Monthly Archives: desember 2015

Musikalsk årsoppgjer 2015

Standard

Berre ei liste

Dei førti (for ikkje å seie femti) beste albuma eg har høyrt i år (av slike som kom ut i år). I ei ikkje heilt tilfeldig rekkefølge, men bra er dei alle.

  1. Father John Misty – I Love You, Honeybear
    Uvanlige kjærleikssongar i eit faderlig sterkt folkpopmelodisk famntak. Der kontrastane lever i beste velgåande. Behaget eksisterer side om side med ubehaget. Uroa luskar i fotspora til roa. Smektande strykarar er ikkje garantistar for at fred og fordragelegheit er neste stasjon. Men det vakre er skånsellaust vakkert, og eg kapitulerte.
  2. Kendrick Lamar – To Pimp A Butterfly
    Det er sting i formidlinga, dobbel- og trippeltyding i det uttalte. Det er ein rå poesi i linje etter linje, og ein sonisk nyanserikdom som kontinuerlig held seg på sporet. Det er slikt som er med på å gjere utslaget, i årets mest funky reise.
  3. Ezra Furman – Perpetual Motion People
    Song etter song storma den over meg. Energisk i si framferd, melodisk i sitt vesen. Full på fridom og sing-a-long. Ein skikkelig ukomplisert og uimotståelig rakkar viste den seg å vere. Viser den seg framleis å vere. Eg byrjar å få ein mistanke om at den kan ha evig liv.
  4. Sufjan Stevens – Carrie & Lowell
    Elleve vakre songar. Folkpopmelodiar som kjem grasiøst smygande, og som blir verande. Elleve sakrale og stille skrik. Hjerteskjerande linjer om sakn, lengsel og uforståelige kjensler. Om ei mor som ikkje var der, og som no er død.
  5. Girl Band – Holding Hands With Jamie
    Bråk, til tider eit helsikkes bråk. Men ikkje eit meiningslaust eit. Ein herlig miks av dei motoriske faktene frå krautrocken, den klassiske lågt/høgt-dynamikken, og ei hardcore-innstilling. Noko i den duren i alle fall.
  6. Courtney Barnett – Sometimes I Sit and Think, And Sometimes I Just Sit
    Finurlige tekstar som kan kalle fram eit skeivt smil, eller få ein til å grunne litt. I eit laust, ledug og energisk rock’n roll uttrykk der det meste er upolert, og ganske så uimotståelig.
  7. Tame Impala – Currents
    Popsongar i ein straum av åttitalets synthlyd miksa med funk og disco, men utan at kjærleiken til  sekstitalets psykedelia-tonar er blitt kasta over bord.
  8. Simon Joyner – Grass, Branch & Bone
    Ni folksongar der den akustiske gitaren leiar an. Ei halvskakk og vakker songpoetisk ferd inn til svunne draumar og gulna minner.   
  9. Ought – Sun Coming Down
    Ein postpunkenergi som riv og slit, som koplar på og koplar feil. Mørkesøkande og ikkje heilt ufarlig, men først og fremst livlig påkopla.
  10. TRAAMS – Modern Dancing
    Med groovet godt intakt byr denne sør-engelske trioen opp til ein postpunkdans av det friske slaget.
  11. Sleater-Kinney – No Cities To Love
    Bandcomeback må ikkje vere traurige greier, det kan gnistre også. Ja nesten «shake it like never before».
  12. Destroyer – Poison Season
    Dunkle kammertonar, brunstige blåsarar, og giftig og svartsynt poesi. 
  13. Laura Marling – Short Movie
    Med litt meir elektrisitet enn tidlegare zoomar Marling igjen inn på tilværets dilemma.
  14. Daniel Romano – If I’ve Only One Time Askin’
    Country på gamle måten anno 2015: Trist og friskt.
  15. Sun Kil Moon – Universal Themes
    Ein gretten gubbe og hans empatiske sider.
  16. Syntax TerrOrkester – Bydrifter
    Rock i original kledning, poesi på reinspikka karmøysk – aldeles storarta.
  17. Punch Brothers – The Phosphorescent Blues
