith. Ho prøver ikkje vere, noko, eller nokon. Ho er, stemma, poeten og rytmen. Framleis, i ein alder av 65 år, er ho det. Aldri halvhjerta, aldri noko mindre enn vital, tidvis formidabel.

11. Allo Darlin» – Europe
Først og fremst er dette uhøyrt forførande og vilt fengande popmusikk. Men eg høyrer noko meir også. Eit vemod, som finn ein klangbotn under den poppige overflata, og rissar eit bilde med fleire dimensjonar i seg. «Under Capricornia skies». Formulert av Elizabeth Morris frå Queensland, Australia, ein av dei verkelig gode låtskrivarane.

12. Woods – Bend Beyond
Woods fokuserer låtane, køyrer på med litt meir elektrisitet, og minst like mykje psykedelia. Slik vi kjenner den frå det myteomspunne sekstitalet. Og pop. Frå det same tiåret. Støtta opp mot den vindskeive og heimelaga estetikken til våre dagars uavhengige.

13. The Men – Open Your Heart
The Men er ikkje her for å imponere, dei er her for rock’n roll. Så utan tankar om virtuositet, innovasjon eller intrikate påfunn grip dei fatt i rocken sin inste kjerne, den urovekkande feberen, og tenner på. Gud skal vite at det brenn.

14. Andrew Bird – Break It Yourself
«Time’s a crooked bow, come on, tell us something we don’t know» oppfordrar Andrew Bird. Denne syngande fiolinisten og kontrastmakaren som sannsynlegvis ikkje har granska fasiten på korleis ein poplåt skal skruast ihop, og nettopp derfor lagar betre poplåtar enn dei fleste.

15. John Fullbright – From the Ground Up
Ein ung mann frå Oklahoma, med ei røyst som merkast, og songar som virkar. Countrysongar og andre songar, mang slags songar. Rock av brunstig avstamming, orgel og groove, soul og gospel, fengande gitarrock, og pianoballadar djupt nede i kneståande.

16. Damien Jurado – Maraqopa
Det byrja på Saint Bartlett, hans førre plate. Trubaduren tok eit steg inn i eit romsligare og meir rørsleprega landskap. Han er der framleis. Ikkje milevis unna den folktonen han har gjort oss kjent med opp gjennom åra, men unna. Han kan være elektrisk rockande, smått funky og psykedelisk popduvande. Men alltid Jurado, varmt søkande.

17. Darren Hayman and the Long Parliament – The Violence
Det er 1645, borgarkrigen rår i England, og kvinner blir skulda for å være hekser. Hayman fører den humane og melodiske folkpopen sin inn i sentrum av dette, finn nokre enkeltskjebnar, og gjer det grufulle synlig, gjennom ei ubroten rekke av velbygde songar.

18. Alabama Shakes – Boys & Girls
Med ungdommelig pågangsmot tar bandet soulmusikken med på ein groovy southern rock’n roll tur den berre har godt av. Og i leiarrolla, Brittany Howard. Eigar av ei stemme som tar inderlig eigedom i kvar einaste tone den har omgang med. Ei ekte kraft.

19. Old Crow Medicine Show – Carry Me Back
Dei er dei same helsebringande leverandørane av tradisjonsrike og uforfalska tonar som dei alltid har vore. Med minimal straumtilførsel men dugelig energi grip dei tak i merksemda og syng om fråflytting, heimebrenning, fylleslagsmål, og anna rural moro og smerte.

20. Bill Fay – Life Is People
Sist gong han var her, blei han ignorert. Det er 41 år sidan sist. I lag med fans og gode hjelparar kom han tilbake i år. Og vart ikkje ignorert. Life Is People er som tittelen insinuerar varm og humanistisk. Nokre tiår med livserfaring og djupfølt vørdnad unna den iherdige og tidvis krakilske kampen som utspant seg då han var her som ung.

21. Marissa Nadler – The Sister
Søstera er den sjølvtitulerte plata hennar frå 2011. Stemma hennar er like glasklar, sterk og skjør. Det er ikkje så mykje anna enn hennar eigne gitarplukkande tonar som akkompagnerar songane. Det er nakent og reint, og det dirrar. Og det er vakkert, som Christine og Constantine.

22. Lower Dens – Nootropics
Etter nokre år som soloartist, freakfolkartist, gjekk Jana Hunter inn i rolla som bandmedlem i kvartetten Lower Dens. Og musikken vart annleis. Spesielt på denne andreplata. Den held til i eit drøymande landskap, farga i blått, der kjølig elektroniske tonar har ei framskoten rolle. Med eit groove som tidvis går i krautrock-lei. Og inni der syng Jana, gåtefullt.

23. Hurray For The Riff Raff – Look Out Mama
Eit ungt band som på merkbart vis tar for seg av den amerikanske musikkarven. Frå folklore og country via southern blues til surf-rock. Og plussar på med ein ode til John og Yoko. I den sentrale vokalrolla ei kvinne med røter frå Puerto Rico, Alynda lee Segarra.

24. Shovels & Rope – O» Be Joyful
Eit tospann. Kvinne og mann. Cary Ann Hearst og Michael Trent. White Stripes har vore der. Då var det blues. Desse to tar fatt i tonar av countryslekt. Eit energisk grep tar dei om sakene, og går rett til kjerna. Slikt blir det lite utanomsnakk og visvas av.

25. The Walkmen – Heaven
Det handlar om å ha det bra. Det er det det gjer, på Heaven. Om å finne ein ro, og å ha det, ikkje perfekt, men bra. Om å vere i komfortsona. Langt unna den raude sona dei var i då The Rat vart til. Om dei har tapt noko på vegen hit? Energi? Ungdom? Vel, sånn er vegen. Men seg sjølv har dei ikkje tapt. Dei er framleis eit band å like, eit likandes band.