    Mandolin. Banjo. Fele. Akustisk gitar. Kontrabass. Slikt blir det fort bluegrass av. Punch Brothers vil det annleis.
  18. Tønes – Vindbrest
    Gjenkjennelig surrealisme og underfundig realisme, slik berre Tønes gjer det.
  19. Erlend Ropstad – Det Beste Vi Får Til
    Like mykje som songar og viser og slikt vil eg kalle det poesi.
  20. Dig Deeper – How You Spend Your Days
    Eit norsk rockeband som lever opp til namnet sitt, og finn skatten.
  21. Protomartyr – The Agent Intellect
    Frå avdelinga «nyare postpunk det gnistrar litt av».
  22. Ryley Walker – Primrose Green
    Ein angloamerikansk folkrocktone dyppa i jazz og leduge arrangement
  23. Kurt Vile – B’lieve I’m Goin Down
    Vile og songane hans går sin slacke gode gang.
  24. Fjorden Baby! – Oh Yeah!
    Med koking og loking og det som meir groovy er har bergensbanden skapt gode tilstandar her inne i kroken.
  25. Wolf Alice – My Love Is Cool
    Ein kvartett frå London som albumdebuterer med pop i tonane og blod i sikte.
  26. Robert Forster – Songs To Play
    Ein ny dose sympatiske popsongar frå den levande Go-Betweens legenda.
  27. Vince Staples – Summertime ’06
    Ei dyster og motsetningsfull affære, i eit fortetta sonisk landskap
  28. New Order – Music Complete
    Hook er hekta av. Keyboardet er ganske så framtredande. Det same er også ein panoramisk og velgjerande poptone.
  29. Nadia Reid – Listen To Formation, Look For the Signs
    Ein albumdebutant frå New Zealand med ein folk/americana tone av det særdeles innbydande slaget på tapetet.
  30. Israel Nash – Silver Season
    Ein texanar ifrå Missouri har komme fram til sin psykedeliske sesong.
  31. Viet Cong- Viet Cong
    Eit tvilsamt bandnamn. Ei mørk og dyster ferd inn i dei meir dystopiske krokane av postpunken.
  32.  Susanne Sundfør – Ten Love Songs
    Samspelet mellom slikt som fenger og slikt som har motstand i seg. Spretten synthpop og dunkle strykarar. Susanne Sundfør får med sjølvsagt eleganse slikt til å funke i hop.
  33. Algiers – Algiers
    Soul og gospel og postpunk. Full energi, knyta nevar og revolusjon i blikket.
  34. Corrina Repp – The Pattern of Electricity
    Skjørt og nakent. Elektrisk og uroleg. Melodisk og dirrande. Verdt å vitje.
  35. The Switch – B For the Beast
    Der popen blir innhaldsrik, kaleidoskopisk og skikkelig påskrudd.
  36. Jamie xx – In Colour
    Jamie frå The xx sin soloalbumdebut er intrikat og minimalistisk, sakte synthflytande og basskraftig. Fargerik, og rytmisk som ein døsig ettermiddagspuls.
  37. Car Seat Headrest – Teens of Style
    Einmannsband. Skranglete låg-fidelity med pophooks og folktristesse.
  38.  Beach House – Depression Cherry
    Ny forsyning med draumande popsongar på sakte puls. (Eit av to album frå duoen dette året).
  39. Low – Ones and Sixes
    Trioen har denne gongen vikla meir elektroniske lydar inn i sine dulmande tonar, utan at det skadar.
  40. Dungen – Allas Sak
    Når gitaren og fløyta og groovet finn sin skapnad, og bilder av aude trefylte landskap veks fram, då er eg i Dungens psykedeliske og suggestive verd. Alltid ein god stad å vere.
  41. Panda Bear – Panda Bear Meets the Grim Reaper
  42. Waxahatchee – Ivy Tripp
  43. Deerhunter – Fading Frontier
  44. Young Thug – Barter 6
  45. Jim O’Rourke – Simple Songs
  46. Julia Holter – Have You In My Wilderness
  47. Daniel Kvammen – Fremad I Alle Retninga
  48. Twerps – Range Anxiety
  49. Autobahn – Dissemble
  50. Best Coast – California Nights

Og så har eg lest ein del bra bøker. Strengt tatt har eg vel brukt minst like mykje tid på det som på musikken. Både gamle og årsferske bøker. Av den siste sorten (årsferske i alle fall i norsk omsetting), fekk eg hug til å nemne nokre:

Roberto Bolaño – 2666
Den chilenske forfattaren Roberto Bolaño døydde i 2003, 50 år gammal. Han var då i siste fase for å ferdigstille sitt storverk 2666. Året etter vart boka utgjeven. Sannsynlegvis så godt som i den forma forfattaren sjølv såg den føre seg. I år ligg den så føre i norsk omsetting. Det er ei tjukk bok (940 sider). Den består av fem bøker. Fem forteljingar. På eitt vis separate forteljingar, på eitt vis nestar dei seg alle i hop i den siste forteljinga. Boka kvalifiserer tvillaust til karakteristikken «ein mangslungen og gåtefull roman». Den er ikkje fullt ut til å forstå. Den går fleire vegar. Hovudvegar, sidevegar, grusvegar, gjengrodde vegar, blindvegar. Den fylgjer desse vegane med ein desperasjon i seg. Og skildrar lidenskap og djevelskap, galskap og draumar. Den er ambisiøs så det held. Den er ein feber av ei bok, og eg må så definitivt lese den fleire gonger.

Elena Ferrante – Mi briljante venninne / Historia om det nye namnet
To bøker, halvparten av ein kvartett. Napoli-kvartetten.
Med eit direkte språk, fritt for dilldall, fortel Elena Ferrante ein medrivande historie om oppvekst, vennskap, kjærleik, fiendskap, vald og makt (og meir til). Sentralt i historia finn vi forteljarstemma til Lena og hennar venninne Lila, og det kontrastfulle vennskapet mellom desse to — både blømande og destruktivt, både støttande og rivaliserande. Lena kjempar seg, til trass for si låge sjølvkjensle, utav kvartalet og til ei universitetsutdanning. Lila, den tøffe og kreative, blir att der og kjempar ein slags sjølvdestruktiv kamp med mann, nabolag og mafiaen.
Bøkene er omsett til levande nynorsk og har ei skikkelig pageturnerkraft (i løpet av 2016 vil kvartetten bli fulltalig).

Patti Smith – M Train
For nokre år sidan fascinerte ho med historia om vennskapet mellom seg og Robert Mapplethorpe (Just Kids). Denne gongen møter vi i hovudsak den godt vaksne Patti Smith. På reise til Berlin, til Mexico, til Japan, eller vandrande rundt i New York (særlig då til stamkafeen sin på hjørnet). Innimellom vitjar ho, i tankane, tida ho hadde med ektemannen sin Fred Smith (fram til han brått døydde i 1994). Ho deltar på ein konferanse om polarforsking, vitjar Frida Kahlo museet, ser på engelsk krim på eit Londonhotell, men ikkje minst fortel ho om litteratur ho er glad i. Og det er i dei passasjane eg kanskje synk djupast inn i boka. Når ho fortel om sin kjærleik til bøker av Jean Genet, Sylvia Plath, Michail Bulgakov, W.G. Sebald, Haruki Murakami, Roberto Bolaño, og så vidare.
Side etter side driv så makelig og godt forbi, heilt naturleg, assosiativt og sympatisk.

Jonathan Franzen – Renhet
Ikkje Franzen si beste bok (Den tittelen kjempar framleis Korrigeringer og Frihet om), men på sitt vis ei absolutt fengslande nok bok. Skitnare enn tittelen tyder på. Fortalt frå perspektivet til fleire av bokas karakterar, men med den unge kvinna Pip som hovudaktør. Eit namn som bringe tankane i retning Dickens-klassikaren Store Forventninger. Og noko Dickens er det vel kanskje over måten fleire av karakterane blir skildra på. Boka går fram og tilbake i tid. Femner mellom anna ein historie frå det delte Berlin, og tar føre seg internettets overvakings- og publiseringsmogelegheiter. Franzen har sannsynlegvis ein politisk intensjon med desse perspektiva. Personleg synst eg at han er betre, ja drivande god, når han teiknar opp sine romanfigurar på godt og vondt, og skriv fram strålande dialogar.

Og ikkje heilt ny av året, men gjenutgitt som trilogi i år, Jon Fosse sine tre eineståande kortromanar Andvake/Olavs draumar/Kveldsvævd:
Utanfor tid og rom, i eit suggererande gjentakande språk fortel Fosse historia om to (Alida og Asle) som elskar kvarandre. Ei vakker kjærleikshistorie. Samstundes: ei uhyggelig historie, ei historie som også inneheld død, sakn og bitter fortviling. Den er ikkje festa fast i slikt som logisk sett nødvendigvis kan skje akkurat slik det her skjer, den har noko bibelsk og legendeprega over seg, men gjer likevel frå seg ei kjensle av å vere rå røyndom, ei dirrande kjensle av at dette handlar om ekte levande menneske. Slike som elskar og frys og kjempar og gjer handlingar som ikkje kan rettast opp att.
Det er vakkert, det er trist, og det set evigvarande spor.

Høyr her (høyr Gadarene Wine)

Standard

Ferske desembertonar.

  Blant gammalt og nytt, dårlig og bra, der ute i streamingland har det just dukka opp ein heilt ny og bra låt frå det norske folkrockbandet Gadarene Wine. Se Etter Meg heiter den, og er ein folkballade frå same tradisjon som Tir Na Noir og Fairytale Of New York. Ein duett mellom bandets to vokalistar (austnorske) Kjersti Tingelstad og (vestnorske) Oddbjørn Austevik. Gjort i ein ledug, varm og godmelodisk skapnad. Ikkje ein julesong, men definitivt ein som høyrer den mørke årstida til. Metaforane er ikkje nye – vi høyrer om lys og mørke, stormen og havet, om søket etter ei hamn, og dei to som ror seg vekk ute på det opne hav – men dei matchar godt songens vemodsvakre tonar.

Ein slik song som det gjer godt å lene seg inntil no «i hjerte av desember».

TIDAL: Se Etter Meg

TRAAMS – Modern Dancing

Standard

Med groovet intakt byr TRAAMS opp til ein postpunkdans av det friske slaget.                   8

  Det gjer vondt med det same. Sytten sekundar med statisk støy direkte inn i øyregangane er ikkje noko å trakte etter. Det kan unngåast, utan høyretelefonar eller med moderat lyd går det greitt. Det eg ikkje vil unngå er resten av Modern Dancing. For når realiteten no eingong er slik at eg har oppdaga denne plata – noko det for så vidt ikkje er ein sjølvsagt ting at eg skulle gjere då det ikkje akkurat har godt gjetord om den – så viser det seg ganske raskt at den har eit vesen det er beint fram umogeleg å seie nei takk til. Med eller utan høyretelefonar er Modern Dancing noko slikt som ein ekstatisk malstraum det er reint herlig å bade i. Så eg badar, og dansar, og gliser, og lurer på kor eg var då TRAAMS kom med si første plate.

Chichester er ein småby i Sør-England, og det er vel strengt tatt alt eg veit om Chichester. Om eg då ikkje reknar med at eg no veit at det er der dei tre som utgjer TRAAMS held til. Utan at nett det spelar den store rolla her. Kor dei tre bur altså. Dei kunne for så vidt like godt budd i Leeds. Noko dei altså ikkje gjer, men like fullt har dei spelt inn plata der, i Leeds, med produserande støtte frå frontfiguren i Leedsbandet Hookworms, han som helst berre gjer seg tilkjenne med initialane MJ. Han og TRAAMS trivst i hop, dei har ei felles forståing for at eit pulserande krautslekta groove kan ha særdeles mykje for seg.

Denne MJ hadde fingrane sine borti debutalbumet til TRAAMS også, ikkje like mange, men eit par-tre fingrar i alle fall. Grin er den korte og smått beiske tittelen på det albumet. To lengre spor (på vel sju minutt), Head Roll og Klaus, har ei sentral og sterkt krautish rolle der. Og elles er det punk og postpunk og grunge og vilter uro og røffe tilhøve. Slikt som definitivt går an å sette pris på.

I den grad eg klarar å snappe opp det tekstlige innhaldet på Grin etterlet den seg eit noko dystert inntrykk. Modern Dancing er då lystigare i både tittel og faktisk tekstlig uttrykk (litt i alle fall). Sjølve begrepet «modern dance» dukkar opp i fleire av songane, og skapar ein idé hos meg om at låtskrivaren har livets og vår tids skiftande vesen (på godt og på vondt) i tankane når han tyr til dette, og at dette blir eit slags gjennomgåande tema.

Med platas tittel i mente klarar eg ikkje å stå imot freistinga å dra fram eit av postpunkens gylne album, Pere Ubus The Modern Dance. Som kanskje ikkje var eit typisk postpunk album (kva no det måtte vere), men i alle fall ei skingrande vital skive. Modern Dancing er på ingen måte The Modern Dance opp av dage (så kanskje var det litt søkt å dra den parallellen). Men plata har så definitivt postpunkfakter over seg, kanskje tydeligare slike enn The Modern Dance (kva no det måtte tyde), og så er den ei skingrande vital skive. Så la oss seie at den er der, i ånda, i energien, i pågangsmotet. Om enn kanskje ikkje i groovet, eller i den soniske faktoren som nok har meir New York (Television vs Sonic Youth) enn Cleveland over seg, eller i den (noko Pere Ubu-fjerne) popfaktoren eg ensar i fleire av melodiane.

På den eine sida kan ein vel seie at det er groovet og det det gjer. På den andre sida er det vokalisten med gitaren, Stuart Hopkins, og det han gjer. Trommis Adam Stock har eit bastant tak om rytmikken. Han er ingen virtuos men ein effektiv trommis, han forsvinn gjerne inn i monotonien. Den temposterke suggererande monotonien. Der han har ein nådelaus støttespelar i bassisten Leigh Padley. Ein fyr som også rett som det er trer fram i dei sentrale strøk av lydbildet og serverer kraftfull basskost. Rundt omkring desse to, dette groovet, held så Hopkins på med gitaren sin, finn melodiske linjer, tar nokre riff, eller driv ut i atonale former. Som vokalist opererer han frå det snakkesyngande til det gaulande. Med eit bra nærvær som eit kjennemerke. I lag skapar dei tre den eine energibomba av ein låt etter den andre.

You’re not my friends,
You’re not my friends,
You’re all so strange,
You’re all so strange,
Get off!

Den største energibomba ber den heilt korrekte tittelen Succulent Thunder Anthem, og er eit skikkelig sonisk åtak, der både rabiate tendensar, foraktelige snerr og bitande utsegn gjer seg gjeldande. Låta fylgjer i hælane på den pulserande doble kraftpopopninga Costner/AnB. Og det stilnar ikkje akkurat hen etter den heller. For med unntak av ei lita vridd og ugod vise kalla Car Song så er det ganske så fritt for pustepausar her. Nærast over mot pophjørnet finn eg Silver Lining. Punk i eit Ramones-sjikt blir levert med Gimme, Gimme, Gimme, Gimme (Love). Medan Bite Mark både er melodisk medrivande, gitarausande og herlig monotonmotorisk. Midt i dette feltet står kanskje likevel tittelkuttet opp og fram som det aller sterkaste enkeltsporet. Med sitt eggande groove, sitt konsentrerte melodiske vesen, sin varme gitartone som etter kvart tar skikkelig fyr, sitt vemod, og sitt mantra «I see you dancing, I know you can’t help it”

TRAAMS er visstnok ei forkorting av noko såpass vidløftig som Time Reference Angle of Arrival Measurement System. Men vidløftig vil eg ikkje kalle trioen frå Chichester. Her snakkar vi høgspent tempo og ein dans som berre dansast.

TIDAL: MODERN DANCING